Gå til hovedinnhold

ARKEOLOGISKE FUNN PÅ ØSTREM

Ein reknar vikingtida i norge frå om lag 800 e. Kr. til omlag 1050. Perioden har nær tilknytning til vikingeferdene, der angrepet på klosteret Lindisfarne i 793 før vart rekna som det første kjende sporet i kjeldene.  I vår tid reknar ein enda lenger attende etter funn i mellom anna Østersjøen.

 

Frå denne tida har ein også nokre sagn, namngjevne personar, og ei rekkje skriftlege kjelder, der nokon er baserte på muntlege overleveringar. Ved byrjinga av vikingtida reknar ein Emblemsbygda som ein gard, men truleg med to brukarar. (jamfør dei to heim-namna). No endrar også husholdninga seg frå tre generasjonar, med den eldste mannen som leiar i kraft av sin visdom, der bruket høyrde til heile familien. No var det meir og meir snakk om einskilde personar og berre to generasjonar på gardane. familieoverhovuda vart både yngre og meir arbeidsføre. Desse kunne no gjeve garden sitt eige namn, slik som Gudmund på Gudmundset, like aust for Heggebakk, og kanskje ein annan på Glomset. I denne perioden vart det også slik at mest alle og einkvar ville gravleggast i si eiga grav. Likevel er det ikkje så mange gravfunna me he frå denne tida. Kva er årsaka til dette? Først vil eg sjå litt nærare på kva som ein har funne og registrert.

 

På den tida er der ein gard på Østrem, og den har eit av dei eldste typen gardsnamn, så den kan vere ein god del eldre også.  I ei røys merka B3179, fortalde den 92-årige Knut Østrem (frå Larsgarden, men brukar i Steinsgarden) i 1946 at ein slektning av kona hans, Kornelius Østrem (busett i Ålesund) , fann eit spyd med stykke av eit treskaft oppe ved dei gamle tuna. Eg vågar å hevde at det er snakk om staden som i ettertida heiter «Røysane» og ligg like vest for tunet i Abrahamsgarden. Kornelius var nok berre gutongen då han fann røysa. Difor er det grunn til å tru at han leika seg på markane til Steinsgarden, der faren opphaveleg kom frå. Grensene frå før 1904 og utskiftingane er desverre uklare i våre dagar. Det kan vere dette funnet som var registrert som ei mannsgrav frå Yngre Jarnalder i 1877. Per Fett fortel at røysa seinare vart datert til om lag 800 e. Kr. Ein skal ikkje sjå burt frå at det også kan ha vore to ulike røyser frå same område, men staden vart også nytta til grus- og sandtak, samt som ryddningsrøys, der ein kasta steinen ein plukka om vårane på garden. Arthur Østrem nemnde ein stad på skrå  vestover mellom huset og løa. Der er også ei heva form mot steingarden som grensar til Larsgarden på Østrem i vest rett ovanfor Dei store grantrea. Den staden vert også kalla Røsysane vidare oppover mot Storelva. Det gamle tunet kan omfatte denne staden, for der er funne ein brønn like ved. Ein kan også ha snakka om "Røyse-Nille gjerdet" like nordvest for Abrahamsgardstunet. Der budde Røyse-Nille i 1894. Mellom desse stadane var der også tydeleg forma haugar/røyser? intil nyleg. Nokre hadde ei slags båtform, men kva som er verkeleg gamalt, og kva som var nyare steinrøys er vanskeleg å seie sikkert. Men eg merkar meg at der var stor stein, og så krevande at ein tidlegare måtte gje opp å får dyrka opp området rett vest for Abrahamsgardshuset med gravemaskin. Det var så mykje stein og røys der.

 

Frå funnkatalogen til Bergen museum kan ein lesa følgande:

 

Gravfund fra en Røs paa Østrem i Borgund Pgd., Romsdals Amt:
a) Grebet, Odden og to Stykker af Klingen til et tvæegget Sværd. Det indre Hjalt er ret, fladt firsidet og 0,096 m. langt. Mellemkavlen er 0,08 lang og bredest ved Indrehjaltet. Knappen er stor, flad og tresidet med skraa afskaarne Hjørner.
b) Et ualmindelig stort Spydblad, 0,54 langt, uagtet Odden mangler. Skaftholderens Aabning er 0,025 i Tværmaal. Den har havt to fremstaaende Hager og er stærkt riflet langsefter - især paa den ene Side. Fra Skaftholderen, der er 0,16 lang, udvider Bladet sig til en Bredde af 0,055; men derefter aftager Bredden, idet begge Egge danner langstrakte Buer frem mod Odden.
c) Et 0,14 langt Stykke af en firsidet Fil.
d) Et lidet Stykke af den ene Arm af en Jernsax.
e) En liden Ambolt med til den ene Side spidst udløbende Overflade og firkantet Tap. Høiden er 0,11, Overfladens Længde 0,11 og Bredde 0,055.
f) En firsidet meget slidt Hvæssesten, 0,26 lang, men afbrudt i den ene Ende. Bredden er paa Midten 0,02 og Tykkelsen 0,01.
g) En liden Messingring, 0,028 i indvendigt Tværmaal, med flade Sider men tunget Yderkant
Fundet er Gave fra Hr. Rektor V. Voss i Aalesund, men nærmere Fundoplysninger savnes

(3179 a-g).

 

Saks, spyd og spyd kjenner me til frå folkevandringstida og funna på nabogarden Emblem/Emblemsvåg, som var ein gard på en tida. Det nye i Østrems-røysa var utstyr knytt til tilverking av smiarbeid Det er også seinare funne slagg på garden, som låg lageleg til på markane nedanfor Larsgardstunet. Dette kan ha vore ein ideell stad då der var både sand, vasskjelde og myr like ved. Garden hadde på denne tida truleg også eigen utvinningstad for kleberstein og brynestein ved Kleberhammaren nede ved sjøen. Østremsgardane har ikkje dei same særmerkte gravhaugane som Emblem, noko som også kan vera med på å fastsette at Emblem var den første garden i bygda. På den andre sida så var smisteinen sopass liten at den kan ha vore nytta til finarbeid, og dermed kanskje smykker eller slikt. Sverdet var heilt frå Frankrike og av «Karolingisk» type. Det kan tyde på anten handel over landegrensene eller at den gravlagde kan ha vore på vikingferd av anten fredeleg eller mindre fredeleg art. Ein del kan difor tyde på at brukarane på Emblem hadde eit rimeleg godt utkome på denne tida. Eg vil også tru at det skal ha vore fleire graver som anten ikkje er funne enno, eller kanskje helst vorte dels øydelagde utan at dei fagkunnige har fått beskjed.

 

Ved dei same røysane vart det også observert nokre underlege steinar. Dagens brukar, Olav Østrem, kontakta for ein del år tilbake Sunnmøre museum i håp om å få meir kunnskap om kva dette kunne vere. Steinane låg slik at dei kunne minne om ein slags offerstad eller kanskje eit gamalt gardshov? Steinane vart granska utan å gje heilt eintydige svar den gongen.

 

Der er også andre uregistrerte funn i området. Far min, Olav Østrem (f. 1942) fortel at då han var gut, så fann dei ei grav der ein kunne sjå det som truleg var ein mannsperson med spyd og restar av klede. Det var brukaren i Mattisgarden (br. nr. 1), Fredrik Østrem, som hadde leigd naboen, Konrad Østrem, i Steinsgarden (br. nr. 4) til å grave ei grøft. Funnstaden var omlag der dagens nye fjellveg byrjar. Då Fredrik vart tilkalla gav han beskjed om å dekke til att grava. Elles vart det ikkje potet der det året. Funnet vart ikkje meld til styresmaktene. I nyare tid har eg funne ein stein som likna på ei slags flat steinøks. Den vart sendt inn til Sunnmøre og vidresendt til Bergen, men me fekk ikkje noko referat eller konklusjon på om funne var ein slags reiskap eller ikkje.

 

Det siste registrerte fornminnet frå Vikingtida på Emblem er eit sverd som skal ha vorte funne i ei røys på gard nummer 5, Emblem. Både sverdet og røysa er kome burt etter dette. Ein veit rett og slett ikkje kvar dette kan ha vore funne i si tid.

 

Med vikingtida er det på sin plass å avslutte det stutte oversynet over dei eldste fornfunna frå Emblem. Desse funna vitnar om ein høg alder på busettinga i bygda vår. I tidlegare granskingar har ein trudd at der kan ha vore ei eller anna form for fråflytting i løpet av jarnalderen, medan seinare forskning har synt at dette truleg ikkje har vore tilfelle. Det er dermed mogeleg at der har vore folk på Emblem heilt frå steinalderen. Truleg har der vore tidleg busetting av menneske med dyreehald og spreidd dyrking av mat som leveveg også. Eg vil tru at mykje av fornminna og gravene har vorte øydelagde opp gjennom generasjonane. Det har lenge gåt gjetord om at slike røyser kan ha romma skattar og i periodar har det vore vanskeleg å berga seg. Der er fleire fortellingar om dei som har levd i stor armod før dei med ett har fått heilt andre levekår. Problemet er at det er vanskeleg å tidfeste, for ikkje å snakke om å kvalitetsikre desse opplysningan. Difor er dei ikkje tatt med her.

 

Målet har vore å skape rom for interesse, litt undring og kanskje lyst til å grave vidare i funna frå dei eldste tider i Emblemsbygda.

 

Kjelder:

 

Fett, Per: «Førhistoriske minne på Sunnmøre. 13: Borgund Prestegjeld» Universitetet i Bergen, Historisk museum 1950, a/s John Griegs Boktrykkeri, Bergen

 

Fett, Per: «Landnåmet i Borgund og Giske», Borgund og Giske, Band I, Borgund og Giske bygdeboknemnd, Boktrykk – Bergen 1957

 

Larsen, Stein Ugelvik et.al.: «Fra de første fotefar» Sunnmøres forhistorie. Sunnmørsposten Forlag i samarbeid med studiegruppa for Sunnmøre, Universitetet i Bergen. 1984

 

Rygh, Oluf: «Norske Gaardsnavne: Opplysninger samlede til brug ved Matrikelens Revision. 13: Romsdals Amt». Faksimileutgave (gjentrykk) børsums Forlag og Antikvariat, Oslo 1969

 

https://www.facebook.com/AAksIKS/photos/a.421441637911406.103309.420265761362327/490042734384629/?type=1&fref=nf

 

https://snl.no/hunner

 

https://snl.no/Jernalderen

 

https://snl.no/Jernalderen_i_Norge

 

https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Folkevandringstida

 

https://snl.no/vikingtiden

 

http://no.wikipedia.org/wiki/Folkevandringstiden

 

http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Fett