HEIMEVERKSEMDER EI ARV FRÅ HAUGIANARANE?
Vi har alle høyrt eitt og anna artig om sunnmøringen. Spikrar du han til ei låvedør ytterst på ein aude holme vil han framleis ha tent pengar når ein kjem attende. Like ofte har ein høyrt om den sparsame og religiøse sunn- møringen som var varsam med pengane, reinvesterte dei og let seg aldri blende av rikdommen som vart skapt. Dette kom ikkje ut av lause lufta.
I denne teksten vil eg ta nokre skritt attende i tid, og sjå litt nærare på framveksten av småskalaindustrien i bygdelaga våre. Dei fleste var ein-manns foretak. Slik har mange av dei mest kjende bedriftene på sunnmøre hatt sin spede start. Særleg dei med oppstart i mellomkrigsåra. Det er nok derfor det har vore spøkt mykje med sunnmøringen, nøysemda og gründeranda. Det vert spøkfullt fortalt at bilet- hoggaren Gustav Vigeland (1869-1943) vart inspirert av sunnmøringar som oppdaga ein mynt på gata når han skapte den kjende monolitten i Frognerparken. Sunnmøringen fekk også respekt som modig og nytenkjande, men det har ikkje vore slik bestandig. Dei fleste historiane kom nok til etter 1900, og mange av dei passar heller dårleg i våre dager. Professor Frank Aarebrot har peika på lekpredikanten Hans Nilsen Hauge som den som “fann opp sunnmøringen”. Han var nemlig opptatt av å forkynne guds ord, samstun- des som han ville hjelpe dei han møtte ut av fattigdom ved å starte salt- kokeri der han kom. Ein finn følgeleg stadnamn som Saltkjelen fleire stader på Nordmøre, Romsdalen, Stranda, Skodje og Vatne. Stadnamn som Saltkjelsvik, Saltkjelsneset og Saltkjelsnaget har kanskje samme opphav. Dei fleste kan sporast attende til haugianerane, og dei var det fleire av i Emblemsbygda også.
Ser ein attende i historia har sunnmøringen klart å finne seg levebrød sjølv
i vanskelege tider. Førsteamanuensis Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda har sett nærare på denne utviklinga i eit historisk perspektiv. Når ein ikkje makta å skaffe trevirke til møbelproduksjon, byrja møbelprodusentane å flette korgmøblar i staden. Vart det vanskeleg å søke lukka i Amerika, satsa ein på sølvreval heime i staden. Det er dermed ikkje utenkjeleg at professor Aarebrot hadde heilt rett. 1900-talet er full av døme på innovative snuopera- sjonar, men der har ikkje vore industri til alle tider. Går ein litt over hundre år attende, var hovudinntekta åt emblemsbygdaren først og fremst jordbruk og fiske. Sjølvberginga stod enda i fokus, og fisket kunne gje pengar attåt. Vegen er ikkje lang til nokre av dei beste fiskestadane i landet. Borgund- fjorden “låg like utanfor stovedøra”. Torskefisket der har fleire hundre års historie. Gradvis vart det også vanleg å tørke fisk på berga for lokale handelsmenn. Våren 1907 kunne Sunnmørsposten melde at dampsskipet “Gudrun” frå Trondheim hadde lagt til ved Emblem og lasta saltfisk i to dagar. Frå alle svaberga mellom Flisnes og Hesseberg, frå Aursneset til Aure i Sykkylven, heile Fauskestranda og delar av Jarnes. Der vart det tørka fisk for handelsmann Børre Berli. Til saman 140 000 tørrfiskar lasta dei denne gongen. Løna for tørkearbeidet var 16 kroner per tusen torsk. Du synes kan- skje ikkje at 2240 kroner, delt på alle desse bygdelaga, var særleg mykje etter dagens verdi, men den gong var det temmeleg mykje.
Emblemsbygdaren hadde fjorden og havet tett på seg. Flisfjorden var lune- full så det var ikkje ufårleg å leggje ut i opne båtar på våre trakter. Havet gav og havet tok. Dette påverka nok lynnet og kristentrua også. Ein finn neppe mange på 1700-talet som ikkje var kristen, men synet på presteskapet var ikkje alltid like godt. Der fanst geistelege som hadde meir enn nok med å samle seg personleg rikdom medan oppslutninga om kyrkja og gudste- nestene gjekk nedover. I 1730-åra kom der ei vekkelsesbølge over landet. Emblem var ikkje noko unntak. Frå prestane si side vart det klaga på at folk heldt møter i heimane og ville ha forbod mot den slags. Det var trass alt dei som hadde teologisk embetseksamen og rett til å forkynne bibelens ord. I 1781 vart det talt opp kor mange religiøse bøker som fanst i Borgund. Då stod Emblemsbygda i ei særstilling. Omtrent kvar einaste gard hadde anten ein bibel eller nytestamente. Nokre hadde også begge delar. Dette var ei tid der dei færraste hadde råd til ei einaste bok, og prisen var ufatteleg stor. Kan dette ha samanheng med vekkinga nokre tiår tidlegare? Pengar mellom hendene må dei også hatt. I den seinare barkebrødtida kring Napoleonskri- gane ser det også ut til at dei fleste kom rimeleg godt ut av ein periode der mange andre svalt. Då snudde dei seg rundt og tenkte nytt. Potetdyrking og meir kjøtproduksjon.
Der kom meir enn ei vekkelsesbølge. Mot slutten av 1700- talet starta tok haugianerrørsla å bre om seg, med lekpredikanten Hans Nilsen Hauge (1771-1824) i førarsetet. Han var ein forunderleg mann som småsprang rundt om i landet medan han strikka. Denne folkelege rørsla var altså ikkje den første, men kanskje den viktigaste for Sunnmøre. Det handla ikkje berre om pietisme, ei streng kristendomsfortolking som fekk særleg innpass på våre trakter, men også om økonomi og gründerverksemd. Dei første haugi- anske venesamfunna var nemleg langt meir enn saltkokeri. Dei vart ein stad der både andelege og matrielle verdiar vart utveksla etter behov. Dei verka nesten som aksjeselskap. Ein haugianer skulle ikkje berre snakke og te seg som ein god kristen. Han skulle også starte verksemder og bryte dei rikes monopol. Overskot skulle ikkje nyttast til personleg luksus, men førast attende til bedrifta og nyttast til å hjelpe andre. Desse tankane fekk etter kvart god oppslutning på våre trakter, men det kan verke som heller lite kom ut av desse tankane på Emblem i starten. Det var helst dei som kom utanfrå og kjøpte dei gjevaste gardane.
Kring 1801 var det få som åtte noko som helst. Ole Larsen Østrem (f.1756) kjøpte Mattisgarden i 1789, og tre av bruka på Nedregotten kom i privat eige frå 1772, men det var også alt av sjølveigande bøndre på den tida. Resten var anten husmenn eller bygselmenn underlagt rike handelsmenn. Der skal ha vore ei rekkje fjordstover for husmenn utan jord også. Det finst opplysningar om ein og anna tømmermann i bygda, men særleg meir kan eg ikkje finne. Det var nok slik i vår eiga bygd som elles at nye tankar trong
tid til å modnast. Folk budde framleis i klyngetun og gardsdrifta var prega av at ein forsøkte å produsere alt det ein behøvde til livsopphald på eigen gard. I 1801-teljinga finn eg ingen spor etter anna verksemd, men noko var likevel på gong. Folketalet auka jamnt frå slutten av 1700-talet, om ein ser vekk frå hungersåra under Napoleonkrigane på byrjinga av 1800-talet. Frå 1820 vart fleire bønder sjølveigar. Dei hadde nemleg klart seg rimeleg godt gjennom “barkebrødtida”der dei før så viktige kornleveransane frå Dan- mark hadde stoppa nesten heilt opp. Saman med koppevaksinering og meir fisk i kosten, levde langt fleire born opp enn tidlegare. Dette er spor etter sunnmøringar som tenkte nytt. Det vart dei rett og slett nøydde til.
Om lag samstundes finn ein spor etter haugianerrørsla på Emblem. Halvor Pederson Fortun (ca.1776-1865) kom frå Morken i Jølster. På vegen hit hadde han kjøpt garden Relling i dagens Fjord kommune i 1815, og storgarden Apalset på Ørskog i 1818. 1820 kjøpte han Magerholm attåt. Halvor var ein velståande mann med kår frå Morken. Det er mogeleg at han var haugianar óg. Det samme var nok eigaren på Magerholm før han, Jens Jensson Heltne (dp.1771-1838), frå Luster i Sogn. Han kjøpte Magerholm i 1814, men var visst ein stri kar og ofte i konflikt med naboane sine. Kvart år hadde dei saker oppe i forlikskommisjonen. Det løyste seg ved at Halvor kjøpte ut Jens. I 1820 gav han tilbod om kårretten sin på Morken dersom Jens flytte frå Magerholm. Slik vart det.
Eg er usikker på om dette var årsaka til at Halvor kom og kjøpte garden. Jens kan neppe ha vore ein god rollemodell om ein ynskte å at fleire skulle følge Hauge sitt eksempel. Det er gjerne det geografiske opphavet og størrelsen på gardskjøpa som tyder på at ein her hadde med haugianarar å gjere, men påstanden er ikkje min. Fleire erfarne historikarar har undra seg på det same. Med åra fekk Halvor Morken på Magerholm mykje etterslekt på Emblem. Tidleg på 1900-talet fekk stadig fleire ungdommar arbeid på fabrikk. Mellom desse vart Spilkevig Snøre- Not- & Garnfabrikk, etablert i 1894, og Spjelkavik sko- fabrikk frå 1921. Det var tidvis populære arbeidsgjevara for emblemsbygda- rane også. Der var óg mange som fekk seg arbeid hos Devold i Langevågen. Devold-ætta på Sunnmøre hadde sitt opphav i haugianarrørsla, og dei raude ullhuene var eit kjent “haugianarprodukt”. Ein kan undre seg over om også fabrikkeigar Hans P. Mittet (1861-1931) kan ha vore av hugianarætt. Han kom frå Romsdalen, gjekk fargarlære, og tok over fargeriet til Devold i Ålesund før han valde å satse på fiskesnøre i Spjelkavik i staden. Han gjekk i alle fall i fotspora etter haugianarane. Ein annan Devold-kar kjøpte den tidlegare handelstaden på Flisholmen.
Born fødd på større gardsbruk på Emblem frå 1870-talet mot 1920 fekk særleg mange søsken. 10 born var ikkje uvanleg rundt 1910. Følgeleg var det mange som ikkje fekk seg ein gard å ta over. La oss sjå litt nærare på ein større barneflokk på akslabruket “Høla”. Eldste dottera, Henrikke (1874- 1945) vart skreddar. Der var fleire ugifte jenter på hennar alder som livberga seg på kjolesøm. Broren Lars Edvard Nikolai ( 1875-1951) hadde odelsret- ten, Nikoline Lovise (1877-1968) fekk seg arbeid hos Devold som 20-åring. Ho vart vevar, og ektemannen Johan Stadsnes hadde arbeidd der heilt sidan konfirmasjonen. Det var lite fritid og hardt arbeid frå morgon til kveld. Etterpå skulle også garden på Stadsnes drivast. Dei busette seg i Lange- vågen. Om dei ein sjeldan gong hadde litt fri, så var det å besøke naboane på Sula. Men som regel var dei slitne etter alt arbeidet. Det var lite tid til besøk på Emblem, for dit måtte dei ro. Johan Andreas Akslen (1882-1964) var den neste i flokken som levde opp. Han vart fabrikkarbeider i Spjelka- vik og reiste fleire gonger til Amerika. Oline Kornelia (1884-1972) gifta seg i 1909 med Ole Andreas Karolussen Sunde på Aspehaugen, bruk nummer 24 under garden Spjelkavik. Anna Margrete (1887-1976) var ugift og arbeidde som kokke på gamlesjukehuset i Ålesund. Ludvig Olaf (1891-1969) var den neste som levde opp. Han drog til Seattle og livnærte seg som Kaptein på eiga skute med namnet «Coolidge». Han dreiv som mange andre sunnmø- ringar med kveitefiske i Alaska. Jenny Laura (1894-1980) gifta seg i 1917 med Nils Martinus Johans. Aspehaug. Han var fabrikkarbeidar ved Spilkevig Snøre- Not- & Garnabrik. Dei busette seg også på bruk nummer 24, Aspehaugen i Spjelkavika. Nils Ingvald (1897-1986) var den yngste i flokken. Han gifta seg i 1920 med Olave Petrine Johansd. Nedregotten. Dei vart uventa brukara på garden «Skaret» i heimbygda. I kontrast til eldre tider var det få som valde gardsdrifta som leveveg etter 1900 - særleg i større borneflokkar. Det meste som kunne delast opp var gjerne oppstykka allereie. Ein var no inne i ein tidsepoke med den norske “industrielle revo- lusjon” og hamskifte.
Søskena i Høla kan vere døme på den jamne innbyggjaren i bygdelaga i gamle Borgund herad. Det var mykje hardt arbeid og sterk gudstru, men der kom ingen bedehus på Emblem før 1903. Årsaka var nok at det var kvardagstrua som held taket. Der var ikkje like stort grunnlag for å stå opp mot presteskapet i Borgund. Her var også friskusar som meir enn gjerne la ut frå ”kyrkjeberget” i Emblemsvågen for å ro om kapp til kyrkje mot dei andre bygdelaga utover. Det vert fortalt at ein trufast haugianar på Mager- holm var av dei ivrigaste i denne sporten. Låg båten an til å tappe kappro- inga gav han beskjed om å knekke ei åre slik at dei andre skulle tru at det ikkje var kreftene som tok slutt. I mange år var også organisten i Borgund sambygding med opphav i Auregarden. Bygdefolket arbeidde også mykje i det stille. Dei støtta trufast opp om “gamlemisjonen”.
Eit godt døme
“Kjøt-Iver” Furseth kan stå som eit eksempel på ein truande med omsut for dei ikring seg. På sine eldre dagar kunne han fortelle at der var lite att av alt han hadde tent, for han hadde gitt vekk mykje til dei som trong hjelp. Iver støtta godt opp om bedehuset, men såg det som naturleg å bidra til kyrkja attåt. Den dag i dag kan ein framleis sjå ei av gåvene hans på Borgund kyr- kjegard. Ein bauta med valspråket “Alt for Jesus”. Iver rakk ikkje å donere tvillingsteinen før han gjekk bort. Den vart lenge liggjande i Eikenosbak- kane og fekk namnet “Iverkvile”. Bautaen vart seinare fullført og sett opp utanfor Elim i Eikenosbakkane i staden. Han fortalde at han kun følte seg rik to gongar i livet. Iver gav nemleg vekk det han ikkje trong sjølv, og hjalp dei ikring seg til å kome på føtene. Det vert også fortalt at han tok med seg arbeidslaus ungdom heim frå Ålesund og ga dei arbeid og sjølvrespekt.
Truleg fekk dei med nokre gudsord også. Han levde i praksis livet slik som Hauge hadde predika. Han starta opp verksemder og hjalp andre til å gjere det same. I arbeidet med denne årboka finn eg liknande spor hjå mange av dei som starta opp verksemder i dette området. Det var vel så viktig å hjel- pe kvarandre. Andre let vere å tene pengar på slikt som andre trong til sitt livsopphald. Plassemenn fekk ærefulle verv som poståpnar og kaiekspeditør, skulestoveutleigar eller kailagsformann. Det var ikkje like mange skille mellom “storfolk og småfolk” i Emblemsbygda. Eg vil tru at mykje av dette har røter i bedehus, lekmannsrørsle og haugianske prinsipp.
I den neste teksten skal eg sjå nærmare på kva småverksemder som vart starta opp frå Blindheim til Hesseberg. Mange av i dag vil kanskje synes at det verkar litt rart, men den gamle Emblemsbygda inkluderar heile dette området. Mange av gardane lengst i vest har sitt opphav i garden Eikenosa, og ein skal ikkje så lenge attende i tid før det var vanleg å tenkje slik. I den- ne ”storbygda” var det fleire mindre bygdelag. Plasseringa påverka også kva ein starta opp med. Val av inntektsveg har nok lite med haugianarrøsr- sla å gjere, men sjølve mentaliteten er lik. Å starte forsiktig og å hjelpe andre på veg har vore påfallande, sjølv mellom større bedrifter i konkurranse med kvarandre. Mange av dei hadde tilknytning til indremisjonen på Emblem eller Blindheim.