Gnr. 4 Høla
Trykk på denne teksten for å finne garden på kartet
Endre Jonsen er nemnd her i 1603. Han dreiv bruket til 1632, og kan vere bror til Ole og Jon på Øvste-Aksla. To av dei første brukarane der Sjå meir om dei der. Endre vart i 1626 skulda for å la vere å lyse ut funnet av ein død bukk i sjøen. Han vart dømd til å betale 3 riksdaler i bot. Tunet til Høla låg truleg oppe på haugen, ved tunet til Øvste-Aksla, i eit samla klyngetun heilt fram til 1890-åra.
Sonen Jon Endreson Akslen(1) hadde tidlegare dreve nabobruket Østremsreiten frå 1623 til 1624. Han tok over bygselen på farsgarden i tidsrommet 1632 til ca.1665. Jon dreiv ei tid Øvste-Aksla attåt. I 1685 skatta han for hest og 6 kyr. Sjå også meir om han som brukar på Østremsreiten, og på Øvste-Aksla. Det er mogeleg at Østremsreiten var del av klyngetunet på Øvste-Aksla i starten. Tuna til Øvste-Aksla, Høla og Østremsreiten låg dermed i lag.
Peder Olson (f. 1651) var tidlegare soldat, ifølge 1701-teljinga. Han var brukar i ti år, frå ca.1665 til om lag 1675.
Ole Andersson var brukar frå om lag 1675 til 1680. Begge gutane er nemnde ved arveskiftet etter ein Ole på Sulebust i 1725, så det er mogeleg at han kan ha hatt slektskap, eller ei anna nær tilknytting til Sulebust, før sonen gifta seg dit. Ikring 1680 vart Høla slått saman med Øvste-Aksla.
a) Ole f.ca.1681 1713 g.m. Siri Pedersd. Ytre Holen, brukar Sulebust. Kanskje det var han som tente i Spjelkavik 1701?
b) Timann (f.1683) var innrullert matros i tida 1704-1709, før den store nordiske krig. Kanskje er han identisk med husmann Tidemann Ols. på Østrem, nemnd i 1725.
I tidsrommet frå 1680 til 1711 vart Høla dreve saman med bruk nummer 1, Øvste Aksla, som eit samla bruk. Den første var svigerfar til neste brukar, Knut Pederson Akslen(1). Den siste var Arne Knutson Akslen(1). Begge var gift med Marite Arnesdotter Akslen(1).
Tyge Pederson Vestre(19b) (1685-1747) var tenar på Østrem i 1701. Han gifta seg 1712 med Agata Knutsdotter Akslen(1) (1685-1746), frå Øvste-Aksla. Dette giftermålet kan vere årsaka til at gardane vart delte att. Han hadde kvenn i Østremselva, sette opp naust, og hadde mykje fiskevegn. I skiftet etter han i 1747 er det nemnd hest, 3 kyr, 3 ungdyr, sauer og geiter. Søstera, Karen, gifta seg til nabogarden Østremsreiten i 1734. Sjå meir om henne der.
a) Marit (dp.1712-1751) var ugift og busett på Akslen.
b) Ragnild (dp.1714-1783) vart 1748 gift med Lars Madzon Stadsnes, busett Stadsnes./
c) Knud (dp.1717-1757) gifta seg 1744 med Anne Jonsdotter Røssevold(3). Dei tok over bruket ho kom frå, og slik kom namnet Tyge/Tykje til Røssevollen. Garden fekk også namnet "Tykjegarden" etter han.
d) Ole (dp.1720-1720) døydde 16 veker gamal.
e) Ole (dp.1721-1749) tok over bruket.
f) Peder (dp.1724-1767) gifta seg 1753 med Anne olsdotter Stokke(4). Ho kom kanskje frå Hjørundfjorden. Dei tok over bruk nummer 1 på Tørla.
g) Paavel (dp.1727) vart døypt, men ikkje nemnd i arveskiftet i 1747.
h) Marithe d.y. (dp.1731) vart først gift med enkemann Styrker Larsson Blindheim(9) på Vigra. Dei dreiv Synnes(3). I 1783 gifta ho seg på nytt med enkemann Bersvend Endreson Giskegjerde. Dei dreiv Valderhaug(myra)
Ole Tygesen Akslen(4) (dp.1721-1749) var brukar frå 1747 til 1749. Han gifta seg 1747 med Berite Jacobsdotter Emblemsvåg(5) (1718-1784), frå Antonesgarden. Berite gifta seg opp att med neste brukar.
a) Thyge (dp.1748-1748) døydde 14. dagar gamal.
Enka Berite Jakobsdotter Emblemsvåg(5) (1718-1784) gifta seg om att 1750, med ungkar Ole Larsen Furnes(1) (ca.1714-1784), fødd i Ørskog prestegjeld. Han var brukar på Vasset(1) på Sula, før han kom til Høla. Ole hadde også vore forlova med Martha Gudbrandsdotter frå Sunnfjord, og dei fekk to born før ho døydde i 1748. 1750 kalla han seg Akslen ved giftermålet, så han kan ha budd der ei tid.
a) Niels (dp.1747-1781) tvilling, gifta seg i 1780 med Anne Axelsd. Emblem(11), brukar i Sjursgarden, Emblem(11). Han vart døypt «Wadsæt». på Sula. Han fekk sonen, Lars, (f.1772) med Siri Størkersd. Nedre Volstad(I).
b) Lars (dp.1747-1826) var tvilling, og døypt «Wadsæt». Lars tok over farsbruket.
c) Martha (1750-1827) vart brukar på Valderhaugstrand(20). Nemnd som «f. tøs» på Svinøya.
Sonen Lars Olson Akslen(4) (1747-1826) gifta seg 1774, med Gidschen Olsdotter Østrem(1) (dp.1747-1786) frå Mattisgarden. I 1793 gifta han seg om att med enka Tollou Larsdotter Giskegjerde (dp.1744-1803). Ho vart fødd på Alnes. Dei er nemnd som husmenn på Vikholm, Langøy(2), i perioden 1801 til 1803. Enkemannen Lars gifta seg ein tredje gong, i 1808, med enka Elen Johnsdotter Alnes(3). Han er nemnd som legdslem der i 1815.
a) Ole (dp.1774). Meir veit ein ikkje om han.
b) Son (1776-1776) var dødfødd.
c) Arne (dp.1777). Meir veit ein ikkje om han.
d) Marthe (dp.1780-1786). Ho døydde på heimgarden.
e) Niels (dp.1783) gifta seg i 1817 med (Malene) Martine Catrine Rasmusdotter Store Nørve. Dei dreiv Fagervik, Voldsdal(3) på Ystenes.
f) Peder (d.1788) er kanskje frå dette bruket. Alderen er ukjend.
Peder Knudson Maråk(1) (dp.1744-1788) gifta seg 1783, med Malene Jacobsdotter Korsbrekke (dp.1757), døypt Ringdal i Sunnylven. Dei bygsla bruket i 1786. Frå skiftepapira etter han er det registrert hest, 3 kyr, kvige, 2 kalvar, 8 sauer og 4 geiter. Malene dreiv bruket åleine nokre år, med hjelp frå tenar og tenestejenta.
a) Synneve (dp.1783-1838) gifta seg i 1830 med Lars Jacobs Magerholm(II), brukar på Bryggå, Hesseberg(3). Ho vart fødd i Synnylven.
b) Karen Petricia (dp.1786-1853). Ho gifta seg først med Jon Gunderson Mørch, som dreiv garden Fagervika, Valle(5). I 1831 gifta ho seg opp att med Jakob Larsson Valle(3) Dei fortsette å bu i Fagervika, Valle(5)
Enka Malene Jacobsdotter Korsbrekke Akslen(4) (dp.1757) gifta seg i 1789 med Lars Jonson Alnes(4?) (ca.1758-1835). Ved forlovelsen i 1788 vart han kalla Akslen frå Giskegjerde, men det stemmer kun dersom han var tenar der. Alderen ved 1801-teljinga stemmer heller ikkje med alderen ved begravelsen, så det er ikkje sikkert kvar han kom derifrå. Lars og Malene dreiv Høla frå 1788 til 1796. Deretter flytta dei til Bryggå, Hesseberg(3), og vart første kjende plassebrukarane der. Han hadde tilnamnet «Halte-Lars», og var vilkårsmann på Hesseberg(3), men budde i Høla når han døydde.
Ole Larson Korsbrekke(4) (dp.1767-1855) gifta seg 1794 i Sunnylven med Birthe Rasmusdotter Hellebostad(3) (dp.1773-1856?). Dei dreiv garden frå 1795 til 1831, og tok kår hos dottera Olava, som dreiv bruket etter dei.
a) Ragnild Petrine (dp.1797-1835) gifta seg i 1833 med Bernt Larsson Hellesylt(2). Han var husmann/fattiglem på Hellesylt ved dødsfallet, men det var ikkje uvanleg på slutten av livet.
a) son (1834-1834) var dødfødd.
b) Lars Andreas Martinus (dp.1799-1840) gifta seg i 1829 med Lisbeth Marie Olsdotter Synnes(9), brukar på Roald(2) på Vigra.
c) Martinus (dp.1801-1870) gifta seg først i 1827 med Maren Larsdotter Ytre-Skodje(3). Dei dreiv Grasdal(2) på Skodje. 1863 gifta ho seg på nytt med enka Berte Larine Andrine Olsdotter Ekroll. dei var plassefolk på "Bertebakken" på Ekroll.
d) Dødfødt born (1804-1804) var tvilling.
e) Karen Martha (dp.1804-1838) var tvilling. Ho var ugift, og døydde på Ekornes. Karen budde i "anexet" der i 1815.
f) Olava (Oline) (dp.1807-1882) tok over bruket.
g) Rasmus Carolus (1809-1809) døydde ni dagar gamal.
h) Rasmus Martinus (dp.1810-1849) gifta seg i 1841 med Severine Petrine Iverdotter Tandstad(M,3). Dei dreiv Aurdal(7).
i) Mallene Siverine (dp.1815) var tvilling, og levde kanskje ikkje opp.
j) Jacob Andreas (dp.1815-1855) var tvilling. Han gifta seg først i 1840 med Andrine Olave Andersdotter Straumgjerde(11). Dei busette seg i "Urvik-Kråen" på Skjerva i Ålesund 1840. Han gifta seg i 1850 med enka Karen Marie Jørgendotter Brunstad frå Sykkylven. Jacob drukna.
k) Isachine Olave (ca.1819-1896) gifta seg i 1864 med enkemann AndersRasmussenRøyrhus frå Hjørundfjorden. Dei flytta til Antonesgarden, Emblemsvågen(5). Dei døydde som enke og legdslem på Nedregotten.
Svigersonen Johan Gundersen Vik(3) (dp.1796-1849) frå Sykkylven gifta seg i 1830 med Olava (Oline) Akslen(4) (dp.1807-1882). Dei bygsla Høla i 1831. På den tida var der stove og stabbur i dårleg stand. Løa med fjøs stod det betre til med. Husa stod i eit klyngetun saman med Øvste-Aksla oppe på haugen ovanfor staden der dagens bygg i Høla står. Johan sette sjølv opp eit sel. Det er kanskje det selet som fortsatt er i bruk på garden. Det vart flytta på 1930-talet frå gamlestølen aust for Setrevatnet og Østremsetra til dagens Akslaseter. I 1845 hadde Høla hest, 6 kyr, 12 sauer, og avla 10 tønner havre, 3-4 tønner bygg, og 9 tønner med potet. I tillegg tok dei seg av ein sjuk slektning, og ga kår til Olave sine foreldre, som dei fødde to kyr og fire sauer for. Presten skreiv at det var "mere end gaarden taaler". Det var nemleg før maskinell drift. Johan ønska å kjøpe garden av presten i Borgund for 150 speciedaler. Han fekk etter kvart bruket for 200 i 1846. Då var han både fattig og aldrande, og makta ikkje betalinga, så han måtte skøyte frå seg bruket til kausjonisten Lars Knutson Emblem(9) i Auregarden. Johan fekk sitte på bygsel dei siste åra han levde. Olave gifta seg opp att i 1861 med enkemann Elling Karolus Martinson Ekornes(Y,4) (1809-1876). Dei dreiv Blegen, Blakstad(3) i Sykkylven.
a) Berthe Severine (f.1831) vrt døypt Akslen.
b) Ole Peter (1833-1858) var dreng på Juliebø. Han drukna 25 år gamal.
c) Gunder Lauritz (1835-1835) døydde 14 veker gamal.
d) Gunder Laurits (1836-1874) gifta seg først i 1864 med Karoline Kristine Jensdotter Åse(6). Ho døydde 1865 i barselseng. Han gifta seg på nytt 1866 med (Oline) Elisabeth Eriksdotter Kvasnes(1). Dei budde på Gjerdet under Store Nørve.
e) Karolus Martinus (1839-1924) gifta seg i 1865 med Oline Hansine Andrine Andersdotter Nygard, Bjørkavåg(9). Dei dreiv Nakken på Karolusplassen.
f) Petrine Lovise (1841-1847) døydde av strupehoste på Akslen.
g) Maria (1844-1847) døydde av strupehoste.
Lars Olaus Olson Nedregotten(5) (1820-1877) vart fødd i Steffagaren, og var svoger til Steffen Tippen, som gav Nedregotten(5) det gardsnamnet det har i dag. Lars gifta seg 1853 med Henriche Bergithe Erichsdotter Godø(18) (1822-1895). Dei kjøpte halve gardsbruket i 1859 for 155 speciedalar.
a) Johanne Severine (1854-1927) tok over garden.
b) Christopha Anna (1858-1923) gifta seg i 1880 med enkemann Andreas Johan Hansson Kvasnes. Dei vart brukara på Olsvik(5).
Svigersonen Johan Andreas Nilsson Hesseberg(1) (1845-1926), frå Nerigar, gifta seg 1874 med Johanne Severine Larsdotter Akslen(4) (1854-1927). Dei dreiv bruket frå 1874 til 1908. Johan kjøpte den andre halvdelen av garden attåt, og vart dermed eigarar av heile bruket. I deira tid vart garden flytta frå det gamle klyngetunet oppe på haugen. Bruket hadde husa sine på flata, der postvegen svinga opp mot nabobruket Reiten. Dei lot geitefjøsen stå att, og flytta stova og stabburet ned bakken, om lag der kraftlinja går i våre dagar. Det er usikkert om dei flytta fjøsen også. Markane vart ikkje dyrka opp til maskinell drift før neste brukar. Dagens gardsnamn, «Høla», kom truleg til ved utskiftinga og flytting av tunet i 1890-åra. Den dag i dag seier fleire på Østrem «nedi Høla», når ein skal til dette bruket. Johan fekk tarmslyng, og døydde av det.
a) Henrikke Margrethe Severine (1874-1945) gifta seg i 1914 på Stigeplassen, Østremsreiten(3) med Edvard Mathias Rasmusson Akslen, Østremsreiten(3). Henrikke var skreddar, og flytta attende til Høla som enke.
b) Lars Edvard Nikolai (1875-1951) tok over bruket.
c) Nikoline Lovise (1877-1968 gifta seg i 1903 med Johan Severin Iverson Stadsnes(2), og vart brukar der. Ho er nemnd som veverske på ullvarefabrikk i Langevågen 1900.
d) Olivie Elisa (1880-1891) døydde i Høla, Akslen(4).
e) Johan Andreas (1882-1964) gifta seg i 1913 med Ane Olufa Jørgensdotter Valle(3). Dei busette seg 1916 i Spjelkavika. Han var fabrikkarbeider, og drog fleire gongar til Amerika.
f) Oline Kornelia (1884-1972) gifta seg 1909 med Ole Andreas Karolussen Sunde(1), Spjelkavik(24).
g) Anna Margrete (1887-1976) var ugift. Ho var kokke på gamlesjukehuseti Ålesund. Anna døydde av "brystsygdom".
h) Lovise Petra (1889-1890) døydde i Høla, akslen(4).
i) Ludvig Olaf (1891-1969) gifta seg 1916 med Karen Marie Sevrinsdotter Hjelle(1) frå Sykkylven. Dei emigrerte, og busette seg i Seattle, USA. Han var først kaptein på eiga skute, "Coolidge", og dreiv mellom anna med kveitefiske i Alaska 1947.
j) Jenny Laura (1894-1980) gifta seg i 1917 med Nils Martinus Johanseon Aspehaug, fabrikkarbeider "Spilkevig snøre & not fabrik". Dei busette seg på Aspehaugen, Spjelkavik(24).
k) Nils Ingvald (1897-1986) gifta seg 1920 med Olave Petrine Johansdotter Nedregotten(1). Dei tok over Skaret, Nedregotten(1), fordi odelsonen der, bror til Olave, døydde plutseleg i ei arbeidsulykke i Amerika.
Sonen Lars Edvard Nikolai Johanson Akslen(4) (1875-1951) gifta seg i 1906 med lærardottera Laura Karoline Mauritsdotter Ulvestad (1881-1960) frå Ellingsøya. Han bygde nytt hus og løe litt lenger sør for tunet til brukaren før han. Stabburet var det ikkje meir bruk for på nytunet. Sonen, Maurits, fortalde at Lars dyrka først opp om lag 5 mål for maskinell drift. Saman med naboen, «Reite-Iver», kjøpte han ei av dei første hesteslåmaskinene i 1918-19. Lars var også den som dyrka opp garden, til det den er i dag. Nede ved sjøen hadde dei høyløe, for dei klarte ikkje å køyre ned dit enda. Lars og Laura fekk kår med sonen Maurits, som tok over bruket i 1947. Lars omkom i ei arbeidsulukke med bråtebrenning på garden.
a) John Leidulv (1908-2000) gifta seg i 1931 med Hanna Grødal frå kristiansund. Han emigrerte dit i 1925. Dei budde først i Meinneapolis, deretter i Seattle.
b) Maurits Jostein (1911-2008) tok over garden.
c) Lisa Olivia (1914-2011) gifta seg i 1941 med Leo Castberg Emblemsvåg(1). Dei bygde seg hus på heimgarden til Leo. d) Lars Henrik (1917-1994) gifta seg i 1950 med Signe Kristine Dalhaug frå Brattvågen. Dei busette seg i Brattvågen, og bygde hytte på Urastølen, der Høleselet stod før flyttinga til ny seterstøl og ny Akslaseter på hi sida av Setrevatnet. Gamlestølen vert som regel kalla Huldrestølen i dag.
d) Jente (1919-1919) var dødfødd.
e) Jofrid Klara Mary (1921-2002) gifta seg i 1947 med Karsten Ola Marvin Emblem(1) frå Negarden. Dei bygde seg hus ved negardstunet.
Sonen Maurits Jostein Akslen(4) (1911-2008) gifta seg hausten 1940, med Herborg Lida Østrem(2) (1911-1993) frå nabobruket, Larsgarden på Østrem. Dei hadde då vore forlova sidan 1938. Far til Maurits var ikkje så lysten på å gje frå seg bruket under krigen, så dei tok først over bruket i 1947. Begge engasjerte seg i lagslivet på Emblem. Dei var aktive i både ungdomslaget og på bedehuset. Maurits er i tillegg ein av pionerane i idrettslaget, og har vore ei viktig kjelde til mykje lokalhistorisk kunnskap frå Emblemsbygda. Han var av dei første som stod på scena då Ungdomshuset åpna i 1934, og det har vorte fortalt at han var godt kjent på begge sider av fjorden, som ein svært god dansar i sin ungdom. I likheit med mange av gardbrukarane i bygda, fekk også Maurits tilleggsarbeid i Borgund kommune. Han var ein ivrig fiskar, og dreiv sjøen i alle år. Maurits er også ein av ytterst få gutar som mjølka på setra, for budeiearbeidet vart helst gitt til jentene. I hans tid låg Akslasetra aust for Setrevatnet, der «Huldrestølen» ligg i dag. Setrenamnet var opphaveleg «Urastølen», og dagens hytte der er bygd på murane etter «Høleselet». Det vart flytta til dagens «Akslaseter» på hi sida av vatnet i 1925, for at vegen til Emblemskaia, og meieriet i Ålesund, skulle verte kortare. På samme tida hadde ein også byrja å flytte sela frå «Gamle Emblemseter» nærmare setrevegen til Østrem og Aksla. Dei hadde då søkt om tilskot til utbetring av eigen setreveg, men det vart ikkje slik. Østrem, Aksla, Nedregotten og Østremsreiten fekk fullført traktorvegen fram til setrane sine i mellomkrigsåra.
a) Laila Karin (f.1941) gifta seg i 1968 med Hans Inge Kvalbein, Oslo. b) Lars (f.1943) tok over bruket.
c) Kirsti Margrethe (f.1946) gifta seg i 1969 med Gunnar Kvåle. Dei busette seg i Os.
d) Hilde Marie (f.1953) gifta seg i 1976 medKjell Aarseth frå Blindheim. Dei buette seg på Molde.
Sonen Lars Akslen(4) (f.1943) gifta seg 1967 med hjelpepleiar Jorunn Aud Langlo (f.1947) frå Blindheims-Breivika. Han arbeidde som lærar på barneskulen på Flisneset, og både køyrde skulebuss og trakkemaskina på Emblemsfjellet i fleire år. Dei bygde seg nytt hus der den gamle bygdevegen hadde gått opp ei bratt kneik, kalla «Akslabrauta», til tunet på Øvste-Aksla. Den vart nytta som test, når dei første bussane til Emblemsruta skulle kjøpast inn. Seinare vart vegen lagt rundt Akslahaugen. Lars og Jorunn tok over garden i 1979. I deira tid vart løa og fjøsen forbetra. Begge har engasjert seg i kristlege lag og foreiningar. Her kan mellom anna idrettslaget, Speiderebevegelsen, søndagskulen og «NLM Gjenbruk» nemnast. Dei har pussa opp det gamle selet på Akslasetra frå 1830-talet. Gamlehuset frå tidleg 1900-tal var det ikkje mogeleg å ta vare på, eller pusse opp, så det vart reve sommaren 2019.
a) Ragnhild Karin f(.1968) tidlegare gift med Torbjørn Ove Emblem, busett Fremmerholen.
b) Marit Helen (f.1971) gifta seg i 2008 med Øyvind Fet. Dei er busett i Sykkylven.
c) Øyvind André (f.1975) gifta seg i 2012 med Kristin Dybvik Blindheim. Dei busette seg i Løvika.
d) Lars-Marius (f.1984) gifta seg i 2015 med Sølvi Karin Romarheim. Tok over bruket.
Sonen Lars-Marius Akslen f.1984 er dagens brukar. Han tok over bruket 2020, og har bygd seg nytt hus der gamlehuset stod. 2015 gifta han seg med Sølvi Karin Romarheim.Lars-Marius er utdanna tømrar, men har lenger fartstid som lydteknikkar. Det starta i ungdomskoret Respons, og seinare satse han som profesjonell lydteknikar hos mellom anna Lydkjellaren a/s i Ålesund, der han også er styremedlem i skrivande stund. i Tillegg har han eige personleg AS. I ei årrekke har vore fast teknikar på juleturné med ei rekke norske kjendisar. i 2024 var det mellom anna Tor Endresen, Rune Larsen og Alexander Rybak. På garden er der også ei rekke planar. Den gamle frukthagen skal hevast og planerast, og løa frå kring 1900 skal rivast og erstattast av nytt garasjebygg. Med det vert heile gardstunet fornya.