Farfar og aprildagane 1940
Eg har lenge lurt på farfar sine opplevingar i aprildagane 1940. Hans Arthur Austrem, frå Larsgarden på Østrem fortalde aldri om desse hendingane til far min. Årsaka til det er uviss, men han døydde også brått, og tidleg, kun 51 år gamal, så akkurat krigen vart kanskje ikkje eit naturleg tema å snakke om. Svogeren, Petter Kaldhussæter, fortalde derimot ofte om krigen, så litt veit ein no om kva som hende. Men når store delar av soldatregistera frå 1940 nyleg vart digitalisert, Fekk eg endeleg nok informasjon til å følgje i fotspora etter han. Det eg har funne, skal du få lese meir om i denne teksten.
Tekst: Svein Ove Dale Østrem
Aller først bør det nemnast at eg har hatt særs god nytte av Odd Årflot si bok, “Soldat, april 1940 frå 1985. Den er skriven av ein som var med under felttoget. Han samla ei rekke kjelder og livsminner til ei særs detaljert fortelling for ettertida. Odd var bataljonsveterinær for I.R. 11, og kjende derfor både befalet og mange av hendingane godt. Så bør krigshistorikar Hans Olaf Brevig sitt grundige bokverk om I.R. 11, lokalhistoriewiki-sida om I.R. 11 og Oberst Munthe-Kaas si bok også nemnast. Mange opplysningar er henta frå desse kjeldene, og sjekka mot det eg har makta å finne av feltrapportar og korrespondanse frå militære arkiv i Digitalarkivet. Eg har ramsa opp kjeldene mot slutten av teksten, og tidvis henvist til kjeldene i sjølve teksten også. Der kan du finne enno fleire detaljar om det som hendte. Det er nemleg mykje som ikkje har fått plass her. I tillegg bør det nye soldatregisteret: https://soldater.no/soldater/ nemnast. Der har eg funne soldatnummer og kvar dei enkelte var innrullert frå aprildagane 1940.
Litt om farfar, Hans Austrem.
Hans Arthur Larsen Austrem vart fødd i Larsgarden på Emblem i 1915. Han var yngste sonen til lekpredikant, lokalpolitikar og gardbrukar, Lars Karl Joakim Olson Emblem (1870-1952) og ektemake Karen Marie Vilhelmine Holmeset (1872-1945) frå Grytastranda. Dei gifta seg i 1896 og fekk ti born. Larsgarden på Østrem var ei gåve frå faren, min tippoldefar “Sjurs-Ole” Emblem, frå Sjursgarden. Lars endra etternamnet sitt til garden han tok over. Skikken var nemleg slik den gongen. Lars vart også nynorskmann, og nytta etter kvart etternamnet Austrem i staden for Østrem. Det same gjorde min farfar, Hans, ved innrulleringa til militæret. Eg er ikkje heilt sikker på eksakt år han var inne til førstegongsteneste på Setnesmoen ved Åndalsnes. I 1934 tok han i alle fall agronomutdanning på Gjermundnes. Der vart han god ven med Gregorius Relling frå garden Fremste Dunavollen i Norddalen. Dei to var også tidvis saman våren 1940, så han skal vi kome meir attende ti. Det var rekruttane frå 1936 til og med 1939 som vart mobiliserte til 1. og 2. feltbataljon av I.R.11 1940, medan rekruttårgangane 1926-28 vart kalla inn til Landvernbataljonen. (Årflot, side 22). Farfar kan dermed ha vore i førstegongstenesta tidlegast i 1936. Han vart registrert som menig i 2. divisjon og soldatnummer 12260/36, og 36 står vel for året han vart innrullert også. Eg har blitt fortalt at han var på nøytralitetsvakt på Madlamoen våren 1940, der I.R.11 skulle beskytte flyplassen på Sola og hamneområdet i Stavanger. Det var like før angrepet på Norge 9. april 1940. Det er vesentleg informasjon for kva som skulle skje seinare, så eg har derfor vald å skrive litt om dette først.
Odd Årflot var del av 2. feltbataljon, så han og farfar var på Madlamoen på same tid. Odd skreiv at dei var 750 mann der frå slutten av januar til mars. Det var det einaste nøytralitetsoppdraget møringane fekk ved Sola, så eg vil tru at farfar eigentleg var del av det 2. feltbataljon april 1940. Eg har også blitt fortalt at det var der soldatane fekk litt opplæring på mitraljøsene. Farfar vart etterpå, ved mobiliseringa, flytta over til 1. feltbataljon, og 4. kompani, som var mitraljøsekompani under diktarsonen kaptein Hrorar Hovden. Det var vel kanskje etter nøytralitetsvakta det vart bestemt at ein trong erfarne mitraljøseskyttarar i begge feltbataljonane, også i den bataljonen som ikkje fekk trent ved Madla. Men særleg god utdanning fekk dei visst neppe. Eg skal kome attende til det. Som bataljonsveterinær var Odd Årflot ofte omkring i øvingsområdet ved Madlamoen på hesteryggen. Han fekk soleis god innsikt i kva dei ulike kompania dreiv med. Årflot skreiv at eksersisen var relativt hard, men disiplinen var også god. Ved eit høve vart det slått alarm, og det store mannskapet responderte raskt. Ein kaptein fortalde at det ikkje tok meir enn ti minutt før heile bataljonen stod klar med gevær og påsela hestar. Alle sprang eller reid for å kome raskast mogeleg fram. Vaktstova på Sola var eit gammalt bedehus. På golvet, der mannskapet skulle kvile seg på frivakta, var det så trongt at ein helst ikkje måtte ta av seg skorne, om ein skulle ha von om å finne dei att på vegen ut. Der var ein omn til å tørke våte klede, men det vart helst til at dei la seg rundt i halmbolsteret på golvet, og tørka slik dei våte kleda på kroppen. Det måtte nemleg ein soldat tåle den gongen.
“Madlakarane” nytta stort sett dagane til vaktteneste og øvingar. Dei fekk fri til å gå på dans kvar laurdagskveld. Heile bataljonen vart også invitert til ein eigen hyggjekveld i Stavanger, med underhaldning og oppbyggjelege talar. Fleire av dei som var der hugsa øvingane med mitraljøser monterte på nokre gamle lastebilar. Den starta først nokre få dagar før avreise frå nøytralitetsvakta, så det var neppe mykje dei rakk å sette seg inn i. I tillegg veit ein at mitraljøsekompaniet til bestefar åleine var på om lag 100 mann ved mobiliseringa. Øvingsmitraljøsene var tilpassa litt tyngre ammunisjon, og skulle derfor makte å skyte ned fly som gjekk lågare enn 800 meter over bakken. Det var i alle fall det soldatane fekk fortalt under nøytralitetsvakta. Men nokre veker seinare skulle dei erfare at det ikkje stemte. Kun nokre lavtflygande tyske transportfly beit kulene på. Når fleire fly vart skotne ned ved Dombås, var det vel kanskje på grunn av erfarne skyttara med jakt- eller skyttarlagserfaring. Ein fortalde at når den første panikken gav seg etter at kulene berre prella av mot flya, byrja han å sikte meir som når han var på fuglejakt. Det enda med at eit av flya vart skote ned ved Dombås i aprildagane.
Hans Olaf Brevig skriv i boka si om IR 11 at ikkje alle soldatane var nøgde med treninga dei fekk. Enkelte etterlyste meir skarpskyting. Det førte til ei høgst uvanleg anmodning til bataljonssjefen i februar 1940. Han fekk mange underskrifter frå soldatar som kravde å få meir trening i skyting. Kan det vere at fleire kjente på farene for krig i Norge også, eller var det dei med skyttarlagserfaring som såg at her måtte det meir trening til? I tillegg synte inspeksjon frå generalinspektøren i infanteriet 12. og 13. februar at fleire mangla nok klede tilpassa vinterøving og anna personleg soldatutstyr. Det vart foreslått å låne frå andre avdelingar. Dei mangla også nødvendig sanitetsutstyr. Det er usikkert om dette var på plass før angrepet på Norge 9. april. Ein hadde nemleg ingen andre å låne frå ved okkupasjonen.
Årflot skreiv seinare at det var litt underleg å sende soldatane heim att, når det var så spent som i slutten av mars. Likevel ville dei ikkje ha hatt noko å forsvare seg med på flyplassen på Sola. Tyske soldatar kom dessutan med automatvåpen, og kunne ha gjort stor skade på “Madlabataljonen” til I.R.11. Odd hugsa også eit framlegg frå kaptein Jørgen Bakke til bataljonsjef kaptein Navelsaker den siste kvelden i salongen på akterdekket under båttransporten heim att. Dei var på veg heim til Setnesmoen med “Skagerrak” og "Prinsesse Ragnhild” kvelden før første april. “Situasjonen er så spent at vi kan bli innblanda i krig kva dag som helst. Eg meiner derfor at når vi kjem tilbake til Veblungsnes i morgon, får kvar soldat ordre om å bunte militæreffektane sine saman og merkje dei slik at kvar mann i tilfelle mobilisering, kan finne igjen dei skorne som passar, det geværet han kjenner, og så bortetter.” Oberstløytnant Ivar Furset var sjølv på Madlamoen, og bekrefta seinare at dei gjorde det slik. Når bataljonen vart dimittert på Setnesmoen, skal ein av kaptein ha sagt i avskilstalen sin: “Det kan hende vi møtest att her om fjorten dagar.” - Det vart berre elleve.
Mobiliseringa
Sannsynligheita for krig var altså noko offiserane på Setnesmoen snakka om. Kaptein Ivar Navelsaker hadde tatt over som vikarierande bataljonsjef på grunn av at Major Hveem vart sjuk etter kort tid på Madlamoen. Det siste Navelsaker skal ha sagt til soldatane 2. april var: “Dersom vi møtes enda ein gong gutter, ja da er det alvor”. Ein hadde også sett opp frivillig skytetrening i regi av skytterlaga i Møre og Romsdal den våren. Men Norge var ikkje klar for krig, og angrepet 9. april kom overraskande på mange av dei viktigaste besluttningsnivåa i landet vårt. Sjølv beskjedar om at ein stor flåte med tyske krigsskip på veg nordover frå Danmark 8. april ga ingen særleg grunn til å ta grep. Stortinget var samla, men dei drog den underlege konklusjonen at dei ikkje var på veg mot Norge. Då var det berre nokre få timar igjen. Kronprins Olav var ein av få som oppfatta at det kunne skje. På Oscarsborg i Oslofjorden hadde dei akkurat tatt inn nye rekruttar utan opplæring på kanonbatteria, og mange av dei var sendt vekk på grunn av vårreingjering. Likevel makta dei å forseinke angrepet på Oslo, og stogge det nye krigsskipet Blücher i Oslofjorden. Dette har det blitt laga fleire dokumentarar om - ja, til og med spelefilm om. Innsatsen til I.R.11 ved Dombås Har ikkje fått særleg heder. Burde ikkje også denne delen av historie fått meir plass?
men la oss ta alt i rett rekkefølge:
Karl O. Emblem (1907-1985) vart mobilisert til Landvernbataljonen 1940. Han fortalde i eit intervju med krigshistorikaren Ragnar Ulstein på 1980-talet at det tok tid å få vite noko sikkert, om dei skulle mobiliserast eller ikkje. Han tok etterkvart sykkelen sin ut til lensmannskontoret i Nørvasundet, for han kjente lensmann Fjærtoft frå før. Det resulterte i militært IL til Molde, og etterpå til Veblungsnes. Men mobiliseringsordren kom først neste dagen, den 10. april. Den vart også trykt i avisene, og sendt med telegram. Det vart ein ny og enklare praksis. Dei mobiliserte skulle møte opp til ei fast tid på Emblemskaia den dagen. Krigshistorikar Breivig har ei forklaring på denne usikkerheita i starten. I.R. 11 fekk nemleg ikkje lov til å mobilisere utan ordre. Kun sikringsvakt for Setnesmoen vart først aktuelt. Så miste ein kontakt med generalstaben. Kongehuset og regjeringa var også på flukt. Seinare på dagen bestemte statsminister Nygaardvold at femte divisjon (inkludert I.R.11 red. anm.) ikkje skulle mobilisere, for Trondheim var hærtatt, og ei isolert mobilisering av I.R.11 vart sett på som hensiktslaus. Det var som kjent ei feilvurdering. Ein rekna også med at tyske militærskip snart kom inn Romsdalsfjorden. Men det gjorde dei ikkje, og fleire forsøk på å få besvart spørsmålet om mobilisering vart utsatt. Først ut på kvelden 9. april vart det bestemt mobilisering den 10. april. Så vart det vanskeleg å få kontakt og ordrar igjen, men til slutt fekk ein tak i general Ruge på Terningmoen. Han meinte at I.R.11 burde mobilisere, og det vart eit viktig råd, med tanke på seinare transport av både gullet til Norges bank, sikring av kongen og regjeringa, samt andre viktige statsansatte som kom oppover Gudbrandsdalen dei neste dagane. 1. og 2. feltbataljon sikra dermed at mange kom seg trygt ut av landet, hjalp til med retretten til dei første britiske støttetroppane, og sikra at regjeringa Nygaardsvold kunne gjere det avgjerande og historiske vedtaket på Stuguflåten om at norske sivile skip med mannskap i utanlandske hamner skulle samlast i Northraship, styrt av regjeringa i eksil. Den seinare konvoifarten frå Amerika vart som kjent svært viktig i kampen mot Tyskland.
Møre Fylkes Ruteselskap sin innsats bør også nemnast. Direktør Samuel Stenmarck spela ei avgjerande rolle i mobiliseringa. Fleire gongar var han innom regimentskontoret med spørsmål om han skulle opne den forsegla konvolutten han hadde om sjøtransport i tilfelle mobilisering. Men han vart dessverre også halde i uvissa. Til slutt åpna han konvolutten på eige initiativ, innstilte alle lokalruter, og sendte dei mot samlingstadane han fann beskrevne. Når mobiliseringsordren kom, låg derfor båtane allereie klare til å ta imot soldatane på første stoppestad. Ein nytta dei indre mobiliseringsrutene, for dei frykta tyske skip ute langs kysten. Innan kl. 15:00 den 11. april var i alt 3000 soldatar samla på Veblungsnes. Dagen etterpå var også 200 innkalla hestar framme. Ein imponerande innsats! Seinare i april skulle ein også sette saman ein bataljon til av tilleggsmannskap frå mellom anna I.R.11.
Fylkesbåtane hadde sett opp båtruta som gjekk innom Emblemsbygda på vegen mot Sjøholt. Det var stort sett dei vanlege dampskipskaiene for rutefart som vart nytta, men på hi sida av fjorden vart også private båtar teken i bruk, og nokre rodde sjølv over fjorden til Sjøholt. Karl O. Emblem fortalde ingenting om korleis stemninga var på Emblemskaia den dagen, men frå andre stadar er det nemnd om stort oppmøte. Ei bevega samling slekt og vener tok farvel. Små improviserte talar vart halde, og allsong med mellom anna “Fagert er landet”, eller “Ja vi elsker”, vart sunge når båten la frå kai. Så stod dei der på rutebåten, svogerane Hans Austrem, Ansgard Indresæter og Petter Kaldhussæter. Bror til ein annan svoger, Lars Henrik Akslen frå Høla, onkelen, Petter Emblem, frå Ystebøen, og naboen Louis Vennersberg, oppvaksen hos besteforeldra i Mattisgarden på Østrem. Saman med dei var handelsmann Severin J. Emblem og informanten vår, Karl O. Emblem frå Steffågarden. Hilmar Karl Emblemsvåg frå Oshaugen i Emblemsvågen og Johan Marius Emblem frå Ebbegarden. Det må ha vore ein trist avskjed. Farfar og Kaldhus-Petter var forlova, Dei skulle etter planen gifte seg. Truleg var det snakk om sommaren 1940, men på grunn av krigen vart bryllupa haldne seint hausten 1940 i staden.
Dei mobiliserte ungdommane gjekk av båten på Sjøholt, og vart frakta med biltransport over Ørskogfjellet. Der låg den nye bilferga “Møringen” og venta på dei. Krigshistorikaren Ragnar Ulstein fortalde at det vart ein dryg busstur over fjellet i snøstorm. Den eine bussen køyrde av vegen og velta, men dei fekk den på vegen att, og kunne fortsette turen. Seint om kvelden vart emblemsbygdarane innlosjerte på annekset til Grand Hotell Bellevue på Åndalsnes. Severin J. Emblem vart kun nytta den første tida til pakking og logistikk. Louis var i eit anna kompani, medan Petter Kaldhussæter og Karl O. Emblem var i saman i Landvernbataljonen heile tida. Petter Emblem fekk plass i eit anna landvernkompani. Alle med rekruttutdanning frå 1920-talet hamna i den delen av I.R.11 som ikkje var direkte stridande, medan farfar, Hans, og Ansgard hamna i 1. feltbataljon, kompani 4, og fekk ansvaret for mitraljøsene i bataljonen. Farfar vart sett til lagførar.
I den opphavelege bataljonen til farfar var det også fleire norddalingar med, mellom anna farfar sin studiekamerat, Gregorius Relling frå Fremste Dunavollen. Svogeren Kaldhus-Petter hadde mykje slekt i den bygda, for familien hadde flytta derfrå til Emblem på 1920-talet. Slike kjentfolk i Tafjordfjella skulle bli viktige på slutten av felttoget i Gudbrandsdalen. Petter fortalte i alle fall det. Det er også litt interessant, for eigen del, å merke seg at fleire av naboane og sambygdingane til Gregorius Relling også var med i mitraljøseavdelingar i I.R.11, men eksakt plassering er enno uviss. Gregorius var også nabo til morfaren min. Morfar og mormor var anten i slekt, eller nære vener av fleire av desse nyutdanna mitraljøsesoldatane. Dei var nemleg jamnaldringar med farfar og farmor på Østrem. Seinare skulle alle møtest i meir triveleg omstende, i bryllupet til Hans sin son i Norddalen, men det er ei anna historie.
Vi skal som kjent forsøke å følgje farfar, Hans Austrem, og svogeren Ansgard Indresæter i kompani 4. Nokre fekk nok raskt utdelt utstyret, om dei hadde vore på Madlamoen, for det låg som kjent bunta saman med namn på etter nøytralitetsvakta. Men det gjekk likevel ikkje så raskt, for der var flest soldatar utan den erfaringa i bataljonen. Fleire mangla også utstyr i starten. Landvernbataljonen brukte derfor litt lenger tid. Årsaka var nok den samme. Regimentstaben måtte improvisere ein del. Dei trong meir undertøy og vindjakker. I tillegg vart eit parti uniformskapper, som var under sying i Romsdalen til den finske hæren beslaglagt saman med våpen og ammunisjon. Det vert også fortalt om lokale som delte ut ullhuer, og let husa sine stå opne med oppreidde sengar for soldatane ved Åndalsnes. I tillegg trong ein forsvinningsdrakter på grunn av all vårsnøen. Heldigvis var det mykje konfeksjonsindustri i området den gongen. Syerskene i Isfjorden og på oljekledefabrikken i Kristiansund sydde draktene på rekordtid. 3000 stk. vart sydd gratis i Isfjorden. I tillegg kom 600 forsvinningsdrakter i gåve frå Kristiansund. Alt saman var gjort på berre to døgn, og innsatsen fekk stor betydning for at det kun vart beskjedne tap av norske liv desse aprildagane.
- feltbataljon april 1940 bestod av ein bataljonstab leia av kaptein Gunnar Juel, stabskompaniet leia av kaptein Lerheim, bombekastartropp, sanitetstropp og fire kompani.
Det var kompani 1 under Jens A. Amundsen, kompani 2 under Andreas P. Hagaas, kompani 3 under Johannes N. Gausemel, og til slutt det kompaniet farfar var del av, Mitraljøsekompaniet (4) under kaptein Hrorar Hovden. Dei var 100 mann fordelt på tre troppar. Sjefane der var fenrik Kristen Aasen, fenrik Tore Berdal og fenrik Peder Mork. I følge bataljonsjef Navelsaker var 2. feltbataljon klar 13. april, og sendt direkte mot Dombås. 1. feltbataljon og Landvernbataljonen var begge klare 14. april, men der er det noko rart, for han skreiv kun at 2.feltbataljon var madlasoldatar. Han nemner ikkje at nokre av dei no var i første feltbataljon i staden. Kanskje fordi der ikkje var så veldig mange soldatar som vart flytta over utanom mitraljøseskyttarane. Dermed var det stort sett soldatar utan erfaring frå nøytralitetsvakta på Madlamoen som farfar skulle kjempe saman med. Odd Larsen skreiv 1990 i boka: “1940 : en kort oversikt over hendingane i aprildagene på Åndalsnes, Veblungsnes, Verma og Dombås” at ein gjekk vekk frå den ordinære distriktsinndelinga av kompania. Vestnesingar og Tresfjordingar hamna også over i 1. feltbataljon april 1940. Frå feltrapporten til kompani 4 kan eg sjå at farfar, feilaktig kalla Austheim, men med rett soldatnummer, var ein av tre lagførarar i 2. mitraljøsetropp under fenrik Tore Berdal. Kaptein Hroar Hovden skreiv litt seinare i sin rapport at dei mangla ein god del utstyr. Mellom anna hadde dei ingen kart, og dei fekk kuskar som aldri hadde stelt ein hest, signalfolk som ikkje kunne morse osv. Det tok derfor tid å få mest mogeleg på plass, og dei måtte dessutan vere klare for avmarsj på kortare tid enn dei eigentleg trong. Kompani 4 starta på turen frå Setnesmoen kl.18:00 den 14. april.
I feltrapporten til kompani 4 gjev kaptein Hroar Hovden fleire detaljar om vegen vidare.
Den kan også lesast i si heilheit her: https://media.digitalarkivet.no/view/233133/466. Eg tek med nokre utdrag i denne teksten i lag med ei rekke digitaliserte livsminne og innsamla materiale hos krigshistorisk avdeling. Det er mogeleg å lese dei scanna orginaldokumenta frå følgande stad: https://media.digitalarkivet.no/db/contents/233133?page=2&archives%5B0%5D=no-a1450-01000000006405&start_year=&end_year=&text=
Dette skal du få nærmare innblikk i straks, men først ei ekstra opplysning av betydning for dei seinare kampane ved Dombås: Soldatane som vart raskast klare for avmarsj, 2. feltbataljon, skulle etter planen sendast av garde utan tilstrekkeleg ammunisjon. Den skulle nemleg sendast etter, og var nok kanskje landvernbataljonen sitt ansvar. Men ein besluttsom ammunisjonssersjant visste at det var lagra "Madalammunisjon" i eit raudt skur ved vakta på Setnesmoen. Han fekk med seg soldat Mons Hjelme, og dei braut opp døra til lageret. Dette var 11. april. Karl O. Emblem fortalde at Landvernsoldatane fekk oppdraget med å flytte dette over på togtransport. Det var heldig, for toget med 2. feltbataljon kom til Dombås morgonen 14. april. Det var same dagen som dei tyske fallskjermsoldatane, på direkte kommando frå Hitler i Berlin, angreip akkurat der. Målet for dei tyske elitesoldatane var å kutte alt samband i det viktige trafikknutepunktet, sprenge bruer og sette seg fast til dei fekk meir forsterkningar. Målet var nok også å hindre dei britiske soldatane på veg frå Åndalsnes for å hjelpe dei norske soldatane lenger sør i Gudbrandsdalen. Kaptein Navelsaker uttalte seinare at sporlysammunisjonen vart avgjerande for å halde dei tyske flya på avstand desse svært viktige dagane. Dei makta dermed å hindre tyske soldatar fra å nå jernbanestasjonen. Den var svært viktig for transporten av norske styrkar til kampane ved Dombås dei komande dagane. I tillegg var konge og regjering no ved Otta. Der venta dei på å få fritt leide mot Romsdalen.
Så attende til kva som hende vidare med 1. feltbataljon sitt 4. kompani på veg oppover Romsdalen. Der har eg funne nærmare opplysningar i feltrapportane til kaptein Hovden, og bataljonsjef Navelsaker: Dei marsjerte kvelden 14. april mot Horgheim - Flatmark. Det vart ein krevande tur, for mange av dei var enno uøvde soldatar i full krigsutrustning på oppbløytte vegar, skreiv Navelsaker seinare. kl. 22:00 var dei framme. Bataljonsjefen ba dei om å dra hurtigst mogleg oppover dalen saman med 2. feltkompani, for å “tilintetgjøre noen fallskjermtropper som etter innkommet melding er sloppet ned i Lora-traktene. Det nødvendige antall biler for en rask transport rekvireres fra bataljonens øvrige kompanier,for andre biler finnes ikke her”. Det var ein krevande og smal veg med både teleløyse og snøsørpe. I tillegg var der høge brøytekantar og lyktene var blenda. Men 2. feltkompani var framfor dei, så det kjendest rimeleg trygt likevel. Turen enda ved Verma, og dei fekk ny ordre via telefon når dei stoppa der. Nokre av soldatane vart sendt innover fjella saman med kjentfolk, for dei mistenkte at der kunne vere fiendar ved Verma også. Dei hadde nemleg fått telefonbeskjed om akkurat det.
Ein annan del vart sett til patruljering, og hovudfokuset vart sikring av Kylling bru mot luftangrep. 16. april fekk dei også ordre om å kontrollere trafikken, og befalet skulle forbereie forflytting mot Fåberg på kort varsel. Den ordren kl. 23:00 var enno strengt hemmeleg, og dei kunne derfor ikkje avbryte andre oppdrag enno. 17. april fekk 1. feltbataljon eit nytt oppdrag. Kompani 4 skulle delta med to av sine tre mitraljøsetroppar i angrepet mot dei tyske fallskjermjegrane ved Dombås Den tredje troppen skulle framleis sikre Kylling bru. Kompaniet fekk eigen biltransport. Målet var å avløyse delar av 2. feltbataljon, som allereie var i kamp. Først på Dombås fekk kompanisjef Hovden låne eit kart over operasjonsområdet samt ein ekstra kikkert. “Det var det einaste kartet under denne “ekspedisjonen”, skreiv han seinare om kampoppgåvene ved Dombås.
Endeleg nedkjemping av fallskjermjegarane skulle sikre kongen og regjeringa sin veg mot Åndalsnes. Då kunne der ikkje vere tyske soldatar med våpen midt i ruta. Same dagen kom britiske hjelpestyrker til Åndalsnes. Dermed tok også tysk bombing og flyangrep til for alvor Karl O. Emblem frå Landvernbataljonen fortalde også si første erfaring med stadige lavtflygande tyske fly med mitraljøseeld, når dei skulle bevege seg frå Bjorli mot Stuguflåten Hotell, for å ta over vakthaldet frå 1. bataljonen nokre dagar seinare. Dei måtte fleire gongar kaste seg i grøfta. Ein gong kom flya så lavt at han tenkte at han kunne nå opp til det med ei lang fisketroe… Ved Stuguflåten starta også bombeangrepa like etter kongen kom dit 21. april. Knut Eikrem frå 1. feltbataljon stod då vakt ved døra. Ein gong kongen kom ut, gjekk flyalarmen slik at og Håkon måtte leggje seg ned bak ein vedstabel. To brannbomber vart sleppte mot Stuguflåten, men dei eksploderte heldigvis ikkje i all snøen. Det må ha vore 21. eller 22. april.
I facebookgruppa “Krigshistoriesenter i Åndalsnes”, er der publisert eit livsminne frå ein annan tropp i farfar sitt kompani 4. Det var soldat nummer 3109, Malfin Paul Eide:
“Etter å ha forberedt seg, ble de fraktet videre opp til Verma. De kom frem på kvelden og ble innkvartert i ungdomshuset, hvor de sov på gulvet.
Sammen med en annen soldat som jeg så vidt husker heter Gangstad og var fra Misund, ble vi sendt for å stå vakt ved et depot i Lesjaskog. Vi følte oss glemt, for vi fikk ikke avløsning før morgenen etter. Da begynte ferden videre mot Dombås, en reise preget av dårlige veier i teleløsning. Vi klamret oss fast på toppen av overlastede biler og kulden gjorde at vi frøs nesten fordervet.
Underveis fikk vi vite at tyskerne hadde sluppet ned fallskjermjegere ved Dombås. Vår første møte med krigens grusomheter kom da vi ankom Botheim, et stykke før Dombås. Der måtte vi stoppe på grunn av skuddvekslinger nær veien. De kom dragene med nettopp skutt fallskjermjegere og vi ble kommandert til å ta med en av de døde til Dombås.
Det var forferdelig å se ham og vi måtte holde fast på ham og oss selv for ikke å falle av bilen. Da vi kom til Dombås, fikk vi ordre om å begrave ham. Vi hadde kun små spader på sekken og jorden var hard og telen ga oss store utfordringer ved kirken der vi skulle begrave ham.
Da vi holdt på med graven, kom det et bombeangrep. Jeg husker en diger bjelke som fløy gjennom luften og landet på kirkegårdsmuren like ved oss. Det var skremmende og gjorde situasjonen enda mer urolig.
Senere på kvelden ble vi beordret til å omringe et gårdsbruk der fallskjermjegere hadde innkvartert seg og tatt sivile som gisler. Det ble en kald, våken natt. Vi måtte stå på lasteplan med geværet rettet mot dem og trøttheten gjorde oss nesten svimle. Til slutt overga de seg.
Dessverre mistet vi Helge Qvale under dette angrepet, noe som var en tung belastning for oss alle. (Dette var nok den andre mitraljøsetroppen som vart sendt til Dombås. Red anm.)
Etter noen dager i Dombås ble jeg plassert i 6. kompani, mitraljøsekompaniet, hvor det også var engelske soldater. Etter flere dager med kaos og bombeangrep, begynte vi å dra videre nedover Gudbrandsdalen. Hver dag var usikker, men vi måtte fortsette å følge ordre og gjøre vårt beste i en krig som stadig ble mer intens.”
Angrepet på Dombås
Det hadde starta med flyalarm søndag 14. april kl. 18:30. Det vart eit inferno av skyting mot tyske fly og fallskjermsoldatar som dalte ned. Skytinga starta på tross av ordren frå bataljonsjefen om ikkje å skyte utan at flya angreip dei. Han frykta sikkert at dei norske stillingane vart avslørt. Tre av dei tyske transportflya vart underleg nok skada, og måtte nødlande i Gudbrandsdalen. Eit av dei fall ned ved Dombås jernbanestasjon. Kaldhus-Petter fortalde at der var mange norske skyttarlagsfolk på Dombås. Nokre var også i sivile klede, uvitande om at det ville bli gjort kort prosess om dei vart fanga. Skyttarerfaring, snarare enn mitraljøsene, var nok forklaringa til at fleire tyske fly gjekk tapt desse dagane. Der var også erfarne skyttarar som traff fleire av dei tyske fallskjermsoldatane som omkom på veg ned mot bakken, for treffa var visst få og skyttarane var treffsikre. Kva dei norske soldatane tenkte når svarte prikkar under flya snart fekk fallskjermar, og dei skjøna kva som var i ferd med å skje, er eg usikker på, men panikkskytinga kan gje oss ein peikepinn. Dei tyske flygarane hadde også lite kart å hjelpe seg med. Eg har til og med høyrt at nokon hadde fått tak i skuleatlas. Dei tyske fallskjermsoldatane vart spreidde over eit større område på grunn av eldgjevinga frå dei norske soldatane. 2. feltbataljon fekk ansvaret for patruljering og innsamling av fangar og døde tyske soldatar. Dei fanga 20 soldatar av omtrent 180 den dagen Om lag 20 soldatar var også skadde eller drepne på veg mot bakken. Nokre av flya kom ut av kurs, og slepte derfor fallskjermsoldatar lenger unna.
Odd Vollan skreiv i teksten “I.R.11 i kamp” også at 1. feltbataljon vart sendt etter mot Lesja-Lora. Tyske fallskjermjegarar vart nemleg slept ned der. To fly kom heilt til Lesjaskog før dei snudde og slapp fallskjermjegarane ut ved Lesja, Lora og Botnheim. I dagane etterpå samla størsteparten av dei tyske styrkane seg ved Ulekleiv, sør for Dombås. Kaptein Sandnes frå 2. feltbataljon sitt 5. kompani, ein tropp på 70 mann, fekk oppdraget med å nedkjempe den tyske stillinga. Det vart vanskeleg. Leiaren for dei erfarne tyske fallskjermjegarane var løytnant Herbert Schmidt. Ein time etter landing hadde han samla mange av dei attverande soldatane og våpena. Han sendte ut lysrakettar, og sendte opp flysignal, før han kutta telefonleidninga og kapra ei drosje nordover. Schmidt vart såra i kampane mot kaptein Sandnes. Han ga derfor nestkommanderende Mössinger i oppdrag å finne ei meir gunstig forsvarstilling. Det vart Ulekleiv. Der kunne dei sperre dalen med automatvåpena. Tyskarane hadde også tatt fleire norske gissel, dels sivile frå gardane dei kom til. Det var kanskje ikkje Sandnes heilt klar over i starten. Om lag halvparten av tyskarane vart sendt ein kilometer sørover, til Hagevolden, for å beskytte mot angrep frå den kanten. Medan kompaniet til Sandnes sloss ved Ulekleiv, vart dei også angripne med mitraljøser frå eit tysk fly av typen JU52. Det fekk så kraftig moteld frå første mitraljøsetropp, leia av fenrik Anda, at det gjekk i bakken. Piloten vart treft av kulene. Same morgon vart også ei mindre tysk avdeling på 26 mann omringa og tekne til fange. Dei kom langs jernbanelinja på tre dressiner frå Fokstua. Av 180 fallskjermjegarar og 15 fly, var omtrent 100 fanga, i tillegg til dei om lag 20 som altså vart såra eller drepne tidleg. Berre sju fly kom attende til Fornebu. Løytnant Schmidt visste om planar om meir flystøtte og flydropp av meir utstyr, men den hjelpa vart med eit trekt tilbake av Luftwaffe sin sjef, Hermann Göring. Så satsa han på at general Pellengahr snart skulle komme til unnsetning sørfrå. Dei hadde framleis sambandsutstyr, og ordrane frå Hitler var klare. Han hadde 63 mann att, samt 50 sivile og militære gissel. I ly av mørket valde dei å forflytte seg til Lindse gard sør for Dombås, som var ei betre stilling å forsvare. Nokre av soldatane vart att på Ulekleiv av taktiske hensyn. Schmidt måtte fraktast på ei låvedør av gissela til den nye stillinga der morgonen den 17. april.
Farfar i kamp for første gong
Kampane, vakthald, forflyttingar og kulde hadde tatt på for dei mindre erfarne norske soldatane. Dei var dessutan usikre på kor mange dei sloss mot, og kva våpen dei hadde mot seg. Derfor vart kompani 4, detasjementet til kaptein Hrorar Hovden, bodsendt frå Verma til Dombås kl. 17:30. Kompani 4 er ikkje direkte nemnd i nyare kjelder i samband med desse kampane. Kun kompani 1 og 2, men mitraljøser vart nytta aktivt ved Lindse, så det er god grunn til å tru at farfar var delaktig. Historikar Rolf Larsen nevner også at bataljonen tok over kampområdet i sentrum, frå Ulekleiv langs jernbanelinja mot Lindse, medan andre frå 2. feltbataljon dekte flankane. Nestkommanderande i 4. kompani, Mordal, leia mitraljøsetroppane til kaptein Hovden frå hi sida av jernbanelinja, så det var nok der farfar var. I feltrapporten til Hovden kan ein lesa enno litt meir: Dei to mitraljøsetroppane vart sendt frå Dombås mot kampområdet sør for Dombås sentrum. Dette måtte gjerast i fleire vender med bilar. I mellomtida bygde resten eit “pansertog” av ei opa togvogn som fekk tjukke jernplater påmontert. Fenrik Tore Berdal, troppsjefen til farfar Hans, fekk beskjed om å ta med seg nok mannskap til å betjene tre mitraljøser. Der veit eg frå før at farfar lagførar på den eine av dei. Problemet var at toglinja var sprengt før dei kom i kontakt med tyske soldatar, og troppen kom seg derfor ikkje inn i kampområdet ved Lindse gard, så dei måtte forflytte seg på ein annan måte.
Ved skumringa kunne kompanisjefen, og kompanikommandør Mordal skaffe seg ei oversikt, og opprette hovudkvarter ved Hjerleidske Husflitsskular. I fleire omgangar vart dei “forstyrra” av handelsminister Frihagen, som hadde følgd soldatane dit. Han stressa på for å få i gang mitraljøseeld, men det kunne tidlegast skje ved daggry og betre sikt. Han var stressa med god grunn, for dagen før hadde bilen han kom med køyrt rett inn i ei tysk stilling. Der vart fleire drept, medan Frihagen makta å komme seg unna. Problemet var berre at han mista ei mappe med svært viktige dokument og ein og ein halv million kroner. Den stod no ved Scmidt på Lindse gard. Kl. 04:00 møttest underavdelingsjefane Amundsen, Rørhus og Mordal, samt mitraljøsekompaniet sine troppsjefar for å planlegge angrepet. Mangel på skikkeleg kart gjorde det krevande, og dei visste no at dei tyske fallskjermjegarane hadde tatt norske gissel. Ein måtte derfor forsøke å sikre desse på beste måte også. Vidare var det venta forsterkning sørfrå, og 2. feltbataljon hadde også forsterkningar. I tillegg kom britane med i Haubits-kanon montert på ei jernbanevogn. Same ettermiddag fekk dei beskjed frå overkommandoen om å angripe fienden utan å ta hensyn til dei norske fangane. Heldigvis vart dei godt behandla av dei tyske soldatane, som sikra alle ved å flytte inn i ein fjøs med tjukke steinveggar. Mössinger let også nokre av gissela få lov til å gå heim for å stelle dyra sine medan dei var i fangenskap.
18 april vart det planlagd angrep frå fleire kantar, I.R.5 skulle kome frå sør, 1. feltbataljon hadde fått kontakt med tyskarane ved Tofte. Fenrik Jørgenvåg frå 2. feltbataljon skulle laste ei sterk skipatrulje på bil og køyre til kaptein Hovden, men det vart bomtur. Dei vart stoppa av tysk mitraljøseeld på vegen. Jørgenvåg kom seg likevel fram ein annan veg på ski, og var etter kvart klar til angrep på Lindse gård morgonen 19. april. I tillegg fekk Hovden forsterkningar frå fenrik Hofseth og ei bombekastargruppe leia av fenrik Rørhus. For å gjere ei lengre historie kort: Dei tyske fallskjermjegarane måtte snart gje opp kampane den dagen. Eg veit ikkje fleire nøyaktige detaljar om ordrane til kompani 4 i desse kampane, men i følge rapportane og skildringar spela mitraljøsene ei viktig rolle i angrepet. Bataljonsjef Ivar Navelsaker fortalde i sin rapport at Hofset og Rørhus hadde fått ordre om å rydde opp dalen, koste kva det koste ville. Frå fangenskap på Lindse gard, kunne sjef for 4. bataljon av I.R.11, major Alv Kjøs, fortelje at alle var samla i den gamle fjøsen til slutt bak metertjukke steinveggar. Fallskjermjegarane begynte å ville gje opp når mitraljøsene vart stilt inn mot vindauga, og dei norske granatkastarane til fenrik Rørhus byrja å få fulltreff på soldatane ved fjøsdøra. Dei hadde tidlegare forsøkt å få fritt leide, men vart avvist. Til slutt gav dei opp. I.R.5 fekk oppdraget med tyske krigsfangar og krigsbytte.
Betydninga av ein norsk seier ved Dombås
Delen av bataljonen som deltok ved Dombås og Lindsø returnerte til hovudstyrka ved Bjorli kvelden 19. april. Stab og sambandstroppar var då stasjonerte på Stuguglåten hotell, dit også kongen og regjeringa kom eit par dagar seinare. Krigshistorikar Hans Olaf Brevig poengterer at Dombås vart det første nederlaget til Tyskland, og angrepet der var resultat av at Hitler personlig beordra det. Målet var naturleg nok å hindre dei britiske styrkane frå Åndalsnes, og å kome i bakhold på dei norske soldatane lenger sør i Gudbrandsdalen. Det kunne fungert, om ikkje Göring nekta å sette inn nok flystøtte. Situasjonen for kongen og regjeringa var også kritisk dagane før dei klarte å passere Dombås. Ein hadde vurdert å frakte kongen over Grotli mot Stryn, men det var ein veldig krevande tur på den tida av året. Kong Haakon og kronprins Olav kom frå Hamar via Elverum, Trysil og Østerdalen mot Hjerkinn. Så vart dei frakta vidare med ei postvogn til Otta, og vart innkvartert på Heggelund Pensjonat natt til 14. april. Hadde dei fortsatt mot Romsdalen, i staden for å reise frå Dombås til Otta, ville vegen truleg vore trygg for dei, for Møre Bataljon var på veg frå Setnesmoen. Ein frykta kanskje dei tyske flya og angrep, eller var det planen om å kome seg mot Stryn?. Der var også dei i følget som var lokalkjende ved Otta, så det kan ha vore noko ein bestemte dersom ein ikkje visste heilt kva som var beste veg vidare. Det får meg til å tenkje at turen mot Molde vart endeleg bestemt seinare.
Men kort tid etterpå vart dei tyske fallskjermjegrane sleppte over Dombås. Det kom derfor opp eit forslag om å trekke kongen på ein skikjelke over fjellet mot Romsdalen, men det nekta Kong Håkon å bli med på. Ein av dei som følgde kongefølget, og seinare statsminister i Norge, Einar Gerdhardsen, siterte kongens svar i boka “Fellesskap i Krig og Fred” nokre år seinare: “Heller vil jeg prøve å forsere Dovre selv om jeg blir skutt under forsøket.” I.R.11 hadde derfor ingen valg. Dei måtte rydde fri veg mot Romsdalen, og innsatsen berga både kongen og regjeringa. Det klarte dei utan særleg tap av liv. Paradoksalt nok var det enkelte i regjeringa som bidrog til å beordre soldatar inn i nokre livsfarlege situasjonar, med døden til følge. I boka “Krigsvåren 1940 : felttoget i Ringsaker, Lillehammer og Gudbrandsdalen 19. april - 2. mai”, med reportasjar frå journalist Kristian Hosar og avisa “Gudbrandsdølen”, Kan ein lese at statsminister Nygaardsvold kom oppover Gudbrandsdalen til Lesjaverk gård natt til 14. april, men også han valde å returnere til Otta, og overnatta på Brennhaug gard 15. april, før også han kom til Heggelund pensjonat 16. og 17. april, medan det framleis var ein uavklart situasjon ved Dombås. Dei reiste vidare til Sandbu i Vågå, og vart verande der til 21. april saman med kongen og kronprinsen. Men så vart det garantert fritt leide over Dovre igjen, slik at turen kunne gå vidare vidare mot Romsdalen og det berømte møtet på Stuguflåten 22. april, som skulle vise seg å verte ein av dei viktigaste norske beslutningane for det seinare utfallet av andre verdskrigen, nemleg rekvireringa av den framleis frie norske handelsflåten til vestmaktene sin disposisjon under krigen (“Northraship” red. anm.). Det opna også moglegheita for å fortsette kampane, og påføre Tyskland enno eit nederlag ved Narvik. Meir kjent enn seieren ved Dombås er nok gulltransporten, sjølv om den ikkje blir rett fortalt i den nye norske spelefilmen med same namn. I.R.11 sørga også for å halde vakt over dei der. Mørebataljonane fekk i tillegg eit nytt viktig oppdrag etter at kongen og regjeringa hadde passert Dombås. Men det skulle også verte eit livsfarleg oppdrag, som ikkje alle kom frå med livet i behald. Dit vart også farfar sendt.
Mot tysk framrykning i Gudbrandsdalen
Mitraljøsekompani Hovden vart 19. april sendt attende frå Lindse mot Stuguflåten og Bjorli etter kampane. 1. mitraljøsetropp, under fenrik Aasen, vart sett av ved Lesjaskogvatnet for å beskytte den provisoriske “flyplassen” der. Farfar og 2. mitraljøsetropp vart sendt til Stuguflåten for å beskytte hotellet mot flyangrep. Kongen og regjeringa var snart venta dit. 3. mitraljøsetropp hadde ansvar for Kylling bru under kommando frå fenrik Mork. Det var kanskje den troppen som ikkje vart med til Lindse. 30 britiske soldatar og løytnant Waters var også på plass for å verne kraftverket mot luftangrep. Dei hadde kun maskingevær, og trong derfor ryggdekning frå kompani 4. Waters var no så lei av å ete britiske kjeks, at han bytta til seg norsk brød mot sigarettar. Kompaniet hadde vel helst håpa på å få whisky som betaling i staden.
Dei fekk snart beskjed, om å forflytte seg til Fåberg, og snarast laste opp på toget mot Gudbrandsdalen. Her varierar tidspunkta i kjeldene, men Kaptein Hovden har skrive 21. april omtrent kl.17 i sin feltrapport. Han har også nemnd den hemmelege ordren 16. april, som seinare vart endra. Andre kjelder har nemnd kvelden 19. april, men det er ikkje så viktig, for det skulle gå dagar før transporten vart klar til avgang. Det har tidvis vorte kritisert i ettertid, men det har si gode forklaring også. Eit langt tog kom til Verma 21. april, men det var bekmørkt, så dei rakk ikkje å laste alt før kl. 03:00 neste dag. Soldatane måtte derfor returnere til postane sine, og toget måtte skjulast i tunnelen for dagslyset og tyske fly. Den dagen var også landvernbataljonen på plass. Utpå ettermiddagen fekk kompaniet kontrabekjed. Tyske fallskjermsoldatar vart meldt sør for Bjorli, så kompani 4 måtte førebu deltaking med mitraljøsene sine. Først kl. 22:00 kom ny beskjed om å laste opp på toget likevel. Så begynte tyske fly å nærme seg Verma igjen. Jernbanesporet vart skadd, og toget måtte skjulast på nytt. Først kl. 02:00 23. april kunne toget starte turen mot Gudbrandsdalen. Bombekastartroppen vart såpass forseinka at dei måtte ta igjen toget ved hjelp av biltransport til Bjorli.
I ventetida på togtransporten trente soldatane med innskyting av gevær, øving i å kaste handgranater og “Molotowcoctails” (bensinflasker) mot stridsvogner. I tillegg hadde dei framleis vakttenesta si øvst i Romsdalen mot Lesja. Landvernbataljonen vart også med på dette. Karl O. Emblem fortalde at han stod vakt ved Stuguflåten like før og etter at regjeringa drog videre mot Molde. Det kan bety at dei tok over for 2. mitraljøsetroppen til 1. feltbataljon. Det vart ein utfordrande tur mot Gudbrandsdalen i full sol. Mitraljøsene vart sett opp som sikring, men dei mangla kamuflasje. Sjølv presenning var umogeleg å få tak i. Det lange toget var dermed eit opplagt mål, med sitt blinkande militære utstyr i finevéret. Det gjekk seint, med ei rekke evakueringar på grunn av tyske fly undervegs, men dei kom seg no likevel framover, sjølv om det gjekk seint. Etter ti timar på farten fekk dei beskjed om å stoppe kl. 12:00 den 23. april på Fåvang. Ved Otta stasjon hadde heile bataljonen, vel 800 mann i kvite forsvinningsdrakter, vorte nøydde til å springe i ly frå toget oppover gatene. Det var eit merkeleg syn. Bataljonen kom dermed ikkje til Fåvang før det hadde gått eit og eit halvt døgn etter dei skulle ha vore framme på Fåberg. I etterpåklokskapens lys skulle dei kanskje vore sendt rett til Tretten og sprengt brua der. 2. feltbataljon fekk ikkje beskjed om å reise sørover før seint kvelden 23. april. Dei kom til Fåvang om lag ein time før fortroppane til tyskarane byrja å angripe stillingane som 1. feltbataljon hadde sett opp ved elva Tromsa.
Hærens overkommando hadde ein plan om å nytte 1. feltbataljon ved både Tretten og Gausdal, men dei vart altså forseinka heilt til 23. april, og vart i staden sendt i flyskjul ved Fåberg resten av dagen. Ingen av bilane som bataljonen disponerte kom lenger enn til Ringebu. Dei vart parkerte ved prestegarden, for den låg rimeleg godt skjerma høgt oppe i lia. Trass åtvaringar frå 2. feltbataljon, hadde dei framleis med seg hestar nedover. Dei vart sendt nordover att alt den første natta, for som Odd Årflot seinare skreiv, hestar var det nok av i Gudbrandsdalen, og gardbrukarane i Møre og Romsdal trong få att hestane sine til gardsdrifta. Det var nemleg ikkje mange som hadde ein traktor på garden sin 1940.
- divisjon tek over kommandoen
- feltbataljon vart no formelt overlevert til 2. divisjon, under kommando av major E.Torkildsen. Han gav ordre om at dei skulle sette seg fast på ei strekning på nordsida av elva Tromsa. Han hadde i tillegg kommando over restar av sin eigen bataljon, samt kompani 1 frå I.R.5, som var Hans Majestet Kongens Garde sitt Dragonregiment 2. Engelske troppar, leia av brigader Morgan, venta flankestøtte ved Tretten frå 1. feltbataljon. Der lova han å halde stillinga heile dagen 23. april, men fekk inga hjelp likevel. Transporten var som kjent forseinka. Det var dessutan ei uerfaren samling engelske soldatar Morgan rådde over. Han måtte derfor starte tilbaketrekking fire-fem timar tidlegare enn først planlagt. Morgan disponerte då 700 britar og 500 nordmenn. Britane mangla sanitet, sambandskompani, stridsvogner og feltartilleri. Soldatane var dessutan stort sett frivillige, som hadde meldt seg til teneste når krigen braut ut. Dei var derfor ikkje forberedt på forholda i Noreg 1940. Tysk bombing starta når desse britane kom til Norge. Det skuldast vel at dei tyske soldatane ikkje venta seg særleg norsk motstand. Fleire trudde nok på propagandaen om at dei var her for å hjelpe dei norske, medan britane var fienden i denne krigen sidan hausten 1939. Fleire har også nemnd at det var rart å oppleve tyske fly over Setnesmoen ved mobiliseringa der. Dei angreip nemleg ikkje, sjølv om dei tydeleg kunne sjå alle soldatane som var samla der. Det var altså som følge av det britiske felttoget at Åndalsnes vart bomba. Forsøket på å stoppe kongen og regjeringa kunne også ha vore eit motiv, for tidvis fekk dei tyske informasjon om dette. Heldigvis kom slike meldingar ofte litt forseinka. Kompani 4 fekk også ein trygg tur med toget nedover.
Ting hadde nok blitt annleis om kompani 4 og 1. feltbataljonen kom av garde etter planen, eller om dei hadde reist direkte til Tretten. Dei hadde i alle fall vore på plass ein time før tyskarane kom dit, og kunne ha vore til god nytte med bombekastarane og mitraljøsene sine, men samstundes sparte denne feilen truleg mange norske menneskeliv også. Det er litt underleg å tenke på at eg kanskje ikkje hadde vore her, om farfar hadde vorte sendt dit. Resultatet hadde vel vorte det samme likevel, for tyske general Engelbrecht kom denne dagen til Fåberg med 3600 fleire tyske soldatar, slik at general Pellengahr no hadde 7200 godt væpna og kamptrente menn. Det ante visst ingen av dei norske styrkene lenger nord noko om enda. Dei godt trente britiske elitesoldatane for seint, og var på Åndalsnes først den same dagen. To av tre bataljonar steig i land der under kommandoen til brigader Smyth. Det var dei beste soldatane England makta å framskaffe. Dei kunne endra situasjonen, om dei hadde kome fram tidlegare. Men viktig utstyr hadde gått tapt i Nordsjøen. Dei mangla dessutan flystøtte frå lufta. Situasjonen for 1. feltbataljon vart derfor å handtere tilbaketrekkinga av norske og britiske soldatar på tidvis vill retrett oppover Gudbrandsdalen. Sambandet var det så som så med, og nettene var bekmørke, så dei sleit med at dei ikkje alltid visste kva det var som kom mot dei. I periodar var dei derfor redde for å skyte mot nordmenn og britar på rømmen i staden for fienden
Kampane ved Fåvang
Hærens overkommando ga kl.11.30 ordre om at 1. feltbataljon skulle i “opptakstilling” mellom Fåvang og Ringebu saman med restar av 2. divisjon. Kl. 19:00 fekk dei ordre om å besette stillingane sine før kl. 21:00. Juel gjorde Torkildsen merksam på at området var for stort og vanskeleg å kontrollere. Han klaga også på at dei “pga. av den knappe tida, skumring, og at de var tildelt en frontbredde på 13 km, hadde han dårlig tid til rekognosering" (Magnes 2020 s.205). Mitraljøsetroppane til Hovden fekk ansvaret for strekninga frå Losna til Flyen gard, ovanfor riksvegen på nordsida av Tromsa. Det var også tenkt at det einaste kanonbatteriet (kaptein Baarlid) i artilleribataljonen til Hegstad skulle vere med. Men same kveld fekk han beskjed om å flytte dette artilleriet til Kvam. Dei som skulle forsvare strekninga Fåvang til Ringebu fekk derfor ikkje behalde ei einaste kanon, sølv om tyskarane møtte dei med både kanoner, panser og stridsvogner. Det kan verke som om overkommandoen ønskte å spare kanonene sine til det siste. Dei hamna etter kvart på Brennhaug. Kan general Ruge ha tenkt å samle norske soldatar med britiske elitestyrkar til eit avgjerande slag lenger nord?
På Fåvang renner elva Tromsa gjennom ei djup og trang kløft, kalla Brekkom. Der gjorde dei norske klart for å sprenge brua over elvane Tromsa og Losna. Erfaring frå tidlegare tyske framrykningar fekk dei til å vente at tyskarane først kom dit ut på dagen 24. april, men dei kom i staden overraskande på nordmennene allereie kl. 05:30. I tillegg var det ikkje berre infanteri og artilleri som kom. Tyskarane hadde også panserbilar og stridsvogner. Dei norske soldatane hadde ingenting å skyte mot slikt utstyr. Fienden vart oppdaga i dei tidlege morgontimane, etter ei krevande natt med streng nattefrost. No var dei ved Løysnes, ca. tre km borte. I første omgang kom stridsvognene med infanteri like etterpå. Dei to kompania frå 1. feltbataljon, kompani 1 med kaptein Jens A. Amundsen og kompani 4, mitraljøsekompaniet med kaptein Hrorar Hovden, som denne teksten primært handlar om, hadde stillingane sine ovanfor riksvegen mellom Tromsnes og Flyen. I tillegg bestod feltbataljonen av kompani 2 under Andreas P. Hagaas lenger oppe i dalen, og kompani 3 under kaptein Johannes N. Gausemel ved Trøståker. Bombekastartroppen var reserve, tre kilometer lenger nord. 1. feltbataljon fekk desse oppdraga under leiing av kaptein Juel, for dei var mest utkvilte på det tidspunktet. Men det betyr ikkje at dei var stridsklare. Dagar med kampar og vakthald, for ikkje å snakke om alle forflyttingane, byrja å slite på soldatane. Bataljonen oppretta kommandoplass med stabskompaniet under kaptein Lerheim ved Trøståker. Major Torkhildsen hadde sin komandoplass ved Odlo, ca. to kilometer lenger nordover.
Det var med andre ord kompani 1 og “vårt” kompani 4 som vart plasserte i første rekkje mot fienden. Kaptein Hovden skreiv i sin feltrapport at utlastinga ved Fåvang gjekk raskt. Der gjekk flyalarmar, og ingen ville vere unødig att på togstasjonen. Kompanet fekk ordre om å marsjere mot Løsnes gard, på austsida av Lågen. Der fekk dei to timars pause, med mat og ein kort kvil. Same kvelden fekk kompaniet ordre om å gå i stilling ved hovedvegen (omtrent 2-300 meter nord for brua over elva Tromsa) til omtrent Flyen gard. Mitraljøsetroppane fekk beskjed om å passe på bruene, inkludert den som gjekk over Lågen ved Fåvang stasjon. Stillinga skulle haldast lengst mulig. Hovden skriv vidare: “Mens vi enda er samlet på verandaen på Rørvik gård (bataljonens hovudkvarter red. anm.), er vi vitne til en eiendommelig “tildragelse” nede på hovedveien: Tretten-stillingen er altså forlatt. Vi begynner å ane grunnen til den store hast, hvormed alt plutselig skal foregå på dette tidspunkt.”. Fenrik Mordal fekk telefonbeskjed om å marsjere straks nordover, forbi tettbebyggelsen på Fåvang. Han skulle få nærmare ordre frå kompaniassistenten på veg dit. Kompaniassistenten og kompanisjefen lånte seg syklar for å komme av stad. Dei hadde fått nokre grove kopiar av eit rektangelkart over området med seg. Det var så lite detaljert at dei trong hjelp av kjentfolk, for det byrja å mørkne. Tida vart så knapp at mitraljøsetroppane sine stillingar burde vore ferdige nesten før arbeidet starta. Fenrik Mork skulle plassere sin 3. tropp på høgre fløy nærmast vegen. 2. tropp skulle fenrik Berdal plassere til venstre for Mork. Det var der farfar var med. Fenrik Aasen skulle plassere 1. mitraljøsetropp på jordet ved Flyen gard. Der plasserte ein også hovudkvarteret til kompaniet. Dei hadde ingen i reservar.
Problemet med dei første plasseringane var at kartet ein hadde tilgjengeleg var for grovt rissa opp. To av troppane fann dermed ingen brukbar stilling dit dei kom. Klokka var då om lag 23:30. Mitraljøsetroppane hadde ingen oversikt over terrenget foran seg, og mangla skuddfelt. Dei trong dessutan lys, verkty og tid, men det mangla dei. Fenrik Mork og Berdal fekk derfor beskjed om å forsøke å finne betre stader nærmare Flyen gard. Kompaniet fekk ingen telefonkontakt med bataljonleiinga, og måtte derfor sende skriftleg beskjed. Då var klokka 23:50. Det gjekk dessutan verdifull tid utan at dei fekk svar frå leiinga. Farfar sin tropp fann ei litt betre stilling høgare oppe i lia nær Flyen gard, men stillinga var fortsatt dårleg. Berre ein del av vegen syd for Fåvang kunne “bestrykes”. kl. 05:30 kom kompaniassistenten dessutan attende med uforetta sak. Han hadde ikkje fått tak i bataljonsjefen, og snart rykka tyske styrkar fram mot dei. Til tross for mitraljøseeld frå dei norske soldatane, rykka tyskarane likevel framover. Det var kun 1. mitraljøsetropp som makta å seinke frammarsjen ved bygdevegen mot Flyen gard. No starta også artillerielden mot dei for alvor.
Oberst Munthe-Kaas skreiv seinare at ei framskoten mitraljøsestilling gjekk først til aksjon: “de første motorsyklene ble skutt overende i svingen foran stillingen, og tyskerne som ikke fant dekning, løp i panikk utover jordene og ble skutt” (Munthe-Kaas Bind II)
Mitraljøsestillinga fekk dermed artillerielden retta mot seg. Det var ein voldsom kanonade. Ragnar Ulstein skriv at elden frå stridsvognene og Pellengahr sine kanoner sprengde kiler i forsvaret. (Ulstein 1999 s. 27). Fleire av dei norske hadde også gått ein og ein halv dag nesten utan mat. Dei vart forferda når motelden frå norske gevær og mitraljøser berre prella av på stridsvognene som kom køyrande i stor fart over elva, sjølv om brua var sprengt. Tyske soldatar som hoppa ut av dei pansra køyretøya fall for norske kuler. I følgje historikar Einar Hovdhaugen, var det mitraljøsekompaniet til møringane som stod for eldgjevinga der. (Hovdhaugen s.32). Men så starta det å hagle granatar mot mitraljøsestillingane. Til slutt måtte dei norske soldatane trekke seg attende to kilometer. Kompanisjef Hroar Hovden skreiv følgjande om sitt mitraljøsekompani:
“Kompaniets stilling er uholdbar, langt fra hovedveien hvor kanskje fienden rykker videre fram, dertil dårlige stillinger og intet samband med bataljonen. Vi risikerer å bli omringet eller avskåret. Stillingene oppgis og troppene rykker tilbake. Kompanisjefen søker bataljonsjefens KO på Trøståker og støter underveis på Feltkp. 1´s sjef, kaptein Amundsen, som ligger i stilling ved hovedveien med en liten tropp. Opplysninger og orientering søkes hos kaptein Amundsen, men han vet intet, og er i sterk villrede: Skal han på eget initiativ trekke sine folk tilbake? Feltkp. 4´s sjef kan ikke gi noe bedre råd enn at kaptein Amundsen får slå følge til bataljonsjefen og søke forholdsordre.”
Hovden og Amundsen visste ikkje på det tidspunktet at bataljonsjefen med stab hadde flytta seg frå Trøståker. Etter forsøk på å nå han på telefon der, måtte dei i staden returnere med uforretta sak. På veg attende gjekk Hovden seg uheldigvis rett på fienden, som allereie hadde passert Trøståker. Eit forsøk på springmarsj nytta ikkje, og Hovden vart teken til fange. Han var no ute av stand til å leie kompaniet sitt vidare. Nestkommanderane, fenrik Mordal samla derfor resten av mitraljøsekompaniet, og leia tilbaketrekkinga. På vegen møtte dei kaptein Hagaas, som også hadde søkt bataljonsjefens ordre utan å få svar. Dei vart derfor einige om å operere sjølvstendig med kvart sitt kompani.
I ettertid samla kaptein Hovden inn følgande rapport om det som skjedde vidare: Mitraljøsetroppen trekte attende til det dei meinte måtte vere ein rimeleg sikker stad. Dei tok ein rast i granskogen, og etablerte vakthald. Fenrik Berdal makta å få tak i bataljonssjefen. Dei skulle straks gå i beredskap, og fenrik Mordal skulle møte i bataljonens nye KO på Elstad. Kl.16:00 fekk dei beskjed om å opprette nye stillingar sør for Ringebu kyrkje. Der skulle dei bremse framrykkinga av tanks og panservogner. Farfar sin tropp fekk melding om plassering 3-400 meter framfor Elstad gard. Stillinga skulle ikkje forlatast. 300 meter søraust for Elstad skulle 3. troppen plassere seg. Underleg nok skulle bombekastartroppen stå kun i reserve. Dei hadde hatt behov for slikt skyts mot panservognene. Kompaniet fekk endeleg litt mat. Løytnant Tryggestad kom nemleg med hermetiske seikaker, og føraren for ammunisjonstrenet, fenrik Digerås kom med ammunisjon. Eg må innrømme at det er rart å lese dette i rapporten til kaptein Hovden. Farfar sin livshistorie kunne nemleg enda der ved Elstad, men det gjorde den heldigvis ikkje.
Litt meir om situasjonen for bataljonen ved den første stillinga ved Fåvang
- feltbataljon sitt kompani 1 vart etter kvart pressa nordover, så kompani 2 og 4 risikerte å bli omringa av tyske styrkar som rykte fram mot flanken deira. (Munthe-Kaas 1955 s.189). Dei vart avskorne frå resten av bataljonen, og måtte derfor trekke seg attende langs den gamle kongevegen parallelt med riksvegen. Dei stoppa omtrent i høgde med kompani 1 og 3 ved Trøståker. Major Torkildsen fekk beskjed om dette kl.08:00 via telefon. Han beordra straks kompania fram igjen. “Imidlertid rapporterte majoren den nye situasjon, som var oppstått atskillig tidligere enn beregnet, til divisjonen. Denne gav ordre om tilbaketrekning til Sel”. (Munthe-Kaas 1955, s.189). Det var, som eg tidlegare har skrive, eit krevande samband mellom kompania. Årsaka var vel dels for stort område å forsvare, 4-5 gongar større enn normalt (Magnes 2020 s.206). Sambandsproblem hadde dei også opplevd i avgjerande kamphandlingar tidlegare, og no måtte kompania slåst kvar for seg. Bataljonsjef Juel planla ny organisering og sendte ut ordonnansar. Kommandoplass og bombekastarane vart flytta til Elstad, forbi Elstadkleiva. Der vart det gjort klart for sprenging, men ordrane kom ikkje fram til avdelingane. Kompani 1 fortsette derfor nordover langs riksvegen, og kompani 2 trakk seg nordover langs den øvre bygdevegen, medan kompani 4 vart trekt attende til Elstad på eige initiativ. Fleire av kompania måtte nemleg ta eigne valg. Dermed vart ikkje alt heilt i tråd med bataljonsjefens strategi. Det vart også misoppfatningar. Når Juel fekk beskjed om tilbaketrekninga til kompani 2 og 4, omorganiserte han bataljonen og flytta hovudkvarteret. Det var under dette arbeidet Kompanisjef Hroar Hovden gjekk seg inn i ei tysk avdeling og vart teken til fange. Som tidlegare nemnd tok nestkommanderande, Søren Mordal, over kommandoen under tilbaketrekninga mot Elstad. Formiddagen, den 24. april, var tyske styrkar komne fram til vestsida av Losna. Skyting la hindringar i vegen for kompani 1, og kompani 2. Dei kom under tysk eld fleire gongar. Det stoppa frammarsjen langs den øvre bygdevegen mot Odlo og Ringebu. Dei måtte derfor trekke seg unna oppover fjellet, og gjekk gruppevis nordover. Kompania vart ikkje samla att etter det.
Siste fase for kompani 4, kampane ved Elstadkleiva
Fjellsprenginga ved Elstadklaiva vart utført etter at kompani 1 og 4 hadde passert. Tyskarane forsøkte å rydde seg veg der, men dei norske mitraljøsene stod i vegen. Kompani 1 vart sendt vidare nordover, medan kompani 3 og 4 skulle vere att å dekke sprengingstaden. Alle dei andre avdelingane under major Thorkildsen var på det tidspunktet trekte attende, så dei var no heilt åleine i kampområdet. Saman med kompani 3, vart dei tre mitraljøsetroppane i kompani 4 gruppert nord for Elstadkleiva. Sidan Hovden var tatt til fange, forstod Juel at han sjølv måtte ta direkte kommando over mitraljøsetroppane i kompani 4. Vi skal no sjå litt nærmare på korleis det gjekk med desse mitraljøsetroppane.
1. Mitraljøsetropp (Kristen Aasen) fekk ei stilling oppe ved bygdevegen, ved brua over Brandstadelva. Der bygde dei opp ei sperring av grovt tømmer på vegen frå aust. Ei tysk styrke, som eigentleg skulle angripe kompani 2, vart stoppa der i fleire timar. Det var ikkje mogeleg å passere under brua på grunn av eit langt bratt gjel. Dei fekk beskjed om halde den stillinga uansett kostnad, og det vart ei hard tørn. I rapporten til Aasen kjem det fram at dei heldt stand i fem timar, før tyskarane klarte å ringe dei totalt inn. Det skuldast ei god stilling og gode skyttarar. Han opplevde det derfor som underleg at dei makta å komme seg unna på slutten. Dei sprang rett opp i ura, krabba og kleiv, “i en helvetes ild fra alle slags tyske våpen. De så oss nemlig hele tiden. Det ble for stor påkjenning for soldatene, så de kastet en del våpen og pakninger.” Dei enda til slutt i ei steinhole, og soldatane vart sendt ned att etter det dei hadde kasta frå seg i panikken. Troppen hadde dermed stått i eldlinja heilt til dei ikkje hadde håp om å halde att lenger. Å halde stillinga ved brua lenger kunne dermed reknast som å bli drept eller fanga. Målet vart derfor å prøve å komme seg foran tyske styrkar att, for å ta opp kampen der. Slik gjekk det ikkje. Troppen hadde i tillegg gjeve dekningseld til avdelingane som forsvarte riksvegen. Der hadde dei lenge hatt god kontroll, og mange tyske soldatar fall. Men situasjonen var håplaus mot overmakta. Likevel klarte dei å seinke fienden. Mitraljøsetroppen klarte ikkje å ta att tyskarane før Otta. Dei gjekk Ringebufjellet mot Dombås, men då hadde dei norske soldatane reist derifrå. Troppen fekk til slutt plass på eit tog med engelske etternølarar frå Lesja. Sjøv kapra fenrik Aasen ein motorsykkel, på veg mot Horgheim for å melde av for regimentet. Troppen fortsette til Isfjorden og Åfarnes, men fann ikkje att kompaniet før demobilisering.
Opplysningar om farfar sin tropp i kamp
- mitraljøsetropp, leia av fenrik Tore Berdal, gav følgande informasjon om hendingane i stillinga ved Elstad i etterkant. Den er basert på det Berdal skreiv i rapporten sin til Navelsaker:
“ Ca. kl.18:00 rykker tanks og panservåpen fram etter hovedveien mot våre stillinger. Jeg med 2. mitr. tropp opptar kampen med samtlige mitraljøser. (den eine har farfar, Hans, ansvaret for som lagførar red. anm.) Etter 10 minutters kamp går fienden tilbake. Kampen ble utkjempet på 150-200 meters avstand og fienden har antakelig mange døde og sårede.
Etter nye 10 minutter blir troppen intenst beskutt med artilleri. Jeg finner det nytteløst å bli liggende i stillingen og bestemmer meg for å gå tilbake for å innta ny stilling. Men å gå ut av stillingen og rykke tilbake med de tunge mitraljøser og ammunisjonen - vi hadde ingen transportmilder - det tar sin tid, og før vi er kommet ½ kilometer bakover er de fiendtlige tanks etter oss og skyter på oss med mitr. og mg. Troppen må hurtigst mulig spre seg opp i skogen. Imens rykker fienden fort fram. Jeg står i fare for å bli avskåret og bestemmer meg for å nå tilbake til kompaniet gjennom skogen ovenfor veien. Det mislyktes imidlertid. Troppen gikk i fjellet i flere dager før det endelig lyktes - på Dombås - å komme forbi fienden og ned Romsdalen.“
I ein annan rapport til leiaren for 1. feltbataljon, kaptein Juel, skriv Berdal også litt meir om hendinga. Her er eit utdrag:
“(...) Bataljonschefen (Juel red. anm.) gir personlig sin ordre til troppen, og peker ut stillingen. Og stillingen er utmerket. Vår oppgave er for enhver pris å hindre fremrykking etter hovedveien.
På grunn av den knappe tid, har vi ikke kunnet utbedre stillingen med dekning foran mitraljøsene. Ca. 150 m foran stillingen på hovedveien er laget en veisperring av tømmer. Kort tid etter at troppen er i stilling, får vi kontakt med fnd. (fienden red. anm.). En patrulje på 3-4 mann rykker fremover langs hovedveien. Jeg lar patruljen komme helt frem til sperringen, gir så ordre til geværfolkene om å skyte. Patruljen gikk tapt. (kan det vere motorsykkelpatrulja som oberst Munthe-Kaas nemner i si bok? Den er nemnd lenger opp i denne teksten red. anm.). Fiendens artilleri gikk etterhvert hardt inn for å komme frem til sperringen for å bryte den, men vi holdt dem tilbake. Ved 17-tiden går så fnd. for alvor til angrep med stridsvogner. Jeg lar dem komme helt frem til sperringen, slik at tanks og panservogner står tett etter hverandre på hovedveien. Idet de forsøker å bryte seg gjennom sperringen, åpner troppen en samlet, intens ild fra alle mitraljøser, og fnd. svarer med en gang med sine mitraljøser og maskingeværer. Det blir nu en hard kamp på kort hold. Våre våpen er imidlertid gode, vår stilling dominerende, og soldatene gjør sin plikt. Og vi går av med seieren. Etter ca. ½ times forbitret kamp går samtlige stridsvogner tilbake, og en hel del sårede og døde etterlates. På så kort hold har våre tunge, nye mitraljøseammunisjon så stor gjennomslagskraft at stridsvognene ikke kunne greie seg. Vi selv hadde midlertid ingen tap. Fnd. skjøt over. (...)”
Vidare fortel han at dette ga troppen nytt mot, men dei visste at det no vart sett inn tyngre skyts mot dei. Bombefly og artilleri. Det kunne dei ikkje forsvare seg mot. Granatane blinka i sola, og for tett over hovudet på dei. Tidlegare hadde dei skote forbi mitraljøsetroppen, men så begynte dei å få sikta seg inn. Granatane traff nærare og nærare. Ein granat traff gårdsplassen, og ein annan traff løa i nærleiken, som tok til å brenne. Dermed stod det om livet til troppen, så dei valde i staden å trekke seg lenger tilbake, for å sette opp ny stilling. Men problemet var at utan transport, tok det tid, og fienden tok derfor innpå bak dei, slik han også skreiv til bataljonsjef Navelsaker i eit utdrag litt lenger opp i denne teksten. mitraljøsekompania var neppe fullt utstyrt med hjelmar til alle saman, og dei var ikkje trent opp med tanke på nærkamp heller. Det som senka mitraljøselaga var nok belta med den tunge ammunisjonen, når den ikkje kunne fraktast med bil eller anna transport.
Litt om den siste troppen i kompaniet
3. mitraljøsetropp, leia av Peder Mork, måtte som kjent endre si stilling ved Elstad. Han fortalde i rapporten sin seinare at bataljonssjefen gav ordre om ny posisjon ved skulen. Ved Elstad gard delte vegen seg, og ved skulen nedanfor Ringebu kyrkje var det omtrent 40 meter mellom dei to vegane. Der sette dei opp mitraljøsestillingane med to lastebilar som vegsperring bak dei. Der skulle dei stoppe fienden så lenge som mogleg. Troppen gjorde det beste ut av situasjonen, men oppå ein brink utan skjul eller dekning var dei godt synlege. Tyske fly kretsa over dei, og troppen vart snart oppdaga. ca. kl.17-18 starta det tyske artilleriet å skyte mot dei frå ei skjult stilling. Dei hadde derfor ingen å skyte mot. Mork rekna med at det var snakk om ei haubitskanon med sprenggranat. Den første traff 40 meter bak dei. Den neste sprenggranaten landa 30 meter bak, og så vart det berre 20 meter att. Dei valde å ta med seg mitraljøsene opp ei slukt gjennom lia. Tyskarane skaut granatane etter dei, men bomma heldigvis. Oppe i lia møtte dei kaptein Hagaas på retrett, og fann til slutt ei seter å overnatte på. 25. april møtte dei att 2. mitraljøsetroppen til fenrik Berdal. Peder Mork fortalde at dei flakka i kring på setrane på leit etter mat, men det gjekk heller dårleg. 3. april valde dei to troppsjefane derfor å løyse opp troppane, slik at soldatane lettare skulle klare å skaffe seg nok mat i mindre grupper. Dei var nemleg omtrent 80 mann i lag.
Gustav Furland var stasjonert ved ei mitraljøse tilhøyrande 3. troppen ved skulen i Ringebu. Han fortalde at dei sette opp ein slik sperreeld at tysk framrykking vart stoppa ei stund, før tyskarane fann ein brøyta veg oppe i lia langs riksvegen, og kom seg rundt mitraljøsene på den måten. Furland fortalde også at mitraljøsetroppane derfor måtte vere snare å rømme, for å unngå å verte omringa. Dei kom seg opp fjellsida på austsida av dalen, forbi gamlekyrkja med tysk eld etter seg. På ei seter, fann dei både mat og ski, slik at dei kunne kome seg vidare mot heimfylket. Det var kanskje etter at troppane var oppløyste. Men det er derfor litt underleg at dei gjekk 14 timar per dag med dei tunge mitraljøsene framleis. Først på Høvringen fekk dei to dagers kvile og mat. Alle soldatane i kompani 4 var ikkje like heldige.
At mitraljøsetroppane aldri rakk å komme seg attende til Gudbrandsdalen lenger nord, før tyskarane hadde fått kontroll, er ikkje så rart. Frå tyske filmopptak under kampane i Gudbrandsdalen ser ein tydeleg den djupe og råtne snøen ein måtte kjempe seg gjennom så snart ein kom utanfor brøyta veg. Berdal sin mitraljøsetropp hadde visst eit håp om at tyskarane skulle bli stoppa ved Rosten, men kom seg ikkje ned frå fjella att før Dombås. Det måtte dessutan ha vore ein stor omveg. Årsaka var at tyske soldatar kom opp i fjella omtrent ved Kvam, og dei angreip setrane også. Også sivilistar vart drepne der. Fenrik Berdal fortalde sjølv meir om situasjonen seinare:
“Troppen slet seg så over fjellet med tunge pakninger, mitraljøser og ammunisjon. Ski hadde vi ikke, så vi gikk om natten på skaren. Mat hadde vi bare når vi fant rester på setrene vi passerte. Flere ganger forsøkte troppen å gå ned i dalen, men tyskerene kom oss alltid i forkjøpet.” (Munthe-Kaas 1955, s.192). Det var same dag som kampane tok slutt, 1. mai. 1. feltbataljon mista kompani 2 og 4 den 24. april. Dermed hadde dei ikkje mitraljøsekompani lenger, men ingen nordmenn miste livet i desse kampane heldigvis. Det var kun ein fenrik som vart såra ved Elstadkleiva. No var det berre kompani 1 og 3 att av 1. feltbataljon, samt stabskompaniet og bombekastartroppen i reserve. Dei måtte trekke seg attende mot Rosten, nord for Sel, sterkt pressa av tyskarene. Det vart vist mykje heltemot, men ut på dagen måtte likevel heile detasjement Torkildsen med 85 befal og 1037 menige soldatar rømme nordover i spreidd formasjon. Retretten skulle gå til Sel.
Mitraljøsekompania til 1. feltbataljon hadde først makta å lage ei luke mellom dei tyske fortroppane og dei norske og britiske baktroppane ved Elstad, men det skjøna tyskarane fort, så dei køyrde på så hardt at dei klarte å tette luka ved Vinstra. Klokka 23 på kvelden. vart dei derfor overraska i divisjonskvarteret på Branderud i Sør-Fron over at 1. feltbataljon vart kasta tilbake så tidleg. Dei måtte derfor flykte nordover. Hovudkvarteret vart flytta vidare til Moen gard ved Sel kyrkje. Ved Kvam fann britiske styrkar seg mange gode stillingar i terrenget. Nye panserverngevær vart også nyttige der. På strekninga frå Kvam mot Otta møtte tyskarane dermed hard motstand.
Likevel skulle det ikkje gå lenge før det gjekk gale for 2. feltbataljon og bataljonsjef kaptein Navelsaker. Natt til 25. april hadde han heilt utslitt kvilt seg litt i full uniform, men var då heilt uvitande om at tyske styrkar gjekk så raskt framover, og var kun var ein halv time unna. Det seier litt om kor uoversikteleg situasjonen var på det tidspunktet. Bombekastarane vart sikta inn på vegen før det blei mørkt, men dei hadde enno ikkje fått ammunisjonen på plass. Dei siste norske bilane passerte stillinga kl. 23. Like etterpå kom tyske troppar med panserbilar og stridsvogner. Det var så stummande mørkt at uten skikkeleg informasjon trudde vaktene først at dei var dei siste norske soldatane som kom. Kven det var kunne dei ikkje sjå. Kaptein Navlsaker vart dermed overraska når dei tyske fortroppane med eitt hadde passert posten hans. Han mista dermed kontakt med avdelinga, og måtte på kort tid beslutte å søke til fjells. Han fekk seinare kontakt med eit av kompania, men dei var så sterkt medtatt, og uten særleg kampverdi, at han valde å løyse opp heile kompaniet. I tillegg hadde fleire soldatar den siste tida slite med nervesamanbrot. Dei hadde fått minimalt med søvn og marsjerte nettene. Skytinga hadde også tatt på. Få var forbereidde på ekte krig i fleire veker, og dei var no berre unggutar mot profesjonelle tyske soldatar. Likevel hadde dei makta å slå attende det tyske angrepet mot Dombås nokre dagar tidlegare. Ein kan knapt forstå kor viktig akkurat det vart for Norge, ein del av krigshistoria som er kraftig undervurdert i ettertid. Kanskje på grunn av retretten frå Gudbrandsdalen etterpå.
Bataljonsjefen ga etter krigen ein kommentar til bataljonens nederlag:
“Ikke en feltkanon, ikke en tankkanon, ikke et fly dekket regimentets infanteri, verken i forsvar eller angrep. Motstanderens tanks og fly ble møtt av infanterikuler som prellet av på stålpanseret.” (Navelsaker 1947 s. 10). Han fekk støtte av fleire tidsvitne, som uttala at dei stadige flya opp og ned Gudbrandsdalen var det som plaga dei mest. (Ulstein 1999, s.31)
Heimturen mot Norddalen
Eg har ikkje funne noko særleg om korleis farfar sin mitralsjøsetropp kom seg attende til Møre og Romsdal etter att troppsjefane beslutta å dele opp 2. og 3. mitraljøsetropp i mindre einingar oppe i fjella. Eg har blitt fortalt at farfar gjekk Tafjordfjella heimover, og eg har også høyrt at han tok turen saman med lokalkjende mot Norddalen, men der er enno ikkje funne klare prov på det i skriftlege kjelder enno desverre. Eg har i den seinare tid søkt via historiske grupper på Facebook etter fleire som kan ha høyrt liknande fortellingar, utan at dei har kome fram i offentlege tekstar og bøker. Mellom anna har min tidlegare kollega, krigshistorikar Per Arnt Harnes delt ein tekst han tidlegare har skrive om den britiske løytnanten Alastair Mackenzie sin strabasiøse retrett saman med lokalkjende soldatar mot både Eikesdalen og Eidsvågen frå Otta. Andre har fortalt om slektningar som turen heim att via både Geiranger, Eikesdalen og Strynefjellet, så det er ikkje utenkjeleg at der har vore fleire improviserte turar opp i Tafjordfjella, etter at eit stort antal soldatar skulle dele seg i mindre grupper på om lag 5 soldatar og komme seg heim att frå områda ved Mysusæter og Høvringen som best dei kunne. Årsaka var så enkel at dei ikkje makta å skaffe seg mat som tropp eller avdeling lenger. Noko måtte dei derfor gjere. Ein skal heller ikkje gløyme planen om å frakte kongen via Grotli mot Stryn få dagar tidlegare.
Men namna på soldatane i 2. og 3. mitraljøsetropp tydar ikkje på at der var nokon typiske namn frå det Norddalsområdet. Farfar sin ven, Gregorius Relling deltok dessuten i mitraljøsetroppen til kompani 8. Det var i 2. feltbataljonen, der farfar truleg var stasjonert før 9. april, for han var saman med den feltbataljonen under nøytralitetsvakta på Madlamoen. Gregorius sin mitraljøsetropp var 2. tropp av kompani 8 var på Dombås 14. april, og kom i kamp og bakhald i Gudbrandsdalen seinare. Det var ved Kvam. Fleire vart skotne og teken til fange, men Relling kom seg unna saman med 6-7 andre. Han fann attende til resten av feltbataljonen sin kort tid seinare, og fortsette truleg saman med dei. Det var i denne troppen soldat Selboskar vart drepen. Eg undrar meg også over at dei fleste norddalsnamna er tilknytta den delen av kompani 4 som kom ned i Romsdalen. Offiser Tore Berdal gjorde også det. Eg har derfor undra meg over om dei lokalkjende kanskje var lokalkjente via erfaring frå Sunnmøre turistforeining. Men den nyare boka med historia om Sunnmøre turistforeining gjev ingen opplysningar om akkurat det.
Eg vil tru at farfar kan ha gått frå setrane nær Elstad mot Høvringen, Dombås, eller kanskje mot Vakkerstøylen i Tafjordfjella, slik fleire i det same kompaniet gjorde. Kaptein Andreas Hagås i 2. kompaniet til 1. feltbataljon skreiv i dagboka si om kampane i Gudbrandsdalen at hans kompani måtte trekke seg tilbake frå Fåvang mot Trøgstad. Dei fekk beskjed om å søke austover mot Rørosbanen. Det vart ein håplaus marsj i djup snø, utan ski eller mat. Dei kom seg opp til Hjelsæter etter mykje fram og tilbake, men gav opp turen mot Rørosbanen. Dei gøymde militære effektar på fjellgardane, og splitta seg opp i mindre grupper. Hagås ga beskjed om at ingen måtte fortsette opp på fjellet. Det var betre å skaffe seg sivile klede nede i bygda. Søndag 28. april fekk dei beskjed om at også 2. bataljon var sprengt. Dei starta dermed på marsjen mot Sel, Mysusæter og Høvringen, altså i same område som delar av kompani 4 truleg var. Der var enno fleire i det same området. I feltrapportane finn eg dette nemnd, og offiserane er også nemnde med namn. Nokre møtte kvarandre sporadisk, medan dei jakta på mat. Akkurat matproblematikken må ha vore ganske omfattande. I tillegg tok det tid å flytte resten av dei tyske styrkane mot Dombås, så der var vel ikkje så mange val anna enn å halde seg oppe i fjella heller. Det er viktig å ta med i vurderinga når ein les at soldatane til slutt måtte gje opp, og at det vart håplaust etter kvart. Mitraljøsetroppane hadde forsøkt å få tak i mat og ski i fleire dagar, før dei tok den beslutninga. Frå ei anna avdeling vart det rapportert at snøen gjekk omtrent til midja på soldatane. I andre rapportar vert det også framheva at det var råtten vårsnø. Tore Berdal løyste utfordringa med å bevege seg om natta på skaresnøen. Fleire gjorde kanskje det. Ein annan informant har fortalt at bestefaren kom heim til Måløy med tydelege teikn på mange dagar i snø og sterk sol.
Kaptein Navelsaker skreiv seinare at dei britiske troppane fekk ordre om å reise frå Norge den 29. april. Dei fekk den beskjeden frå England nokre dagar tidlegare. 1. mai fekk I.R.11 ordre om å demobilisere. Det visste kanskje ikkje Hagås. Den dagen kom dei til Trosdal, på veg mot Lesja, og trudde at dei var forbi tyske styrkar, men i siste liten oppdaga dei at dei i staden marsjerte ved siden av tyske avdelingar. Ruta vart derfor endra mot Tafjordfjella. Der tok dei ein kviledag på Vakkerstøylen 5. mai, før dei gjekk vidare mot Grønning i Valldalen og ned mot Sylte 6. mai. Turen tok 13 dagar. Det kan ha vore den same vegen farfar og norddalingane tok, for Tafjordfjella kan i alle fall høve. Dei kan også ha gått mot for eksempel Kaldhussetra, og Nøreherdalen mot Norddalen, eller tatt båtskyss frå Valldalen. Det siste alternativet var kanskje lettast, men forklarer ikkje at farfar enda i Norddalen. Mellom turisthyttene til Turistforeininga på Sunnmøre var det også høvlege dagsmarsjar og mat tilgjengeleg oppe i fjellet. Tilgangen på mat og ski undervegs, sette nok begrensingar for kvar veg dei våga å gå. Tidspunktet dei passerte Lesja og Bjorli eventuelt, kan også ha påverka vegvalet. I fleire av rapportane vert det nemnd at dei fortløpande vurderte moglegheitene dei hadde.
Fleire møttest ved Mysusæter, og farfar sin tropp kunne også ha tatt av ved Kvam og gått vidare mot Skjåk, slik bataljonssjef Navelsaker og fleire andre soldatar valde. Dei kunne også ha svinga av mot Tafjorden eller Herdalen frå Geirangerfjellet. Dermed var Norddalen eit mogeleg endepunkt, men det var uansett ein lang tur på råtten maisnø. Eg har også høyrt at ikkje alle fekk lånt ski. Farfar miste dessutan lokket til I.R.11 kaffikjelen sin på denne turen. Kaldhus-Petter fortalde far min at det var lokalkjente norddalingar som leia turen over mot Sunnmøre. Det får meg til å tenke at det kanskje hadde vore lurt å forsøkt å få transport delar av vegen. Opp Ottadalen var det litt fredlegare enn å gå etter kamphandlingane mot Dombås og Bjorli. Dei visste kanskje ikkje korleis det gjekk, eller fekk dei vite meir av lokalbefolkninga dit dei kom. Dei må ha hatt behov for å få seg mat på vegen i alle fall. Eg tenkjer at det Kaldhus-Petter fortalde om farfar er korrekt, sjølv om eg skulle ha visst litt meir. Eg har derfor forsett å drodle litt på alternative ruter og medvandrarar. Løytnant Navelsaker kryssa dalen sør for Kvam, kledde seg i sivil, og returnerte via Vågå over Grotli mot Geiranger til Ørskog. Han melde seg for regimentsjefen 4. mai, men då var kampane over i Midt-Norge. Like før han nådde Grotli kolliderte eit tysk Heinkel bombefly med eit britisk jagerfly (Blackburn Skua) der 27. april. Det enda med nødlanding, og ein kamp for å overleve på høgfjellet. Hendinga vart seinare til filmen “Into the White” i 2012.
Eg har stussa på kvifor det er mest uråd å finne spor etter soldatane som fekk i oppdrag å finne heim att i mindre grupper. Eg tok derfor til å leite enno grundigare i hefter og minneskrifter frå Lesjatraktene, Skjåk, Stranda og gamle Norddal kommune. Der fekk eg etter kvart tak i nokre bruddstykker frå hendingane. Lars Langlo fortalde om far sin, som var løytnant i I.R.11, og rulleførande offiser for eit kompani frå Søre Sunnmøre. Det er nok nestkommanderande, løytnant Sivert Langlo i Kaptein Andreas Hagås sitt 2. kompani frå 1. feltbataljon. Gjengen som gjekk Tafjordfjella. Dei hamna, i følge det Sivert skal ha fortalt sonen sin, til slutt ved Lågen i Gudbrandsdalen, og møtte tyskarane frå ei stilling i furuskogen der. Det var ein fryktlaus og temmeleg skuddsikker gjeng utstyrt med mellom anna maskingevær. Kompanisjefen stod attmed ei furu, når ei tysk kule slo inn i furuleggen ti centimeter frå hovudet. Først då sette han seg ned. Så starta dei tyske bombekastarane å skyte mot dei, så furubaret hagla frå trea. Då kom ein av soldatane slepande med eit maskingevær. Kapteinen ropte, og spurte kva han hadde tenkt seg, og svaret han fekk var: “Eg må fram på kanten, for der bakfra ser eg ingen tysker”. Men så gjekk dei til slutt tom for ammunisjon og mat. Det stoppa opp ved Otta. Til slutt måtte kompanisjefen kalle saman karane og fortelje dei om den håplause situasjonen dei var i. Kompaniet måtte gi opp kampen. Alle fekk sjølv velje, anten å ta seg over til Østerdalen, eller slå følge med hovudstyrka som ville gå over fjella heim til Sunnmøre. Då måtte dei ha både mat og ski. Det vart ikkje så enkelt. Einaste råd var å gå innom gardane i dalen, men om tyskarane fekk vite det, vart garden bomba og sundskoten. Dei måtte derfor gå i små grupper når natta var mørkast, og anten byte til seg eller kjøpe det dei trong. Dei kryssa dalen ovanfor Otta, og tok seg vidare opp i høgda. Der kunne dei sjå tyskarane rykke fram. Dei kom ned att i Valldalen etter 8 dagar. Knut Frøysa fortalde Sunnmørsposten om at også britiske armésoldatar forsøkte å komme seg mot kysten via fjella og bygdene i indre strok på Sunnmøre i mindre grupper. Der fekk dei hjelp, men det vart strabasiøse turar dit. Åtte av dei kom seg opp i fjella frå Kvam mot Skåbu, og byrja på å gå Jotunheimen utan ski. Dei hadde slete seg fram i ein månad, før Sverre Skåre frå Oppstryn kom over dei på veg mot Erdalseter. Då hadde dei passert Skjolden og gått over Jostedalsbreen. Det vart også ein krevande tur vidare mot kysten via mellom anna Sykkylven.
Eg lurer også på om endestaden Norddal kanskje ikkje var i bygda Norddal, men kommuna (den heiter Fjord no. red. anm.). Då kan Valldalen vere like rett. Var det slik at turen likevel gjekk mot bygda Norddal (ofte også kalla Dalsbygda red. anm.), fekk farfar sikkert seng og losji hos kompisen Gregorius Relling på Fremste Dunavollen. Han var vel kanskje heime att før farfar kom dit. Dei besøkte kvarandre fleire gongar i ettertid. Gregorius var også på besøk i Larsgarden på Østrem og i Kaldhusgarden. Dei syntest nok at det var artig å møtast i bryllaupet til far min. Han gifta seg nemleg i heimbygda til Gregorius seinare. Mor mi vaks opp på hi sida av elva for Gregorius sin gard, og ho gjekk på skulen ved tunet hans på Dunavollen. Naboar og bygda stilte opp med overnatting for bryllupsgjestar frå Emblem den gongen. Mor var også nabo til Kjell Krohn Dalen, som gifta seg med Petter si dotter, Turid, i Kaldhusgarden. Turid er søskenbornet til far min, så verda er ikkje stor. Farfar hadde også spela fleire fotballkampar mot Norddal idrettslag både på Engeset og Emblemsanden. Mange var derfor godt kjende frå før av.
Eg er litt usikker på kvifor farfar aldri snakka om opplevingane sine under verdskrigen. Kan det vere snakk om sterke opplevingar han ikkje orka å fortelje om igjen? Feltrapportane viser at det må ha vore mange sterke synsinntrykk desse krigsdagane, særleg ved Elstad. Svogeren, Kaldhus-Petter, var ikkje i fremste rekke, for han var i Landvernbataljonen. Det kan dermed ha vore litt lettare for han å snakke om slikt etterpå, og det gjorde han visst gjerne. Det same gjorde Karl O. Emblem, slik at der finst lokale tidsvitne frå mobiliseringa. Men eg har enno ikkje funne sitat frå dei frå bygda som deltok i første rekke. Eg vil tru at svogerane snakka seg imellom i etterkant, men eg kjenner ikkje til at farfar fortalde til eigne born. Det kan sjølvsagt skuldast at dei ikkje var så gamle når han brått gjekk bort påska 1966. Dei var den gong ikkje så veldig gamle, og sikkert ikkje så veldig interesserte i akkurat fortelijngar om verdskrigen heller. Kaldhus-Petter levde mykje lenger, og det er vel gjerne på sine eldre dagar ein har tid og interesse av opplevingar attende i tid.
Her stoppar denne teksten om farfar og kompaniet til Hroar Hovden i 1940, men eg er alltid på jakt etter meir stoff frå den som som tilfeldigvis veit meir. Kontakt meg gjerne på sveostrem@hotmail.com
Kjelder:
Brevig, Hans Olaf: “Et regiment i krig og fred IR 11, 1911-1995”, Nytt i Ukas Forlag, Ålesund 2001.
Harnes, Per Arnt: “Retretten fra Otta 1940”. Publisert i tidskriftet Pro Patria 2024
Hjelle, Tor Arne: “Flukta for engelske soldatar frå Gudbrandsdalen og vestover våren 1940 og dei norske hjelparane”. 2025.
Hosa, Kristian (red.): “Krigsvåren 1940 : felttoget i Ringsaker, Lillehammer og Gudbrandsdalen 19. april - 2. mai”, Thorsrud a/s - Lokalhistorisk forlag, Lillehammer 1990
Hovde, Hroar: Rapport om kompani 4 som han leia under felttoget i Norge april 1940. Den er datert 17. september 1940: https://media.digitalarkivet.no/view/233133/464
Hovdhaugen, Einar: “Gudbrandsdalen gjennom krigsåra 1940-1945”, Gudbrandsdal Historielag, Otta Bok- og Avistrykkeri 1950
Hovdhaugen, Einar for Gudbrandsdal historielag: “Gudbrandsdalen gjennom krigsåra 1940-1945”. Otta Bok- og Avistrykkeri, Otta 1950
Langlo, Lars S.: “Minne frå krigen i 1940: “Krig og fred: minneskrift: om krigen og frigjeringa 1940-1945: frå bygdene Stranda, Sunnylven, Geiranger og Liabygda”. Nemnda for 50-årsmarkeringa i samband med Stranda Sogelag. Redaktør Harald Berge, Ørsta Trykkeri a/s 1995.
Larsen, Rolf: “1940 : en kort oversikt over hendelsene i aprildagene på Åndalsnes, Veblungsnes, Verma og Dombås”. Utgjevar: Rauma kulturstyre Åndalsnes 1990
Magnes, Frank: “Kampene i Gudbrandsdalen 1940 : Minnesund - Gudbrandsdalen, Dombås - Åndalsnes”. Ares Forlag, Skallestad 2020
Munthe-Kaas, Oberst O.: “Krigen i Norge 1940: Operasjonene gjennom Romerike - Hedemarken - Gudbarndsdalen - Romsdalen, Bind II” Den Krigshistoriske Forening, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1955
Mølmen, Øystein. “Krigen 1940-45”, utgjeve av Øystein Mølmen. Engers Boktrykkeri a/s, Otta 1996.
Navelsaker, Ivar: “Krigen i Romsdalen og Nordre Gudbrandsdal 1940”, Aandalsnes Avis´ Trykkeri, 1947.
Ragnar Ulstein sitt intervju med Karl O. Emblem om mobiliseringa og felttoget 1940
Frøysa Knut: “Britar på flukt 1940” Intervju med Sunnmørsposten gjengjeve i Stranda Sogelag si bok: “Krig og fred: minneskrift: om krigen og frigjeringa 1940-1945: frå bygdene Stranda, Sunnylven, Geiranger og Liabygda”. Nemnda for 50-årsmarkeringa i samband med Stranda Sogelag. Redaktør Harald Berge, Ørsta Trykkeri a/s 1995.
Ulstein, Ragnar: “Lagunen og stormen. Ulstein: bygd i Europa - 1940-1945”. Forum Aschehoug 1999.
Volda sogelag: “Voldaminne, Årskrift 1995”
Vollan, Odd: “De gav livet for landet 1940-1945”, Utgjevar: Fagerlia videregående skole, Hatlehols Trykkeri
Wasberg, Gunnar Christie: “Norge 1940, dokumenter i utvalg”. Olaf Norlis Forlag, Oslo 1965.
Fenrik Aasen. Rapport om 1. mitraljøsetropp kompani 4 om hendingane frå Elstad til demobiliseringa, sendt inn hausten 1940: https://media.digitalarkivet.no/view/233133/502
Fenrik Berdal. Rapport om 1. mitraljøsetropp kompani 4 om hendingane frå Elstad til demobiliseringa, sendt inn hausten 1940: https://media.digitalarkivet.no/view/233133/504
Fenrik Mork. Rapport om 1. mitraljøsetropp kompani 4 om hendingane frå Elstad til demobiliseringa, sendt inn hausten 1940: https://media.digitalarkivet.no/view/233133/506
Avskrift av Kåre Hagen sitt brev til Oberst Navelsaker med informasjon om 2. tropp kompani 8 under 2. feltbataljon I.R. 11: https://media.digitalarkivet.no/view/233133/1123
Oversikt over kven som kom seg unna det tyske bakhaldet mot 2. mitraljøsetropp i kompani 8 under 2. feltbataljon av I.R. 11: https://media.digitalarkivet.no/view/233133/547
Styrkeoversikt med namn og soldatnummer kompani 4 april 1940: https://media.digitalarkivet.no/view/233133/514?fbclid=IwY2xjawPHsr1leHRuA2FlbQIxMABicmlkETFBTHZBUW9Dc0dFSnlqSkQ1c3J0YwZhcHBfaWQQMjIyMDM5MTc4ODIwMDg5MgABHt3cFOi47b70lKsKKDGZqFEdD49pqo4cwbhSIr4YQmFTuBnaCRHFVQVhPk2U_aem_aSvlnfN6Y0CBHOcpuZCO2w
Årflot, Odd: “Soldat, april 1940”, side 22. Det Norske Samlaget 1985
Informantar:
Olav Østrem
Christopher Wiig
Anne Britt Danielsen
Idar Eidheim
Eldar Høidal
Tor Christian Jevanord
Terje Reite
Arnfinn Kjelland
Soldatregisteret
Harald Døving
Judith-Karin Adolfsen Ulvestad
Henning Holsvik
Håvard Vold
Kjetil Krohn
Arnt Gald
Sigbjørn Sæter
Håvard Vollset Lien
Trond Relling
Karin Gald Semb
Fleire av desse informantane har nytta messenger, eller Facebookgruppen “Gamle Norddalsbilde”, “Krigshistoriesenter i Åndalsnes” (v/Tor Christian Jevanord), eller “Gamle bilder fra Ålesund” i løpet av januar 2026.