FRÅ KLYNGETUN TIL HEIMEVERKSEMDER
Med folketalsauka utover 1800-talet kom behovet for nye levevegar. Amtmannen gjekk i spissen for å rydde ny jord ved hjelp av husmann- splassar. Dei gamle klyngetuna vart nemleg ein hemsko for den vidare utviklinga av jordbruket.
Åkerlappane var for små og intrikat delt inn, så heile fellestunet måtte ta onnene i lag. Utskifting til større bruk og privat eigedomsrett kan kallast den første fasen i ein ”industriell revolusjon”. Folk ville nemleg arbeide hardere med å utvikle det ein sjølv åtte. Dette handlar også om overgongen frå sjølvberging til pengehushald. Derfor er småverksemder interessante å sjå nærare på. Ein kan rekne endringar i driftsforma på gardane som ein peikepinn på seinare næringsutvikling. I 1834 fekk den nye brukaren på Ystebøen, Nils Britanus Olsen Østrem (1806-1857) frå Larsgarden på Østrem, i gong ei utskifting av gardsbruka som låg samla under matrikkelgarden Emblem. Slik fekk han delt frå garden han dreiv, som no fekk namnet “Ystebøen” på folkemunne. Målet var eit eige samanhengande gardstykke.
Etter den tid vart også dei andre tuna flytta ut frå fellestunet kring Steffågarden til dagens plassering. Desse utskiftingane førte til at oppdyrking og veiting av vassjuk jord vart løysinga for den som ynskte å få meir ut av bøane og åkrane sine. Tidlegare hadde klyngetunet hatt små lappar med høveleg jord, men det hadde vore mykje einsidig bruk, så åkrane fekk namn etter kva ein dyrka der på fast basis. Med stadig fleire sjølveigande bønder vart det også aktuelt å gje plass til nye husmenn som kunne ta del i dette nybrotsarbeidet i den gamle heimeutmarka. Dei fleste husmenn hadde arbeidsplikt, og slikt var godt å ha når ein ikkje var like mange familiar å hjelpast åt lenger. Tidlegare har nokre av gardenkene i bygda klart seg høveleg utan å gifte seg på nytt i opp mot to år så lenge klyngetunet bestod, men no vart dei avhengige av å vere minst to vaksne og arbeidsføre for å makte den nye driftsforma.
Allereie ved 1865-teljinga hadde det skjedd store endringar. Fleire av klyn- getuna var historie, og nyryddinga byrja sakte å bre om seg. Kombinasjonen
av frittståande tun og fleire born var truleg noko av årsakene til at bruka vart delte opp ytterlegare. Frå 1865 finn ein mange gardar der ein har råd til tenarar også. Ein finn ei rekkje nye husmannsplassar i folketeljinga dette året. (Du kan lesa meir om husmenn i bygda i ein eigen tekst på www.emblemsbygda.com). Det er interessant å merke seg at tenarane ikkje nødvendigvis var å finne på dei største gardane som Magerholm, for der låg det mange husmannsplassar under garden. Det var meir vanleg med tenarar på større tidlegare plassebruk som Magerholmvika og Reiten. Særleg der ein ikkje hadde kårfolk og fleire born under skulepliktig alder. At dei ikkje var sjølveigarar enno spelar mindre rolle. Tenestejenta Severine Knutsdotter frå Ørskog var berre 13 år gamal og hadde truleg ansvar for å passe borna i Magerholmvika.
På gardar der borna hadde passert 9 år tok ein seg ikkje råd til den slags, sjølv om ungeflokken var stor. På Reiten finn ein også noko som ikkje passar heilt inn i dette “mønsteret”. Gardsfolket hadde berre ei dotter på 2 år, men hadde innlosjert ein tømmermann og to tenara attåt. Gardane under Aksla vart ikkje fullverdig utskifta til frittståande bruk før 1890. Etter kvart skulle der verte mykje virksomheit på denne garden. Reiten fekk både storbåt til fiske, sagbruk og produksjon av takheller. Folketeljinga i 1865 syner berre at dei hadde mykje dyr på garden, men frå andre kjelder kan ein ane at der var hogst oppe på nakkane. Ein av desse var “Båt-Nils” Rasmussen Løset (1840-1910) i Løvika. Martin og Thea Emblem kjøpte også tømmer til golv i Negardsløa på Aksla- nakken. Det var så seint som etter 1928. Tømmeret vart saga på Reitesaga. Mykje tyder på at der hadde vore tømmerverksemd på Reiten ei god stund.
Den første plassemannen i Magerholmdalen frå 1830-talet, Knut Salvesen Tjugen frå Loen i Nordfjord (1777-1862), dreiv som tømmerkøyrar og hadde prøvd seg med det samme på Aksla først. Sonen heitte også Knut. Han dreiv med fisketørking og kolmiler. Han vart spøkefullt kalla “Kol-Knut”. Slikt arbeid var kjærkommen inntekt for husmennene. Kolet frå Mager- holmdalen vart seld til gullsmedane i Ålesund. Dei trong høveleg kol til å få opp varmen når dei skulle smelte edelt metall rett. Ein hadde nok produsert slikt til eigen bruk tidlegare, men no vart det handelsvare i byte mot pengar, takka vere den nye byen ved havet.
Andre fylde færingen sin til ripa med ved når dei skulle på bytur. Var ein heldig, kunne vedlasset betale mykje av det ein trong kjøpe på heimvegen. Før Kiperviktorget vart etablert, etter bybrannen 1904, dekte vedhaugar mykje av plassen. Seinare vart Brunholmen viktigare som salgstad for ved. Det heng kanskje saman med nedleggelsen av smørmeieriet på Emblem i 1906. Ein trong dermed levere mjølka dit, først til R. P. Mork og seinare til Sunnmøre Meieri. andre starta med sal av frukt og bær. Emblemsbygdarane var tidleg ute med slikt. Den som dreiv gard nær byane såg tidleg verdi i å produsere ferskvarer til byfolket. Frå 1865 og utover mot 1920 fekk vi “det store hamskiftet” i jordbruket i emblemsbygda også. Ein byrja for alvor å rydde slåttemarkene skikkeleg. Slik kunne ein nytte hestereiskap og arbeide raskare. Dermed vart det bruk for færre menneske i det daglege gardsarbeidet.
Matias Halvorson Østrem (1852-1936) frå Mattisgarden på Østrem har fått æra av å vere av dei aller første, men han fekk raskt selskap av fleire som dyrka opp i stort monn og innførte maskinell drift i landbruket. Om- gongskulelærar Knud Andreas Karlson Furseth (1845-1934) frå Pe-Olagar- den Furset på Stranda var ein av desse. Han fekk kjøpe seg jord på Emblem til å dyrke seg ny gard i 1874. Tunet vart lagt nær Geila og Nedste Legane. Der var det voldsomt med stein som måtte ryddast. Garden og steingarda- ne langs Negardsvegen ber framleis preg av det slitet han tok på seg. Slik kom broren, ein seinare kjend forretningsmann, slaktar og dyrkningsmann til Emblemsbygda. Dei fleste kjennar han som “Kjøt-Iver”. Han har fått sin eigen tekst i denne boka, og spora etter han er å finne i fleire av dei andre tekstane. Iver vart symbolet på den nytenkjande bonden på Emblem. Han handla direkte med byfolket, og hadde slaktarverksemd i byen i helgane. Fleire gjekk bort frå sjølvbergingsjordbruk og over på hushaldningsdrift. Dei byrja å produsere for sal slik at ein kunne kjøpe resten. Fiske vart meir
og meir heilårsyrke i staden for for attåtnæring. Bøndene vart gradvis med på berre det mest innbringande fisket etter jul.
Med auka pengebruk opna det nye dører for den som trong meir enn gardsbruket for å greie seg. Det var vel helst husmenn og småbrukarar som tok til med småskalaindustri først. Fleire av dei hadde yrke som tømmermenn, smed, skomakar og likn- ande. Sjømann og fiskar var populære yrke for menn. Jentene kunne ta seg teneste på gardsbruk, drive med syarbeid eller vere budeie. Ein dyktig gut fekk arbeid som dreng. Andre satsa heller på læretid hjå dyktige handver- karar på bygdene eller i byen. Bakar Emblem frå Negarden held til i Molo- vegen 12. Han gav arbeid til mange. I ein annan ende av byen var skomakarmeister Ole Emblem. Ville nokon inn i trykkeriverksemd så leita ein kanskje opp herr Røssevold. Slik kan ein fortsette med kjende etter- namn. Ikkje alle er like lette å finne att i ettertid. I denne teksten skal vi fokusere på dei små verksemdene som heldt til på strekninga frå Eikenosøy- degarden i vest til Hesseberg i aust. Det var nemleg grensa til den gamle Emblemsbygda etter 1916. Før den tid var Magerholm grensegarden mot aust, men bygdegrensa i vest var heile tida mot Blindheimsbygda.
Skreddar og konfeksjon
I starten av den industrielle revolusjon i England var det mange som tok på seg syarbeid i egen heim før maskinene og fabrikkane kom til for alvor. Ein veit også av samme arbeidsform frå konfeksjonstida i Romsdalen. Etter- namnet Hatlehol er faktisk eit av namna som kan knytast til konfeksjon. Det namnet finn du også på Vatne. Dei dreiv skreddarverksemd på begge stader, og fleiree av dei kom frå Vatne. Det er nesten så ein undrar seg over om namnet kom saman med handtverket. Området har godt med hatleskog, og heng nok helst saman med den geografiske plasseringa av tuna. Det er slik gardsnamnet Eikenos er sett saman også. Derfor kan ein i prinsippet ha rett så mange tun med namnet Hatlehol i landet vårt.
Agnete Marie Rasmusdotter Eikenos (1848-1926) er nemnd som syerske
på Hatlehol i 1900-teljinga. På den tida budde der fleire med dette yrket
på same stad. Ho fekk delt frå ein liten husmannsplass og sette seg opp ei beskjeden tømmerstove litt sør for huset som i dag har adressa Nedre Hatleholen 12. Det var om lag 20-30 meter aust for den eldste skulestova på Hatleholen. Ho budde der i ti år, til ho gifta seg 1900 med skomaker Hans Lauritz Magnussen Emblem (1862-1958), frå Hatlebakken på Emblem.
Ho hadde nok fått plassen frå far sin, Rasmus Halsteinson Eikenos (1808- 1888) på hovedbruket. Agnete og Hans flytta frå plassen i 1907. Dei tok ned stova og flytta den med seg til «Hatleholgarden» på Blindheim, i nabo- bygda lenger vest. Stova er i dag austre del av huset der. Hans gifta seg opp att 1928. Hermod Blindheim kunne hugse at faren viste han kvar stova på Agneteplassen stod. Då var det berre nokre steinar att av grunnmuren. Knut Ødegård fortalde at Agnete hadde strikkemaskin. På 1930-talet gjekk dei frå Puskhola til Blindheim med ulltråd til strikking og sko som Hans skulle lappe. Agnete hadde ikkje dårleg råd. Når Iver "Kjøt-Iver" Karlson Furseth kjøpte Torevågen i Eikenosvågen på 1890-talet lånte han pengar hos Agnete like ved.
Johanne Caroline Kristiansdotter Eikenos (1862-1929) frå Kristiansplassen på Eikenosa flytte ned på Hatleholen. Ho er nemnd som ugift «sypike» på Indre Hatlehol bnr. 2 i 1900 hjå brørne Edvard og Thomas Hatlehol. Johanne gifta seg 1912 med herreskredder Johan Laurits Løvøy frå Vatne og bygde seg hus mot grensa til Hatlehol Ytre. Ho utdanna seg vidare til skreddar. I 1920-teljinga er det nemnd at Johanne dreiv litt med kjolesøm. Det var det fleire som gjorde i 1920. Eg har funne Petrine Hansine Jakobusdotter Eikenos (f.1869) oppe på Eikenosa. Ho var enke etter gardbrukar “Helmer Vatehen” (her er skrifta til folketeljaren svært dårleg red. anm.).
Ved 1920-folketeljinga var det fleire som fortalde at dei dreiv med kjolesøm på oppdrag for andre. Før 1900 var det meir vanleg å sy dei fleste kleda heime på garden, men gradvis vart konfeksjon småskalaindustri i heimane. Utover mellomkrigstida kom der stadig fleire konfeksjonsfabrikkar i fylket vårt. I Romsdalen slo fleire seg opp på å selge klede i Lofoten når alle samla seg der til vinterfisket. Då hadde ein pengar mellom hendene. Andre kjøpte seg strikkemaskin.
Petrine hadde bijobb med litt syarbeid i 1920. Ho budde på den tida saman med foreldra sine, føderådsfolket Jakobus og Ane i gamlestova på Eikenosa. I 1910 budde systra, Berthe, hos foreldra og «Sysler med Syning og Væv- ning». På Oshaugen i Emblemsvågen budde Nikolina Hansine Petrine Emblemsvåg (1896-1985) framleis heime. Ho var ugift i 1920, hjalp til heime og dreiv ellers litt med kjolesøm. Eg har funne fleire med samme inntekt der. I Torevågen kan ein lesa om Klara Susanna Kvasnes (1901-1974). Ho bygde seg eige hus med full sokkel ved tunet til faren, brevstyrar Nikolai frå Kvasnes på Sula. Klara var ei ettertrakta syerske. Etasjen over sokkelen leigde ho ut til læraren på gamle Hatlehol skule. Hatleholen var konfek- sjonsområdet i den gamle Emblemsbygda. I 1910 fekk søskena Karoline og Knut Magerholm frå Daleplassen i Magerholmdalen gå på «Fortsettelse- skole». Broren Andreas var enno ikkje gamal nok, men var i teneste i staden. 16 år gamle Karoline tok på seg arbeid attåt som «syerske», kanskje var det for enka Anna Klausdotter Magerholm på hovudbruket? Karoline var berre skulejenta den første gongen ho møtte på hovudbruket og skulle jobbe som ein vaksen i skuronna for far sin. Det klarte ho godt. Karoline gifta seg Ødegård til Framigar i Puskhola. Dit flytta foreldra etter seinare.
På Magnusplassen hadde den bornlause enka Nikolina Simonsdotter Nedregotten leigd seg rom. Ho hadde litt formue og strikka og spann på bestilling. På Garsenhaugen finn ein Charlotte. Ho var enke og lausarbeider. Charlotte gjekk på setra om sommaren og hadde tent hos slekta i fleire år. Ellers spann og vevde ho på bestilling om vinteren. Eldstedottera til Lars Austrem i Larsgarden, Klara, var ugift og hjalp til heime på garden med husstell. Der var det ein stor barneflokk i 1920. Det er også notert at ho dreiv litt med “kjolesøm ute i husene”. Der var berre eit hus på garden, så det tyder nok at ho sydde kjolane på besøk hos bestillaren. Slikt var vanleg den gongen. 1. desember var ho i Ålesund, medan Karn Margrete Lovise Karlsdotter Hesseberg (1892-1963) frå Nerigard var på telefonstasjonen på Reset for å sy kjole der. Det var kanskje julekleda dei arbeidde med i starten av desember.
På Reiten dreiv Tilla Østremsreit (1898-1926) med det samme biarbeid. Dei siste eg har funne i 1920 er enkene Anna Magerholm og Lina Hesseberg, sistnemnde fødd i Sandøy. Begge strikka strømper på maskin, men Anna var “svekket av alderdom”. Dei hadde dreve med dette ei stund, og ein finn dei med samme arbeid i tidlegare folketeljingar også. Anna hadde flytta attende frå bruket Nedrenes, bruk nummer 2 under Honningdalsnes, etter mannen Karl Johan Karolusen Honningdalsnes (1858-1905) døydde. Dei var bornlause, så broren til Karl tok over bruket. Det er kanskje desse Mauritz Akslen minnes frå sin barndom:
“Etter at saudene vart klipte på hausten, vart ulla karda og spunne til garnnyste. Borna fekk arbeidet med å gå med garn til to som hadde strikke- maskine, og tok imot slike oppdrag. Dei laga strømper, genser og ullundertøy. Dei vart sure når tråden var for tjukk eller full av «Kalvehaud», for då var garnet dårleg spunne”.
I 1920-teljinga kan ein lese at Anne har strikkemaskin og no strikker ho kun strømper på bestilling. Helsa var skrantande, men Lina var framleis arbeids- før. Ho strikka også strømper på maskin. Det er mogeleg at det kan ha vore nokon andre Mauritz tenkte på også, for der skal ha vore minst to til lenger ute i bygda. Det er litt usikkert om fleire dreiv med dette i 1920 eller om ein var meir bevisste på å nemne det i folketelljinga det året.
Resten av bygdeskreddarane bør også nemnast. Thelma Hanny Røssevold (1920-2006) frå Voll på Røssevollen gifta seg i 1942 med skreddar Reidar Art- hur Krogsæter (1917-1995) frå Vatne. Dei tok over Voll i 1957. Før det hadde dei bygd seg eit hus med skreddarverkstad inne på Aksla. Huset har i dag gateaddressa Hjellhaugvegen 118. Dei bygde seg ny hytte på Røssevollsetra, ved enden på demninga. Thelma fekk tinglest varig burett på Voll i 1983. Garden er også kjent for interessante nyvinningar i gardsdrifta. Mellom anna ekstra ”ark” på midten av løa. Der var det mogeleg å vinsje opp høyet frå markane nedanfor løa. Slåttemarkane var nemleg bratte. Dei visste å utnytte kunnskapen frå fiskebuene langs kysten til eigen fordel. På Ystebøen, i bak- kane nedanfor Voll, dreiv skreddaren, Peter Bastian Knudsen (1869-1949) frå Blakstad i Sykkylven garden. Han hadde gifta seg med Antonette Klausdotter Emblem (1874-1955) 10. november 1895. Peter var også musikalsk, og mykje nytta som spelemann i bryllaup og ved festlige anledningar. Desse skred- darane hadde ei underleg arbeidstilling for den som ikkje var vande med det. At ein kar sat oppå bordet ved vindauget å sydde... Det tykte visst ikkje svigerfaren så mykje om.
Bygdeskomakarane
Frå gamalt av vart sko og klede laga heime. Der var ei eiga “onn” for det også. Ulla var klipt om våren før sauene skulle på beite. Sauesleppet var som regel kring 1. mai tidleg på 1900-talet, men der var nok litt forskjell på den
som budde mot fjorden og dei som dreiv gard høgare oppe i fjellsida. Slak- ting var på hausten etter at dyra kom heim frå beite. Då vart desse sauene klipte ein gong til. I tillegg vart kalveskinn til gode skoemne. Garving av skinn og klargjering av emne til sko høyrde vinteren til, i alle fall om pros- sessen skulle lykkast. Etter kvart var det mogeleg å få heilårsarbeid ut av skomakaryrket. Det var ofte husmenn som satsa på dette. Ein kjenner til skomakara på Hatlehol, Hatlebakken, Reset, Garsendhaugen og Magnus- plassen. “Kjøt-Iver” Furseth dreiv visst med dette når han budde nede på Skorene. Lars på Magnusplassen og Joakim på Garsendhaugen hadde dette ved sida av poståpnarstillinga.
“Magnus-Lars” Johan Andreas Magnusson Emblem (1850-1900) på Magnusplassen må ha vore ein av dei dyktigaste husmennene i bygda. Han var sjukeleg, men dreiv likevel opp eit flott plassebruk med frukthage og stabbur attpå. Slikt var ikkje like vanleg for ein husmann på den tida. I tillegg var han poståpnar frå 1895 og skomakar. Magnusplassen hadde to høvelege stover. Han leigde ut den eine til skulestove for omgongskulen frå 1890-åra, og kona fortsette heilt til skulen stod klar i 1903. Det var Petrine
Lovise Bastiane Knudtsdotter Jarnæs (1860-1945) frå Sykkylven. Ho var også av det driftige slaget, og av dei mest populære “kokarkonene” til bryllup og festelege lag. Ho var så dyktig at folk meir enn gjerne leigde henne inn for at alt skulle vere på stell. Ho stilte opp gratis for lag og forei- ningar. Petrine vart tidleg enke, men greidde seg godt økonomisk. Plassen vart lagt ned og ført attende til Skillingen etter at ho døydde i 1945.
I Hatlebakken, også kalla “Kalhusgarden”, finn ein fleire skomakarar bakover i tid. (Hans) Magnus Siverin Ivers. Nedregård (1826-1912) vart første hus- mannen her. Han kom til bygda i 1857 og fekk feste på plassen frå Negarden. To av sønene vart skomakar. Johan Gregorius Elias Emblem (f.1858) var registrert som skomakarlærling i Ålesund 1875. Han drog til amerika før 1900 og blei verande der. Broren Hans Lauritz Emblem (1862-1958) skal ha dreve den eine halvdelen av Hatlebakken saman med broren Andreas Britanus Emblem (1864-1925) ei tid, før han ga denne parten til Andreas. Han var skomakar på Agneteplassen på Hatleholen kring 1900, og tok dermed namnet Hatlehol. Seinare flytte han vidare til Blindheim i 1907 og endra etternamn nok ein gong. Han var bestefar til Helge Blindheim.
Telefonstyrar Karl Karlsen Nedregotten, “Rese-Karl” på folkemunne, er nok den mest markante skomakaren i bygda vår. Det var ein kar som fleire kan hugse framleis. Han tok også over som telefonstyrar i bygda i 1898. I 1910 fekk han delt frå eit stykke ved Hjellhaugreset som seinare fekk namnet Myrvang. Du kan lesa meir om Rese-Karl i ein eigen tekst om telefon- stasjonen i denne boka
Fiskeri og fisketørking
Vi skal no sjå litt nærare på fiske som attåtnæring. Her kan folketeljingar gje oss nyttige opplysningar. Så og seie kvar einaste gardbrukar og husmann
var registrert som fiskar i 1900-teljinga, men få hadde samme biarbeid i 1910. Hadde overgong til meir profesjonbasert fiske med fiskedampskip og storbå- tar teke over for den tradisjonelle fiskarbonden så raskt? Både óg. Mange fekk seg arbeid i amerika og Canada i 1910, men ting endra seg etter første verds- krigen. I 1920 var på ny nær kvar einaste mann, frå konfirmant til godt opp i åra, på fiske. Fleire av dei hadde fått seg arbeid på større motorbåtar eller fiskedampskip. Der var framleis ein og anna storbåt eller motorbåt frå Em- blemsbygda, men dei fleste fekk seg arbeid på båtar frå Ålesund og distrikta rundt. I nokre år før den økonomiske depresjonen ser det ut til å ha vore ei viss oppblomstring i fisket. Seinare skulle ungdomsflokken verte større enn behovet for arbeidskraft. I 1920 finn ein også nokre kårkallar i egen færing, på gamlemåten. Det var vel helst under Borgundfjordfisket. I alle fall så fortel dei fleste i teljinga at dei dreiv med vinterfiske attåt anna arbeid. Det er også verdt å merke seg at der er eit klart skilje mellom dei som budde i Hatlehol skuledistrikt og Emblem skuledistrikt. Nær alle vest for Flisnes og Eikenosa dreiv kun fiske i eigen færing om dei dreiv fiske i det heile tatt. Årsaka til dette markerte skillet er ukjend, men det er same tendensen på Blindheim og i Vegsundet. Eg undrar meg over om det skuldast industriarbeidsplassar i nærleiken. Då var det vanskeleg å vere lenge vekke på fiske.
Frå 1870-åra veks borneflokkane, og stadig fleire veks opp også. Ein kunne nærme seg ti born. Fredrik Larsen Emblem (1864-1938) i Negarden hadde rekorden med 17 born!! Dei yngste fekk då eit problem. Den eldste sonen var ofte den som fekk odel på farsgarden. Det kunne også verte for lenge å vente, så det var yngre som vart i rett alder når far tok seg kårrett, men kva skulle dei andre finne på? Jentene kunne gifte seg med ein odelsgut, men gutane trong inntektsgrunnlag. Etter 1900 starta fleire for seg sjølve med handtverk. Andre fekk seg arbeid på fabrikkar i nærleiken, eller hyre på
båt langt vekk frå heimlege kystar. Ein av desse heitte Johan J. Andestad. Han var svogeren til Kristen O. Magerholm (1843-1932) og busatt på den vesle husmannsplassen som for ettertida har fått namnet «Kristenplassen». I desember 1900 var Johan matros på «Stimbaad» mellom England og Italia. I Negarden hadde far til Fredrik med dei 17 borna, seinare handelsmann Lars Olsen Emblem, lagt kommunepolitikk og gardsdrift på hylla. I staden tok han seg hyre i utenriksfart og kystfart i fleire år. Dette var før han kom heim att 1900 og starta butikken på Elvarum under handelsmann Børre Berli i Sykkylven og Ålesund, ein handelsmann med opphav lenger inn i fjordane.
Der fanst også andre måtar å tene pengar på. Ved Kleberhammaren og langs austsida av Flisnes fann ein tidlegare fleire laksevarp. Nancy Marie Almås (1906-2000) vaks opp på husmannsplassen i Skråvika og minnes denne næringa:
“Dei dreiv då med kveiteline, djupvassfiske. Seinare vart det då laksenøter etter far sin tid. Det blei litt seinare dei kosta laksenot. Det var eit fami- liefelleskap, alle måtte hjelpe alle. Dei kosta seg to laksenøter. Eg husker ein gong dei fekk ein laks på 19 kilo. Han sa då han Emil: ”Det er rart at vi skal drive med dette, og ikkje ha råd til å ta til oss sjølve så godt som ein pjakk”. Det var så smått med oss, at vi låg på kne ute i låven i lag med hinne mor, og bad om det daglige brød. Vi hadde ikkje mat til dagen, men då
hadde vi bruk for vår Herre. I dag er det velferdstaten. I dag klager alle, kor bra dei enn har det. Han Elias var 15 år. Då måtte han til Island på fiske. Det var då under krigen, og dei var då så redde for hornminer opp under kysten. Det var vanskelig i 20-30-åra. Ikkje var det arbeid å få heller. Men vi turka fisk. Vi begynte med det da han far levde. Vi stod ned på berga og vaska fisk. 6. februar, så tidlig. Fisken vaska vi opp i ein båt. Vi ungane drog av svarthinna og hine dei vaska. Det var ikkje berre, men det gjekk.”
Omfanget av denne fisketørkinga finn ein døme på i ei avis frå 1914. Han- delsmann Berli var av dei største i denne handelen på den tida. Større frak- tebåtar låg i fleire dagar i Emblemsbygda og lasta inn tusen på tusental med tørka fisk til eksport. Ikkje eit einaste svaberg innover fjorden var tomme. Det vart fortalt at Berli hadde lagt att tusenvis av kroner til fisketørkarane.
Prisen per fisk var ikkje stor, men mange fekk fisk ferdig tilbredd til tørking. Utover mellomkrigsåra finn ein minst to som satsar på det samme. Den eine var den tidlegare nemnde Fredrik Larsen Emblem med ein diger ungeflokk å forsørge. Han dreiv eksport heilt til han mista ein større last klippfisk under borgerkrigen i Spania i 1936. Den andre var Matias Østrem, som bygde fiskebu i fleire etasjar på “Mattisberget”, rett aust for før nausta i Østremsvika. Han satsa på transport av is til fiskemottaka i Ålesund, og hadde ei tid sluppgaleas som fisken vart eksportert sørover med.
Bakstedeiene
Mauritz Akslen skreiv for nokre tiår sidan ned eit barndomsminne frå juleforbereiing med baking på heimgarden Høla:
“Når mjølet var ferdig, sto bakinga fyre. Då var det å rigga opp bakstebor- det i kjellaren. Me leigde då oftast to bakarar, “Myre-Gurine” og “Sti- ge-Oline” (kanskje Gurine S. Nedregotten (f.1866) som var ugift tenar på Elvemyr 4 i 1910)og Oline Marie Rasmusdotter Akslen (1879-1947), gift med Johan Laurits Marius Karls. Nedregotten frå Elvemyr 4 (også kalla “My- rane” red. anm.). Far elta deigen i ei stor gryte og la ho på bordenden. Der vart ho delt opp i emner og utbaka til leivar. Bakstehella var nå komen på plass i grua og det var sikkert ein av fars beste dagar, når han sat ved grua og steikte flatbrød. Det kunne bli baka 7-800 leivar som vart stabla på loftet. Flatbrød som far skulle ha med i fiska vart samanlagt etter eit eige system. Flatbrødet vart brukt utover heile året, helst til betar ved midda- gen, men også til “Sôpe”, det var flatbrød bløytt i surmjølk mest som ein graut. Det var ofte brukt til formiddagsmat på utearbeid, bringa på slåtte- teigen i spann og det kunne smaka godt.”
Slike “bakstedeier” var der mange av på den tida. Det var også snakk om langt meir enn ein laurdagsbakst i våre dagar. Her skulle det produserast til meir eller mindre eitt årsforbruk om gongen. Ikkje rart dei trong bakste- hjelp.
Bygdeslaktaren
Bakinga var berre ei av “onnene” på hausten. Der var gjerne nokre som
var dyktige innen slaktarfaget med. Skulle det vere slakting til jul, vart ofte bygdeslaktaren bodsendt og heile familien måtte vere med på arbeidet. Dei yngste fekk i oppdrag å røre blod, så det ikkje skulle størkne før det kunne bearbeidast til mat. Det er kanskje ikkje like mange frå den yngre garde som
kjenner til matrettar som blodpudding i våre dagar? Eg vil tru at “Kjøt- Iver” Furseth var av dei mest populære til slikt arbeid. I Høla nytta dei “Reite-Iver”. Eg har ikkje funne så mykje om dette i kjeldene. Iver Furseth selde og kjøpte dyr. Det er ei rekkje historier om denne slaktaren. Ein gong stod han å venta på rutebåten til Eikenosvågen.Når båten byrja å leggje til land, studerte han dyret ombord i båten som han hadde kjøpt. Så treiv han ein spiss stein og støtte dyret med det samme det kom på land. Vidare ba han båten vente medan han gjorde opp dyret lynraskt. Så bar det om bord i rutebåten mot Ålesund, der han skulle selge skrotten. Du kan lesa meir om “Kjøt-Iver” lenger bak i denne boka. Det seiest dels spøkefullt at han var så dyktig handelsmann at dei andre slaktarane i byen ville ham av dage.
Glasdisk-Ludvig
Eg skal ikkje fortelje om Karl Engeseth frå Norddalen og fergekaia, eller kafedrifta på Magerholm her. Dette har nemleg fått plass i eigne tekstar i neste band. Ludvig må eg derimot fortelja litt om, sjølv om eg kjem attende til han også seinare i boka. Ovanfor Gasseneset, der delar av parkerings- plassen til den nyaste fergekaia er i dag, låg det eit hus. På 1920-talet budde Ludvig Berntsen (1880-1955) og Olivia Regine Lovise f. Hesseberg (1876- 1924) i dette huset. Det var han som bygde det, og der hadde han verkstad med dreiebenk til produksjon av glasdiskar og butikkinnreiing i kjellaren. Ludvig hadde tidlegare vore med på attreisinga av Ålesund etter bybran- nen. Han hadde også vore møbelsnikkar, og lært seg glasdiskhandtverket
i amerika. Kaféen nede på Magerholmen var ein av kundane. Glasdisken
på Severinbuda var det også Ludvig som stod for. Severin kjøpte gjerne tenester lokalt, om det var mogeleg. ein kan sjå delar av disken på eit rekla- mebilete frå 1960. Ludvig var sterkt religiøs og leia i mange år kinamisjonen i bygda. Som enkemann gav han husly til dei som arbeidde i misjonens teneste. Huset med inventar vart også donert i arv til misjonsforeininga. Der finnes framleis ei og anna biletramme i bygda etter han. Eg veit i alle fall
om ei på Østrem og ei hjå Jenny Mine Ulstein. Dei vart saga med løvsag og beisa som om det var teak. Han laga også spisestua si sjølv. Den hamna som møteromsmøblar på Vestborg vidaregåande skule på Stranda.
“Kristenblå”
Eg skreiv litt om Kristen på Krissenplassen lenger fram i boka. Sjølv om
han var ein gamal kall på 1920-talet, så var han på ingen måte tom for gode idéar å tene pengar på. I ungdommen hadde han vore på skjerp på Ørskog- fjellet, leita etter edelsteinar kring Eiteråna mot Hesseberg. Han hadde
drive kalkomnar i andre helvta av 1800-talet, og no, på sine eldre dagar, var han mykje nede i skylet under huset sitt. Her laga han ljåhorv og river. Når han skulle måle skafta hadde han eit artig patent. Han nytta eit rør med botn i. Dette røret fylde han med måling. Skaftet vart dyppa nedi og drege sakte opp att. Fargen han nytta var blå, kalla “Kristenblå”. Den heilt store inntekta vart det kanskje ikkje, men pengane kom nok godt med. Han produserte i 1920 “fisketrog” og liknande.
Snikring
Vedhaug-Kristian var kanskje av dei som var tidleg ute med snikkarlag. Saman med broren Hans “Marka-Hans” Larsen Østrem på Vestrem, som var steinarbeidar og murar, kunne dei ta på seg dei fleire typar oppdrag. Det var desse to som mura opp grunnmuren til den første skulen i bygda
i 1903. Der var fleire som dreiv i snikkarfaget. Hans Gabriel Ramsvik i Ramsvika var ein av desse. Det vert fortalt at han tok med seg vertøykassa og snikkarbenken dit han fekk oppdrag. Hans arbeidde både for seg sjølv og saman med andre. Når løer skulle byggjast var dei nok både snikkarlag og dugnadslag samla. Andre gonger arbeidde han åleine. I 1920 vart Hans registrert som busett i Høla natt til 1. desember. Då var han på eit slikt opp- drag. Ramsvik-Hans arbeidde for Ødegård karosserifabrikk med mellom anna kistebyggjing. Plassefolket på Røssvollen var snikkarkyndige karar som dreiv tømring på dagtid og slåttonn om nettene på Emblemsfjellet om sommaren i andre helvta av 1800-talet. Det var folk som visste kva hardt arbeid var. Ved vigslinga av blåskulen i 1956, nemnde byggelagsformannen Mauritz Akslen ein som heitte Ole Knutsen. Han hadde emigrert til ameri- ka over 40 år tidlegare, og hadde vore med på å byggje den første skulen i bygda før han drog. Eg er ikkje heilt sikker på kven dette var, men der var også ein annan kar som kom heim frå Amerika. Det var Anton Severins. Emblemsvåg (1890-1992). Han var eigentleg odelsgut der, men overlet bru- ket til etterslekta åt søstra på austlandet. Det var slik etternamnet Ørbeck kom til garden.
Seinare skulle fleire ta fatt på snikringa og starte byggjelag. Det skal eg kom- me meir attende til i andre tekstar i denne boka. Reitesaga har også fått sin eigen tekst, og det samme har sandtaka, men storbåten, «Nord» frå Reiten bør nemnast. Det var den som gjekk lengst til havs av alle båtane i bygda i 1927. Den hadde bemanning på fem mann og Reite-Ivar som skipper. Ivar hadde også motorisert sag som kunne nyttast når som helst på året, men helst når han var heime frå fiskebankane. I tillegg starta sønene Ingvald og Thomas etter kvart med produksjon av takstein. Dei vart lagt på mangt eit naust etter kvart som torva kom av moten. Larsgardsnaustet var av desse. Heimeindustrien bløma med andre ord på Reiten. I tillegg vart båten leigd av Johan Ødegård og bedrifta “Ødegård Karosseri”.
Bjarne Nedregotten har fortalt om fleire turar inni fjordane for å sage høvlege bjørkeemne. Han var ein av dei som var med, saman med Knut frå Magerholmdalen. Dei kjøpte skog hos gode grannar og slekt med tilknyt- ning til gardar som Lundaneset, Åkerneset og Oaldsbygda. Seinvaksne tre vart gode emner til produksjon av rett så mange produkt. Der dreiv ein ikkje berre med karosseri, men møblar, hjul og likkister, for å nemne noko. Også Rolf Ekornåsvåg leigde seg inn i gamleverkstaden der under krigen. Det var før fabrikken hans stod klar våren 1946.
På Ludvigplassen i Emblemsvågen hadde Ludvig fått arbeid som ekspe- ditør for Søndmøre dampskipselskap. På den tida måtte varer hentast og leverast ute på fjorden, for bygda hadde enno ikkje hadde fått si eiga damp- skipskai. Ludvik var også snikkar, med tilnamnet ”Ausskjer-Ludvik”. Han laga nemleg ausesskjer til båtar. Størrelse på produksjonen er ikkje kjend, men det må ha vore ein del om han skulle få eit slikt namn på folkemunne. Dette kunne vore ein naturleg overgong til båtbyggjarane i bygda, men dei har også fått sin eigen tekst. Det samme gjeld møbelfabrikkane, transportør- ane og entrepenørane. Eg skal derfor ikkje sjå nærmare på Abrahams- garden og Mattisgarden, “arnestaden” for fleire fleire små verksemder. Jenny Østrem, kona til ein av desse, murar og møbelsnikkar og karosseri- byggjaren Severin Østrem, dreiv offentleg bad i fabrikken deira. Det huset som seinare vart kalla “Eidslotthuset” ved Ebbegarden barnehage. Det var på den tid folk flest ikkje hadde badekar, dusj eller vassklosett. samstundes hadde ein byrja å fokusere på litt meir regelmessig vask og dusj. Fabrikken og badet vart kjøpt av Eidslottfamilien. Det er mogleg å lese meir i teksten: “Østrem Møbelfabrikk, Akslen & Co.” i band II.
Stadig fleire i Ålesund fekk slektsnamn frå Emblem, Flisnes og Hatlehol. Det er ei anna historie, men det kan også fortelje oss ein del om at det var trongt om beinet for den som ynskte å få seg sitt eige bruk. Enno verre vart det etter børskrakket i depresjonsåra og mellomkrigstida. Fiske og fangst gav ikkje lenger arbeid til alle som trong det, og naudsarbeid var det heller ikkje nok av. Mange gjekk rett og slett arbeidslause ikring. Denne tida ga inspirasjon til å tenkje nytt og å ”vere sin eigen lykkes smed.” Slike hendingar fekk fleire til å videreutdanne seg for å få fleire føter å stå på. Korleis det gjekk, ja det skal vi sjå nærare på ved eit seinare høve. Du har no fått eit lite glimt av korleis ein forsøkte å finne nye inntektskjelder og grobotn for ny småskala industri i bygda vår. Denne teksten er på ingen måte ei komplett framstiling av alle små heimeverksemdene på Emblem, men snarare eit lite utdrag. Andre har fått meir omtale i andre tekstar i band I eller band II.