Gå til hovedinnhold

ØVSTE LEGANE

 

Øvste Legane er ikkje ei seter, i vanleg forstand, men nokre av plassebrukarene brukte sommerfjøsen sin omtrent på samme måten. Eg har derfor vald å ta den med her. 

 

Mange har gått forbi Øvste Legane og Nedste Legane på veg til eller frå det etter kvart så populære Stikkut-målet Rotanakken. Det er også ein setreveg mot Auresetra og Skillingsetra. På starten av denne råsa, ovanfor Tunet i Fursetgarden/Nybø ved geila, er restar av sommarfjøsane ved Nedste Legane lett å sjå. Der er det grind og åpent terreng, medan Øvste Legane ligg gøymd i granskogen i våre dagar. Ein kan finne ein mur og ei tuft, men det meste er vekke i vår tid. Heldigvis finst der nokre bilde att frå korleis det såg ut før. Karen Marie Østrem (f.1940) minnest at dei litt eldre ungdommane samla seg der. Ho er kanskje av dei yngste som heldt på den tradisjonen om sommaren. Etter kvart grodde det nok såpass att også.

 

Det er kanskje ikkje alle som kjenner til stadnamnet "lege". Det var gjerne ein plass der dyra la seg til for å kvile når dei var ute på beite. Kl. 12 var eit slikt tidspunkt. I eldre tid lokka ein dyra ned mot steingarden dei første vekene på sommaren, før det vart nok gras på setrane. Enkelte nytta geila og denne heimeutmarka ovanfor tuna på hausten også. Frå gamle kart kan ein sjå merke etter grinder eller innbygd mjølkestad i steingarden mot innmarka. Plassane har variert noko kring 1840, for då starta utskiftingane til der gardstuna ligg spreidd utover i vår tid. Då var det lettare å ha si eiga grind nærmast eige tun, eller mjølkestad ved steingarden. Ein kan sjå eit slikt døme frå ca. 1870 i albumet til denne teksten. Men utfordringa vart den vidare oppdelinga av gardane. Ebbegarden og Steffågarden hadde sine markar delte opp i to delar for eksempel. Dei vart seinare delte opp i to gardar. Ebbegarden sin del i det gamle klyngetunet vart til småbruket Skillingen. Så kom det til husmannsplassar og nye småbruk utan direkte tilgang til heimeutmarka og Geila. Det er helst desse som ordna seg sommarfjøsar på Øvste Legane. Det samme ser ein med Nedregotten lenger aust. Dei hadde si eiga geil/og krøtersti, kalla "Gote", men den var helst Østremsgardane sin veg mot sjøbeita bak nausta. Dei måtte i staden på dyra over Storelva på vestsida, og gjete dyra mot fjellsida. Det vart for tungvindt, så dei bygde seg sommarfjøsar i staden. Vi finn desse på kart frå 1872 i alle fall.

 

Med modernisering og oppdyrking av Emblemsbygda vart behovet for vårbeita mindre, og sidan 1950-talet er også setrane vorte overflødige i gardsdrifta. Der var nemleg nok med myrar og beite mellom dei gamle matrikkelgardane, som vart rydda og dyrka opp. No er det nesten heilt slutt på gardsdrifta og byggefelt på mange av desse stadane i staden.