AKSLABUDA
Akslabuda, eller handelslaget “L.K. Akslen a/s” fekk ei heller kort levetid. Likevel har namnet sett seg, og har vorte nytta om den nyare butikken på Korshaugen i ettertid også. I denne teksten har eg samla litt meir om den eldste buda . Det meste er basert på livsminne frå folk i bygda, og inter- vju med han som huska detaljar betre enn nokon annan, Harry Akslen. Dermed er det mogeleg å gje eit riss av det som ein gong var.
Ei still og klar januarnatt i 1934 braut elden laus på Emblem. Akslabuda på Magnusbakken brann heilt ned til grunnmuren. På nokre timar forsvann nær sagt alle spor av det som hadde vore eit av dei første handelslaga i bygda. Den siste tida før brannen heitte butikken «Ths. kristoffersen Landhandleri», men namnet «Akslabuda” sat framleis att i daglegtalen. Før eg går nærare inn i Akslabuda si historie, vil eg fortelje litt om dei handelsmenn som gjekk føre, og dei som la grunnlaget før Akslabuda.
Negards-Lars
Handelslagshistoria til bygda vår starta på Elvarum 1900. Lars Karolus Johannes Olsen Emblem (1844-1925) hadde kome heim frå utanriksfart og fått seg eit stykke av farsgarden, gnr. 6 bnr. 1 Negarden, som sonen Fredrik no dreiv. Butikken starta som filial for handelsborgar Børre Olsen Berli (1850-1932) i Ålesund. Berli eigde også garden Klokkerhaug i Sykkylven, og hadde nyleg sett seg opp nytt hus der. Det var kanskje i den samanhengen han kom på tanken om ei handelsbud når han passerte Emblemsbygda? Eller var det Lars, eller kanskje broren, bakarmeister Ole Martinus Carolus Emblem (f.1847) i Molovegen som hadde så gode kontaktar?
Akkurat kven som tok initiativet, veit ein ikkje lenger, men Negards-Lars vart både sjølveigar, poståpnar, kaiekspeditør, og seinare sjølvstendig handelsmann. Det stoppa heller ikkje der, for fram til 1906 var han mei- eribestyrar, og småbrukar attåt, men politikken hadde han stort sett lagt
på hylla før 1900. Lars fekk utmerkelse for oppdyrkingsarbeidet sitt, og
han var pådrivaren bak dampskipskaia i Emblemsvågen, som stod klar i oktober 1906. Med kaia vart postføring og vareleveringa frå dampskipa så mykje enklare enn den farlege lossinga til robåt ute på Flisfjorden, den gong “Auseskjer-Ludvig” på Ludvikplassen i Emblemsvågen var ekspeditør i tidsrommet 1895 til 1900.
Butikken låg i kjellaren hans på “Elvarum”. Huset står framleis, midt mellom Samvirkelaget og Severinbuda. Nokon huskar det kanskje best som “Ole Berg huset”, eller “Navelsakerhuset” i nyare tid. Lars dreiv handel der
fram til han hadde passert 70 år, i 1921. Jofrid Emblem og Mauritz Akslen minnest denne buda frå sin barndom. Julehandelen hadde den gongen heilt andre dimensjonar enn no, men litt ekstra vart sjølvsagt handla inn. Det var ofte karane som skulle gjere dette. Ein skulle helst vente til siste liten, på sjølvaste julafta, før ein gjekk på butikken. Dei hadde med seg handleliste, og det var spente born som sat heime og venta på kva dei hadde kjøpt. 17. mai kunne det vere handelsmannen sjølv som spanderte. Mauritz minnest ein gong Lars sette sveivegrammofonen ut i vindauget og spela nasjonal- songar. Etterpå delte han ut ein pose med sukkerbrød til kvar av ungane som hadde høyrt på. Han fekk ikkje drive handel åleine så mange åra, før den neste landhandelen dukka opp.
“Skørebuda”
Skorene ligg ligg eit stykke lenger vest for «Larsbuda» på Elverum. Iver Karlsson Furset (1851-1942) frå Pe-Ola garden på Stranda hadde flytta til
denne vesle husmannsplassen i Emblemsbygda i 1878. Iver, eller «Kjøt-Iver» som han vart kalla, slo seg raskt opp som både slaktar og gardeigar. Det vert fortalt at han var den første med torgrett på det nybygde Kiperviktorget i Ålesund. I 1896 kjøpte han Eikenosa og flytta opp dit, men fortsette å leige Skorene attåt. 28. mars 1906 kunne sonen Hans Lauritz Iversen Furset (1884- 1946) kunngjere i “Norsk Kundgjørelsestidende” at han starta si eiga han- delsverksemd på sin bopel i Emblemsbygda. Firmaet fekk namnet “Hans Furset”, og vart ført inn i handelsregisteret den 23. mars det samme året. Han hadde då flytta ned att på Skorene, og innreda sin eigen landhandel
i den vestre stova der. Du kan finne meir informasjon om denne butikken
i Karl O. Emblem sitt foredrag om butikkane på Emblem på nettsida vår: www. emblemsbygda.com. Hans skulle få stor betydning for fleire av dei komande butikkane i bygda. Det er grunn til å tru at Akslabuda ikkje ville vorte ein realitet utan at Hans starta opp handelen på Skorene. Broren Karl Johan Iverson Furset (1886-1967) vart også handelsmann, men han etablerte seg på Høybråten i Oslo. Det vert fortalt at også Severin J. Emblem (1906- 1960) frå Garsendhaugen, som seinare skulle verte drivaren av “Severinbu- da”, det største landhandleriet i distriktet, skal ha vorte inspirert til å verte handelsmann når han i ung alder fekk arbeide for onkelen Furset-Hans, så ringverknadane vart store. Han arbeidde der i 1920.
Butikken på Skorene vart etter kvart i minste laget. Derfor kjøpte han ei tomt frå Ole Elias Lauritz Knutson Emblem (1866-1958) i Steffågarden, for
å byggje seg ny butikk på «parcellen Korshaugen», eller Magnusbakken. Tomta vart skylddelt 23. oktober 1920. Oppmålingsbrevet vart underskrive 6 dagar etterpå, og tinglest 10. november 1920. Den nye butikken i sentrum av bygda stod ferdig 1921, og vart for liggande om lag 150 meter frå kon- kurrenten, men han visste truleg at Lars var i ferd med å gje seg, og at det ikkje var nokon som skulle overta. Kanskje var det årsaka til at han valde å flytte landhandelen også? Det er vanskeleg å seie sikkert, men det er interes- sant å merke seg at Hans tidlegare hadde involvert seg meir i næringslivet i Spjelkavika, som mellom anna medeigar i Anton Tolllaas sitt akskjeselskap frå 1915, enn å utvide handelen i heimbygda. Eg vel å tru at det var i respekt for levebrødet til Negards-Lars, men no skulle han altså legge ned buda på Elvarum. Samstundes kan Hans allereie ha visst at faren ynskte å selge Eikenosa, og flytte attende til Skorene.
1920-talet var ei vanskeleg tid for mange. På kort tid hadde Hans Furset likevel bygd seg ny butikk i Emblemsbygda, og samstundes kjøpt opp det første Kooperative handelslaget i Spjelkavika. Dei hadde danna eige samvirkelag under NKL i 1915, og bygd nytt forretningsbygg i 1918, men så kom den økonomiske nedgangen etter første verdskrigen, og medlemmane vart engstelege for å miste innskota sine. Dei var også skremde av alle kon- kursane, og fleire var overbevist om at det samme skulle skje med dei også. Derfor vart laget avvikla og forretningsbygget seld. Hans var neppe engsteleg for framtida, og han klarte seg temmeleg godt ei god stund. Han gifta seg med butikkdame Inga Amalie Hjelle frå Eikrem i 1917, og busett seg i øverste etasje i butikken sin i Spjelkavik. Han byrja etter kvart å nytte etternamnet Iversen, og dreiv handel i fleire år.
Men i 1925 valde han kun å satse på butikken i Spjelkavika. Buda på Magnusbakken vart difor seld i til ein som i salgspapira kun kalla seg for H. Maude. Det fulle namnet var Henrik Maude (1884-1944). Han flytta etter kort tid vidare til Ørskog, og starta handel der i staden. Han gifte seg med Hanna Eide (1893- 1970), og begge er gravlagde i Ørskog. Sjølv om han ikkje vart verande i Emblemsbygda særleg lenge, så fortsette han å eige tomta og butikken på Emblem. Etter at han gjekk bort, var det kona Hanna som fortsette å leige ut huset til butikk og bustadformål. Det var nemleg i hans tid som huseigar at butikken brann i 1933. Huset vart bygd opp att med fleire etasjar og leiligheiter etter ein brannen, men det skal eg kome attende til seinare. Landhandelen vart frå august 1926 leigd ut til to brør frå Øvste-Aksla, som kom heim att frå Amerika, og det er den historia, om «Akslabuda», eg hovudsakleg skal fortelle om her. Det vil seie at eg ikkje går så djupt inn i historia om dei seinare handelsdrivarane, Kristoffersen, Peder Myrstad og Samvirkelaget i denne teksten.
Akslabuda
Lars Kornelius Knutsen Akslen vart fødd 15. januar 1884. Han var den nest eldste sonen til Knut Hansen Akslen (1849-1927) og Lisa Larsdotter (1854- 1936). Lars vaks opp på farsbruket «Øvste-Aksla», med bruksnummer 1. Faren dreiv garden frå 1871, til han døydde i 1927, og når han gav seg så var det eldstebroren som hadde odelsretten. Noko håp om å få overta farsbru- ket hadde Lars neppe. I motsetning til mange andre born i bygda, så vart fadderane til Lars rekrutterte utanbygds frå. I dåpsregisteret fin ein ungka- ren Lars Edvardsen Koldvig, gardbrukaren Iver Rassmussen Voldsdal med kone, og heilt til slutt sambygdingen Hans Tidemandsen Røssevold med kone. Samanhengen finn ein i mora, Lisa, si slekt frå Auregarden.
Iver var nemmeleg svogeren, og Lars Edvardsen nevø, medan Hans var
tidlegare nabo. Faren og Lars Koldvig var også fadder i Voldsdalen. Den 2. oktober 1898 vart Lars konfirmert i Borgund Kirke, men det er ikkje noko teikn på at han skilde seg særmerkt ut på den tida. I alle fall så gjekk det ikkje så veldig godt på overhøyringa hjå presten. To år seinare finn ein den 16 år gamle Lars som heimebuande på Aksla, der han «sysler med jord- brugsarbeide». I denne folketeljinga er det 7 heimebuande søsken, av ein ungeflokk på total 10. Lars sin tre år eldre bror budde mellombels i Ålesund, der han livnærte seg som «Snedker og fisker».
Til Amerika
Det var ikkje så mange yrkesvalg for ungdomane i Emblemsbygda den gongen. Kring 1900 var det som regel tenar, tømraryrket, utanriksfart eller fiske som var alternativa for utan gard å ta over. Men nokre få år seinare fekk mange eit betre alternativ, og fleire valde å forlate bygda med førehandsbetalt bil- lett i handa. Målet var tømmerhogst i Amerika, og særleg nord i California, Washington, eller Arizona. I 1910-teljinga finn eg Lars og storebroren Knut ved sagbruket i Albion, California. Dette er ved kysten nord for San Fran- sisco. Staden var neppe tilfeldeg vald, for av åtte ungdommar frå Emblem som drog til Amerika dette året, kom sju av dei til Albion.
Lærarsonen Kristian Furset, søskenbornet til Hans, var den einaste som drog ein annan stad, men han var utnemnd til arbeidsforman i Tacoma, litt lenger nord, i staten Washington. Ein kan ikkje sjå bort frå at han også hadde vore i Albion tidlegare. Dei fleste av ungdommane hadde vore i Amerika i om lag eit år, og stort sett var det snakk om ungdommar frå dei større gardane i bygda, slik som Steffågarden, Aksla, Magerholm og Mattisgarden, men det fanst også unntak, for to av kom frå husmannsplassen “Vestrem”. I tillegg var fleire av dei som drog til Amerika mellom 1909 og 1911 jamnald- ringar eller naboar. Det har si forklaring i att ein kunne få gratis tur heim att etter eit år, om ein klarte å verve nye arbeidsføre karar. Dei fekk også betalt reise. Der var ein sykkylving, Ole Vik, som dreiv det stort med tømmer i i dette området og han verva gjerne sunnmøringar. Dette var altså ikkje emigrantar, men arbeidskraft, og betalinga der borte var mykje bedre enn i heimlandet. Dei som emigrerte, reiste heller til slekt og vener i Amerika. Lars var eit unntak i starten. Målet var San Fransisco og han hadde dessutan bestemt seg for å utvandre når han drog. Lars oppga at han var fiskar og på jakt etter arbeid. «White Star Line» hadde agentar i vårt eige land, og var truleg populære fordi dei sette opp rutebåtar heilt frå Trondheim, Kristiansund og Ålesund. Dei gjekk som regel via Bergen til Hull i England, men kunne også tilby ei totalpakke med togreise mellom Hull og Newcastle, samt videre båtreise til New York. For ettertida er dette selskapet truleg mest kjend for båten Titanic, som sank i 1912.
Lars og storebroren Knut reiste over Atlanteren med ”White Star Line” den 18. mars 1909. Eg har desverre ikkje oversikt over kor lenge Lars Akslen
var i Amerika, men det var nok slik at han enten var borte i fleire år, eller
så gjorde han som Ole Emblem i Steffågarden, og var borte i om lag eit år
av gongen. Ole arbeidde også i Albion ei tid. Det som i alle fall er sikkert, er at både Lars og broren Knut kom attende til bygda vår, og dei hadde klart
å spare opp pengar også. Sommaren 1926 tok Lars over butikken på Kors- haugen under firmanamnet «L.K. Akslen», som truleg stod for Lars Knutsen Akslen. Eg har hørt at han samarbeidde med broren Karl også, men Lars tok ansvaret for firmaet og den daglege drifta. Arbeidserfaringa frå butikken
til Hans Furset på Skorene vart no til særs nyttig kunnskap for Lars. Men samtidig må han på dette tidspunktet ha merka at helsa ikkje var den aller beste. Den kan ha medverka til at amerikaturane tok slutt.
Om utforminga av butikken
Eg har ikkje funne noko bilete av butikken, slik den vart bygd av Hans Furset og videreført som Akslabuda, eller L.K. Akslen, men Harry Akslen hadde ein imponerande hukommelse, og evna til å hugse dei minste detaljar. Han fortalte korleis denne butikken såg ut i hans barndom. Det var eit kvitmåla hus på halvanna etasje med loft. Grunnflata var om lag den same som på det huset som står der i dag. Det var på den tida ingen som budde i huset, for der var ingen leiligheiter. På langveggen mot byg- devegen var det ei dør på midten og eit vindauge på kvar side, nett som i dag. Inngangsdøra hadde overbygd tak, og det var inga ark eller liknande utbygg på loftet. Lageret var eit tilbygg med skråtak (halvetak) på baksida mot sør. Det låg litt høgare i terrenget og derfor var det ei trapp med to trinn frå butikken til lageret. Om lagerert vart bygd samstundes som huset, er eg mindre sikker på. Det er godt mogeleg at den kom til seinare, men før 1923 var det i alle fall på plass. Mot aust var der også ei lagerdør frå utsida av butikken.
Inne på Akslabuda var det sittebenk under vindauget på austsida av inn- gangsdøra. Disken var laga av tre, og var forma som ein hestesko i brun- måla panel. Der var ein klaff på disken mot vest som kunne slåast opp, slik at ein kom seg bakom. På ekspeditørsida var det store skuffer som inneheldt mjøl, sukker, gryn og slikt, mens det store sirupsfatet stod på lageret. Butikkdama tok med eit spann og tok ut korka på fatet, så sirupen starta å renne sakte ut. Ho sprang fleire gongar, og såg etter heilt til ønska mengde var oppi spannet. Sirupen vart for det meste nytta til brødbaking.
Kaffi, parafin til lampane, og kanskje noke søtt, slik som kandissukker eller sjokolade var populære saker. Seinare kom det også eit glasskap på disken med sjokolade og wienerbrød. Ein kan tenkje seg at sjokoladen vart tem- meleg mjuk om somrane. Nokre populære sjokoladesortar var Korsika og Malta lys nøttesjokolade frå Nidar Bergene. Sorten var til sals til 1950-talet. I tillegg var det rullar med innpakningspapir på disken, og noke skarpt som ein kunne rive av papiret mot.
Det var hyller på tre av veggane, med unntak av nordsida der vindauga og inngangsdøra var. Der var også eit lite kontor med ei glasrute, slik at ein kunne sjå ut i butikken. Andre viktige ting var sjølvsagt kassaapparat, vekt og spyttbakke. På benken til venstre, innafor døra brukte han "Os-Hans" å
sitte når han var heime frå Amerika. Ebbe-Elias brukte å sete der óg. Han Elias var god til å fortelle, og ein som ungdommane likte å høyre på. Medan han fortalde historier frå den tida han hadde motorbåt og var på fiske, så karva han og stappa pipa si, slik at ho var ferdig til å sette til munnen. Når han skulle til å tenne pipa, mens han fortsette å fortelle, så gjekk det mange fyrstikke. Han tende først ei fyrstikk, men gløymde å putte den mot pipa. Dermed brende han seg på fingrane når fyrstikka hadde fått brenne ei stund, og så var det å finne tak i ei ny.
Ettermiddagshandel
Åpningstidene var også litt anna enn dei vi er vande med i dag. Det var helst ettermiddagane at karane samla seg. Midt på dagen var det heller lite handel. Ungane vart ofte sendt på buda for å handle, medan karane først og fremst kom for å frette nytt, eller slå av ein prat med dei andre. Gamlekarane var nok dei mest trottuge, og møttest dei ikkje på buda så hadde dei ei rekkje andre stadar som «Børsen» ved telefonsentralen på Reset, Emblemskaia eller på kårlofta på gardane i bygda. Når det nærma seg jul, så skulle den beskjedne julehandelen helst utsettast i det lengste før karane endeleg la i på sjølve julaftan. Alt kom i laus vekt eller store kvanta og måtte målast og
vegast. Kunden følgde nøye med på vektskålene, medan butikkdamene åpna skuffene i disken og fylte oppi den mengda som vart bestilt. Etterpå vart mjølet, smøret, kaffibønnene, lampeveikane og lampeoljen pakka eller fyllt i spanna. Ungane hadde fått streng beskjed om å passe seg så oljen ikkje kom oppi maten, eller det nye lampeglaset knuste. Var dei heldige, så kunne det verte ein gratis bit kandissukker attpå handelen óg. Oldemora mi, Marta Dale, frå Dalsbygda i Norddal var butikkdame på butikken til Negards-Lars i 1913. Ho hadde ei og anna artig historie frå denne tida. Den skal ha vore om Ivar Flydal (1909-1998). Han hadde hendene fulle med varer, men ho meinte at han truleg fekk plass til ein liten godbit som han kunne putte i lomma om ikkje anna. Søtsaker var alt anna enn kvardags for ein gutonge den gongen, men han avslo tilbodet til hennar store overraskelse, for han hadde nemleg to store lommer, “men begge var det høl ti”. Ho lo godt når ho fortalde om han Ivar som takka nei til godteri.
No var ikkje denne vesle historia frå Akslabuda, men den kunne like godt
ha vore det, og det er truleg mange slike historier som vi i ettertida har gått glipp av. Eg fortalde tidlegare i teksten at Lars Akslen hadde registrert seg som utvandrar ved avreisa til Amerika i 1909. Kva som fekk han til å endre meining er eg ikkje sikker på, men det er ei interessant opplysning som kan vere med på å forklare kvifor. Harry Akslen fortel at han hugsar Lars som arbeidde og pusla med å fylle på varer den siste tida, men det var merk- bart for dei handlande at han var sjuk. Den 4. desember 1929 døydde Lars K. Knutson Akslen av «tæring», eller tuberkulose som det helst vert kalla
i dag. Lars gifta seg aldri, og hadde derfor ingen nære arvingar. “Firmaet
L. K. Akslen a/s” fortsette likevel til det vart lagt ned våren 1933. Det var bestyraren, Thomas Kristoffersen, som tok over eit halvt års tid. Buda endra då namn til “Kristoffersen Landhandleri”.
Byfolk og kafedrift
Thomas såg moglegheiter i det meste. Det synte han også når han bestyrte buda for akslakarane. Når byfolket byrja å nytte Emblemsfjellet til fjellturar, var det mange som kom ned til bygda om søndagskvelden, og skulle ha skyss ut att til byen. Andreas Spjelkavik hadde starta passasjerrute i 1924, og det var han, eller sonen Hans Bigton, som det vart sendt bod etter. Emblemsruta var enno ikkje oppretta, så det kunne verte lenge å vente. På denne tida hadde dei ein fem- og ein sjuseters drosjebil, før dei fekk seg ein
10-12 seters Bedford. Vegane var dårlege og var det påske og teleløysing attpå, så vart det særs lenge å vente for den som ikkje fekk plass på den første turen. Harry fortalde at dei hadde behov for grindagutar. Grinder var der ein god del av på denne tida, og særleg når det var beitesessong. Petra Indreberg, dottera til Peter Indreberg var ei av desse «grindagutane». Det var ikkje plass til henne inne i bilen, så ho måtte stå på stigbrettet og halde seg fast på utsida. Det var ikkje mykje sikkerheit å snakke om, men farta var heller ikkje så stor. Det vart fortalt om ein som kom heilt opp i 40 km/t. ein gong, men normalen låg nok mest på 20-talet, og kanskje opp mot 30. Turen til Ålesund vart med andre ord dryg i forhold til dagens tidsaspekt.
Kristoffersen bestemte seg dermed for å bygge eit påbygg med skråtak mot vestveggen av butikken. Her innreia han enkel kafé med kakao, wienerbrød frå Molnes Bakeri, og sjokolade til slitne turistar. Dermed kunne dei sitte lunt og godt medan dei venta, og Thomas kunne tene ein ekstra slant attpå. Han hadde i tillegg opna opp veggen, så det var lett å gå frå butikken til den nye kaféen.
Boksing på lageret
Thomas var altså på jobb på søndagskveldane også. Men det var ikkje det einaste tiltaket som han hadde fått på plass. På 1930-talet var det vanskeleg å få seg arbeid for ungdommar i bygda. Det vart etter kvart sett i gong naudsarbeid, som vegarbeid og skogplanting, men det var mange som ikkje fekk noko, og det var ikkje plass til alle på sjøen heller. Det vart derfor til at mange av desse møtte på Akslabuda om ettermiddagane, og vart hengande der. Thomas tok godt imot. På lageret hadde han ordna med boksehanskar, slik at dei kunne drive på med boksing om dei ynskte det. I tillegg var det populært å spele «Lappis». Då nytta dei ein femøring og forsøkte å kaste mynten nærast mogeleg ein strek, som var teikna opp nokre meter unna spelarane. Egil Hansen og Konrad Østrem var to av desse som samla seg på Akslabuda på den tida.
Men så kom den ulykksalige brannen, natta til 13. januar 1934. Sunnmør- sposten kunne fortelje at både huset og varebehaldninga strauk med. Jour- nalisten skreiv også at det var det stille veret som hadde berga husa ikring. Heldigvis var alt forsikra. Eg har leita i avisa heile den påfølgande våren etter ytterlegare opplysningar om brannårsaka, men utan å finne noko svar. Sikkert er det i alle fall at handelsmannen Henrik Maude på Sjøholt eigde huset.
Harry Akslen fortalde at brannmurane vart ståande ei tid, før eit nytt hus med fleire etasjer omsider stod klar. I følge Karl O. Emblem, så skal Akslaslekta hatt interesser i nybygget kring 1935, og at dei skal ha drive butikk i det nye huset ei kort tid, før dei overlet forretninga til Peder Myrstad, som dreiv landhandel og bakeri i Spjelkavika, ved sida av Hans Furset. Opplysninga er ikkje endeleg bekrefta av andre samtidige kjelder. Med dette vart det slutt på Akslabuda, og byrjinga på «Myrstad Filial». Etter kvart flytte søstera til Lars, Antonette Akslen (1888-1957) inn i det nybygde huset. Eg er usikker på årstalet enno. Ho vart i dagligtalen kalla «Anti», og var ugift.
Anti budde lenge på heimgarden, Øvste Aksla, og tok seg også av vesle- broren sin, Karl Elias (1895-1941), som hadde brote ryggen i ei fallulykke
på låven på Aksla under leik i 1931. Han vart sengeliggande resten av livet, og det vert fortalt at Anti skal ha fått huset i løn, som takk for at ho ofra både framtid og kanskje moglege giftermål for å ta seg av han medan han levde. Den opplysninga stemmer nok ikkje heilt. Eit nærare søk i grunnboka til bygget syner at Anti og søskena Thea Akslen Østrem, Thomas Akslen, Marie Grindvik og Knut Akslen kjøpte eigedommen saman i 1950 for 9000 kroner. Nokre dagar etterpå kjøpte Anti ut søskena sine, og vart eineeigar.
Spørsmålet var berre korleis ho fekk hand om så mykje pengar, og kvifor
ho ikkje berre kjøpte heile huset åleine? Då kan det at ho fekk huset vere ei slags forklaring likevel. Det er m geleg at der var noko arv etter foreldra,
og søskena Hans, Eline, Lars og Karl som alle hadde gått bort før 1950. Eg undrar meg også på om grunnboka eigentleg syner at søskena overlet sine delar til Anti, sjølv om det formelt står at ho kjøpte dei ut. Det kan dermed ha vore som ei slags «løn» utbetalt i ettertid, men sikker kan ein ikkje vere. Eg tvilar i alle fall litt på at Anti med eitt hadde 9000 kroner i banken, og der finst ingen banklån registrert på henne og eigedommen. Det kan vere slik at huset vart kjøpt gradvis, der 15 års leige, til saman skulle utgjere kjøpesum- men når alt var betalt. Det nye butikkbygget hadde dessutan fleire etasjar oppå, og her var det plass til å leige ut. Soleis var ho sikra inntekt. Ho fortalde også sjølv at ho eigde huset, så kontrakta og panteboka kan derfor gjenspeile ei meir rekneskapsteknisk løysing, der søskena betalte ned huset for henne. Det er no slik at vi kallar husa for våre eigne, medan vi betalar i årevis til banken.
Litt om buda etter 1935
Lillian Nedrelid har fortalt kven som budde i den “Nye Akslabuda” mot slutten av 1930-åra. “Myrstad filial” leigde i kjellaren. I første etasje budde familien Kristoffersen med tidlegare handelsmann Thomas, kona Petra og borna Solbjørg, Harald og Per. Der var også ein liten hybel med ei kokeplate for ansatte på butikken i den samme høgda. I andre etasje var det to rom pluss kjøkken mot aust. Antonette bodde i den vestlege delen i denne etasja, medan butikkbestyrar Anna Emblem (f. Hundeide), Lorentz Emblem, og dei 5 borna hadde kjøkken og stue i den andre enden. Dei kjøpte seg seinare tomt, og bygde eige hus i 1951 inne på Aksla, som naboar til lærar Bernhard Olsen. Det gjekk også ei bratt trapp opp på loftet der ungane sov. Etter dagens standard, så var dei lave loftsvindauga alt anna enn trygge for born, men det gjekk no bra likevel. Alle i huset delte ein utedo. Lillian hugsar framleis kor stort det var å endeleg få innandørs bad når familien flytta inn i eige hus nesten 20 år seinare.
Det nye huset vart ståande i mange år. Fram til 1946 heldt Myrstad Filial til
i kjellaren. Det året tok det nystarta Emblemsbygda Samvirkelag over vare- lageret og leigeavtalen med Hanna Maude, enka etter Henrik. Anti døydde i 1957. Året i forvegen hadde ho seld huset til nevøen Karl «Kallen» P. Østrem frå Abrahamsgarden. Han var sonen til Thea, som hadde vore med på å kjøpe huset i 1950. Kallen og kona, Magna Johansen frå Storhaugen, budde visst der ei tid også, før dei fekk frådelt parsellen «Udsigten» frå Karl sin heimgard året etter, og bygde seg hus der.
På slutten av 1950-talet vert bygget seld nesten kvart år ei tid. Kvar gong auka prisen. I 1956 var det altså Karl som kjøpte huset for 15 000 kroner. Året etterpå sel han til onklane Thomas Akslen, og Knut Akslen, samt Lisa P. Akslen, som var enka etter onkelen Hans. Dei to dreiv Øvste-Aksla. Prisen hadde no auka til 23 000 kroner. Året etterpå, i 1958, sel dei vidare til Thomas Kristoffersen for 28 000 kroner. På tre år hadde dermed huset stege nesten dobbelt i verdi. No skal det seiast at kanskje ikkje salsummen frå Anti til Karl var heilt reell i forhold til verdien av huset, og der kan ha vore ein del oppgraderingar i desse åra som auka verdien betrakteleg. Huset vart deretter overført vederlagsfritt frå Thomas og kona Evelyn til borna Per, Harald og Solbjørg i 1970. Dei fekk vidare burett i leiligheita si. Dette året tok Postverket over som leigetakar i kjellaren for kr. 2400 kroner, inkludert lys og varme i 10 år. Harald kjøpte så ut søskena og mora året etterpå.
Handelen tek slutt.
I 1978 kjøpte Bjarne Sæter eigedommen for 85 000 kroner og busette seg øverst. Posten fortsette å ha kontor i kjellaren. Det var visst ikkje av dei beste stadane å sitte bak ei luke, for der var temmeleg golvkaldt. Der var ikkje varmekablar og isolering den gongen huset vart bygd opp att. Den gongen det var handelslag der, så var ein mykje i bevegelse. Med andre ord lettare å halde seg varm om vinteren. Etter nokre år bygde postverket eit nytt bygg, tilpassa formålet, ved Samvirkelaget litt lenger aust i bygda. Skranken vart ståande att på Magnusbakken.
I nokre få år leigde Bjarne ut kjellaren til Torill Berge. Ho starta videoutleige, kalla ”Videoposten” kring midten på 1980-talet, før det vart heilt slutt med forretningsverksomheit på ”Akslabuda”. Frå den tid vart huset kun nytta til bustadformål, og det vart modernisert og pussa opp hausten 2007. Like før det var ferdig, vart huset totalskada i brann den 14. januar 2008. Dette var den andre brannen i husets historie. Det brann ikkje heilt ned denne gongen, men måtte renoverast. Dagens hus på Korshaugen er soleis i si tredje utgå- ve, med ny bilgarasje der kaféen ein gong var. Døra og vindauga mot nord ser der framleis, som eit minne om det som ein gong var. Eit samlingspunkt for bygdefolket i sentrum av bygda.
Kjelder:
Emblem Skule sitt arkiv frå ”Bygda vår” prosjektet 1987: Intervju med Lars Emblem, Jofrid Emblem, fotokopi av Karl og Lars K. Akslen
Intervju og telefonsamtalar med Harry Akslen om Akslabuda hausten 2013.
http://www.archives.com: Amerikanske folketellingar og offentlege arkiv på nett.
https://www.digitalarkivet.no/ : Folketellingar, emigrantprotokollar og kyrkjebøker.
https://www.digitalarkivet.no/ : Gammal grunnbok frå 1935-1990 https://digitaltmuseum.no/021017862972/kjopmann-borre-berli-alesund
Karl O. Emblem: Foredrag om handelslagshistoria på Emblem i forbindelse med 25 års jubileet til Samvirkelaget på Emblem 1971.
Langleite, Sigurd et al.; Samyrkjelaget Spjelkavik, Emblem Samvirkelag: 50 år 1946-1996: en del av sunnmøre Samvirkelag
Nasjonalbiblioteket: Norsk Kundgjørelsestidende datert 28.3.1906, 28.3.1915, 2.8.1926 og 25.2.1933.
Rabbevåg, Egil & Østrem, Svein Ove Dale: “Bygdebok for Emblemsbygda”, Innaumnesingen Forlag 2019.
Samtalar og e-post korrespondanse med Lillian Nedrelid 2011. Her er det også lagt til tilleggsinformasjon frå Annie Hesseberg og Laura Ramsvik via henne.
Sigurd Langleite: lydbandintervju med Jofrid Emblem og Mauritz Akslen 1984.
Sunnmørsposten: 1. kvartal 1934 på mikrofilm og 5.12.1929.
Weiberg Aurdal, Gustav: “Sykkylven Gardsoga 1”, Sykkylven Sogenemnd 1972.
Øverlid, Ragnar: Borgund og Giske Band II Gardsoge, Borgund og Sula bygdeboknemnd 1961.
Østrem, Svein Ove Dale: “Historia om Emblemvogs Kai.” http://www. emblemsbygda.com/87433964
Østrem, Svein Ove Dale: “Amerikafarande 1900-1930.” http://www.em- blemsbygda.com/34569319