LITT OM EMBLEMSFJELLET
Dette er namnet på fjellstykket på Yksenøya som strekker seg frå Blindheim i vest mot Glomset og Valle i aust. Opphaveleg var namnet kun nytta om parten til den gamle Emblemsbygda, der også Flisnes, Hatlehol og Eikenosøygarden/Puskhola var med. ein rekna det slik fram mot 1950-åra i alle fall, medan mange snakkar om Emblemsfjellet heilt mot turheisa og Spjelkavik i vår tid. Det er nok ikkje rett, For der ligg Blindheimsfjellet på sida mot Blindheimsbygda og Storfjorden, medan det frå Geitnausa/Bigtonvatnet er rekna som fjellet til Vasstranda og Spjelkavikbygda mot Brusdalsvatnet. Så er der eit stykke reknas som Emblemsfjellet austover mot Vasstrandsegga i nord, og nesten fram til Merafta/Blåfjellet i sør-aust, men ein passerar kommunegrensa til Skodje like før desse toppane. I mellom dei ligg Goldtheiane rett aust for Setrevatnet og Østremsetra også som ei grense. Då er ein nær Vallesetra, Glomsetsetra, og Honningdalen, der tømmer til den eldste skulen, gamlebedehuset og gamlehuset i Larsgarden på Østrem vart hogd og lafta klar dei første åra av 1900-talet. Skarefolket og larsgardsfolket/sjursgardsfolket hadde alle slekt på Glomset. Fleire fekk også læretida si i tømring der. Frå Østremsetra var vegen rask å gå.
Dagens grenser er baserte på utmarksutskiftinga frå 1892, med påfølgande krav frå styresmaktene om å sette opp nye grensegjerder i stein. Desse er det framleis mogeleg å spore. Grensegjerda mot Vasstranda og Blindheim vart bygde slik at der var hol for småviltet til å kome seg jennom steingardane. Dei vart også nytta til snarefangst av småkårsfolk i bygdelaga.
Det meste av skogen vart uthoggen på 16- og 1700-talet, men der er framleis spor etter store tre i myrene. Slike vart også funne ved nedtappinga av Strokevatnet i 1949. Ein arbeidde då med å demme opp myrane ovanfor Røssevollen til eit nytt vatn og vassforsyning for nabokommuna Ålesund. Det nye namnet vart Røssevollvatnet. Ved den eldste demninga til Ålesund, Langevatnet frå 1902-03, er det óg fortalt om mykje store røter frå gamalt av. Mykje av dette kom vekk på 1800-talet, for husmennene fekk ofte rett til å brenne tjøre av gamle røter. Då hadde ein del av skogen nede i bygda grodd opp att til litt ved, saman med torvspading til brensel. Men storskogen kom ikkje att. Det skuldast ei voldsom auke i dyrehald og setring frå andre halvdel av 1800-talet. Også andre bygdelag fekk leige seg beite her. Særleg geitehaldet heldt småskogen nede, og fjellet og fjellsidene rimeleg åpne fram mot 1950-talet.
Med slike større opne fjellområder kom fleire setrar til fram mot 1910. Nokre vart også delte opp i mindre setrar med berre 3-4 brukarar fram mot 1930. Gamle Emlemseter vart delt i Auresetra og Skillingsetra for eksempel. Før 1860 hadde ein eit stort problem med rovdyr, som bjørn og ulveflokkar på Emblemsfjellet. Derfor var gjetarane i eldre tid stort sett vaksne tenarar. Mot 1850-åra vart det vanlegare med større organiserte bjønnajag vår og haust. Årsaka var dei mange fortellingane om bjørn som svømte over Storfjorden frå Sykkylvsida til Hesseberg og etablerte seg. tidvis luska dei på beitedyra på heimebøane til Eikenosa, Emblem, Eikenosøygarden og Magerholm. Tidvis slo dei seg også inn i fjøsane og drepte husdyra. Fleire fjøsar hadde også merke på døra etter slike forsøk.
På Gamle Emlemseter vart det fortalt at slagbjørn banka på setredøra, men budeia var rådsnar og kasta den varme grautgryta etter bjørnen. Folk nytta ofte skrål og staur med tende neverrullar for å jage bjørn som angreip dyra på fjellet. Ein vart også jaga frå Urdastølen mot "Reiteløypa" ined frå Akslanakken/Stornakken og skoten der. Det var kanskje den siste bjørnen ein veit av, i 1903. Framleis er der eigen merka sti til "Bjønnahiet" ovanfor Koppen ved Brunskarnakken og Stornakken.
Etter kvart fann ein ut at alle bygdelaga i Borgund og austover heilt til Valldalen måtte samarbeide for å kvitte seg med rovdyrplaga. Særleg Ulv i flokkar var ein redd for. I Magerholmdalen vart kvinnfolka jaga av ulv ved eit kjent tilfelle. Dei hadde då hest og slede. Til slutt måtte dei sette hunden mot ulveflokken for å berge livet. Hunden vart drepen og sundreven. Det samme opplevde ein på Østrem. Ein byrja derfor med store koordinerte ulvejag Yksenøya på langs heilt til Dragsundet ved garden Solnør. Ved eit tilfelle, i 1827, vart truleg det største jaget på ulv på Sunnmøre gjennomført. Amtmann Krogh hadde gått god for stortingsmann Arne Grønningseter sin plan om å koordinere eit samla jag på heile nordre Sunnmøre samstundes. Planen gjekk ut på å gå manngard frå Spjelkavika mot Skodje, medan ein ei tid i forvegen hadde starta å jage frå Tafjordfjella og Valldalen i aust. Folk i Tresfjorden og på Vestnes skulle stogge fluktruta mot nord, medan jaget skulle gå vidare over Taftesundet mot Ellingsøya og Kverve, der ulveflokkane skulle drepast. Men planen vart sabotert av ein av deltakarane, som ønska æra for det heile sjølv. Plannen mislukkast derfor den gongen.
På Emblemsfjellet har der vore ei rekke setrar, der dei fleste er i bruk som hyttefelt i vår tid. Dei eldste kjende setrane er det berre namna igjen etter. Ved Eikenosa er der ein stad som kan ha tilhøyrd Eikenosøydegard. Aust for Bigtonvatnet er der eit lite vatn som i dagheiter "Austølvatnet". Dette vatnet vert av dei eldre i bygda kalla Høgstølsvatent/Haustølsvatnet, for ved den sørvestlege enden låg den eldste kjende setra til garden Emblem og Emblemsvågen. På eldre kart, mellom anna frå 1885 finn ein namnet "Stølsvand" der. Det vart etter krigen demma opp av Ålesund kommune.
Det vert fortalt at setra vart fråflytta for huldra vart så plagsam. Truleg er det heller snakk om klimaendringane tilknytta den lille istida etter 1700-talet, som gjorde det stadig vansklegare å setre så høgt oppe. Men det var nok først på 1800-talet den vart flytta, for stølen er framleis merka som fråflytta seter i 1885. Den vart truleg flytta til vestenden av Langevatnet, før den vart flytta meir til sida for dette vatnet, i Emblemsdalen, som går mot dagens Røssevolldemning. Den flyttinga skuldast nok oppdemming av Langevatnet, og at det var tryggare der Gamle Emlemseter er merka på karta i dag. Setringa kan ikkje ha vart så veldig lenge, for allereie i 1907 er Negarden, Auregarden, og i alle fall Sjursgarden sine sel og fjøsar flytta til dagens Aureseter i hellinga bak Rotanakken. Skillingen, Steffågarden og Hatlebakken etablerte Skillingsetra i mellomkrigstida, medan Ystebøen og Emblemsvågen nytta Gamle Emlemseter ei stund til. Siste budeia der var farmora mi, Aslaug Petrine Østrem, i 1937. ho setra for besteforeldra på Ystebøen, eit sel som framleis var synleg på 1960-talet. I dag er det berre tuftene att. I Emblemsdalen og langs den gamle setreråsa mot Breiskaret er i dag fine skiløyper på vinteren.
1934-36 kom det traktorveg til Østremsetra og dagens Akslaseter/Reitesetra. Emblemsgardane søkte også om tilskot, men fekk ikkje støtte til å byggje veg mot setrane. Det kan vere del av årsaka til at Gamle Emlemseter vart for tungvindt å drive. Aksla og Reiten flytta også sine sel frå Urdastølen/Huldrestølen aust for Setrevatnet til dagens setervoll. Frå 1906 vart nemleg Smørmeieriet på Emblem lagt ned, og det var ikkje lenger vanleg å yste på setrane. Det viktigaste vart derfor å nå mjølkeruta til Meieriet i byen. Mjølkebåtane frå Emblemskaia gjekk ikkje så veldig tidleg frå etableringa av dampskipskaia der i 1906, men med etableringa av Emblemsbygda Billag i mellomkrigstida vart avgangen for pendlarrutene mot Spjelkavika og byen sett opp tidlegare. Sela vart difor flytta over Breiskaret for å korte ned setrevegen.
Øtremsetra har kanskje alltid lagt der den ligg i våre dagar mot grensa til Skodje og Honningdalen på Glomset. Alle eldre kart syner i alle fall strevollen der, om enn på andre tufter enn i dag. Kanskje er det berre Torvikselet som framleis står på samme selmur som i 1872. Magerholm har også flytta setra si minst to gongar. Den vart flytta til dagens plassering i MAgerholmdalen når den første husmannen kom dit tidleg på 1800-talet. Han budde første tida i eit sel på stølen rett ved tuftene etter Daleplassen i starten av Magerholmdalen, Denne stølen er no del av innmarka kring hustuftene til denne husmannsplassen. Eg har funnet namnet "Rognestølen" etter gamlesetra. Der er også eit namn nærare garden, ved den gamle traktorvegen ovanfor innmarka til garden Magerholm, som kjem ned bak Daleplassen, og vart nytta før dagens tømmerveg til dalen vart bygd av Olav Engeseth på 1980-talet. Stadnamnet "Gamseternakken"/"Gamstnakkjin" tyder på at setra ein gong har lagt der. Hesseberg har truleg alltid hatt setrane sine oppi fjellsida mot grensa til Magerholmdalen. ovanfor tuna sine. Først i 1916 vart garden del av Emblemsbygda og Borgund kommune. Den vart tidlegare rekna til Skodje kommune, og dermed ikkje Emblemsfjellet.
I våre dagar er Emblemsfjellet først og fremst eit turmål på fritida. Alle setrane er nedlagde og lauvskogen har byrja å ta att stadig meir terreng der det før var open furuskog og myr. Men der er eit unntak. Emblem idretslag har dei siste åra satsa stort på eit løypenett og infrastruktur til glede for både eigne medlemmar og innbyggarane i Ålesund kommune, med oppkøyring av skiløyper på vinteren. Saman med dugnadsgjengen ved turheisa i Spjelkavika har dei også eit tilbod om samanhengande løypetrassé over heile fjellet når snøen tillet det. På 1980-talet vart det også arrangert eit eige turrenn med oppstart på Emblem skule eller Grønevollen som vart kalla "Kubberennet". Snøfattige vintrar utover mot 1990 sette derimot ein stoppar for dette rennet.