UTSKRIVING FRÅ EMBLEM UNDER DEN STORE NORDISKE KRIG 1709-1719
Historikaren Atle Døssland skriv i fylkeshistoria for Møre og Romsdal om perioden 1705-1720 som ei tid prega av den store nordiske krigen meir enn noko anna. Denne krigen hadde for Danmark- Norge sin del starta allereie før 1700, og inkluderte både Russland og Preussen. Det var nemleg ikkje slik at Danmark-Norge først kom med i krigen mot millitærmakta Sverige i 1709, over 10 år etter.
Danskekongen måtte bøye seg for den svenske overmakta i august 1700, med freden i Travendal. Når so Sverige, kom på vikande front i 1709, fekk Danmark-Norge moglegheita til å verte deltakara i krigen att. Derfor hadde den militære innrulleringa av soldatar og matrosar auka mange år i forvegen av 1709, og som ei følge av krigen vart også skattane tidvis meir enn fordobla. Berre i 1716 vart det utskrive 167 mann frå sjølegdene på Sunnmøre åleine. Eg har i denne teksten sett litt nærmare på kven som lot seg verve som frivillig, og kven som vart registrerte som soldatar eller matrosar frå Emblemsbygda i perioden frå 1709 til 1719. Årsaka til denne tidsavgrensinga er at ein i denne perioden har temmeleg godt kildegrunnlag, med bevarte innrulleringsdokument frå mellom anna Bergen stift. I arbeidet med denne teksten, kom eg også over nokre so pass interessante opplysningar om dei som verva seg at eg valde å utvide perioden eg skriv om frå 1701 til 1719. Dette skal eg kome attende til.
Soldatar frå Emblem var der få av
Med tanke på åra som har gått, og vanskar med å få heilt nøyaktig oversikt, vil eg likevel slå fast at det ikkje var så mange frå Emblemsbygda som fekk oppleve direkte krigshandlingar. Dei store utskrivingane frå fylket, som Døssland skriv om, verkar ikkje å vere heilt representative for vår eiga bygd. Eg har ikkje funne døme på at godt vaksne, eller gardbrukarar, vart utkommanderte slik at kvinnfolka stod att åleine med gardsdrifta. Det var dessutan slik at det var mest snakk om frivillig innrullering i marinen ,og det var berre nokre svært få gardar som stod for heile «leveransen» av soldatar og sjømenn til marinen. Det stemmer i alle fall ikkje at nær kvar einaste tenestedyktig ungdom over 19 år vart sendt i krigen. Derimot var det mange som verva seg på tidspunkt der det ikkje var krig, kanskje for å få ei rekkje andre goder i staden.
Det var ikkje slik at den norske hæren var i beredskap under heile den nordiske krigen frå om lag 1699, men marinen var for alvor i beredskap etter at danskekongen sendte ut ei eiga forordning om innrulleringa den 16. oktober 1703. For å få fleire til å verve seg gratis, lovde han fleire fordelar til sjøfolk som verva seg og vart innskriven i militærrullane. Dei skulle mellom anna få sleppe militærteneste på omtrent 9 år, om dei stilte seg til rådigheit for marinen. Dette kan verke litt underleg når dei trass alt skulle gjere teneste på krigskip som kunne komme i kamp, men forskjellen var at dei ikkje hadde plikt på seg til å sloss. Det var det «landsoldatane» ombord som skulle gjere. Dette må ha verka freistande på fleire frå vår eiga bygd , for dei fleste av emblemsbygdarane vart matrosar, og særleg dei som vart innskrivne i rullane i 1704. Dette var dessutan fem år før ein kom med i krigen for alvor, og den gongen visste ein at Danmark-Norge hadde stogga krigføring fleire år i forvegen. Desse hadde truleg teneste fram til krigsutbrotet i 1709, og kanskje kom dei aldri ut i krigen heller.
Sjømanslivet verka meir spanande enn teneste i hæren. Likevel var det for få som verva seg, slik at kongen måtte utvide løfta allereie i 1705. No kunne ein i tillegg få betalt om ein hadde namnet sitt innskreve i rullane. Det kan difor ha vorte sett på som ein særs god avtale når den kom. Særleg kan dette ha verka freistande for unggutar i tenestedyktig alder, for dei var pålagd å avtene militærplikta før dei tok over eller bygsla eit gardsbruk. No vart også ventetida kortare. Til slutt vart om lag 1880 innskrivne i 1709. Mesteparten arbeidde etter kvart på orlogsflåten, medan andre kan ha vore ombord på utenlandske skip. Sjøinnrulleringa vart mindre populært etter at Danmark-Norge kom med i krigen igjen frå 1709. Dei vart no sendt av garde til mellom anna København, der maten på kasernene var dårleg, og lønna var mindre å trakte etter når det vart alvor. Ein kunne risikere både epidemiar og død. Krigsflåten hadde utgangspunkt i København, som mellom anna opplevde ein pest kring 1711. Heile den frivillige ordninga vart avvikla kort tid etter krigen, til fordel for fast bemanning i 6 år i staden
Kven innrullerte seg
Dei færraste av dei innrullerte frå Emblemsbygda var plassemenn, kort og godt fordi der knapt fanst nokon husmannsplass i det heile i 1701. Flisholmen og Plassevågen var stort sett dei einaste, men det betyr ikkje at resten vart sølveigande bønder. I 1701-manntalet finn eg for eksempel kun «bygselsmenn» eller leigetakara. Dette kan saman med størrelsen på gardane ha hatt påverknad på kor mange som vart kommandert ut i krigen. I utgangspunktet var det slik at 2 «fullgardar» skulle utruste og betale reisa for ein soldat. Fanst der ikkje så mange slike gardar, vart finansieringa delt opp i ei legd med 4 «halvgardar» eller endå til 8 «kvartgardar». Det var ei ordning der gardar med minst 58 mål åker, og mat nok til å fø minst 16 kyr, vart rekna som ein fullgard. Slike bruk måtte betale full skatt. Dei som hadde minst 14,4 mål åker, og kunne fø 4 kyr, vart rekna som ein halv gard. Dei betalte då halv skatt. Ordninga vart seinare endra slik at skattane vart utlikna frå «skylda» som kvar gard vart verdsatt til. Ingen av bruka på Emblem kunne dermed reknast som fullgardar, hverken i 1667 eller 1714, men til saman kunne bruka på Emblem og Østrem utstyre kvar sin soldat.
Eg vil difor tru at Emblemsbygdarane skulle utstyre maksimalt to soldatar i 1700 ,og kanskje tre frå 1717. Soldatane skulle ha uniform, våpen, mat for to månader, og betalt reise. Det skulle bygselsmennene i kvar legd betale. Dette kan stemme godt med 1701-manntalet, der det er tre Legdsmenn frå Magerholm til og med Rødset. Då er nok Blindheim og kanskje også Spjelkavika tatt med. Desse legdmennene var Arne Axlen på 37 år, Didrich Emblem på 39 år og Rasmus Anderson Ødegaard på 45 år. Rasmus kom frå Puskhola ved Hatleholen, og Arne Knudsen Akslen finn eg at som brukar på bruksnummer 1, Øvste-Aksla. Didrik Villumsen Emblem vart seinare brukar på bruksnummer 5, seinare kalla Ystebøen. Rasmus Anderson Ødegård var truleg drivar av bruksnummer 1, Utigar. Dette var velhaldne bruk, så det var ikkje fattiggutar legdene sendte av garde akkurat. Det kan verke som om dei anten var eller vart odelsøner, og ikkje nokon som var utan arverett eller bygselsrett. Til tider kunnen nemleg husmanssøner sendast i staden, om der var ufred og fare for krig. Vidare var det fire andre som hadde innrullert seg sjølve. Dette kan verke som mange på ein gong, men ein skal hugse at dette var kort tid etter at Danmark-Norge måtte bøye seg for svenskane og be om ein fredsavtale. Eg skal kome attende til desse fire lenger ned i teksten.
DEI IKKJE-STRIDANDE LEGDMATROSANE I MARINEN
Dei som har kode «GAP» var matrosar frå sjølegdene, og soleis innført i «Galleibogen». Det var med andre ord dei som emblemsbygdarane var pliktig å utstyre og sende av garde på øvingar eller eventuelt mobilisere til krig. I tidsrommet 1709-1719 var det to slike legdsmenn. Om dei nokon gong tenestegjorde i København, veit eg ikkje sikkert, men vil tru at dei vart sendt av garde. Emblem låg ved fjorden og nær kysten, så eg vil tru at dei kan ha vorte rekna som ei «kystlegd» som hovudsakleg skulle levere sjøfolk til den militære flåten. Dei to som eg har funne i dei militære rullane for Bergen stift er Olle Pers. Magerholm og Hans Flisnæs.
Olle vart registrert som «GAP079» med tilleggskoden «16SMO60 «. Det fulle namnet var Ole Pederson Magerholm. Han var 8 år gamal i 1701, ifølge 1701-tellinga, og dermed fødd i 1692. Ole kom frå bruk II på Magerholm, og var truleg den eldste i ein ungeflokk på minst åtte. Faren var Peder Olson Våtmyr frå Sykkylven, og døydde allereie i 1702, berre 35 år gamal. Mora var jordajenta Karen Clementzdotter Magerholm. (1653-1736). Foreldra hadde tatt over bygselskontrakta etter far til Karen, Clementz Jakobson Magerholm (f. ca. 1625) i 1691. Clementz har slektsband til bruk II på Magerholm i alle fall attende til dei første store oversiktene over brukara kom i 1603.Ole vart fødd to år etter den tid at foreldra tok over bruket. Broren Peder (1695-1717) drukna ved Flisneset. Eli (1698-1728) vart kanskje ikkje gift, og Isak (1698-1772) rydda seinare sin eigen plass, kalla Magerholmvika. Karen gifte seg på nytt som enke med tjue år yngre Knud Olson (1675-1758), men fekk ingen born saman. Knud fekk i staden dottera Eli (døypt 1729) med tenestejenta, og hadde sonen Ole (f.1704) frå før av. Knud gifte seg opp att som enkemann, og Olle fekk stesøskena Anne (1738-1744), Ole (1740-1785), som fekk ta over garden, medan Aleth (1743-1772) døydde ugift, 29 år gamal.
Men sjølv om Olle kunne reknast som odelsgut, så vart han ikkje brukar på Magerholm, og det vart truleg krevande å finne seg livsgrunnlag på andre måtar, når søskenflokken var stor, og fisket dårleg på den tida. Olle var heller ikkje så mykje eldre enn stefaren sin, og for ung til å ta over når faren døydde. Det kan forklare at odelskravet vart gamalt før garden vart ledig. Ole den yngste var 47 år yngre enn Olle. Det er rett og slett vanskeleg å vite kvar Olle vart av. Innrulleringa er siste sporet etter han.
Hans Hansen Flisnes hadde kodane «GAP098» og «16SMO59». I følge militærrullane døydde han 5. januar.1717 på «Trosvig Søelasarett». Eg vil tru at det er snakk om Trosvik i Glemmen Prestegjeld ved Fredrikstad. Der var det i alle fall framleis eit Lasarett i 1910. Hans kom frå Hansgarden, bruksnummer 1 på Flisneset. Faren var Hans Torstenson (f. ca. 1651), som gav bruket dette namnet på folkemunne. Han kom kanskje frå Kirkestein i Ørskog, og bygsla på Flisnes i 1690. Mora til Hans Hansen Flisnes døydde berre 44 år gamal i 1706. Soleis fekk han ei stemor som kom frå nabobruket Rasmusgarden på Flisneset. Bruka ligg framleis mest i eit klyngetun. Det verkar ikkje som om det var ringe kår i Hansgarden, for dei hadde ein litan hest ifølge arveskiftet. I 1701-manntalet var Hans Hansen rekna som fem år og dermed døypt i 1696. Stemmer årstalet i folketelljinga, var han 21 år då han døydde. Hans var eldst i ein ungeflokk på minst seks born, men alle levde nok ikkje opp. Den yngste broren, Ingebret (dp.1710-1777) tok over garden. Det skuldast nok at dei tre eldre brødrene var døydde på det tidspunktet i 1732. Lars (ca.1697-1705) døydde ni år gamal, medan Tosten (dp.1699) vart ikkje nemnd i arveskiftet etter mor si i 1707. Det tyder på at han ikkje levde lenger. Han hadde også to søstre. Giertrud (dp.1701-1764) gifta seg med Ludvig Pederson Dyngen i 1747. Dei vart gravlagde på Hundsvær. Synneved (dp.1704-1767) gifta seg med Ingebrigt Anderson Kobbervik. Dei busette seg som husmanssfolk i Ålesund. Dottera, Anne, vart seinare gift til Furholmen i Eikenosvågen.
DEI FRIVILLIG INNRULLERTE MATROSANE
Vervinga av matrosar til flåten frå Bergen vart leia av vervingsjef Kommandør Frantz Trojel og mønsterskrivar Espen Lund. Den kongelege forordninga av 16/10 1703 og 26.1.1704 om sjøinnrullering i Norge medførte at 1597 mann frå Bergen by, samt 266 mann på landet i Bergens stift verva seg. Desse skulle nyttast i flåten i «påkommende tilfelle» og oversikta skal vere komplett i millitærrullane som enno eksisterer, for Emblem sin del. Ingen av dei omskrivne nedanfor har rulleringskode KAP, og var difor neppe i Københamn ved krigsutbrotet i 1709. Det var marinegastar frå frå Bergen by som fekk oppleve det. Dei verva vart tekne ut til månadsteneste på den danske krigsflåten og forsyningskipa. Så lenge dei vart nytta som matros, slapp dei å sloss, men ein skal ikkje kimse av at dei trass alt var ombord i eit krigskip for det meste, og dei kunne både senkast eller hamne i kampar med andre krigskip.
Minst ti emblemsbygdara let seg verve. Av desse var det ni som var matrosar. Mange matrosar verva seg i 1704, og vart derfor dimmiterte før det kom til krigshandlingar. Dei verva seg 23. juni. I motsetning til legdsmatrosane var ingen av desse odelsøner eller registrerte som seinare bygselsmenn på Emblem. Dei fleste var tenara eller søner av husmenn. Nokre såg kanskje ei mogelegheit til å sleppe unna med kortare påkrevd vervingstid. Det var kanskje grunnen til at såpass mange som verva seg på ein gong? Ein skal ikkje legge for mykje vekt på "tenar", for det var ein vanleg måte å spare seg opp pengar til giftermål og gard ein seinare kunne bygsle/leige. Vi veit også at fisket var dårleg, og at tenestetida i militæret måtte vere i hamn før eit giftarmål. Kanskje var dette unge menn som var i ferd med å samle seg nok til å gifte seg, eller dei tenkte at det var like greit å fullføre militære krav, i mangel på anna arbeid? Den gong var det også forbod mot å vere tiltakslaus, så folketelljingane fram mot 1900-talet syner mange born som tente på heimgarden i mangel av anna tilbod, men motivet i dette tilfellet kjenner vi ikkje til. Eg har derfor samla litt fleire opplysningar om desse matrosane.
Matros «LA0176» Olle Olsen Østrem Borgund vart fødd ca.1687, og det er truleg den same Ole som ein finn i Steinsgarden, på Østrem. Han var sonen til Ole Anderson Østrem (1665-1733). Olle vart registrert på skipet "Havfruen" 9.9.1719. Det er usikkert korleis det gjekk med han. Ole hadde kun eit søsken, som ein har funne spor etter i kyrkjebøkene Det er Jens Olsson Østrem (f.1682?) som var innrullert matros 1704-1709.
«LA0177» Jens Olsen Emblem Borgund vart fødd i 1682. Eg kan ikkje finne fleire opplysningar om når han drog til København, eller kva skip han tenestegjorde på. Eg veit heller ikkje meir om han, men merkar meg noko anna interessant. Jens var nok sonen til Ole Ingebrigtson Emblem (ca.1646-1720) i Auregarden, for det er den einaste gardbrukaren på Emblems-gardane som kan høve. At eg ikkje veit meir om han behøver ikkje bety noko, for kjeldene frå den tida er få og dels uklare, men det er interessant at han ikkje tok over garden. Broren, Ingebrigt Olson Emblem (1675-1755) gjorde det, og han var også innrullert som matros i marinen i 1701. Jens vart innrullert 1704-1709. Han kan ha kome heim att. Eldstebroren, Knut Olsen Emblem, vart innrullert i 1701, og skulle ha vore ferdig i 1706. Om han ikkje kom heim att, så visste truleg ikkje Jens om det før han innrullerte seg. Yngstesonen, Ole (f.1688) let seg innrullere som soldat i staden for bonden, Jon i Emblemsvågen i 1704, samstundes med broren, Jens. Han kom heim att, men innrullerte seg i marinen i 1719. Det kan tyde på behov for ei løn å leve av. Foreldra til Jens døydde dessutan det året Jens skulle vere ferdig i marinen, og Ole truleg kom heim att. Kan dei ha hatt med seg noke smittsamt? Vanskeleg å vite kva som skjedde. Broren Ole Olsen Emblem, hadde innrulleringsnummer 0798 og koden LA0170. Han vart registrert på skipet «Havfruen» den 9. september i 1719 saman med Ole Ols. Østrem frå Steinsgarden på Østrem. Sjå meir om han lenger ned i teksten. I 1701-manntalet finn eg Ole Emblem som tenar, eller rettare sagt dreng, på nabobruket Steffågarden. Ut frå desse opplysningane kan ein kanskje hevde at auregardsfolket var som ein «militærfamilie» å rekne.
I den same 1701-tellinga finn eg ein ung Peder Pederson Emblem (ca.1675-1748), som var registrert som «Marin». Han er ikkje nemnd i militærullane frå Bergenhus, og var i teneste 1701. Han hadde fått bygselsetel i Ebbegarden, men var ikkje oppvaksen der, og kanskje ikkje i slekt med den forrige brukaren heller. Han hadde gifta seg oog tatt over bruket året før, i 1700, og denne fyrste kona hans , Anne Pedersdotter døydde hausten 1701. Det kan vera grunn til å tru at det kan ha vore i samband med anten svangerskap eller fødsel. Dei var også for nygifte å rekne. Peder trong derfor ikkje innrullere seg for å gifte seg, eller ta over ein gard. Det er også trist at han kanskje var vekke når Ane døydde, eller kunne han ha vore heime, og berre skulle halde seg klar? Noko kan tyde på det, for han rakk å gifte seg på nytt allereie i 1702 med Marithe Pedersdotter, så då var han neppe vekke i marinen. Peder far også svigerfar til den neste brukaren, Ebbe Knutsen Hovden (ca. 1705-1769), som truleg kom frå andre sida av fjorden i Hundeidvika.
Matros «LA0181» var Tideman Olsen Axelen Borgund. Han hadde også innrulleringsdatoen 23.06.1704. Tideman var fødd i 1683, og er registert under Bergen verving, men utan opplysningar om utskriving eller avgang. Tideman var sonen til Ole Anderson Akslen, som bygsla på bruksnummer 2, «Hølå» fram til garden i 1680-åra vart slege saman med bruksnummer 1 «Øvste-Aksla» i nokre år. Frå 1701-tellinga finn eg at tenaren, Peder Olsen Akslen (f. ca. 1651), på dette bruket hadde vore soldat tidlegare. Tidemnad fekk lønn for å stå i militærrullane, men kom truleg ikkje i kamp. I 1701 var han tenar på bruk 1 på Nedregotten, som seinare skulle delast i Steffågaren og Sirigarden. Han var då 19 år, og registrert som husmannson. DEt er mogeleg at han vart husmann på Østrem, og vert nemnd i 1725.
«LA0185» Biørn Olsen Flisholm Borgund vart fødd ca.1691, og levde til 1751. Dei videre opplysningar om tenestetida hans finst ikkje. Han var truleg med i starten av krigen, og kom heim att etterpå, for han tok over bruket. Bjørn var sonen til den første kjende brukaren på Flisholmen i nyare tid. Broren Christen Olsen Flisholm, med innrulleringsnummeret «GA000»var også registrert soldat under den Nordiske krig. Frå 1701-manntalet finn eg at dei var busett på Flisholmen. Faren, Ole, var då om lag 62 år og tønnemakar. Christen var ikkje heime på den tida, medan Bjørn var nemnd som yngst av tre registrerte gutar med sine 9 år. Det er truleg slik at alderen har vorte bytta om på brørne. Broren Ole, på linja ovanfor, var nemleg 19 år og det kan høve litt betre. Utfordringa er likevel at han i så fall har vorte dobbelført feil, for der finst også ein tenar med namnet Olle Olsen Flisholm på 19 år på Humla i 1701. Det er difor mogeleg at der var to brødre som heitte Bjørn og att fødselsdatoen i innrulleringa var korrekt sett til 1688 på den eldste Bjørn Olsen Flisholm. Han var i so fall 13 år i 1701 og 16 år då han verva seg. Den eldste i rekkja var nok uansett Lars på 24 år. I følge 1701-manntalet var også han innrullert i marinen det året. I tillegg var han dreng på Godøya. Eg veit ikkje kor det gjekk med Christen, men Bjørn var nok den same som Bygdeboka for Borgund nemner som neste husmann på Flisholmen. Han tok i så fall over i 1710, noko som kan passe godt, for Bjørn verva seg i 1704 og vart truleg dimmitert i 1709, slik forordninga var og som kongen hadde lova i 1703. Han gifta seg også med ei Ragnhild Jensdotter (ca.1679-1757). Det var ingen familie som tok over etter han på Flisholmen. Det kan verke som om gutane på Flisholmen var anten like flinke til å verve seg som gutane i Auregarden, eller like interessert i godene det resulterte i. Det er i alle fall ikkje sannsynleg at dei tok på seg dette for andre. For Bjørn var nok løfte om løn og fritak frå landvernet etter dei pålagde fem åra viktige argument. Han endte nok heller ikkje i krigshandlingar i 1709, for han kom heim att.
Lars Ifuersen Flisnæs Grytten, med registreringskode «LA0197», var den einaste av dei nemnde som verva seg 26. juni 1704, tre dagar seinare. Han vart fødd i 1680, og var i Marinen, men eg finn han ikkje att i 1701-tellinga i Borgund. Det kan tyde på at han hadde slekt på Flisneset, men der finst ingen Iver i Bygdeboka. Han var registrert frå Borgund i 1704, men eg har ikkje klart å finne meir om han enno. Eg lurer på om han kan vere frå ein annan gard utanfor Emblemsbygda. Det kan også forklare at han har ein annan vervingsdato, tre dagar seinare.
SOLDATANE I LANDVERNET
Det var desse som skulle i kamp for å sloss. Ein skal ikkje sjå vekk frå at fleire av matrosane måtte bøte med livet også. Det kan ha skjedd av andre grunnar enn akkurat krig.. Soldatane i landvernet var det ikkje så mange av. Truleg deltok derfor alle tre i kamp.
Anders Rasmusen Emblem(svåg) var innrullert som nummer 0800 med koden «LA0175», som stod for landvernet. Han fekk ingen god skjebne. Ein kan berre undre seg over kva følgende registrering i militærrullane for Bergen stift kan bety: «Kasseret 17.5.1718 Been istøcker slagen» Ein ting er i alle fall sikkert. Han vart kjend udyktig og sendt heim 17. mai 1718, etter å ha vore i kamp. Dette kan vere den same Anders Rasmussen Emblem som ein annan stad vart omskriven som «Quest på Fyen». Kan det bety at han vart kvesta på øya Fyn i Danmark? Det kan sjølvsagt ha andre tydingar også. Anders finst ikkje i manntalet på garden Emblem, men der er derimot ein Anders Rasmussen i Emblemsvåg i 1701 som kan høve. Han var sonen til Rasmus Emblemsvåg (f. ca.1641), og vart den første husmannen i Plassevågen. Plassen vart delt frå Antonesgarden like ved.
Jacob Rasmusen Emblemsvog (ca.1677-1754), storebror til Anders var visst også soldat frå 1704-1709, men han kom frå det, og gifta seg 1717 med enke og nabo i Antonesgarden, Randi Halvosdotter Emblemsvog. Han vart brukar der.
Dei hadde også brødrene Peder (f.ca.1685), som tente i Knutgarden i Emblemsvågen 1701, Knud (ca.1689-1743) som tok over plassen etter faren, Knud d.y. (f.ca.1694) som var tenar på Østrem i 1704, og Lars, som var fire år ved tellinga i 1701. I den same tellinga vert Anders registrert som tenar på bruk II på Nedregotten (seinare delt i Skaret og Guttormgarden), medan broren, Peder, tente på Emblem.
Soldat nummer 044, Olle Ifversen Hesseberg, vart verva den 28. oktober i 1709. Ole Døde 10. mars 1717 i Søen. Eg er usikker på om det betyr at han drukna, eller om han fall død overbord. Olle var med i det «Faste Sundmørske kompani», og kom frå Nerigard på Hesseberg. Han og var sonen til Iver Hesseberg, som bygdeboka nemner som brukar på Nerigard i 1650-åra uten at ein veit sikkert kor lenge. Broren Bertil Iverson Hesseberg (1635-1709) tok over bygselen på farsbruket, så det er mogeleg at Ole var ein god del yngre, sidan han var soldat. Olle kan neppe ha vore meir enn 30 år når han vart innrullert i 1709, kanskje yngre enn det også. Det er kanskje også årsaka til åt han lot seg verve, sidan han ikkje hadde nokon odel. Når Bertil døde, nettopp i Ole sitt vervingsår, var det nevøen Engebret (d.y.) som tok over garden. Den normale vervingstida var stort sett 5 år, men Ole var framleis soldat når han døydde i 1717. Det talar også for at han kan ha vorte fødd seint på 1680-talet, men det finst desverre ingen opplysningar om kvar han tenestegjorde, eller kvar han døydde. Ole var foresten onkel til Engebregt Bertelson Hesseberg, frå den samme garden, som også verva seg som soldat. Han skal eg kome attende til i neste avsnitt. Det er mogeleg at Ole var legdmann òg. Hesseberg var på denne tida ikkje del av Emblemsbygda, og han var truleg del av «Valle landlegd», som hovudsakleg leverte soldatar, i motsetning til Emblemsbygda. Ein finn også fleire eksempel på at gutar herifrå tok seg betalt for å stille i soldattjeneste på vegne av gardfolket på mellom anna Gudmundset litt lenger austover mot Glomset.
Engebregt Bertelsen Hesseberg var innrullert med nummer «022», og let seg verve som soldat 17. mai 1710, eit år etter onkelen, Ole Iversen Hesseberg, som vart omtala i avsnittet over. Det einaste ein veit om krigsdeltakinga er at han vart registrert i Christiania den 15. september 1717. Det kan tyde på at han var stasjonert der på den tida. Kanskje tenestegjorde han på Akershus festning? Det var nok behov for auka bemanning, med tanke på den svenske beleiringa året i forvegen. Engebregt hadde minst seks søsken, og hadde mista faren sin året i forvegen. Han hadde to eldre brødre, men det var yngstebroren, Engebret ((d.y.) f. ca.1685), som fekk ta over bruket. Av dei tre søstrene gifta Tyri (ca.1663-1713) seg med Erich Larsen på Skar, Skodje, i 1710. Søstra Anne (ca. 1683) og søstera Ely (ca.1685) var nemnd som ugifte ved arveskiftet etter broren Iver i 1720. Det er mogeleg at dei vart gifte dei òg, men det kan ikkje ha vore så store medgifta mora kunne bidra med, og brukarane på garden fekk heller kort tid som brukarar på denne tida. I likheit med onkelen, verva Engebret seg på eit tidspunkt der Danmark-Norge hadde vorte med i krigen, så det kan ikkje ha vore like freistande. Det er meir truleg at dei ikkje hadde så mange andre val. Kanskje vart dei utskrivne, men sidan dei var med i det «Faste Sundmørske Kompani», kan det tyde på at dei sjølve valde å la seg verve til militærtenesta. I så fall kan det ha vore av økonomiske årsaker.
Heilt til slutt vil eg nemne Endre Jetmundsen Østremsreit (f. ca. 1645). Han Dreiv gardsbruket Reiten, og hadde også militær bakgrunn. Han var innrullert som korporal, og hadde «verit Soldat» ifølge manntalet i 1701. Kanskje hadde han ei rolle i arbeidet med å få fleire til å verve seg etter at han kom heim og tok over farsgarden kring 1690?. Det finst i alle fall liknande døme på at offiserar av lavare grad fekk slike oppdrag. Han hadde ingen andre militære oppdrag etter 1709.
SLUTTNING
Det var altså ikkje berre vansklegstilte husmansøner som verva seg, eller stilte som legdsoldatar frå Emblemsbygda. Kanskje fordi der ikkje fantest så mange av dei. Ved berre eit høve finn ein for sikkert at nokon tok på seg plikta for andre. Det var nemleg mogeleg den gongen å kjøpe seg fri, men helst i krigstid. Det var også mange ungdommar på gardane på den tida, men heller få av dei verva seg eller deltok i den Store Nordiske krig frå 1709. Ein kan dermed sjå eit slags skille, der mange stort sett verva seg når det var fredlegare, og dei fekk ekstra fordelar eller pengar, uten at Danmark-Norge var i direkte krig. To av landsoldatane som deltok i krigen gjekk det ille med, medan det kanskje gjekk litt betre med matrosane? Den eine matrosen på sjukehus var det ikkje hald for å påstå at han faktisk kom frå Emblemsbygda. Det er vanskeleg å finne ut kvar dei vart av etter 1709. Historikar Atle Døssland skriv i Fylkeshistoria for Møre og Romsdal at dei færraste som verva seg til marina, og drog til København, kom attende til heimbygda. Det kan også ha vore fordi nokre hadde fått smaken på den store verda og sjømannslivet. Fem eller ni år heimanfrå var også sopass lenge, at fleire kan ha gifta seg andre stadar enn i heimbygda. Kanskje var det også nokon av dei ovanfornemnde som verva seg i den nederlandske handelsflåten etterpå. Den store Nordiske krig påverka ikkje folketalet på Emblem nemneverdig, men så rett ufarleg var det nok ikkje.
KJELDER:
1910-tellinga for Glemmen herred: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036355010591
Døssland, Atle: «Med lengt mor havet: 1671-1835, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal», Samlaget Oslo 1990
http://no.wikipedia.org/wiki/Beleiringen_av_Akershus_festning
Manntalet 1705 for Sunnmøre: http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/mt1701_Sunnmore.htm
Norske Inteligenzseddler 24.2.1779
Rabbevåg, Egil og Østrem, Svein Ove Dale: "Bygdebok for Emblemsbygda" Innaumnesingen Forlag 2019.
Sogner, Sølvi: «Krig og fred: 1660-1780» Aschehoug, Oslo 1996
Østrem, Svein Ove: Arbeidsutkast til oppdatert bygdebok for Emblemsbygda, Molde 2014
www.digitalarkivet.arkivverket.no
Øverbø, Egil: «I kongens teneste: militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709-1719» Riksantikvaren 1996
Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske Band II, Gardsoge 1-51», Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961