
Velkommen innom
Nettstaden www.emblemsbygda.com vart skikkeleg populær, når den vart lansert for nokre år sidan. Om lag to millionar treff vart det, før leverandøren vart kjøpt opp. Dei nye eigarane makta dessverre ikkje å få tekstane og bilda til å fungere skikkeleg i sine datasystem. Etter ein pause, prøvar eg meg derfor på ny frisk på ei ny plattform. Håpet er at dette vil fungere betre, og verte ei god nok løysing for framtida. Men om det er neppe mogeleg å få plass til like mange bilde som før. Det vil framtida vise.
Eg håpar at dokke er tolmodige i den første tida. Det vil dessverre ta tid å få alt opp å gå. Det er uhorveleg med tekst, bilde og designløysingar som skal bearbeidast, eller skrivast heilt på nytt. Men den som ventar på noke godt....
Gardstekstane er henta frå bygdeboka frå 2019. Dei er no på plass som ein start, og bildealbum vil komme gradvis. Etter kvart vil samtlege tekstar verte justert og omskreve med oppdatert informasjon frå etter 2019 også. Det vil nok ta tid, men steg for steg vil det meste komme på plass att, om enn med ny web-addresse. Den kan det vere greit å lære seg med det same:
www.emblemsbygda.net
blir vår nye heim dei komande åra. Gløym heller ikkje Facebookgruppa vår, som heiter
Bøker som til no er skrevne
Trykk på bilda av bøkene, om du ønskar å kjøpe frå vår samarbeidspartner
Trykk på "ARK Moa" teksten over denne for å finne den siste årboka vår.
Bøkene kan også bestillast heim til di postkasse, eller i din lokale bokhandel
Inntektene går til å trykke nye lokalhistoriske årbøker frå Emblemsbygda
Det neste prosjektet er skulehistoria for skulane Emblem, Hatlehol og Flisnes
Etter kvart vil fleire av tekstane finne seg ein plass på denne nettstaden også.
Kontakt oss
Ta gjerne kontakt med oss
www.emblemsbygda.net
Om oss
Nettstaden Emblemsbygda.com er berre ein del av historieprosjektet vårt. Ta gjerne turen innom "Gamle bilder fra Emblem" og "Gamle bilde frå Emblemsbygda" på Facebook, eller sjekk ut bygdeboka og årbøkene våre frå Innaumnesingen Forlag