GLIMT FRÅ KRIGEN

Utdrag frå Ragnar Ulsteins intervju med Karl O. Emblem på 1980-talet

 

  1. U.: Ja, det må eg seie, har du tenkt å seie noke om den tida som var etterpå, om okkupasjonen?

 

Ja, 

 

  1. U.: Du hadde no enda di stilling der ute i byen.

 

Ja, det var no ikkje noke muligheit for meg å reise nokke steds, for ej ha no ei sjuk mor, ho døde no nesten, og far min va invalid, og ej va den einaste som var heime. Eg stod i ferd med å gifte med og ta over bruket, men ej trur ej gjorde mitt. Første våren sette eg tre mål med potete, og fekk ei uhør stor avling. Nydelege potete. Vi hadde berre grev, og stod nesten til fjortande november, før vi fikk det opp. Og vi tok opp ei desimalvekt, so vi selde dissa potetene, vi vok opp åt  dei der. Det vart ei seks-sju tusen kilo med førsteklasses potete. Og så, ein anna ting. Ej begynte med ein gong å så kveite. Det var heldig. Og vi fekk eit nydeleg godt matmjøl av den kveiten. 

 

Det var no ein massevis ein kunne fortelle om krigen, men då hadde disse kvarskvennene byrja å rusle å gå, men vi hadde ei mølle ute i Mauseidvågen, Røbekk Mølle, ho tok unda og mol. Så måtte vi ha papir på kor mykje vi fekk male, så vart det avsnakka at vi skulle ta dobbelt opp. Og han var ein så kjekk kar, at han mol først opp det som stod på papiret, og så mol han på papiret ein gong til. Dermed så fekk vi dele med dei som hadde lite,og det gjorde vi. For det var ikkje alle som hadde så flust. Vi var heldige vi, som hadde gard og åkrar i forhold til dei andre. 

 

  1. U.: Det var vel et godt år 1940?

 

Det var et svært godt år. Og det var gode år seinare også. Men denne dobbeltmalinga, den fortel en del om kor toskete folk kan vere. Trur du ikkje det var nokre som skrytte ta det? “Eg fekk male dobbelt opp eg”, og så kom det inn for myndigheitene, veit du, og så var det kniven på… nei, menneskjet er fødde dum, og det bli ho.

Og han mannen, kunne komme i den største forlegenheit, men heldigvis så gjekk det bra, for det var no den einaste kvenna som rusla og gjekk der. Det var no ei i Sykkylven, men det var no lenger unna. 

 

Nei, vi hadde ikkje mykje ulempene med krigen på Emblem. Det var ein og anna gongen der var ei kolonne som kom og marsjerte, og so hadde dei øvelser av og til borti hauå der, å, men ellers så var det på slutten, kan ej no fortelle. Vi hadde no besøk både en og to og tre gongar av tyskara. En gong hadde kona ei korg med ullnøste i ståande på golva. Og då så han på den dissa ullnøsta:  -Ull, ull, sa han. Hadde ikkje mykje ull på seg den karen.

 

Ein annan gong, då var det alvorlegare. Eg var formann i billaget (Emblemsbygda Billag red. anm.) Og så var det en søndag, kjøm der to kara, morske kara, og banka hardt på døra. 

  • Du bussbil!  sa dei. - Du bussbil!

Nei, sa eg, det er ikkje bussbil.

  • Jo, bussbil!

Peikte eg på naboen der, der var en nazist som kunne tysk, og han hadde informert dei. 

Men, så var der det foholdet at eg hadde slutta laurdagskvelden, eg. Då hadde vi hatt årsmøte og valgt han Lars H. Akslen til formann etter meg, men det visste ikkje han naboen.

Ja, dei sa det eg va ikkje bussbil, og han gjekk, og traff so dinna karen. Og jo da, han var formann. Eg laug, meinte han. Kom igjen i eit raseri. Nei, sa eg, ikkje bussbil, så fekk ej, det, to ned i nakkå. Så peika eg på datoen i går, og så var det bussbil. Så peika eg på datoen i dag, ikke bussbil. Då skjønte dei det, og så peika eg innover her, og forklarte sånn nogenlunde gebrokken kvar dei skulle gå for å finne tak i bussen (flira).

 

  1. U.: Dei skulle ha bil då?

 

Dei skulle ha bil. Ein einaste gong var eg ut på NS-kontoret, og fekk no altså sjå sorten. Dei var til og med truende, og eg spurte kvar det hadde blitt av pengane vi skulle ha for bussen dei hadde leigt nedover til Oslo. Dei ville berre vite namn og adresse, so skulle dei ordne opp med meg. Oss fekk pengane. Fekk ikkje nokken represalier.

 

Nei, vi hadde det kjekt på kontoret. Der var en nazist gift med ei tysk dame. Så høyrde det seg sånn at vi ha ein “jøssing”, so vi sa, som hadde radio. Han møtte først. Og kvar morgå då, so var det nyheitene, så hadde vi då opptrykte avise so vi distribuerte. Og han fortalde, og vi diskuterte, til det vi såg han nazisten ut i svingen med Borgundbanken. Då visste vi ka tid vi hadde å gjøre på. Når han kom, så blei det slutt med dei greiene.

 

Og eg var litt ille ute, ikkje så rett lite heller, eg skreiv til Fylkesmannen, og ba meg fritatt frå å delta i ditte her surogatherredstyret (Kommunestyret i Borgund under krigen red. anm.), det vart blankt avvist.Og kunne no berre gjøre, enn det var fole lett for meg å ikkje sleppe fri, for eg likte det slett ikkje. Ein kunne bli skulda for både det eine og andre, og det blei en også, attpå det, eg sat i ligningsvesenet då, det va ikkje populært. So var det et møte, vi gjorde vedtak, der var ein søknad om at kommunen skulle bevilge tusen kroner til frontkjemperane. Blankt avvist. So var der ein på Hessa, som sa det at vi har ei familie der ute, som set så forferdeleg trongt i det, det er no mykje bedre vi bevilga nokre penga til dei. 

Og det gjorde oss. men dette der blei slutt igjen det. Nazi-ordføreren gjekk ikkje med på det, og heller ikkje fylkesmannen. So heitest det det at vi hadde bevilga tusen kroner til frontkjemparane, som vi aldri hadde gjort. Og ditta rota dei opp att når krigen var slutt. Og dei som hadde vore med på ditta vedtaket, det var no alle sammen det. Dei skulle simpelthen sleppe å møte meir dei. Eg skreiv dei et langt brev å fortalde dei kva som hadde foregått, og eg haurde ikkje eit ord meir. 

 

  1. U.: Ordføreren var altså eneveldig han 

 

Ja visst var han det.

 

  1. U.: Dokke var eit råd, dokke kunne ikkje…

 

Nei ingen ting, og dessuten så fekk eg ei oppreisning. Når krigen var slutt, så var han ikkje til å stole på, han som leia ligningsrådet, og dermed så overtok eg arbeidet hans, og det var no ei tillitserklæring, og eg fortsette i herredstyret.

 

  1. U.: Det var no ikkje så vanskeleg å forstå disse tinga der, men det var no ein del opphisselse i starten i 45.

 

Og spesielt dei som var oppi det offentlige stye og stellet, og kanskje nokre var misfornøgde med arbeidet med dissa skattane, og så var det lett å finne noke kvart på det.

 

  1. U.: Men det var altså her inne på Emblem, ja du nemne en nazist. 

 

No var ikkje han heller innskreven nazist, det var no ein eldre kar, men han sympatiserte, og var ta disse her, når vinden snudde, så vart han med, og når Sunnmørsposten gjekk over til å skrive nazistoff, då trudde han Sunnmørsposten mykje bedre enn Bibelen. Men ellers så fanst her ikkje ein einaste en, så eg veit om var nazist, så vi kunne føle oss nokså trygge, men vi såg kva som foregjekk, ja. Vi såg no folk som gjekk å lurte på å fare over til England, men det var ingen som vart anmeldt. 

 

Berre ei lita episode til. Eg stod ute på trappa å venta på Bussen ute ved Borgundbanken i lag med nokre andre funksjonæra der. Så kjøm der ein par tyskera, som skulle vere med landruta, som spurte kva tid landruta gjekk. Eg lest ikkje forstå. Eg svarte dei ikkje i det heile tatt. Dei begynde å trekke på seg altså, og drog på seg ganske hardt. Og, (flira) best so det var så kom bussen. Og så berre peikte eg den vegen, og så sprang dei, men dei såg att med sidene, det skulle ikkje meir til. Og der stod eit kvinnfolk: - Du må fortelle, du må sei det, sa ho, og var redd. Neida, det gjekk no fint.