KALKOMNANE PÅ MAGERHOLM
Du har kanskje sett restar av gråsteinmurar i sjøkanten nedanfor Pe-haugen, vest for fergekaia på Magerholm? Det er ikkje lenger like lett å sjå kva som ein gong vart bygd der.
Borgundpresten Hans Strøm fortel i si bok: ”Physisk og Oeconomisk Beskri- velse over Fogderiet Søndmør” frå 1762 at det ”hist og her” på Sunnmøre finst ei samanhengande marmor- og kalksteinåre, som kjem for dagen ei rekkje stader på Sunnmøre. Denne kalkåra kan ein spore heilt frå holmar
i Ellingsøyfjorden, via Spjelkavik, Humla, Blindheim, til Magerholm og vidare mot Sykkylven. Den geologiinteresserte presten var faktisk på Magerholm, men nemner ikkje utvinning eller brenning av kalk slik han gjorde i Spjelkavik. Kalkbrenning er nemnd heilt attende i middelalderen. I eit dokument fra 1336 vert alle skogar og allmenningar i Asker og Bærum lagde under Mariakyrkja i Oslo, for å halde i gang ”limovner” og teglovner tiltenkt kyrkja sitt behov. Steinkyrkjer har vi også hatt lenge.
Kva vart kalken nytta til
Limstein er eit eldre ord for kalkstein. På plassar med hard marmorkalk- stein kunne ein utvinne god byggjestein for kyrkjebygg. Det var slik stein ein nytta til byggjinga av dei gamle steinkyrkjene i Borgundkaupangen. Ein kjenner dessutan til brend kalk heilt attende til antikkens Hellas. Dette vart nytta som bindemiddel i mørtel når kalkpulveret vart blanda med vatn.
Det engelske ordet ”limestone”, eller “limstein”, kjem av at mørtlen limar steinane saman. Dette vart særs mykje nytta før sementen vart teken i bruk, eller til kalkmaling av steinbygg som til dømes borga på Austrått. Bøndene nytta kalken på markar og til desinfisering av trefjøsar før dyra kom attende frå setra. I industrien vart kalk nytta både i papirproduksjon og ved smel- teverka. Ei kalkåre kunne med andre ord gje ei kjærkoma ekstra inntekt til den som visste å gjere seg nytte av den.
Kring andre helvta av 1700-talet vart det leita etter gode utvinnbare områder med jernmalm på Sunnmøre. Fleire var klar over moglegheiter for inntekt frå slike ressursar. Sunnmørsfogd og Kammerråd, Ole Alsing, gjorde seg særs lite populær hos bøndene på Sunnmøre og i Romsdalen. Han kjøpte opp nær sagt kvart brukbare tre, og nekta å selge trevirke til bøndene i amtet så dei kunne byggje båt eller reparere hus. Han skulle nemleg ha alt til den store masovnen ved smelteverket sitt innerst i Fannefjorden. Alsing sikra seg einerett til å utvinne jernmalmen på Fiskå og Bergsøya, samt kalken i Ulsteinvik. Han frakta kalk og malm nordover, av dels utkom- manderte bønder i eit storstilt industriprosjekt til eiga vinning. like etter Alsing døydde i 1780 vart smelteverket nedlagd og gruvene seld. Prosjektet hadde sett eit støkk i undersåttane. Det vert fortalt at ein gamal og sjuk kar røyste seg frå senga når han fekk høyre at Alsing var gått bort. No skulle det verte litt enklare å forsørge seg for allmugen.
Kristen Magerholm
Kristen Olsen Magerholm (1843-1932), frå Krissenplassen på Magerholm, var ein mann med interesse for for geologi. Han fortel sjølv at han hadde vore mykje med på skjerp og leita etter både jern og edle steinslag i fjella kring Magerholm. Han var på jakt etter sølv i Hessebergneset, og fortalde at eit ”konsortium” på fleire mann skaut ut jernmalm i Eitråsen ovanfor Hessebergneset i 3-4 måneder. Han hadde også funne jarnmalm på Ørskog- fjellet. Det er soleis ikkje så uventa at han starta med kalkomn på Mager- holm, i lag med Klaus Olsen Magerholm (1820-1907) frå hovudbruket og Anders Akselsen (1816-1879) på det vesle plassebruket Pe-haugen. Som
Aksla-Anders sin seinare kalkomn på Blindheim gjev oss eit lite inntrykk av korleis ovnane på Magerholm ein gong såg ut. Han ga seg med kalkom- ndrift på Magerholm før dei andre. Omnen var truleg fora innvendig med teglstein for lettare å halde varmen oppe. Nederst i fronten er ”fyrhuset”, og så stabla ein lag på lag med kalk- stein og kol om kvarandre. Den ferdige kalken vart lagra i eigne lagerhus før det vart nok til å frakte ei båtlass. Eg er usikker på om dei frakta leska og uleska kalk kvar for seg, eller om båten var delt i to kammer. Som plassemenn hadde Kristen og Anders stort behov for ekstra inntekt for å få endane til å møtast. Dei var to av i alt seks husmenn og ein dagarbeider som forsøkte å klore seg fast på berga kring Magerholmen. Klaus hadde vore heldigare. Han gifta seg til velstand og enka Olave Gjetmundsdotter på hovudbruket. Slik vart han gardbrukar på Magerholm i 1845. Bygdeboka for Borgund og Giske fortel at Kristen slapp innfestingsavgift på plassen som seinare skulle få namnet “Krissenplassen” mot å sette opp husa for eiga rekning. Men han måtte betale kår til Berte Ellingsdatter, enka etter den forrige husmannen på bruket. Han skulle også betale årsavgift på to speciedaler til henne. Ho budde vel truleg i gamlehusa på plassen. Kristen trong derfor pengar til husbyggjing, bygselsavgift, og skatt til konge, prest og amt. Kristenstova vart i 1920 registrert som eit lite hus i ei etasje med kjøkken, stue, eit mindre soverom/kammers og eit rom i kjellaren der ein kunne bu om sommaren.
Det må ha vore ei litt rar oppleving for kristen å verte husmann på ein plass som faren, Ole Knudsen Magerholm, åtte tidlegare og la inn under garden Magerholmvika i si tid. Ole var sjølveigar på både bruket Magerholmvik
og naboplassen Nygjerdet, som seinare fekk namnet ”Pe-haugen”. Beste- faren var Halvor Abelset, ein hauginanar med kår frå Morken i Sogn. Han var den rikaste på Sunnmøre i si tid, og skal ha kjøpt heile 18 gardar på ein gong. På Sunnmøre kjøpte han storgardane Relling, Abelset og Magerholm. Kristen fortalde Peter Stensager at Magerholmvika og Nygjerdet vart selde til Lars Straumgjerde på auksjon. Han fortel ikkje meir om årsaka. I bygde- boka kan ein lesa at faren overlot desse bruka til eldstesonen, Halvor, som var sjukeleg og døydde som spedalsk. I 1920-teljinga vart Halvor nemnd som “sinnsyk”, men det er nok ikkje heilt rett. Halvor skal ha tatt eit slags kår hos Lars på grunn av helsetilstanden, men Lars makta ikkje forpliktelsane. Dermed hadde ein bror av Halvor fått bygsel på Magerholmvika i staden. Halvor fekk bruke den eine stova og eit jordstykkje som del av kåravtalen. Kristen sin plass ned i arverekka førte til at han var husmann livet ut. Det var han ikkje heilt nøgd med.
Kanskje var det dei ringe kåra som husmann, og kunnskap om at han var frå riksmannsætt, som var drivkrafta til Kristen. Han ynskte seg nok meir rikdom for å kunne kjøpe attende delar av jordegodset etter bestefaren. Han fekk eit tilbod på det som i den tid var den enorme summen kr. 5000,- for å selge ein marmorhaldig haug på plassen sin til ein ”Kristiania mand”. Dei skreiv kontrakt på salet, men Kristen kunne ikkje gjennomføre salget utan
han fekk kjøpe plassebruket. Det sa Klaus Magerholm nei til. Om Kristen fortalde Klaus kvifor han ville kjøpe plassen veit eg ikkje, men dei vart ikkje uvener. Dei samarbeidde nemleg på Kristen sitt neste store prosjekt.
Kalkomndrifta
Kristen, Anders og Klaus starta kalkbrot og bygde seg kalkomn ved sjøen nedanfor husa til Anders på Pe-haugen i 1867. Kristen var kanskje initiativ- takaren, men han kunne ikkje realisere planane utan at jordeigaren godtok det, eller selde plassen. Kanskje følte Kristen og Anders at det var tryggare når Klaus var medeigar? Han var den av dei som hadde pengar til å byggje anlegget. Anders var plassemann på Pe-haugen, og den som mista grunn når dei starta å byggje anleggsveg, to omnar, kai og to lagerhus. Denne strandlinja kunne Anders ellers ha nytta til beite og fisketørking. Dette var på den tida det gamle fellesbeitet ved Brendhaugen og Akslagjerdet vart heilt avvikla. Ragnar Øverlid skriv i gardsoga for Borgund og Giske, Band II at det var sakfører Ludvig Daae som skaut inn kapitalen og leigde ut fraktebåt til dei tre magerholmkarane for 200,- per år. Kva som er årsaka til at Klaus ikkje tok investeringsbyrden og fekk meir av inntekta, er eg usikker på. Det er mogeleg at han ikkje forsto seg heilt på dette med kalkdrift og forteneste som Daae gjorde. Ei anna forklaring kan vere at han var forsiktig med pengane sine, og ynskte heller å investere i sikrare inntektskjelder som gardsbruk og eigedom. Det skulle etter kvart syne seg å vere lurt.
Carl Bugge beskriv kalkåra der verket låg slik i 1905:
”I bruddet som ligger ved Storfjorden lige nedenfor husene på Magerholm, ligger kalksten(...) mægtigheten i bruddet er ca 5-6 m med 0,5 m skifer imellem, men en ulempe ved dette brudd er, at man må borttage de skifer- lag hvorunder kalklagene for en væsentlig del stikker. Fra bruddet sænker kalklagene sig med blottede lagflader ned til fjorden. I bruddet er levninger etter to ovne og disse ligger nogle få meter over søens nivå. dobbelt slette- system dannede en vinkel lidt under 90”.
Kalkdrifta var altså avslutta på den tida. Peder Magerholm var oldebornet til den eine drivaren, Anders Akselsen. Han fortalde at dei nytta krutt til å løyse kalksteinen frå skiferlaga, før dei slo den sund i mindre bitar for hand med sleggje. Den omnklare kalken var i knytnevestore bitar, noko som ikkje er så reint lite krevande med kun handemakt å lite på. Vart bitane for små, let dei seg ikkje flytte med greip og
det var såleis ein god del kalksteinsingel som var att etter at drifta vart lagd ned. Om sjølve brenninga fortel han at det første laget i botn av omnen var eit lag ”tennved”. Den vart sett på høgkant. Formålet var å få god varme i starten. Oppå tennveden la dei lag på lag med kalkstein og trekol om kva- randre til omnen var full. Det brende omtrent 8 dagar i den minste omnen, mens den største kunne bruke dobbel så lang tid på å brenne heilt ut. Då det hadde kjølna tilstrekkeleg, måtte dei hente ut kalken. Som regel leska dei han óg. Då nytta dei vatn slik at han pulveriserte seg. Kristen Magerholm fortalde kring 1920 at dei brende 100 tønner i gongen, og at det tok kring ei veke å få kalken ferdig. Dei gjekk fram på følgande måte:
”Først la de et par lag med svære kubber. Derefter en favnbjørkeved, hvorpå igjen kul, så sten, så kuld å så igjen sten og slik forsattes til ovnen var fuld. Kalken tok de så ut i bunden av ovnen”.
Omnen var temmeleg enkelt bygd, med tørrmur av grovhogd stein frå plas- sen. Den omnen som stod nærast flomålet ved sjøkanten vart kalla ”Storomnen”, og var plassert nærast kalksteinåra. I eit eige pakkhus samla dei opp den ferdigbrende kalken, før det vart nok til å frakte sjøvegen til Ålesund. Daae leigde ut fraktebåt, men eg veit ikkje kva type det var. Det kan ha vore ei sunnmørsjakt, som var vanleg til frakt av varer på den tida. Peder fortalde at dei selde både leska og uleska kalk, så det må ha vore ein måte å skilje dei to typane frå kvarandre på. Flisfjorden har fleire farlege straumar, så dei trong finever om dei skulle frakte varene på sikraste måte til agenten, Ivar Andersen i Ålesund. Dei kjøpte med seg steinkol på vegen attende til Magerholm. Det kan verke rart å kjøpe kol, når husmennene i kring kalkomnen dreiv kolmiler. Sjølv far til Kristen hadde slike i fjellsida ovanfor Pe-haugen på den tida. Men det hadde nok samanheng med ønska temperatur å gjere. Med steinkol fekk ein høgare temperatur.
Slutten på kalkdrifta
Dei dreiv kalkomnen på Magerholmen i 20 år, i følge Kristen Magerholm, men han fortel ikkje kvifor dei slutta. I 1885 var Klaus Magerholm 65 år, men han var kanskje ikkje den mest aktive av dei tre i den daglege drifta. Anders var 69 år, og 20 år med manuell drift med steinknusing og slegge må ha satt sine spor på ein aldrande kar. Men det er i så fall rart at han flytta vidare til Blindheim for å byggje ny omn der. Kristen var berre 42 år, så det er meir uforklarleg kvifor ikkje han fortsette når kalkverket tross alt stod der klar til bruk. Dei ansette i tillegg husmenn og gardbrukarar i området til å hjelpe seg med drifta, så dei var ikkje åleine. Eg finn ei forklaring i inter- vjuet som tidlegare rektor Sigurd Langleite gjorde med ein aldrande Peder Magerholm på 82 år i 1985. Her fortel han at kalkomnen såg likeeins ut når han var gutonge, med berre nokre restar attende. Ein omn av omtrent lik utforming og alder stod temmeleg fint på Blindheim når Magne Flem foto- graferte han i 1935. Den vart óg bygd av Anders frå Pe-haugen. Kva var årsaka? Den same Peder hadde høyrt at ein orkan øydela kalkomnane
og sopte pakkhuset på sjøen. Fraktebåten forliste i det same styggjeveret.
Det vart spikaren i kista for kalkverket, men forklarar ikkje det faktum
at det vart sett opp andre omnar i nærleiken etterpå. Anders vart drivar
av kalkomnen på Blindheimsnes og Kristen sette opp den første omnen
på Larsnes før han var med å bygde to i Ørsta. Kanskje er forklaringa at kalkbrotet på Magerholm vart for tungvindt, slik C. Bugge nemner. Ein kan også ha kome så langt i utvinninga at det byrja å verte meir tidkrevande å fortsette på Magerholm. Anders hadde overlete gardsdrifta til sonen når
kalkverket på Magerholmen vart sett i gong, så han hadde ingen retrett. Det kan forklare at han slo seg ned på Blindheim og dreiv kalkomnen der så lenge han levde, til 1899. Samstundes er det noko som ikkje stemmer heilt, for eg finn framleis Kalkverket på Magerholm i addresseboka for Roms- dals Amt i 1900. Det kan sjølvsagt vere slik at dei skipa ut kalkstein etter at omnane var øydelagde også. Kanskje vart steinen frakta over fjorden eller ut til Blindheim, men det verkar likevel litt rart. Anders trekte seg nok ut av den daglege drifta før kalkdrifta vart avslutta på Magerholm, og før alt vart øydelagd. Han hadde verdifull kunnskap, som også andre ynskte å utnytte. Eg har leita lenge etter avisomtale av orkan eller raseringa av kalkomnane utan hell. Det får meg til å tenkje at orkan kan ha vore rett, for då var der kanskje større hendingar som fekk oppmerksomheita.
Kristen sat på bygsel så lenge han levde. Han livberga seg på produksjon av ljåskaft og fisketroer på sine eldre dagar. To år etter at han døydde, i 1935, vart Kristenplassen lagt inn under Pe-haugen. Oldebornet til Anders, Peder Magerholm, var den som fekk leggje Kristenplassen inn under garden. Det vart ikkje meir kalkutvinning, men gründerane bak verksemda bidrog til at fleire starta opp i nærleiken. Den som dreiv lengst med kalk i området var nok tyskaren Heinrich Schmidt i Sykkylven.