Om Oss

Det heile starta som eit prosjekt på Facebook 2010. Gradvis kom store delar av bygda med på denne dugnaden. Vi byrja med å leite etter gamle bilde, og finne tak i namna. Ikkje alle var på sosiale medier, så det vart  også etablert ein enkel nettstad. Omtrent to millionar treff på nettstaden vitna om ei stor interesse der ute.

www.emblemsbygda.com vart ein populær

møtestad og snakkis.

 

Så kom idéen om å oppdatere den gamle bygdeboka frå 1960-talet. Det var eit "hårete mål" å ta fatt på, utan ei kommune, historielag, eller pengar. Men vi ga oss ikkje der. Normalt rekna ein nokre millionar kroner til slikt, men på rein idealistisk basis klarte vi å få bygdebokprosjektet rimeleg godt i hamn. No var det ikkje berre gardbrukarane si historie som vart oppdatert. Borna deira fekk óg vere med i tekstane. Det tok omtrent ti år å fullføre prosjektet. Innaumnesingen Forlag vart etablert for å stå ansvarleg for trykking og salg til bokhandlarane. Sliktmå ein nemleg ha organisasjonsummer og ei "bedrift" for å få til. Bygdeboka vart godt tatt imot, takka vere vår viktigaste samarbeidspartnar ARK Moa, som makta å selge 150 bygdebøker åleine!

 

Etter 2019 har fokuset vore å samle meir av bygdehistoria mellom to permar Inntektene frå eventuelle overskot går til å koste trykking av den neste boka, samt beskjedne kostnader til å leige inn ein kompetent rekneskapsførar til årsoppgjeret. Samtlege bøker er med andre ord skrevne, redigert og klargjort for trykk på  idealistisk grunnlag. 

 

Salget avgjer kor mange årgangar med årbøker som vil bli gitt ut framover.  Vi merkar,  som historielaga ikring oss,  at talet på selde årbøker går nedover. Den eldre garde har nemleg vore særs viktige for historielag og liknande prosjekt. På den andre sida kan ein sjå at historisk stoff om Emblemsbygda har klart seg godt i forhold til meir etablerte årbøker med heile Sunnmøre som interesseområde.  

 

Nokon vil kanskje undre seg på kvifor ein satsar på bøker no til dags. Tanken er at ei bok med eit ISBN-nummer vil bli teken vel vare på av Nasjonalbiblioteket i framtida. Historieprosjektet  stoggar dermed ikkje opp med eit enkeltmenneske, eller manglande betaling på ein slik nettstad som denne.  Bygdehistoria bør få leve lenger enn det. Tilfeldigheiter har gjeve oss mange av bilda og historiene, før dei siste som visste noko gjekk bort. 

DEN ARVA MÅ VI OGSÅ TA VARE PÅ FOR FRAMTIDA!