OM LOSJE OG
FRÅHALDSAKA PÅ EMBLEM
Fråhaldsaka i Emblemsbygda har ikkje fått særleg oppmerksamheit tidlegare, og det er særs lite lokalt stoff å finne. I denne teksten vil eg likevel forsøke å sette ord på noko av det eg har funne. Mykje av teksten vert dessverre dels kalkulerte hypotesar i mangel på kjelder. Desse vert igjen støtta opp av tekstar som det er verd å sette lit til, sjølv om dei i nokre tilfeller omhandlar heile Borgund kommune, og ikkje berre vår eiga bygd. Målet er å leggje fram nokre av desse funna, i håp om at fleire finn glede i å bidra med ytterlegare opplysningar dersom slikt finst.
Tida før fråhaldsaka fekk vind i segla
I tida før 1900 var alkohol eit dagleg innslag både i byen og på bygdene. Frå gamalt av var bryggjing ikkje berre ein tradisjon, men også ei plikt som bøndene hadde. Eit stort alkoholkonsum var ikkje noko uvanleg i festlege lag, og det var rekna som skam å gå tom før øl eller dram i bryllaup. Frå gamalt av var det tradisjon å bryggje både haust og vår. Det var ein tradisjon eldre enn kristendommen i landet vårt. Heilt attende til bronsealderen finn ein spor etter rusdrykken. Til jul høyrde også alkoholen med. Sjølv vikingane drakk jula inn, og likeeins var lettølet med når slåtten tok til. Både kjøp, sal, betaling for bygsel og dåp skulle markerast med med ein dram.
I byane drakk sjølv borna, for vatnet far forureina. Alkoholen var soleis vanleg både til kvardag og helg. I skriftlege kjelder fyll og slosskamp vorte omtala i samband med bryllaup, og utover 1830- og 1840-talet kan det tyde på at forbruket av sprit i vårt eige fylke var svært høgt. Etter kvart vart også marknadar og byferder forbunde med overstadig beruselse, og i bygdebøkene finn ein spor etter dei som også drukna på heimveg med båt. På den tida kunne nær alle som ynskte det lage sitt eige brennevin. Eilert Sundt er ein av dei tdlegaste kjeldene for alkoholkonsumet i Møre og Romsdal. Han vitja Haram på 1850-talet. Her fekk han mellom anna opplyst at det vart rekna om lag ein liter brennevin og tre liter øl per gjest ved eit tre dagers bryllaup. Legg vi til at born og kvinner ikkje drakk like mykje som mennene, så blir det totalt sett eit høgt antal liter per mann. Sundt merka seg også at talet på ulukker hadde auka dei siste tiåra. Det viste seg at mange av desse var drukningar utanom fiskesessongen. Mange av drukningsulukkene skjedde på sommaren, og det var snakk om stort sett unge menn. Sundt forklarte det heile med at ulukkene skjedde i samband med båtturar til Ålesund. I byen vart det kjøpt og kosumert brennevin før heimturen, og fleire av desse turane endte dermed tragisk med båtvelt og drukning. Desse påstandane fin også støtte hos presten Hans Strøm om lag 100 år tidlegare. Han fortalde at det i tillegg til drikking i forbindelse med tur til handelstadane, også var liknande spritkonsum under fisket, og ved sal av fangsten.
Før 1840-åra var også alkoholen ein allment akseptert drykk. Sjølv Norddalspresten Christian Fredrik Hvidt var med på fleire dagars bryllaupsfeiring. Det gjekk nærast sport i å forsøke å drikke presten under bordet. No må det nemnast at kongen innførte dels forbod mot å destillere brennevin allereie i 1757. Hans Strøm såg på dette forbudet som eit steg i riktig retning. Han så også for seg ei prisauke på spriten, slik at folk tok til å bryggje i staden. Prestane på Sunnmøre var ikkje så ivrige på å delta i fråhaldsarbeidet i byrjinga, og nokre hevda endå til at slikt var i strid med den kristne læra. Det var berre brennevinet som var sett på som skadeleg hjå dei geistlege, og det var først og fremst på grunn av pengeforbruket at rusdrykken vart sett på som eit samfunnsproblem. Alt i 1753 hadde folk flest sett på brennevin som ei nødvendig vare, som vart rekna blant det aller nødvendigste for ein fiskar, på lik linje med fiskereiskapen.
Utover 1800-talet byrja også emblemsbygdarane for alvor å reise utanfor Storfjorden og Borgundfjorden på fiske. Storegga låg der ute i havet og lokka med rike fangstar for den som våga seg utpå. Ein kjenner også til at stadig fleire sambygdingar sette sjøbein i ung alder, og fleire var også i utanriksfart. Andre reiste inn til Ålesund for å få seg arbeid eller teneste. I byen kom dei i kontakt med skjenkestovene, og mange fekk også oppleve baksidene av brennevinshandelen. Kring 1860 vart følgandet skrive i avisa «Møringen»: «Folkelivet viser seg ikke mindre uhyggelig i og ved byens skjenkesteder. Elles var det ølsjapper og drammesal langs alle gater. Bare frå Skansegata til St. Olavs plass var det seks ølsjapper og tre drammesalg. Mange som sløkte tørsten sin her, kollsegla på Valderøyfjorden og drukna.» (Jakob Straume: Kristenliv, s62. Sitert av Odd Vollan) Det var med andre ord ikkje alkoholforbruket i Emblemsbygda som vekte tankar om måtehald og etterkvart også totalt fråhald hjå emblemsbygdarane. Rusmisbruket kan nok knytast meir til kontakten med omverda og byturar, men konsekvensane kunne likevel ramme like hardt for dei som var heime.
Litt lenger inne i Storfjorden ligg Tafjord. Der finn ein "Fundergata", Namnet på gata skriv seg frå den gongen det vart drive handel der, m.a. med brennevin frå firmaet "Christian Funder" frå København. Cognac kom på eikefat, og fjøler med firmanamnet på vart liggjande å slenge i gata. Slik kom den til å heite Fundergata. Tafjordbygda var ikkje stor den gongen, så det seier kanskje sitt om alkoholkonsumet også?
Det første fråhaldslaget i Borgund
Sjølv om mange av prestane var motstandarar av totalfråhald i Borgund Prestegjeld, så var likevel ein av dei med og tok initiativet til å stifte den første fråhaldsforeining på Sunnmøre. Saman med eit utval av lærarane i kyrkjesoknet møttest dei på Skodje hjå kapellanen i Skodje. Kjell Skorgevik skriv i Årboka til Sunnmøre Historielag i 2008 om «Borgund Præstegjelds Afholdsforening» at foreininga vart stifta i Skodje på den tida då både Skodje, Vatne og Ålesund var del av Borgund Prestegjeld. Kapellanen i Skodje heitte på denne tida Daniel Van Kervel, og det var han som tok initiativet til å stifta dette første avhaldslaget saman med sju av lærarane i Borgund. Lærarane hadde samla seg til skulelærarmøte med avhaldsaka som ei av sakene. Det er interessant å sjå at avhaldspørsmålet kun var knytt til brennevin, og ikkje øl. Vidare vart det debatt om forbudet kun skulle gjelde eige brennevinkonsum, eller om det også skulle gjelde sal til andre. Eit fleirtal på fem stemte ned forbudet mot at medlemmane kunne få selge sprit.
Fråhaldspredikanten Anders Haave vart sendt ikring på bygdene for å agitere for fråhaldsaka som «agent for Avholdsakens Fremme». Haave var på denne tida ein velkjent predikant, og hadde vore på sin første runde til Sunnmøre allereie i 1830. Etter ei rekke møter auka talet på medlemmar sakte men sikkert. I 1856 kan ein finne at medlem nummer 41 var Rasmus Abrahamsen Østrem for Do. Rasmus kom frå Abrahamsgarden på Østrem, og var truleg ansatt som svenn i Ålesund på denne tida. Det var ikkje uvanleg at svennene fulgte etter mesteren også i slike saker. Han hadde fått kjende medlemmar ikring seg. To av desse var bokbinder Johannes Aarflot og J. Rønneberg. Denne første fråhaldsforeininga varte berre i tre år, og fekk 59 medlemmar, men det skuldast at prestegjeldet vart oppdelt, og ikkje at det var laber interesse for fråhaldsaka. Totalfråhaldet vart med dette knytt til kristentrua. Aarflot vart også ein forkjempar for lekmannsrørsla i Ålesund. Rasmus finn ein ikkje fleire opplysningar om, men med denne opptakta, er det grunn til å tru at fråhaldsaka også vart omtala og vann plass hjå folk frå den vesle bygda vår også.
Losjemannen og læraren Lars Flydal
Læraren var saman med presten ein viktig talsperson for både etikk, moral, lærdom og fråhaldsak. Særleg vart fråhaldsaka og losjearbeid ein viktig del av studentlivet til lærarstudentane i Volda på denne tida. Lærar Bernt Sunde skriv i si historie om Borgund Lærarlag i 1950 at det var læraren som ofte stod i brodden for å skipe bforeiningar, losjar og lag. I det same skriftet vert lærarLars Flydal på Emblem nemnd. Han var fødd i Geiranger 1883. I 1904 tok han lærarskuleeksamen i Volda, og året etter vart han lærar i Hatlehol, Emblem/Østrem krins. Sunde nemner at han var særs aktiv i ungdomsarbeidet i bygda. Lars vart med i det frilynde ungdomslaget, som vart stifta året etter han kom til bygda. Han dreiv også songøvingar og søndagskule, var med i Santalmisjonen i bygda, og aktiv medlem i fråhaldslosjen i bygda. Det kan såleis vere grunn til å tru at han kan ha vore ein av pådrivarane, men det har eg ikkje funne skriftlege kjelder på enno. Det var ei sorg då han allereie i 1937 måtte slutte i lærargjerninga fordi «...krefter rakk ikkje til». Lars gjekk bort i 1938, 54 år gamal. Han var den første læraren busett på den nybygde gamleskulen på Skaret, før han fekk overta jord frå svigerfaren sin, og etablerte hus og gardsbruk i det som mange framleis kallar "Flydalgarden" på Østrem. Både losjen og koret er omtala i tilsynsprotokollen for gamlskulen i bygda, så dei fekk nytte øvingsrom der.
Godtemplarlosjane i Emblemsbygda
Den første september 1908 vart det halde møte i tilsynsutvalget for Emblem skule hos Johan O. Nedregotten. «Skolehusets brug til møder» skulle diskuterast for første gong. Kretsformann Hans L. Akslen skreiv møtereferatet inn i tilsynsprotokollen. Følgande beslutningar vart fatta denne kvelden:
«1) Sløidverelset tillades brugt om søndagskveldene til ungdomsmøder, sangøvelser og forresten andre lignende møder forudsat alt foregaar med orden og sømmelighed og for aabne dører – det vil sige med adgang for alle i Kredsen at møderne afsluttes senest inden Kl 10.».... (det var kanskje skulekjellaren red. anm.)
Videre har tilsynsutvalget sett ein del ordensreglar, som ikkje er så veldig interessante i denne samanhengen. Det som er meir nyttig er punkt 2 : «Godtemplarlogerne tillades brug af skoleverelset til et møde pr uge og dog ikke søndage eller lørdagskveld, ei heller andre helligdage paa betingelse av at der bliver tilfredstillende rengjort og vasket efter hvert møde, og skal tilsynsutvalget have ret til at føre kontrol med at disse betingelser bliver befulgte og at disse møder også afsluttes senest kl. 10 aften, samt at huset lukkes nøgelen bringes paa den af tilsynsutvalget bestemte plads.»
Sistnemnde regel skulle føre til bråk og fleire spissa lesarinnlegg i Sunnmørsposten våren 1909 mellom krinsformann og ein representant for losjen. Kva som låg bak konflikta er det ikkje så lett å bli klok på, men lærar Flydal var i militæret akkurat då. Krinsformannen fortalde sjølv at han oppdaga ein stor del av skuleborna i skulekjellaren når han var på veg heim frå gudsteneste i Borgundkyrkja: "(...) en for tiden dårlig berygtet person holdt forelæsning for børnene. Jeg tenkte at som kredsformand hadde jeg her maaske pligt paa mig i at paase at kredsens skolehus ikke led overlast (..)". Møte vart etter kvart heva, og avisene tok over disputten mellom partane. Skulle frivillige lag søke godkjenning for innhaldet i møta med tilsynsnemnda for skulen i bygda, var eit av spørsmåla som vart del av debatten, eller var det eigentleg slik at skyttarlaget hadde behov for skulekjellaren til sitt møte? Skulen var ein viktig plass som "samfunnshus" i bygda før ungdomslaget bygde Borgheim like ved. I hovudetasja vart skulen nytta i periodar som kveldsskule eller framhaldsskule, så det kan hende at det vart fleire konflikter etter kvart som talet på frivillige lag auka i bygda. Etter kvart finn ein at avholdslosjane fekk nytte bedehuset også. Det vart kanskje ei minneleg løysing på sikt.
Der var med andre ord etablert eigen losje i bygda vår i 1908, som var tufta på fråhaldsaka, og det vart ikkje berre ein, men to losjar kom i drift. Nok ein gong er det tilsynsprotokollen for skulekretsen som er ei av kjeldene. Tilsynsutvalget sitt vedtak frå september 1908 vart nemleg behandla på kretsmøtet for «Emlem skolekreds» den 28. desember samme år. Om lag 50 av dei stemmeberettiga i krinsen møtte opp, etter at bodstikka var sendt frå gard til gard på førehand. I sak nummer fire kan ein lesa følgande: «Der behandledes andragende fra de herværende losjer om at faa Kredsens tillatelse til at holde møter paa skolehuset. Et forslag lydende saaledes: Losje Heimat og barnelosje "Gjøa" gives tilatelse til at holde møter på skolehuskjelderen andenhver søndag, paa saadanne betingelser som tidligere er git losje og ungdomslag; blev vedtatt med 34 mot 7 stemmer idet en del undlot at stemme. Møtet hevet». Like under referenten Johan O. Nedregotten sin signatur finn ein følgande tekst: «Protestred mot afstemming. Knut H Akslen misfornøiet med Kjelierstuens brug til Losiemøde». Både avstemminga og protesten vitnar om at losje ikkje vart like godt motteke hjå alle i bygda. Om dette skyldest sjølve fråhaldsaka, eller at det var snakk om losje, er eg ikkje sikker på. Det kan sjølvsagt vera andre grunnar også, som tidlegare hadde ført til avisskrivinga våren 1908.
Den 13. januar 1909 vart det halde nytt kretsmøte. Her vart det lese opp ein «skrivelse fra overtilstyret angaaende skolehusets brug utenfor skolegjerningen forelagdes de fremmødte paa Kredsmøtet. Af skrivelsen fremgik det klart nok at til brug af skolelokale til møter utenfor skolens øiemed – maa der foruten at kredsens tillatelse erhverves – ogsaa andrages skole og kredstyre dersom forsaavidt skolestyret ikke har fatsat regler herfor, hvilke efter det oplyste ikke er tilfældet i Borgund.»
Dels manglande kjeldetilfang
Med desse orda stoppa all kjend kjeldetekst om losjane på Emblem i form av møtereferat eller møtebok. Referat frå losjemøta er ikkje funne no i ettertid. EG undrar meg også over at sjølv i Odd Vollan si bok om Godtemplarlosjane i Borgund og Ålesund er ikkje Emblemsbygda nemnd nokon stad. I lista over distriktslosjane på Sunnmøre kan ein heller ikkje finne noko, til trass for at losjar som vart nedlagde alt på 1800-talet står nemnde. Kva er så årsaka til dette? Eg trur at forfattaren mangla kjeldemateriale. Det som i så fall er påfallande er at forfattaren både har hatt tilgong på Godtemplarane sine arkiv, og hadde brei kjennskap til losjane som mangeårig medlem. Det kan tyde på at Emblem ikkje er nemnd i kjelder som var tilgjengelege etter 1950. Det er ikkje så rart om papira og møteprotokollane kunne vere borte frå offentleg innsyn, for dei fleste slike nedteikningar vart ikkje levert inn til noko offentleg arkiv. Det same er tilfelle med idrettslaget, ungdomslaget, damskipskaia og meieriet. Når informasjon uteblir på denne måten, kan det tyde på at losjane kanskje har hatt ei kortare levetid enn ungdomslaget, og eg har opplevd fleire gongar at lagsbøker og møtereferat vart liggande i heimane til nokon av dei som var med i styre og stell på slutten. Karl O. Emblem samla også inn protokollar før midten av 1980-talet, men der var mykje han ikkje fann tak i. Det er ingen eg har snakka med per dags dato for starten på skrivinga av denne artikkelen som hadde særleg mykje informasjon om Godtemplarlosjane på Emblem. Eg fann eit par setningar om arbeidet i ein tekst som Ivar Flydal skreiv kring 1980. Han var med der ei tid. I teksten om lagsarbeidet kan ein lese at I.O.G.T. dreiv losje frå 1905 til 1930. Det var ikkje mykje, men ein veit i alle fall kor ein skal leite i tid. Det er før Jens Skuggen tok til å med godtemplarturar til hytta si på Emblem, noko som vart mykje omskrive i avisene, men hadde ikkje noko med Emblemsbygda sine losjar å gjere. Fordelen er at det er mindre fare for samanblanding av kjeldene.
I.O.G.T. er det same som Godtemplarlosjen, og losjearbeidet var i gong før 1908 også. I avisa Søndmøre Folkeblad vart det onsdag 8. januar 1908 fortalt at Spjelkavik afholdslag vart bestemt å delast inn i tre på årsmøtet 30. desember 1907. Søndag 5. januar vart dermed tre nye lag konstituerte. Det var Rødseths og Aases afholdslag med Andr. Nedregaard som formann, Blindheim afholdslag med Lars Brevik som formand, og til slutt "Emblemsbygdens afholdslag" med Hans Røssevold som konstituert formann. Bygda hadde fått besøk av lærar Sæther på Emblem bedehus, som leia møtet. Ivar Flydal kan soleis ha tenkt på Emblem som del av Spjelkavik afholdslag dei første åra, eller gjorde han det? I avisarkivet finn eg følgande:
"NO. 924 "Heimatt", stiftet 20de januar i Emblem, Søndmøre distrikt, av hr. P. Svendsen, S.V.T. 20 medlemmer. L.F. er Johan Brendhaug, Emblem, Ø.T. er hr. Lars Flydal og S. er str. Laura Akslen. Mødetid andenhver søndag kl. 5.
I avisa "Søndmøre Folkeblad" datert 16. april 1903, kan ein også lese følgande opplysningar:
"(..) Tidligere ikke havde aflegt afholdsløftet, om at slutte sig til dette internationale afholdsselskab. Resultatet blev, at over 20 tegnede sig hvorefter man gik over til stiftelse af logen. Da endel af de indmeldte blev forhindret i at indvies, blev den nye loge stiftet med 20 medlemmer. Til L.D. anbefaledes Oline Flisnæs, Ø.T. blev Adolf Akslen og S. Johanne Furseth. Logen fik navnet "Embla". Stiftelsen udførtes af hr. Flokenæs.
Glad og tilfreds over, at vi også denne dag havde funnet formaa at udrette endel for afholdsagen og for vor kjære orden, satte vi i 11-tiden om aftenen kursen hjem over isurt koldt veir og ved 2-tiden var enhver af os i sine hjem. Vore venner i Spilkevigen var naturligvis hjemme tidligere
R. J. "
Det var med andre ord ein eldre avhaldslosje på Emblem, som vart stifta i 1903. Eg vil tru at nokre av medlemmane kan ha vore med i avhaldsarbeidet i Spjelkavika ei tid også, sjølv om opplysningar om det manglar, men det er interessant at ungdommane drog dit for å stifte eigen losje, og oppdelinga av afholdslaget i Spjelkavika i 1908 resulterte også i losje på Emblem. Kan arbeidet frå 1903 ha dovna av? Eg tenker at Losje Embla kan ha mista medlemsgrunnlag ein gong etter 1904, og resten vart kanskje medlemmar i avhaldslosjen i Spjelkavika nokre år. Det ville vel ha vore underleg om ikkje "Embla" vart delt i to losjar på Emblem i 1908 i staden? Eg merkar meg også at fleire av dei same namna dukkar opp i styre og stell for den tidlegaste losjen og den seinare oppdelinga i Spjelkavika våren 1908.
Spjelkavikarane og Emblemarane skulle også samarbeide tett i fleire år med avvikling av losjestemner, som i 1919, og utveksling av arrangement. Det var mellom anna ein stor tur for barnelosjanen til Emblem i 1927. Dei tre laga heldt også felles fest i mellom anna i 1916. Sidan møtebøkene manglar, er avisene einaste kjelde.
Eg må innrømme at eg eigentleg hadde eigentleg lagt frå meg skrivearbeidet på denne teksten, grunna for få kjelder, når eg fekk opplysning om eit spennande funn i Tryggesetløa, som snart skulle rivast. Der fanst det nokre gamle protokollar og bøker. Den eine var nok eit "lagsblad" i ei skrivebok med perm, kalla "Upp og Fram" . Der finn ein også namn på bladstyrarane frå hausten 1936 til våren 1937. No kom også ein protokoll fram i ljoset att med nok ei handskriva lagsbok, kalla "Duen", frå tidsrommet 1919 til 1925. Det er litt underleg, sidan arbeidet låg nede frå 1921 til 1924, men innlegga vart ikkje daterte, så der kan ha vore opphald. I tillegg fann dei sangbøker og eit trykt hefte frå "Forhandlinger paa Norges Storloges 33. årsmøte i Fredrikstad 4-9 juli 1910". Lagsbøkene hadde eigne valde skriftstyrara etter tur, slik at det er mogeleg å finne mange av namna på dei som var med. Ved hjelp av desse opplysningane kunne eg finne litt meir i avisene også. I tillegg var det interessant å sjå at der var losje i gong på Emblem i 1937 også, men det kan ha vore slutten, for skrivinga frå bladstyrarane stogga brått i mai. Eg er usikker på årsaka, men var vel omtrent på samme tid at lærar Lars Flydal vart sjuk, og måtte gje seg med mykje av det frivillige arbeidet i bygda.
Ny driv
Med namn og nokre detaljar, kan ein også finne meir i andre kjelder, når ein veit kva namn ein skal leite etter. I jubileumsboka til Nøre Sunnmøre Distrikstslosje frå 1944 kan eg derfor lese at det samla medlemstala opp gjennom åra. Der var 35 losjar i 1908, og to nye hadde kome til. "Mercur" i Ålesund og "Fosseduren" i Geiranger vart nemnde, men vaksenlosjen på Emblem og Blindheim var ikkje med. Kanskje på grunn av opplysningane om at det var så mange medlemmar i Spjelkavika at den måtte delast i tre? Dermed var det ikkje ei nystifting på samme måten. Der var også 17 barnelosjar samla i ei anna eining, D.F.B.O., der "Gjøa" på Emblem var ein av tre nye barnelosjar det året. Arbeidet gjekk litt periodevis. Barnelosjen la ned arbeidet sitt i 1921.
I 1924 kunne ein lese i Sunnmørsposten at barnelosjen Gjøa starta opp att etter tre års pause. 23 born vart med og ein vaksen. I tillegg var åtte born og tre vaksne med frå tidlegare. Til saman 35 medlemmar. Nok ein gong var det lærar Lars Flydal som var primus motor, og F.B:
"Heimane synte sin samhug og tiltru ved å la borna so "mannjamt" få lov til å bli med. B.l. fær halde til huse i det hyggjelege bedehuset og det teiknar soleis godt for eit fruktbringande fråhaldsarbeid millom dei små og unge på Emblem. Eg vonar då, dette upptak vert ei god lekkja i den rørsla, der prøver å skapa ein rak og friboren ungdom - folket si von og beste prydnad"
Det hadde også vore vansklege tider for vaksenlosjane på Emblem. I følge kjeldene hadde dei visst nok også lagt nede sidan 1921, om avisene skreiv rett årstal, så det skulle gå lang tid å kome på føtene. 1930 skreiv Sunnmørsposten litt om dette i samband med eit losjemøte på Blindheim:
"For nokre år sidan var der ein flokk småe losjar i indre Borgund. Heile 5 losjar på fastlandet (Yksnøya red. anm.), Tørlen og indre Sulalandet arbeidde trufast og godt, kvar i sin krins. Ein og annan gong kom dei so saman til små stevnor og vitja kvarandre, og arbeidet gjekk rett godt ei tid. Men so kom det vanskelege tider, og dei fleste la årene inn for ei tid. - Berre losje "Heimveg" på Blindheim hev halde det gåande heile tida. Tungt var det nok stundom, men dei gav ikkje upp, og no held det på å livnar upp att. Losjane i Spjelkavika og på Emlem vart tekne uppatt her i vinter."
Tirsdag 28 januar 1930 følgde Sunnmørsposten opp med enno fleire detaljar:
"Losje "Heimatt", nr. 924, på Emblem som hev lege nede sidan 1921 vart sett igong att igårkveld etter eit foredrag av Wilh. Kvalheim. Losjen tek no til med 31 medlemmar, av desse 20 nye. (...) Umbodsmennene vart innsett av D.F. Olav Solbu. Der vart vald redaktørar for det handskrivne bladet "Upp og Fram", og programmnemnd. Næste møte vert sundag 9. februar i bedehuset.
At losjen no vert sett igang på nytt, er fyrst og fremst ei fylgje av interessert arbeid av folk innan bygda, og so hr. Kvalheims framifrå foredrag derinne sundag. Til møtet igår var det møtt fram fleire av medlemmane i distriktsrådet og godtemplarar frå byen, og frå grannelosjen, "Heimveg" på Blindheim, var so å segja alle medlemmane til stades. Der vart frambore ei heil rekkje helsingar frå ymse losjar.
Losje "Heimatt" startar no med ange dugande medlemmar og den store interesse millom ungdommen i bygda lovar godt for losjen i framtida. Wilhelm Kvalheim reiser no til Ikornes der han talar ikveld og vert på møtet i losje "Ekorn" imorgonkveld. Torsdag og fredag vitjar han losje "Fagerfjell" i Sykkylven. (...)
Med losje "Heimatt"s gjennupptaking er no sidan site melding til storlosjen sett igang att heile 9 losjar."
Losjane vart altså ikkje skåna for dei vanskelege tidene for folk flest tidleg på 1920-talet, og 1930 hadde enda ikkje den nye store økonomiske bankkrisa frå Amerika nådd vårt land. Losje "Rambjøra" i Spjelkavika var i samme situasjon. Der hadde det også vore ei vanskeleg tid økonomisk med ein lang streik, og sjølv handelsmann Furseth gjekk konkurs. Folk måtte nemleg få krite, for å kunne livberge seg.
Når losjearbeidet tok til att i januar 1930, vil eg tru at fleire hadde tatt steget opp frå barnelosjen. Steffen Nedregotten vart vald som Losjefullmektig, (L.F.), Lars Flydal vart Øvste Templar (Ø.T.), Peder Magerholm vart Vice Templar, (V.T. ), Ella Nedregotten vart skrivar (S) , medan Magda Emblemsvåg vart Skm, eller Skattemeister/kasserar.
Allereie 8. oktober samla losjen "Heimatt" på Emblem naboane, "Heimveg" frå Vegsund og "Rambjøra" frå Spjelkavika til møte på gamleskulen. 70 medlemmar møtte opp. Avisa skreiv etterpå at Hr. Bjerkevåg, D. S. var underhaldar. Han fortalde først frå storlosjemøtet i Nidaros den sommaren, før han heldt foredrag om "Brorskapsideen". Det handskrivne lagsbladet til losje Heimatt vart det også opplest frå. Bladstyraren den månaden var Agnes Emblem, (seinare gift Flø, og busett ved Sjursgarden på Emblem red.anm.). så vart det servert kaffe og smørbrød. I del to vart det musikkinnslag og enklare underhaldning. Året etter, 17. august i 1931 vart det nytt sommarstemne, men den gongen møtte dei tre losjane på Gamle Emblemseter, like ved demninga til Langevatnet. Dei fekk fint vér med seg på turen dit. Mykje kan tyde på at det helst var ein avhaldslosje att på Emblem etter 1930. Fleire av desse hadde nok erfaring frå den tidlegare barnelosjen, som vart stifta allereie i 1908.
Kor mange losjar var der eigentleg på Emblem
Fire namn er funne. "Emblemsbygdens afholdslag" vart nytta i 1908. Frå 1903 hadde losje "Embla" starta opp, og losje "Heimatt" kan ha kome til tidleg. Kanskje allereie i 1908? Begge var sokalla "kvilande" losjar på Emblem i 1929. Embla er ikkje nemnd i 1930, og der var ingen IOGT-losje på Emblem i 1944, men vegen var heller ikkje lang til Blindheim, og losjen der. Til slutt er i alle fall barnelosjen "Gjøa" nemnd i aviskjeldene. Det kan sjå ut som om mange var kring 30 medlemmar ved oppstart, eller ny start, medan losjar som vart lagde ned kunne ha omtrent 8 medlemmar. Følgeleg er det vanskeleg å finne att dei nedlagde losjane i 1921-22. Der var nemleg liten forskjell på den tida. Oversikta syner seg å ha vore ganske stabilt på 1920-talet, med unntak av eit brått fall akkurat i 1929. Det påverka ikkje medlemstalet i barnelosjen på Emblem. Så gjekk talet opp att. I 1927 var det to færre losjar, før talet gjekk opp att til 34, så det var vel kanskje berre i Spjelkavika og på Emblem at arbeidet var krevande. Rett nok hadde talet gått noko ned frå 1925 også, men talet på losjar var stabilt, så det kan ha vore meir snakk om eit generasjonskifte, og sikkert også utflytting. Kanskje derfor ein hadde gått frå to til ein vaksenlosje? Bornetala hadde vore høge tidleg på 1900-talet, og med krisetider etter første verdskrigen, vart borneflokkane også mindre. Andre vil framheve meir vellukka familiepolitikk frå kvinneforeiningar som helselaga. Der det tidlegare var vanleg med opp mot ti born, gjekk talet nedover mot fem etter kvart.
Men sjølv om losjearbeidet gjekk noko opp og ned på Emblem, så var leiarane likevel aktive. Saman med Lars Flydal, var Steffen Nedregotten på Tryggeset ein aktiv leiar i losjearbeidet. Lars deltok også i distriktskommiteen. Dei var fleire kjente lærarar der frå Borgund med der. Også i 1929 finn ein Steffen aktiv med i losjesaka, sjølv om delar av arbeidet på Emblem framleis låg nede. Også i 1938, ved begravelsen til Lars Flydal, finn ein Steffen som leiar og kransenedleggjar for losje Heimatt. Han representerte også Tuberkuloseforeininga i bygda, og var aktiv der attåt god hjelp med ungdomshusbyggjinga i 1934, og mykje anna.
Korleis vart arbeidet i losjane dreve?
Sangbøkene til Godtemplarane syner tradisjonar og skikkar. Kva skal ein synge når til dømes. Mange av songane var for kristne salmar å rekne. Ikkje rart dei fekk låne bedehuse til møtestad, og at mange frå bedehuset var med. Der var ein tydeleg kristen profil den gongen. At læraren leia arbeidet ga også tryggheit.
Vollan gjev oss eit meir generelt innsyn i losjearbeidet på Sunnmøre. Og her kan ein finne fellesnemnarar som kan fortelle oss litt meir om korleis losjen «Heimat» og barnelosjen «Gjøa» kan ha drive arbeidet sitt i bygda vår. Møta hadde nok mykje sams med møta i det Frilynde Ungdomslaget på Emblem. Det har nok vore både basar, sosialt samkvem, besøkande talarar, song og oppbyggjande diskusjonar kring tema og problemstillingar knytt til fråhaldsaka. Det var også særeigne ritualar som seg hør og bør i ein losje, men det verkar som om om Godtemplarane på denne tida var mest opptatt av å skape åpne møteplassar og kaffitilstelningar for alle som ynskte det.
Ungdomsarbeidet kunne bere preg av å vere meir som ein ungdomsklubb eller speidarforeining. Det vart lagt vekt på å gjere artige ting i lag. Fleire av barnelosjane drog på utflukter, sette opp skodespel, og laga «lagsaviser» som vart lest opp på møta. Det er kanskje frå dette barnearbeidet at følgande ord har funne fotfeste hjå folk i bygda vår: «Øl og vin og brennevin, det gjer fagna folk til svin, men mor sin sild og havregraut den gjer guten både sterk og staut». Eit anna viktig arbeid var å samle inn pengar til både eiga drift og oppbyggjeleg arbeid. Fleire av losjane fekk heller kort levetid, og det var også andre losjar oppretta kring 1906-08 som fekk ei kort levetid.
På den same tida som "Embla" vart stifta, sto også det første bedehuset klar i bygda vår. Sidan slutten av 1800-talet hadde ein hatt fleire vekkelsesbøljer på Sunmøre. Den største fekk namnet «Sandstormen». Ein skulle tru at Indremisjonen også tok opp tanken om totalfråhald etter 1900, men årsaka til at ein også etablerte fråhaldslosje,var kanskje at bedehuset ikkje verka like tiltalande for alle i bygda. Soknepresten i Borgund hadde ikkje sett med like blide auge på verken lekmannsrørsla eller Godtemplarane, og losjen fann truleg sin plass fordi dei ville forsøke å nå fram til alle uavhengig av tru eller overbevisning. Målet var heller ikkje religiøs vekkelse, men snarare opplysning om skadeverknadane som alkoholen gav. Ein såg kanskje for seg at losjen kunne verta endå meir attraktiv for samtlege i bygda vår? Vanskeleg å vite så lang tid etterpå.
Medlemmane i losjane på Sunnmøre kunne delast i tre delar. Nokre ville motarbeide alkoholbruken i samfunnet og hjelpe dei som var avhengige. Andre kunne vera dei som behøvde hjelp til å verte rusfrie, medan den siste gruppa var dei som søkte ein stad å vera på fritida. I ei lita bygd som Emblem var det truleg ikkje så mange i den avhengige medlemskategorien, om det fanst nokon i det heile. Desse medlemmane fann ein truleg helst på losjane i byane. Odd Vollan har funne fram ei oversikt over losjane i «Nøre Sunnmøre Distriktslosje» per 1924. På denne tida har svært mange bygdelag minst ein losje. Totalt vart det registrert 37 losjar og 2120 medlemmar. Ser vi på bygdelaga nærmast vår eiga bygd, finn vi at dei fleste vart stifta mellom 1900 og 1913. Medlemstala i bygdelosjane kunne variere frå 15 i Stordalen til 72 i Spjelkavika, medan det i byen var langt høgre medlemstal.
I 1924, var alle, så nær som den nyoppretta barnelosjen, nedlagde.
Kvifor vart losjane nedlagd i bygda vår?
Det er ikkje heilt utenkjeleg at det vart vanskeleg å drive vidare utan Lars Flydal etter 1937. Som lærar hadde han naturleg autoritet til å få folk med seg i både kor, losje og ungdomslag. Det verkar som om det kan vera eit sammanfall mellom tidspunktet der den unge læraren kom til bygda, og når desse laga starta opp. Seinare lærarar var kanskje ikkje like opptatte av denne saka lenger? Lars var heller ikkje gift på den tida han kom, og Lars budde kanskje på lærarkammerset på skulen dei tre første åra han var her. Det kan også stemme overeins med at det ikkje vart søkt om bruk av skulen til andre formål utanom undervisningstida før 1908. Kanskje var det slik at nettopp Lars Flydal tok med seg nye tankar og idear frå lærarskulen.
Gamlelæraren, Knut Furset, hadde i si tid også vore aktivt med på det som vart starta opp, frå kailag til søndagskule. Når den unge ugifte læraren budde åleine på eit trekkfullt skulekammers, i ei ny bygd, så er det heller ikkje så uventa om han valde å engsjere seg i fritidsaktivitetar også. MEn det var også venta at lærarane skulle lede an med slikt.
Det er vanskeleg å skulle forsøke å forklare noko ei eigentleg ikkje veit. Så det er grunn til å tru at me aldri vil finna svar. Derfor skal eg heller forsøke meg på nokre mogelege svar:
1) Utan medlemmar er det umogeleg å driva vidare. Når brennevinforbodet kom, var det kanskje ikkje like viktig å engasjera seg i fråhaldsaka lenger. I perioden frå 1914-1920 vart forbudet mot brennevin og sterkvin gradvis innført. Nokre år seinare vart Vinmonopolet stifta. Fråhaldsbevegelsen hadde i denne tida fått makt, og endå til ein ordførarar som støtta saka. Partiet Venstre var også ein aktiv aktør. Det var truleg ikkje først og framst noko overdriven rusdrikking i vår eiga bygd som losjen "Heimatt" ville til livs dei siste åra.
2) Ei anna forklaring kan vera at losjen mangla pådrivarar og føre-gongspersonar. Kanskje var det nettopp Lars Flydal og Steffen Nedregotten som var desse pådrivarane. Sidan også Bernt Sunde fann grunn til å nemne losjearbeidet i forbindelse med sin omtale av Lars lærargjerning, så er det grunn til å tru at han har hatt ei viktig rolle over lenger tid. Også i andre lag og foreiningar på den same tida fekk lærarane Lars Flydal og Knut Furseth viktige posisjonar. Det er ikkje så heilt usansynleg om Lars tok med seg både tanken om frilyndt ungdomslag og fråhaldslosjen til bygda vår. Det er i alle fall truleg meir enn ei tilfeldigheit at fleire vart stifta etter at han kom til bygda. Andre prosjekt som dampskipskai og skulestove kan forklarast ut frå eit behov hjå bygdefolket, medan desse to laga var meir knytt til fritid og oppbyggjeleg arbeid. I andre bygdelag, slik som Dalsbygda i Norddal, var det presten som var denne pådrivaren. I Emblemsbygda var me langt unna prestegarden, og difor vart det nok helst læraren som fekk denne rolla. Etter at Flydal gav seg, var det ikkje berre ein, men fleire lærarar som overtok. Og truleg var det også anna lagsarbeid som lokka meir.
Ein skal heller ikkje gløyme at Bedehuset og ungdomslaget i bygda hadde tatt over mykje av sakene som losjane hadde hatt i tidlegare tider. Før hadde ikkje dei kristlege laga vore like aktive i fråhaldsaka. Godtemplarane hadde dessutan fått ei tilknyting til Metodistkyrkja, som ikkje gjekk like godt i hop med den veksande lekmannsrørsla på Emblem utover 1900-talet. I vår eiga bygd vaks indremisjonen seg sterkare etter 1900, og det er ikkje utenkjeleg at bedehuset tok over for losjearbeidet. Det hadde også vore steile frontar mellom kyrkje og metodistar. Odd Vollan fortel om då den første metodistpresten i Ålesund kom til Sykkylven for å halde møte. Han vart møtt av kyrkjesongaren med følgande kommentar: « Antikrist er ute å fær.» Eg er ikkje så sikker på om det var så steile frontar på Emblem. Losjane kom til sopass seint at det var lite konflikt å spore. Det var også læraren som gjekk føre, og Emblem bedehus lånte ut husrom til møta. Så kunne også fleire andre i bygda gå god for innhaldet. Ved sidan av ungdomslaget, fekk ein også idrettslag i 1932. Det vart dermed stadig fleire tilbod i bygda vår.
Namn på losjemedlemmar som er funne att i kjeldene:
Magerholm: Dagny Honningdal
Magerholmvika: Olava Magerholm
Magerholmvika: P. Magerholm, kan vere Petter Magerholm
Magerholmvika: Lovise Magerholm
Pe-haugen (Magerholm): Steffen Magerholm
Pe-haugen (Magerholm): Peder Magerholm
Magerholmdalen: Karoline K. Magerholm ( Ho var første leiar i barnelosjen Gjøa i 1908)
Magerholmdalen: Inga Langva
Øvste-Aksla: Lisa Akslen (fødd i Auregarden)
Høla (Akslen): Mauritz Akslen
Høla (Akslen): Jofrid Akslen
Høla (Akslen): Laura Akslen
Brendhaugen (Akslen): Johan Brendhaug (leiar "Heimatt" frå 1908)
Reiten (Østremsreiten): Ivar Reiten
Gjerdet: Mary Akslen
Mattisgarden (Østrem): Inga Vennersberg
Larsgarden (Østrem): Lida g. Kaldhussæter (Hatlebakken)
Larsgarden (Østrem): Herborg g. Akslen ( Høla)
Steinsgarden (Østrem): Ingeborg Østrem
Flydalsgarden (Østrem): Lærar Lars Flydal (Var øvste leiar i mange år)
Flydalsgarden (Østrem): Peter Flydal (tok over på Skjerva i Sykkylven)
Flydalsgarden (Østrem): Ivar Flydal (gift til Sandane i Emblemsvågen)
Flydalsgarden (Østrem): Karl Flydal
Skaret (Nedregotten): Kristofa Nedregotten
Steffagaren (Nedregotten): Jofrid Nedregotten
Syvergarden eller Vestly?: Klara Nedregotten
Tryggeset (Nedregotten): Steffen Nedregotten (mangeårig leiar)
Tryggeset (Nedregotten): Lina Nedregotten (gift Ørskog)
Tryggeset (Nedregotten): Anna Nedregotten?
Tryggeset (Nedregotten): Ella Nedregotten
Tryggeset (Nedregotten): Sigvald Nedregotten (drog til Amerika)
Reset (Nedregotten): K. Hansen, truleg Kaspara Hansen
Garsendhaugen: Inga Emblem
Kaldhusgarden: (Emblem) Margit Kaldhussæter
Fursetgarden: Olga Emblem
Steffågarden (Emblem): Karl O. Emblem
Steffågarden (Emblem): Ole K. Emblem
Steffågarden (Emblem): Klara Emblem (kanskje Jakobgarden?)
Jakobgarden (Emblem): Anne B. Wennersberg (g. Lundanes)
Jakobgarden (Emblem): eller helst frå Auregarden: Oskar Emblem
Auregarden (Emblem): Thomas Kristoffersen (seinare handelsmann og bussjåfør i bygda) Sjursgarden (Emblem): Magda Emblem
Sjursgarden (Emblem): Anna Emblem
Sjursgarden (Emblem): Agnes Flø
Storhaugen (Emblem): Anna Johansen
Knutgarden (Emblemsvågen): Ragna Emblemsvåg
Antonesgarden (Emblemsvågen): Sofie Emblemsvåg
Sandane (Emblemsvågen): Henna Emblemsvåg (g.m. Thomas Røssevoll)
Sandane (Emblemsvågen): Signe Emblemsvåg (g.m. Ivar Flydal)
Sandane (Emblemsvågen): Gudrun Flydal
Tykjegarden (Røssevollen): Hans Røssevoll (første leiaren på Emblem 1908)
Pe-garden Røssevollen): Inga Røssevoll
Pe-garden Røssevollen): Borghild Røssevoll
Nygjerdet (Røssevollen): Borgny Olava Mauseidvåg
Nygjerdet (Røssevollen): Solveig Mauseidvåg
Ukjend stad på Røssevollen: Lilly Røssevold
Eikenosa/ Skorene: Johanna Eikenos (Furseth)
Eikenosa/ Skorene: Anna Eikenos (Furseth) (g.m. Harald Røssevold) Flisneset Olina Flisnes
Flisneset Ingvald Flisnes:
Ramsvika Hans Ramsvik:
Ødegård (Eikenosøygard): Ole Ødegård
Usikker på gard: Laura Flydal
Kjeldene:
Avisarkiva frå Nasjonalbiblioteket :
Møre Tidend 9 juli 1919
Søndmøre Folkeblad" datert 16. april 1903
Søndmørsposten 28. og 29. januar 1908
Nokre notisar utan kjeldenamn, men set var stort sett venstreavisa Sunnmørsposten som skreiv mykje om dette losjearbeidet. Det verkar som om der var eigne skribentar på bygdene. Det kan ha vore Lars Flydal sjølv.
Bergem, Peder: Forkynning, fellesskap, forsking : Volda lærarskule 1895-1995, Høgskulen i Volda , 1995
Flydal, Ivar: «Lagsliv»
Møteprotokollane "Duen" 1919-ca.1925 og "Upp og Fram" frå 1936-1937
Skorgevik, Kjell: «Borgund Præstegjelds Afholdsforening», Årbok for Sunnmøre Historielag 2008
Songbok og opptrykk av ein forhandlingsprotokoll frå 1910, med lover og vedtak nasjonalt. Beggetilhøyrte losjane på Emblem
Sunde, Bernt: «Borgund lærarlag gjennom 100 år, 1850-1950». Utgjeve av Borgund lærarlag, Borgund 1950
Sunde et. al.: «Minneskrift Borgund Kommune 1837-1937». Utgjeve av Borgund Kommune, trykkt av Nasjonaltrykkeriet i Ålesund 1937.
Tilsynsprotokoll for Emblem skolekrets i tida 1900-1920
Tvinnereim, Jon: «Grotid i grenseland, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal 2, 1835-1920» Det Norske Samlaget, Oslo 1992
Vollan, Odd: «I kamp for et rusfritt folkeliv på sunnmøre» Trykkingen er i sin helhet finansiert av Fellesiendomen Godtemplarenes hus og Godtemplarungdomslaget Symra. Trykk: Jons trykkeri