Gå til hovedinnhold

BÅTBYGGJING I EMBLEMSBYGDA

 

Dei fleste i våre dagar kjenner kanskje berre til Ivar Flydal, om ein spør etter båtbyggjarar frå Emblem. Men der har vore enno fleire. Flesteparten har tida lagt gløymselens slør over, men nokre veit vi litt om framleis. Interessant nok har alle saman opphav i Volda.

 

Peter Andreas Rasmusen Ødegård (1834-1908) frå Volda vart første sjølveigaren i Abrahamsgarden på Østrem. Han kjøpte garden sin av postmeister Tonning i 1862, og der var fleire som gjorde det same. Tonning hadde sjølv kjøpt Abrahamsgarden og Larsgarden frå arvingane etter kjøpmann Nils Wind i 1845. Wind åtte også Steinsgarden, men selde den vidare til Kristen Olav Sorte i 1840. Båtbyggjar Peter fekk ei særs tung øko- nomisk bør. Han gifta seg med Karoline Abrahamsdotter (1834-1931), jordajente på denne garden. I 1865 hadde dei to born, Andreas på 3 år og Johan på 1 år. I tillegg skulle dei gje kår og livsopphald til hennar foreldre, Abraham og Karen. Men der var allereie fleire kårfolk på garden. Bernt levde enno, og kona hans, Inger, var yngre enn Abraham og Karen.

 

Eg veit ikkje om Peter hadde vore særs optimistisk, men å skulle beta-
le både 250 speciedalar for garden, samt gje kår til to par attpå. Det var temmeleg vågalt på ein so pass liten gard. Peter måtte gje seg før året var omme, og skøytte frå seg garden til Johan Elias Nilsen Emlem (1838-1914) i Ebbegarden. Kravet var at Johan tok på seg kårytingane. Peter fortsette som bygselsmann. Han er ellers kjend som båtbyggjar, og laga for det meste færingar. Ebbegardsfolket kan ha handla båt med han, men ellers veit eg ikkje av båtar etter han i våre dager.

 

Båt-Nils

I 1868 kom ein annan volding, Nils Rasmussen Løset (1840-1910), til bygda saman med kona Nicoline Simonsdotter Kaldvatn (1842-1929). Ho var óg frå Volda. Han kjøpte seg først eit stykkje av Knutgarden i Emblemsvågen for 250 speciedalar, og rydda seg ein plass der. Selgarane var Knut Inge- briktsen Emblemsvåg (1839-1917) og kona Oline Nilsdotter Blindheim, opphaveleg frå Vigra. Når Knut selde Oshaugen til Nils, held han att retten til åttringnaustet han hadde sett opp ved sjøen. Knut ville framleis ha rett
til å jage kyrne sine langs elvekanten ved Oshaugen vår og haust. Stykket vart skyldsett til 18 skilling, med bruksnummer 3. Seinare kjøpte Nils attåt eit stykke som vart skyldsett til 10 skilling. No var skylda på bruket auka til
28 skilling, og garden fekk bruksnummer 4. I 1890 vart skylda revidert til 40 øre. Det var med andre ord ingen storgard, og det var heller ikkje gardsdrift han satsa på. Bruket låg like sør for Vågane, plassebruket bak naustrekkja og gravrøysene. Småbruket vart kalla “Oshaugen”, for den låg på ein haug ved elveosen. Sandane, som seinare skulle huse nok ein båtbyggjar, vart næraste nabo. Nils bygde seg naust mot sjølve vågen, og tok til med båtbyggjing.

 

Det finst fleire historier etter Nils og Nicoline. Nokre av dei kan du også lese om under plassen Løvika i bygdeboka frå 2019. Dei flytte nemleg dit og rydda seg ny plass i 1891. Når det gjeld tida på Oshaugen, vert det fortalt at Nicoline var svært nysgjerrig og vart lett sjalu. Ho fekk derfor Nils til å snu heile naustet, slik at dørene åpna seg mot huset og vekk frå sjøen. Dermed kunne ho sjå kven som kom og gjekk når han arbeidde. Det må ha vore lite praktisk for ein som arbeidde åleine, og skulle ha båtar på sjøen. Han dreiv med fiske i ledige stunder, gjerne om natta. Han vart kjend i distriktet som «Båt-Nils». Færingane fekk god omsetning. Det er ein att av dei på Emblem. I ystebønaustet i den samme vågen. Oshaugen selde Nils etter kvart vidare til Nikolay Halvorsen Østrem frå Mattisgarden.

 

Før 1891 valde dei å rydda seg enno eit småbruk frå grunnen av i Løvika. Eg veit ikkje eksakt kvifor dei flytta, men Løvika var nær halve størrelsen av Oshaugen. Det nye gardsnamnet kan det vere han som bestemte. Det er nok inspirert frå eit tilsvarande stadnamn i Volda. I 1891 kan Nils ha vore om lag 51 år gamal, og det er mogeleg at han valde å vie seg enno meir til båtbyggjinga, for han var ein populær båtbyggjar, som bygde mange av båtane i nærområdet sitt i samtida. Ein hamna på Vedhaugen, men strauk dessverre med i eit uvér for nokre år sidan. Ein annan hamna på Ystebøen.

Januar 1891 fekk han skøyte på Løvika frå Lars Einarsen Nedregotten i Steffagaren for 590 kroner. Det går fram av dokumentet at Nils allereie hadde kosta og bygd opp husa, som på den tida stod i Løvika. Det vart spesifisert at laksevarpet ved Kleberhammeren og tilhøyrande reiskap, ikkje var del av kjøpet. Det hadde opphaveleg tilhøyrt østremsbrukarane, og hadde fått eige gards- og bruksnummer.

 

Dei var temmeleg sjølvhjelpte i Løvika, og dyrka både korn og potet. Nils og Nicoline hadde dessutan krøter, fjærkre, og fekk tidleg frukthage ifølge 1900-teljinga. Eg vil tru at mykje av det daglege arbeidet fall på Nicoline, men Nils var eit arbeidsjern av dei sjeldne. Båtane bygde han heilt åleine. Material var dels krokete seinvaksen skog som han henta på Nakkane. Stokkane bar han ned den bratte tømmerløypa, før dei vart hogde med handmakt til emne for mellom anna stamn. Flatborda fekk han tak i inne på Glomset. Der var det fleire sager i drift. Båt-Nils var optimist, og når han hadde strekt opp kjølen og satt opp stemna, sa han: "Dette blir ein seglar det!"

 

Nils arbeidde lange dagar og netter. Skulle han ha seg ein pause utpå natta, rodde han seg ein tur langs land medan han dorga og song. Han hadde ikkje naust til verkstaden i Løvika, men eit skyle i løa som han nytta til formålet. Ivar Flydal fortel at båtane hans var svært gode og lettrodde. Det er mogeleg at den eldste færingen i Larsgarden på Østrem kan ha vore anten Nils eller kanskje “Abrahams-Peter” sitt verk. Ein Knut Emblem gjekk ei tid i lære hos Nils. Han bygde nokre få båtar, men dreiv mest med reprasjon. Eg er ikkje heilt sikker på kven dette var. Båt-Nils og Nicoline var bornlause. Ved 1910-teljinga var ho den einaste som budde i Løvika. Nils døydde nemleg det samme året. Nicoline var då nesten 70 år. Nils og Nicoline var tidleg ute med å ordne det formelle i form av eit testamente Det vart offentleg allereie i 1891. Her er eit lite utdrag av dokumentet:

 

”(...) Endre Eliasen Furufjerding og hans forlovede og vordende hustru Helga Haraldsdatter Haugen (...) som testamentarisk skjænk og gave til odel og eie vor ved skjøde af 29. januar, tinglest 6. februar 1891 hjemlede gardpart ”Løvik” gno. 5 brnr. 7 af skyld 23 øre fraskild hovedbruget Nedregoten gno. 5 brnr. 5 ved skylddeingsforretning avholdt 8. juli afhjemlet og tinglest 16. november 1891 i Borgund herred med alle samme tilliggende herligheder alle huse, indbo, besætning, gardsredskabe og avling - i den stand, hvori all ved arvevaldet befindes, samt øvrigt alle våre efterladenskaber intet i nogen maade undtaget, som deres retsmæsig erhvervede og udelukkende eiendom paa følgende betingelse: 1) Overtagende bekoster vor standsmessige begravelse efter bygdens skik (...)”

Videre i testamentet kjem årsaka til den tidlege tinglysinga. Dei hadde ikkje born til å sørge for seg på sine eldre dagar. Dei kunne sjølvsagt ha seld mot ei kårkontrakt, slik skikken var, men valde heller å gi vekk alt mot å få eit slags kår, dersom det skulle verte behov for det. Dei kunne altså velge å gje vekk Løvika til arvingane før tida. Det ville i so fall vere til felles nytte for alle saman. Der var også klausul om arvingar skulle falle frå. 6. februar 1912 vart arveskiftet etter Nils Rasmussen Nedregotten avslutta. Ho fekk hovudhuset på garden, samt rett til vederlagsfritt å la huset få stå på garden så lenge ho levde.

 

Verdien på stova vart sett til 400 kroner, og tinglysinga som vart utført i januar 1913 var gratis. Samtidig skjedde noko interessant. Endre og Helga frå testamentet vart ikkje nemnde. Skifteretten selde i staden bruket på vegne av Nils og Nicoline til Ole Andreassen Flote i januar 1913. Med i salget var løa, smia, naust, sel og sommarfjøs. Prisen var 2200 kroner. Kjøparen fekk rett til å bu i det søraustlege rommet i hovudhuset med fri adgang til kjøkken, kjeller og loft. Retten skulle gjelde heilt sidan skøytet vart signert 18 april 1911. I tillegg skulle kjøparen ha tilsyn med Nicoline
i ”sygdomstilfælde”. Der er ingen vanlege kårkrav å spore. Ein kan berre undre seg over kvifor arvingane ikkje fekk overta Løvika vederlagsfritt, og kvifor Nicoline selde i staden, men mykje kan sjølvsagt hende på 20 år. Det neste spørsmålet er kvifor kjøparen ikkje ønska å drive meir enn i 2 år. Nicoline kunne nok vere ei bestemt kårkone, som visste korleis ho ville ha det. Ole Flote var truleg frå Volda, og kanskje i slekt med gamlefolket i Løvika. Det er også interessant å merke seg at alle dokumenta der Ole Andreassen Flote vert nemnd er det Andreas Dahl frå Volda som tek seg av

 

det praktiske på hans vegne, inkludert kjøp og salg. Nils var i samtida
og for ettertida viden kjent for båtane sine. Han reiste ofte ikring å bygde båtane i naustet til oppdragsgjevarane. Ein kan spøkefullt tenkje seg at kona Nicoline, som var så nysgjerrig, kan vere årsaka. Men det var nok helst praktisk. Han fekk både mat og losji, og slo kanskje av litt på prisen om kjøparane hjelpte til. Slik sparte han frakt av større båtar. Det vert fortalt at golvet i stova i Løvika var særleg nedslite mellom to vindauge. eit av dei var mot sjøen. Kanskje ville ho vite kva han heldt på med, eller gjekk å venta på at han skulle kome att? Ho var nok veldig glad i han.

 

I starten kunne han visst byggje ein trerøring på berre to veker. Ole Aursnes skal ha fortalt om eit slikt oppdrag på Aursnes i hans barndom. Der hadde visst aldri vore ein så flink båtbyggjar i Ole si tid. Nils bygde to trerøringar og fleire færingar på den samme runden til Aursneset kring midten av 1890- åra. Den eine hamna i Hansgarden på Fauske. Alt vart bygd på augemål, og han tok lite betalt. Der var ikkje så mykje meir enn kost og losji han tok imot. På den tida hadde han nyleg flytta frå Emblemsvågen til Nedregotten, og ein skulle tru at han trong pengane han tente.

 

Ivar Flydal

Ivar Martin Flydal (1909-1998) kom frå «Flydalgarden», lærargarden på Østrem. Han vart den siste kjende båtbyggjaren i bygda, og var ei tid busett på Stranda. Ivar flytta dit tidleg på 1930-talet, etter landbrukskule på Gjermundnes i 1929. Han hadde nær slekt både på Stranda og i Sykkylven. Begge bygdene hadde etablert gryande industriverksemder i denne vanskelege økonomiske perioden mellom verdskrigane. Ivar arbeidde mellom anna på meieriet på Stranda, og vart med i musikkkorps. Han gifta seg i 1935 med Signe Olga Emblemsvåg (1908-1973) frå Sandane i Emblemsvågen. Der tok han korrespondansekurs i båtbyggjing, før dei flytte heim att til bygda for å ta over bruket etter foreldra til Signe hausten 1948. Der vart sett i gong mange slike kurs i mellomkrigsåra. Eit anna populært kurs var korgfletting, og fleire tok det eit hakk vidare til å flette korgmøblar. Ivar valde Båtbyggjinga i staden. Det vart ei kjærkoma inntekt attåt småbruket. Lat oss sjå litt nærare på kva han han sjølv fortalde om starten på båtbyggjarkarriera si:

 

“Dei siste åra eg budde på Stranda tenkte eg ofte på at eg snart skulle
til Emblem for å overta ein gard. Det var heimgarden til Signe, kona mi. Garden låg i Emblemsvågen. Men det var ein liten gard, så eg måtte ha ei biinntekt. Eg tenkte mykje på kva det kunne vere. Ein dag eg gjekk på vegen på Stranda, såg eg eit blad som låg i vegkanten. Eg tok opp og las. Der var ei annonse om eit teiknekurs for båtbyggjarar. Eg melde meg på dette kurset. Dette vart starten på båtbyggjinga.”

 

Den aller første båten såg dagslys på Stranda, før han flytte heim att:

“Denne tida arbeidde eg på fabrikk. Det var krigen, og det var vanskeleg å få tak i material til fabrikken. Ein dag kom det eit jernbanevognlass med material til fabrikken. Der var det óg båtbord. Eg fekk plukke ut all materi- alen eg ville. Så fekk eg leige ei garasje, og tok til å byggje den første båten. Det tok meg eit år. Eg bygde han på fritida mi om kveldane.”

Ivar starta opp i eit naust i naustrekka i Emblemsvågen, på hi sida for naustet etter Båt-Nils. Men trua på dette nye levebrødet hadde han ikkje alltid i starten:


“I 1948 tok eg over farsgarden til kona mi på Emblem. Då tok eg til å byggje båtar i eit naust i Emblemsvågen. Eg var usikker og syntest eg ikkje hadde nok innsikt til å starte åleine. Difor måtte eg ha ei spesiell andaktstund over kjelen, der eg nedbad Guds hjelp og velsigning. Dette har eg fortsatt med seinare og.”

 

Med tid og stunder fekk han også opp eit høveleg båtbyggjeri i den same naustrekka. Trebåtane hadde godt rykte som fritidsbåtar. Den første ordfør- aren i samanslåtte Ålesund kommune, Gustav Mjaaland Flisnes (1928-2021), var ein av kundane. Eit bilde av denne båten vart nyleg presentert i tiår- spalta til Sunnmørsposten. Ivar og Signe var aktive på Emblem bedehus. Han fortsette å halde på musikkinteressa frå Stranda. Saman med Oddvar Ramsvik starta Ivar opp det første musikkkorpset på Emblem på 1950-talet. Han vart dirigent for korpset, som fekk namnet «Gjallarhorn». Ivar var også med i «Emblem Kristelege Mannskor» i mange år. Han vart tidleg enkemann, og gifte seg opp att i 1982 med enka sidan 1973, Emilie Hauge Lerstad. Opphavleg var ho frå Vestnes. Ivar skreiv også ein rekke tekstar om bygdehistoria som framleis er til stor glede for oss i ettertida. Utan han hadde nok teksten om “Båt-Nils” aldri blitt skreve. Det er mogeleg å lese litt meir om båtbyggjarane i bygdeboka frå 2019.