Gå til hovedinnhold

Den eldste kjende "bedrifta" i bygda KLEBERHAMMAREN

 

Kleberstein er den mjuke bergarten som det er mogeleg å skjere i med kniv. Den har vore populær som byggematerial i gamle kyrkjebygg, der Nidarosdommen er den gjevaste. Steinen har fleire gode eigenskapar. Den er eldfast og kan nyttast til kokekar. Det er funne fleire klebersteinsgryter i landet vårt frå bronsealder og vikingtid. Eit av dei gamle klebersteinsbrota ligg på Emblem.

 

I våre dagar er steinslaget kanskje mest kjend i peisar og steinomnar. Ein trur at ordet kleber kan ha kome av «kleberg», eller ein stein som ein kunne laga «kljå» av. Det tyder at det var snakk om stein som kunne nyttast som veve- stein og lodd til veven ved tekstilproduksjon på gardane i eldre tider. Den har også ei rekkje andre namn som «grjotstein» og «grøtstein», men i vårt område er det altså Kleberg-namnet som er nytta. Eg vil ikkje påstå at

 

namnet dermed forklarar kva steinen frå Emblemsbygda vart nytta til. Arkeologiske funn i Skylehamaren på Flisnes omfattar ei klebergryte frå folkevandringstida. Steinslaget har vorte nytta i enno eldre tid, men dei fleste funna er av noko nyare dato. Gryta låg i den øvste delen av det djupe kulturlaget i hellaren, og kan soleis vere yngre enn frå folkevandringstida. Det er interessant å merke seg at den har mykje til felles med merke etter uferdige gryteemne i Kleberhammaren like ved. Det var konservator Johs. Bøe som grov ut denne hellaren tidleg på 1920-talet i lag med Rasmus Buset. Bøe grov ut gravene i Ystebørøysa også. Kanskje stammar “heim”-namna frå om lag samme tid som dei yngste funna i Skylehammaren. Det kan tyde på at garden Østrem, som hadde eigedomsrett til Kleberghammaren, eksisterte omtrent på den tida klebersteinsgryta vart lagt att i Skylehammaren. Det hadde vore artig å visst om gryta også er lokalt produsert.

 

Det er meir sikkert at der kan ha vore eit klebersteinsbrot i bygda når Ber- dor Hedinson på Emblem, fødd kring 1220, busette seg i Emblemsbygda. Berdor skal ha vorte frå Velledalen og gift med Margrete Jonsdotter frå Emblem. Ho var av Aakre-ætta. Broren til Berdor heitte tilfeldigvis Grjot- gard. Namnet kjem truleg frå ordet Grjot, med tydninga «gryte». I så fall vil grjotstein bety «grytestein». Grjot var også namn på nettopp klebersteinen som vart nytta til å produsere gryter. Brynestein fann ein ofte på same stad. Det er slik i Emblemsbygda òg. Grjotgard-namnet fins enno lenger attende i tida. Ein av desse var Grjotgard Herlaugson (ca.790-867 e.kr.). Han var jarl, og hadde setet sitt på Selva, ved innløpet på Trondheimsfjorden når Harald Hårfagre la Trøndelag under seg på slutten av 800-talet. Sonen hans heitte Håkon Grjotgardson og vart truleg den første Ladejarlen. Broren til Berdor fekk altså ikkje namnet sitt frå Emblem, men namneval og slektsnamn syner at han var av god ætt, og klebergstein har hatt stor betydning på den tida. Faktisk så viktig at den vart nytta som etternamn.

 

Vi veit at klebersteinen er kjent som emne for kokekar frå yngre bronse- alder og fram til førromersk jarnalder, men dei vart også masseprodusert kring 800 e. kr. Det er starten på perioden ein i Norge kallar “vikingtid”. Dette var samstundes som den tidlegare nemnde Grjotgard Herlaugson levde. Borgundpresten, Hans Strøm, skreiv i boka «Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» i 1760-åra at nesten all kleberstein var uthoggen og vekke på den tid han forfatta sitt berømte bokverk. Dei vart nytta som avlssteinar i smiene, ein eldfast stein med hol i for å transportere lufta frå belgen til essa. Det er interessant, for i Larsgarden på Østrem vart

 

det funne ei gravrøys frå 800-talet med reiskap til smijernsarbeid. Der var det visst også ein slik avlsstein, og nedanfor tunet har ein i nyare tid funne slaggklumpar av ukjend årgang. I tillegg tok ein sandstein til bryne ved Kleberhammaren. Slik stein har vore eksportert frå Norge så tidleg som i bronsealderen.

 

Eit gamalt steinbrot

Hans Strøm oppsøkte truleg dei fleste plassane som han skreiv om. Det er derfor interessant å ta med ordrett kva han skreiv:
“Klæbersteens-hammer er en bierg-hammer, eller rettere en Bierg-huule, som ligger imellem de tvende Gaarde Emblem og Østrem, paa et brat Bierg nær ved Søen, fra hvilken man på disse af Naturen dannede Trappe-trin kan gaae op til huulen. Bierget i sig selv maa vist nok til Deels bestaae af den i Sverrig saa kaldte Sielfraasteen, eller Muria faxi ex mica fpatoqve Ninnæi, som Tid efter anden Stykkevis er falden ud saaledes, at huulen har faaet en høi hvælving over sig, eller en saa kaldet Hammer, som hænger lige over Hovedet, naar man gaaer derind. At huulen viterlig har saadan Oprin- delse, kan tydelig nok erfares af de mange Steene eller udbrustne Bierg- stykker, som findes liggende i Huulens Bund, og bestaae af en med Glimmer blandet Sandsteen, som undertiden tages herfra og andvendes til Bryner. Derimotd bestaaer Huulens faste Bund egentlig af Bergsteen eller Klæberg- steen (nemlig den almindelige Falcum particulis acerolis fparfis friabilibus opacis fubvirefecentibus Linnæi) som har givet Huulen eller Bierg- Hammeren Navn; men da den idelig er bleven udhuggen og anvendt til Alv- steene i Smede-Verksteder, saa har den nu efter Anseende ikke meget tilbage af denne nyttige Steen-Art.”

 

Strøm nemner ikkje noko om sal eller næring. Kanskje ikkje så rart, sidan det var lite att av klebersteinen. Det kan også ha vore slik ei god stund før han kom på besøk. Hans Strøm nemner berre hovudgardane Østrem og Emblem, sjølv om dagbrotet truleg låg under garden Nedregotten på den tida. Dette var nemleg eit sjøstykke fråskild Østrem, og eg vil tru at det var eigarane av Østrem som sat att med inntekta frå meir industriell utvinning i tidlegare tider. Sidan Strøm ikkje nemner slik aktivitet, må det ha vore ein del år sidan drifta tok slutt. Erkebispestolen i Trondheim eigde 1/14-part av garden i 1530. Det tyder at Erkebispestolen kan ha hatt økonomisk interesse i garden før den tid også. Det hadde vore ei artig historie om det var kleber- stein frå Emblem i Nidarosdommen, men arealet har vore so pass lite at det heller var snakk om varer til lokal bruk.

 

Sjølv om det er påvist mange klebersteinbrot i Norge, så er det eigentleg få om ein tenkjer på kor mange bygningsteinar og gjenstandar ein har funne frå vikingtid og middelalderen. Det kan tyde på at kleberstein kan ha hatt høg verdi. Produksjonen vart redusert på 1300-talet. På denne tida var det nemleg teglstein som vart stadig meir vanleg. Mange stadar vart kunn- skapen til og med gløymt, men det kan verke som om dette ikkje var tilfelle i Emblemsbygda. Denne påstanden forutset likevel at Hans Strøm si utgrei- ing om bruken av steinen frå Emblem var faktabasert. Ein kjenner også til bruk frå mellom anna Buskerud som vart drevne på 1600-talet, og kanskje

i drift samstundes som Kleberhammaren. Eg vil likevel tru at hammaren ville blitt nemnd særskild i kjelder frå mellom anna 1603 eller 1607, om der framleis var drift på Emblem. Laksevarpet rett ved vart i alle fall notert i kjeldene, og der fekk ein til og med eiga registrering i panteregisteret samman med gardsbruka. Det er også mogeleg at det var gardeigaren som tok seg av drifta. Problemet er berre at der ikkje finst kjende spor som kan kaste lys over dette spørsmålet. I så fall kan lagmann Pål Helgesen på Brandal ha vore ein av drivarane frå 1586.

 

Kven eigde Kleberhammaren

Bygdebokforfattar Ragnar Øverlid fortalde i gardsoga, band II, at det var mogleg å spore namnet «Øfre-Østrem» i byrjinga av 1600-talet. Det kan tyde at ein framleis såg på Nedregotten som nedre del av Østrem, sjølv om frådelinga skjedde på 1500-talet. Deling kan ha skjedd i løpet av andre halv- delen av det hundreåret. Ein kan tenkje seg at det kan ha hatt samband med reformasjonen og nye eigarar som tok over det gamle kyrkjegodset. Østrem og Nedregotten har i alle fall alltid hatt felles seter og utmark. Østrem har framleis sjørettar på Nedregotten, og Guttormgarden hadde rett til å føre dyra sine over Østremskarane sine teigar på veg mot vår- og haustbeitet på Kleberhammaren. Nedregot-karane hadde krøtersti over Østrem si innmark mot Storelva og sommarfjøsane like ovanfor utmarksgrensa. Kleber- hammaren har, ved sida av gode beiteforhold og verdifull stein, også hatt laksevarp i uminnelege tider. På byrjinga av 1600-talet dreiv dei to gardane varpet i lag, men i 1775 vart det oppretta ei sak om kven som hadde rett

 

til dette varpet. «Heinrich Løndal, boende i Volden» teikna på den tida eit kart over heile Østrem og Nedregotten. Dessverre er dette kartet bortkome. Resultatet vart at eigaren av Østrem og ein sjølveigar i Sirigarden under Nedregotten, Jørgen Apalset, fekk retten. Til slutt var det Lars Einarsen Nedregotten i Steffagaren som kjøpte heile varpet i 1867.

 

Klebersteinsform funne av Karl Nedregotten i mellomkrigstida. Foto: Viti.

Det var spor etter minst ei uferdig klebersteinsgryte i fjellveggen når eg besøkte staden i 2013, men der var ikkje så omfattande spor etter industri- verksemd. Det kan skuldast at det også vart brote ut brynestein på samme staden etter den tid. Sjølv om der er stader ein kan sjå noko som kan minne om meir kvadratisk uthogging ein gong for lenge sidan, så er nok brotet for lite til å ha vore leverandør av stein til Nidaros. Men det kan ha vorte produsert mindre dekorelement til steinkyrkene i Borgund, og kanskje til Borgund Kaupangen.

 

Våren 1897 var ein herr Lorentz Lorek innom bygdelaga frå Spjelkavik til Hesseberg. I følge dei tinglyste kontraktene var han translatør «af Kristi- ania”. Samtlege grunneigarar skreiv kontrakter der han fekk rett til å ta ut stein mot 2 kroner per kubikk og 100 kroner i fast årleg avgift. For denne summen kunne det også byggast vegar der det var behov for slikt. Den førebels øvre grensa for steinuttaket på Nedregotten var på 30 kubikk. Lorek hadde nok med seg ei standardkontrakt, for skrivaren tok seg ikkje bryderi med å skriva ut heile tinglysningsteksten for kvart matrikkelbruk. Alle gardane vart også tinglste etter kvarandre på ekstratinget 29. juli 1897. Eg har førebels ikkje funne Lorentz Lorek i digitalarkivet. I følge kontrak- tene kan det verke som om han hadde kontor eller annan yrkesmessig for- binding med Trondheim i 1897, sjølv om han var busett i Oslo på den tida.

 

Den einaste Lorentz Lorek som eg har funne i Oslo, vart fødd i 1887 og registrert som «student mine» i 1910. Der kan sjølvsagt vere ein saman- heng, om dette var sonen hans. Det er nok helst slik at den omreisande forretningsmannen eigentleg var geolog, og hadde tatt på seg arbeidet for ein oppdragsgjevar eller større selskap. Dei hadde i alle fall visst lenge at der både var kalkåre, mogeleg brynestein, kleberstein, marmor, olivin og kanskje edlare steinar. Kristen Magerholm var av dei som i si tid var med på mineralleiting på både Ørskogfjellet og Hesseberg, men han var husmann og hadde ikkje pengar til å starte opp på eigahand. Der han fann noko inter- essant, fekk han ingen kjøpsrett eller bruksrett. Eg har ikkje funne prov for at nokon fekk utbetalt meir enn den årlege fastleiga på utvinningsretten. Brukarane var likevel rimeleg godt nøgde med å få 100 kroner utan at det vart gjort noko. Frå slutten på 1890-talet var det stor interesse for både mineral, fallrettar og naturresursar frå Norge.

 

Der finns ikkje spor etter utvinning av større dimensjonar frå Kleberham-

maren etter 1900. Kanskje tok ein eit og anna bryne til eige bruk? Likevel vart rettane til utvinning av mineral framleis omsett på 1930-talet. I tillegg vart retten til å demme opp og bygge ut Østremselva også seld. Dette vart det heldigvis ikkje noko av, for like etterpå starta utbygginga av elektrisk kraft frå Tafjorden i staden. I våre dagar er det lite som vitnar om tidlegare tiders ressursutnytting nede ved fjorden vest for Løvika. Den mjuke steinen, og utrasingar, kan kanskje forklare det. I dag er det få spor og mest innrissa initialer frå besøkande som er att. Det er ei spanande historie i seg sjølv, for kven er eigentleg alle desse som har sett namna eller bokstavane sine ved Kleberhammaren. Det får ein sjå nærare på ved eit seinare høve.