Gå til hovedinnhold

MATHIAS ØSTREM Båtreiar, kraftverkspionér og fiskeeksportør

 

 

Matias Østrem er på mange måtar ei personifisering av hamskiftet på bygdene mot slutten av 1800-talet. Få i Borgund kommune var like framsynte som han i samtida. Matias, eller ”Mattis” på folkemunne, vart eigentleg døypt (Niels) Matias Ole Andreas Halvorsen Østrem. Han vart fødd på tampen av året den 29. desember i 1852, og forlet denne verda først i 1936, 84 år gamal.

 

Tekst: Svein Ove Dale Østrem

 

Matias kunne fortsett i foreldra sine fotspor, og dreve gard på tradisjonelt vis, men det gjorde han ikkje. Det kan verke som om han hadde ei sær- eigen interesse for den nye tida som skulle kome, og han hadde økonomiske ressursar til å prøve ut dei nye idéane han fekk høyre om. Det vert fortalt at Matias var den første i bygda som dyrka opp markane sine, slik at han kunne nytte hestedrivne reiskapar som slåmaskin, møkrakjerre, høyvendar og kunstgjødselspreiar. Han kunne ha stoppa der, for nydyrkninga må ha vore eit stort prosjekt i seg sjølv. Det var ikkje så reint lite stein som måtte flyttast, eller markar som skulle drenerast og planerast med handemakt.

 

Resultatet vart ei meir effektiv driftsform, og ga tid til overs til andre prosjekt. Med den nye kunstgjødselspreiaren vart han tidleg kunde hjå Norsk Hydro. Eg veit ikkje eksakt kva som inspirerte til å tenkje så mykje nytt, men han hadde mange ikring seg som inspirasjonskjelder.

Matias gifta seg 17. juni 1883 med Pernille Pedersdotter Viddal (1861-1947). Saman fekk dei borna Hans Laurits (1885-1885), Mathias Laurits (1887- 1887), Inga Olivia Mathæa (f.1889), Fredrik Hilmar Peder (1891-1962) og Ingeborg Hanna Sofie (1896-1981). Kor religiøse Matias og Pernille var, er eg usikker på. Der er ikkje funne så mange spor etter dei i retning av haugiansk gründerand, men det er opplysningar som peikar klart i religiøs retning. I 1890 stod den største og gjevaste løa i bygda i deira tun. Nokre få år seinare gjekk der ei stor vekkelsesbølgje over Sunnmøre, Emblem inklu- dert. Til slutt vart flokken av nyfrelste så stor at der ikkje fanst husrom til alle på møta, og bedehus fanst ikkje i bygda før 1903.

 

Mattisløa

Løysinga vart Mattisløa på sommarstid, når høystålet enno var tomt. Presteskapet likte slik lekmannsforkynning heller dårleg, så eg vil tru at gardsfolket var med i flokken av nyfrelste. Brukaren på nabogarden, Lars Olsen Austrem, enda jamvel som lekpredikant. Ein var mest opptekne med indremisjonen, eller ”gamlemisjonen”, som den óg vart kalla. Innpass i lek- manssrørsla kan dels forklare Matias hug til å starte verksemder, men ikkje kvifor han valde å gjere det i så stort monn. I haugianarrørsla skulle ein leve sparsommeleg og sette pengane attende i eiga bedrift, medan Matias bygde mykje til eiga nytte, som forenkla kvardagen til seg og sine i staden. Småkraftverket på garden var eit eksempel på dette. Endra dei syn gradvis utover århundreskiftet? eller var det kanskje slik at Pernille var pådrivaren i det religiøse av dei? Ho drog jamvel til Ålesund på pinsevenmøte. Det likte visst Matias dårleg. Pernille kom frå Hjørundfjorden, der mange gardar ligg usikkert til mellom farlege fjell. Fjorden har brøfødd mangt eit religiøst menneske. Sjølv den dag i dag finn ein mange etternamn frå denne fjorden i nyare religiøse trusamfunn som mellom anna Brunstad Christian Church (tidlegare Smiths Venner) jamvel i Romsdalen.

 

I Matias si tid var det vanleg å tørke fisk på berga nede ved sjøen for sal. Alle gjorde det, for dette var ein måte å få tak i kontantar på. Handelsmann Børre Berli, som også var med å starte den første landhandelen på Emblem, var største oppkjøparen av tørrfisk langs Storfjorden tidleg på 1900-talet.

 

Båten hans kunne liggje i dagesvis å lesse. Berli fortalde avisa at han hadde betalt tusenvis av kroner til bygdefolket opp gjennom åra. Eg vil tru at han inspirerte både Matias og sambygdingen Fredrik Emblem i Negarden til å satse på same næring, etter han ga seg. Tørrfisk kunne også fraktast dit dei beste prisane var å finne. Matias kunne nok ha begrensa seg til kun å selge tørrfisken med brukbar forteneste, men det gjorde han ikkje. Matias kjøpte seg nemleg ei lita trekanta tomt oppå svaberget aust for nausta i Østrems- vika. Her mura han opp mot sjøen for å planere på toppen, og sette først opp ei stor sjøbu i fleire etasjar. Han bygde køyreveg fram til buda, hadde dører for innlasting av varer på baksida, og doble dører i framkant for lasting av skøytegaleasen ”Avance”, som han vart medeigar i frå 1892. Båten vart bygd på Liaaen verft i Ålesund 1884, og vart nytta både som bankskøyte og til transport av fisk heilt til Spania. På den tida kunne han vandre mellom velståande handelsmenn i byen. Det kan vere grunnen til at han ikkje likte like godt at Pernille engasjerte seg akkurat i pinsevenn-rørsla.

 

Kraftverket

Attåt gardsdrift og nyrydding vart han altså båtreiar, fiskeoppkjøpar, istransportør, slaktar og fiskeeksportør. Men historia enda ikkje der. I 1886 hadde søstera til Matias, Olivie Marie Johanne Halvorsdotter Østrem (1869- 1918), gifta seg på Blindheim med Lars Petter Rasmussen Blindheim. Dottera deira, Ingeborg, gifta seg seinare med elektroingeniør Arne Barmann (1872-1947) frå Haram. Med han fekk Matias kunnskap om utnytting av vasskraft på nær flat mark. Oppkjøp av fossefall og fallrettar var “høgste mote” før første verdskrigen. På den tida reiste folk land og strand rundt i Norge for å kjøpe slikt frå bøndene, som knappast forstod kontraktene dei skreiv under på. Her var ikkje Emblemsbygda noko unntak, men Arne kunne fortellje om dei nyaste løysingane som seinare skulle nyttast hos mellom anna “Spilkevig Snøre-, Not og Garnfabrikk”.

 

Ein trong ikkje lenger ha eit digert fossefall for å elektrifisere. Dette visste ein frå tidligare drift av truskeverk med reimdrift og fossekallar i småelvar. Matias hadde den sorten. Løa hans låg langt frå næraste vasskjelde med fart i. Han hadde derfor gravd grøft for vatnet ned mot løa, sett opp fossekall og reimar til truskemaskine på nordsida av låven. Der var sikkert utfordringar med dette, så han let seg overtale av Barman til å grave oppsamlingsdam ovanfor tunet, og byggje eit vel 200 meter langt trerør i eik med tønneband på ekte bødkervis. Opppdraget gjekk til Bødtkermeister Ragnvald Paulsen i Ålesund. Der hadde dottera Ingeborg nyleg hatt teneste, og kona i

 

huset slekta til Emblem. Turbinen kjøpte han i England, på heimtur frå ei av handelsferdene. Det heile var truleg prosjektert av Barmann, som starta opp med import og sal av elektriske produkt i Ålesund. Resultatet vart det aller første elektrisitetsverket i Borgund i 1913. Det kunne forsyne alle romma i huset og løa, gje straum til varmelampar åt ungdyra i fjøsen, og til ei rekke andre husholdningsprodukt som gjorde kvardagen enklare. Det meste var slikt som dei andre husmødre i bygda berre kunne drøyme om. Det var nok ikkje heilt fritt for at der var dei som var litt misunnlege.

 

Vittige tunger skulle ha det til at gardkona i Mattisgarden ikkje trong stå opp for å lage frokost. Det var no ikkje så veldig langt frå sanninga, om ein tenkjer på kor mykje meir tungvint alt husarbeidet var før elektrisiteten. Berre utfordringa med å stryke ei kvitskjorte, når strykejernet måtte fyllast

med glør, eller varmast på ein sotete vedomn. Ikkje rart ein nytta lause kragar og mansjettar. Slikt trong ikkje Pernille bekymre seg over. Folk kom gjerne på besøk for å sjå dei nye oppfinningane, men der var også dei som ikkje ville ha slikt i hus, sjølv når dette vart meir vanleg ti år seinare. Importert kjøleskap frå Amerika fekk mattisfolket også. Det var nok varianten utan straum, med is i. Odelsonen, Fredrik Hilmar Peder Østrem (1891-1962), emigrerte til Amerika, og fortsette der med same nytenkjande gründerand som far sin. Han hjalp nok til med å sende nye elektriske produkt heim att til foreldra i ledige stunder også, for Amerika var den leiande produktutviklaren av hushaldningsapperat i verda på den tida. Nokre av dei som leia an i nytenkninga var Thomas Edison og Henry Ford. Tidlegare nemnde Barmann dreiv visst også med import av elektriske varer frå Amerika.

 

Bygdehistorikar Karl O. Emblem (1907-1985) var seks år gamal når kraftver- ket med eiga gatelykt stod ferdig. Han skreiv seinare ned eit barndomsmin- ne om då han var med far sin å køyre tømmer over Melsvatnet på vinterfø- re. På heimvegen byrja det å mørkne når dei nærma seg ”Austremsbruna”, nær Geithaugen ovanfor Grønevollen. Dei tok seg ein pust i bakken, medan dei såg ut over den gradvis mørkare og snødekte bygda fri for forstyrrande motorlydar. Men ein stad lyste det framleis tindrande klårt. Det var i Mattisgarden.

 

Svigersonen Ragnvald Herman Røli Rasmussen Garshol (1895-1975) frå Sør Vågsøy fekk etter kvart ansvaret for den daglege drifta av kraftverket. Han hadde bakgrunn som fyrbøtar, og flytte til Østrem kring 1928. Då var Matias 76 år, og hadde lenge forsøkt å forpakte vekk garden. Han fekk også arbeid som maskinist på den private ferga ”Raana”, som doktor Bastian Weiberg-Aurdal kontraherte i 1931, og sette i drift mellom Magerholm og Ørsneset, for å kome seg raskare heim att til gardsbruket sitt. Å drifte kraft- verk var ikkje berre enkelt. Hovudproblemet var at ål frå elva klarte å koma seg gjennom ristene i enden av trerøret, og enda inne i turbinen. Då måtte alt plukkast frå kvarandre og rensast, før slusene kunne åpnast og vatnet på ny kunne fløyme inn i maskineriet.

 

Fredrik Østrem kom heim att frå Amerika ein periode etter andre verdskrigen for å drive garden. Han var no pensjonist, og faren, Matias, hadde gått bort. På heimvegen tok han med seg enno meir over Atlanterhavet. Hovudhuset i Mattisgarden vart soleis utstyrt med eit General Electric kjøleskap, og i

 

tunet stod ein bil importert frå USA. Når naboane kom på julebesøk, vart dei møtt av full indianarpryd med skjold og spyd på stoveveggen. I løpet av vel ein mannsalder hadde eit heilt ordinært gardsbruk utvikla seg til ei fram- tidsretta bedrift, med både kraftverk og eksporthandel attåt. Matias selde etter kvart den store sjøbua og båteigarskapet. Han hadde ei tid så lite tru på å få sonen heim, at han averterte garden for sal ei rekkje gonger. Han var for gamal til å makte alt arbeidet. Fredrik dreiv det på den tida stort med ein av verdas største tunfiskbåtar nær Galapagos og Mexico. Men garden vart ikkje seld, og Fredrik kom heim att. Det skulle ikkje vare så lenge, for snart vart heimlengten til borneborna i Amerika for stor for Fredrik og Grethe.

 

Forunderleg nok var det ein ting som Matias og Fredrik ikkje tykte noke særleg om. Det var traktor. Der gjekk grensa. Fredrik kunne etter kvart leige maskinell hjelp frå naboen Arthur Østrem til slåtten, men hesten var han trufast mot. Han lånte også vekk eigen reiskap, men den var kun berekna på hest. Sønene til Fredrik selde familiegarden til ein ny pionér i bygda. Les gjerne stykket om gartneriet lenger bak i denne boka.

 

Du har no lest eit lite stykke om Matias Østrem frå Mattisgarden. Han var reiar, fiskeeksportør, og dreiv også med frakt av is ut Storfjorden, der sonen, Fredrik fekk lære om båt før han drog til Amerika. I dette gamle avisut- klippet frå Aalesunds Handels- og Søfartstidende anno 5. desember 1896 kan ein lese at Matias var med i direksjonen for nystarta ”Østre Søndmøre Dampskibselskab. Det gjekk nok ikkje så bra, for eg finn ikkje selskapet nemnd i samferdselshistoria i Møre og Romsdal. Men likevel var ei ny tid i emning. På omlag samme tid løyste også kona, Pernille, handelsbrev under firmaet ”P. P. Østrem” i 1895. Du kan lese meir om dampskipsfarten på dei komande sidene i denne boka.