ELVANE PÅ EMBLEM
Underleg nok er det ikkje skrive noko om dei ulike elvane og grovene i Emblemsbygda. Eg har difor tatt fatt på dette arbeidet, i håp om å få hjelp og nyttige innspel frå dykk som les denne vesle teksten. Det er meiniga å oppdatere den etterkvart som nye opplysningar kjem fram. Det finst ei rekke småelvar og grover i bygda vår.
Tekst: Svein Ove Østrem
For å skillje dei to begrepa, har eg vald å halde meg til to følgande forklaringar:
Ei «grov» vert ofte nytta om ein liten bekk som ikkje har noko synleg utgangspunkt i eit vatn. Den stammar frå eit oppkome, ei myr eller underjordisk vassreservoar. Ei «elv» derimot er som regel større og har utgangspunkt i eit vatn. Desse definisjonane er først og fremst mine eigne, for det er ikkje like enkelt i verkelegheita. Ein vil også møte på eit problem i forbindelse med Eiteråna i Magerholmdalen, og der finst eksempel på etter kvart store elvar frå dei bratte fjella på Sunnmøre, som har samla seg store i terrenget, men målet med denne teksten har ikkje vore å definere alle dei ulike vasskjeldene, Vi skal derimot finne fram til dei lokale namna. Eg vil soleis starte med å skrive om dei som kan reknast som grover, før eg byrjar på dei større elvane. Eg har også skrive om dei i den rekkefølga dei er plassert, frå aust til vest i Emblemsbygda.
Grovene
Sirigrova
Eg har vore vand med å seie Sirielva, men det korrekte namnet er «Sirigrova». Det er ei småelv utan opphav frå noko vatn. Den stammar truleg frå eit oppkome i nærleiken av "Koppen" i skaret like nord for Stornakken. Her er det i alle fall vassig og små myrhøler der hjorten trivst godt. Lenger nede har Abrahamsgarden brønn, og sjølv om grova ikkje er av dei største, så har den vore til god nytte for gardane ikring seg. På Reiten har den tidlegare gjeve kraft til sag i flaumtider, og truleg meir enn det også. I Steinsgarden på Austrem hadde dei ein fossekall nede i Sirigrova som var kobla til band som gjekk heilt opp på låven. Naboguten Alfred Østrem skal ha fortalt at den gongen han var gutonge i Abrahamsgarden, så hadde dei ein del moro med dette bandet. I austveggen på låven var det skore små hol til banda som vart festa til truskemaskina. Når den vart stogga, så stoppa også bandet å gå. I ein slik pause festa gutefantane ein lang hesjestaur på tvers i dette bandet. Når truskemaskina så var sett i gong igjen, så tok det ikkje lange stunda før stauren small i løveggen og kjipte dei på innsida. Dette var nok i Knut Østrem si tid som brukar i Steinsgarden.
Eg skal ikkje seie for sikkert at det ikkje har vore nokon kvenn i Sirigrova i det heile, men dei eg kjenner til har stått i Storelva. Kanskje fordi elva vore ei tryggare vasskjelde. Mauritz Akslen frå Høla skreiv i si tid at den gongen han var born, kring 1920, så gjekk dei dit for å hente vatn når den næraste bekken (Sirielva red.anm.) var tom. Dette var som regel som følge av frost og kulde. Sirigrova passerar dagens hovudveg om lag der som undergongen og bilvegen går ned til Løvika i våre dagar. Grova renn ut i fjorden like aust for Steffånaustet i Østremsvika. Det er der mellom anna Østremsgardane og fleire av dei eldre gardane på Nedregotten har nausta sine.
Litlegrova
Denne vesle grova stammar heller ikkje frå noko vatn. Kan hende er det snakk om eit eller fleire oppkome i fjellsida ovanfor Legane like vest for Rotanakken? Ovanfor den staden er det mykje myr som vatnet også kan komme frå. Det er også mogeleg at det er vatn som har vorte samla til ei småelv i heimeutmarka mellom Solvang og Fursetgarden. Grova kjem ned aust for tunet i Fursetgarden, og forsett nedover markane som ein gong låg midt på stykket til Jakobgarden. Den rundar det øvste vestlege hjørnet av storbana på Ebbemyra, passerar så Ebbegardstunet, før den renn omtrent inntil vestveggen av bygget som ein gong husa Emblem S-Lag (Dillon Flis i våre dagar red. anm.) og renn ut i Storelva før Fossheim og Trollfossen. Namnet finn ein mellom anna i Bygselskontrakta til Johan Elias Nikolai Nilsen Emblem i Jakobgarden frå 1871, og ved utskiftinga av heimeutmarka i 1930. I den første ble alt korrekt skreve i formelle termar. Namnet vart derfor «Lillegroven», medan det i utskiftingsdokumenta vart nytta folkeleg uttale og dermed «Litlegrova». Uttalen av dette namnet har truleg vore noko slik som «Isjlegrovå». Namnet har kome bort dei seinare åra på både kart og folkemunne. Ingen som eg har snakka med hadde høyrt om noko namn på denne grova. Det er difor på tide at me byrjar å nytte namnet igjen.
Meierigrova?
Om noko slikt namn har vorte nytta, har namnet hatt temmeleg kort historisk varigheit. Smørmeieriet på Emblem vart bygd på 1890-talet og nedlagd i 1906. Grunnen til at eg undrar meg på om nokon kunstig grov kan ha hatt eit slikt namn er at eg veit at ein laga fleire slike namn på Emblem. Ovanfor garden Skillingen låg det i si tid ein kunstig dam, Meieridammen, som vart nytta av emblemsborna til å gå på skeisser godt inn på 1900-talet. Den vart seinare tørrlagd og dyrka opp av Ebbe-Elias. I elva Vest for Ebbegarden, litt ovanfor Garsendhaugen, der meieriet ein gong låg, har eit myrlendt område fått namnet «Meierimyra». Det kan difor vera grunn til å tru at den kunstige grova som gjekk frå Meieridammen mot Røssevollelva kan ha fått namnet Meierigrova. Var den derimot lagd i rør, så har det kanskje ikkje vore noko grovnamn i det heile, men dei kosta nok ikkje meir enn nødvendig.
Emblemsvågsgrova?
Der er ei lita grov som byrjar ferda si ovanfor Auregarden, aust for Ystebøen. Det er mogeleg at dette er samme grova som også rann austover mot meieridammen og Røssevollelva like ovanfor Auregarden og Steffågarden tidlegare. Problemet er at eg ikkje har funne noko namn på denne grova enno. Det er mogeleg at den har hatt eit praktisk namn etter ein nærliggande gard slik som Sirigrova, frå Sirigarden på Nedregotten. På den andre sida så har nabogrovene fått namn som Ystegrova og Litlegrova. Kan det vera at denne har hatt ein liknande eigenskap eller plassering? I så fall kan mellomstegrova ha vore eit høveleg namn, men her trengst det nitidig leiting i gamle bygselskontrakter og skiftepapir før ein kan nærma seg eit fullgodt svar. Er det nokon som har eit svar eller forslag, så er det berre å ta kontakt. Grova renn forbi Auregarden og passerar vest for Sjursgarden på vegen mot Emblemsvågen og "Jaktevika" der nausta stend i våre dagar. Kanskje kan den ha hatt eit namn som Emblemsvågsgrova også, men dette er berre spekulasjon frå mi side.
Ystegrova
Denne grova har eg ikkje att i noko dokument enno, men den har vorte nytta på folkemunne i nyare tid, og kan vere eit gammalt namn. Den kjem frå ein stad kring Eikenosa og renn ut i Emblemsvågen. Her er det heller ikkje noko opphav frå eit vatn. Det er også mogeleg at namnet har samanheng med at Ystebøen er er den «yste» garden på matrikkelgarden Emblem. I så fall kan namnet stamma frå tida kring utskiftinga på Ystebøen i 1834. Det samme namnet kan også stemme for gardane på Røssevollen som i si tid vart flytta frå fellestunet på Emblem. Ovanfor gardane i Emblemsvågen vart det laga ein oppsamlingsdam for vatn like aust for dagens Spilkafabrikk. Der er det no mest parkering, bilveg og næringsbygg. Grova kom ned omtrent der dagens vegkryss ned til Emblemsvågen og "gamlefeltet" med Ludvikdalen og Brennevegen frå 1970-åra. Ved det samme krysset låg "Brennje", eit lita tjønn som har gjeve gatenamn til Brennevegen like ved. Den vart fyllt att ved vegbygginga.
Elvane
Eiteråna
Denne elva kan per tidlegare ordforklaring vere ei grov i staden for ei elv. Størrelsen på Eiteråna lengst oppe i Magerholmdalen kan også høve best til namnet grov. Eg har likevel vald å sette den opp som elv, for den har tidlegare vorte omtala som nettopp det. Ei elv kan også ha eit opphav utan noko vatn, slik som Eiteråna. Eg undrar meg på om oppkoma der elva tek til kan stamme frå Svartevatnet, men der er sjølvsagt mange andre mogelegheiter. Elva har del i ei artig lita historie frå den gongen Lars Flydal var lærar på Emblem Skule. Det var eksamen i geografi på folkeskulen, og ein av lærarane frå dei tilgrensande skulane skulle vere sensor medan Lars skulle stå for utspøringa. Slike eksamenar var ikkje noko som elevane tok lett på i dei dagar. Nervøsiteten var til å ta og kjenne på og når motet svikta, så kunne elevar verte ståande fast på sjølv sjølv dei enklaste spørsmåla. I dette tilfellet gjaldt spørsmålet namn på elvar i Norge. Karl O. Emblem frå Steffågarden fortalde historie på følgande måte i si tid:
«Han visste at det var ei elv sør i Norge som hadde omtrent same navn som ei av elvane her i bygda - Sira (Sirielva) - men så var han snar og brende til: Eitråna! Ein flink gut forresten. Det røynte nokså hardt på nervane åt ungane å skulle vere oppe til desse prøvene. Enkelte fekk ikkje virkeleg vise kva dei var gode for. Me var alle sammen då. Men me var nå framskula då, dei fleste var då ferdige med si skulegang, berre sjeldan at noken gjekk vidare på andre skular.»
Storelva
er det namnet som eg er vand med å bruke på elva som kjem frå Setrevatnet og renn mot Melsvatnet. Eg kjenner ikkje til anna namn på det strekket mellom vatna. Den renn nedover ved Grønevollen og svingar vestover mot Emblem skule, før den renn vidare nedover via Trollfossen til Hatlebakken (Kaldhusgarden) og renn ut i fjorden på Emblemsanden. Dette er kanskje den største elva i bygda tradisjonelt, og det er truleg størrelsen som har gjeve elva dette namnet, som også er registrert på moderne kart i våre dagar, men eg kan ikkje finne hald i at dette namnet har vorte nytta i tidlegare tider. Eg vil tru at den har hatt eit anna namn og truleg fleire óg. Eg skal gjere nærare opplysningar om desse namna lenger ned i denne teksten. Spor i landskapet kan tyde på at elva opphaveleg gjekk ned mellom Steinsgarden og Reiten. Den enda kanskje ved Østremsvika, men har i uminnelege tider hatt den retninga vi kjenner i dag. I alle fall frå 1500-tallet.
Østremselva
Østremselvens vassdrag vert nytta i ei kontrakt som vart underskriven den 12. juni i 1917. Grunneigarane selde då fallretten til ein Kaptein Hamre. Kontrakta gav kjøparen rett til å utnytte både elva, tilstøtande elvar og vatn til oppdemming og produksjon av elektrisk straum. Det vart som kjend ikkje noko av denne utbygginga fordi ein valde å satse stort i Tafjordfjella i staden. Men namnet har truleg vorte nytta av i alle fall brukarane på Østrem og Nedregotten, og eg vil tru at namnet Østremselva vart nytta i resten av bygda også kring 1900. Det er mogeleg at brukarane hadde nytta namnet i sin barndom også, og då kan Østremselva ha vorte nytta lenger attende i tid. Det var nok slik at elvanamna kan ha tilpassa seg kva gard dei passerte. Det er i alle fall hald for denne påstanden i dette tilfellet. Det er også mogeleg at den ein gong har heitt Østremselva heile vegen ein gong, for ved enden på elva, nede i Kriken på Emblemsanden hadde Østremsgardane ein opplagsplass for tømmer og enden på tømmerløypa si i eldre tid. Nedregotten var også del av Østrem i gamal tid, og soleis var Storelva/Østremselva grensa mellom dei eldste storgardane Østrem og Emblem. Det er difor mogeleg at den har heitt Østremselva, eller kanskje Østrimbselva i stil med danske varierande skrivemåtar på 1600-talet.
Emblemselva
Namnet dukkar opp i eit dokument frå 1932. Grunneigarane i Hatlebakken og Løvika skreiv under på ei kontrakt der dei godtok nedtapping av elva. Årsaka er truleg byggjing av Røssevolldemninga og tilhøyrande røyrleidningar. Namnet er kun nytta i samband med desse to gardstuna og det er mogeleg at Østremselva skifta namn når den kom mot området der Storelva og Røssevollelva møtes, eller kanskje litt høgare opp, for ved Jakobgarden, Ebbegarden og Fursetgarden er det emblemsgardar på begge sider av elva ned frå Røssevollen.
Røssevollelva
Kan dermed ha samme opphav som Emblemselva og Østremselva ved at den får namnet frå garden den passerar eit stykke. Det er også mogeleg at elva har fått dette namnet i nyare tid, men sidan dette namnet er med på dei dei offisielle gardskarta, kan det ha eit eldre opphav. Namnet på elva kan ha skifta kring garden ved Fursetgarden og Geila til Emblemselva, som er nemnd ovanfor.
Nokre ord til avslutning
Dette er på langt nær alle elvane og grovene i bygda. Vi skal seinare ta med dei som ligg lenger vest i den gamle Emblemsbygda. Eg set stor pris på om nokon finn namn på andre grover i bygda også. Kanskje har du høyrt nokre fleire namn? Ta kontakt.