GARTNERI, TORGHANDEL OG PLENTESKULAR I EMBLEMSBYGDA
I området frå Blindheim til Hesseberg finn ein fleire lune viker, og solrike stadar med grunnlag for både fruktdyrking og tidleg blomstring. Svaberga og fjellet held nemleg godt på varmen etter at sola har gått ned. Det er soleis ikkje så rart at fleire har satsa på både bærdyrking, planteskule og gartneri utover 1900-talet.
Tekst: Svein Ove Østrem
Der finst dessverre ikkje nokon samla oversikt over kven som dreiv med dyrking av nyttevekstar. Eg har sikkert ikkje fått med meg alle saman i denne teksten, men det er viktig å få fortalt litt om dette for ettertida. Det er mange som har dyrka bær og frukt, og dreve torghandel. Til tider kan ein vel seie at nesten heile bygda dreiv med dette. Kjøtt, egg, smør og levande vekstar vart sendt med båtar mot byen. Tidvis frå tre kaier. Andre tok landevegen fatt. Teksten ville blitt veldig lang om alle skulle få eigen omtale. Eg har derfor teke med eit mindre utval. Ei tid var nemleg bær og frukt like verdifull handelsvare som ved og mjølk. Folk flest samla dette i robåten, før dei la i veg mot byen på starten av 1900-talet. Fleire gardar har også hatt nyttevekstar i tunet fleire tiår før slutten av 1800-talet óg. Ein kan soleis rekne at dei gardane og plassane som ikkje fann verdi i å bytte til seg kaffi, sukker, eller anna mot eigne heimeodla varer, må ha vore i klart mindretal. Utover 1900-talet vart denne tradisjonen gradvis endra, slik at det vart stadig færre att etter 1970. Eg har forsøkt å finne litt om alle gart- neria, og dei som har dreve det stort med investering i vatningsanlegg og dyrkningsareal. Så har eg vald å gje plass til eit og anna glimt av livs- minne frå dei som dreiv i mindre skala. Om denne teksten fører til at fleire opplysningar kjem fram att i lyset, hadde det sjølvsagt vore stas!
Frukthagar ei kjærkomen ekstrainntekt.
1900 byrjar ein å registrere frukthagar og grønnsakshager i folketeljingane. Det meste var nok til eigen bruk. Sjølv i 1940 var det ikkje så veldig vanleg med stor frukt- og bærproduksjon, men “alle hadde no sorten”. For landlig- garane frå byen vart hyttetomtene nytta til å dyrke grønsaker, bær og frukt til både sommarstid og vinterlagring. Ein kan kanskje seie at ei høveleg tomt til dyrking var like viktig som hytta, frå 1930-talet og fram mot 1970-talet. I våre dagar har plattingane tatt over. Magni Liv Schrøder var ei av dei som hadde gode minne frå hytteliv i Emblemsbygda, og særleg området like vest for Brendhaugen. Kvar sommar kjøpte foreldra pjakk frå Engeseth, jordbær hos Hjørdis Akslen, og bytte på å kjøpe mjølk til mjølkeringe (også kalla “rømmekolle” red.anm.) frå Petra Hesseberg, Terøy eller Mauritz Akslen. Dei følte at det var viktig å kjøpe litt frå alle naboane, for godt na- boskaps skuld. Dei var fleire frå same familie som hadde hytte der. Foreldra til Liv hadde plommer, epler og ripsbær. Onkel og tanta, med etternamnet Wiig, hadde solbær, og besteforeldra hadde jordbæråker og ripsbær.
Mi farmor, Aslaug Petrine Østrem, hadde sett frukthage hjå besteforeldra i Magerholmvika, men vart overvelda ein haust Emblemsbygda Sportsklubb skulle spele fotballkamp mot Norddal Idrettslag på prestegardsmarkane på Engeset, lengst framme i bygda. Ho fekk vere med ektemannen, Hans Austrem, innover. Der var fleire tidlegare norddalingar på fotballaget til Emblem den gongen, så tur dit var neppe uvanleg. Aslaug fortalde at det var som eit eventyr å spasere under bugnande fruktre framover bygde- vegen. I pausen baud vertskapet på store trau med frukt, og ein kunne få med seg så mykje heim att som ein hadde lyst på. Slik var det ikkje i heimbygda den gongen. Aslaug og Hans fekk frukthage i Larsgarden. Dei hadde mykje bringebær og jordbær, berekna på sal på torget. Hans hadde óg fått tilsendt fleire frukttre frå slekt lenger sør i landet, men dei greidde seg ikkje like godt på Emblem. Trea vart sjuke, og måtte hoggast ned etter nokre år. Mengda ho fekk sjå i bakkane inne i fjordane var likevel noko heilt anna enn det ein hadde i heimbygda.
Der var fleire som hadde flytta til Emblemsbygda frå bruka kring preste- garden på Engeset. I Hatlebakken fann ein Thomas Kaldhussæter med familie. På Magerholm hadde Karl Engeseth kjøpt seg gard. Dei to familiane vart og i slekt, via dei eldste borna som vart att på Engeset. Severin Engeset
gifta seg med Thora Kaldhussæter, og dreiv vidare den garden Karl hadde flytta frå. Med innflytterane frå Norddal kom også meir spisskompetanse på fruktdyrking til bygda frå midten av 1920-talet, og det er kanskje ikkje så overraskande at begge planta høveleg med frukttre i bakkane kring husa sine.
Der finst opplysningar som tyder på at der må ha vore planta frukt før første verdskrigen óg. Eg har studert dei få bilda som finst frå Emblem kring 1910, utan å oppdage så mykje spor av sorten. Men det er helst den sentrale delen av bygda som vart fotografert. Dei fleste bilda er dessutan frå våren før lauvsprett. Då kan dei vere vanskelegare å oppdage. På Skaret hadde ein i alle fall frukttre som ein kunne klatre i på 1920-talet. Der er ei historie om epleslang frå den tida. Farfaren min, Hans Austrem, var ein av dei. Kårkallen hadde sett seg lei på desse tjuveria. Han sat derfor vakt på kjøkkenet, klar til å springe ut med ein gong han høyrde noko. Borna kom den kvelden óg. Kårkallen fekk kun fatt i farfaren min, for han var øvst oppe i det eine epletreet. Han vart dermed geleida inn på kjøkkenet. Straffa vart å ete opp alle epla han hadde samla. Problemet var at der var plass til mange eple i eplenikkersen. Gamlekallen visste også at treet bar dårleg frukt. Det endte dermed med mageverk, og to dagar til sengs for Hans. Han gjekk visst nok ikkje på slang på Skaret fleire gongar etter den opplevinga.
Ei av dei beste historiene eg har høyrt om epleslang er frå Syvergarden,
på bakken ved bedehuset. Det var vel tidleg på 1980-talet, og i alle fall
etter John Nedregotten hadde seld det gamle hovedhuset til bestyrar Arne Liaklev på Emblem Samvirkelag. Sjølv hadde han bygd seg nytt hus i delar av den gamle frukthagen. Det var på ei tid der slang framleis var populær tidtrøyte for born og ungdommar i bygda. Ei som gjekk forbi, hadde lyst til å gå på slang ho óg, men mangla noko å putte frukta i. Ho ringte derfor på
hos Liaklev, og spurte om å få låne ein pose. Det fekk ho. Så bar det rett inn i hagen hans på slang. Det bør nemnast at det ikkje var alle som var like glade for denne “sporten”. Der var dei som fekk skada frukttre, og nær- aste naboane til skulen vart særleg plaga av det som kan minne meir om hærverk etter kvart. Inngjerding nytta ikkje. Det vart vel kanskje starten på slutten for ein gamal tradisjon. I våre dagar vert ikkje frukta plukka.
Eg kan ikkje minnes at der var så veldig mange frukttrea i kvar hage i min barndom på 80-talet. Dei største hagane hadde vel kanskje rundt 10-15 tre? Men i mengd så vart det no ein del frukt likevel. Sjølv på husmannsplassar kunne ein finne flotte frukthagar etter 1900. Magnusplassen hadde ein av dei finaste, med flotte steingjerde ikring. Ein kan få inntrykk av at frukt- dyrking ikkje var særleg omfattande på strekninga Magerholm til Blind- heim før krigen, men det er faktisk feil. Eg vart overraska når eg studerte 1900-teljinga nærare. Eg finn ikkje ein einaste kjøkkenhage. Det kan kanskje ha noko med kva ein definerte som slikt den gongen, for omtrent alle dyrka sine eigne poteter, og hadde litt korn også. Eg hadde tenkt meg at det kanskje var meir uvanleg med frukthage, men eg fann bærbuskar på så og seie alle bruka på Emblem. Der var frukt på fleire av husmannsplassane. “Fasiten” syner at det var kun var kårbruket Bøen og husmannsplassane Magerholmnes, Akslagjerdet, Elvemyr 4 (Myrane), Hatlebakken, Plasse- vågen og Nygjerdet som ikkje hadde eigen frukthage på Emblem 1900. I tillegg var der underleg nok nokre større gardar, som Øvste-Aksla, Mattis- garden, Steinsgarden og Guttormgarden, som heller ikkje hadde frukthage enda, men det fekk dei aller fleste nokre år seinare. På Flisnes var det naturleg nok berre husmannsplassane Kalmyra og Skråvika som ikkje hadde slikt.
Kalmyra hadde heller ikkje dyr eller potet, men så kjem det klare skillet: På bruka lenger vest fanst det berre to frukthagar totalt. Det var Furholmen og Eikenosa. Ein skulle kanskje tru at dette var lune plassar å dyrke frukt på, og i alle fall bedre enn i høgda oppe på Eikenosa. Tendensen er også påfallande lenger vestover mot Blindheim og Vegsund. Der var det knappast ein frukthage å finne. Kan det vere at interessa spreidde seg vestover frå dei lune Magerholmvikene? Her var ein veldig tidleg ute med sal av bær og frukt til byen, lenge før Kipperviktorget vart etablert etter bybrannen i 1904. Sjølv i kjeldene frå den store brannen oppe på nakkane på 1860-talet, vart det framheva at der vart så mykje bringebær å plukke etterpå. Ungane sprang frå dør til dør i Ålesund og selde villbær i Steffen Magerholm (1869-1948) sin barndom. Det må ha vore slutten av 1870-åra.
I jubileumsboka “B.S. Aure A/S 125 år : frå krambu til faghandel” finn ein hald for denne påstanden. Historiker Eldar Høidal fortel at grunnleggjaren av denne sykkylvsbedrita, skreddar Severin K. Aure frå Tynes, tok til å handle med skreddervarer på 1870-talet. Om hausten kjøpte han epler på nordsida av fjorden, på Emblem og Glomset. Høidal nemner også meir samkvem over fjorden, og det var nok helst dei lengst aust i bygda som oftast tok turen til kyrkja i Sykkylven, i staden for Borgundkyrkja. Ei tid veit ein at sykkylvskyrkja hadde eigarinteresser i gardar på Hesseberg. Eg kan
tenkje meg at Severin var med på å påverke emblemsbygdarane til å satse på fruktdyrking aust i bygda.
Det er ikkje berre omfanget av bær og frukthagar som skil dagens Emblem frå Hatlehol og Blindheim lenger vest. I 1920 var dette også skiljet på om ein tok seg hyre på større fiskebåtar, eller dreiv på gamlemåten med eigen færing. Det bør likevel bemerkast at dette endra seg nokre få år seinare. Sverre Ødegård (1906-1982) frå småbruket Elvestad, på grensa til Blindheim, var av dei som satsa mykje tid å krefter på dyrking og torghandel. Det skal eg kome attende til.
Bær og blomster
Steffen Margerholm delte dei eldste kjende livsminna knytt til bærsalg med avisa i 1938. Han var både veteran i lokalpolitikken i Borgund, og den eldste torghandlaren i byen. Steffen kom frå Pe-haugen på Magerholm. Bruket
er kanskje best kjend for kalkomnar og næringsverksemd på slutten av 1800-talet, men dei var tidleg ute med bærsal også. Først etter århundre- skiftet, ca. 1903, tok Steffen Magerholm til med fast torghandel. Han stod der framleis i 1938. Han rekna torghandel som eit nyare fenomen, for slikt fanst ikkje i hans barndom. Dei rodde til byen om morgonen, sprang trap- per opp og trapper ned heile dagen. Det var mest ville slag dei selde, som blåbær og tyttebær til 10-15 øre per kanne. I tillegg hadde dei bringebær og solbær, men det var dyrare. På Magerholm selde ein eple før århundreskif- tet, medan pærer og plommer var for nyare varer å rekne i 1938. Det er interessant informasjon. Det var kanskje helst eple og bærbuskar ein kunne finne på Emblem og Flisnes 1900?
Torghandelen vart meir eller mindre til av naturlege årsaker. I Kipervika var der ei trapp mot sjøen der fiskarane la seg til. Det var også ein åpen plass der vedhandlarane sagde opp varene. Mange var trøytte av å springe rundt i byen, så dei slo seg heller til mellom vedlassa. Regulering til torg kom først etter bybrannen, men det var ikkje den beste staden å stå. Staden var sanddekt, så det vart utriveleg når det bles. I 1918 kunne Steffen stå tidvis einsam på torget, men så tok fjordkarane frå Norddalen og Linge til å kome utover. Seinare kom folk frå Øyane og Haram med. Til slutt vart det så mange om beinet at ein laut møte opp klokka tre om natta for å få beste plassen. Det vart derfor forbod mot å stille seg opp før kl. 7, og det hjalp litt å få bygd Torghallen.
Steffen hugsa ein gong under første verdskrigen. Torgsalget var sterkt regulert, så dei fekk ikkje bestemme prisen sjølve. Der var likevel dei som baud overpris, og ein dag tenkte Steffen at han skulle prøve seg på det samme. Han slo opp kassene, og baud på fine friske varer til litt overpris. Med eit kjende han ei sterk klo i nakken. Det vart dermed å følge konstabel Voldstad til politikammeret for avhør:
- Du hev forbrote deg mot maksimalprisen, min gode mann!
-Ja... Eg vilde ha litt meir om det var råd, men det var ingen som vilde... Han kom godt ut av forhøret, og fekk overtala politiet til å få springje attende til bærkassene sine før fantane kom og tømde dei.
Mauritz Akslen skreiv ned litt om samfredsle og frakt av torgvarer i sin barndom:
“Då det vart teke til med å reise på torget med poteter, grønsaker og bær, var det nokre privatbåtar som gjekk onsdag og laurdag. Frå Magerholm gjekk ein liten båt, han gjekk oppunder Urda ved Nedregotsvika, og tok ombord folk og varer frå gardane her.”
Eg vil tru at han tenkte på motorbåten “Vidar”, som vart eigd av eit privat ruteselskap på Sula. Forløparen til Sularuta. Med “Urda” tenkte han nok på Hammarsvikkaia, også kalla “Skarekaia”, like vest for hyttefeltet i Løvika. Kaia var i drift berre nokre få år, kring den første verdskrigen. Mauritz fortel vidare:
”Ystebøbåten gjekk frå Emblemskaia. Det var mang ein spanande og kald tur rundt Flisneset, ofte i kuling og regn. Eg er usikker på kor lenge Ystebø- båten gjekk. Det var ein litt større motorbåt som ikkje gjekk i fast rute. Den var nok helst nytta til fiske.”
Dette er einaste opplysninga om at Ystebøbåten vart nytta til torghandel, men ein tok nok oppdrag der det var mogeleg å tene litt ekstra i ledige stunder. Reitebåten vart for eksempel leigd ut til hogst og frakt av trevirke frå vedteigar kring Oaldsvika og Lundaneset, for bedrifta Ødegård Karosseri, i mellomkrigsåra.
Det ser ut som om stadig fleire av småbrukararne i bygda fekk augene opp for torghandelen mot slutten av 1930-talet. “Kjøt-Iver” Furseth på Eikenosa var den første som løyste torgrett på det nye Kipperviktorget etter bybran- nen i 1904. Folk var frå gamalt av vande med å ta med seg ei god vedfamn til å bytte inn i slikt ein trong, som kaffe, mjøl og liknande. Husmennene selde gjerne kol frå eigne kolmiler til gullsmedane i byen, og andre selde tjøre. Med eigne handelslag på bygdene frå 1900, vart behovet for bytur litt mindre. Likevel auka handelen fram mot andre verdskrigen. Der var langt færre husmenn med kolmiler, men grønnsaker, bær og blomster vart vanlegare handelsvarer. Å konkurrere med dei inne i fjordane på frukt var det kanskje ikkje så mange som forsøkte seg på, men torghandel var ei kjærkoma inntekt. Det var ikkje så mykje å tene, men det dekte i alle fall utgiftene med byturen, og kanskje det ein trong. Frå 1907 hadde fleire fått erfaring med fast transport av mjølka til meieriet i byen. Det vart stadig
lettare å kome seg dit med både hest og motorbåtrute. Frå 1920 søkte nær sagt kvar einaste kar arbeid på motorbåtar og fiskedampskip under vinter- fisket. Mange av arbeidsgjevarane heldt til i Ålesund.
Sal av ferske sesongvarer vart stadig meir populært. Etter krigen fekk man- ge deltidsarbeid i kommuna, og dreiv småbruket etter arbeidstid. Bringebær og jordbær vart planta i stort monn på fleire gardar. Nokre satsa meir på sommarblomar og grønnsaker. Klarte ein å tilby fleire varer, kunne sesongen utvidast, og torgavgiftene forsvarast.
Frå avisene i samtida kan ein fleire gongar lese at dei tidlegaste grønsake- ne kom frå Emblem. Stadig fleire av odelsgutane, fødd kring 1915, tok seg utdanning. Då vart det gjerne agronomstudiar ved landbruksskulen på Gjermundnes. Dei kunne stolt søke etter onnehjelp, tenestejenter og dreng utover 1940-talet. Tittelen var “agronom”. Ja, dei hadde til og med studenthue og spanskrør som heidersteikn etter endt skuleår på 1930-talet. Klassebileta fekk beste veggplassen i heimane, og ein knytte gode venskap.
Enno viktigare var det at ein fekk kjennskap til ny vitskap om gardsdrift og økonomi. Det vert fortalt at “Marka-Hans” lo godt når han såg “jyplingen” i Larsgarden sette staur til hesjane sine i sikk sakk. Han reduserte også høgda og talet på strengar. Dette var ny kunnskap. Hejsane stod betre mot vind- kasta. Han tenkte også på vindretninga. Marka-Hans lo ikkje like godt når han seinare måtte hesje opp att, medan jyplingen sine stod fjellstøtt.
Sverre Ødegård (1906-1982) på småbruket Elvestad, mot grensa til Blind- heim, var ein av dei som la ned mykje tid på nydyrking og jordforbetring. Han hadde arbeid som snikkar hos «Ødegård Karosseri» i Puskhola, og erfaring frå møbelfabrikken til Rolf Ekornåsvåg ved Eikenoskrysset. Han dreiv ei tid med sau. Sverre hadde premievær i lag med ein kamerat frå Stranda. Saman med ektemaken, Petra Kristofa Ødegård (f. Kvasnes) frå Torevågen, dreiv han med torghandel i Ålesund. Karl O. Emblem i Steffå- garden var svogeren til Petra. Han hadde eigen bil, og kunne nok hjelpe til med frakt av salgsvarer mot byen av og til, men Petra tok helst bussen. Frå handskrevne lappar med dagsrekneskap, kan ein finne at ho selde både roser, erter, neper, og eit rikt utval med sommerblomar. Ho hadde asters, georginer, løvemunn og montbresia til salgs på ein og samme torgdag. Petra selde mest blomster og bær, og der var også dei som vart så nøgde med varene at ho fekk takkebrev etterpå. Også for slekta i Torevågen var torg-dagane viktige. Aslaug Reiten minnes å vere på plass der. Ho var med og stod på torget, slik mange frå bygdene gjorde tidlegare.
Framigardsfolket dreiv også med torghandel. Karoline Ødegård (1888-1981) selde potet, blomar og bær. Ho var nok vant med dette frå Magerholmdalen, og var berre jentungen når ho laut vere med faren på rotur mot byen fredags- kveldane. Det var mest som selskap, men ein lærte mykje på vegen, og i byen var det slekt å besøke. I vaksen alder var også påskeliljer ei populær handelsvare. Svigerfaren, Johan Ødegård (1853-1940), dreiv også torghandel. Dei hadde i tillegg fire familiar i byen som faste kundar. Men egg selde dei ikkje, for dei ville ikkje konkurrere med naboen Marie på Bjørkavollen. Ho hadde det nemleg som ei viktig inntektskilde. Frå Larsgarden på Østrem leverte dei bær til Lingås på torget. Hans Austrem, hadde større felt med mellom anna bringebær og jordbær. Sonen, Olav Østrem, er framleis ivrig bærplukkar i Larsgarden, men no er det kun til eige bruk. Han har vokse opp med eit overskot av bær til pålegg, og gjerne nystekte bollar på laurdag. Det var også ein tradisjon før mi farmor, Aslaug Østrem, gifta seg med Hans. Niesa, Karin Eriksen, har fortalt at det lukta nysteikte bollar heilt ned i Myrane, når dei kom på helgevitjing i barndomen. Det var gjerne Lida, seinare gift Kaldhusseter, som hadde baka. Karane i hyttefeltet ”uti marka” (ved Vestrem red. anm.) kom også til gards for å få smake på baksten, om dei var der. Det var vel helst sylte av eiga avling på bollane. Eg har vorte fortalt ei historie frå den gong min far og onkel Per var yngre: Ein populær aktivitet var å grave ut innmaten i bollane, for å få plass til meir jordbær- sylte, for den slags hadde dei mykje av. Ein gong Oddvar Ramsvik var på besøk, lurte han på om dei trong hjelp til å byggje forskaling også. Han var snikkarmeister.
På Flisnes var der også bær til sals. I 1969 vart Lindsy Flisnes og dottera
til ordførar Gustav M. Flisnes, Torill Flisnes, intervjua av Sunnmørspos- ten. Dei hadde med seg fine stikkelsbær heimanfrå. Emblemsbygda var
so pass kjend for landbruksvarer tidlegare, at ein drøfta spørsmålet om å kjøpe Mattisgarden til ny landbruksskule i mellomkrigsåra. Det vart ikkje slik, men garden skulle seinare nyttast til både gartneri og frilandsdyrking frå 1970-åra. Når brukaren der, handelsgartnar Øystein Reykholt Eriksen døydde i 1980, var så og seie kvart einaste jordstykke pløgd opp og planta til med grønsaker og blomar. Fórene var synlege i mange år, og fleire stader kom der jamnt opp store mengder med påskeliljer.
Planteskulane veks fram
Det var ikkje berre gutane som satsa på jordbruksutdanning. Anne Betzy Emblem (1909-1997) frå Jakobgarden var ein av jentene som tok utdanning som gartnar. Ho fekk plass på Amdam planteskule på Sjøholt, og dei var fleire jenter som valde same vegen. Eg er usikker på kva planar ho hadde. Kanskje vart ho inspirert av dei to karane som hadde kjøpt Negarden for å satse på frilandsgartneri på 1920-talet? På Veahaugen dreiv Karl Østrem (1910-1985) garden. Han var eigentleg snikkar, men fekk 1950 tilskot til vatningsannlegg. Der dreiv han med både jordbær og frukthage.
Inne på Akslagjerdet valde Kristian Leira å satse på planteskule og
enklare gartneri. Han gifta seg i 1933. Kona, Tora Børstad (1910-1998), kom frå Sør-Odalen. Ved lysinga var Kristian allereie registrert som gartnar i Ålesund. Ho var “stuepike i Holmenkollen”. Dei budde på Akslagjerdet resten av si levetid, og dreiv frilandsgartneri der. Dei dyrka planter, avskårne blomar, grønsaker, frukt og bær. Varene vart seld på Kippervik- torget i Ålesund, men også til bygdefolk og den som tok turen til Emblem.
I Larsgarden på Østrem handla dei kålplanter der. Om vinteren var det stillare i vekstnæringa. Då var Kristian på vinterfiske, eller i arbeid på Rieberbuda i Ålesund. G. C. Rieber var opphaveleg ein grossisthandel
for skinn, med avdelingskontor i Trondheim, Oslo, Stavanger, Tromsø og Ålesund. Etter kvart satsa dei også på garveri og skoproduksjon. På Kristian si tid var også selfangst, drift av isbrytar, makrellfilét og fiskeolje viktige satsingsområde.
Gartneria
Eg skal ikkje seie sikkert kven som var tidlegast ute med gartneri, men det kan ha vore i Negarden. Dei utvida gradvis frå dyrking på frimark. Pionér- ane Aspeseter og Hovrud vart likevel ikkje så lenge på bruket. 1924 selde Fredrik Emblem Negarden til gartnar Johan Hovrud frå Nord-Aurdal, og gartnar Fritjof Aspesæter frå Vardal. Samstundes fekk han delt frå ein eigen parsell som vart kalla «Lunberg», med bruksnr. 21. Dette vart skylddelt den 28. august. Tomta fekk ei skyld på 9 øre, og vart tinglyst den 3. september. Dei to kjøparane hadde, etter det eg har hørt, plan om å drive frilands- gartneri i Negarden. Det gjekk ikkje så bra, for den 7. juni 1926 vart det halde eksekusjonsforretning på garden. Kravet kom frå konkursboet etter ein annan sambygding, Handelsmannen Hans Furseth, som dreiv kolonial
under namnet ”Hans Iversen” i Spjelkavik. Han var igjen avhengig av
at dei handlande kunne betale for seg. Gjelda til dei to gartnarane var på nærare 290 kroner. Det var ikkje store beløpet, men dei makta ikkje å betale bustyraren innan fristen. Det endte med at banken tok garden med eit bod på 8000 kroner. Tvangsauksjonen enda etter fleire rundar i retten med at banken fekk lov til å kjøpe garden frå Aspesæter og Hovseter i 1928.
Martinus Knutsen Emblem (1881-1949) frå Steffågarden og Thea Emblem (1886-1979) frå Auregarden kjøpte Negarden frå banken. Sonen Trygve Emblem (1927-2012) tok over garden i 1958. Han hadde forsøkt seg nokre år med salg av mellom anna frukttre. Eg finn annonser om dette attende til 1954. Han var registrert som gartnar med eige gartneri i Norges handels- kalender i 1969. Gartneriet låg i lengderetninga aust-vest, på marka mellom hovudhuset i Negarden og nabobruket Skillingen. Broren, Erling Emblem, fortel at han kjøpte eit brukt drivhus på Glomset. Det var vel brørne Inge og Martin som hjalp han med å flytte det. Erling minnes at det vart dyrka tomat, men det var aldri nokon stor drift, og der var heller ingen ansatte.
Trygve hadde mykje å gjere ved sida av gardsdrifta. Han var speidarleiar, engasjert i politikk, og aktiv i styret for billaget i bygda. I tillegg hadde
han fleire andre verv. Trygve fekk god hjelp av søskena, som budde nær tunet, til slåtten. Han vart soleis den som vart først ferdig. I tillegg dreiv Trygve med hestar. Med så mykje å gjere, er det ikkje så rart at han ikkje rakk å drive like grundig med alt han tok fatt på. Eg har ikkje klart å finne eksakt når gartneriet starta opp, eller når det vart lagt ned, men minnes restane frå min barndom. Gartneriet er nemnd i handelsregisteret i 1985,
og eg har høyrt at det det truleg var var snømengda som skada gartneriet ein vinter. Restane vart ståande i fleire år, men er borte no. Det samme gjeld negardshuset, men nyløa på hi sida av bilvegen stend framleis.
Akslagjerdet
I 1969 er også Kristian Leira og Ole Larsen i Løvika nemnde med eige gartneri. Kristian er omtala som gartnar i Ålesund allereie i 1933. Yrkes- tittelen vart nytta i lysinga før bryllupet med Tora Børstad (1910-1998). Han hadde både gartneri og frilansproduksjon. Kristian og Tora kjøpte Aksla- gjerdet i 1938. 1946 finn eg første rubrikkannonsa der gartneriet er nemnd. Der var også lavare drivbenkar. Dottera, Karin Leira Solvang, minnes at faren dyrka vår-, sommar- og haustblomar. Han hadde blomkål, haust- og vinterkål, salat og jordbær. I frukthagen dyrka han diverse eple, plommer og pæresorter. Kristian tørka blomar for sal, og han selde kristorn.
Slik fylde han ein stor del av sessongen på torget i Ålesund. Der stod han trufast i mange år. Eit stemningsbilde frå Kiperviktorget anno 1955 syner eit yrande liv med mange bodar og kjøparar. Kristian var ein av dei fotografer- te (bilde s. 77). For den som levde av det som kunne dyrkast, var det ein heil del å tenkje på. Der var nok av skadedyr som kunne øydeleggje delar av avlinga. Far min, Olav Østrem, minnes at talet på ringduer auka oppe i nak- kane ei tid. Det vart tidvis vanskeleg å lufte ut i drivbenkane, utan at duene kom å forsynte seg. Dei spreidde seg også vidare vestover mot Akslanakken og Rotanakken. Der vart dei til stor plage på Østrem også.
Gartneriet til Karl Berge
Karl Berge frå Eidsdalen forpakta Guttormgarden nokre år, før Jon Brune kom til bygda. Karl var aktiv i skytterlaget, og dreiv med minkfarm sør
for løa. I tillegg hadde han gartneri. Det bygde han der dei nye husa med gateadressa Løvika 19a og 19b ligg i dag. Ein brukte å parkere der tidlegare, før dagens sjøveg ned til Østremsvika vart bygd. Betongfundamenta stod omtrent til det nye byggjefeltet skulle planerast. Eg har aldri sett bilde av heile drivhuset, men restane kunne minne litt om gartneriet lenger vest, hos
Odd og Bjørn Larsen. Eg har høyrt at resten av gartneriet vart demontert når han ga seg som forpaktar på garden. Løa i Guttormgarden brann ned i hans tid, i 1956. Nokre ungar hadde leika seg med fyrstikker. Det vart litt av eit liv når grisane skulle bergast ut. Tor Nedregotten minnes denne dagen. Ein annan gong rømde eit større tal mink på vinterstid. Det var brøyte-
kantar og snø, så det vart eit spetakkel å samle dei inn att. Elles har eg ikkje funne meir om kva han dyrka, eller omtale av gartneriet i avisene.
Larsen-tomatane
Litt lenger vest, mellom Østremsjøen og Løvika, kjøpte Ole Kristian Lar- sen frå Kipervika 30 mål jord av Sirigarden i 1932. Han hadde vore både sjømann og møbelsnikkar i Amerika. No vart det mest gartneri han satsa på. Ole var trufast med dei finaste tomatar, bær og grønnsaker på Kiper- viktorget. Attåt køyrde han buss for Emblemsbygda Billag, og fekk merke kor krevande det var å kome seg opp “Puskebakkane” med gassgenerator under krigen. Då måtte passasjerane ofte ut å sku. Eg minnes framleis turane ned til Ole for å kjøpe tomatar i min barndom. Dei fekk alltid mykje skryt hjå kundane. Vi hadde eit lite hobbydrivhus i Larsgarden på Østrem også, men “larsen-tomatane” var det alltid noko ekstra ved. Drivhuset er no det einaste som står att på Emblem. Det er framleis ei glede å gå forbi der, og sjå tomatplantane gjennom vindauga om sommaren.
Gartneria på Pe-haugen
Der var gartneri hos Peder Andreas Magerholm (1903-1988) med. Han fortsette torghandlartradisjonen etter Steffen Magerholm før han. Eg har skreve om Steffen tidlegare i denne teksten. Solveig Hjelme fortel at Gart- neri og torghandel var for ein stor del levevegen til foreldra. Peder og Borg- hild, fødd Slagnes (1914-2009), hadde fast plass på torget. Dei var der kvar laurdag frå påske og utover hausten, så lenge det var noko å selge. Det kunne vere frukt, grønnsaker og poteter. Det første drivhuset vart nok bygd ein gong på 1930-talet. Det vart erstatta med eit nytt på 1960-talet. Det vart dyrka kålplantar. Delar av avlinga vart dyrka vidare til hovudkål og blom- kål, som vart selde på torget. Peder hadde bringebær, rips og solbær, samt neper. Mor til Solveig dyrka forskjellige blomar og salathovud. Ho dreiv fram bjørkelauv til påske, og selde det saman med påskeliljer. Peder sprøytte frukttrea til dei som måtte ha behov for det. Solveig fortel at ho var med, og tykte det var stor stas. Han dyrka kålplanter heilt til han døydde. Det siste året vart 1987. Borghild fortsatte nokre år til med blomar, krus- persille og salat, ved hjelp av borneborna Frøydis og Lennart Hjelme.
Eriksen gartneri
Det største gartneriet vart bygd i Mattisgarden på Emblem. 29. desember 1972 kunne ein lese at nordvestlandets største gartneri var i ferd med å røyse seg der. Det var 120 meter langt og 16 meter breitt. I tillegg vart det bygd fyrrom, tank til fyringsolje og arbeidshus. Sistnemnde er det einaste som står att i våre dagar som del av “Stall Akslen”. Handelsgartnar Øystein Reykholt Eriksen (1905-1980) var mest som ein kjendis i Ålesund og
omegn. Han var med på å etablere byens første akvarium, vart mykje nytta til foredrag, og hadde allereie bygd eit imponerande anlegg med fleire drivhus på markane like nord for dagens rundkøyring ved “Esso-Hans”
og Spjelkavik Samvirkelag. I eit lesarinnlegg i Sunnmøre Arbeideravis var det dei som meinte at han hadde gravd, sprengd og stått på så mykje for å byggje dette anlegget i Spjelkavika at han skulle hatt fortenestemedalje. Det fekk han også, i gull, 1966. Øystein starta der allereie 1928. Han bygde driv- hus i bakken ned mot sentrum av Spjelkavikbygda. Eg hugsar sjølv at vi handla der. Saman med kona, Klara Sigvarda Abelvik (1905-1992), flytte dei til Mattisgarden på Østrem, og bygde på hovudhuset. Etter nokre år med forpaktarar hadde borna og arvingane etter Fredrik Østrem (1891-1962) seld garden til Eriksen. Skøytet vart tinglest i august 1964. Arvingane, Nils Mathias, Tait og Clifford Østrem budde alle i Amerika, dermed vart eit gardsbruk i Norge alt for langt unna.
I det nye drivhuset på Østrem skulle alt av det nyaste inn. Der var automatisk lufting, all vatning og gjødsling kunne gjerast ved berre å åpne ein krane i arbeidshuset. I dag er slikt heilt vanleg, men ikkje den gongen. Det meste vart lagt opp til drift for kun ein mann, med unntak av periodar med såing, prikling og hausting. Då hadde han ein kombinasjon av lokal arbeidskraft og dei ansatte i Spjelkavika. Drivhuset på Østrem stod bruksklart første mars 1973. Han hadde fortalt journalisten frå Sunnmørs- posten at han hadde ein langsiktig plan om å nytte 5-6 mål til parkanlegg med kulturelle innslag. Så langt kom han ikkje. Det vert fortalt at mykje av innmarka vart nytta effektivt til store åkrar med både grønnsaker og
blomar. Sjølv heimeutmarka vest for storelva vart pløgd opp. Når han brått gjekk bort i 1980, vart alt ståande slik i fleire år. Denne stordrifta vart for mykje for den aldrande enka etter han. Ho satsa ei tid på å halde liv i drivhuset i staden.
Eg er fødd på Østrem i 1975, og minnest at marka aust for drivhuset, heilt opp til tuna, hadde kombinasjon av påskeliljer og høgt gras tidleg på 1980-talet. Det var vel kanskje påskeliljer dei hadde satsa på fram mot 1980. Eg har funne ei annonse for vårløk frå Eriksen gartneri i 1976 i alle fall. Då hadde dei drift på Valderøya i tillegg. Det var vel kanskje ute på øyane dei satsa mest på å dyrke løkvekstar. I desember 1977 kunne sonen, Einar Eriksen, fortelje at dei hadde seld 20 000 julegleder og hadde 11 000 julestjerner, 3000 tulipaner med løk, 3000 svibler og 1500 asalia på lager. I midten av november 1982 var det framleis ei stor mengde, med 10 000 julegleder og 11 000 julestjerner som stod klare for salg. Etter kvart vart det for krevande for Klara Eriksen å drive gartneriet. Gartneriet på Aspehaugen i Spjelkavika vart seld til Eka bygg i 1982. Drivhusa vart leigde ut ei tid, før dei vart rivne i 1986, og byggjing av bustadblokker vart endeleg godkjent. Men på Østrem vart det annleis.
Strømmes gartneri
I april 1983 kunne Sunnmørsposten fortelje at Oddgeir Strømme frå Flisnes og kona Alvhild hadde tatt over gartneridrifta på Østrem. Dei skulle dyrke for bedrifta Sandvik blomster, som hadde leigd drivhusa. Den våren satsa dei på snittkrysantemun, sommarblomar og grøne planter i det to mål store veksthuset. Dei skulle levere til Sandvik sine butikkar, men også drive salg frå Emblem. Det skulle marknadførast under Sandvik sitt firmanamn. Alt gjekk ganske bra fram til midten av mars 1986. Då tok det fyr i gartneriet, og tusenvis av blomar vart øydelagde saman med halve bygget. Det var elektronikken i styringsystemet som forårsaka brannen, og forplanta seg vidare til ein plastduk under taket. Varer for fleire hundre tusen vart øydelagde.
Oddgeir valde å satse vidare. I 1987 starta Oddgeir og Alvhild for seg sjølve, under namnet “Strømmes Gartneri”. Dei kunne første sommaren tilby grøne stueplanter og sommarplanter som tåler klimaet på Sunnmøre godt. Petunia og stemorsblomster er to slike typar. Men det vart krevande tider. Landet var på veg inn i ein større økonomisk nedtur. Lånerentene svinga hardt oppover, og prisen på fyringsolje gjorde det samme. Ein skal faktisk
heilt fram til våren 2022 for å finne maken til prisvekst på viktige utgiftspostar som fyringsolje. Gartneriet var ikkje så gamalt, men det var ikkje bygd med samme energisparingstiltak som ein er vande med i våre dagar. Oddgeir og Alvhild arbeidde likevel på. Det klarte dei også på ein imponerande måte heilt til våren 1989. Ein skal ikkje gløyme at i mellomtida hadde store kjende bankar og solide bedrifter allereie gått over ende året i forvegen. Dei skulle dessutan konkurrere med langt større familiebedrifter med fleire veksthus og fleire lokalitetar. Nokre av desse hadde også investert mykje i alternativ oppvarming. Dermed vart det slutt på gartneriet på Østrem. Nyyårsorkanen få år seinare øydela store delar av bygget natt
til 1992. I dag er det stallen og fjøsen til Torill Berge som står på den gamle gartneritomta, medan det gamle arbeidshuset er ombygd til Stall Akslen.
Mot slutten for gartneridrifta
Eit søk i handelsregisteret frå 1985 gjev følgande treff: Karl I. Bjørkavoll, Trygve Emblem Gartneri, Eriksen Gartneri, men kun i Spjelkavik, og til slutt Kristian Leira. Dei står oppført under samlebegnelsen “Gårdsdrift, gartneri- drift og husdyrhold”, men der manglar det så mange småbrukarar at eg vil tru at det mest er snakk om dei som dreiv planteskule og gartneri. Eg har
til no skreve om to av desse. Når det gjeld Karl Iver Bjørkavoll (1912-2002) på Bjørkavollen, så er det kanskje birøktinga han er registrert på grunnlag av. Han var også politisk aktiv, vegvaktar, skjønnsmann og oppsynsmann
for skogane i indre Borgund kommune. Karl hadde agronomutdanning
frå landbrukskulen på Gjermundnes, og engasjerte seg i mykje, men eg
har ikkje funne hald for at gartneri var noko han satsa på. Naboen, Johan Ødegård, kan vel kanskje ha hatt eit av bygdas finaste drivhus til privat formål ei tid. Det var ein av dei avskilta “solskinnsbussane” frå Ødegårds Karosseri, som han kjøpte attende til dette formålet. Der kosa tomatane seg.
I våre dagar er det knappast kommersielle drivhus att, om ein ser vekk frå dei som mest er til lagring av salgsvarer for butikkjedar som Plantasjen og Hageland. Med auka straumprisar og drivstoffprisar er det også store aktørar med produksjon av varmekrevjande vekstar, som tomatar, som slit med å halde verksemda i live. Fleire vart nøydde til å slå av varmen vinteren 2022, og same hausten måtte fleire bønder i Sør Norge pløge avlingane sine ned, for kostnadane til kjølelager var høgare enn inntektene. Men hageinteressa hjå folk flest er kanskje aukande. Særleg etter to år med mykje heimetid under pandemien.
Til avsluttning
No har du forhåpentlegvis lest litt eller heile teksten. Kanskje er det noko du saknar omtale av, eller kjem til å tenkje på noko du har høyrt eller sett. Eg vonar du tek kontakt. Eg er alltid på jakt etter meir stoff om dette emnet, og det er ikkje alltid like lett å vite heilt kvar ein skal leite, eller kven som kan vite. Nytt gjerne følgande e-post: sveostrem@hotmail.com, eller søk meg opp via Facebook.