Kan dette bildet vere frå eit besøk oppe på Daleplassen for å slå "Nybrøtet" bak løa? Det kan i alle fall sjå ut som om forfallet har starta, med knust vindusglas. Det kan vere frå etter hausten 1927 ein gong.
Bildet tilhøyrer Åshild Magerholm Kvam
Magerholmdalen
Oppretta ved gamlesetra, kalla «Rognestølen». Plassen vart også kalla Ramsdalsgjerdet og Daleplassen
Knut Salvesen Tjugen(1) (dp.1777-1845) kom frå Innvik i Loen. Kåre Magerholm fortalde at han vart kalla «Kol-Knut» på grunn av kolmilene, som husmenn ofte fekk starte opp som attåtnæring for å produsere trekol for salg. Knut gifta seg i 1809 med Barbra Olsdotter Loen(16) (dp.1781-1862), frå Nordfjord. Bygdeboka for Borgund fortel at han var den første husmannen her om lag 1830. Det er godt mogleg at det stemmer, i alle fall i nyare tid. Alle borna til Knut og Barbra vart fødd i Innvik, så dei kan i alle fall ikkje ha kome hit tidlegare enn 1826. Han var først plassemann på Solevågseidet, og deretter ein av fleire som forpakta Øvste-Aksla, Akslen(1), på to-års kontrakt for Borgundpresten. Det var i tidsrommet 1820 til 1824, men med høg leige og to kårfamiliar å ta seg av, vart det dårleg lønsemd på dette bruket. Knut fekk seg vinterarbeid hos Halvor Magerholm(1), på hovudbruket. Han arbeidde godt i lag med sonen, Torkel Halvorson Magerholm(1), med både tømmerkøyring og fiske. Det var truleg slik han fekk tilbod om feste på denne nye husmannsplassen rett ved tømmerfelta, som til då vart kalla «Ramsdalsgjerde». Den første tida budde familien i eit sel som stod att på gamlesetra, «Rognestølen» like ved. Årsavgifta var 2 1/2 speciedaler, noko som var dobbelt så mykje som dei fleste plassebruka i Emblemsbygda. Han hadde seks pliktdagar på hovudbruket nede på Magerholm. Det vart mellom anna dyrka havre i Magerholmdalen. Dei kjøpte skog attåt, og fekk rett på eit tørkeberg for fisk ved Magerholmneset aust for sjølve Magerholmen. Plassemennene hadde som regel 3-4 kyr og 10 sauer, så det vart ein del utkome av slått og beite i denne fjelldalen, men vegen opp dit var krevande. Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis dei klarte å bere opp tunge mjølsekkar, og anna som dei behøvde, langs den smale gamleråsa. Selet vart seinare flytta ned til hovudbruket og skulle brukast i lag med eit nybygd vasshjul på innmarka, men før vasshjulet skulle monterast, tok vinden taket i det og rulla det ned bakkane der det gjekk i stykker. Selet vart etter 1910 seld til «Rese-Karl» på Myrvang 10, til hønsehus. Det står på hisida av hovudvegen nær Bedehuset vest for Reset framleis.
a) Anna dp.1810-1851 fekk dottera Berte Karoline Andreasdotter i 1841. med Andreas Guttormsen Brunstad(11) (dp.1816). Berte gifte seg i 1868 med enkemann Søren Christian Andreass. Willelmsplass i Ålesund. Mora, Anna, gifta seg i 1849 med Nicolay Timotheus Nicolaisen Spjelkaviknes(3). Han vart brukar på "Bigton", Spjelkavik(8). Nicolay omkom ved drukning.
b) Siri dp.1812-1895 tente ei tid hos eit eldre ektepar i Vanylven, og arva heile 400 speciedaler etter dei. Ho er registrert som utflytta til Hundeidvika i 1845, og vart trulova på Vik(1) i Sykkylven, og bygde seg hus for pengane, men det vart ikkje ekteskap, for han gifta seg med ei anna og overtok både huset og pengane. Siri tok det så hardt at ho miste forstanden. Ho sa stadig: "Fanten tok pengane mine, han tok pengane mine!" Ho høydde som ugift fattiglem på Grebstad i Sykkylven.
c) Berte dp.1813-1841
d) Randej 1819-1892 var tvilling. Ho tok over bruket.
e) Janiche 1819-1903 var tvilling og ugift. Ho tente på Ekornes frå 1843, og døydde i Sykkylven. Janiche fekk seg kjæreste og forlova seg på Ekornes, med Hans Johan Severins. Ekornes(1), men det vart ikkje bryllup likevel. Dei fekk sonen Severin Bastian Gregoriuss. Ekornes(1). Sonen gifta seg med søskenbornet, Berthe Caroline Knutsdotter Magerholmdal, og dei vart brukara i Vegsundet, Vegsund(5).
f) Anna 1825-1902 var ugift. Ho vart kalla "Kol-Knut-Anne". Anna fekk sonen Carl Andreas Håhjemsvik utanfor ekteskap med Peter Carolus Peters. Jordskar(1) frå Ørskog. Carl gifte seg med Beate Jørgine Hansdotter Ous, fødd i Ålesund, og dei vart brukara på Furstrand(2) i det som den gong var Ørskog kommune. Ho er Nemnd på Furstrand 1900, og døydde der.
Dottera Randej Knutsdotter Magerholm(dal) (1819-1892) gifta seg 1845, med Ingebrigt Elias Larsson Emblem(2) (1818-1848), frå Garsendhaugen. Dei fekk berre tre år saman. No endra plassen namn attende til «Rognestølen», og Randej overtok husa som faren, Knut, hadde sett opp. Plassefolket hadde rett på ved og never frå «Svartevasslia», ved Svartevatnet. Saman med plassefolket, på Magerholmneset, fekk dei også hogge hatleskog til å produsere tønneband.
a) Petrine Randine Birgitte Bærentsd. f.1844 på Magerholm. Faren var Bærent Peders. Hole frå Sykkylven. Ho flytta til Ålesund i 1872 som tenar.
b) Karen Elina f.1846 gifta seg 1875 med Knut Elias Martinus Magnuss. Emblem frå Magnusplassen. Han er nemnd som målarmeister i Ålesund 1900, og tok kanskje nokre oppdrag når gamleskulen på Skaret skulle byggast i 1902-03 også. Ein Magnussen er nemnd i rekneskapet.
Enka Randej Knutsdotter Magerholm(dal) (1819-1892) gifta seg opp att i 1850 med Knud Sivert Jørgensen Mo(3) (1820-1887) frå Hjørundfjorden. Dei fortsette å drive Daleplassen.
a) Jørgen Ingebrigt Karolus 1851-1933 gifta seg 1879 med Ingeborg Karoline Gurine Iversd. Veibust(2), som døydde på Reknes sjukehus i Molde det tyder på at ho hadde fått leprasjukdommen. Jørgen gifta seg på nytt med Anna Maria Arnesdotter Rødsetbakken frå Hareid. Jørgen døydde som kårmann på Larsgård(5)
b) Pernille Birgitte 1853-1853 døydde etter ein dag.
c) Peter Andreas 1854-1854 heimedøypt. Døydde 10 dagar gamal.
e) Peter Andreas 1857 -1936 Drog til Horten og gjekk i gullsmedlære hos
Bernt Erichsen. I Horten møtte han også kona si, Sofie Marie Sørensen (1862-1936). Familien flytta til Oslo, der han fekk arbeid hos gullsmed Gustav Andersen. Peter heldt kontakta med broren i Magerholmdalen, og seinare tok dottera Gudrun Elisabeth g. Ruud over brevskrivinga til familien i Magerholmdalen. Ho gifta seg med Otto Polander Ruud, kontollør ho "Kristiania kommunale Brændselcentral" sin koltank på Filipstad. Det er litt interessant, for både faren og broren dreiv kolproduksjon i Magerholmdalen som ei attåtnæring. Kundane var ofte gullsmedane i Ålesund.
f) Knud Andreas 1860-1949 tok over bruket.
d) Berthe Caroline 1855-1935 gifta seg 1877 med søskenbornet Sevrin Bastian Gregorius Hanss. Ekornes(1). Han er son til Janiche Magerholm(dal), og dei dreiv Vegsund(5)
Sonen Knud Andreas Knutsen Magerholm(dal) (1860-1949) gifta seg 1887, med Petrine Caroline Andreasd. Apalset(14) (1854-1946), frå Ørskog. Mor hennar var 463a Sevrina Petrina Rasmusdotter Østrem(4) frå Steinsgarden, Østrem(4). Han bygde ny stove. Frå før var der stabbur og løe med fjøs, i tillegg til hønsehus. Knud fekk tilbod om å kjøpe plassen når hovudbruket skulle selgast, men borna ønska ikkje å ta over. Han kjøpte i staden ei lita bot, kalla «Nybrøtet», før dei flytta frå dalen i 1927. Då hadde han ein grunn til å kome ofte attende. Dei siste år hadde han leigd, Jakob-Knud til å pløge med hest.
Dei fekk lov til å bu lenger i Magerholmdalen, men helsa til Knud hadde ikkje vore god det siste året. Petrine ville derfor ikkje bu der oppe ein vinter til. Dei busette seg hos svigersonen, Ole, på Framigar, Eikenosøygard(3), men lengta heile tida attende til dalen. Knud tok seg turar dit så lenge han makta det. Hønsehuset vart flytta til Myrvang 10, og er i dag uthus til Hjellhaugvegen 10, der huset til Konrad og Olga Nedregotten(10) stod, før det vart totalskada i brann påska 2005. Eit nytt hus er no bygd på samme plassen.
Knud heldt andakt på Daleplassen kvar søndag dei ikkje kom seg til kyrkje i Borgund eller Sykkylven. Han tok også på seg å halde preike for dei eldre i bygda, eller hjelpe til med heimedåp. På sine eldre dagar engasjerte han seg også i lokalpolitikken. Det var kanskje etter dei hadde flytta frå Daleplassen.
Knud og Petrine adopterte Inga og Jonas Longva, frå Ålesund. Dei var borna til Ole og Nikoline Longva. Nikoline var Petrine si niese, og døydde i 1905, når borna var to og tre år gamle. Det vert fortalt at Inga hadde ein hudsjukdom når ho var lita. Petrine bar henne to mil, til doktoren i Ålesund, to gongar i veka. I 1922 tok dei også til seg bornebornet Kåre Magerholm. Han budde hos dei frå han var tre til han vart sju år, og klar for å begynne på skulen. Faren, Knud, og mora, Nikoline, arbeidde nemleg begge på fabrikk i Spjelkavik.
a) Karoline Ragna 1888-1981 gifta seg i 1917 med Ole Laurits Gustav Johans. Ødegård(3), brukar på Framigar, Eikenosøygard(3). Foreldra flytte dit 1927. Ole starta både snikkarverkstad og karosseriverkstad på garden.
b) Andreas Sigurd Johan 1889-1918 kjøpte Hansgarden, Flisnes(1) etter ei tid i Amerika. 1917 g.m. Marie Pauline Martha Kolbensd. Rot(1) frå Vartdal. Han døydde året etter av Spanskesjuka. Enka gifta seg på ny i Barstadvika, Barstadvik(5).
c) Knud Peder Adolf 1894-1983 1919 g.m. 6029b Nikoline Olivie Birgitt Petersd. Emblem(5) frå Ystebøen. Han var fabrikkarbeidar og busett i Spjelkavika.
d) Jonas Joakim f.1902 kom vekk på Ishavet. Adoptivson. Foreldra var Ole og Nikoline Longva. Nikoline var niesa til Petrine.
e) Inga Nikoline 1903-1970 1930 g.m. Ingebrigt Nybø, busett Hovdebygda, Ørsta. Adoptivdotter. Foreldra var Ole og Nikoline Longva. Nikoline var niesa til Petrine.