GAMLEBEDEHUSET
NB! Det er et fotoalbum med fleire bedehusbilde under denne teksten
Frå gamalt av var det berre kyrkja og presten som sto for den kristne aktiviteten. Då var det å ro frå Emblemsbygda og ut til Borgund Kyrkja. Magerholmfolket kunne óg frå tid til anna ro til Sykkylven i lag med brukarane på Hesseberg og Magerholmdalen, men kyrkjereis var visst ikkje kvar veke. Flisfjorden var faarleg, og der var meir enn eit båtlag som sokk på dette ubereknelege fjordstykket.
Lekmannsrørsla i eldre tid
I 1781 vart det halde rekneskap over kor mange religiøse bøker som fanst i heimane i Borgund. Då stod Emblemsbygda i ei særstilling, for der hadde mest kvar einaste gard sin eigen bibel eller nytestamente. I fleire heimar hadde dei jamvel begge. Det var truleg ei vekkelsesbølge i bygda som var årsaka. I 1730-40 fortel biskop Bang at det gjekk ei vekkelsesbølge mest over heile landet. Det vart lagt merke til at ein på Emblem kjøpte svært mange nytestamente og biblar på denne tida. Dei må dermed ha brukbar råd også.
Danskekongen og kyrkja såg ikkje med glede på den nye lekmannsrørsla. Allereie i 1706 hadde det kome forbod for privatpersonar mot å halde religiøse møter. Brot på lova gav både tiltale og straff. Den 9. april 1737 skreiv kongen: «At fruentimmer og mandfolk kommer sammen for at bede er uordentlig, og kan ikke tåles.» Dermed vart det forbod mot bønnemøte. slike husmøte "trua" nemleg dei med einerett på forkynning, som hadde embedseksamen, prestane. Det skulle seinare lekmansrørsler få merke.
Hans Nielsen Hauge
Ein veit ikkje heilt kvifor, men det verka som om den andelege oppvakninga dovna av igjen. Ein veit ikkje heilt kvifor, men mot slutten av 1700-talet var det mange som sleit for å livberge seg. På den tid byrja ein kar å småspringe gjennom landet medan han strikka. Tida måtte nemleg utnyttast grundig. Han var opptatt av å hjelpe folk ut av fattigdom. For å få til dette skulle folk starte enkel næringsverksemd, koke salt. I tillegg forkynte han guds ord på husmøter dit han kom. Det verkar som om embedsfolk såg litt mellom fingrane med dette, men så vart han ein farleg mann for både presteskapet og borgerane med einerett på handel. Møta auka i omfang, og ein måtte tidvis nytte løa i staden. Det var ikkje bra. Rundt omkring i landet finn ein ei rekke stadnamn som minner om Hauge. Saltkjelsnes og Saltkjelen er slike namn.
På byrjinga av 1800-talet kom det haugianarar til vår bygd også. Det vert i alle fall stilt spørsmål ved om både Jens Jensen Heltne (dp.1771) og Halvor Peders. Fortun (ca.1776-1865) , som kjøpte hovudbruket frå Jens på Magerholm i 1820, var haugianarar. Begge kom frå Luster i Sogn. Det er ikkje funne andre tydelege spor etter religiøse møter i bygda på den tida, og om så har vore, så frykta dei nok straffa på 1000 riksdalar, omkring 7 år i fengsel ,og to års slaveri attpå. Den som ville samlast utanom kyrkja laut nok gjere det i løynd. Hans NIelsen Hauge vart også fengsla fleire gongar. Han slapp ut av fengsel under napoleonskrigane, for då trong ein næringsverksemder. Lille julaftan 1814 vart han "belønna" for innsatsen med ein dom som i vår tid hadde vore tilsvarande ei millionbot!
Frå Hauge til pietisme og Sunnmøringen
Ein kan hevde at Hauge nesten skapte sunnmøringen, med tankar om å hjelpe andre i gong, i staden for å bygge personleg rikdom. Ein skulle leve i nøysemd og gudsfrykt. Den pietistiske tilnærminga til kristendom og tankane om å byggje også verdslege verdiar for å hjelpe andre, slapp ikkje taket på Sunnmøre. Denne forhistoria har mykje til felles med det som skulle verte indremisjonen på kysten av Norge seinare.
Fram mot 1900-talet var det heller lite misjonsarbeid eller møteverksemd i Emblemsbygda, men det hendte no at der kom reisande folk som hadde husmøte. På slutten av 1890-åra skulle dette endre seg. Ei stor vekkelsesbølge breidde seg utover mest heile fogderiet. Den vart kalla «Sandstormen» etter lekmannen P.G. Sand.
Ein av dei som visst vart mest råka var Lars Austrem i Larsgarden på Østrem. Han hadde fått dette bruket i gåve av far sin, Ole Knuts. Emblem, eller «Sjurs-Ole» som han vart kalla på folkemunne. Den gongen var det vanleg å skifte etternamn etter garden ein dreiv. Austrems-Lars gjekk enno lenger. Han endra like godt namnet til det nynorske Austrem også. Om han var målmann veit ein ikkje heilt, men Lars vart i alle fall sterkt involvert i kristenlivet i bygda, og lekpredikant attpå. Dei første møta vart halde i heimane, men etterkvart vart ein so mange at løene måtte takast i bruk om somrane før høyet skulle i hus. Det eldste misjonslaget i nyare tid, fekk namnet «Kinamisjonen» og vart soleis skipa i den største løa i Emblemsbygda på den tida, den nye Mattisløa på Østrem. Dette laget skulle seinare gå under namnet «gamlemisjonen». Ludvig Berntsen påMagerholm vart seinare ein ivrig pådrivar for dette misjonslaget. Der fekk misjonærane husrom, og huset vart testamentert med innbo til misjonssaka. Ein del hamna på Vestborg på Stranda.
Emblem Indremisjon skipa
Emblem Indremisjon vart formelt skipa 11. november 1901. Ole K. Emblem vart vald til den første formannen i laget si historie. Det var «Steffå-Ole» frå Steffågarden. Han var retteleg god til å snakke for seg. På det same møtet gjorde dei vedtak om å bygge eit bedehus. Styret fekk fullmakt til å setta i gong. Allereie året etter vart huset vigsla. Dette var ikkje utan motstand frå some. Soknepresten i Borgund mislikte det sterkt og nokre av bygdefolket nekta å gå inn der. Bedehuset vart bygd ganske raskt, etter forholda, og modellen var den vanlege typen som vart brukt rundt byen. Det er enno usikkert kvar tømmeret kom frå, men på den tida var den vanleg å kjøpe ferdig råbygg frå Glomset. Fleire av gardshusa på denne tida, og skulen like etterpå vart alle kjøpt frå Honningdalen der inne. Både Lars Austrem og skarefolket, hessebærggardane og Magerholmfolk hadde slekt der, så prisen vart nok brukbart god. Ein kan på sett og vis hevde at modellen for det seinare ombygde bedehuset stend framleis på Glomset.
Det var ikkje like lett å einast om plasseringa av bedehuset. Til slutt enda ein opp med ei delt løysing på Hjellhaugreset. Tomta var ei lita snippe av to småbruk, akkurat husstørrelsen, og heilt inn til den gamle bygdevegen. Ein stad vart det fortalt at murane vart mura kring ein steingard som delte dei to eigedomane. Byggemåten var enkel og billeg, men møtelyden brukte nok meir klede den tida, for det var smått med varme ofte, endå den runde omnen ved døra gjorde sitt beste. Og så måtte det fyrast i minst ein time før møtet. Vika-Petter frå Magerholmvika var nokså trufast å fyre opp. Han kom med ei kase ved på ryggen, gjerne med litt kveikje også. Do hadde ein ikkje. Då var det å springe til naboane. Frå 1910 vart det sett opp eit nytt småbruk oppå Hjellhaugen. Det var skomakar og telefonstyrar Karl Nedregotten frå Elvemyr 4 som fekk frådelt ei bot der han samla verksemdene sine under eit tak. Han sette også opp utedo, som bedehusfolket fekk nytte vederlagsfritt. Det var alltid nyskura og reint, med oppklippte aviser til dopapir, som var vanleg den gongen.
Elektrisk lys vart ikkje innlagt før i 1927, men det heldt på å verte ei ordning på denne utfordringa allereie i 1917. Då leia Austrems-Lars forhandlingane om sal av fallretten til Storelva frå grunneigarane på Østrem og Nedregotten. Den 12. juni 1917 selde dei so til ein Kaptein Hamre og tankane var at der skulle byggast demning i elvajølet omtrent der som varmestua til Idrettslaget ligg oppe på Grønevollen i våre dagar. I kontrakta hadde selgarane også tatt med eit eige punkt om bedehuset:
«Kjøperen forpligter sig til at levere gratis kraft til bedehuset paa Nedregotten i en mængde av indtil 300 watt. Betingelsen herfor er dog de samme som for frembringelsen av kraft til de øvrige grundeiere , der forplig ter sig til at bekoste indlag elektriske ledninger og fuldt utstyr, lamper og lysekrone i bedehuset. Den del av det nævnte antal hestekræfter, som grundeierne ikke vil benytte, skal kjøperne overta og betale med kr. 30.- pr. Hestekraft aarlig.»
Men det vart aldri noko kraftverk på kaptein Hamre. Kort tid etter sette nemleg Tafjord Kraft i gong ei storstilt utbygging på indre Sunnmøre.
Bedehusabasaren
På denne dagen fekk skuleborn og tenarar fri dei første åra. Folket strøymde til bedehuset som om det var ein høgtidsdag. Dei hadde med seg heimelagde gåver til basaren. Der var ting som var strikka, sydd, snikra og endå til levande. Nokon kom leiande på eit lam til auksonen. Det vart kalla «misjonslammet». Det var auksjon og ikkje utlodning dei første åra. I tillegg var der kaffiykt og folk hadde god tid til ein prat.I tillegg kom der tilreisande predikant for å halde talen for dagen.
Basarane som dei ymse foreningane skipa årleg var også i den første tid Mauritz Akslen (f.1911) hugsar haldne kl. 11 på kvardag. Det var mest som ein festdag. Folk møtte jamt opp. Utanom det vanlege møtet var der då auksjon over innleverte varer. Han hugsa godt den haugen som låg rundt på plattforma. Det var for det meste gardsprodukt og heimelaga ting: Mange posar med ull - 1 mark eller 2 mark- ( 1/4 kilo eller 1/2 kilo) trådhesper, vottar, strømper, ullbuler, grevskaft, river, balletrau, kaser og meir slikt. Det var då vanleg at ein fekk den mest humoristiske til auksjonsmann, og forsamlinga ga bud. To anstendige menn skreiv ned kjøpar og sum, det vart seinare samla inn ved eit bud som gjekk rundt på bygda. Seinare kom bruken av utloddning til og det første som vart lodda ut var eit vaskevannstell med mugge, fat og såpefat!
I Harry sin barndom på 1920-talet vart det slutt på å få fri frå skulen når det var bedehusauksjon. Men dei byrja framleis kl. 14, så det ka ha vore laurdagen som vart nytta. Då var det mest bruksting som sokkar og ull som vart auksjonert. Han hugsar at Vika-Petter kom med ei kasse med eple, og at Steffen Magerholm var auksjonarius. Han var nemleg god til å snakke for seg, i likheit med Austrems-Lars. Lars hadde også evna til å fortelle slik at folk høyrde etter og forstod kva han tala om. Preikene hans varte heller ikkje så lenge, og det hadde dei færraste noko imot. Om Lars var auksjonarius nokon gong er i usikkert, men han drog vidt omkring som predikant. Og Emblemsbygda skulle gje grobotn til fleire slike i åra som kom.
Fire misjonsgreiner har hatt kvinneforeiningar, truleg heilt sidan huset vart bygd. Stundom heldt dei til i heimane. Desse foreiningane brukte til vanleg å halde ein basar kvar sin gong i året. Det var som høtidsdagar å rekne. Alltid var det yrkedagar som vart brukt. i den første tida begynte dei kl. 11, seinare vart mest kl. 14 brukt. Tenarane fekk fri, og skulen heldt opp, slik at det var alltid stort frammøte. Ein tilreisande talar var med, han heldt lange talar både først og sist. Innimellom var det lang matykt. Sjølve innsamlinga var alltid auksjon av gåver og gjenstandar som folk tok med seg. Det kunde vere frå levande lamb, ullaposar og strikka bruksgjenstandar. Alt vart auksjonert bort, utlodning vart nemleg lite brukt. Denne innsamlingsforma vart mest brukt til fram mot krigstida. Seinare gjekk dei over til vanlege kollektar. Ut i femtiåra vart basarar oppatteke, serleg når bedehuset skulle ombyggast.
Frå huset kom opp har der vore fleire vekkingar i bygda. Av desse kan vekkingane i 1901, 1905, 1908 og 1920 nemnast, men den største var nok den i 1942. Då kom der med mange i sine beste år som seinare tok på seg leiaroppgåver i indremisjonen.
Om musikk på bedehuset dei første tiåra
Dei første tida var der ingen instrument på bedehuset så då måtte nok den med best songrøyst lede an i songen. Ein privatmann kjøpte seinare eit lite orgel til bedehuset før 1920-åra, og Ivar Flydal fortel at ei ung jente frå Eikenosa spela. Ho døydde tidleg . Dermed var der ingen musikk nokre år. Frå ca 1922/23 var det to smågutar som skifta om jobben i fleire år.
Den nemnde jenta var truleg ikkje den første musikaren i bedehuset si historie. Frå Auregarden kom der ein lærar som heitte Knut Olaus Emblem (1846- 1909) Han var visst den første formannen i Spjelkavik indremisjon og den andre organisten i Borgund kyrkje frå 1870-åra. Han var det meste av tida busett på Åse. Knut var ugift og kring 1906 kom han heim att til bygda som pensjonist. I tillegg til orgelet hadde han også erfaring frå å dirigere kor. Det er godt mogeleg at han engasjerte seg på bedehuset på Emblem også. I alle fall medan han hadde helse til det. I tillegg så veit ein at Andreas Midtgård frå Hundeidvika fekk orgelundervisning medan han tente i Emblemsbygda av ein organist som han kalla Kristian Emblem i 1905. Truleg var det Knut han tenkte på, og orgelet var kanskje kyrkjeorgelet i Borgund. Så der var to som kunne spele orgel på den tida.
Om der fanst kor dei aller første åra er uvisst, men Harry Akslen (1919-2019) har fortalt meg om eit vagt barndomsminne der onklane i Auregarden song i eit kor som opptrådde på bedehuset under leiing av lærar Lars Flydal. Det kan ha vore ein gong tidleg på 1920-talet. Bestefaren, Ola, skal også ha vore med i kyrkjekoret i Borgund, så songkrefter fanst der i alle fall i bygda. Eg vil tru at også lærar Knut Furset kan ha bidrege med eit og anna av musikalsk art, før lærar Lars Flydal kom til bygda i 1905. I mellomkrigstida var der i alle fall både blandakor frå 1912-1915, litt i 1924/25 og noke i 1940-åra. Det var heller vanskeleg, for ungdommen måtte reise bort frå bygda etter arbeid. Seinare, når rutebiltransport vart meir vanleg, fekk både arbeidsfolk og skuleungdom bu meir heime, og det hadde stor verdi for lagsliv og fritidsaktivitetar. På bedehuset har der mest alltid vore musikklag, slik som «Emblem Musikklag», med medlemmane Margit Flydal, Jofrid Emblem, Laura Akslen, Inga Flydal, Emma Larsen, Ruth Emblem, Marie Emblemsvåg, Gudrun Flydal, Jon Nedregotten, Karsten Nedregotten, Martin Emblem, Karsten Emblem og Harry Akslen. I seinare tid er det mest heilt unge som er med. Etter kvart kom det til mannskor, ungdomskor, barnekor, og Musikklaget Gjallarhorn har óg hatt ei tilknytting til bedehuset gjennom dirigentar, medlemskap i kristelege korforeining i Ivar Flydal og Harry Bjørkavåg si tid som dirigentar, og ikkje minst gjennom faste korpskonsertar mot vår tid.
Mauritz Akslen fortel at tida før det blei høve til fri nattverd var det vanleg at presten kom inn to gongar om året og heldt gudstjeneste med altergang for dei gamle og sjuke som ikkje kunne kome seg til kyrkje. Desse samlingane var på ein kvardag klokka 11. Då var det vanleg at heile grenda tok fri. Der var ikkje orgel på huset den gongen, men han hugsar godt den kraftige allsongen
Bedehuset vart flittig brukt i vinterhalvåret. Særleg om hausten var folk mykje heime og dreiv litt med jordbryting og heimefiske i mellomkrigstida. Om kveldane var det mange som tok turen på bedehuset, både unge og eldre, ja born óg. Der var tilreisande talarar frå ymse samskipnader med mange gode møter. Av og til var der ei vekkjande and over samværa, som i 1938 og 1943. Særleg omfattande var den i 1943. Mange av dei som kom med då har stått i leiinga på bedehuset i mange tiår.
Søndagskulen
I 1901 starta søndagskulen på Emblem. Eg er ikkje sikker på kvar dei heldt til dei første åra, for hverken skule eller bedehus var bygd enno. Lars Magerholm vart den første leiaren, og det heile starta etter sekretær Krogsvik hadde vitja bygda. Kanskje er det nettopp husproblematikken som påverka det videre arbeidet, for det vart lagd ned etter ei stund.
I 1904 tok dei fatt igjen. I møteboka for Emblem Indremisjon kan ein finne at følgande meldte seg frivilleg til å vere med på dette arbeidet: Lars Austrem, Ole K. Emblem, Peter K. Emblem, Lars Magerholm, Sevrin Emblemsvåg, Peter Røssevold, Pernille Østrem og lærar Knut Furseth. No gjekk det betre. I 1906 var Furseth leiar og dei var fem vaksne som hadde ansvar for ein ungeflokk på 50. I 1943 vart det leirabytte mellom to av dei mest markante leiarane i søndagskulehistoria i Emblemsbygda. Ole K. Emblem overlet leiarvervet til lærarsonen Karl Flydal, som fortsette heilt til 1980, og fekk kongens Fortenestemedalje i 1987 for sine utrulege 44 år med kontinuerleg innsats. Fleire av søndagskulelærerane heldt også på i mange år. Leon Emblem var med i 18 år frå 1950-talet, medan Jorun Akslen, Liv Karin Bjørdal og Marie Bjørkavåg var med i mellom 12 og 20 år dei óg. Arbeidet skule syne seg å gå både litt opp og ned, men frå 1970-talet tok arbeidet seg kraftig opp att.
Slik eg sjølv hugsar søndagskulen, kring 1980, var det samling i storsalen for dei minste, med Magne Emblem på piano, under kyndig leiing av Asbjørg Gjertsen, Anny Hesseberg, Marie Bjørkavåg og Liv Karin Bjørdal. Dette var etter at det opphavelege bedehuset vart flytta lenger ned i bakken og utvida i både lengde og høgde. så vidt eg hugsar så var det enten Karl Flydal eller Gjert Gjertsen som leia søndagskulen for dei eldste i kjellaren. Anny og Asbjørg dirigerte også Søndagskulekoret ved større anleiingar. Kring 1981 vart det så vel spela inn ein kassett med tittelen «Tonar frå Emblem». Her var alle aktive kor og orkester i bygda representerte. Sølvfisk- klistremerke fekk ein for god oppførsel, og så trur eg det var gullstjerne i boka for oppmøte. Det var ein av dei store hendingane for oss minste, kun overgått av forteljingane ved flanellografen. Så vidt som eg har høyrd, var det Leon Emblem som starta med den. Det var nok ikkje like lett å sitte stille på ein sundagsmorgonen, så dei vaksne måtte ha ein god porsjon tolmod vil eg tru. i 1989 vart dagens bedehus innvia. Dette gav meir rom for søndagskule-aktivitetar og ungdomsabeid. Etter kvart tok også nye leiarar over arbeidet. Katrin Aspehaug Bjerkan har minst 9 års erfaring, og andre som bør nemnast er Marita L. Flydal, Svanhild Farstad og Bjørg Clausen Flydal. Liv Karin Bjørdal var leiar frå 1980-1986, medan Marita var leiar frå 1986. Søndagskulen held framleis fram med arbeidet.
Skal ein tøyse på bedehuset?
Skare-Nils var far til Judith Kvangarsnes og ein religiøs mann. Han fortalte om ei underleg hending på gamlebedehuset i hans ungdom. Det var to gutefantar, Nils inkludert, som tenkte at dei skulle skremme jentene som kom på rekke og rad utover bygdevegen. De var på den tida at ungdomane kunne samlast på kveldane og gå i flokkar gjennom bygda. No hadde dei oppdaga jenteflokken som kom i retning mot bedehuset. Ytterdøra stod som vanleg åpen og gutane for inn dit for å gjøyme seg i gangen. Her stod dei å venta før dei skulle hoppe fram og skremme dei. Jenteflokken hadde no nærma seg so mykje at det var tid for å fullføre fantestykket, men med eitt så viste det seg at dei ikkje klarte å få opp ytterdøra. Dei fekk den på gløt, men så stod den blegg fast. Jentene var no så nær at dei måtte berre gje opp. Denne hendinga syntest dei va rar. De va omtrent som det stod eit dyr eller noke foran døra. Når dei seinare skulle gå vidare då gjekk døra opp. Utan problem i det heile. Dette meinte gutane at det var eit tegn frå det høge om å ikkje bruke bedehuset til den slags. Nils var overbevist om det.
Litt om arbeidet
Med eige bedehus var det høve til regelmessig arbeid, både religiøst og kulturelt. Mange har lagt ned eit stort arbeid i bygda. Sjølvsagt utan løn eller godtgjerdsle av noko art. Den andelege verdien kan ikkje målast, men den er stor. I åra 1905-1930 var der også drive losjearbeid i avhaldsrøyrsla I.O.G.T. Elles kan nemnast dei mange jentelag og gutelag som har teke seg av barn og ungdom under skiftande kår. I 1942 vart ungdomsforeininga «Lat riket ditt koma» innmeld i Sunnmøre indremisjon med 23 medlemmar, men den dovna etterkvart av då mange av medlemmane flytte frå bygda, men nye ungdomsforeiningar kom til. I 1948 finn ein barnelaget «Vårbud», leia av læraren Signe Vigestad. Forutan søndagskule kan «Gutelaget Morgonrauden», leia av mellom anna Leon Emblem, nemnast. Seinare skulle ungdomane få sitt eige kor på 1970-talet under namna Credo, og seinare omdøypt til Respons. Der var også fire misjonsforeiningar med kvar si misjonskvinneforeining. Kinamisjonen var den aller eldste. I 1948 var det finsnekkar Ludvig Berntsen på Magerholm som var formann i Kinamisjonen. Han hadde gifta seg med Olivie Regine Lovise Hesseberg frå Bryggjå på Hesseberg og bygd seg eige hus med snikkarverkstad ovanfor Gasseneset på Magerholm. Det vert fortalt om han at han var ivrig på å vitna om Gud på to manns hand. Det hende at han leita opp folk ved Sykkylvskyrkja og tok dei med bak ein vegg for å snakka med dei om Gud. Ludvig og Olivie var bornlause. Dei testamenterte hus og verdiar til det som i våre dagar er den private Vestborg vidaregåande skule på Stranda i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband, arvtakaren etter Kinamisjonen. I nyare tid har også dei over 60 fått sitt eige tilbod på bedehuset.
Flytting og utviding av bedehuset
Etter kvart skulle bedehuset kome for nært bilvegen og verte for lite. I femtiåra vart det snakka litt om huset, opppussing eller ombyggjast - noko måtte gjerast. I 1954 vart det lagt fram planar om både flytting og ombyggjing frå formannen. Problemet var at kassa var tom og ny tomt hadde ein ikkje. Likevel vart det ei råd. Lite kunne gjerast der det stod, for vegmyndigheitene nekta alt. Så fekk Ein ei ny tomt av Jon Nedregotten om lag hundre meter lenger mot vest, og fekk då trekke huset bort frå riksvegen,slik at ein kunne bygge på. Det vart utgravd tomt og sett opp murar så høge at det vart brukande kjellaretasje. Vegkontoret var så raus at dei betalte nokre få tusen kroner, nok til å flytte huset. Det var eit arbeidslag frå Stordalen som tok seg av flyttinga, det vart rulla nedover bakken og fram på murane i heil tilstand. Samstundes vart vestveggen laussaga og flytta 4-5 meter ut, så huset vart større. Ein fekk no kjellarrom med sal, kjøkken og klosett. Alt vart sett i stand straks og vart nytta i to år. Etterpå vart andre etasje ferdig innreidd. Det vart eit ganske pent hus, særleg inne. Benkane vart sett ut, og stolar anskaffa. Orgel og piano kom på plass og folk trivdes bra. Det var visstnok fullt ferdig og innvia 6. mai 1962.
Kring 1980 vart det klart at bilvegen måtte flatast meir ut og utvidast ytterlegare På ny kom bedehuset alt for nær bilvegen. Ein såg nytte av eit større hus, men finansiering var vanskeleg for eit lag med bere 32 medlemmar i 1980. Det vart sett i gong innsamlingar, loppemarknader, eigne gåvekontoar for faste trekk. Her er det mange som bør nemnast. Bygdefolk flest merka seg truleg Judith Kvangarsnes som gjekk uttallige turar med loddbøker for nytt bedehus. Det var dei som gav heile to månedsløner i året til nybygget, og mange stilte opp på utallege dugnadar. I 1988 hadde heile 1, 7 millinar kroner funne vegen inn på byggekontoen. Dugnadsarbeidet vart i tillegg utrekna til å utgjere 2,5 millionar kroner i verdi. På desse åra hadde medlemstalet auka til 60 medlemmar i takt med auka tilflytting til bygda. I mai 1988, om lag eit år før inviinga hadde Emblem Indremisjon enno ikkje tatt opp ei krone i byggelån. Nokre av pengane til bygginga kunne hentast frå forsikringspengane etter at ein av Hoel Transport sine lastebilar hadde rulla på eiga hand inn i grunnmuren på gamlebedehuset og forårsaka dels store knusingsskadar ved inngangspartiet. Ved byggjinga av den nye hovudvegen i 1983.
Pengane var på sett og vis med på å sette startskot for eit nytt bedehus i den same bakkehellinga litt nærare Syvargarden. I tillegg hadde vegmyndigheitene sagt nei til utbetring eller utbygging av det eksisterande gamlebedehuset. Ein hadde nemleg mista ein del av tomta mot hovudvegen ved vegskjønn, og no var inngangsdøra berre om lag tre meter frå køyrebana. Uansett var det imponerande å makte å bygge eit hus på kring 900 kvadratmeter utan lån, men kasserar Sigurd Langleite kunne samstundes fortelle journalisten frå «Nytt i Uka» at dei mangla om lag 900 000 til å ferdigstille bygget. Og det gjekk bra. Huset vart fullført og eit praktbygg med lokal utsmykking og handtverk.
Formenn i Emblem Indremisjon
Det er ikkje berre å starte eit lag. Det må haldast ved like kvar einaste dag året rundt. Emblemsbygdarane har såleis vore heldige og hatt mange trufaste slitarar frå botn og heilt til topps. Det vil ta for lang tid å nemne alle, så eg får halde meg til kun formennene i denne omgongen. Frå 1901 til 1980 har det vore Ole. K. Emblem, Lars Austrem, Steffen Magerholm, Hans Akslen, Karl Flydal, Rasmus Hesseberg, Ivar Flydal, Jon Brune, Kåre Bjørdal, Karsten Emblem og Leon Emblem. Fleire av desse har óg markert seg i mellom anna politikk, foreldreutvalg til Emblem Skule, hornmusikklag og ikkje minst i den daglege drifta av dei mange foreiningane tilknytt bedehuset.
Kjelder:
Akslen, Harry: Fleire telefon og lydbandintervju frå 2013 til 2015 om Emblemsbygda.
Kvangarsnes, Judith: Lydbandintervju 3.6.2014 om Emblemsbygda.
Hagesæther, Johs et. Al: «Sunnmøre Indremisjon 100 år» , Utgjeve av styret i Sunnmøre Indremisjon, trykkt av Sunnmørsposten a/s 1982
Straume, Jakob: «Festskrift om Kristenliv på Sunnmøre», Sunnmøre og Romsdal krins av Norsk Luthersk Misjonsamband, 1950
Akslen, Maurits: Frå eit skriv om garden og bygda i hans barndom
Flydal, Ivar: Om lagsliv og bedehuset i bygda
Holt, Karin (red.) «Søndagskuleliv på Sunnmøre»
Østrem, Svein Ove: «Læraren Knut Emblem»: http://www.emblemsbygda.com/113642094 «Song og spel i Sykkylven: Gamal og ny tid» https://no.wikipedia.org/wiki/Hans_Nielsen_Hauge
http://www.borgerskolen.no/lokalhistorielocal-history/bevegelser-og-fenomener/saernorske- bevegelser/haugianerbevegelsen/hans-nielsen-hauge/hans-nielsen-hauges-reiser-og-viktigste- hendelser/hans-nielsen-hauges-kjobmandsreiser-presentert-av-dagfinn/
https://forum.arkivverket.no/topic/184290-halvard-pederson-morken-og-tore-pederson- roenneid-fra-luster/