Simon Elias Løvik og etterslekta
Her finn du garden Løvika på kartet
I denne teksten skal vi sjå litt nærare på ætta som tok over småbruket Løvika etter nybrotsmannen Nils “Båt-Nils” Elias Rasmusson Løset (1841-1910) frå Volda. Namnet kom truleg til bygda med Nils, på samme måte som Tryggeset-namnet på naboplassen kom innanfrå fjordane. Kva staden heitte før det, veit ein ikkje sikkert, men stadnamnet var heilt klart kraftig avgrensa, mot måten Løvik-namnet ofte vert nytta i dag.
Det er med andre ord garden til Bjørnar Ødegård som er rette Løvika. Båt-Nils starta på dette nybrotsarbeidet kring 1890. Han kom frå Oshaugen i Emblemsvågen, som også er ein plass han rydda frå grunnen av. Løvika er med andre ord ingen gammal gard, i motsetning til klebersteinsbrotet og laksevarpet like vest for bruket og Hammarsvika. Det var særleg nemnd i salgsdokumentet frå januar 1891 at Kleberhammaren og laksevarpet ikkje var del av jordakjøpet frå Lars Einarsen Nedregotten i Steffagaren, sjølv om det delte heimeutmarka til Lars i to. Garden fekk frukthage før 1900. Ellers var der potet og korn attåt all fisken i fjorden. Båt-Nils betalte 590 kroner for bruket. I tillegg hadde han allereie kosta byggjinga av husa som no stod klar på denne plassen. Den første brukaren var først og fremst båtbyggjar, med ein litan verkstad i skjulet under løa, eller hos oppdragsgjevarane sine. Då kunne han raskt byggje to båtar i slengen på svært kort tid. Båt-Nils arbeidde lange dagar, og skulle han kvile litt, tok han seg ein fisketur. Då dorga han langs land medan han song. Kona var så nysgjerrig at ho sleit ned golvborda, der ho gjekk mellom vindauga for å følge med på det han styra med. Båtane bygde han stort sett heilt åleine.
Material til båtane var dels krokete skog, som han henta på Akslanakken. Stokkane vart sendt ned den bratte tømmerløypa, før dei vart hogde til med handmakt til brukande emner for mellom anna stamn og anna. Flatborda fekk han tak i på Glomset. Båt-Nils var ein optimist, og når han hadde strekt opp kjølen og satt opp stemna, sa han: "Dette blir ein seglar det!". Han arbeidde lange dagar og netter. Han hadde ikkje naust til byggeplass i Løvika, slik han hadde hatt ved Oshaugen, men skyle i løa var truleg godt nok til dette formålet. Ivar Flydal fortel at båtane hans var svært gode og lettrodde. To av av dei kom etter kvart i Per-Aslak Emblem på Ystebøen, og Karl K. Østrem på Vedhaugen sitt eige Det er også mogeleg at den eldste færingen i Larsgarden på Østrem kan ha vore Nils sitt verk, om den ikkje er enno eldre. Ein gut som heitte Knut Emblem gjekk ei tid i lære hos Nils, og bygde også nokre få båtar, men han dreiv mest med reparasjon i staden. Nils og Nikoline var barnlause. I 1910 var ho den einaste som budde i Løvika. Nils døydde nemleg det samme året. Nikoline var då nesten 70 år.
Arveskifte.
Nils og Nikoline var tidleg ute med å ordne det formelle i form av eit testamente. Det vart offentleg allereie ved kjøp av plassen i 1891. Her er eit lite utdrag frå det tingleste dokumentet:
"(...) Endre Eliasen Furufjerding og hans forlovede og vordende hustru Helga Haraldsdatter Haugen (...) som testamentarisk skjænk og gave til odel og eie vor ved skjøde af 29. januar, tinglest 6. februar 189 hjemlede gardpart "Løvik" gno 5 brnr 7 af skyld 23 øre fraskild hovedbruget Nedregoten gno. 5 brnr. 5 ved skylddeingsforretning avholdt 8. juli afhjemlet og tinglest 16. november 1891 i Borgund herred med alle samme tilliggende herligheder ale huse, indbo, besætning, gardsredskabe og avling - i den stand, hvori all ved arvevaldet befindes, samt øvrigt alle våre efterladenskaber intet i nogen maade undtaget, som deres retsmæsig erhvervede og udelukkende eiendom paa følgende betingelse: 1) Overtagende bekoster vor standsmessige begravelse efter bygdens skik (...
Videre i testamentet kjem årsaka til den tidlege tinglesinga. Dei hadde ikkje born til å sørge for seg på sine eldre dagar. Dei kunne sjølvsagt ha seld bruket mot å få kårkontrakt, slik skikken var, men dei valde heller å gi vekk alt mot å få eit slags kår dersom det skulle verte behov for det. Dei kunne altså velge å gje vekk Løvika til arvingane før tida. Det ville vere til felles nytte for alle saman. Der var også klausular om arvingar skulle falle frå.
6. februar 1912 vart arveskiftet etter Nils Rasmussen Nedregotten og etterlevande enke, Nikoline, avslutta. Ho fekk hovudhuset på garden, samt rett til vederlagsfritt å la huset få stå på garden så lenge ho levde. Verdien på stova vart sett til 400 kroner, og tinglesinga som vart utført i januar 1913, var gratis. Samtidig skjer noko interessant. Endre og Helga frå testamentet vart ikkje nemnd. Skifteretten sel i staden bruket på vegne av Nils og Nikoline til Ole Andreassen Flote i 1913. Med i salget var løa, smie, naust, sel på setra og sommarfjøs.
Det kan bety at dei hadde sel på Østremsetra, og delte stølsretten med Steffågaren. Eg er usikker på kvar det kan ha stått.
Prisen på salget var 2200 kroner. Kjøparen fekk rett til å bu i det søraustlege rommet i hovudhuset, med fri adgang til kjøkken, kjeller og loftet. Retten skulle gjelde heilt sidan skøytet vart signert, 18 april 1911. I tillegg skulle kjøparen ha tilsyn med Nikoline i "sygdomstilfælde". Der er ingen vanlege kårkrav å spore. Ein kan undre seg over kvifor arvingane ikkje fekk overta Løvika vederlagsfritt, og kvifor Nikoline selde i staden, men mykje kan sjølvsagt hende på 20 år. Det neste spørsmålet er kvifor kjøparen ikkje ønska å drive meir enn i to år. Nikoline kunne nok vere ei bestemt kårkone, som visste korleis ho ville ha det. Det var kanskje ikkje like lett å dele hus i lengda. Ole Flote var truleg frå Volda, og kanskje i slekt med folket i Løvika. Det er også interessant å merke seg at alle dokumenta der Ole Andreassen Flote vert nemnd er det Andreas Dahl frå Volda som tek seg av det praktiske på hans vegne, inkludert kjøp og salg.
Ein ny brukar i Løvika
Simon Elias, eller berre Elias K., som han ofte kalla seg sjølv, kom frå nabobruket Elvemyr med gardsnummer 4, og var dermed ein av dei næraste naboane til Båt-Nils. Naustet låg like ved. Han var son av Carl Syversen Framhus (1823- 1882) frå Stranda. Carl er kanskje den første som rydda plassen Elvemyr, for der finst ikkje opplysningar om fleire i pantebøkene. Broren, Ole, hadde tatt over farsgarden, der også ein annan bror, Johan, budde. Ein annan bror, med tilnamnet «Rese-Karl» (1878-1970), hadde kjøpt seg eit stykke på Hjellhaugreset frå farsbruket og Sirigarden. Formelt heitte bruket “Myrvang 10”. Han dreiv skomakarverkstad og telefonstasjon i det nybygde huset sitt der frå om lag 1910. Før den tid heldt telefonstasjonen til i eit kammers i Guttormgarden, i starten på dagens bilveg opp til Østrem. Elias hadde med andre ord mykje slekt ikring seg på Nedregotten-bruka.
Han flytte ikkje direkte ned til Løvika. Som dei fleste andre ungdommar på den tida, trong han å tene pengar for å kunne gifte seg og skaffe ein varig plass å bu. I tidlegare tider hadde løysinga vore å arbeide nokre år som dreng på gardane ikring, men ei ny tid var i emning, og nye yrkesmoglegheiter i Ålesund lokka nok. Andre drog til Amerika ei tid. Der var det også slekt i Minneapolis. Dei var kanskje litt over gjennomsnittet interesserte i ny teknologi på Myrane/ Elvemyr 4, for det gjekk ikkje så mange åra etter at Ålesund hadde fått sin første telefon, før broren Karl kunne tilby same tenesta i den vesle Emblemsbygda også.
1900 budde Elias i Ålesund, og var godt etablert som fyrbøtar der. Han hadde gifta seg allereie den 7. november i 1897 med Hanna Elisabeth Petra Henriksdotter Klammerholm (1876- 1906) frå Notø i Herøy, og busett seg i Øwregata. Ein kan undre seg på om ikkje bryllaupet vart ein suksess, i alle fall sett med foreldra sine auge, for i løpet av nokre få år var også brødrene, Ole og Johan godt gift med to av søstrene til Hanna.
Mellom 1801-og 1900-telljinga vart folketalet i Emblemsbygda omtrent dobla. Det skuldast ikkje berre betre tider, betre kunnskap, mat og opplysningstid. Det var også godt med plass mellom matrikkelgardane på starten av 1800-åra. Godt med småskog, torvmyrar og heimeutmark til beite var der òg. Men etter store organiserte ulvejag og villdyrjakt vart Yksenøya raskt tømt for fare for beitedyra på Emblemsfjellet. Dermed var ikkje beita nede i bygda like viktige lenger. Folk vart gradvis sjølveigande bønder, og kunne leige ut jord til nye husmannsplassar. Og hit kom dei frå Synnylven, Volda-traktene, Hjørundfjorden og nordlege delar av gamle Sogn og Fjordane. Husmennene som kom til bygda på 1850-talet var ofte utanbygds frå. Det var vel kanskje folkeauka på denne tida som dreiv dei frå heimbygdene sine, eller var det betre kår nærare havet, og Borgundfjorden som lokka? Dei vart så mange etter kvart at det må ha vore meir enn berre tilfeldigheiter. Andre kom til bygda via slekt og vener som allereie var i gong med å rydde seg ein plass i fjellsida, eller nær sjøen. Andre møtte sin komande make i bygda, eller kanskje når dei var på vitjing hos slekta.
I Emblemsbygda var der framleis store flater nede i bygda dekt av myrar og torvtak. Dei hadde nok vore gode å ha etter skogøydingstida på 16- og 1700-talet, men så vart det gradvis litt meir skog til brensel. Ei ny tid var også i emning - “det store hamskiftet”, og fleire gardar vart både sjølveigde og drifta endra seg frå sjølvberging til spesialisering mot det ein var god på. Ungdommen fekk snart nye moglegheiter på fabrikkar i grannebygdene. Gradvis vart dei store myrane grøfta og dyrka opp, heimeutmark og gamle beiteplassar vart bebygde, og dei gamle klyngetuna til matrikkelgardane i bygda vart stadig tettare “vevd saman” av nye husmannsplassar og småbruk.
Fleire av desse nye plassane fekk tuna sine ved randsona av storemyrene vest for garden Skaret, og aust for Ebbebakken, der verksemda “Dillon Flis” ligg i våre dagar. Dei nye plassane fekk namn som Elvemyr 4 (“Myrane”), Elvemyr 8, og Myrvang 10. Det var derfor familien til Simon Elias, Carl Elias Sivertson Framhus (1823-1884) kom dit kring 1860, og halvbroren (Carl) Sevrin Larsson Framhus (1836-1905) kom etter frå Stranda kort tid seinare. Eg vil tru at det var Carl kom først, og kanskje Sevrin kom for å hjelpe han med arbeidet? På den måten kom i alle fall Furseth-ætta til bygda vår frå Stranda nokre år seinare. Først fekk læraren, Knut, kjøpe seg grunn til ny gard av svigerslekta, så kom broren, Iver, for å hjelpe med å rydde stein. Begge vart verande, og gifte seg i Emblemsbygda, Det var krevande å skulle rydde seg plass til livsopphald frå grunnen av på eiga hand. Myrene var dessutan fylde med store røter frå den veldige skogen som ein gong hadde omkransa “øyane” med nokre få klyngetun fram til 1600-talet, men det kunne ein tene nokre kroner på å gjere om til tjøre for salg. Sevrin fann også kona si på Emblem, på Elvemyr 8, som mange seinare har kalla for “Syvergarden”. Carl rydda Elvemyr 4, eller “Myrane” på folkemunne. Begge desse plassebruka er vekke no, men du finn dei her på www.emblemsbygda.net med kartinformasjon øverst i dei to gardstekstane. Fleire kjenner også desse stadane godt frå før av. Det er ikkje så mange åra sidan dei vart rivne.
Simon Elias
Simon Elias Carlson Nedregotten (1876-1954) er nummer sju i ein ungeflokk på ni. Han hadde to eldre brør, og laut finne seg anna inntekt enn det farsbruket på Emblem hadde å gi. Men det var kanskje ikkje så lett å finne seg arbeid akkurat på den tida. Der var fleire ungdommar som “gjekk å sparka grus”, utan noko arbeid å få. Befolkningsveksten er del av forklaringa. Bornetala hadde “stege til himmels”. Det var ikkje lenger uvanleg at ti born vaks opp. Familieplanleggjing heldt ikkje tritt med moderne medisin og meir næringsrik mat. Samstundes førte mekanisering av jordbruket til at ein trong færre hender til gardsdrifta. Det var likevel fleire av søskena som vart buande heime på Myrane ei god stund. Broren, “Rese-Karl, måtte også vente ein del år, før han kunne etablere eige bruk på Hjellhaugreset. Det var også næraste nabo til slekta og tidlegare nemnde Syvergarden. Mora, Anne Karoline Larsdotter (1838-1907), kom frå Tusvika, rett over fjorden. Det var ofte stoppestad for dampbåtane på veg innover fjorden, rett etter Emblem, og fleire frå den sida som også etablerte seg langs fjorden frå Emblemsvågen til Aksla. Tusvikfolket og Magerholmfolket rodde ut på fjorden til den samme stoppestaden med “dampen”.
Opphaldet til Simon Elias og familien i Øwregata varte ikkje så mange åra, for kona Hanna Elisabeth Petra Henriksdotter Klammerholm (1876-1906) vart sjuk. Dei rakk å få seks born, og knapt ni år saman. Ho døydde av lungesjukdom, kun 30 år gamal. Det var under eit opphald på Emblem Hanna gjekk bort. Ho var der sikkert for å få pleie, og samstundes hjelp med bornepass frå søstrene sine. Året etter døydde også mor til Simon Elias.
Simon Elias hadde hatt arbeid som maskinist til sjøs, men det gjekk truleg ikkje no, når han vart enkemann og åleinefar. I staden for å få hjelp av næraste slekta, valde han å reise til Odda med dei fleste små borna sine. Der fekk han seg fast arbeid på land, som “smelter” på karbidfabrikken. Den nest yngste sonen, Karl Erling Rudolf (1904-1929), som var to år når mora døydde, vart pleieson hos sin onkel Ole og tante Antonie på Myrane på Emblem i staden. Eg er usikker på kvifor Karl vart att på Sunnmøre, og kvifor Simon Elias drog. Det må ha vore ei vanskeleg tid. Yngstesonen, Henrik Martinus (1905-1945 ), var kanskje ikkje to år når dei flytte, og eldstedottera, Elida Henrikke (1898-1993), var kanskje ikkje meir enn omtrent åtte år. Så var det Astrid Kaspara Vilhelmine (1900-1987) på om lag seks år, og tvillingane Elias Leonard (1903-) og Hanna Leonora (1903-1919) på litt over tre år. Korleis skulle han klare å passe borna, og samtidig forsørge dei? Kan jobben ha vore såpass godt betalt at han kunne betale for barnepass? Var det vanskeleg å få hjelp på Emblem, når mora gjekk bort på omtrent samme tida? Eller kan der vere ei anna forklaring?
29. august 1909 gifta han seg med Karoline Petrine Jensine Jakobsdotter Emblem (1863-1930). Var det tilfeldigheitene som skulle ha det til at nabojenta frå Jakobgarden arbeidde som styrar på mjølkebolaget i Odda på den tida, eller var det planen frå før av? Eg lurer litt på om det kan ha vore enklare slik. Det var ikkje mogleg å vere åleinefar den gongen. Samtidig tente dei truleg opp pengar til sin eigen plass. Eg trur ikkje at det var far til Petrine som hadde sett foten ned for bryllup i Emblemsbygda, sjølv om friarar utan gard, eller fast arbeid, ikkje var like ettertrakta den gongen. Kanskje var planen å tene nok pengar eit tid, for å kunne kome seg attende til heimlege trakter og slekta rett og slett. Det var ikkje like lett å få betalt attreisingsarbeid i Ålesund for ein ufaglært lenger heller. Det er ikkje stadfesta nøyaktig når dei flytte heim att til Emblem, men i 1913 fekk dei skøyte på det meste av Løvika, og 1919 kjøpte dei hovudhuset også. Eg har vore så heldig å få kopiar av nedskrevne livsminne frå nokre av borna til Simon Elias, eller “Løvik-Eljas” på folkemunne. Han tok nemleg namn etter bruket han kjøpte, slik skikken var før. Gradvis vart Simon Elias Karlsen Nedregotten oftast heitande Elias Løvik, men eg nyttar namnet Simon Elias vidare for lesaren si skuld.
Borna sine livsminne frå Emblem
Vi skal no sjå litt nærmare på korleis borna opplevde flyttinga til Emblemsbygda. Dette er minne som Anne-Lise Barmen Eliassen har samla inn og skreve ned. Ho har også samla inn opplysningar om etterslektene. Den finn du heilt til slutt i denne teksten.
Elias Leonhard Eliassen fortalde at han og tvillingsøstera, Hanna Leonora, var omtrent 3,5 år når mora døydde. Søstera vart heller ikkje gamal. Ho døydde 16 år gamal, i 1919. Hanna Leonora arbeidde for ein familie på Nørve eller i Voldsdalen. Der vart ho smitta med sjukdom. I kirkeboka finn eg at ho døydde 24. april av Tyfus på Ålesund sjukehus. Eit anna namn for er “Tyfoidfeber”.
Det var ikkje så enkelt å kome frå Odda til Emblem med anna dialekt den gongen. Elias Leonard minnes at dei vart frykteleg plaga på grunn av det. I ein periode måtte Elias Leonard og ein, eller kanskje begge brørne, Karl og Henrik, bo på Myrane saman med onkelen, Ole, og Antonie. Dei hadde ikkje eigne born, og var visst ganske så strenge. Når dei skulle legge seg, måtte dei liggje heilt stille og tilpakka, med hendene under dyna. Søndagen fekk dei ikkje røyve seg til noke. Dei måtte sitte stille å lese i salmeboka. Mykje var også for synd å rekne. Det opplevdes som ei vanskeleg tid. Det var kanskje i den første tida etter mora sitt dødsfall.
Eldstedotter til Simon Elias, Elida Henrikke, fekk ansvaret for søskena når ho var seksten år. På den tida vart ein nemleg rekna som vaksen ved konfirmasjonen, og i byane kunne ein framles verte arrestert for å vere arbeidslaus. Også i 1920-tellinga vart heimeverande “vaksne” born ofte registrert som tenara, budeier, eller hushaldarar for foreldra sine. Med så mange søsken vart det ein krevande jobb for henne. Men der var gode minner óg. Søskenflokken hadde gode songstemmer, og dei var musikalske. Borna hadde eige husorkester, der dei spela fele, fiolin eller orgel. Dei gjekk også ikring på gardane i bygda for å underhalde.
Ungane i Emblemsbygda gjekk for presten i Borgundkyrkja før konfirmasjonen. Dit kom ein som regel til fots, eller sjøvegen med anten årar eller segl. Ein måtte vere varsam på fjorden, for det kunne det blåse opp svært raskt på Flisfjorden. Ein yngre sambygding, Mauritz Akslen, minnest at der også gjekk motorbåt nokre gongar. Dat kan ha vore Simon Elias sin båt med Alfamotor. Den gjekk ikkje særleg fort, og vart nytta til sjuketransport også. Til ei overhøyring var det svært dårleg vér. Ein av dei vaksne tok derfor på seg å følge ungdommane til Borgundkyrkja til fots. Vel framme rann det slik av kleda når dei kom inn i kyrkjerommet. Presten sperra augene opp, og sende dei straks heim att. Slikt uvøren framferd i uvér skulle han vere seg frabedt. Vil ikkje tru at det vart nokon betre løysing å sende dei ut att i det ufyselege véret.
Frå dei var små, måtte borna i Emblemsbygda lære seg å takle sjøen og farene som kunne true dei der. Mange ungdommar i ein færing kunne fort gå gale. Dei måtte også vere med på matauk ute på fjorden, med både garn og line. Det var ikkje noko latmannsliv å ro sjøen i ein færing i all slags vér må du tru. Ein gong fekk dei ein stor ål på kroken. Simon Elias slo kleppen gjennom hovudet på den, men då kom halen rundt under båten, og innover båtripa på hi sida.
Elias Leonard fortalde at han ein gong vart teken av horna på ein stor ukse. Den tok peiling mot steingarden, og skulle truleg stange han inn i den. På ein eller anna mirakuløs måte klarte han å huke seg saman, slik at med ein gong steingarden var foran han, tok han sats og makta å hoppe over steingarden til tryggheit på hi sida. Slik redda han livet. Om vinteren dreiv Løvikafolket med snarefangst på ski. Ein gong glei Elias Leonard utfor ei fjellside oppe på Akslanakken, men var heldig, og landa i eit stort furutre nede i steinura. Nok ein gong kom han frå det utan skade. Men det var ikkje så enkelt å kome seg ned att frå treet som bremsa for fallet. Slik snarefangst var det som oftast yngre born av husmenn i bygda som dreiv mest aktivt. Ofte var det nødvendig for å halde svolten unna. Løvika vart heller ikkje den beste plassen å skaffe seg nok mat og inntekter frå i den harde mellomkrigstida.
Dei harde mellomkrigsåra
Våren 1913 var altså familien heime i Emblemsbygda att. Enka, Nikoline, i Løvika ønska å selge garden. Det var truleg midt i blinken for Simon Elias og Caroline. Han hadde truleg pengar på bok, og fekk i tillegg låne 2000 kr i Borgund Sparebank. Han kjøpte bruket av Ole Andreas Flote via Andreas Dahl frå Volda, som i tidsrommet frå 1911 til 1919 handla på hans vegne. Det kunne også lønne seg, for i 1913 hadde han betalt kr. 2200 kroner sjølv, for deretter å selge det samme bruket for 2500 kroner nokre få månader etterpå. Det er også mogeleg at Elias var så ivrig på å få kjøpe, at han gav eit bod som Ole ikkje kunne seie nei til. Med fleire born, var slekta i Emblemsbygda gode å ha. Elias vart soleis gardbrukar i Løvika den hausten. 1919 fekk dessutan Simon Elias kjøpe hovudhuset til Nikoline også. Då var det allereie i Ole Andreas sit eige. Prisen vart 800 kroner, det dobbelte av verditaksten i 1911 og 1913, Flote tente soleis 1300,- på salet av garden. Nikoline fekk ingen pleie i Løvika på sine eldre dager. Ho er ikkje ein gong nemnd i kjøpskontrakta frå 1913. Ho døydde i 1929 på Borgund Gamleheim.
Ein veit ikkje så mykje om kvardagslivet i Løvika i denne perioden. Det meste må vi difor lese oss til i offentlege dokument. Der er det eit lån på 7000 kroner som går igjen. Før den tid hadde Elias tatt opp eit og anna smålån på nokre hundre kroner, og eit på 2000 kroner til Borgund Sparebank like før den første verdskrigen braut ut. Det siste lånet stammar frå kjøpet av garden i 1913, men kring 1920 skjer der ei endring. Ein veit frå andre kjelder at dette var ei særs uvanleg tid. I Spjelkavika var dei så engstelege for den økonomiske framtida at andelseigarane til det første Kooperative handelslaget valde å selge seg ut, medan der framleis var pengar på bok. Mange frykta å miste sparepengane sine. Andre gjekk hin vegen, og satsa pengane sine på mellom anna vasskraft, større fiskebåtar og tørrfisk. Handelsmannen og sambygdingen Karl Furset kjøpte seg for eksempel ein ny butikk i Spjelkavika, og var frå før av tungt involvert i oppkjøp av fallrettar i Rauma. Dette var ei tid der ting kunne gå over ende, men samtidig gje eventyrlege gevinstar for den som turde å satse. Og det gjorde mange. Aksjar, forsikringsspekulasjonar, og ei eventyrleg tid rett etter verdskrigen for den som hadde vore så heldig å overleve krigen og den frykta pandemien, Spanskesjuka, som tok så mange unge liv. Du har kanskje høyrd om musikalen Bør Børson?
Om Simon Elias let seg lokke med på fiskeeventyret, eller kaiprosjektet i Hammarsvika er eg ikkje, heilt sikker på, men han refinansierte uansett låna sine, og tok opp enno meir lån hos "Den Norske Stats Småbruk og Boligbank". Eg vil tru at kjøp av ein motorbåt saman med Andreas Emblem frå Ebbegarden var delar av det han lånte seg pengar til. Hammarsvikkaia kan også ha vore del av dette. Frå 1914 verkar det som om skarefolket hadde eit håp om å etablere ny motorbåtkai der. Det vart også bygd veg ned Brauta mot denne nye trekaia, som ikkje vart ferdig. Johan O. Nedregotten frå Skaret kjøpte grunn og bygde vegen frå Tryggesethaugen i 1917. Målet var å forsyne Von-rutebåten "Vidar" med kai, men han døydde undervegs. Der var også håp om å få kontrakt med Posten, så prosjektet var nok freistande å fullføre. Problemet var berre at Andreas hadde vore i Amerika og hadde godt med pengar på bok. Det hadde ikkje Simon Simon Elias. Meir lån vart risikabelt når krigen snart tok slutt.
Samstundes skal en merke seg at det ikkje står noko om kaia eller at han er båteigar i 1920-telljinga. Der er det kun nemnd at han var småbrukar, og dreiv vinterfiske i småbåt om vinteren saman med den eine av dei to heimeverande sønene sine, Elias Leonhard. Broren Henrik Martinus hjalp foreldra med gardsdrifta, før han drog til Amerika. I tillegg budde svigerforeldra til Simon Elias i Løvika det året. Jacob Sørensen Kvalstein var no 94 år, og budde der “til forpleining” betalt av Borgund fattigkasse. Det samme gjorde Henrikke Hansine Paulsen (f.1877) frå Ålesund. Ho fekk opphald og stell betalt av Ålesund kommune, var registrert med som heilt arbeidsudyktig, hadde hjertefeil, og det står skreve i tellingspapira at ho var truleg medfødt “Aandsvak”. Likevel var ho konfirmert på vanleg måte, så det ser litt rart ut. Henrikke er forresten søstera til seinare bødkermeister Ragnvald Paulsen i Ålesund. Han tok over yrket etter sin far, Henrik, gifta seg på med lærardottera Karoline Furseth på Emblem, og bygde seinare også hytte der. Han hadde god kontakt i Mattisgarden og bygde eikerøret til det første gardskraftverket i Mattisgarden før første verdskrigen. Det var nokre år tidlegare. Der er altså ikkje opplysningar om Hammarsvika i folketelljinga, men det er ikkje sikkert at det er så rart, for Simon Elias og Andreas averterte båten sin til salgs tidlegare det året. Dei kan dermed ha tatt over i 1917, men gitt seg før 1. desember 1920. Då kan dei ha tapt pengar også.
Det kan verke som om Simon Elias samla låna for å trygge dei i ein statstøtta bank i ei uroleg tid. Samstundes var formålet å få tilbod om ekstra billig lån for den som trongde eit småbruk eller bustad. Det hadde han frå før av. Kan han ha vorte freista til å låne meir enn han seinare makta å handtere? Låne enda i alle fall på over det dobbelte av kjøpsverdien på garden, så det kan ikkje ha vore tiltenkt hus eller driftsbygg åleine. Han måtte ha noko med verdi å pantsette. Det verka som om det gjekk bra i begynnelsen, men så var tida med høg inflasjon etter krigen over. No fekk ein mindre att for varene ein selde, parikrise og kronekurs som sank i verdi. Arbeidsløysa auka heftig, og talet på tvangsauksjonar gjekk samme vegen. Etter kvart gjekk også ein rekke norske bankar over ende. Fleire på Sunnmøre miste dermed alt dei hadde spart, og der var ingen bankgarantifond å støtte seg på den gongen. Det er lærdommen etter bankkrisa.
Midt oppe i den vansklege tida, reint økonomisk, vart også Simon Elias enkemann på nytt. Caroline døydde nemleg av kreft i 1930. Dei hadde ingen born saman, og Elias sine born frå det første ekteskapet var no vaksne.
Simon Elias lånte også pengar privat med broren sin, Ole. Han sat i uskifta bu på farsgarden Elvemyr 4. Ole klarte seg visst godt, og ga lån til broren Rese-Karl også. Ingen av dei to makta å betale låna attende. Elias forsøkte seg etter kvart på både refinansiering og søknad om gjeldshandtering frå Borgund Kommune, men til slutt vart det ingen veg utanom tvangsauksjon. Det var broren Ole K. Nedregotten som var først ute med krav i 1933. Det enda med ei avsetningsforretning i Løvika 18. mai 1933. Frå utskrifta kan ein sjå at Ole var saksøkaren, etter dom frå 25. mars det samme året. Kravet var på 216 kroner og 60 øre, medrekna omkostningar. Følgande vart ikkje del av avsetningsforretninga den dagen: To kyr, en kalv, to sauer, gardsreiskap, innbo og lausøre, fiskeredskap, ein gammal motorfæring med 3 HK Tennfjordmotor. Dette hadde ein samla verdi på 1050 kroner til saman. Videre står følgande: “Saksøkte erklærte, at han ikke eier kontanter bankinnskudd eller noget andet, hvori utlegg kan søkes. Noget andet til utlegg kunde ikke oppgies eller påvises”.
Han lot altså vere å kreve tvangsalg av lause gjenstandar, som var vanleg, men sikra seg retten på pant i garden, og å få betalt attende sine 216 kroner om bruket vart seld. Det må kunne seiast å vere snilt av broren å ikkje kreve pengane, og han visste vel at private lån til familie kunne risikere å komme i siste rekke, så noko måtte han gjere. Løvika var no verdsett til 7400,- og nærma seg verdien på dei låna Simon Elias hadde. På den tida hadde konsekvensane etter børskollapsen i Amerika 1929 nådd Emblem også, så det var viktig å sikre verdiane sine. Dette var kanskje tryggaste måten å gjere det på. Derfor kan opplysningane i neste avsnitt verke litt rart.
Simon Elias og Karl gjekk til rettsak mot bror sin på spørsmålet om kven som hadde eigedomsretten til farsgarden. Dei andre søskena vart ikkje med på dette, og Ole vann rettstvisten. Han fekk også eineretten på bruket som eigar. Det kan verke som om dette var eit siste desperat forsøk på å unngå tvangsalg. Hadde dei fått delvis eigedomsrett på Elvemyr 4, kunne brødrene kanskje lånt meir, for å prøve å kome over kneika. Ole kan ha vore engsteleg for at brødrene sine økonomiske problem skulle ta med seg farsbruket i dragsuget. Kor godt dei gjekk over eins i denne vanskelege tida er usikkert. Rettstvisten kan tyde på at Ole sin overtaking kan ha vore ein slags "Gentlemans agreement", men han hadde likevel odelsretten framom brørne sine, når eldstebroren, Johan, ikkje vart med på søksmålet.
Ny tvangsauksjon
Den 16. mai 1939 vart ein trist dag i Løvika. Lensmann Ivar Fjærtoft var komen til gards, og truleg ein god del av bygdefolket også. Elias hadde ikkje makta forpliktingane sine til "Den Norske Stats Småbruk og Boligbank", så no skulle bruket under hammaren. Kreditoren fekk tilslaget for 6200 kroner, og stadfesta ved namsrettens kjennelse 29. juni. Den 16. oktober samme året vart eigedommen seld vidare til organisasjonen K.F.U.M. i Ålesund for 7000 kroner, og ein anmoda om at auskjonskøytet vart utskrive direkte dit. I jubileumsheftet til Ålesund K.F.U.M. frå 1940 kan ein lesa at det hadde vore krevande å arrangere speiderleirar og andre aktivitetar år etter år, utan å ha ein fast plass å vere. Salgsutlysninga på småbruket på Emblem kom soleis på rett tid, og laget greidde å skaffe beløpet som vart krevd. Dei var ikkje den einaste organisasjonen som kjøpte seg gardsbruk til fritidseigedom på Emblem før andre verdskrigen. Emblemsanden var ein populær stad for både bading og idrett, og der hadde tidlegare vore speiderleir også. Emblemsfjellet var minst like populær sommar som vinter og der gjekk rutetrafikk heilt til byen. Målet var med andre ord ein eigen leirstad. Eg kan ikkje finne dokumentasjon på at Simon Elias flytte frå Løvika, men eg har høyrt at han kan ha budd ute i Hatlane ei tid.
Endeleg mot betre tider
Samtidig så vart det ikkje eit heilsvart år. Den 21. oktober 1939 vart lånet til den same bankkreditoren på 7000 kroner innfridd allereie i oktober, og det samme vart lånet på 1000 kroner i Borgund Sparebank avløyst i november. I begge høve er det Simon Elias sitt namn som vart nemnd, så det er ikkje snakk om den nye eigaren på bruket. Han kunne sjølvsagt ikkje belåne eit bruk han ikkje åtte, men det ser ut som om han hadde betalt låna sine, utan at han hadde verdiar i form av fast eigedom lenger. Det kan verke merkeleg. Kvifor vart det tvangsauksjon i mai, når låna likevel vart innfridd den samme hausten? Svaret kan vere at salget av garden skulle dekke det meste av låna, og at det dei ikkje klarte å få dekning for ved salget vart innfridd likevel. Det kan kanskje vere grunnen til at banken brukte god tid på å få eit skikkeleg videresalg.
I 1943 makta Simon Elias å kjøpe attende garden frå K.F.U.M avd. Ålesund for 9500 kroner, som odelstakst. Skøytet vart signert 13. desember det året. Overtakinga var formelt 14. april 1944. Utover desse opplysningane går det ikkje fram kva bakgrunnen for kjøpet var. Det var kanskje slik at det utvikla seg eit særskild ønske om å kome seg på føtene igjen, reint økonomisk, og kjøpe attende garden sin etter det som må ha vore ein verkeleg tung oppleving, nemleg å sjå livsverket sitt verte auksjonert bort nokre år i forvegen. Etter rettsakene med broren Ole, var det neppe så freistande å be om å få bu på Elvemyr. Der budde uansett broren Johan med familie framleis. Han fekk frådelt ei hustomt og ein bit av farsgarden. På Hjellhaugreset var to av romma i huset allereie opptatt til telefonsentral og skomakerverkstad, så der var det nok heller ikkje plass. Årsaka til at Simon Elias på ny kunne busette seg i Løvika, kan skuldast at speiderarbeidet vart forbudt av okkupasjonsstyresmaktene i 1941. Nokre stadar dreiv dei framleis illegalt, men å drive gard og leir i skjul var fånyttes. Med manglande inntekter vart det for dyrt å sitte på eit heilt småbruk. Etter kvart som åra gjekk, var det lite som tyda på at krigen skulle ta slutt med det første. Stadig fleire fekk meir pengar mellom hendene. Der varnemleg lite å få kjøpt for den som hadde pangar, og Simon Elias klarte nok å legge av sparepengar, som skulle kome godt med når speiderane seinare ynskte å selge Løvika att.
Frå 1944 kan det verke som om det vart ein betre periode, reint økonomisk. Fram til 1947 trong han berre låne 1000 kroner hos J. I. Hurlen, og no gjekk det fint å betale attende også. Men ein kunne ikkje la vere å halde husa i stand heller, så i 1947 måtte det investerast litt meir, før han gav seg som gardbrukar. I 1949 selde Simon Elias garden Løvika ut av slekta, til Eilert Smogeli frå Norddal. Kjøpesummen var no på 18500 kroner. Av dette beløpet var verdien på besetninga og gardsreiskapen 3500 kroner. Betalinga vart løyst på det viset at Eilert tok over eit lån frå Simon Elias i Norges Hypotekbank på kr. 7060 kroner, medan resterande beløp vart betalt kontant. Elias stilte følgande kårkrav i skjøtet:
"Fri disposisjon på levetid til stue og kjøkken i våningshusets stueetasje samt kvist med tilstøtende skråkott i overetasjen, alt i husets østre ende. Dessuten et rom i vedhuset, og nødvendig plass i potetkjelleren.
For det tilfelle Laura Hjelme skulle leve længer enn selgeren, skal hun ha rett til å bruke ovennevnte hus, med unntagelse av kvisten og søndre kott. Denne bruksrett for henne er beregnet inntil så længe at hun er istann til å stelle seg selv og er ugift. Videre skal selgeren ha rett til hus for 2 sauer og endel høns på dertil anvist plass. Selgeren skal selv skaffe for. Videre skal han ha rett til å ta nødvendig brensel i brukets utmarksteiger og i den til bruket tillagte torvteig. Brenselet skal han dog frambringe selv. Ennvidere forbeholdes selgeren rett til å bruke naustet, forsåvidt halvparten angår mot vedlikehold av naustets halvpart. Endelig skal selgeren ha 4 - fire - liter melk pr. uke i den tid kjøperen kan levere den.
Selgeren forplikter seg til uten godtgjørelse å arbeide i 6 dager på bruket i ånnene, eller i tilfelle 3 dager om arbeidet uføres av 2. Kjøperen skal ikke yte kost, ide arbeidet i tilfelle skal utføres på egen kost. Kårets 5 årlige verdi ansettes etter beste skjønn til kr. 1,500,-
Omkostningene ved skjøtets utstedelse og tinglysing bæres av selgeren.
Da kjøpesummen er betalt skal eiendommen heretter følge og tilhøre herr Eilert Smogeli som en av ham lovlig kjøpt og ervervet eiendom, idet jeg overtar hjemselsansvar etter loven
LØVIK i Borgund, den 7. januar 1949"
Dette var ei noko uvanleg kjøpekontrakt. Å forlange kårytingar var framleis ein tradisjon, men å kreve noko på vegne av andre, etter sin eigen død, var utanom det vanlege. Laura Hjelme kom frå Valldal, samme kommune som den nye eigaren, Eilert. Ho var ugift, og styrte heimen for Simon Elias. Det kan også vere grunn til å tru at ho hadde vore der ei stund, og var kanskje ikkje den einaste hushalderska heller, for han hadde vore enkemann i 19 år. Men det er mogeleg Laura hadde vore der heile tida også, for ho var ugift, og allereie i 1920-telljinga var ho registrert som hushaldar på heimgarden i Valldalen. Mora var nemleg invalid på den tida. Laura er forresten tanta til Edvin Hjelme på Flisneset, og der var fleire frå dagens Fjord- og Stranda kommune som busette seg lengst vest i den gamle Emblemsbygda, kring Flisneset. Edvin var vitne i salgskontrakta saman med kona Astrid. Dei to budde også ei tid på loftet i Løvika. Det kan vere interessant å merke seg at dette er foreldra til Per Ove og Bjørn Harald Hjelme, som begge er busette i Emblemsbygda i dag. Per Ove bygde hus på Vedhaugen, medan Bjørn Harald gifta seg med Solveig Johanne Magerholm, og bygde hus ved Kristenplassen på Magerholm. Laura vart buande livet ut i Løvika, sjølv om ho trong stell og avtalen ikkje var gyldig lenger. Ho budde i "isjle-stova", og døydde på slutten av 1950-talet, nokre år etter Simon Elias.
NB! Det er mogeleg å lese meir om seinare brukara i Løvika her på www.emblemsbygda.net eller i bygdeboka. Det er forresten samme garsdstekst begge stader enda.
SISTE DEL:
Kvar vart borna til Simon Elias og Hanna Elisabet Petra av, og opplysningar om etterslektene deira
Vi skal no sjå litt nærare på slektsoversiktene som Odd Erling Lied har delt med oss. Dei er utarbeidd i samabeid med mellom andre søskenbornet Anne-Lise Barmen Eliassen, og hennar son, Kåre. Delar av arbeidet vart gjort til eit slektsstemne i 2011, medan andre delar av teksten vart oppdatert så seint som i 2020. Eg har utheva nokre namn, og nummerert andre, for å hjelpe deg å halde oversikta litt betre underveis. Vi startar med eldste bornet til Simon Elias, og følger så opp med etterkommarane der, før vi går over til neste bornet til Simon Elias osv. Dei er nummererte, og nummer + bokstav blir neste ætteledd. Namna er også utheva i teksten. Dei yngste er skrivne med vanleg tekst:
1. Simon Elias og Hanna si eldste dotter, Elida Henrikke, var også den som levde lengst, heilt til 1993, 95 år gamal. Elida gifta seg i 1921 med fyrbøtar Otto Egede Lied. Bryllupet stod i Ålesund, og dei busette seg der. Dei fekk seks born. Frå før av hadde ho dottera Anny med Nils Lien frå Tysse i Samnanger. Far til Otto var Knut Gregoriusen Lid frå Liabygda. Han var skomakarmeister i Ålesund, og bygde også den første fjellstua på byfjellet Aksla i 1903. Tanken var å drive restaurant der om sommaren. Brannatta 1904 flytte familien opp dit. Dei budde og dreiv staden, til Symra kjøpte den i 1916. Knut og kona Karen flytta til Liabygda på sine eldre dager. Det var i 1921. Der fekk dei bygd ferdig eigedommen “Bakkely” i 1925.
Elida og Otto fekk sju born saman. Det var Anny (1917-1999), Arne (1923-2010), Edith Karin (1925-2000), Gerd (1927-1995), Kari Erna (f.1929), Kåre Einar (f.1935) og Odd Erling (1939). Odd Erling har også delt alle slektsoversikter med oss, og skreve tekstane som denne delen er henta frå. Vi skal no sjå litt nærare på etterslekta etter desse sju Lied-borna.
1a Eldste bornet til Otto og Elida var Anny. Ho gifta seg med Johan Nikolaisen (1913-1987).
Dei budde i Ålesund, og hadde borna Jan (f.1939), Marit (f.1942) og Ivar (f.1949).
Eldstesonen, Jan Nikolaisen, gifta seg med Ilmi (f.1935). Dei busette seg i Ålesund, og fekk borna Irene (f.1971) og Øyvind (f. 1976).
Irene gifta seg med Inge Kristian Hansen (f.1982). Dei har dottera Linnea (f.2006), og bur på Valderøya.
Den neste i ungeflokken var Marit Nikolaisen. Ho gifte seg med Hans Henrik Lerstad (1940-2014), og busette seg i Ålesund. De har borna Britt (f.1963), Tore (f.1965) og Kristin (f.1969).
Britt var først gift med Svein Myrstad, og gifte seg opp att med Geir Magne Torvik (f.1957).
Britt har borna Eva-Cathrin Myrstad (f.1984), Ann Helen Myrstad (f.1985) og Marthe Myrstad (f.1991).
Eva-Cathrin er sambuar med Kristian Schelderup. Dei har borna Sebastian (f.2001) og Henning (f.2004).
Ann Helen er sambuar med Martin Steen Gjerde (f.1985). Dei er busett i Oslo.
Marthe er busett i Ålesund.
Tore er sambuar med Karin Refsnes (f.1971). Dei har borna Henriette (f.1993), Benedicte (f.2002) og Ulrik (f.2006). Familien bur i Ålesund.
Kristin er gift med Bjørn Johansen (f.1966), og er busett i Ålesund. Dei har borna Thomas (f.1990) og Stian (f.1994).
Yngstemann i familien var Ivar Nikolaisen. Han gifta seg med Inger Grethe Hermansen (f.1948), og busette seg i Ålesund. Saman har dei borna Beathe Nikolaisen (f.1970), Lisbeth Nikolaisen (f.1972) og Marita Nikolaisen (f.1977).
Beathe er gift med Kai Vikestad (f.1968). Dei er busett i Ålesund, og har borna Camilla (f.1993), og Sara (f.2000).
Lisbeth har borna Kristoffer Nikolaisen Garshol (f.1990) og Vilde Nikolaisen Dahl (f.2002).
Ho bur i Ålesund.
Marita er gift med Espen Valderhaug (f.1976), og er busett i Ålesund. Dei har borna Tobias (f.2003) og Lena Sofie (f.2006).
1b Nest eldste bornet til Otto og Elida var Arne Lied. Han gifta seg med Anna-Marie Taranger (1921-2009). Dei busette seg i Tønsberg. Dei fekk borna Reidun (f.1949), Tor Otto (f.1952) og Sverre (f.1957).
Eldstedottera, Reidun Lied, var tidlegare gift med Terje Skog på Tjøme. Dei har dottera Ellen (f.1984), som bur i Oslo.
Tredje i borneflokken er Tor Otto Lied. Han er gift med Gro Akersveen (f.1956), og busett på Gol. Dei har borna Øystein (f.1985), Torunn (f.1988), Yngvil (f.1991) og Eirik (f.1993).
Øystein er gift med Aracelly Veronica Reinoso (f.1986) og busett i Halden.
Torunn, Yngvil og Eirik har eg enno ikkje fleire opplysningar om.
Yngstemann, Sverre Lied er gift med Tone Britt Lie (f.1951). Dei er busett i Lier og har ikkje born.
1c Tredje bornet til Otto og Elida var Edith Karin Lied. Ho gifta seg med Peter Magnus Bruteig (1920-2004). Dei budde i Ålesund, og har borna Åse (f.1957) og Berit (f.1959).
Eldstedottera, Åse Bruteig, er sambuar med Arild Bjørnstad (f.1954). Dei har ikkje born, og er busett i Oslo.
Yngstedottera, Berit Bruteig er gift med Gunnar Henriksen (f.1959). Dei bur i Oslo, og har borna Christine (f.1986), Karoline (f.1989) og Peter (f.1994).
Christine er sambuar med Eirik Birger Eidsnes Penne (f.1984).
Karoline er sambuar med Jonas Finnanger (f.1989)
Peter er det ikkje fleire opplysningar om.
1d Fjerde bornet til Otto og Elida var Gerd Lied. Ho gifta seg med Karl Ytterdal (1918-2006), og busette seg i Liabygda. Dei fekk borna Liv Sigrid (f.1951), Eli (f.1954), Kjell Otto (f.1962) og Bjørg (f.1964).
Eldstedottera, Liv Sigrid Ytterdal, var tidlegare gift med Erling Nakken. Dei har sonen Roar Erling (f.1969), Vera Kristine (f.1973) og Tord Helge (f.1975).
Roar Erling er der ikkje meir opplysningar om enda.
Vera Kristine er gift med Kaj-Ove Skartun (f.1969). Dei bur i Stavanger, og har sonen Oliver (f.2005)
Tord Helge er gift med Sonja Repstad (f.1981). Dei bur i Lillesand, og har borna Elida (f.2008) og Adrian (f.2010).
Andre i borneflokken var Eli Ytterdal. Ho gifta seg med Ragnvald Sørum (f.1942). Dei er busett både på Svalbard og i Liabygda. Dei har borna Helge (1983-1987), Ina (f.1986) og Robert (f.1989)
Helge døydde fire år gamal.
Ina er sambuar med Sander Almstad (f.1987). Dei bur i Fjørå, og har dottera Annela (f.2011) Robert veit eg ikkje meir om enda.
Tredje i borneflokken var Bjørg Ytterdal. Ho gifta seg emd Lars Kjell Smoge (f.1954). Dei er busett i Liabygda, og har borna Stein Inge (f.1988) og Kristian (f.1990), Gard (f.1995) og Lars Martin (f.1997). Det er ikkje registrert meir om familien i slektsoversikta enda.
1e Femte bornet til Otto og Elida var Kari Erna Lied. Ho gifta seg med Sverre Meier Mortensen (1921-2010). Dei busette seg i Drøbakk, og fekk dottera Turid (f.1969)
Dottera Turid Mortensen er gift med Stein Tosterud (f.1952). Dei bur i Oslo.
1f Sjette i borneflokken til Otto og Elida er Kåre Erling Lied. Han gifta seg med Aslaug Kjellstad (f.1935). Dei busette seg i Ålesund, og fekk borna Grethe (f.1958), Einar (f.1962) og Kari Anne (f.1969).
Eldstedottera Grethe Lied er busett i Ålesund. Ho var sambuar med Einar Søvik (f.1950). Dei har sonen Phillip (1989), busett i Ålesund.
Nest eldst er Einar Lied. Han er gift med Halat Bamarni (f.1968). Dei bur på Ellingsøya.
Den yngste er Kari Anne Lied. Ho er sambuar med Børge Landsverk (f.1967). Dei bur i Ålesund, og har borna Sander (f.2004) og Silja (f.2007).
1g Siste i borneflokken til Otto og Elida er Odd Einar Lied. Det er han som har samla inn familieregistreringane til oss, og skreve mykje sjølv også. Odd Einar gifta seg med Alfhild Rakel Knudsen (f.1940). Dei er busett på Sjøholt, og har borna Marianne (f.1969) og Gunnar (1974).
Eldstedottera, Marianne Lied, er gift med Jon Kristian Sæter (f.1967). Dei er busett på Vestnes, og har borna Kristian (f.1995), Øyvind (1997-1997), Martin (f.1998) og Eirik (f.2006). Det er ikkje meir opplysningar om denne greina per dags dato.
Yngstesonen, Gunnar Lied, var først gift med Beathe Frønes Kristiansen (f.1973)i Sandefjord. Dei har borna Kristoffer (f.2001) og Alexander (f.2003).
Gunnar er framleis busett i Sandefjord, og no sambuar med Hanne Hegna Storkaas (f.1979).
Dei har borna Marius (f.2010) og Oskar (f.2013).
Her endar delen om etterslekta til Elida Henrikke
2. Nest eldste dottera til Simon Elias var Astrid Kaspara Vilhelmine. Ho gifta seg i 1923 med Ola Nysæther frå Nybergsund. Dei møttes i 1921, når Astrid arbeidde på slottet i Oslo. Ola gjekk underoffiserskulen, og fekk arbeid som bokhaldar på Viking Gummivarefabrikk i Mjøndalen. Familien budde også eit år på Emblem. Ola fekk nemleg arbeid i området. Det var etter at døtrene Bjørg og Anne-Marie var fødde, i 1924 og 1926. Familien vaks seinare til fire born. Aase i 1931 og Odd i 1932. Dei flytte til ei øy i Olsofjorden som heitte “Kavringen”. Esso hadde eit oljeanlegg der. Dei vart med videre på flyttelasset når anlegget vart flytta til landets eldste oljeanlegg på Vallø, utanfor Tønsberg i 1936. Der budde dei livet ut. Vallø er også kjend for eit alliert angrep, med bombing mot dette raffineriet både i 1940, og eit stort bombeangrep med over 50 fly den 24. april i 1945, for å hindre drivstofftilgang for dei tyske styrkene. Mange norske liv gjekk tapt.
2a Eldstedottera, Bjørg Nysæther (1921-1974) gifta seg med Kjell Kongstein, og busette seg i Tønsberg. Dei fekk borna Torunn Kongstein (f.1944) og Arvid Kongstein (1945-2013).
Torunn Kongstein gifta seg med Tore Lofstad (1939-2012), busette seg i Tønsberg, og fekk borna Sven-Olaf Lofstad (f.1967) og Torbjørn Lofstad (f.1970). Sven-Olaf er sambuar med Rita Lankinen (f.1974), og har borna Jørgen Lofstad (f.1996) og Thomas Lofstad (f.2001). Familien bur i Tolvsrød i Tønsberg. Torbjørn er gift med Erika Larsen (f.1973). Dei bur også i Tønsberg, og har borna Alise Lofstad (f.1994) og Bjørn Lofstad (f.2000).
Arvid Kongstein gifta seg først med Gudny Hansen (f.1947), og så med Eva Larsen (f.1951). Dei er busett i Holmestrand. Frå første ekteskap har Arvid borna Gard-Runar Kongstein (f.1968), Anette Kongstein (f.1970), og Fredrik Kongstein (f.1973).
Gard-Runar var først gift med Anita Cesilie Kirkevold, og no sambuar med Gun-Hege Raunholm Laugen (f.1985). Dei har borna Nikolai (f.2009) og tvillingane Rikke og Tonje (f.2010). Gun-Hege er odelsjente, og dei har tatt over garden Søre Haugen, 3628 Veggli.
Anette har borna Christoffer (f.1995) og Ty (f.2009). Dei bur i Tønsberg.
Fredrik kongstein har dottera Christiane (f.2000). Han bur i Horten.
I andre ekteskap har Arvid Kongstein og Eva sonen Robin (f.1979). Robin har dottera Madelene (f.2003), bur i Holmestrand og er no sambuar med Thea Fagerli Dahle.
2b Den nest eldste dottera til Astrid Kaspara Vilhelmine var Anne-Marie Nysæther, som gifta seg 1950 i Tønsberg med Alf Edvin Bankerød Jacobsen (1919-1981). Dei busette seg i Kristiansand. Saman fekk dei borna Bente (f.1953), Gro (f.1956) og Erik (f.1958)
Bente Jacobsen gifta seg i 1979 med Gunnar Dannevig frå Oslo. Dei busette seg i Kristiansand. Dei fekk borna Tellef Dannevig (f.1980) og Maiken Dannevig (f.1984).
Tellef gifta seg med Kristin Eglelid (f.1982) i Kristiansand.
Maiken gifta seg med Hans Erik Vikestad. Dei bur i Rørvik.
Gro Jacobsen gifta seg med Jon Eriksen. Dei bur i Kristiansand. Gro og Jon fekk borna Andreas (f.1981) og Magnus (f.1985).
Andreas er busett i Kristiansand, medan Magnus flytte til Oslo. Han er sambuar med Marianne Stamland Solvi (f.1984) frå Porsgrunn.
Erik Jacobsen gifta seg i 1991 med Ingrid Myklebust (f.1956) frå Hønefoss. Dei busette seg i Kristiansand. Erik og Ingrid fekk borna Tuva (f.1990), Sara (f.1991) og Oskar (f.1995)
2c Tredje dottera til Astrid Kaspara Vilhelmine var Aase Nysæther, som gifta seg med Arne Moestue (1924-1989), og busette seg i Tønsberg. Saman fekk dei borna Kristin (f.1956), Petter (f.1958) og Arne Christopher (f.1961).
Kristin Moestue var først gift med Børge Husefjell (1957-1989), før ho gifta seg med Gunnar Westermoen (f.1956). Dei er busett i Oslo, og har ingen born.
Petter Moestue er gift med Torhild Tveitan (f.1952). Dei bur i Sandefjord. Petter og Torhild fekk borna Christian (f.1983), Charlotte (f.1987) og Magnus (f.1990).
Christian er gift med Britt-Hilde Rønning frå Moltustranda. Dei er busett i Oslo.
Charlotte er sambuar med Marius Omslandseter. Dei bur i Sandefjord.
Magnus bur også i Sandefjord.
Arne Christopher Moestue er gift med Ann-Kristin Jarnæs (f.1965). Dei bur i Sem. Arne Christopher og Anne-Kristin fekk borna Advard (f.1990), Emilie (f.1992) og Elise (f.1998).
Alle borna budde på Sem når oversikta var laga for nokre år attende.
2d Yngste bornet til Astrid Kaspara Vilhelmine er Odd Nysæther. Han gifta seg først med Olga Akselsen (1923-2010). Odd gifta seg på nytt med Klara, og ein tredje gong etter han vart enkemann. Odd fekk to born i første ekteskapet. Det var Grethe (f.1957) og Bjørg (f.1958). Begge født i Tromsø.
Grethe Nysæther er sambuar med Herolf Idar Hansen (f.1958) frå Balsfjord. Dei bur i Laksvatn, og har sonen Andreas (f.1989). Han er busett i Tromsø.
Bjørg Nysæther er gift med Steinar Sørensen (f.1956) frå Balsfjord. Dei bur også i Laksvatn, og har borna Ole-Kristian (f.1986) og Jens-Egil (f.1991). Yngstemann bur i Laksvatn, medan Ole Kristian er sambuar med Malene Hansen, er busett i Tromsø, og har sonen Nikolai Emilian (f.2011)
Med det er etterslekta etter Astrid Vilhelmine klarlagt litt nærmare. Vi skal dermed gå over til lillebroren hennar.
3 Tredje bornet til Simon Elias er Elias Leonhard (1903-1983). Han vart fødd som tvilling. Det er også han fleire av livsminna ovanfor er henta frå. Vi skal no sjå nærare på ei oversikt over etterslekta, som Anne-Lise Barmen Eliassen har utarbeidd, ved hjelp av sonen Karl Elias og søskenbornet Odd Erling Lied. Men først nokre tankar om etternamnet han tok.
Elias Leonhard tok etternamnet Eliassen, etter faren Simon Elias, som helst nytta berre Elias til fornamn i vaksen alder. Elias Leonhard nytta altså ikkje Løvik eller Nedregotten for den saks skuld.Når han vart vaksen endra etternamnreglane seg. Færre tok nytt etternamn til den garden dei flytta, men litt tradisjonell var han likevel, for i byane og Amerika var det meir vanleg å fortsette å bruke farsnamnet (patronym). Med hans generasjon vart det også eit fast etternamn og familienamn for den etterkomande slekta. Namnelova sette nemleg grense for variasjonar, slik ein framleis har på Island i dag. Det var også ein fordel med litt meir anonyme etternamn for den som skulle drive handel og handtverk i byane. Lenge delte nemleg bygdefolket seg, og gjekk til handelsmenn med kjente etternamn frå eiga bygd, men så vart det lettare å handle med alle utan slikt bygdeetternamn. Der kan óg ha vore litt meir personlege tankar bak namnevalet.
Elias Leonhard gifta seg med Karen Severine Elise Barmen (1899-1978) i Ålesund kirke 22. mai 1926. Dei fekk tre born saman. Svigerfar, Berge Josef Kristensen Barmen (f.1869) kom frå Selje, medan svigermora Petrine Laurine Severinsdotter (f.1865) kom frå Hanken i Borgund. Karen var eldst av seks sysken med Petrine som mor i Moltuhuset i Fjellgata 8 i Ålesund. I tillegg hadde faren tre born frå første ekteskap. Dei var små, og Berge var enkemann når han gifta seg med Petrine.
Elias Leonard og Karen fekk tre born. Det var Per (1927-2002), Berge (f.1933) og Anne-Lise (f.1937). Borna nytta etternamnet til begge foreldra sine.
3a Per Barmen Eliassen gifta seg 1950 med Ellen Walborg Larsen (1920-2008) i Larvik. Ellen hadde ein son frå før ekteskapet, Hans Waldemar (f.1945), som Per adopterte og gav etternamnet Eliassen. Per og Ellen fekk også to born saman. det var Per Birger (f.1951) og Arne Ronald (f.1954).
Hans Waldemar gifta seg med Astrid Malerød (f.1948). Dei fekk borna Per-Kristian (f.1969) og Ann-Kristin (f.1974). Begge er fødde i Larvik og døypte i Kjose kirke.
Per-Kristian er far til Marte D. Eliassen (f.1998), fødd i Tønsberg.
Anne-Kristin er gift med Tony Lande frå Larvik. Dei har borna Sondre Eliassen Bråthen (f.2004) og Chris Eliassen Lande (f.2007), som er fødde i Skien.
nest eldste sonen til Per Barmen Eliassen og Ellen, Per Birger, gifta seg 1981 med Sylvi Larsgård (f.1948). Dei bur i Ålesund, og har ingen born.
Tredje bornet etter Per Barmen Eliassen og Ellen er Arne Ronald. Han gifta seg 1982 med Grethe Aasvestad (f.1961) frå Åsmarka i Ringsaker. Dei er busett der. Arne Ronald og Grethe har borna Kim André (f.1982) og Kine Therese (f.1985).
Kim André er sambuar med Silje Kristine Langsholt Røst i Oslo. Dei har dottera Vilde Kristine (f.2014).
Kine Therese bur i Danmark, og har ingen born.
3b Andre bornet til Elias Leonhard og Karen er Berge Barmen Eliassen. Han flytta til Oslo, gifta seg med Pernille Skarstein frå Stryn. Per flytta attende til Ålesund når dei vart skild.
Per og Pernille fekk ingen born. Urna vart sett ned i samme grav som bestefaren Simon Elias på Borgund kirkegard.
3c Yngste bornet til Elias Leonhard og Karen er Anne-Lise Barmen Eliassen. Ho gifta seg med Kåre Stokkeland frå Vestnes (1937-1993). Anne-Lise og Kåre fekk sonen Karl Elias (f.1974). Dei vart seinare skild. Anne-Lise er busett i Ålesund.
Sonen Karl Elias er busett i Ålesund, og hadde ingen born når oversikta vart laga for nokre år attende.
Her endar oversikta etter Elias Leonhard.
4 Fjerde bornet til Simon Elias og Karen er Tvillingsøstera Hanna Leonora (f.1903) døydde altså tidleg, berre seksten år gamal av tyfus. Meir om det ovanfor i teksten.
5 Femte bornet til Simon Elias og Karen er Karl Erling Rudolf emigrerte til Amerika. Først drog han til tanta si, Anna Rudd i Minneapolis i 1924. Han døydde seinare som snikkar i Houston, Texas.
6 Sjette bornet til Simon Elias og Karen er Henrik Martinus. Han emigrerte også til Amerika, og vart registrert hos samme tanta som broren i 1927. Henrik vart innkalla til militærteneste 1940. Han overlevde krigen, men døydde heime i Minnesota hausten 1945.
Her endar oversikta over etterslektsledda etter Simon Elias. Ta gjerne kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com om du har innspel, rettingar eller anna.