Mobiliseringa 1940

Denne kaffikjelen har opplevd dei dramatiske dagane der ungdommar frå Emblem vart sendt i krig, for å stoppe tyske elitesoldatar i Gudbrandsdalen våren 1940. Lokket med I.R.11-stempling forsvann i kaoset desse vårdagane, og vart med på retretten over Tafjordfjella. 

Ei fortelling om mobiliseringa

På 1980-talet vart Karl O. Emblem intervjua av sambygding, motstandsmann og krigshistorikar Ragnar Ulstein om mobiliseringa 1940. Han fortalde også om enkelthendingar under krigen. Ei avskrift er lag ut på undersidene med militær historie.   Her finn du lenke til del 1 av orginalopptaket: 

https://soundcloud.com/mkmolde/karl-o-emblem-fortel-om-mobiliseringa-i-aprildagane-1940-del-1

 

 Soldatbilde frå Sola.

Lite visste desse vernepliktige ungdommane frå Emblem at dei snart skulle stå i første rekke med skarpe skot mot profesjonelle tyske soldatar nokre veker seinare. Bildet skal visst vere frå nøytralitetsvakt på Sola i mars 1940. Namna er enno ikkje på plass, menn karen framme som nr. to frå venstre er Hans Austrem frå Larsgarden.  Planen var å gifte seg den sommaren. I staden vart han sendt i krigen med fleire av dei komande svogerane sine......

Del Dine Historier

Har du bilder, dokumenter eller personlige beretninger fra krigsårene i Emblemsbygda? Ta gjerne kontakt med oss på e-post: sveostrem@hotmail.com eller på facebooksida "Gamle bilder fra Emblem".