Bnr. 2 Larsgarden
Du finn garden på kartet ved å trykke på teksten her
Oluff på Østerrym er nemnd i jordeboka til Erkebispestolen i Trondheim. Han skulle betale 3 lod sølv, samt 1 mark « ffor iorde gotz sat». Oluff var brukar frå om lag 1515 til 1521. På denne tida var dagens bruk nummer 2, 3 og 4 samla i eit større gardsbruk, som var på 2/3 av heile matrikkelgarden. Nedregotten var nok framleis del av Østrem på den tida.
Eiulf sat som bygselsmann på bruket i 1603. Han delte også garden med Ole ei tid. Eiulf døydde ikring 1606, for enka etter han vart gift opp att omtrent på den tida, med husmann Rasmus Oleson. Han er nemnd i 1609. Rasmus dreiv truleg den halvdelen som seinare skulle verte Abrahamsgarden og Steinsgarden. I løpet av 1606 vart nemleg Larsgarden delt frå som eit eige bruk.
Ole, ein tidlegare husmann på Østrem, bygsla halve garden og var brukar 1606. Han vart dømd for ikkje betale pålagt skatt. Ole delte bruket med Eiulf ovanfor. Det er mogeleg at husmannsplassen kan ha vore det som seinare skulle verte Abrahamsgarden, Østrem(3). Larsgarden var på denne tida 2/3 av heile Østrem. Det tilsvara dagens Larsgarden, Abrahamsgarden og Steinsgarden. Han hadde truleg ein son, Rasmus, som vart brukar for det kombinerte bruket Abrahamsgarden og Steinsgarden.
a) Ole f.ca.1595 tok over bruket.
b) Rasmus tok over Abrahamsgarden + Steinsgarden.
Sonen Ole Olson Østrem(2) (f. ca.1595) var brukar frå om lag 1635 til 1670. Han vart 1658 skattlagd for hest og 6 kyr.
Erich Larsson Røssevoll(3) (ca.1631-1719) kom frå Tykjegarden på Røssevollen. Han dreiv bruket frå 1670 til 1698. Erich er også nemnd i 1701-teljinga.
a) Arne 1670-1722 tok over bruket .
b) Brite ca.1670-1709 var brukar på Skaret, Nedregotten(I). Ho høyrer kanskje til her.
c) Anna d.1743 døydde på Skodje. Ho høyrer kanskje til her.
Sonen Arne Erikson Østrem(2) (ca.1668-1722) var gift med Mette Jonsdotter (d.1712). Ho kom truleg frå Alnes(5). Dei dreiv godt. Det kombinerte bruket Abrahamsgarden/ Steinsgarden vart delt i 1712, samme året som Arne vart enkemann. Han gifta seg opp att med Elen Nielsd. (ca.1678-1765). Ho kom truleg frå Brusdal, og gifta seg opp att med neste brukar. Skiftebuet etter Arne i 1723 var på 140 riksdaler, og ei gjeld på 63. På garden hadde på den tida hest, 9 kyr, 2 kviger, 2 kalvar, 11 geiter og 6 sauer. Han hadde 2 færingar, part i seksrøring og kastenot. Arne brende også tjøre, produserte tønner, og etterlot seg mykje kiperutstyr. Dei hadde både Brochmans postill, bønebok, salmebok og ei gamal bok om Fadervår. Det var ikkje vanleg å ha så mange bøker i heimen på den tida.
a) Engebret dp.1698 Nemnd i arveskiftet etter faren 1723.
b) Anne dp.1700
c) Erich dp.1701-1765 1727 g.m. Anne Larsd. Alvik(1), brukar Olsvikfeta(1).
d) N.N. f.1703 Ei Siri er nemnd på Veibust, men er ikkje med i arveskiftet 1712. Det kan vere samme person.
e) Jon dp.1705 er ikkje nemnd i arveskiftet etter mora 1712.
f) Lars dp.1707 vart nemnd i arveskiftet etter faren 1723.
g) Berte dp.1709-1784 1755 g.m. enkemann Arne Arnes. Akslen(1) på Øvste- Aksla, Brukar Øvste-Aksla, Akslen(1).
h) Ole ca.1710 vart nemnd i arveskiftet etter faren 1723.
i) Mette dp.1712 1) 1744 g.m. Ole Ols. Kvalstein, brukar Kvalstein(2).
2) 1754 g.m. Rasmus Ols. Grebstad, brukar Rabben(1).
3) 1772 g.m. enkemann Anders Ols. Blindheim(2), brukar Synnes(2) på Vigra. Ho var truleg død før 1801.
j) Brite dp.1718-1786 1748 g.m. Knud Larss. Strømsheim(3) frå Sykkylven, brukar Kvasnes(4).
k) Eli 1720-1792 1746 g.m. Gunder Ols. Kongshaug(1), brukar Kongshaug(1).
l) Maren Petrine f.1722 vart ikkje nemnd i arveskiftet etter faren 1723.
Enka Elen Nielsdotter (ca.1678-1765), forlova seg 1724 og gifta seg opp att første nyttårsdag 1725 med ungkar Peder Larsson Alvik (dp.1698-1777). Han hadde nok budd på Østrem ei tid, for han kalla seg Østrem ved giftarmålet. Det er godt mogeleg at han også hadde vore tenar på Østrem. Peder var nok i slekt med Anne Larsdotter Alvik(1), som gifta seg med Elen sin steson Erich ovanfor. 1734 gav Elen og Peder seg, og flytta til Vegsundrabben(1).
Rasmus Poulson (ca.1702-1772) vart kalla Østrem ved giftermålet, men kjem nok ikkje herifrå. Han kan ha vore frå enten Sorte, eller Honningdalsnes(1) på Skodje. Rasmus tente i Honningdalen 1732, når han gifta seg med Anne Pedersdotter Glomset(Ø,2) (ca.1702-1784). Dei dreiv Larsgarden på Østrem, frå 1732 til 1759, på bygsel. Anne var søster til Ingeborg, som gifta seg med Peder Didrichs. Emblem i Negarden, Emblem(1), og Margrethe, som gifta seg med Erich Erichsen Hesseberg(2), frå Nerigar på Hesseberg.
a) Ingeborg dp.1733-1767 1762 g.m. Jetmund Ols. Veibust(5), brukar Veibust(5).
b) Ingeborg dp.1734-1803 1) 1758 g.m. Thore Jenss. Drabløs
2) 1774 g.m. Torsten Rasmuss. Emblemsvåg(5). Begge var brukarar på Humlen(6).
Ingeborg og Torsten vart gravlagde samstundes.
c) Brite f.1736 tok over bruket.
d) Lisbeth 1738-1805? 1769 g.m. Lars Endres. Østremsreit, brukar på Reiten, Østremsreiten(1).
e) Ingeborg f.1741 vart ikkje nemnd i arveskiftet etter faren 1772.
Svigersonen Ole Ingebrigtson Flisnes(1) (1733-1804) bygsla bruket frå om lag 1760 til 1791. I 1759 gifta han seg med Birthe Rasmusdotter Østrem(2) (f.1736). Ved giftermålet vart han kalla Østrem allereie, så han hadde nok budd der ei tid. Ole og Birthe klarte seg bra. Dei hadde også to tenarar.
a) Son f.1759 dødfødd.
b) Dotter f.1760 dødfødd.
c) Anne dp.1761 1786 g.m. Mathias Eliass.Hesseberg(2), brukar Hesseberg(2). Dødsår er enno ikkje funne. Sonen er nemnd som brukar på Hesseberg 1816.
d) Severina dp.1764-1764 døydde 13 veker gamal.
e) Peder dp.1765-1788 var ugift dreng. Døydde 23 år gamal.
f) Rasmus dp.1768-1808 tok over bruket.
Sonen Rasmus Olson Østrem(2) (dp.1768-1808) tok over bruket 1791, og dreiv garden til han døydde. Rasmus gifta seg med Mette Halvardsdotter Giskeødegård(2) (dp.1770-1840). Det gjekk ikkje like godt med han, som med foreldra. Rasmus var fallitt når han døydde. Han skulda pengar over alt, til handelsmenn i både Borgund og Bergen, til tenestefolk og eigarar. Til saman var det snakk om 208 daler, medan buet berre var på 84.
a) Peder dp.1793-1860 1822 g.m. Gurina Malene Pedersd. Giske(20-21) (dp.1793- 1847). Forpaktar og plassefolk på Skjong 1823-1825, og på Giskegjerde i tidsrommet 1827-1829.
b) Birthe Severine dp.1796-1796 døydde 18 veker gamal.
c) Rasmus dp.1797 vart konfirmert i 1814.
d) Ole Berndt dp.1800-1800 døydde 1 veke gamal.
e) Ole Bernt dp.1801-1801 døydde 8 dagar gamal.
f) Nille Oline (Johanne) dp.1802-1862 1828 g.m. Paul Rasmuss. Olstad, frå Ulstein, brukar Giskegjærde(7).
Enka Mette Halvardsdotter Giskeødegård(2) (dp.1770-1840) gifta seg om att i 1811, med Bottolf Anderson Hellsæt(3) (ca.1760-1840) frå Sunnylven. Han var bror til Malena på Østremsreit, og Lars på Blindheimsneset, Blindheim(3. Dei tok 1814 kår på garden, etter 3 år.
a) Rasmus Andreas 1812-1812 døydde 2 veker gamal.
Ole Olsson Sulebakk(1) (1769-1833) var brukar på Solavåg(7), før han flytte til Emblemsbygda. Ole gifta seg ein stad utanfor Borgund prestegjeld, med Pernille Knudsdotter (ca.1763-1837). Ein veit med andre ord ikkje kvar ho kom frå. Dei tok over bygselsbrevet på bruket 1814. I 1835 vart det halde takst på garden. Husa var då Røykstove og ei mindre stove, begge i god stand. Eit godt tømmerstabbur, sauefjøs, tømmerfjøs, løe, høyskjul og naust. Jorda var framleis teigbytt til 1904. Ole fødde hest, 10 kyr, 20 sauer, og avla 3 tønner havre, 1 tønne bygg, 1/2 tønne blandakorn og 3-4 tønner med potet. Den samla verdien var på 300 speceidaler. Han betalte 2 speciedaler i innskot på sølvskatten 1816.
a) Anne Olave dp.1796 5 år gamal 1801.
b) Birthe Ragnilde dp.1798-1821 døydde på Østrem, 23 år gamal.
c) Birthe dp.1800-1800 døydde 2 veker gamal.
d) Ole Cornelius dp.1802 er nemnd i 1815-teljinga.
e) Berndt Andreas dp.1805-1805 døydde i Solevågen.
f) Niels Britanus dp.1806-1857 1833 g.m. Oline Clausd. Emblem(5) på Ystebøen. Ho var søstera til Nille Clausdotter, som vart neste brukaren i Larsgarden, Østrem(2). Niels var brukar på Ystebøen, Emblem(5).
g) Knut Andreas dp.1810-1882 tok over bruket.
Sonen Knut Andreas Olson Østrem(2) (dp.1810-1882) gifta seg 1835, med Nille Clausdotter Emblem(5) (1816-1898), frå Ystebøen, Emblem(5). Broren Nils Britanus hadde gifta seg med søstera, Oline, og tok over Ystebøen to år tidlegare. Knut var brukar i Larsgarden frå 1837 til 1863. Eldstedottera kom til verda utan at Knut og Nille var gift enno, og slikt var nok ikkje enkelt på den tida, men sidan dei allereie var forlova, så var det greit. Ein trong nemleg eit gardsbruk, eller anna inntekt, før giftermål kunne gjennomførast. Knut måtte spare opp nok pengar for å ta over bruket etter far sin. Det mest vanlege var å ta teneste på andre gardar i nokre år. Begge to valde den vegen. I løpet av si tid som brukar, bygde Knut ny stovebygning med gang, kjøkken og loft, samt stabbur. I tillegg sette han opp nytt naust og sel saman med svigersonen. Naustet stend framleis i Østremsvika. Det gjekk ikkje så bra med Knut og Nille. Det heile enda med tvangsauksjon på bruket i 1861. Korleis forholdet mellom Nille og søstra, Oline, på Ystebøen var er ein ikkje heilt sikker på, men Oline anklaga i alle fall søstera si for å ha brote seg inn i stabburet på Ystebøen. Der skal ho ha stole litt mjøl. Saka gjekk heilt til høgsterett, og enda med ein kongeleg resolusjon der Nille vart dømd for innbrot hos søstera og sittande 6 månader som fange på tukthuset i Bergen, frå juli 1861 til januar 1862. Det heile kan ha vore utløyst av ueinigheit om farsarva, på eit tidspunkt der det gjekk gale, reint økonomisk, i Larsgarden. Det høyrer med til historia at Nille måtte finansiere reisa for seg sjølv og fangevaktarane sine til Bergen frå eiga lomme. Kostnadar til advokat, rettsaker, og reisa til Bergen, kan ha ført fram til tvangsauksjonen. Det ser ut som gardeigaren, «Sjurs-Ole», i Sjursgarden, Emblem(11), kjøpte attende det som skulle selgast, for dette trong bygselsfolket for å drive garden vidare. Knut og Nille fekk fortsette å drive Larsgarden. Knut budde hos dottera, Petrine i Utvik på Skodje, når han døydde. Nille hadde ei lita kårstove ved gardstunet dei siste leveåra sine. Det vert fortalt at stova til slutt var i svært dårleg stand. Då neste brukar skulle bygge nytt hovudhus, kokte dei maten i stova etter Nille. Ein dag stakk hesten hovudet rett gjennom veggen til dei. Eit område mot grensa til den øvste innmarka mot Abrahamsgarden heiter også «Røyse-Nille-gjerdet» etter henne. Det er samme stad som Birgitte Tafjord Pedersen har tatt over huset til foreldra sine i nyare tid, ved fjellvegen. Staden ligg like ovanfor «Røysane», der det om lag på samme tid vart funne ei gravrøys frå vikingtid, med eit fransk merovingersverd Nille fekk bu livet sitt ut på garden, som den aller siste frå denne slekta.
a) Caroline Pernille 1833-1916 tok over bruket.
b) Ole Andreas 1837-1837 døydde 1 dag gamal.
c) Ragnhild Lovise 1838-1919 1858 g.m. postkarl Knud Olaus Ingebrigts. Skarbø(1), brukar Skarbø(1).
d) Mette Birgitte 1839-1840 døydde 1 1/2 år gamal.
e) Kristiane Birgitte 1842-1842 døydde 10 månader gamal.
f) Petrine Marie 1845-1932 1873 g.m. Knud Andreas Nilss. Utvik(1), brukar Utvik(1), Skodje.
Svigersonen Lars Elias Jørgen Andreasson Engeset(3) (1830-1885) gifta seg 1855, med Caroline Pernille Knudsdotter Østrem(2) (1833-1916). Ho kom til verda utan at foreldra var gifte, og slik var ikkje enkelt på den tida. Men sidan dei allereie var forlova, så vart det godtatt. Lars og Caroline gav kår til foreldra, og bygsla 1863 bruket frå eigaren, «Sjurs-Ole», Emblem(11). Der var nok lite av verdiar, attende på bruket, etter at svigerfaren gjekk konkurs i 1861. Lars vart sjølv skuldig O. E. Devold 377 speciedaler. 1875 enda dei økonomiske problema med ny tvangsauksjon på garden. Han hadde då hest, 4 kyr, vér, 2 geiter, bukk og 2 kje. Av gardsreiskap eigde han drøftemaskin, horv med jarntindar, skysskjerre, 2 møkkakjerrer og høyvogn. Han hadde sett seg opp eit kvernhus, færingnaust, og sel saman med svigerfaren. Desse eigde han halvparten av. Det meste vart truleg kjøpt av gardeigaren, for mykje finst framleis på bruket. Devold fekk også rett på avlinga i 5 år, verdsett til 250 speciedaler. Caroline vart enke i 1885, men fekk lov til å drive bruket heilt til 1894. Etter to tvangsauksjonar på kort tid, var der nok lite til å betale for seg. I tillegg hadde ho kårfolk å forsørge. Det er ikkje funne kårkontrakt til Caroline. Ho livnærte seg derfor som fiskearbeidar, saman med den eine dottera si, i Ålesund 1910. Då det kom ny brukar, måtte ho truleg flytte frå Østrem. Kårstova til mora var i så dårleg stand at hesten stakk haudet inn gjennom veggen, når dei nye brukarane kokte mat. Slike historier minner mest om forteljingar frå husmannsplassane i bygda. Larsgarden var ingen husmannsplass, eller fråflytta gardsbruk. Historia vitnar nok meir om dei kåra som Nille og familien hennar hadde levd i dei siste tiåra. «Sjurs-Ole» hjalp sonen, Hans Nikolai, med å få seg ein husmannsplass under Larsgarden, kalla Vestrem. Sjå meir om han under bruksnummer 6 på Østrem, lenger bak i denne boka.
a) Knud Andreas 1856-1947 1) 1883 g.m. Ingeborg Marta Martinusd. Østrem(4).
2) 1894 g.m. Birte Eline Knutsd. Standal(S,3), brukar i Steinsgarden, Østrem(4).
b) Hans Nicolai 1858-1942 1889 g.m. Martha Petrine Lovise Hansd. Akslen(1), frå Øvste-Akslen. Brukar på plassen Vestrem, Østrem(6). (sjå meir om bruket under Østrem.
c) Ragnhild Eline f.1860 var ugift skreddar, busett først i Storgata 24, Ålesund, og så hos broren Christian, som var brukar på Midthaug, Østremsreiten(4). Her levde ho som «skræddar for eiga rekning»
d) Caroline Ingeborg f.1863 1891 g.m. gbr. Lauritz Peder Andreas Eliass. Humblen(3), som budde på Østrem(2) i 1891. Dei hadde nok eit håp om å få overta bygselskontrakta. Slik vart det ikkje. Dei flytte til Ålesund, der han var fiskar og skipstømmermann.
e) Christian Britanus 1865-1949 1) 1888 g.m. Caroline Severine Edvardsd. Søvik(10).
2) 1909 g.m. Olave Andrine Eliasd. Solevåg(3), brukar på Veahaugen/ Midthaug, Østremsreiten(4). Sjå meir lenger fram i boka.
f) Lars Britanus 1868-1931 1) 1890 g.m. Anna Marie Caroline Carolusd. Nes(2) frå Ellingsøy.
2) 1905 g.m. Regine Eline Knudsd. Vik(1) frå Ellingsøy. Han var fiskar og skipper, busett på Buholmstranda 1890, og i Lihauggata 1900.
g) Andreas Kristoffer 1872-1872 døydde ca. 1/2 år gamal.
h) Anne Kristofa f.1874 1893 g.m. fiskar Nils Peder Olss. Eide frå Selje, busett Ålesund. Ho var enke i 1910.
Lekpredikant og gardbrukar Lars Karl. Joakim Olson Emblem(11) (1870-1952), frå Sjursgarden, fekk bruket i gåve i 1899 frå far sin, som på folkemunne vart kalla «Sjurs-Ole». Ole sat godt i det, reint økonomisk, med ei god arv og fleire gardsbruk etter foreldra sine. Han hadde sjølv kjøpt Larsgarden frå postmeister Tonning i Ålesund. 1895 vart Lars forelska i tenestejenta, Lovise Marie Jensdotter Hovden(4) (1869-1940) frå Hundeidvik. Dei fekk ei dotter i 1896, men han gifta seg i staden 1896 med Karen Marie Vilhelmine Hansdotter Holmeset(2) (1872-1945), frå Grytastranda,. Dei tok over Larsgaren, Østrem(2). Frå gåvebrevet på Larsgarden kan ein lese punkt med krav frå faren, som kan tyde på at forholdet til Lovise ikkje var særleg populært. Det kan vere slik at han fekk bruket, mot å gifte seg med nokon andre i staden. Då var Karen meir høveleg for sonen til ein av distriktets rikaste bønder. Lovise måtte fortsette å tene på Emblem, men vart seinare gift i Negarden, Emblem(1). Sjå meir om henne der. Lars vart den første sjølveigaren på garden. Han engasjerte seg også i lokalpolitikken, arbeidde mykje med utskifting, og i likningsnemnd. Han vart også prega av vekkelsebølga på Emblem mot slutten av 1890-åra. Han vart med å stifte indremisjonen i bygda, og reiste mykje ikring som predikant. Han preika kort og på ein enkel måte som folk forstod. Besøkande predikantar budde som regel hos Lars på Østrem. Det vert fortalt at han under andre verdskrigen slakta ein kalv når det kom slikt besøk. Kjøt var mangelvare, så det vart humoristisk sagt at dei preika og heldt møte, heilt til kjøtet vart oppete. Det kunne ta ein del dagar.
a) Olivie Lovise Hovden 1895-1971 Olivie var dotter til Lovise Hovden(4). Ho vaks opp med besteforeldra på Grønhaugen 52/2 i Hundeidvik, medan mora måtte fortsette i teneste. Olivie vart 1918 g.m. Ole Nikolai Ols. Folkestad, og flytte til Folkestadbygda.
b) Olaf Hilmar 1897-1920 var ugift. Han fall overbord under sildefiske ved Kristiansund.
c) Klara Olga 1899-1956 1924 g.m. bokhaldar Petter (Pete) Sigvald Marius Rasmuss. Myklebust. Først busett i Ålesund, og så i Bergen, der han var disponent for Bergens Arbeiderblad. Begravd i Borgund.
d) Astrid Nora 1901-1969 1920 g.m. Lauritz Eliass. Strømmen frå Vigra, busett i Ålesund. Han spela m.a. fotball for Ålesund fotballklubb.
e) Henny Katinka 1903-1970 1928 g.m. skipsmaskinist Knut Hollevik, busett i Ålesund.
f) Lida Kamilla 1904-1906 døydde av kikhoste.
g) Lida Camilla 1907-1991 1938 g.m. fiskar Petter Tomassen Kaldhusseter, brukar Hatlebakken, Emblem(3).
h) Kaspara Leonarda 1909-1976 1938 g.m. maskinist Harald Herman Barstad, busett i Ålesund. Han hadde mekanisk verkstad ved «Brooklynbroa» i Ålesund.
i) Herborg Lida 1911-1993 1940 g.m. Mauritz Jostein Larss. Akslen(4), brukar Høla.
J) Hans 1915-1966 tok over bruket.
Sonen Hans Arthur Østrem(2) (1915-1966) gifta seg 1940, med Aslaug Petrine Magerholm (1920- 2002), frå Spjelkavik. Far til Aslaug var Peter Kornelius frå Magerholmvika, Magerholm(2). Mor var Klara frå Ystebøen, Emblem(5). Aslaug var den siste som setra på den gamle Emblemsetra, i Ystebøselet, 1937. Han var då i lag med Aslaug, og ein spøkte med at han sleit ned Breiskaret på alle setreturane sine. På grunn av krigsutbrotet tok dei først over bruket i 1945.Han vart mobilisert med I.R. 11 og deltok i kampar ved Otta 1940. Hans og Aslaug dreiv bruket attåt sal av frukt og støypesand. Han var også med på arbeidet med å bygge Røssevolldemninga, og arbeidde i Borgund Kommune. Aslaug vart tidleg enke. Ho dreiv bruket med mjølkekyr frå 1966, til sonen Olav tok over garden i 1974. Dei siste yrkesaktive åra arbeidde ho på fiskematfabrikk i Gangstøvika. Når det skulle bakast til jul, kom to av tantene til Aslaug frå Magerholmvika, Sara Rebekka (f. Romsetrand) og Karoline "Kalla" Oline Magerholmvik 1893-1959 gift Nilssen. Sara gifta seg med brukaren i Magerholmvika, Thore Martinius Magerholm(2) 1900-1946. Kalla budde ei tid like ved, i leigd hus rett ovanfor tunet til Abrahamsgarden, der Per Ottar Østrem bur no. Huset vart bygd av Severin Østrem.
a) Karen Marie f.1941 ugift. Tidlegare skipstelegrafist og seinare ansatt i Statens Vegvesen. Busett Oslo.
b) Olav f.1942 tok over bruket.
c) Per Kåre 1943-2023 1966 g.m. Bjørg Havikbotn fra Ålesund, bygde hus på bruket. Bygde som pensjonistar ny generasjonsbustad i Breivika, saman med dottera Wibekke i 2018.
d) Liv f.1948 1969 g.m. Arvid Birger Brevik. Bygde først hus på bruket, no busett på Åse. Dei kjøpte først ein eigendom og pussa opp. sidan den gongen har dei bygd eit midlertidig nytt hus, og har no flytta inn i nytt sjølvprosjektert leiligheitsbygg like ved dei tidlegare husa, nær Lærstadtunnelen.
Sonen Olav Østrem(2) (f.1942) gifta seg i 1967, med Marit Dale(604b) frå Dalsbygda i Norddal. Dei tok i 1974 over bruket etter Aslaug. I deira tid gjekk driftsforma over frå mjølkeproduksjon til kjøtproduksjon, med kalvar. Som far sin, så valde også Olav å ha anna arbeid utanom gardsdrifta. Han arbeidde i alle år som teknisk teiknar for bedrifta «Pla-Ma Trading», ei søsterbedrift til skumplastprodusenten «Porolon a/s». I hans tid vart gardsdrifta lagt ned. Marit var heimeverande medan borna var små. Etter kvart starta ho som sjølvstendig næringsdrivande heimanfrå. Dei er dagens grunneigarar. Olav har engasjert seg i mange år for Emblem Idrettslag. Han starta som aktiv utøvar i ei skigruppe, som gjorde det sterkt i konkurransar frå 1960-talet. Olav fortsette som skitrenar, så lenge borna var aktive. Han er framleist aktiv løpar i orienteringsgruppa. Både Olav og Marit er stadig å sjå på Emblemsfjellet, der dei også har hytte på Østremsetra.
a) Helge f. 1967 er sambuar med Parinda Chitmano, busett i Trondheim.
b) Ann Kristin f. 1970 er ugift, busett i Bergen.
c) Svein Ove f. 1975 Sambuar med Camilla Mørkeberg frå Molde, busett i Molde. Han har sidan 2019 prosjektert, skreve og redigert tre historiske årbøker for Emblemsbygda, og ei bygdebok i lag med Egil Rabbevåg. Svein Ove driv også denne nettstaden og facebookgruppene med gamle bilde frå Emblemsbygda.