Litt om speiderane i bygda
I ein slik tekst om speiderane på Emblem bør vel også opphavet takast med. Eg tenkjer då på Robert Baden-Powel, den seinare lorden av Gilwell som vadla allereie i 1929. Han var ein engelsk general som stifta speiderbevegelsen i 1907. Tanken med foreininga var å heve seg over rase, tru og politikk. Meininga var vidare å «fange gutten og skape mannen» ved å forme «en sund sjel i ein sund kropp». Idéen vann tidleg fram og bevegelsen spreidde seg vidare ut over heile verda. At Robert vart adla for arbeidet, etter berre 20 år, seier nok sitt om suksessen.
Den eldste historia internasjonalt
I Norge var det Christian Dons og H. Møller Gasman som var pionérane. Christian fekk innsikt i Baden-Powel sin speidaridé allereie i 1908. Trua hadde no fått plass i det første punktet i speiderløftet, plikta mot Gud og fedreland. Allereie på dette tidspunktet var det snakk om ei oppdeling i lag, eller patruljar, som eigentleg er av militært opphav. Ein skal ikkje gløyme at opphavsmannen var general. Han tok nok med det han syntes var av verdi frå si militære erfaring. Det var også dette som Dons framhevar i ettertid. Turar i naturen var viktig trening for å verte sjølvhjelpte, og få øve på praktisk erfaring i overlevelsesstrategi:
«Målet var å skape karakterfaste, rakryggede menn som når kampropet lød - «Vær beredt» - kunde svare «Alltid beredt».
Dei første speidergruppene vart oppretta i Norge så tidleg som i 1909.
Det var forresten omtrent samstundes som ungdomslag og avhaldslosjar, også for born, Starta opp i Emblemsbygda også. Før første verdskrigen kom der mange lag og foreiningar, og det fortsette i mellomkrigstida. Idrettslaget, tuberkuloseforeining, songlag, misjonslag, helselag, ja, lista vart etterkvart lang. Nokre av desse tankane kom til bygda med lærarane , og dei var ofte sjølvskrivne leiarar også. Vi skal etter kvart sjå at speiderbevegelsen ikkje vart eit unntak.
Norge var eit sjølvstendig land frå 1905, men det var ikkje sikkert at det skulle fortsette slik. Fleire lag hadde dermed eit underliggande mål i starten, der ein såg behovet for å få sunne framtidige soldatar når fedrelandet hadde behov for det. I det engelske speiderløftet finn ein også følgande: «I promise: To honour God and the King». Så heilt upolitisk var speideren kanskje ikkje, sjølv om det på norsk vart omskrive til «Jeg lover å gjøre mitt beste for at Norge aldri skal få skam av mig». (Norske Gutters Speiderkorps) og «Jeg lover efter evne å søke å gjøre min plikt mot Gud og fedrelandet» (Norsk speidergutt-Forbund).
Den eldste historia nasjonalt
Gradvis strekte speidersaka seg utover det ganske land i Norge også. Ein fekk fleire organisasjonar. «Norske Gutters Speiderkorps» var av dei første. I 1911 kom «Norsk Speidergutt-Forbund», der sistnemnde hadde klarare kristen profil. Gradvis kom der fleire lag og foreiningar som også skapte sin variant av speideren. Det kunne vere avholdslosjar og kristne trusamfunn som heiv seg på den populære bølga – særleg i mellomkrigsåra. Ikkje alle som starta opp varte like lenge. Fleire troppar vart lagde ned på grunn av mangel på vaksne leiarar.
I dag tenkjer nok mange på forkortelsane K.F.U.M. og K.F.U.K. I samband med ordet speidar. Bevegelsen er eldre enn speiderbevegelsen. Allereie i 1823 vart lokale misjonsynglingeforeiningar starta av reisande handtverkara i Tyskland. I 1843 vart "Ynglingeforeininga" starta i samme land, og i 1844 vart "YMCA", eller "Young Men ́s Christian Association" starta av George Williams og 11 andre handelsbetjentar i London. Målet var å bedre «åndelige tilstander blant unge menn i manufakturbransjen og andre bransjer». I 1867 stifta presten Peter Hærem (1840-1878) Kristiania Ynglingeforening, K.F.U.K. I 1855 starta Emma Roberts bønnegruppe i byen Barnet i England der målet var unge kvinner. Med industrialiseringa var det mange som flytte frå familie og vener til byane. Roberts var lærar på ein jenteskule, og ønska å følge opp ungjentene etter at dei var ferdige på skulen. Om lag samstundes oppretta Mary Ann Kinnard ein heim for sjukepleiarelevar, med vekt på åndeleg oppbyggjing. I Norge var det Sophie Pharo som stifta ei grein av K.F.U.K. I 1886, etter at ho hadde vore invitert som tilskodar på eit av ynglingeforeiningas møter året i forvegen. Det vart også stifta idrettslag, og Norges KFUK-KFUM har i dag vokse til ein av landets største kristne barne- og ungdomsorganisasjonar, med 500 grupper og 17000 medlemmar (tal frå 2017 red. anm.). Speiderggruppene er det mange av. K.F.U.K. starta opp sin eigen speiderorganisasjon i 1920, medan K.F.U.M.-speidarane først kom til som eigen organisasjon i 1945. Det betyr ikkje at dei ikkje dreiv speiderarbeid tidlegare. Den eldste speidarforeininga finst faktisk i Ålesund.
K.F.U.M i Ålesund kan knytte sitt opphav direkte til presten og ungdomsarbeidaren Peter Hærem sitt besøk i byen mot slutten av året i 1869. Han var komen for å snakke om organisasjonen i Ålesund Kirke. Allereie den samme dagen vart saka diskutert i atlieret hos fotograf Andreas Øvre, og 6. januar 1870 vart Ålesund Ynglingeforening ein realitet. Mellom stiftarane kan ein finne fotografen saman med stortingsmannen Johs. Aarflot og lærarane Eriksen, Hovland og Frøland. Organisasjonen dreiv først med kor og idrett, før dei i 1911 starta opp med dei første speidergruppene. Dette tilbodet vart svært populært i byen. Speiderleir var ein viktig del av aktivitetane til speiderane.
Speidarleir og leirstad på Emblem
I mai 1939 vart garden Løvika seld på tvangsauksjon for kreditoren "Den Norske Stats Småbruk og Boligbank". Mellomkrigstida var hard for mange. Gardeigaren, Elias Nedregotten, skulda ikkje eit like stort beløp som garden var verd. Men likevel vart det slik at Banken fekk tilslaget for 6200 kroner, og tok bruket. Den 16. oktober samme året vart eigedommen seld vidare til organisasjonen K.F.U.M. i Ålesund for 7000 kroner, og ein anmoda om at auksjonskøytet vart utskrive direkte dit. I jubileumsheftet til Ålesund K.F.U.M. frå 1940 kan ein lesa at dei hadde behov for ein fast plass å vere. salgsutlysninga på småbruket på Emblem kom soleis på rett tid, og laget greidde å skaffe beløpet som vart krevd. Kanskje tende det ein gnist i speidartanken i emblemsbygda óg? Ufordringa er at der var fleire konkurrerande speidervariantar tidlegare. Så det er vanskeleg å vite heilt sikkert. Det skal eg kome attende til ved opprettinga av jentespeider-tilbodet på Emblem.
Speidarane var ikkje den einaste organisasjonen som kjøpte seg gardsbruk til fritidseigedom på Emblem før krigen. Like ved låg Fossestova ved Trollfossen, som først Ålesund Jern- & Metall foreininga åtte, før plassen vart seld til Ålesunds Barnehjem som feriebustad. Akslagjerdet hadde funksjonærforeininga i Ålesund kjøpt til same formål. Emblemsanden var ein populær stad for både bading, idrett. Det hadde tidlegare vore speiderleir der også. Frå speiderleksikonet på nett kan ein lese at der var kretsleir for NSPF (Norsk Speiderpike Forbund) både i 1930 og 1939, men der finst ingen opplysning om at speidarar frå Emblemsbygda var med. I eit avisuklipp frå 3. juli det året, kan ein nemleg lese at det var blåspeidarane frå Ålesund som var samla på Emblemsanden til leir saman med speiderar frå Sjøholt, Langevåg, og ein tropp frå Hareid. Om lag 20 telt fylde badeplassen. Dei kosa seg der i fleire dagar med utflukter, underholdning og «forskjellig annet». Det regna om natta, medan sola skein på dagtid, så dei var likevel nøgde med leiren. Den første leiren vart halde på Emblemsanden, men den siste leiren kan ha vorte avvikla på garden i Løvika, like ved. Emblem var ein populær utfartstad den gongen. Emblemsfjellet var like populær sommar som vinter, og det gjekk no rutetrafikk heilt til byen. Snart kom der bilferge óg. Målet var med andre ord ein meir fast leirstad, og kanskje til lagring av utstyr. Ein kunne i mange år etterpå sjå att spor etter speidarane i hovudhuset i Løvika. Eit av desse var ei serveringsluke.
På denne tida, før andre verdskrigen, har eg ikkje funne spor etter nokon speiderforeining på Emblem. Eg skal ikkje sjå heilt vekk frå at avhaldslaga hadde eit slikt tilbod, men det manglar det dokumentasjon på i so fall. For Ynglingeforeininga skulle det også verte eit kort opphald på Emblem. Allereie Hausten 1941 vart speiderorganisasjonane lokalt og nasjonalt tvangsoppløyst i Norge av NS-myndigheitene. Eigendelane vart konfiskerte, og medlemmane vart pålagde å levere inn uniformer og distinksjonane sine. Det verkar ikkje som om Løvikagarden vart inndrege, men utan medlemmar og inntekter vart det nok for dyrt å halde på Løvika. Dei venta rett nok til 1943, men framleis var der ikkje spor av fred i Norge, eller oppstart att. Dei valde dermed å selge bruket attende til Elias Nedregotten. Det høyrer også med til soga at han kunne ta garden attende på odel.
Det gryr på Emblem
Eg vil tru at det korte opphaldet på Emblem kan ha sett sine spor i positv lei. Den 18. april 1945 kan ein nemleg på side 4 i Sunnmørsposten finne ein takk til KFUK og KFUM Emleim. Dette er den første og foreløpig einaste staden ein kan finne opplysning om speiderar frå Emblem i avisene. No er ikkje alle dei gamle avisene søkbart tilgjengelege i digital form enno, men eg er rimeleg sikker på at der ikkje var eiga gruppe med jentespeiderar på Emblem enno, og der finst heller ingen andre kjelder som nemner gutespeidarar i 1945. Rett nok er dei sentrale speiderarkiva ufullstendige for Ålesund sin del, og eg veit om ein tropp seinare, som heller ikkje finst i arkiva. Det er dermed mogeleg at nokon kan ha starta opp litt tidlegare. I so fall kan seinare forkjemparar for speidersaka i bygda, som Trygve Emblem, kanskje ha vore gutespeidar sjølv.
Det er i det heile tatt lite ein veit om speidergruppene på Emblem. Sjølv dei historiske sidene til det digitale speiderleksikonet er tomme. Det einaste eg visste sikkert ved oppstarten på denne teksten, var at Einar Nedregotten frå Steffagaren var med i speidaren på 1950-talet. Gunvor «Tulla» Nedregotten har nemleg fotografert han i speiderklede, saman med ein annan gut, medan dei heiser flagget i den nykjøpte flaggstonga utanfor huset som Tulla og Olav akkurat hadde bygd. Årstalet kan soleis ha vore 1956. Eg fekk vite at far min var med i speideren saman med fleire av jamnaldringane hans, fødde i 1942-1944. Av desse var mellom anna Lars Akslen, Helge Larsen, Terje Krogsæter og Einar Nedregotten. Han nemner at dei var om lag 10 år. Det kan tyde på at dei byrja kring 1952. Der er også bilete frå 17. mai 1955 med born i speideruniformer, fotografert av Leiv Lundanes og Karsten Terøy. Ein av vaksenleiarane vart også fotografert. Det er Trygve Emblem (1927-2012) frå Negarden. Av dei eldste speidarane på bilda var Odd Larsen, Magne Emblem og kanskje Fredrik Emblem. Det kan høve godt med opplysningar eg har fått om at 1940-kullet truleg var av dei første speidarane ved den oppstarten eg har funne i speiderregisteret i Ålesund i 1953. Eg har dessverre ingen kjelder med medlemsoversikt, men har fått muntleg informasjon. Der er også Jostein Flydal nemnd som speider. Som regel var det slik at gutana var rekna som ulvungar i alderen 8 til 11 år. Der kan ha vore ein raskare veg også, sidan fleire av medlemmane var eldre i 1953, om det er korrekt oppstartstid. Eg minnes sjølv at eg kun var ulvunge i et år, men eg starta også som tiåring. Eg undrar meg likevel over om 1953 kan ha vore ei formell registrering i speiderforbundet, eller bytte av speiderforbund, for det var nokre slike i åra etter krigen.
(Ta gjerne kontakt om nokon veit meir om dette red. anm.)
I albumet til Eli Lundanes fekk eg for nokre år sidan avfotografere fleire av bilda. Der er to bilde av Marit Johanne Emblem (1944-2002) frå Jakobgarden i speideruniform 17. mai 1955. Det vil seie at der også var jentespeidarar på Emblem i 1955. Eg fekk etter kvart tips om ei etablering som eg ikkje har funne i skriftlege kjelder til enda. Susanne "Sanna" Emblem (1905-1981) Steffågarden starta opp med jentespeidartilbod på Emblem. Følgane er fortalt om oppstarten: Eli Marie Emblem Reiten hadde vore saman med Sanna til byen ein dag, og der hadde ho sett nokre speiderjenter. Eli ønska også å bli speidar, så Sanna kontakta leiaren av speidarane i Ålesund, og dei fekk organisert ei gruppe på Emblem. Jentespeidarane var også på landsleir på Stange ved Hamar sommaren 1958. Rannveig Emblem og nokre fleire av jentene vart intervjua og fotografert av avisa. På den tida var der mykje speidartilbod i Ålesund, og fleire foreiningar. Eg har ikkje lukkast å finne korrespondanse på dette, men Liva Dyb kan fortelle at det var den kjende Kari Wikanes, leiar for K.F.U.K. på Ynglingen i Ålesund ho kontakta. Slik vart ei gruppe med postspeidara etablert på Emblem under avdelinga i Ålesund. Eg merkar meg at Emblem ikkje er nemnd i Kjell Skorgevik si bok frå 2011 om speiderane i Ålesund gjennom 100 år. Det er kanskje ikkje så rart, for fokuset der var mest gutespeidarane i den boka, men eg fann nyare opplysningar om Emblem K.F.U.M. og K.F.U.K., som var til stor hjelp.
Den første Skriftleg dokumenterte speidertroppen
1. Emblem K.F.U.M. vart godkjet av kretsstyret på Sunnmøre 28. mars 1953, med Trygve Emblem (1927-2012) frå Negarden som troppsleiar Harry Bjørkavåg (1927-2017) vart med som assistent. Trygve vart også aktiv i kretsarbeidet, og eg har derfor lurt litt på om desse to kan ha vore ein mogelege kandidatar i ein eventuell eldre speidertropp på Emblem kring 1945 også, men har ikkje funne kjelder på det. Harald Andreassen vart troppsassistent i 1958, og Helge Larsen vart ny assistent i 1961. Speidergruppa var tidleg ute med å arrangere Sankthanskveld på Emblemsanden, men kor lenge troppen var aktiv er eg litt usikker på. Truleg dovna arbeidet, eller kanskje helst rekrutteringa, av på 1960-talet. Fleire av medlemmane hadde vorte eldre, og fleire av dei vart også veldig ivrige i idretten. Der trongst det meir tid til trening for å halde seg på høgt nivå. Bygda fekk også lysløype på omtrent samme tid, slik at ein kunne trene om kvelden. Olav Østrem var ein av dei som fekk tilbod om å delta på Junior-NM på Hønefoss i 1962 mellom anna. Det var også krevande å finne vaksne leiarar til tider. Ofte var det slik at der var nokre få som tok på seg ansvaret på fleire frontar i styre og stell. Trygve og Harry var to av desse. Eg har blitt fortalt at særleg Trygve var mykje ute på sildefiske i periodar, så då vart møta leia av Harry, eller det vart veldig mange møter kvar gong leiarane var heime i bygda. Det var ikkje alltid like populært, for ein gong krasja det nemleg med eit knakande godt program frå bygdekinoen, som var på vitjing på Emblem. Det enda med at heile speidertroppengjekk på kino i staden for speidermøte. Då røynde det på for leiarane. Det vart visst trua med ein pause i gutespeidinga etter det. Det var visst ikkje like lett å konkurrere med kinounderhaldning før fjernsynet kom til bygda.
Gullalderen
I Ålesund byrja medlemstala å synke frå 1960-talet, men på Emblem gjekk det motsatt veg. Frå midten av 1970-talet fekk speiderbevegelsen i bygda eit kraftig løft. 1. Emblem K.F.U.M. hadde lagt i dvale frå 1960-åra, men vart starta opp at av Trygve Emblem i 1975. Sunnmøre speidarkrets har også ei oversikt på medlemstala, så ein kan følge med på kva som skjedde.
I 1953 starta ein med 19 medlemmar. Talet steig til 26 gutar i 1954, 34 gutar i 1955, og så var det vel kanskje det året bygdekinoen "tok opp konkurransen"? i 1956 var talet ned til 22 medlemmar, og det varierte mellom 20 og 23 til og med 1960. Først i 1975 finn ein Emblem i statistikken att. 38 gutar som melde seg inn. Der var 386 speidarar i Ålesund sentrum det året. Trygve vart gruppeleiar, men ikkje åleine. Med på laget finn ein Lars M. Akslen frå Høla som troppsleiar, og rektor sigurd Langleite som flokkleiar. Sigurd var ivrig pådrivar og altmuligmann dei første åra. Han var også aktiv med i arbeidet for å pusse opp kjellaren på gamleskulen til speidarlokale. (den første skulen i bygda frå 1903, som seinare vart kalla Husmortun red. anm.) Frå 1977 tok foreldra på seg mykje ansvar for gutespeidarane. Astrid Møllerhaug på seg ansvaret som flokkleiar, Sølvi Marie Florvaag var troppsassistent saman med Kjell Slinning og Sigurd Langleite. Astrid og Sølvi vart med allereie hausten 1975, med ansvar for ulvungane, som no var storspeidara. I speidarleksikonet finn eg også at 1. Emblem meldte oppstart av ulveflokk og tropp i Norske speidergutt-Forbund i 1976. Det kan høve godt. Eg fekk nyleg ein protokoll for ulveflokken på Emblem med årstalet 1975 på utsida, men referata starta våren 1976. Så det var i alle fall første gong noko vart skreve ned frå møta.
Trond Emblem minnest at Lars Akslen frå Høla var leiar. Trygve Emblem var også framleis med, og møtestaden var kjellaren på gamleskulen. Det var ikkje den trivlegaste staden i starten i starten, for den vart også nytta til å lagre koks til oppvarming av gamleskulen/Husmortun i starten. Men snart tok leiaren i husmorlaget, Jenny Mine Ulstein kontakt. No skulle speidarane få avtale om å disponere kjellaren til speiderlokale, om dei pusse den opp sjølve, og det vart verkeleg triveleg etter kvart. Nytt inngangsparti, skikkeleg golv, stor åpen peisomn til "speiderbål" om vinteren, ny pipe og nye vindauge med pussa mur mot bilvegen. Fleire la ned eit imponerande stykke arbeid med ombyggjinga. Huseigar, og leiar i Husmorlaget, Jenny Mine Ulstein hugsa mellom anna at Sigurd Langleite og ektemannen Ragnar Ulstein måtte opp på det bratte skifertaket, når pipa skulle hevast og byggjast om.
Liva Dyb minnes også at Turid Langleite var primus motor for speidarane i mange år. Turid var først ansvarleg, men etter kort tid fekk Liva dette oppdraget for jentespeidarane, medan Turid vart leiar for meisene. Liva fortel at ho ikkje hadde speidererfaring frå før, og ho fortsatte i om lag 12 år, sjølv etter at gutane slutta. Gamleskulen på Skaret fekk namnet «Husmortun», fordi husmorlaget kjøpte den etter at Blåskulen stod klar ved Ebbegarden i 1957. Eg minnes sjølv kjellaren med furupanel, mindre tekjøkken, Lager for flagg, faner og kasser til dei ulike troppane. Nye mindre vindauge, og stolar med fletta hamptau som var så populære den gongen. Namnet var vel "Jærstol" eller noke slikt. I tillegg vart golvet tetta og isolert. I periodar var det fleire grupper samstundes med både jentespeidarar og gutespeiderar. Der vart også mura ein stor åpen peis der et var mogeleg å lage "speiderbål" innendørs.
20 gutar vart meldt inn. Dei vart delt vidare inn i tre kull. Dette var:
Blått kull: Kai Even Bjørdal som 1. mann, Dag Erik Helland som hjelpar, Jon Akslen og Oddbjørn Dalen.
Raudt kull: Roar Emblem som 1. mann, Geir Emblem og Svein Ove Hesseberg som hjelpar
Gult kull: Staale Reiten som 1. mann, Knut Arne Ramsvik og Oddmund (utan etternamn) som hjelpar.
Sigve Sandvik kom inn i gjengen litt seinare. Kontingenten var 10 kroner. Dei hadde ti møte, med oppstart kl. 17:00, stort sett på Husmortun det året. Det varierte mellom leikar, øving på introduksjonen "Flokk, flokk, flokk", høgtlesing frå Jungelboken, eller oppgåver som å finne vårteikn. Mot sommaren var det oppdarag ved Lervåg-fabrikken i Emblemsvågen, og avslutning med grilling og korrekt speiderhilsen ved Larsen-naustet i Løvika. Hausten var Gjert Ole Gjertsen medleiar på leikane, og i september vart ulvungane tatt opp i troppen av Trygve Emblem og Leif Hovde.
Så har eg allereie nemnd at foreldra tok på seg mykje av ansvaret frå 1977. Det vart visst ei rimeleg bratt læringskurve for dei óg. Når Astrid fortsette som flokkleiar var 14 av ulvungane med, og vart tekne opp som speidarar i 1. Emblem speidertropp. For moro skuld kan eg nemne kven som var med i troppen, inkludert dei som var litt eldre:
Gunnar Dyb, Rune Abelseth, Ole Martin Garshol, Rikard Østrem, Rolf Hustad, Tore Andreassen, Kjartan Sorte, Tor Indrestrand, Tommy Østrem, Jan Møllerhaug, Roar Reiten, Runar Hoel, Bjørnar Ødegård, André Herje Johannessen, Ole Per Eiken og André Østrem.
Arbeidet kom i enda fastare formar, med speiderfest for føresette, fleire utflukter, og 1. Emblem KFUM deltok også på landsleiren i Verdalen i 1978.
Landsleirane var ei stor oppleving. Samme året som 1. Emblem KFUM registrert i Verdalen, var også fleire av jentespeidarane samla på Øysand. Leirsangen dei øvde på hadde melodi frå Pål sine høner, og gjekk mellom anna slik: «Heisann og hoppsann til Øysand til Øysan, drar vi på landsleir patrulje og tropp..»
I 1978 var Liva Dyb som flokkleiar for gutane, medan det i 1980 er følgande leiara registrerte på Emblem: Thorleif Slettedal som troppsleiar, Asbjørn Kjelsvik og Randi Baade Berg som troppsassistentar. I tillegg var Åse Halsebakke med. Ved neste melding i 1985 vart Rigmor Andersen Eide og Hildegunn Slettedal meld inn i registeret. Dei hadde ansvar for årets ulveflokk, saman med Sigrun Ødegård, men ho er ikkje nemnd, så det ser ut som om dei eksisterande leiarane ikkje vert tatt med i statistikken. Kun dei nye namna. Listene er ogsåufullstendige i arkivet. Der vert det nemnd mellom anna AstridH. Møller Lavig, men det var vel helst Astrid H. Møllerhaug som skulle stå i lista over godkjende leiarar for K.F.U.M. i 1978. Der vert også Sølvi Marie Florvaag nemnd saman med Sigurd Langleite og Kjell S. Slinning. det året. Men frå medlemslista til 1. Emblem K.F.U.M. kan det sjå ut som om Sølvi hadde gått utt av gruppa, sidan sonen hadde slutta omtrent samtidig som han var ferdig som Ulvunge.
1. Emblem K.F.U.K.
Jentespeidarane hadde altså vore i drift på 1950-talet, men der er ingen protokollar eg kjenner til frå den første tida, så eg veit ikkje eksakt kor lenge dei heldt på. I nyare organisering, under K.F.U.K.-fana, finn eg først namn på leiarane frå 1978 . Følgande vart meldt inn sentralt: Oddhild Godøy som troppsleiar i 1978, Sigrun Ødegård hadde ansvaret for stifinnarflokken. Dei andre leiarane var Liva Dyb, Turid Langleite, Lillian Nedrelid, Sigrun Helseth, Synnøve Emblem og Kristin Bildøy. Fleire av leiarane hjalp også til på tvers av gruppene. Eg ser at ein del av kjeldematerialet er rapportar inn til kretsstyret, og for jentespeidarane er det ikkje heilt sikkert at dokumenta er komplette før den tid. Eg vil derfor støtte meg litt meir til kopiar av årsreferata frå Emblem, som det framleis finst nokre kopiar av, saman med nokre livsminne frå speidertida:
Hilde Lillevold Håberg minnes at ho byrja på speideren i første klasse. Det var i 1974. Sigrun Smogeli Ødegård var leiar, og dei var så mange at dei hadde fire meisegrupper i KFUK på den tida. Det var Kjøttmeis, Blåmeis, Stjertmeis og Toppmeis. Sjølv var ho ei stolt Toppmeis. Ho fortsette fram til ho var ferdig med femte klasse. Meisene var startgrupper for jentene, slik gutane var «ulvungar». Tone Anita Hoel Andreassen minnes at dei byrja med møta oppe i hovudetasja på gamleskulen. Det var vel omtrent på den tida at kjellaren vart pussa opp. Dugnadar var ei vanleg arbeidsform i bygda den gongen, sjølv når sementgolvet i bussgarasjene til Emblemsbygda Billag A/S skulle støypast.
Lillian Nederlid minnes at også ho hadde ansvar for småspeiderane, eller meisene, i om lag ti år, saman med Turid Langleite og Sigrun Helset. I tillegg kjem patruljeførarane og gruppeleiarar som var yngre. Ragnhild Akslen fekk tidleg ansvar for Uglepatrulja, etter meisene fekk opptak til storspeidaren. Søstera mi, Ann Kristin, var med der og var ikkje så mange år yngre enn Ragnhild. Gruppa kan framleis hugsast på grunn av ei teikning i hytteboka til Larsgarden på Østremsetra, som Berit Helen Brevik Bjørnhaug teikna då dei overnatta der på 1980-talet. Speidarar heilt ned i 5. klasse kunne ta patruljeførarkurs om dei ville.
I ei handskriven årsmelding for KFUK-speidarane frå 1978 kan ein lese at der var 66 jenter det året, fordelt på meiser, stifinnara og vandrara. Hausten hadde dei åtte vaksne leiarar, og på vårparten var det seks. Turid Langleite var gruppeleiar fram til årskiftet, før Liva Dyb tok over. Om organiseringa kan ein lese følgande:
«Alle innan same eining er samla samtidig. Kvar av årsklassane innan same eining har kvar sin vaksne leiar, som står for instruksjonane og legg til rette arbeidet. Andakt, underhaldning, konkurransar o.l. er felles. Denne arbeidsforma synest å fungera godt.»
I tillegg var dei med å arrangere Tenkedaggudsteneste saman med speidarar i Spjelkavika og på Blindheim og «Meisenes dag» var på Holesanden 28. mai det året.
Speiderleir
Når leiren vart halde på Gjermundnes i 1980 så var vel alle gruppene unntatt dei aller yngste med. Kretsleirar vart det også. Eit år var den halden i Fausadalen. Som lillebror til to eldre søsken og speidarar, minnes eg at der var arrangement på både Kjellsund, Rjåneset og Holesanden. Ikkje alle gongane var det like lett å få med nok folk. Foreldre tok vel ein del medansvar dei første åra, og Astrid Møllerhaug stilte også opp så lenge sonen, Jan, var med i speidaren i Emblemsbygda. Andre vart med lenger.
Men alt gjekk heller ikkje på skinner alltid. Jenny Ann Flø minnes ein landsleir på Lillehammer, eller Hamar, tidleg på 1980-talet. Då var der kun ein handfull som meldte seg på. Turen vart dermed avlyst. Ein skal samstundes ikkje gløyme at det var langt å sende born frå om lag 3. klasse og oppover den gongen. Det verka nok mykje lenger då enn no. Andre gongar kunne avsluttningar kollidere med kvarandre, den gang som no. 1. Emblem KFUM hadde arbeidd hardt med sommeravslutninga i 1979, men få av foreldra hadde tid den gongen. Slike fritidsaktivitetar var også mindre forpliktande for foreldre den gongen. Vi gjekk eller sykla sjølve dit vi skulle. Eigne foreldremøter kan eg ikkje hugse, men i idrett og speider trong ein nokre leiarar og trenara. Mange vart med i mange år. I korpsa og skigruppa var der ofte litt ekstra å gjere for alle foreldra ved stemne og eigen arrangement, men slik var det tidvis i speideren også.
1980-talet, frå medgang til motgang
Frå årsmeldinga i 1980 kan ein få eit godt inntrykk av stoda i speiderarbeidet i bygda. EMBLEM 1. K.F.U.K. kunne då melde om heile 95 speiderjenter. Dei dreiv også speiderarbeid på Hatleholen, der lærar Torunn Bildøy var leiar for meiseringen, assistert av Kari Bjørkavoll og Leikny Flisnes. Inne på Emblem var Anne Marie Hustad med som assistent. Ho leia stifinnerane saman med Sigrun Smogeli Ødegård. Dei var då heile fire patruljar med vandrerane som patruljeførerar. Rangerane hadde ikkje fast møte det året, men hjalp til der det var behov for dei.
I ein rapport frå K.F.U.K. datert 9. mai 1982, skreiv Liva at talet på medlemmar var betydelig redusert til om lag halvparten. 47 speiderjenter var no fordelt på 17 meiser, 20 stifinnara, 7 vandrera og 3 rangerar. Samstundes får ein vite at det likevel er 99% av alle jentene i bygda som var med. Turid, Sigrun og Lillian var leiarar for meisene. Sigrun leia også stifinnerane, medan Liva var hjelpar for roverane. Den våren laga dei i stand eit «Minimarknad» til inntekt gruppa. Prisane på varer, aktivitetar, mat og drikke vart visst sett litt for lågt, for fleire kunne gå heim att utan å ha brukt opp alle pengane dei hadde med seg. Likevel vart det heile 1600 kroner i kassa, og det var ikkje så verst inntekt den gongen. Nysteikte vaflar og saft var temmeleg populært. Det samme var "spåkone" og smågodt på glas med fint dandert stoff på lokket. Sistnemnde var til salgs for den «som hadde behov for litt glød og fornyelse» i samband med kjærlighetsorg og mykje anna. Sal av påskeliljer til nedsett pris var også populært. Her var det vel kanskje Fru Eriksen og «Eriksen Gartneri» i Mattisgarden som var sponsoren. Dei samla også inn 1590 kroner ved julebukkaksjonen 13. januar det påfølgande året.
Eg trudde først at eg byrja seint i speidaren, for eg var ti år, og gjekk i samme gruppe som dei som vareit år yngre enn meg. Vi var ulvungar våren 1986, ved tusenårsmarkeringa for Slaget ved Hjørungavåg, for det har eg framleis nokre bilete av. Eg vil tru at markeringa var på vårparten, så derfor kan det ha vore hausten 1985 vi byrja som ulvungar. Det betyr at vi gjekk i andre og tredje klasse, og talet på speidarar hadde byrja å avta ein god del. Eg hugsar at eg gjekk saman med Torbjørn Akslen, og der var fleire med frå "gamlebyggjefeltet" i Emblemsvågen. Leiarane våre det året var Sigrun Smogeli Ødegård, Rigmor Eide og Hildegunn Slettedal. Rigmor vart registrert som leiar den hausten. Sigrun hadde ofte vore leiar for dei eldste speidarane, men bytta også på ansvar mellom jentespeidarane og gutespeidarane, slik også Sigurd Langleite gjorde. Rigmor Eide hadde allereie erfaring frå speiderarbeidet, og mor til ein av ulvungane det året, Øivind Eide. Hildegunn vart kanskje med på grunn av sonen Pål André, som gjekk i klassa mi? Mannen, Torleif var også speidarleiar ei tid. Kan det vere medan eldstesonen, Jan Helge var med?
Vi hadde i alle fall ei flott tid, med mange spanande møte i den gamle skulekjellaren. Noko av det eg hugsar aller best var då vi samla oss i juni 1986 i Løvika for å lære å lage bord og benkar av tau og treverk. Det var del av forbereiinga til å kunne dra på speiderleir seinare. I tillegg vart opptakinga frå ulvunge til storspeidar spesielt spanande. Kjellaren var kun opplyst av levande kjerteljos og eg meina at vi skulle krype gjennom ein slags tunnel mellom nokre stolar for å kome ut av «ulvehiet», avgi speidarløftet og bli ekte storspeidar. Dette var vel kanskje like før sommarferien ein gong. Sansen for knutar og speiding hadde eg hatt lenge. Storesøstera mi var speidar før meg, og so pass mykje eldre at eg fekk hjelp til å lære meg knutar når eg skulle byggje indianarleir oppe på Østrem i langt yngre dagar. Tipiar i fleng vart bygde av hesjastaur og presenning. Etter kvart var der så mange «indianarar» på Østrem at "teltstengene" måtte settast so breitt att teltveggane nesten låg vannrette til slutt.
Vi fekk ein litt brå overgong til storspeidarane hausten 1986. Det var rart å vere så mange årgongar samla på samme møtet. Men no fekk vi også mange spennande utfordringar. «Haustmanøveren», der vi vart sett av på Flisneset, og skulle orientere oss fram til målgong via kart til ei avsluttande konkurranse nede på Emblemsanden. Vi skulle klare å koke eit egg utan medbrakt kokekar og kun ei fyrstikk. Vi måtte finne fram til løysing på problemet sjølve. Å orientere seg ute i dels regn og mørke med lommelykt den kvelden var artig . Helge Fugelset leia gutespeidarane på den tida. Flokken var rimeleg stor og mange var nok også av det meir rastlause slaget. Eg meinar at han fekk hjelp av Kjetil Flisnes det året som assistent.
St. Georgsløpet i Ålesund våren 1987 er ei anna oppleving som er vert å nemne. Mi patrulje hadde med mange av dei tidlegare ulvungane frå 1985/86, og vi var som emblemsgutar flest på den tida gode til å springe. Vi hadde vel stort sett alle erfaring frå fotball og ski, men vi var kanskje ikkje like dyktige på å knyte knutar. Sjølv skulle eg som den lettaste i patrulja firast ned eit par etasjar frå taket av Stallane til fortauet ved utstillingsplassen. Eg må innrømme at eg var temmeleg redd, for eg visste litt for godt kor skralt dei ulike knutane sat på møtet veka i forvegen. Konkurransen i knytting av knutar på stasjonen like før vart også urovekkande. Eg må innrømme at eg såg for meg eit heller brutalt møte med asfalten. Til alt hell vart ingen sendt utfor kanten før knutane var skikkeleg kontrollerte og retta opp. Det gjekk bra med firinga, men nokon god plassering vart det neppe. Vi sprang meste av Ålesund sentrum på langs og tvers med oppgåvestopp både ved det gamle fergeleiet ved Buholmen og på Kremmergården. Eg kan ikkje hugse namnet på patruljen min, men veit om ei som kalla seg for «Beverparuljen». Dei hadde eigen song basert på melodien om Daniel Duppsko, som var ein barne-TV-helt i samtida. Teksten var slik: «Beeeeever, liker å plaske med halen i vann, en hytte i en dam – og så en liten dram så er hele beverpatruljen i land. Beeeever.» Siste delen var kanskje ikkje heilt i tråd med KFUM-speidarane sine formålsparagrafar, men kreativiteten var i alle fall stor...
KFUM-gruppa på Emblem vert lagt ned
Hausten 1987 kom brev om att K.F.U.M.-gruppa med storspeidarar på Emblem skulle leggast ned. Etter fleire år som einsleg leiar, hadde nok Helge meir enn nok å henge fingrane i på heimebane også, med små born. Saman med Trygve Emblem var han den einaste frå Emblem som fekk tildelt heidersteikn i sølv for innsatsen sin i 1990. Der var dessverre ingen som ynskte å ta over ansvaret etter han. Det vart dermed ein trist dag, men ikkje særleg overraskande, for vi visste så inderleg vel at eit slikt viktig arbeid ikkje var noko for kun ein leiar åleine. Vi hadde sjølvsagt håpa at der kom fleire med på ansvarsida, men no var det berre jentespeidarane att i bygda. Der gjekk det betre heldigvis. Dei var no kanskje litt meir vaksne i oppførselen enn gutane, og meir sjølvstendige. Fleire vart også gruppeleiara i ung alder.
Av dei siste gruppene eg har funne spor etter er «Svane» og «The Knøts» sine møtebøker frå 1983. skriftleg materiale etter gutespeidarane manglar totalt dessverre. Derfor vart det mest eigne erindringar der på slutten. Liv Solveig Gjørtz tok over som meisemor etter Sigrun Helset, Liva Dyb og Sigrun Smogeli Ødegård på slutten av 1980-talet. Tone Habostad var med og hjalp til. Etter nokon år var det ingen som ville ta over som leiara for jentene heller, og med det vart også K.F.U.K.-speidarane på Emblem historie. Liva fortel at det vart stadig meir krevande utover 1980-talet. Særleg merka dei konkurransen frå det nyetablerte Emblem skulekorps. Fleire var med på begge desse tilboda, og det var ikkje så enkelt, for begge hadde aktivitetar og arrangement i helgane. I korpset måtte medlemmane møte opp til konsertane, medan det i speidaren ikkje var like strengt. Det er vel kanskje årsaka til at speidararbeidet var vansklegare å drive. Samstundes gjekk bornetalet ned i Emblemsbygda. Av dei siste jentespeidarane var det nokre som ønska og fortsette vidare. Makta dei å halde hjula i gong, vart dei gamle nok til sjølve å ta leiinga i speiderarbeidet på Emblem. Men slik gjekk det ikkje.
Frå speidarlokale til barnehage
Kjellaren på "Husmortun" fekk nye leigetakarar, og det vart også drive barneparkering på Husmortun i fleire år. Dei heldt vel stort sett til i hovudetasjen, for eg minnes at der var slik i drift allereie når naboen vår, Øystein Eriksen, i Mattisgarden skulle gravleggjast i 1980. Då var eg der nokre timar under begravelsen, for heile bygda skulle dit, og då var der ingen andre att til å passe borna. Om dei også nytta kjellaren frå 1990-talet veit eg ikkje heilt sikkert enno. Allereie i årsrapporten for 1984 kan me ane at noko var i ferd med å skje. Liva Dyb skreiv der at medlemstalet var synkande dei siste åra. K.F.U.K. hadde hatt ein topp på 101 medlemmar i 1980, medan dei i 1984 hadde om lag det samme antallet som når jentespeidarane starta opp i 1970 med 21 meiser og 21 stifinnarar. Det var meir enn ei halvering på fire år. Ho skriv vidare:
«Jentene har mange gode tilbud her på Emblem og speideren har ikkje nyhetens interesse lenger. Tema for forbundsveka var HÅP. Uten håp døyr speiderarbeidet vårt. K.F.U.K. speidernes mål og vårt ønske og håp er at vi ved Guds hjelp kan få vere med på å oppdra jentene til kristne kvinner som kan gjere sin innsats for heim og samfunn.»
Det var ikkje noko å seie på akivitetstilbodet som speidarane på Emblem hadde det året. Der var også felles krinsleir for gutar og jenter på Raudøya frå 3. til 9. august. Emblem sin haustmanøver vart arrangert av gutespeidarane for heile speidargruppa 10. oktober. Aktivitetslista ellers er for lang til å nemne alt her. I tillegg til dei tidlegare nemnde leiarane Turid, Sigrun, Lillian og Liva, var også Kristine Bildøy stifinnarassistent. Den rolla hadde ho hatt tidlegare også. No er ikkje fallet i medlemstal like dramatisk som det kan framstå i først omgong. Ein skal ikkje gøyme nedgongen frå 95 til 47 medlemmar frå 1980 til 1982. Likevel var 99 prosent av alle jentene i aktuell alder med i speideren. På den andre sida var der ein forskjell likevel. No hadde nemleg innbyggartalet byrja å gå opp på Emblem, Nye byggefelt var lagt ut og utbygd fleire stadar, men der var sjølvsagt ikkje alle som var i rett alder enno. Auka i bornetalet kom dermed for seint.
Dei såg tendensen når dei samanlikna størrelsen på årskulla opp mot kor mange som melde seg inn i speidaren, og der var noko i ferd med å skje. Resultatet kjenner vi dessverre litt for godt. Frå tidleg 1990-tal var speiderbevegelsen på Emblem lagt ned, og ingen har sidan teke opp att dette viktige arbeidet. Effektane vart ei tid lagra på loftet på Blåskulen, før det meste vart seld til speidergruppa på Blindheim. Berre nokre handskrivne kopiar av årsmeldingar låg att når skulen vart brend ned av Ålesund Brannvesen som ei brannøving. Dessverre brann også ein flott løpar til minne om den første jentespeidergruppa til Sanna opp.
Nedgongstida for speidargruppene kring slutten av 1980-talet var ikkje eineståande for Emblemsbygda. Sjølv speiderane i Ålesund, som no er landets eldste speidergruppe med sine 116 år i 2026, sleit mot slutten av 1980-talet. På det meste var det 13 grupper og mange hundre speidarar innom Speidernes hus i Kipervika 25. Ved byrjinga på 1990-talet var dei berre tjue medlemmar att, og det var store utfordringar med å skaffe leiarar. I Ålesund kome dei seg over kneika den gongen, medan speidergruppene på Emblem vart lagt ned. På den positive sida kan det nemnast at ein i våre dagar kan sjå ei auka interesse for speider og friluftsliv. Me har fått stor tilvekst med nye byggefelt i bygda, så kanskje det er nokon som får lyst til å starte opp att? Eg veit at det tidlegare har vore diskutert om kanskje det hadde vore eit interessant arbeid for bedehuskyrkja på Emblem.
Heilt til slutt
Eg får snart inn kopiar av fleire møteprotokolar og anna skriftleg materiale frå den tida. Eg kan dermed snart skrive ei litt meir fullstendig forteljing. Eg kjem til å oppdatere teksten etter eg har fått kopiert det materialet. På planen står også nokre intervju med tidlegare leiarar. Eg skal kome attende med meir om det, men eg vonar også at den som måtte ha noko slikt, eller ytterlegare opplysningar tek kontakt med meg på følgande e-post: sveostrem@hotmail.com
Skriftlege kjelder:
Hauger. Erling: «Norske Speidere, Norsk speidergutt-forbund gjennem 25 år 1911-1936» Utgitt av Norsk Speidergutt-Forbund 1936.
Livsminne delt via Facebook-gruppa «Gamle bilder fra Emblem» av: Trond Emblem, Berit Hustad Birkeland, Hilde Lillevold Håberg, Tone Anita Hoel Andreassen, Jenny Anne Flø, Lena L. Bjørdal Kjerstad, Lisbeth Brevik Blengsli, Trine Valaker, Lillian Nederlid, Liv solveig Gjørtz, Gerd karin Langleite og Janita Rye, Synnøve Emblem og Sveinung Nedregotten.
Skorgevik, Kjell: ""Ålesund speiderguttavdeling. Speiding i Ålesund i 100 år", Utgjeve av stiftelsen Kjell Holm, Skrift nr. 2, NordvestTrykk AS
Ålesund Ynglingeforening: «Ålesund Ynglingeforening 1870-1940 K.F.U.M 70 år». Jubileumshefte frå 1940
Vartdal, Solfrid/ Sunnmørsposten: «Speiderliv bak nymalt fasade» reportasje om oppussing av Speidernes hus og litt om speidergruppa som er landets eldste. Sunnmørsposten 3.november 2017
Protokoll for ulvungar og 1. Emblem KFUM 1976-1980, skreve av Astrid Møllerhaug
Digitale kjelder:
http://leksikon.speidermuseet.no/wiki/%C3%85lesund_KFUK-KFUM-speidere http://leksikon.speidermuseet.no/wiki/1._Emblem
https://snl.no/speiderbevegelsen https://kfuk-kfum.no/om-oss/organisasjon/kfuk-kfum-bevegelsen
Muntlege kjelder:
Liva Dyb, Olav Østrem og Lars M. Akslen.