Gå til hovedinnhold

SERVERINGSTADAR OG KAFEAR

 

Innaumnesingane har ikkje tradisjonelt vore av dei mest urbane i gamle Borgund kommune. Emblem var ei landbruksbygd med nokre handelsbuder på 1900-talet, men serveringstader har der vore ein del av. I denne teksten skal vi sjå litt nærare på desse.

 

Tekst: Svein Ove Østrem

 

I vår tid må ein køyre til Moa eller Blindheim for å få tak i det meste. Der finst rett nok matvarebutikkar på Flisnes, men det er lite mot kva som har vore av tilbod i bygda. For nokre tiår sidan hadde vi to postfilialar, Petrabu- da, Severinbuda og samvirkelag på strekket frå Bjørkavollen til Hjellhau- greset. I tillegg kjem kioskane, gatekjøkken, og dei enno eldre kaféane. Du visste kanskje ikkje at der har vore kafé på Emblem tidlegare? Det er det nok få som har kunnskap om i 2024. Denne teksten er derfor til minne om både dei serveringstadane som kom i drift, og dei det aldri vart noko av. Mesteparten kan tidfestast til 1900-talet, men vi bør ta med dei aller første også. Vi skal heller ikkje gløyme at Magerholm har vore skysstasjon i fleire hundretals år.

 

Skysstasjonen

Hovudbruket på Magerholm var lenge skysstaden i bygda. Her kunne ein skifte hestar, overnatte, eller bestille frakt over fjorden. Det var ikkje berre til Sykkylven folk ønska å fare. Festøya, Tusvika og Glomset var like popu- lære. Det er mogeleg der var skysstad allereie i 1653, når Gunhild Østrem fekk losji på sin veg til Trøndelag. Med overnattingstilbod må der også ha vore servering. Eg vil tru at det var heller enkel standard, men det manglar skriftelege kjelder på korleis mathaldet på skysstasjonen var.

 

Mykje tydar på at der tidvis kan ha vore eit postkontor i første halvdelen av 1800-talet óg. Det kan vere slik at postkontoret hadde samsvar med skyss- rutene og postbåten, som la til ved Magerholm etter 1809. På den tida starta nemleg arbeidet med å byggje ein smal rideveg gjennom bygda. Det er postvegen, som du kan lese meir om i ein annan tekst i band 1 frå 2023. Ein veit også at skyssplikta vart utforma slik at brukarane på Magerholm kunne krevje at andre hesteeigarar skulle møte med hesten sin klar for skyss- oppdrag eller utlån. Denne plikta hang nok mest saman med oppdraget med å få posten raskast mogeleg fram. Det var helst til embetsmennene den skulle. Andre let vere å hente posten sin, særleg om dei visste at dei måtte betale portoavgift. Garden Magerholm var i fleire periodar delt på to brukarar. Følgeleg var der nok av hus på garden, så det er ikkje sikkert dei hadde eige gjestehus. Til det var nok talet på reisande for lite, men ei seng eller to skulle alltid stå oppreidd og klar. Maten var vel helst det dei hadde for handa. Skysstasjonen kan ha vore i drift før 1650-åra også, men det manglar eg enno sikre kjelder på.

 

Gjestgiveriet på Flisholmen

Jakob Sivertsen Klokk(ca) (1736-1790) hadde flytta hit året før han kjøpte holmen. Han gifta seg 1773 med Charlotte Juliane Arensborg (1749-1801) i Danmark, og starta opp «en ringe handel med brendevin og øl». Futen skreiv 1785 at handelstaden var «ei ubekvemt, da en haard fjord ofte foraarsager at de reisende her må søge herberge og pleie. Men naar eieren af Vegsund som er er langt fraliggende, fremdeles er i stand til at fuldføre den handel som her udkreves, kunde dette sted ei aldeles fornødiges».

Handelsmannen Mechlenburg hadde merka konkurransen, for Jakob gjorde det godt. I 1887 hadde han sju tenestefolk, og pantsette i 1786 Flisholmen

 

og Humlekalven for gjeld på 1000 riksdaler til Brochmann i Bergen. Han greidde å betale attende alt. Dei klarte også å fore åtte kyr. Enka dreiv handel ei tid etter at Jakob gjekk bort i 1790. Ho gifta seg på nytt med handelsmann og jekteskipper, Jens Knudson Vinje (dp.1751-1824) i Tusvika. Jens selde Flisholmen vidare til nestemann.

 

Den neste var Ingebrigt Jonsen Viken (dp.1749-1828), som gifta seg i 1779 med enka Laurentze Siversdotter Kilsti (dp.1750-1826). Ho var gift til bruk nummer 2 og 3 på Muri i Valldal. Dei fortsette å drive Muri ei tid, før dei kjøpte Flisholmen i 1793 av Jens for 910 riksdaler. Skøytet vart tinglest det neste året. I 1801 vart Ingebrigt omtala som: «Priveligeret gjæstgiver», og i 1811 fekk han bygd seg ei jekte på 16 læster. Den vart seinare bygd om til bomseglar. I dagens vekteining tilsvarar det 32 tonn. 1814 overlet Ingebrigt og Laurentze Flisholmen til svigersonen, Elling, for 600 riksdaler.

Handelen på Flisholmen skulle vare ei stund til, men eg finn ikkje tydelege spor etter gjestgiveri eller overnatting etter Ingebrigt si tid. Det kan derfor

 

vere slik at overnatting og servering gjekk over i meir tilfeldig format. Var nokon vérfaste, eller kom seint til handelstaden, var det nok alltids råd å få seg mat og seng.

 

Gjestgiveriet på Magerholmen

“Aksel-Anders” er den neste ein kan knyte direkte til overnatting og mat- servering i bygda. Dette var Anders Axelsen Brandal (1818-1899), døypt
i Lom og busett nokre år i Ålesund, før han kom til Kristenplassen på Magerholm i 1846. Han gjerda inn plassen mot vest, og sette opp den første
stova der. Den flytta han truleg med seg vidare til naboplassen Pe-haugen, nærare sjøen, like vest for Magerholmvika. Det vert fortalt at han også dreiv ein overnattingstad på sjølve Magerholmen frå 1855. Det kan vere i tids- rommet mellom husmannskontraktene på Krissenplassen og Pe-haugen.

Han hadde visst berre eit auge, og kunne sitte oppe om nettene for å fortelle skrøner i timesvis til dei losjerande. Ikring 1860 fekk han husmanns-kon- trakta på Pe-haugen, og her starta han kalkbrenneri i 1867, saman med den seinare brukaren på Kristenplassen, Kristen Olson Magerholm, og Claus Magerholm på hovudbruket. Sakførar Ludvig Daae på Solnør gard skaut inn kapital til å byggje to kalkomnar, lager, kai og kjøpe lastebåt.

 

Den gongen var fjorden viktigaste ferdselsåra. Aksel-Anders hadde utkikkspunkt både innover og utover fjorden. Soleis var han budd på dei som måtte kome rekande forbi, på det som den gongen var hovudvegen mellom indre fjordstroka og den nye byen ved havet, Ålesund. Det vert fortalt at bygget hadde minst to etasjar. Det han mangla i syn, tok han att på fortellarevne. Det kan verke som om det bar seg greit økonomisk også. Han ville ikkje ha det på seg at dei losjerande fekk dårleg stell. Fann han eit lite skår i ein tretallerken, vart tenestefolket raskt sendt opp på loftet etter nytt dekkety. Graut var ein av rettane dei selde, og fast kost på den tida. Frå Stranda vert det fortalt at eit reisefylgje vart verande i dagesvis, utan at det var dårleg vér som stogga dei.

 

Hjalmar Engeseth fortalde at murane etter denne overnattingstaden vart nytta opp att til kafémur på 1900-talet, etter Engeseth-ætta kjøpte Mager- holm. Det skal eg kome attende til. Eg er litt usikker på om omkretsen på kafeen var heilt lik herberget til Aksel-Anders, men det kan den ha vore. I seinare dokument er det også nemnd fleire små hus på holmen, og ei tid var der fastbuande plassebrukarar også.

 

Hjalmar fortalde at gamlemurane ikkje viser no, for dei vart pynta med sement. Han hadde også høyrt at det var på Jakjemneset dei stod å såg etter båtar på fjorden. Då visste dei om dei fekk selge noko eller ikkje. Slikt var vel helst arbeid for borna.

 

Byfolk og ei kjærkoma ekstrainntekt

Dei første serveringstadene i bygda var ikkje først og fremst etablerte med sambygdingane i tankane. Den første historia om ein frå emblemsbygda på kafé stammar heller ikkje frå bygda vår. Men den er sopass artig at eg fann plass likevel. Det var nemleg på bytur innaumnesingane gjekk mest på kafé. Historia vart opphaveleg skreve ned av Kåre Magerholm:

 

“Karl ( (1884-1956) Magerholm frå bruk nummer 1 red. anm.) var sjeldan heime. Då eg var i dalen (Magerholmdalen red. anm.) kan eg so vidt huske han. Karl var mest på sjøen. Han hadde lita interesse for gardsbruk. Det var sjøen som stod han nærast. Karl var ein lun og koseleg kar, han var godt likt av sine arbeidskameratar på sjøen. Han var rasande på Sunnmørs- posten. Det går mange historier etter han. Mellom anna ei historie om at han fekk servert torskehaud på ein kafé i Ålesund. Då sette Karl opp ei alvorleg mine og spurde serveringdama: -Tror di jei er en guanomølle!?”

 

Guano er avføring frå kolonihekkande sjøfugl og grottelevande flaggermus, som tidlegare vart malt opp i eigne møller til gjødsel. Det var før Norsk Hydro starta industrieventyret å produsere kunstgjødsel.

 

Bygdefolket kunne nok ta seg ein tur innom kafé i Ålesund når dei var på bytur, men der var også dei som ikkje hadde råd til slikt. Særleg var det sparsomt med pengar mellom hendene på folk i første halvdelen av 1900- talet. Der er meir enn ei historie om at bygdefolket gjekk ut i Eikenosvågen for å spare nokre øre på båtbillett, og Lars Akslen, Far til Mauritz Jostein Akslen (1911-20) skal ha gått dei to mila frå Ålesund til Emblem, om vinteren, dersom han ikkje rakk “Vonbåten” til Eikenosvågen.

 

Denne sparsemda fekk konsekvensar for inntektene til dei som forsøkte seg med konkurrerande motorbåtrute frå Hammarsvika, og dei som søkte å halde liv i dampskipskaia i Emblemsvågen. Sjølv andelseigarar med god råd valde vekk si eiga investering. Ein kan derfor undre seg over kvifor det med ett vart søkt etter kaféløyve på kaféløyve frå mellomkrigsåra. Det var ei tid der enno fleire sleit økonomisk. Svaret var eit nytt kundegrunnlag.

 

Kaféen på Magnusbakken

Thomas Kristoffersen var tidlegare ekspeditør i kolonialforretninga hos “L & K Akslen” på Magnusbakken. Mange kalla butikken for “Akslabuda”. Det var Lars og Knut Akslen, frå Øvste Aksla, som hadde kome heim frå Amerika og tok over denne nye buda etter handelsmann Maude i 1926. Lars døydde etter få år i 1929, så Thomas tok over leigekontrakta. Namnet vart endra til “Kristoffersen Kolonial”. Det vert fortalt at han såg moglegheiter
i det meste. Når Ålesunderane byrja å nytte Emblemsfjellet til fjelltur etter første verdskrigen, var det mange som kom ned på Emblem om søndags- kvelden for å få skyss heim att. Andreas Spjelkavik hadde starta passasjerrute i 1924, og det var han, eller sonen, Hans Bigton, ein sende bod etter. Emblemsruta var enno ikkje oppretta. Dei vart også nekta konsesjon ei stund på grunn av dårlege vegar gjennom bygda. Magerholmvegen frå 1840-åra var ikkje berekna på anna

 

Ei oversikt over serveringstadane i den gamle Emblemsbygda. Det er ikkje heilt utenkjeleg at der har vore fleire. Eg vil bli overraska om farande folk ikkje har fått husly og mat på Emblem i tidlegare tider også, men spor etter desse er vekke no. Talet på gravhaugar, og eit og anna glimt av tidlegare storfolk i bygda, kan få ein til å undre seg over om der kanskje kan ha vore grunnlag for minst ein gildehall i norønn tid. Skal tru kva meir som åra har lagt eit gløymselens slør over. Dei raude tekstboksene markerar stadane som ikkje vart endeleg realisert frå planstadiet. enn hest og vogn. Sjølv Andreas fekk ei tid forbod mot å køyre lenger enn til Langhaugane, like forbi Rema 1000 på Flisnes i dag. Det kunne bli lenge å vente. På denne tida hadde dei ein fem- og ein sjuseters drosjebil. Så kom ein litt større 10-12 seters Bedford. Vegane var dårlege, og var det påske og teleløysing, så det vart særs lenge å vente for den som ikkje fekk plass på første turen. Harry Akslen fortalde at dei hadde behov for grindagutar, for grinder var der ein god del av på den tida. Særleg når det var sommer og beitesessong. Petra Indreberg, dottera til Peter Indreberg, var ei av desse «grindagutane». Det var ikkje plass til henne inne i bilen, så ho måtte stå på stigbrettet og halde seg fast på utsida. Det var ikkje mykje sikkerheit å snakke om, men farta var heller ikkje så stor. Det vart fortalt om ein som kom heilt opp i 40 kilometer i timen, men normalen låg mest på 20-talet og tidvis opp mot 30.

Turen til Ålesund vart med andre ord dryg, rekna mot dagens tidsbruk.

 

Kristoffersen bygde derfor påbygg med skråtak mot vestveggen av butikken. Det er omtrent der det er bygd garasje til dagens større utgåve av den gamle buda, med vegadresse Gamle Emblemsveg 60. Her innreia han kafé med kakao, wienerbrød frå Molnes Bakeri, og sjokolade, til slitne turistar. Dermed kunne dei sitte lunt og godt medan dei venta. Thomas kunne tene seg ein ekstra slant. Han hadde opna opp veggen, så det var lett å gå frå butikken til kaféen. Men det varte ikkje lenge. Alt brann ned natt til 13. januar 1933. Nytt forretningsbygg vart sett opp på same grunnmuren, men no med fleire etasjar og utleigeleilegheiter. Det likna stort sett på dagens restaurerte hus. Kaféen vart ikkje bygd opp att. Behovet hadde også endra seg når Emblemsbygda Billag starta opp.

 

Sommarkafé på Emblemsanden

Nokre av kafeane i bygda var midlertidige sommarkaféar. Alle drivarane måtte søke heradstyret kvart år om løyve til å få drive. Både søknader og løyve vart publiserte i avisa. Soleis kan ein vite kven som søkte, kva
formål dei hadde, og ikkje minst når dei var i drift. Det har vore til god hjelp i arbeidet med denne teksten.  
Georg Emblemsvåg starta kafé på Emblemsanden, i nærleiken av dagens vol- leyballbane. Hit kom byfolk for å bade og kose seg. Gardsfolket hadde nok med slåttonn, bærplukking og det ein ellers trong å plukke og samle ihop i den lyse årstida. Men dei tok også turen til Georg sin flakebygde servering- stad. Harry Akslen hadde minne om at faren tok han med dit.

 

I Mellomkrigstida kunne også byfolket, kalla “landliggere”, leige seg inn på gardane. Eigarane flytta ned i kjellaren. Dette var gjerne slike som ikkje had- de råd til å forlyste seg lenge på hotell, men med god nok inntekt til at kone, born og besteforeldre kunne leige hus på bygdene. Her kunne dei  kjøpe ferske egg og mjølk, vandre i lyse somarklede, og nyte late dagar, medan far arbeidde på kontoret i byen, før han kom på vitjing i helgane. Dei fleste gardane i bygda leigde ut gardshusa sine til byfolk på 1930-talet.

 

Den første søknaden eg har funne frå Georg er datert 1927. Han søkte om avgrensa løyve frå juni til august. Det vart avslag, men i 1931 kunne han tilby servering “i sin hytte ved badestranden på Emblem”. Denne hytta var eigentleg treflakar, som han sette saman til kiosk/kafé. Det siste løyvet til Georg er datert 1935. Annie Søreide var ein av landliggarane, som seinare bygde seg hytte i bygda. Ho kunne fortelje om seglbåtar ved Emblemsanden, og ei herleg barndomstid. Georg visste å utnytte denne moglegheita med dels kjøpesterke byfolk. Han hadde også søkt om både køyring og kjøp av lastebil, men slik entrepenørveksemd var like vanskeleg å få lov til som bussdrift i dei dagar. Sjølv varekøyring for Akslabuda fekk han avslag på. Løysinga vart derfor å snekre saman nokre treplater til ein provisorisk kafé. Det var med andre ord ikkje ein kafé som vi ofte tenker på i våre dagar. “Pølsebod” kan vere ein betre beskrivelse, men varetilbodet var større.

 

Fleire av landliggarane hadde slektsband til Emblem. Det visste Georg. Dermed kunne han skape litt ekstra nostalgi ved å tilby tradisjonsmat frå garden. I ei avisannonse kan ein lese at det var mogeleg å kjøpe “mjølke- ringe”, noko ein helst kjøpte på setrane før. Gardane i Emblemsvågen hadde nemleg dyra på heimebeite på den tida. Utover 1930-talet, og vidare fram mot 1950-talet, vart det vanlegare å byggje seg enkel hytte i staden. Etter- spørselen etter kioskar og kaféar tok dermed ikkje slutt med landliggarane i mellomkrigstida. Emblemsbygda Sportsklubb bygde seg koksgrusbane på Emblemssanden etter 1934. Den vart også leigd ut til andre fotballag, eller nytta til friidrettstevlingar. Mot slutten dreiv Oddvar Ramsvik ein enkel kiosk ved denne fotballbana. Eg er usikker på kor lenge han hadde kiosk der. Det var vel kanskje mest til fotballkampane den var åpnen? Eg har ikkje funne bilde av kaféen eller kiosken, men har blitt fortalt at den stod nær midtbanestreken, på nordsida av fotballbana. Eg er usikker på kven som

tok imot kundane, for Oddvar stod i mål. Eg har høyrt ein artig kommentar om at han sprang til kiosken for å selge litt i ledige stunder, men det er nok kanskje ein vittig kommentar, skulle ein tru.

 

Kafédrifta på fergekaia

Hjalmar Engeseth fortalde at det var mora, Johanna Engeseth (1898-1968), opphaveleg frå Vadsø, som fekk bygd den første kaféen som attåtnæring til gardsdrifta i 1938. Ho hadde gifta seg i 1922 med Hjalmar Eilif Engeseth (1894-1957). To år etter selde Engeseth-familien aksjane sine i Møllers tran, forlet Engesetgarden i Norddalen, og flytta til nykjøpt gard i Emblems- bygda. Hjalmar og Johanna kjøpte ut dei to søskena hans, og tok over heile garden på Magerholm i 1953. Då hadde broren Severin tatt over farsgarden

i Norddalen. Yngstebroren, Martin, hadde emigrert til Minnesota. Ferge- drifta hadde mot 1940-talet byrja å kome i ordna former, og der var også fleire som hadde behov for både ly og noko å bite i.

 

Kaféen på Magerholm vart den nye valfartsstaden i helgane. Ungdomane var frå før av vande med å spasere i finkleda sine langs bygdevegane søndag ettermiddag. No kunne dei få kjøpe seg is, brus, kjeks, eller gull- vaflar på Magerholm. Den vesle kaféen vart sett opp med valmatak på sjølve holmen. Ein nytta opp att murane til den gamle overnattingstaden frå 1850-åra. Steinen vart pynta utanpå med sement. Kaféen fekk eit visst funkispreg, nesten som ei miniatyrutgåve av «Severinbuda» ved Garsend- haugen. Ludvig Adolf Berntsen Lillevold (1880-1955) hadde bygd seg hus med snekkarverkstad like ovanfor Gasseneset, aust for Magerholmvika. Han var spesialist på å lime glasdiskar med fine trelister på. Ein vart kjøpt inn til kaféen. Der var plass til 24 gjestar om gongen, fordelt på fire bord. Det mangla kjøkken. Eit lite lager i aust med frysar til is, bruskasser og varelager, kom på plass seinare. Det vart stort sett is, brus og kjeks som vart seld, men Johanna smurte smørbrød, steikte vafflar og baka kaker attåt. Når krigen kom, fekk dei ein ekstra mjølrasjon for å klare å halde drifta i gong.

 

Sonen, Hjalmar Engeseth, fortalde at ein gong kom ein av grannene, kalla «Bardosen», heim frå sjøen. Han kjøpte alle kakene, til Johanne sin store fortvilelse. Det var nemleg snart helg og vekas største salgsdag, søndagen. Då kunne det ikkje vere tomt i disken. Det hører med til historia at Bardo- sen klarte å ete opp alt saman. Han hadde visst drøymt om Mor Monsen kaka til Johanne når han var ute på fiske. Frå 1940-talet kunne flokkar av ungdommar samle seg på Magerholmen. Ann-Mari Thorvik fortel at kafeen vart godt besøkt i hennar barndom óg. Ho kan hugse at søndagstur på slutten av 50-talet ofte vart lagt dit. På vekedagane var kafeen ofte stengt, så då sto ein klar til å springje om bord i ferga for å kjøpe snop. Men dei måtte være snare, så dei ikkje vart med ferga ut på fjorden att. Kioskdrift kunne tidvis vere risikosport, så nøysemd og måtehald var viktig. Det hende at dei vart tomme for enkelte varer. Mannen til Johanna skal ha sagt ein gong at det ikkje nytta å bestille meir varer, for dei gjekk berre ut att med det same. Kaféen vart driven til om lag 1955, etter at MRF hadde bygd ny kai og teke over drifta. Kaféen vart lagt ned og erstatta av ein mindre kvitmåla kiosk, men stend framleis på holmen i nyopppussa utgåve. Den mangla i fleire år vindauge, men var veldig godt bygd, så det gjekk bra.

 

Pølsekiosken på Magerholm

I 1965 vart kafeen erstatta av ein mindre og meir tidsriktig «pølsebod».
Den var bygd av restmaterialar frå huset som sonen til Johanne, Hjalmar Engeseth, bygde på garden. Kiosken vart sett opp ved sida av den tidlegare kaféen, og tanken var at kona, Gerd, skulle drive den. Opphaveleg stod kiosken på trekaia, men når kaia vart flytta, kring 1966, vart også kiosken flytta inn på sjølve holmen. Der vart fylt heilt att mellom holmen og oppstil- lingsplassen. Etter kvart vart kiosken riven, og restane etter den vart lagra

bak huset til Gerd og Hjalmar. Det kan verke som om det vart eit lite opphald i kioskdrifta mellom pølsekiosken og gatekjøkkenet. I alle fall om ein les avisene frå denne tida. Allereie i 1974-75 hadde Hjalmar fortalt om planar for kiosk med heilårsdrift, venterom og toalett for vegfarande. Men av ein eller annan grunn let besluttninga frå Vegvesenet vente på seg i mange år. I tillegg meldte ein konkurrent interesse for å starte kiosk og gatekjøkken på Magerholm. Det var Karl Aursnes. Nokre år seinare vart Hjalmar og broren Olaf nemnd som søkarar, og det var Engeset-brørne som fekk byggje. Det var også dei som var grunneigarane der kiosken vart lagt, til sida for oppstillingsplassen.

 

Det første Gatekjøkkenet

Vi skal framleis halde oss til fergekaia på Magerholm. I 1983 kunne bygda skryte av å ha fått sitt eige gatekjøkken. Helen Engeseth vart nemnd som

“stedfortredar” for søkarane i februar 1984. Seinare vart også Helge
Nøstdal drivar. Eg minnes sjølv kor stort det var når ein kunne køyra inn dit på laurdagen å bestille seg grilla kylling med pommes frites til.  
Bygget var digert, i forhold til den gamle pølsekiosken. I enden nærast fergekaia var det telefonkiosk, venterom og toalett for dei vegfarande. I midten var det varelager, kjøkken og kioskluker mot oppstillingsplassane, medan det i nordenden vart sett inn store vindauge, disk og kaféområde med bladhyller og snop. Hit var det godt å kome inn når det var kaldt og surt utanfor. Ein hadde ikkje nødvendigvis så mykje pengar å kjøpe for, men det var mange som leita opp panteflasker på gamlevegen innover mot «Magga», eller var så heldige å finna flasker ute på holmen. Det skulle ikkje så mykje til for å få råd til ein Bugg. Var véret høveleg, kunne ein sitte lenge i sola på dei runde trebenkane på utsida.

 

Var det varmare i véret, møtte ungane opp for å selge lodd for lag og foreiningar i fergekøa. Akkurat det kunne av og til by på utfordringar. Ei opplevde ein gong at ein tysk bobilturist trudde det var fergebilettar ho sel- de. Han kunne ikkje engelsk, og ho kunne ikkje tysk. Etter fleire forsøk på å forklare, måtte han til slutt få kjøpe lodd likevel. Historia sei ingenting om korleis han reagerte når det kom for ein dag under overfarten på ferga. For vegvesenet var privateigde venterom av dette slaget mange pengar spart.

I 1986 var de tre fulltidsansatte på gatekjøkkenet, medan fylket kun betalte leige og vask av venterommet. Det kvite flotte gatekjøkkenet på Magerholm fekk ei heller kort levetid. I 1987, etter berre fire år, brann bygget og vart kraftig skada i brann. Gatekjøkkenet vart ikkje bygd opp att slik det hadde vore tidlegare. Ein nytta den materialen som framleis var brukbar, og sette opp ei enklare utgåve med venterom utan kiosk. Slik var det fram til ny fergekai stod klar i 1997. Då vart bygninga flytta eit stykkje nærare holmen, så den ikkje vart ståande i vegen for køyrefeltet frå nykaia. Bygget vart seinare knust av stormen ”Dagmar” jula 2011. Den samme stormen slengde både flytebrygga og sjarken til Hjalmar opp på land.

Siste forsøk

 

Med dagens kai kom det nok ein gong gatekjøkken ved den nye ferge- lemmen, nærare Magerholmvika. Men behovet var ikkje like stort lenger. Folk var no meir vande med å verte sittande i bilane sine. Andre køyrde med tanke på å rekke ferga. Ventetida mellom avgangane vart også kortare. Fleire forsøkte seg, men måtte gje opp. I dei siste åra var der bruktbutikk, men den er også lagt ned. Dette er ikkje den einaste staden ein har slitt. Sjølv på store samband som Vestnes, og på viktige turistsamband som Linge-Eidsdal, er kaféar og kioskar vanskelege å drive no til dags.

 

Nokre av dei mindre kjente serveringstadane

Til no har du sikkert hengt med på lasset, og kanskje har du lest om dette på emblemsbygda.com? Men så skal vi sjå litt nærare på dei du kanskje ikkje har høyrt om tidlegare. Vi startar på Magerholm.  Kafé i Berntsenhuset Glasdiskfabrikant Ludvig Berntsen gjorde meir enn å produsere diskar. Han engasjerte seg sterkt i Kinamisjonen på Emblem, og leigde ut rom åt dei som arbeidde i misjonens teneste. Han testamenterte dessutan alt til misjon- sambandet. I avisarkiva kan ein lese at han både søkte og fekk innvilga kaféløyve i 1936, men eg har aldri høyrt om nokon kafé i Berntsenhuset. Det ser ut som om det kun var ein fast dato for søknad om løyve. Eg har tenkt at han kanskje ynskte seg kafé til inntekt for misjonssaka. Det er vanskeleg å seie heilt sikkert, men det var i alle fall ei god stund etter han vart enkemann at søknadar om løyve vart sendt inn. Eg har førebels funne ut at han søkte våren 1933, 1935 og 1936. Ludvig fekk løyve alle gongane. Kanskje søkte han i 1934 også? Det verkar litt rart å starte konkurrerende verksemd på Magerholm, men det gjorde han faktisk ikkje. Johanna starta nemleg ikkje opp før Ludvig ga seg, i 1938. Eg veit ikkje om dei første fergene hadde kiosksalg på 1930-talet, men talet på reisande gjekk såpass opp at mange hadde ivra for at Møre og Romsdal fylkesbåtar skulle ta over drifta av den private ferga allereie i 1931. Det skulle ta nokon år før det vart ein realitet.

 

I mellomtida tok Ludvig seg av dei reisande, og kanskje sambygdingar og hyttefolk med. Det er vanskeleg å vite om dette var ein sommarkafé, eller om det var heil- årsdrift. Eg vil tru at det var krevande økonomiske tider. Få hadde mykje pengar mellom hendene, og fleire måtte ta seg naudsarbeid. Kanskje var dette ei mellombels løysning på grunn av færre oppdrag med byggjing av glasdiskar? Han var også ein omgjengeleg og triveleg kar, som treivst med folk ikring seg. Soleis var nok kafédrift det rette valet. Han ga seg før fergetrafikken tok seg opp for alvor, med åpning av vegen frå Hellesylt, og utvida bussruter frå Stranda og Sykkylven Billag. Det var kanskje Ludvig som inspirerte Johanna til å starte sin kafé ved fergekaia. Frå kunngjeringa av kaféløyvet for 1935 kjem det fram at han skulle drive den i heimen sin.

 

Kafédrift i Ivar Aasenhytta på Høgda

Eg har tidlegare nemnd at det frå mellomkrigsåra vart stadig fleire som byrja å gå fjelltur på Emblemsfjellet. Det var også fleire som søkte om

serveringstad på Emblemsfjellet. Der kunne ein selge bra både vinter og sommar. Georg Emblemsvåg var ein av dei som søkte, men både han og dei fleste andre fekk avslag. Men med byggjinga av lagshytta til Ungdomslaget Ivar Aasen, på høgda mellom Eikenosa og Eikenossetra, kom ein større aktør på bana. Dei trong inntekter til å dekkje utgiftene til ei slik hytte. Løysinga vart utleige til arrangement, og kioskdrift i helgane. Hytta vart ein populær utfartstad. Bygdefolket gjekk ofte opp dit frå Røssevollen.

Eg finn første omtale av kafédrifta i Sunnmørsposten 1. april 1957. Det hadde vore fullt belegg og livlig besøk i helga. Tomta til hytta vart tinglyst som seld frå Ola Lundanes januar 1954, så 1957 kan høve godt. Etter litt nærare søk i avisene finn eg ein tekst frå 30. mars 1957. Der vart den nesten ferdige hytta presentert med tekst og bilde. Ungdomslaget hadde opna for servering kvar helg. Eg er usikker på om det var ope både laurdag og søndag i starten, men i februar 1959 annonserte i alle fall ungdomslaget med servering kvar søndag. Dei var kanskje ferdige med den største delen av dugnaden, og heile hytta stod klar. Eg er ikkje heilt sikker på kor lenge kioskdrifta varte, men i 1975 var det i alle fall innbrudd på hytta, og kioskvarer vart stolne. Eg meiner å hugse at eg gjekk søndagstur og kjøpte kioskvarer der på slutten av 1970-talet, eller kanskje tidleg på 1980-talet? Etter kvart vart hytta meir nytta til utleige, dans, ribbefestar, og sjølvsagt ungdomslaget sine eigne arrangement. Hytta er framleis til utleige.

 

Nytt herberge på Magerholm?

I ei avisnotis frå Borgund herredstyre mot midten av juli 1952, dukka det opp ei interessant sak. Harry Akslen (1919-2019) hadde søkt om løyve til
å starte med kafé og herberge på Magerholm. Søknaden fekk ikkje god- kjenning, fordi der var ein kafé på Magerholm frå før av. Harry fekk også støtte under debatten, for dette var noko anna enn kun servering. Det vart
framheva at det var vanskeleg å finne seg bustad på Emblem. Statens krav om at nyare hus skulle ha rom for fleire enn dei som bygde seg bustad, var nok framleis aktiv den gongen. Det var eit attreisningstiltak for å redusere behovet for bustadhus. Gerhardsen-regjeringa var som kjent opptekne av å få industrien og inntektene på fote att først.

 

Eg har undra meg på kvifor møbelsnikkaren og fabrikkeigaren søkte om dette. Eg angrar på at eg ikkje fann dette medan Harry kunne fortelje sjølv. Dette var lenge før ein starta byggjing av dagens bilveg til Magerholm. Gamlehuset var ikkje så veldig stort, og familien trong vel det meste av

plassen sjølve, men der var eit anna hus som bestefar til Harry, Hans Gabriel Larsen Akslen (1862-1949) hadde budd i på på sine eldre dager.

Det var gnr. 1 bnr. 8 “Kveldly” på Magerholm. Far til Harry, skipper Lars Thomas Akslen (1893-1983), hadde kjøpt det attende som kårtomt og bustad i 1936. Lars fortsette å eige huset etter at faren gjekk bort. Kan det ha vore slik at han ønska å få seg arbeid på land i staden? Det er ikkje heilt utenkje- leg, for han var vel 59 år på den tida. Eller var det Harry som hadde lyst til å prøve seg i ei anna næring? Svaret har eg dessverre ikkje. Det enda med at Lars selde Kveldly i 1953 til Trygve Iversen frå Bud. Han gifta seg på Magerholm det året med Inger-Johanne Engeseth (1925-2011), dottera til Hjalmar Eilif og Johanne Engeseth på hovedbruket. Eg kan ikkje huske dette huset. Der kom visst seinare eit anna hus, rett ved sida av, med bruksnummer 28. Det låg litt nærare den grøne tregarasja til Stranda og Sykkylven Billag, som framleis står ved bilvegen. Det huset vart
totalskada i brann 12. mars 2008.

 

Borgheim

I august 1958 kunne Sunnmøre Arbeideravis melde at Emblemsbygda Sportsklubb fekk løyve til kafédrift under stemner, medlemskveldar og offentlege dansar. Det meste av dette var nok på Ungdomshuset Borgheim. Sjølv under fotballkampane på Emblemsanden var garderobe og samling lagt til Borgheim før og etterpå. Det artige med denne notisen er at det var spesifisert noko av det dei fekk lov til å selge: “mineralvatn, pølser, kjeks

o.a.”. Olaf Hesseberg fortel at dei leigde kioskvogna i Antonesgarden nokre gongar. Det var kanskje ved arrangement på Emblemsanden, før Ebbemyra stadion stod klar på slutten av 1970-talet.

 

Bigtonhytta

I 1952 fekk Hans Bigton kaféløyve på Bigtonhytta på Emblemsfjellet. Det var ikkje eit einskild tilfelle for hytta som Andreas Bigton sette opp og invia 31. januar 1932. Eg finn første skriftelege prov på servering i Sunnmørs- posten juli 1937. Der vert det nemnd at ein kunne få forfriskningar på Bigtonhytta. Eg vil tru at kaféverksemda var nokså årviss, i alle fall etter krigen. Mandag 7. mars 1949 kunne ein lese at der var dei som var forferda over å finne hytta låst den helga. Det hadde vore kaffi eller buljong som hadde lokka dei så langt til fjells. Tidleg på 1950-talet vart hytta også nytta ved utbyggjing av vassforsyningsannlegga til Ålesund Vassverk. Samstun- des dreiv Ole og Hans Bigton kaféen attåt. Det var kanskje helgefri, eller mindre anleggsdrift om vinteren? Etter 1950-åra finn eg ikkje avisnotisar om fast kafédrift, men hytta vart nytta til skirenn og andre aktivitetar med enkel servering ut på 1980-talet også.

 

Sportskapellet på Skjerva

23. august 1971 kunne Borgundposten trykke ei toppsak med teikningar og omtale av det nye sportskapellet på Skjerva. Det er den vesle flata før ein tek av frå dagens bilveg opp Grønevollen, og startar på bratta opp gamle- vegen. Dette var den gongen ved enden av slalåmløypa i bygda. Her hadde ein tidlegare tenkt å byggje ny fotballbane til erstatning for Emblemsanden. Der hadde også vore skytebane austover mot Koppen, og no skulle det verte smørebod, garderober og kafeteria. Arealet var på 590 kvadratmeter. Med to etasjer, vart samla areal på nær 1100 kvadratmeter. Sportskapellet skulle også ha plass til klubbhus og klubbrom.

 

Idéen kom frå rektor Sigurd Langleite og Judith Kvangarnes. Journalist for Borgundposten, Ragnar Ulstein, skreiv vidare at idrettslaget vart med på å planleggje eit slikt kombinert anlegg i bygda. Framlegget til saksutgreiinga vart støtta av Borgund sokneråd, og kommuna var også positive. Sports- kapellet vart teikna med kapellrom, peisestove, kafeteria, stort kjøkken, to garderober, toalett, smørerom og to klubbrom. A/S Vestplan hadde føre- budd prosjektet på bakgrunn av ei analyse av kva behov dei forskjellige aktørane hadde. Men som kjent så vart det ikkje noke av dette prosjektet likevel.

 

Hotell og servering ved Kleberhammaren?

Nok eit prosjekt kjem for dagen i avisarkiva. Sunnmørsposten kunne 27. juni 1975 melde at “Rørnesgruppa” ønska å bandleggje areal til hotel ved enten Kleberhammaren eller Digerneset. Gruppa var representerte av direktøren ved Vikingfjord hotell, Ingvald Rørnes, som ikkje hadde makta å byggje eit kjempehotell i Ålesund. I eit nytt brev til Ålesund formannskap krevde han at kommuna skulle bandlegge 20-25 dekar, slik at han kunne byggje hotell på Emblem. Det fekk han ikkje, og glad skal vi vere for det. Men alle som går turstiane i dette området kan godt forstå kvifor akkurat dette området vart plukka ut. Han visste nok heller lite om kva type fjell og historie dette område kunne skilte med. Ingeniørane ville nok også vegra seg for å byggje hotell på kleberstein, men det er artig å sjå attende på kva idéar folk har hatt tidlegare.

 

Mobil kiosk på Emblemsanden

I 1970 og 1971 finn eg opplysningar om kioskdrift på Emblemsanden att. Det var Helga Ørbeck som fekk kioskløyve. Geir Magerholm minnes at kiosken selde is, brus og sjokolade. Saftis var luksus den gongen. Kiosken stod på litt ulike plassar. Først ved trappa på nedre parkeringsplassen. Seinare vart den flytta til den øvre parkeringa, for å vere synleg frå garden, men dei slapp ikkje unna innbrot av den grunn. Hallgeir Roar Bjørkavåg fortel at han handla pølse i brød der som gutonge. Han huskar dette godt fordi:

“der ble en svikt i kommunikasjonen når jeg bestilte pølse med brød, og personen i kiosken hørte bare pølsebrød, så jeg fikk et pølsebrød uten pølse i. Jeg var ikke så modig at jeg sa noe, så det ble å løpe ned til foreldrene og søke hjelp. Pølse med brød ble det ihvertfall.”

 

Fargen var lys grå. Den hadde hjul og dør i eine enden. Ei stor luke vart løfta opp på eine langveggen. Helga selde mest is og brus, men hadde også karamell, sjokolade og pølse med brød. Det var vel kanskje Høiberg brus den gongen? Der var varelager i kjellaren i Antonesgarden, og fryser til is. Dei vart raskt utseld for is, om det vart varmt og fint vér. Då var det om å gjere å få ny forsyning raskt. Merket dei leverte var Diplom is, eit kjent merke på flagg og bossbøtter rundt mang ein kiosk den gongen. Dottera, Linda Ørbeck, fortel:

“Vi ungane gikk rundt på stranda og solgte is fra kjølebagger. Hvis kiosken ikke var åpen p.g.a lite folk på stranda, kom det ofte folk opp til huset og lurte på om vi kunne åpne kiosken, og det ble gjort.”

 

På gode dagar var parkeringa fyllt heilt opp. Då leigde søskena Ole og Linda ut plassar i gamlehagen. Det fekk dei gjerne 50 øre eller ei krone for. Helga var sjukepleiar på sjukehuset, så skulle kiosken åpnast etter ho hadde hatt nattevakt, var det borna som fekk oppdraget med å åpne og selge. 1970 var dei ni og ti år gamle, men yngstemann, Ole Ørbeck, var god i å rekne i hovudet. Det var ein stor fordel i ei tid utan kalkulator, og dei likte begge å stå i kiosken.

 

Eg har ikkje klart å finne eksakt kor lenge kiosken var i drift, men Helga ga seg vel kanskje rundt 1974-75? Etter det kjøpte idrettslaget kioskvogna. Det var vel om lag på den tida det kom på tale å satse på Ebbemyra som ny fotballbane og friidrettsområde. Det var også ei krevande tid, reint økono- misk. Ein behøvde å få inn meir pengar, og såg kanskje på kiosksalget som ei moglegheit. Det var også fleire i bygda som hadde lyst til å drive kiosk etter Helga. Badeplassen var populær den gongen. Ein gong skal der ha vore rundt 6000 besøkande. Om det var fotballgruppa, eller idrettslaget, som forsøkte seg på kiosksalg er eg usikker på, men den vart ikkje nytta ved fotballkampar på Emblemsanden. Kanskje var den i bruk ved jonsok, men der var bom med hengelås, så det kan ikkje ha vore særleg praktisk. Det kan forklare at få minnes at idrettslaget hadde eiga kioskvogn. Kanskje selde dei den allereie før 1978, for den er ikkje nemnd ved årsmøtet. Idretts- laget skulle også i gong med Ebbemyra stadion, så dei trong alle pengane som laget kunne få tak i.

 

Mobile serveringsløyve

Der har også vore ein del sporadisk kioskdrift ved ulike høve, som sankt- hans, konsertar og arrangement. Inntektene gjekk til lokale lag og forei- ningar. Emblem skulekorps arrangerte si første sankthansfeiring kort tid etter oppstarten. I 1982 finn eg ein artig tekst om Roe Mathias Holen, Liv og Arvid Brevik, som bar med seg resten av bløtkakene heilt til Geitnausa, for å spandere på deltakarane ved turarrangementet “Til topps med Sunn- mørsposten”. Som ein kuriositet kan eg også nemne at der var kioskluke i Løvika. Ålesundspeidarane kjøpte garden til leirstad før andre verdskrigen, men måtte gje seg når lag og foreiningar la ned drifta i protest mot nazi- stane og okkupasjonen. Det vart for dyrt å sitte på eit heilt småbruk. Kioskluka var nok ikkje retta mot andre enn dei som var på leirstaden vil eg tru. Der var også andre kioskar tilknytta arrangement og markeringar

i Emblemsbygda. 17. mai bytta foreiningane på ansvaret for kioskdrift. Staden var skuleplassen, ungdomshuset eller dagens klubbhus for idretts- laget. Plasseringa har dermed variert. Nokre vart dermed så “heldige” å stå i kaféen år etter år. Dei hadde gjerne born i både korps og ulike idrettsgrei- ner. Husmorlaget tok også på seg serveringsoppdrag tidlegare. Kiosken var populær når det var skirenn, friidrett eller fotballkampar på Ebbemyra.

 

Videoposten

Eg bør nemne “Videoposten” også. Det starta først med videoutleige og smågodt på Magnusbakken kring midten av 1980-talet, der fleire butikkar og posten hadde dreve tidlegare. I 1989 søkte Torill Berge om å få drive frå flyttbar kiosk nær staden der vegkrysset ned til Emblemsvågen og Emblemsanden ligg i dag. Der vart det også plass til gatekjøkkendrift. I 1993 starta ho med storkiosk og matsal i den gamle matvarebutikken på  Myrland attåt. Videoposten på Emblem vart lagt ned nokre år seinare. Den er siste gong nemnd i avisarkiva i desember 1996.

 

Dette er det eg førebels har klart å finne om kaféar, kioskar og gatekjøkken. Der er kanskje nokon eg ikkje veit om også? Eg set derfor pris på tips og meir utfyllande opplysningar. Bruk gjerne sveostrem@hotmail.com, eller bruk gruppa ”Gamle bilder fra Emblem” på Facebook.