Gå til hovedinnhold

Gamle Emlemseter

Setring har lange tradisjonar i Norge. Me veit at ein tok med seg denne driftsforma ved ekspansjonen lenger vest mot Island, Grønland og Færøyane på 800-talet. Det er mogeleg at seterdrifta er like gamal som fedrifta i Norge og at den er ei etterlevning av nomadisk driftsform slik vi kjenner den i mellom anna samisk kultur.

 

Tekst: Svein Ove Østrem

Ei seter vart oppretta for å utnytte utmarksbeita som låg for langt frå heimebøen til at ein kunne flytte dyra kvar kveld og morgon. I nokre bygder har ein hatt jamvel to setrar for å utnytta foret høgt til fjells, men det mest vanlege har truleg vore ei seter. I Emblemsbygda har ein nytta enkle sommarfjøsar like ovanfor innmarka. For dei som hadde sel så vart sommerfjøsane truleg nytta kun på vårparten før dyra vart flytta til fjells, Mauritz Akslen fortel at dei slapp først dyra austover mot Brennhaugen på våren, før dei flytta dyra ovanfor utmarksgjerda nedanfor Stornakken. Her var det fjøsar der dyra overnatta nokre netter før jagardagen. Østrem har hatt sine sommarfjøsar like ovanfor gardane i likheit med Emblem som har hatt sine på Legane. Nedregotten har hatt sommerfjøsar ovanfor Larsgarden og Storelva. Nokre stadar i Norge har ein jamvel hatt meir permanente gardshus der huslyden kunne bu heilt fram til foret frå setreslåtten var brukt opp. På vestlandet har det vore meir vanleg å frakte lauvris og høy til gards på vinterføre i staden og etterfylle i høystålet kring påsketider. Det er truleg dette som har vore mest vanleg i vår bygd før 1800-talet, men gardane på Emblem har ikkje hatt fjellslått i nyare tid.

 

Kvar setrane har lege på Emblemsfjellet gjennom tidene, er det vanskeleg å seie i dag. Ekspertar på fauna kan kanskje finna spor etter gamle setrebøar, men eg kjenner ikkje til grundige undersøkelsar av dette på Emblemsfjellet. Det eg veit, er at klimaet byrja å verte kaldare kring 1400-talet og at dei høgast liggande setrane i landet vårt vart lagt ned. Nokre stadar slik som på Herdalsetra i Norddal kommune har dagens seter opphaveleg vore ein gard før 1700. No er ikkje Emblemsfjellet særleg høgt, men låg ein gong ein seterstøl sørvest for Haugstølvatnet (feilaktig kalla Austølvatnet på karta i dag). Dette vatnet ligg om lag like høgt som Bigtonhytta og litt lenger aust. Karl O. hadde høyrt at denne setra vart flytta inn til Langevatnet fordi huldra var så plagsam. Det er grunn til å tru at denne setra inne ved Langevatnet er enten det som ein i dag kalla Gamle Emlemseter, eller ei seter ved enden av Langevatnet, ikkje så langt unna dagens demning. Bygdeboka nemner at setrane kan ha vore flytta 2-3 gongar før dei vart plasserte på dagens setrevollar. Eg kjenner berre til at Emblemsetra har vore flytt så mange gongar.

 

Ein veit at klimaet forverra seg utover 1700-talet og perioden frå om lag 1650 og utover mot 1800-talet har også fått namnet «Den vesle istida». Dette er samme tidsbolk der andre setrar vart flytte, og høgtliggjande gardar vart fråflytte. På denne tida var ein særs avhengig av å dyrke korn på gardsbruka. Sjølv om temperaturen ikkje sank så mykje,  vart det kaldare vintrar og kortare vekstsessong. Det vart truleg behov for å flytta setrane lågare slik at ein kunne halde på dei urgamle tradisjonane med jagardag til setra kring jonsok, og nedattaking kring barsok (Bartholomeusmesse) 24. august. Gardsdrifta var mykje meir tidbunden i tidlegare tider, med faste gjeremål tilpassa merka på primstaven. Både Mauritz Akslen og Karl O. Emblem beskriv nokre av desse gjeremåla i si beskriving av gardsdrifta i Steffågarden på Emblem og gardsbruket Høla . Dei fortel óg om korleis dei nytta heimbøen og sommarfjøsane fram mot jagardagen. Eit anna argument er at gardane ikkje var så oppdyrka som no. Fekk ein dyra tidlegare  vekk frå heimebøane,  kunne ein berge i hus meir før vinteren. Det var først på slutten av 1800-talet ein byrja å fokusere på mjølkedrift og kjøtproduksjon. Før den tid var det snakk om svelteforing om vinteren. Dyra var ofte så magre at dei knapt kunne stå når dei vart sendt ut på beite. Hjørundfjordbøndene leigde også plass til sine dyr på vinterforing i Emblemsbygda, men auken i dyretalet kom nok etter kvart som ein makta å få vekk bjørnen og ulven på Emblemsfjellet.

 

Det var ikkje alle som hadde eige seterhus eller setrerett. Det var for det meste husmannfolket som måtte nytta sommarfjøsar heile sommaren. På Gamle Emblemseter var det gardane Ystebøen, Auregarden, Sjursgarden, Steffågarden, Skillingsgarden, Jakobgarden og gardane i Emblemsvågen som helt til. Dei andre gardane i bygda hadde setrar lenger aust. Østrem, Aksla hadde setrar kring Setrevatnet der du framleis finn Østremsetra. Aksla og Reiten hadde sine sel på austsida av vatnet like ved den raude hytta der det i dag vert kalla Huldrestølen. Gamlesetra til Aksla heitte Urdastølen og vart flytta i 1925 dit Akslasetra ligg i dag. Mauritz fortel at sela vart demontert, stokkane merka og så batt dei det heile saman til ein flåte som så vart fløtt til vestenden av vatnet. Stokkane vart deretter enten køyrd med hesteslede og for det meste flytt med handemakt dei resterande 5-600 metrane .Når Reiten flytte sine sel mot Akslasetra er eg ikkje sikker på, men det var truleg av samme årsak og i same periode. Magerholm har si seter i Magerholmdalen og Kåre Magerholm hadde høyrt om ei enda eldre seter nærare Svartevatnet. Dagens Magerholmseter vart også flytta dit den står no på 1800-talet, når dei første husmennene slo seg ned i Magerholmdalen. Gamlestølen låg like ved det komande husmannstunet. Den første brukaren budde også i eit sel der den første tida. Bygget var enkelt, og seinare flytta på hi sida av vegen for dagens bedehus på Emblem. Det vart kjøpt og nytta som hønsehus på Reset.

 

Setrevegen til den gamle Emblemsetra gjekk opphaveleg frå Røssevollen, før mange byrja å nytta ei rås som byrja mellom Jakobgarden og Fursetgarden. Ystebøfolket nytta i alle år Røssevollvegen til seters. Råsa var både krokut og smal og det var kvileplass ved Rotanakken, ved "Ølkona" og oppe i Breiskaret der det var ein oppmura kvileplass på det høgste punktet på setreråsa. I tidlegare tider budde budeiene på setra, og tok seg av det meste av konserveringa sjølve. Dei ysta ost, syrna mjølk, separerte fløyten, kinna smør og laga åfalringje. Noko av mjølka vart dessutan boren til gards. På slutten av 1800-talet vart det sett i gong bygdemeieri i bygda og då vart det kun nødvendig å bere all mjølka frå setra kvar morgon. Sidan setrejentene ikkje lenger behøvde å ta seg av mjølkebearbeidinga på setra, så var det heller ikkje nødvendig å bli verande der oppe om dagane. Jentene deltok derfor i gardsarbeidet på dagtid, før dei gjekk til seters til mjølkinga om kvelden. Deretter overnatta dei på setra og mjølka om lag kl. 5 neste morgonen, slik at dei rakk å bere mjølka til meieriet så tidleg som mogeleg.

 

Aslaug P. Østrem (f. Magerholm) var den siste budeia som budde på Gamle Emlemsetra i 1937. Ho gjekk på setra for besteforeldra sine på Ystebøen. Så vidt som eg hugsar så fortalde ho at ho reiste til seters med hest og vogn frå foreldra sin heim i Spjelkavika. Raskaste vegen var innover Vasstrandsvegen og oppover mot Langevatnet, der vegen opp til demninga går i dag. På vegen vart hesten skremd og heldt på å springje ut i Brusdalsvatnet. Det var truleg besteforeldra som sjølv fekk buskapen til seters. Dei fleste eg har snakka med fortel at det var som om dyra visste vegen og kva som skulle skje. Dei var heller ikkje vanskelege å få med seg til seters. Vel framme på Setra skulle selet sandskurast, Dei nytta granbar på golva for at det skulle lukte godt og sengehalmen vart erstatta med ny halm. Til slutt skulle reine dukar og tepper på plass. I fjøsen la dei torv i båsane til dyra. Flytting av trekister med mat, klede, reiskap og anna som ein trong, var mannfolka sitt ansvar. Dei skulle også sørge for brennsel i løpet av sommaren. Setretausene var på mange måtar priviligerte. Ein kjenner til at dei var tidleg ute med å få seg arbeidsty som gode regnfrakkar, arbeidsbukser i denim og til og med tennisko dei siste åra. Dei måtte vera med i slåttonna heime på garden, men dei slapp unna ein del av arbeidet og oppvasken, for i halv-sju-tida måtte dei fram på setra att.

 

Laurdagane fekk setretausene ofte med seg noko ekstra godt på veg til setra. Dei fekk som regel vere på setra heile søndagen, og då kunne det verte friarbesøk også. Jentene hadde vaska sela grundig reine på fredagen, pynta seg og kokt festmat som rømmegraut med løfse attåt. Var det mange på besøk vart setrevollen nytta. Ein av dei ivrigaste friarane sommaren 1937 var Hans Austrem, odelsguten i Larsgarden. Han var akkurat ferdig i militæret på Setnesmoen, og gamlefolket spøkte med at han struk til seters so ofte at han kom til å slite ned heile Breiskaret. Hans og Aslaug vart også gift nokre få år seinare, hausten 1940. Laurdagskvelden kunne ungdomane vere oppe heilt til midnatt, og ei helg kvar sommar var det Setrehelg. Den helga kom det ekstra mykje folk frå både bygda, grannebygdene og kanskje frå Ålesund også. Setrejentene var som regel i konfirmasjonsalderen, eller tidvis yngre når dei gjekk på setra. I eldre tider var det truleg ei meir vaksen sjefsbudeie på stølen. Ho hadde hovudansvaret den gong det var ysting og slik var det også på andre stølar i kring. Denne tradisjonen kan ha tatt slutt kring 1895, for det var billegare å leige ungjenter når ein kun skulle bera mjølka til gards.

 

Om kveldane på den tida det var fleire budeier på stølen, kunne dei samla seg i eit av sela med handarbeid, leika seg på vollen med lyrespel eller gøyme og leite. Kvardagskosten var løfse, brødmat og graut. Dei kunne også plukke bær i ledige stunder. Etter 1850-åra var det mest kyr, men i tidlegare tider var det ein god del geiter også og kanskje ein eller to grisar attpå . Det kunne hende at budeiene på dei ulike setrane for på besøk til kvarandre. Frå Urdastølen til Gamle Emblemseter tok det om lag ein time, og det var då mogeleg å  spare tid på å få låne seg båt på Langevatnet også.

 

Dei fekk ikkje like mykje mjølk frå kvar ku den gongen som no. Det mest vanlege på 1930-talet var ca. 4-5 kyr som skulle mjølkast. Når kvar ku gav omlag 3-5 liter med mjølk, vart dette kring 16 liter som skulle berast med handemakt til bygda av dei unge jentene i all slags vér. Dei hadde då eit børatre til å hjelpa seg. Mjølka frå kveld og morgon vart halde frå kvarandre i eigne bytter og dei måtte leggja silarkleda over så det ikkje skulle kome rusk nedi mjølka når dei gjekk. Når jentene starta mjølkinga klokka 5, så var dei ferdige med handmjølkinga og nede i bygda til mjølkebilen (etter 1925) kom klokka 7:30. Eg veit ikkje om dei måtte vera på plass tidlegare den gong ein nytta hestetransport på skift til Dampskipskaia, som vart bygd i 1906, eller når det var bygdemeieri i bygda frå ca 1890-1906. Det eg veit med sikkerheit er at sommarruta med båt passerte Emblem 9:30 i 1920, så det er mindre truleg at setretausene måtte starte fjøsstellet tidlegare enn kl.5. Mauritz Akslen hugsa at det var eigne køyrelag, den gong han setra som unggut. Plassemennene måtte drage fram mjølka for eiga hand. Mauritz var ein av dei svært få gutane som setra. Eg veit riktig nok om ein i Magerholmdalen óg, men det var litt spesielt.

 

Hausten 1937 vart det slutt på siste setringa på Gamle Emlemseter. Ystebøselet var då det einaste selet som framleis hadde vorte nytta til setring på stølen. Ystebøselet vart ståande att åleine til det fall ned ein gong på 1960-talet. Dei andre sela vart flytta ein gong mellom 1907 og 1937 til dei to stølane som i dag heiter Auresetra og Skillingsetra på sørsida av Breiskaret like ovanfor fellesbeitet på Emblemsfjellet. Årsaka til flyttinga var truleg at setervegen vart for lang. Akslafolket hadde samme syn, og flytte si seter nærmare setrevegen som vart bygd til Østremsetra. Aksla, Reiten og Østrem delte truleg på utgiftene og arbeidet på vegen frå Grønevollen til den nye Akslasetra. Eg har høyrt at også Emblemsgardane var interesserte i å samarbeide om setervegen, men dei klarte ikkje å verte enige om kvar den skulle gå. Emblemskarane ville naturlig nok byggje vegen om lag der setrevegen deira gjekk, medan karane på Østrem, Reiten og Aksla meinte at det vart for tungvint med ein omveg heilt ut mot Røssevollen når det var kortare å betre med veg opp Grønevollen. Emblemskarane søkte om tilskot, men fekk truleg ikkje pengar. Det vart starta på muring av ein enkel veg frå Skillingsetra, men den vart ikkje fullført, og emblemskarane bygde ikkje nokon samanhengande setreveg på eiga hand. Dei flytte derimot sela sine nærare fjellvegen frå Østrem, og det var kortare veg mot tørrare gangveg frå Auresetra til Øvste Legane ved Rotanakken. Emblem fekk heller ingen vegrett opp Grønevollen, og det kan ha påverka levetida til dei nye emblemsetrane.

 

I følge Borgundboka, har gardbrukarane i bygda ikkje hatt behov for nokon fjellslått etter 1850, av di dei har stort sett hatt nok innmarkslått til å klare seg. For plassemennene var denne slåtten tvingande nødvendig i lag med tjørebrenning heilt fram til 1900-talet. Lars Samuelsen Storstein (1836-1927) og Ane Håkensdotter Frøysa (1844-1917) på plassen Nygjerdet på Røssevollen var to av desse. Det vert fortalt at dei dreiv mykje fjellslått på nattestid. Lars var tømmermann og jobba for andre på dagtid. Om natta måtte han gjera arbeidet på sin eigen plass.

 

Setringa på dei andre gardane i bygda varte likevel ikkje særleg lengre enn på Emblem. Dei fleste setrane vart nedlagde kring andre verdskrigen. På Østremsetra heldt dei på til om lag 1950, og Akslafolket gav seg 1-2 år tidlegare. I dag er det mest hytter att på Emblemsfjellet. Du finn likevel eit og anna sel som har vorte nytta til setring i tidlegare tider.  Skillingselet, Hatlebakkselet, Negardselet og Aureselet er nokre av dei som står att. Alle har vorte flytta til nye murar frå Gamle Emlemseter.