Gå til hovedinnhold

KVERNHUSA I EMBLEMSBYGDA

 

NB! Teksten er under arbeid og ikkje klar enda

 

Kvernhus var viktig på ein gard i gamle dagar. Her mol ein kornet til mjøl, og frå gamle folketeljingar kan ein finne at mest alle gardane hadde korn. I historisk samanheng er nemleg poteta noko nytt i bygda, frå slutten av 1700-talet, når prestane byrja å dele ut settepotet i kyrkja.

 

I denne teksten skal vi sjå litt nærmare på kor mange kvernhus der kan ha vore i bygda, og kva som finst att av minne frå eit bygg som var særs viktig før første verdskrigen, men som stort sett kom vekk og råtna ned fram mot 1950-åra. Utfordringa er at der er få opplysningar om dei. Ein må som regel attende til opplysningar frå 1700-talet og tidleg 1800-talet i skriftlege kjelder. Då vart slikt registrert. Seinare var det gjerne i skifteopgjer og salg  eller leige av gardane slike opplysningar dukkar opp. Denne teksten blir dermed delt i to. Først skal vi få eit livsminne frå garden Høla i mellomkrigstida. Så skal vi sjå litt nærmare på kvar enkelt matrikkelgard frå Hesseberg til grensa mot Blindheim.

 

Livsminne frå Høla

"20. september var det saueskiljedag, då skulle sauene heim. Det var spanande å sjå om alt kom heim. Sume år kunne alt kome, men oftast var noko borte. Det var ein av dei store dagane i året då sauene kom, mykje større og feitare enn då dei for. - Storsauen - Lillesauen- Flekken - Rompeløysa.

 

Når alt var i hus, var det å tenke på truskinga. Truskardagen var også ein av dei store dagane for borna. Då skjedde det så myke, det hende me fekk vere heime frå skolen den dagen for å hjelpe til med halmen, som det heitte. Me var tre gardar som gjekk saman om bytearbeid. Skaret, Guttormgarden og oss. Fyrst var det å få truskegreierne på plass. Truskemaskina og ristaren på låven og motoren på trappa. Når alt var klart var det å samle folket. Då var det spanande å sjå om alt gjekk som det skulle. Arbeidet var delt slik: Ein gav maskina - to løyste opp banda, ein la fram - ein raka drøsen under ristaren og lempa i halmstrået, der ein drøss av ungar tok undan. Ein passa motoren ute - med olje og vatn. Dette kunne ta ein dag den fyrste tid eg hugsar. Seinare vart det mindre korn og mindre tid. Når ein var ferdig på

 

ein plass, var det å rigge opp på ny. Når truskinga var over, var det å dryfte kornet. Det vil seia å skilje kornet frå agnene. Då brukte me dryftemaskina som står på låven i dag. Ho bles agnene bort, men der vil kome nokre halmstubbar i kornet og det måtte me borna ligge på kne og ta bort. Kornet vart fylt i sekker og det skulle så seinare turkast og malast. Turkinga gjekk for seg i ei stor gryte i kjellaren der far kunne sitja i dagesvis og turka korn. Der måtte jamn fyring og ustanseleg skuffing i kornet.

 

Når kornet var turka, sto malinga for tur. Det var då å fylle kornet i sekkar att og bera det på kverna. Far leigde kvern av Reiten. Det var eit lite hus som sto i elva opp om ”Skjerva”. (omtrent der gamlevegen opp Grønevollen startar i dag red. anm.) Kverna var driven av ein kall som gjekk opp til ein stein som gjekk rundt og ”nika” - skrapa mot ein fast understein. Det var fælt til bråk i kvernhuset, der far dreiv med maling natt og dag. nå er kvernane i elva borte. I den seinare tid mol me kornet på mylner i Sykkylven eller Mauseidvåg. Byggmjølet vart som regel brukt til graut, havremjølet gjekk til supper og flatbrød.

 

Når mjølet var ferdig, sto bakinga fyre. Då var det å rigga opp bakste- bordet i kjellaren. Me leigde då oftast to bakarar, Myre-Gurine og Stige- Oline. Far elta deigen i ei stor gryte og la ho på bordenden. Der vart ho delt opp i emner og utbaka til leivar. Baksthella var nå komen på plass i grua
og det var sikkert ein av fars beste dagar, når han sat ved grua og steikte flatbrød. Det kunne bli baka 7-800 leivar som vart stabla på loftet. Flatbrød som far skulle ha med i fiska vart samanlagt etter eit eige system. Flatbrødet vart brukt utover heile året, helst til betar ved middagen, men også til Sôpe, det var flatbrød bløytt i surmjølk mest som ein graut. Det var ofte brukt til formiddagsmat på utearbeid, bringa på slåtteteigen i spann og det kunne smaka godt.

 

Ein annan ting om hausten var slakting. Sauene vart fyrst klipte. Slakting vart gjort heime, det var far og bestefar som sto for det, men me var ikkje store før me laut vere med å halde. Det kunne vere 7-8 skrottar hengande i kjellaren. Kjøtet vart for det meste til spekekjøt. Til jol hadde me jolegrisen
å slakte, og då måtte me få hjelp av Reite-Ivar for å stikke den. Det å nytte ut slaktet var ein stor kunst, det gjaldt å få mest mogleg mat av det, det var ikkje så lett å gå på buda og få tak i pølser og kjøtdeig den tida. - Blodet vart teke vel vare på til blodpølse, og ein stor del av innmaten vart dels kokt og ukokt male til môr. Skinna vart selde til skomakaren, som og var skinnhandlar. Når no alt var kome i hus, trur eg dei gamle var på ein måte trygge. dei hadde mat i hus, og etter ein strevsam haust kom jola."

(utdrag frå Mauritz Akslen sin tekst om gardsdrifta)

 

Vi skal no sjå litt på opplysningar om kvernene frå eldre kjelder. Mange av opplysningane er henta frå Bygdeboka i 1961 og 2019:

 

Hesseberg

Gardane har hatt kvar si kvern i elva nedanfor Nerigar, og der var vasskraft til å drive treskemaskinene også. Det har vore gode markar for korn på Hesseberg. Det kan også ha vore årsak til at ein valde å rydde gard såpass langt frå dei andre gardane i området. Korndyrkinga tok slutt etter den andre verdskrigen. Frå eldre tid er følgande nemnd om korndyrkinga:

1723: Brennved og litt småfuruskog «til gaardens fornødenhed» Ei lita kvern. «Noget tungdvindt til høe, men temmelig viss til korn».

1803: Garden har skog til «huus fornødenhed», har sommarbeite for krøttera i utmarka og på setra, og har årviss kornavling.

Der var også sagbruk like ved kverna, så tilgongen på vatna må ha vore rimeleg god hausten og i flaumtida.

 

Magerholm

Nøyaktig kor kverna kan ha stått på Magerholm er eg usikker på, men elva Eiteråna mot grensa til Hesseberg var del av hovudbruket, og husmannsplassen i Magerholmdalen hadde også kvernhus, så eg vil rekne med at den låg omtrent på samme plassen. Nederst mot sjøen er det bratt og gjøl, så dei hadde den nok høgare oppe, kanskje litt ovanfor tunet? 

I  1723 var der brenneved og tilstrekkeleg skog. Ei lita kvern. Garden låg høgt,  og er nemnd som «tungt til hø, ringe til korn». Likevel fortsette ein å dyrke korn på Magerholmgardane. Karoline Ødegård minnes frå barndommen i Magerholmdalen at ho hjalp til med å hauste kornet på flata nedanfor hovudgarden mot sjøen. Det er omtrent der vegkrysset ved dagens fergekai møter hovudvegen. Der var det ein  rimeleg god kornåker kring 1900, før den første fergekaia med oppstillingsplassar vart bygd omtrent på samme staden. Der er også nemnd noko om eit større vasshjul som vart bygd på garden, men vinden tok tak i den og den knuste på veg ned bakkane. Eg undrar meg over korleis eit såpass stort vasshjul skulle nyttast. Det var ikkje enkelt å komme seg mot Eiteråna før dagens tømmerveg.

 

Magerholmdalen

Den første plassebrukaren, "Kol-Knut" kom dit kring 1830. Det var kanskje i hans tid at kverna vart sett opp. Kåre Magerholm huska i alle fall frå 1920-talet at kvensteinane mol dårleg. Han budde hos besteforeldra i fire år, frå 1922. Dermed kom det med aks i mjølet til byggrauten. Det var ikkje så godt å svelge, men som bestefaren i Magerholmdalen sa, så hadde ingen tatt skade av grauten der i dalen.

 

Akslen

Ein finn ikkje så mange opplysningar om kvernene, men korn hadde dei. Gardane rett nedanfor Akslanakken var likevel ikkje dei beste til korn. Dei låg dels i solskugge, og med guldegufs frå Sirielva. Det er kanskje derfor tuna låg samla såpass høgt på enden av Akslanakken tidlegare? Det er omtrent der Øvste-Aksla ligg framleis i dag. Seinare vart Høla flytta nedanfor dette høgdedraget. Der er ingen opplysning om dei nytta Sirielva til kvernene, eller om dei heller samla den slags i Storelva ovanfor Østrem Vegen dit var ikkje så lang. Ein skal også hugse at Sirielva var delt i to lenge. Ei elv rann ned mot tunet og stabburet i Abrahamsgarden, før den rann saman med resten av elva nedanfor tunet til Reiten ved Steinsgarden, Den var stor nok til at ein kunne fiske der. Kanskje var dagens trassé fro Sirielva ovanfor Reiten laga med handemakt? Der er i alle fall ein sagdam øverst i Bakkane ovanfor Reiten. Den var i bruk fram til saga på Reiten vart motorisert. Sirielva renn også rimeleg flatt ved Aksla, så kvernhusa kan ha stått der dei siste kvernhusa til Aksla stod oppi   Storelva  mot Skjerva og vegkrysset på fjellvegen der  resten av den gamle traktorvegen opp Grønevollen startar i vår tid. Østremsgardane hadde sine kverner litt lenger nede i Storelva. Det vert fortalt at  Steinsgarden hadde ein vasskall i  Sirielva til å drive truskemaskina si via reimdrift gjennom løveggen. Det vert fortalt Alfred Østrem frå Abrahamsgarden, og nokre andre gutefantar, monterte ein staur på tvers av dette bandet ein gong gardsfolket i Steingarden hadde pause. Reimane gjekk gjennom små hol i løveggen opp på låven, der truskeverket stod. Gardsfolket kunne derfor ikkje sjå fantestreken før stauren small i veggen og kipte dugnadsgjengen.

 

Frå kjeldene finn ein følgande opplysningar om kornavlingane på Aksla: I 1723 er gardane nemnd som noko tungdreven og uviss til korn. Ved til brensel og litt anna småskog fanst til gardens eige bruk, men dei hadde for høg skuld, og betalte dermed for mykje i skattar og leige til eigarane. Verre skulle det bli, for i 1830 måtte ein av eigarane gje seg, og heller etablere seg som husmann i Magerholmdalen, der han allereie var nødd til å leige ut arbeidskrafta si til tømmerdrift for eigaren på Magerholm, i eit håp om å få endane til å møtast. I 1803 vart det også meir krevande å drive gard på Aksla.  Tunet til Øvste-Aksla låg i fjellskugge, og var stadig utsett for grønår, men hadde likevel betre kornavl enn Reiten, som hadde Stornakken og Akslanakken som skugge for markane. Akslagardane hadde derimot litt furuskog for sal og ved. Der var også rikeleg med beitemark.

 

Reiten

Både Aksla og Reiten hadde kvern i Østremselva. Reiten hadde si i drift lengst. Den låg i heimeutmarka ved Storelva og Skjerva, om lag der fjellvegen frå Reiten og Aksla møter fjellvegen frå Østrem. Brukarane i Høla leigde ei tid Reitekverna til å male kornet sitt der. Gardane samarbeidde om mykje, og "Reite-Ivar" var både høvedsmann på storbåten og slaktar på nabogardane.

 

Østrem

Frå kjeldene finn ein nokre svar på kor mange kverner som gardane hadde. I

1714 var det heile fire kverner. Østrem var nyleg delt opp på fire bruk, ved at Abrahamsgarden vart delt i to, og Steinsgarden vart den nye frådelte garden i 1712. Ein kan undre seg over om Steinsgarden eigentleg er gamletunet til Abrahamsgarden, for den ligg nær resten av husa til dei eldste østremstuna. I 1723 har Østremsbruka nok brensel, men kun tre små kvernhus ni år etter første registreringa. Gardane var årvisse til korn, men tungdreven til høy, og noko anna har også skjedd før 1803, for då er der ingen skog med eitt. Kun einekratt, torv og lyng til brensel. Lita var dyrka opp for det vert fortalt at gardane hadde tarveleg beite. Då er det i alle fall bra at gardane var årviss til korn, for slik var det ikkje alle stadar etter den litle istida sette inn frå 1700-talet. Frå 1850-talet var mykje av rovdyra tatt ut, slik at gardane kunne nytte stadig meir av fjellet til eit aukande tal beitedyr, og særleg småfe. 

 

Det er usikkert om Østrem nytta saga på Aksla, og om den kanskje stod i Storelva, i staden for Sirielva, men den seinare Reitesaga fekk i alle fall nok flaumvatn via Sirielva ei tid seinare.  Eit nyare kvernhus vart bygd av Mattisgarden rett ovanfor steinbrua over Storelva vest for Østrem. Dei hadde også vassgrøft mot tunet med vasskall til reimdrift, og seinare bygde Mathias Østrem seg småkraftverk med eikerør der før første verdskrigen. Det er fortalt at Fredrik Østrem nytta  kverna i Storelva, så det kan vere at den var i drift etter andre verdskrigen, når han kom heim og dreiv garden nokre år.

 

Der er ei artig historie om det. Ein gong Hans Austrem i Larsgarden skulle "Ut i Marka", som dei sa på Østrem når ein skulle til markane og beita sine vest for Storelva, vegen heiter også "Markavegen" mot dei seinare tilskota av småbruk i den gamle heimeutmarka mot dagens skule ved Ebbemyra.

Det var nok i skumringa han la i veg med øksa i handa, og like før brua vart han med eitt var eit likbleikt skrømt som kom imot han. Hans vart forferda, gøymde seg ved sidan av vegen med øksa klar til hogg. Men så synte det seg at det var Fredrik Østrem, drivkvit av mjølet som kom imot, og det enda bra.

 

Nedregotten 

Dei skriftlege arkiva fortel ikkje så veldig mykje om denne matrikkelgarden. 

Den er opphaveleg del av Østrem, og sjøstykket hadde tidlegare ei rekke strandsittarstover med husmenn utan jord. Dei hadde med andre ord sjøen som nesten einaste leveveg. Den mest kjende i ettertida er Marte Knutsdotter Akslen (d. 1755-1813), som først dreiv Øvste-Aksla frå 1782 til 1795, men noko må ha skjedd. Dei ga frå seg bygselsretten. Kanskje var det presten som gardeigar som hadde krevd for mykje i ei vanskeleg tid? Det er litt usikkert kvar ho busette seg. Nokon har nemnd staden der Larsen-familien etablerte småbruket Birkely, og familien fekk seg hustomter. Andre har nemnd ein stad nærare østremsnausta, der Kvangarsnes bygde seg hus seinare. Utanfor Østremsnausta finn ein i alle fall fiskeplassen "Martasetet".  Frå 1714 er der opplysningar om ei kvern, og eit laksevarp som tidlegare tilhøyrde Østrem ved Kleberhammaren. Ein veit ikkje eksakt kva gard som hadde kverna, men mykje tydar på at det var brukaren Størcher Larsen (ca. 1702-1752) frå Ørskog. Han dreiv halvparten av det opphavelege bruk I, "Sirigarden", som er nedlagt og oppdelt no. Han delte sel med den andre frådelte garden frå bruk I, "Steffagaren". Ved arveskiftet vart det nemnd at han sette opp kvern sjølv. Norke år seinare, i 1723 var det framleis kun ei lita kvern til eige bruk på Nedregotten. Bruka hadde tilstrekkeleg brensel  lite laksevarp "av ingen verdi". Kornavlen var årviss, men garden vart rekna som tungdriven til høy. Den skulde også vere for lavt skyldsett. I 1803 er følgande registrert: Ingen skog, men kratt, lyng og torv til brensel. Rikeleg beite, årviss kornavl, eit lite «ubetydelig» laksevarp. Dei to gardane vart tidvis også dreve som eit samla bruk i periodar, så der var kanskje ikkje grunnlag for å investere meir. Ein god del av Nedregotten bestod også av torv og myr på den tida. I 1866 var det utpanting i Sirigarden for å dekke gjelda. Då er eit halvt sel og eit halvt stabbur nemnd, men ingen kvern lenger.

 

Bruk II vart etter kvart delt i Guttormgarden og Skaret. det vert opplyst at Arne Ellingson Åkernes (dp.1759-1798) gjorde det bra når han kom til Skaret. Broren budde på Magerholm, og søstera på andre halvdelen av bruk II på Nedregotten, Guttormgarden. Det vert fortalt at han sette opp eiga kvern før han døydde i 1789. Kring 1900 er det nemnd to kverner frå Nedregotten. Begge er frå dei to gardane Skaret og Guttormgarden. Skaret hadde til sist kverna si rett ovanfor tunet til Mattisgarden på Østrem. Dei grov ut ei grøft på skrå frå Storelva, før den svingar mot fjorden. Grøfta kjem inn att i Storelva ovanfor steinbrua til Østrem. Guttormgarden hadde truleg kvernhuset sitt oppe ved Reiten og Høla vest for Skjerva. (sjå bilda til denne teksten). Kverna til Skaret vert ikkje nemnd i kjeldene seinare.

 

Emblem

Matrikkelgarden var opphaveleg seks gardar i eit klyngetun der gamlehuset i Steffågarden ligg nær Auregarden i vår tid. Huset stod der før utskiftingane i 1840-åra også, men er no bygd på. Frå skriftlege kjelder finn ein i 1714 fem kverner, og i 1723 var der seks  "små bekkekverner", et lite laksevarp. «Ligger noget op fra søen», tungvurden og kummerlig til korn.», men tilstrekkeleg brensel i alle fall. I 1803 hadde det endra seg også: Kratt og torv til brensel, tarveleg sommarbeite, temmeleg årviss til korn. Under garden eit lite laksevarp. Dei fleste kvernene stod vel kanskje i elva som kjem ned innanfor Røssevollen og Negarden, ofte kalla Røssevollelva, men

Hatlebakken hadde kverna si nedanfor Trollfossen, før Storelva renn ut i Kriken ved Emblemsanden. Dei tok også imot korn frå dei andre brukarane i bygda ei tid etter at dei andre var lagt ned. Gardane hadde lenge vassdrevne treskemaskiner og grøfter frå elva, for å drive vasskallane. I 1910 vart vasskrafta erstatta med motordrift. Dei fleste kvernene vart nedlagde kring 1920, medan korndyrkinga heldt fram om lag 20 år til. Dei siste åra måtte ein ut av bygda for å få male kornet sitt, og det vart alt for tungvint. Karl O. Emblem i Steffågarden skreiv at dei mol i Mauseidvågen under krigen, men nytta også ei mølle i Sykkylven. Under andre verdskrigen var drivaren av mølla i Mauseidvågen god å ha. Tyske okkupasjonsmakter ville ha kontroll med mengda mjøl for å vite kva dei skulle kreve inn til Wermacht etterpå. Drivaren laga derfor dobbelt rekneskap, for at gardane skulle få behalde mest mogeleg sjølve. Slikt gjorde ein ikkje ustraffa, om det vart oppdaga. Det heldt på å gå gale når nokon klaga på feil oppveging av kornet.

 

Gardane vart gradvis mindre sjølvberga utover 1900-talet, og etter den andre verdskrigen vart også løna arbeid, for mellom anna Borgund kommune, ei stadig viktigare inntekt for gardbrukarane på Emblem. Fram mot vår tid vart også desse jobbane meir spesialiserte. I dag finst der ingen bonde att i bygda som driv garden på fulltid. Det er også interessant å merke seg at der er eit anna tilsig som var utnytta frå omtrent 1895. Brukarane bygde seg oppsamlingsdam for flaumvatnet ovanfor Skillingen. Den fekk namnet "Meieridammen". Det er ikkje utenkjeleg at det  kan ha vore ei damløysing til for eksempel sag tidlegare enn det, men det veit ein ikkje sikkert. Gardane kunne også demme opp vatna på fjellet. Meieridammen vart fylt igjen av Ebbe-Eljas etter 1906.

 

Røssevollen 

Garden hadde eigne kverner i elva, aust for garden, som vart nytta fram mot 1940. Vasskrafta vart òg nytta til treskinga. Det har nok ikkje vore like lett å klare seg der oppe, og svolt var ikkje noko ukjend fenomen til tider. Sjølv på byrjinga av 1900-talet var det vanleg å sende matkorger opp til plassefolk på Røssevollen. Der er opplysningar om ei kvern i 1714, og to små kverner i 1723. Det året står der følgande: Steinete og tungdriven, «noget uvis til korn.» Garden har ikkje seter. Skylda bør settast ned. i 1803 vart det rapportert "grønår", der kornet ikkje modna. Kvennhusa stod i elva aust for tunet, og omtrent på same plassen kan også oppgangsaga ein gong ha stått.

 

Utmarka til Røssevollen har vore sams med dei øvrige emblemsgardane før utmarka vart utskifta i 1890-åra. Garden har hatt si eiga flaumsag tidleg på 1600-talet. Den skatta for 10-12 tylfter bord. Ei tylft er ei gamal mengdeeinig som tilsvarar 12 einingar. Eg er ikkje så sikker på kor stor del av den totale tømmermengda dei beskatta på den tida, men 12 tylfter kan svare til om lag 144 tømmerstokkar for året, medan det reelle uttaket av skog må ha vore høgare, for allereie i 1667 er det berre vedaskogen attende. Flaumsaga tilhøyrde Tykjegarden, og  kan ha stått ved elva i nærleiken av kvernene, og kanskje nær småfossen like innanfor tuna?  Røssevollen og Emblem har alltid hatt rett til å demme opp Skjellbruvatnet, Strokevatnet og Høgstølvatnet (kalla ”Aust- stølvatnet” i dag). Denne retten gjaldt tresking, vasshjulsdrift, kvenndrift og sagbruk. Storskogen på Røssevollen vart nok også uthogd ein gong på 16- og 1700-talet. Brenselet vart derfor mest torv. Matrikkelgarden hadde torvmyrane sine vest for tunet og nord for Hynakken. Med utbygging av vassforsyningsanlegget til Ålesund vassverk forsvann spora etter dei eldre oppdemmingsanlegga.

 

Den eine kverna er nemnd i arveskifte etter Lars Gregoriuson Røssevold (dp-1721-1770) i Hansgarden. Dei avla to tønner bygg, 11 tønner havre, fire tønner blandkorn og 12 tønner potet i Hansgarden i 1842. Då var det den mykje omtala Timann som dreiv bruket. I Tykjegarden vert det også nemnd ei kvern i eit arveskifte i 1705. Den var sjølveigd i 1738 Om lag samstundes vart brukaren der, Ananias Tygesen Røssevoll (dp.1784-1842) sjølveigar. Den er også nemnd i kårkontrakta til sonen hans i 1866. Det tredje større bruket. Pe-garden er ikkje nemnd med eiga kvern.

 

Emblemsvågen

Her finn ein følgande opplysning om kvern frå 1723: Tilstrekkeleg brenneved. Ei lita bekkekvern. Lettdriven og viss til korn. Garden hadde også eit oppdemt stykke like vad staden der fabrikken Spilka ligg ovanfor hovudvegen i dag. Der kunne dei kontrollere flaumvatnet. Der låg også ei tjønn som heiter "Brennå" der vegkrysset ned mot Emblemsvågen ligg i dag. Småelva nedover langs husmannsplassen Ludvikdalen er ikkje stor i dag, men den fungerte kanskje som ei renne, slik Sirielva mellom Reiten og Abrahamsgarden/Steinsgarden, for der var det både flaumsag og fossekallar til reimdrift av trøskemaskina frå gamalt av.

 

Det kan verke som om brukarane i Emblemsvågen auka kjøtproduksjonen om lag på den same tidspunkta som brukarane elles i bygda, tidleg på 1800-talet. Det kan skuldast dårlegare periodar for korndyrkinga, der dei var meir utsette for grønår, medan talet minka når det var gode år med fiske, eller varmare periodar, der kornavlinga var betre ei tid. Der er nemnd om brukaren i Knutgarden, Knud Knudson (dp.1779-1866) frå Korsnes at 1825 var eit krevande år i Emblemsvågen. Såkornet på fire tønner måtte også nyttast til mat for å halde svolten unna. Samtidig svikta fisket. Då var gode råd dyre.... I 1868 var det nye brukara og langt betre tider på samme bruket. Dei hadde då ei avling på fire tønner bygg, 23 tønner med havre, og 28 tønner med potet. Det var like før Lars Emblemsvåg (1872-1923) vart fødd

Der finst ingen opplysningar om kva bruk som hadde kverna. Eg vil tru at den tilhøyrde enten Knutgarden eller Antonesgarden.

 

Eikenosa

 

1714: Brennfang og kvern. «Udi gaarden ligger øde 2 pd. 18 mark, som ingen eier vil kjende sig til, altsaa hører de til kongen. Taxeres for 1 pd. Kan beboes av 1 mand og saaes 1 1/2 tønde, avles 3 tønder. Kan føde 2 nød.»

1723: Tilstrekkeleg ved. Ligg 1/2 fjerdingsveg frå sjøen, er tungdriven og «meget uvis til korn». Forslag til avtak på skatteskylda: 1 våg pd. 6 mrk. (forslaget vart ikkje godkjend). Kongens part 2 pd. 6 mrk. var på eit særskild bruk som no har lagt overgrodd og øyde under fefot i 30 års tid. Husa er heilt borte, og jorda overgrodd av lyng og kratt, der er ikkje von om å få parten oppbygd og folkesett att.

1803: Kratt og eine til brensel. Beitet dårleg. «Dette høit til fields liggende jordebrug har foruden mislig kornavl en ualmindelig høi jordskyld.»

 

Eikenosvågen

Olevågen var ein av få gardar i den vestlege delen av bygda som var «velsigna» med eige fossefall. Det vart utnytta. Frå vågen går eit dalføre mot nordøst over ei relativt stor myr. I vestenden vart det bygd demning for samling av vatn. Der vart også bygd provisorisk kanal langs «Jeldalsvegen» til vegskillet mot Torevågen, og ei trerenne på 30-40 meter mot sørvest, som enda i ei stuprenne mot kvernkallen. Med dette fekk ein eit fall på 5-10 meter sikra med stålspjeld. Ein kunne framleis sjå restar av kverna, kvernkallen og renna på 1930-talet.

 

Hatleholen

Ved Ålesund Folkehøgskule, På Hatlehol Ytre, finn ein fleire interessante stadnamn. Der ligg “Løypevegen”, Årehaugen, Dammen og Kvernhus- dalen. Det er helst dei to første som ber bod om tømmerdrift eller veda- skog, men der er få livsminne om skogsdrift utanom brennfang til eige bruk. Årehaugen kan soleis ha vore veamark.

 

Eikenosøygarden

 

Kvernhusdalen, nedanfor dagens Hatlehol kyrkjegard. Mellom Hatlehol Kyrkjegard og Kvernhusdalen er der eit fossefall på 5-10 meter. Der hadde Utigard og Bjørkavollen felles kvern. Den var i bruk til 1929, og inntakt til begynnelsen av 1930-talet. Knut Ødegård minnest at han gjekk dit med mat til bestefaren, Johan Ødegaard, det siste året. Knut var då 6 år gamal. Johan samarbeidde då med  Utigard-Jens, og dei var heilt kvite av mjøl. Der har vore kvernhus nærmare gardstuna, der Puskelva og Nordalselva møtest, før Jens og Ole bygde seg tømmersag i 1910. To kvennhus er også nemnd på garden i 1723. Då var kornavlinga årviss, sjølv om gardane var tungdrivne. Den seinare saga vart eit poulært tilbod for mange i Emblemsbygda. 1233 Ole Ødegård, frå Framigard, fekk også bygge verkstaden sin der i 1912 for å utnytte vasskrafta, men i periodar med lite regn vart det ikkje nok kraft til å drive maskinene i snikkarverkstaden.

 

Brukarane har stort sett hatt nok skog til eige bruk. Dei leverte også trevare frå eiga sag frå tidleg på 1900-talet. Saman med naboen Jens Ødegård på Utigard, sette Ole Ødegård frå Framigard opp tømmersag med vasshjul i 1910. Det var der kvernhusa stod tidlegare. Ole starta også det som kan ha vore den første snikkarverkstaden i Borgund 1912, og karosseriverkstad nokre år seinare. Begge bedriftene starta opp vegg i vegg med saga. Karosseriverkstaden bygde nokre av dei flottaste bussane i distriktet, ofte på eigne teikningar med bøyd glas opp mot himlinga, sokalla "solskinnsbussar". Så om kornavlingane tok slutt i Puskhola, så fann dei nye måtar å utnytte vatnet på, men det skulle snart verte for lite kraft.

 

Knut Ødegård fortalde i ein tekst om saga og verkstaden at det var snakk om ei sirkelsag med eit heller stort vasshjul. Vasskallen ein nytta til kvenna, vart for liten. Begge brukarane hadde vasshjul nedanfor løene sine til trusking av korn tidlegare. Vassføringa kunne bli problematisk om det var lite snø til smeltevatn, eller om det vart ein tørr sommar. Hjulet var kring 3,6 meter i diameter og kanskje 0,9 meter breitt. Ein fekk plass til omtrent 80 liter vatn i gongen. I 1936 vart derfor vasskrafta erstatta av elektromotor på 20 hestekrefter, akkurat som på Reiten. Begge gardane hadde nok samme behov for meir stabil drift til verksemdene sine.

 

Knut fortalde at vasskrafta ikkje hadde stor nok effekt til å skjere fritt gjennom dei største stokkane, men saga hadde i tillegg reimhjul på 4,4 meter, og reim til eit nytt hjul på 0,8 meter i diameter. Det var festa til ein mellomaksling som hadde enda eit reimhjul på rundt 2 meter i diameter. Det kunne dermed gje ei fart på sagbladet tilsvarande omtrent 550 omdreiingar per minutt. Det var viktig å utnytte saga når det hølja ned utanfor. Så sveiva ein stokken på sagbenken fram mot sagbladet. Reimhjulløysinga måtte utnyttast til fulle ved grove dimensjonar. Ein mata fram stokken til bladet ikkje kutta særleg meir. Så venta ein på at hjulet skulle komme opp i fart igjen, før ein på ny kunne sage vidare. Men med mindre emne for oppsaging til bord på fire-fem tommar, greidde vassaga å kutte kontinuerlig. Det vart tidleg snakka om ei løysing med maskinell frammating av stokkane, men det vart ikkje noko av. Saga vart heller utvida med snikkarverkstad, og seinare karosseriverkstad.