Om mobiliseringa april 1940
Ragnar Ulstein sitt intervju med Karl O. Emblem
(..) og opptakten då, det var som sagt, vi fikk dette kortet, og skulle møte i tilfelle mobilisering. Når det gjaldt 9. april, så fekk eg vite kva som hadde skjedd på veien til Ålesund i bussen. Eg hadde ikkje sjølv hørt på radioen den morgon, hadde det nokså travelt med å komme meg avgårde, skulle no stelle fjøs og forskjellig sånt da, eg blei no aldeles lamslått, ka det var som hadde foregått.
Når eg kom ut på kontoret, vi hadde kontor hos IOGT ute på Stornespiren, og den såkalte “Gundersalen”, men den dagen blei ikkje veldig mykje gjort. Det var ingenting sikkert utkome om mobilisering. Somme sa det skulle mobiliserast, og somme sa det ikkje skulle mobiliserast. Og når eg reiste heimatt den dagen så var eg akkurat like vis, men eg var ikkje tilfreds med det. Eg ville gjerne vite ett av to. Så tok eg sykkelen da, og køyrde ut til Borgund, eller til Nørvasundet, til lensmannskontor, og snakka med han lensmann Fjærtoft, vi var veldig godt kjente. Eg sa at eg gjerne ville ha klart nå, om eg skal møte, og i tilfelle kvar eg skal møte, og korleis vi skal reise, om det var oppsett rute eller nokke sånt.
Han visste ingenting, men han tok miletært IL til Molde og snakka med dei der oppe, og så tok han miletært IL til Veblungsnes, og da først gjekk det ut militær mobiliseringsordre her i Borgund. Det blei oppsett båtrute, for det blei sendt rundt melding om at den båten gjekk der og der ifrå til den tida, og då hadde folk å møte opp.
Ragnar Ulstein: Kva dato var det?
Det var den tiande.
Eg reiste no heimatt og gjorde meg klar, og møtte opp nede på Emblemskaia den 10. april, for å reise videre inn til Åndalsnes. Dei som møtte då opp her frå bygda, det kan eg gjerne seie namna på. Det var: Petter Kaldhussæter, vi to var i lag, på både eksisen og heile felttoget her i Norge. Petter P. Emblem, han var jamnaldring med meg, og handelsmannen vår, han Sevrin J. Emblem. En som heitte Louis Vennersberg. Han var i eit anna kompani, men var med heile tida. Det var vi som ikkje var stridende, vi va stridende, men ikkje i fremste rekke, vi var med i sambandsvesenet. Men so va det han Hans Østrem, og en som heitte Indresæter frå Magerholm (Ansgar red. anm.), dei var i første rekke. Dei var yngre.
(Note: Petter Emblem (1907-1975) frå Ystebøen var menig 6059 i 5. divisjon i 2. Landvernskompani frå I.R.11 jmf. soldatregisteret frå www.soldat.no) Der var Olav B. Gran kompanisjef i følge Hans Olaf Brevig.
Vel, vi kom inn til Ørskog. Der står det oppmarsjerte biler, som tok oss over fjellet, og der låg “Møringen”, den store nye ferga her i fylket, og tok oss med. Då var det blitt natt, eller seint kveld og mørkt.(...) kvelden den tiande. (..) det gjekk så fort, når det først kom igang.
Vi kom inn til Åndalsnes og blei mottatt der, då seint på kvelden, eller det var vel natt. Og vi fekk ta inn på anekset til Grand hotell Bellevue på Åndalsnes. Der fekk vi vårt første opphald. Ja, han Severin Emblem va i grunn under såkalt førti-arbeid, han var ikkje stridende, men han var kjøpmann og hadde varer å pakking og slikt som spesialitet, og eg huskar det slik han kom seint om kvelden opp i rommet der som vi heldt til, og sa: “Ej he aldri i mitt liv handla så godt som i dag”. Då ha han stee i heile dagen. Då slapp han å vere med så veldig lenge. Sannsynligvis så var det ikkje behov for han lenger, for den første fasen med det arbeidet som han utførte, det var i bunn og grunn ganske fort over.
Den 11. så marsjerte vi bort til Veblungsnes, på moa der, og der fekk vi utdelt våre soldateffekter. Og det var mykje som hadde møtt opp der da, som var innkalla til tjeneste, av alle sorta og kategorier. Og de som eg merka meg, og det som eg syntest var rart, det at der for no fly over, men dei gjorde ingenting i forbindelsen med den store oppsamlinga av folk som der va, for då var ikkje engelskmennene komne til Åndalsnes. Vi fikk våre effekter utlevert, og marsjerte tilbake til vårt opphaldsted i Åndalsnes, skifte og pakka våre sivile effekter. Ka som blei ta dei, det skal eg kome tilbake til seinare. Så begynde hverdagen då dagen etterpå. Det begynte med at vi måtte bort på moa igjen. Der var det ammunisjon om å gjere. Den skulle fraktast derifrå, og vi fekk ganske tungt og hardt arbeid med å lesse på biler, og kjøre den opp til en storgård der, lenger opp, som heitte Aak. Der blei den plasserte i ei stor utendørsbygning.
Sida så gjekk det då på vakte. Vi såg den første bomba som fallt. Vi stod der oppå verandaen på Hotell Bellevue og såg på ei mine som blei sleppt på ein båt inne i Isfjorden, den hadde ankra opp der. Trefte heldigvis ikkje då. Fremdeles var der ikkje kome engelskmenn. Vi flytte derifrå Åndalsnes, og opp en ca. fire kilometer, til en gard som heitte Mjelva.
R.U.: Var dere store styrker nå?
Ja, det tør eg ikkje akkurat sei, men vår avdeling, som heile tida heldt sammen det var ca. 30 mann. Men der oppe var no alt befal, oppå Mjelva. Og ellers var det soldater plassert rundt omkring, ikkje akkurat veit så nøye kvar det var alle. Der på Mjelva gård, gjekk vi vakte, dessuten så måtte vi vakte på den ammunisjonen som vi hadde kjørt opp der, og da kom der også engelskmenn. Da begynte spetakkelet, med bombing og styr. Der datt bombe då, lenger borte, og eg syntest det var så forferdelig rart, der var en so veldig lang engelskmann, han var over to meter. Med samme bomba small, so låg han skinnflat på golvet, ditta va kje vi vant med. Vi stod like godt vi, og ville no helst ut i vindauget og sjå kva det va som skjedde. Vi gjekk vakt på Sogge bru, og hadde et intrykk av at det var noke galt med nervå til disse engelskmennene, for dei va kje vant med sånne skrede, og haurde det datt borti fjellet, det gjekk store isjukla, det datt ei og anna fonna sånn, og då var det med ein gong: Ka i alleverden var det derre? Det haurdest ut som skot eller eit kvart sånn. Det var no bra dei var observant då, men det var uvant for dei dinna naturen. Vi heldt vakt oppå Sogge, og ingenting skjedde, bortsett frå det bomba då, borte på Devoldmarka og rundt omkring.
Så fekk vi ordre om at no skulle vi forflytte oss igjen. Vi skulle opp til Romsdalshorn stasjon, og ta toget vidare oppover dalen. Der oppe var vi observant på to jernbanevogner som var udsedvanleg godt beskytta. So snart vi nærma oss, så va det bajonetten med ein einaste gong, og lurte på kva det var? Det var altså Norges Banks gullbeholdning som va kommen dit, og skulle då reise videre langs kysten nordover. Det var noke som vi fekk vite seinare.
Vi tok toget, og reiste oppover. Vi var mange da, men kor mange det veit eg ikkje, men det var eit stort tog og sikkert fullt. Vi kom opp til Bjorli stasjon. Det va reisens endemål den gongen. Vi fekk på oss ryggsekkane og fekk geværa, og skulle marsjere tilbake ned åt Stugeflåten. Der var ein masse snø. Og en kjentmann møtte eg no på der ute, som kom heseblesande. Då hadde han vore eit stykkje oppi fjellsida der, og kontederte eit fly som var nedskutt, eit tysk fly. Dei hadde forsvinningsdrakter dei, men noke sånt hadde ikkje vi.Vi gjekk i våre gamle grønne, og det var ikkje så vanskelig for flya å peile oss inne, og det gjorde dei også. Det var berre ein ting å gjere det, å gå i grøfta, og så opp igjen å marsjere, men det var den farlegaste turen, trur eg hadde under krigen. For vi hadde stadig fly og stadig fly, og vi måtte berre prøve å skjule oss som godt vi kunne. Dei kom så lavt, at ej tenkte med mej at hadde ej no hatt ei longe troe no, so kunne eg kanskje nå oppi, men det er fakta det, og lurte på kor dei kom igjen og igjen, så forsvant dei. Men kom opp å skaut, de va forferdeleg. Kom opp på veien der da. Vi rusja nedover bakken, ner åt elva der, og der va no endel kratt som vi skjulte oss bak. Men ej venta kvart øyeblikk på å få ei kule, det gjorde ej. Kom på veien, så stod der ein lastebil, og den var det dei hadde pepra. Og alle våre kom heilskinna fram. Men ikkje berre det. Når vi kom ner åt Stugeflåten, der var stort selskap. Der var kongen og der var kronprinsen. Dei stod på verandaen og gjorde honnør, og saker og ting, og vi hadde ikkje vore der i mange minutta, før vi haurde ein forferdeleg kanonade oppe på Bjorli. Og det blei no ropt gevær, og oss va no forberedt på at oss skulle tilbake igjen, men så kom der beskjed om faren over, for det var fly som hadde klart å sette fyr på fire ammunisjonsvogner, og der va det håndgranatar og saker å ting, eksplosiver og sånn, og det høyrdes ut som det var ein kanonade.
Vi fikk anvist (..) losji, med han, trur det var Enok han heitte, Stugeflåten, der var eit stort nytt toetasjers hus nedom veien. Der hadde vi det godt for så vidt. Vi forstod at vi skulle vere der nokre dage. So blei det uttatt vakter som skulle tjenestegjere då øve natta. Der va mykje snø, svært mykje snø. Der var måka vega der oppi tunet som kongen va, og kronprinsen va, og regjeringa. Der var det møka ganga, og store snøvelter mellom, i mannshøgde, så det gjorde det litt nifst. Ej fekk ikkje vakt før i firetida. Men då var kongen og regjeringa reiste. Så var det et ganske artig moment. Vi gikk der med opplanta bajonett og fullt magasin. Så kjem der en kar stikkende fram frå ei snøfonn. Vi hadde jo ordre om at her skulle gåast strengt tilverks, og dei hadde å vise papir for seg. Og eg sette no bajonetten på han, ej, og forlangte å sjå visumet hans. Å ja, sa han. Det er medisinaldirektør Karl Evang. Då kom han forfrøsen og elendige, og skulle leite etter konge og regjering. Så fekk han no vite at dei var reiste, men vi tok han no inn og varma han opp, å fekk en divan og fekk mat i seg, og livna no snart til igjen. Dagen etter så drog dei, men det var ikkje langsamt. Det var ein stadig strøm av bila så kom frå Oslo, og dei hadde vi å kontrollere. Det var ikkje berre småfolk. Eg trur det var samtlige ambasader som reiste ned Romsdalen den gongen, og alle engja etter kongen, kronprinsen og regjeringa selfølgelig. Vi såg at dei hadde hatt hastverk. Vi kika bak i bilen, så låg der hulter til bulter med protokolla og brevordnera og saker og ting. Og kle og saker og ting som va hivt inn i siste øyeblikk, og sett av gårde. Det var en som påstod det at han hadde kontrollert en bil der det sat en engelske generalane som heitte “Herosite” (usikker på korleis namnet staves red. anm.) Eg veit ikkje om det er sant, men han for den veien. Han var på disse kanter då. Der var mykje bra folk, det var ikkje berre ambasader, det var funksjonærar, høgere funksjonæra, byråsjefer, alt ditte here, så eg har alder vore i så fint selskap i mine dage.
- U.: Skulle mange i hus, eller for dei videre?
Dei for videre, og dei skulle først og fremst ned til Åndalsnes, og det var no først å fremst kongen og hass følge, og regjeringa dei først og fremst tok peiling på. Så dabba det av.
Eg får jo fortelle det at vår første og største funksjon det var at vi skulle halde sambandet i orden. Eg var i sambandskompaniet med kaptein Grüner? (uttala namnet Grøner red. anm.)
som sjef. Han skal vi komme tilbake til.
- U.: Å halde sambandet i orden?
Det var altså veiane, som var bomba og trongst å reparerast. om bruene holdt, om telefonlinjene var i orden. Og likedan det elektriske. Vi hadde spesialista på so og seie alle område. OG var der ein feil, var der eit brudd, så var det avgårde. Og det var ikkje så hyggjeleg å stå oppi en telefonstolpe under sånne forhold. Slapp no eg da, men der var no dei som måtte gjøre det. Vi ekserserte ein del om dagen der. Ej kan no bemerke det at der kunne trengest, og vi hadde ikkje vore inne på nokken militærøvelse sidan 1928, på 12 år.
Og det var enda ikkje det verste. Han nestkommanderande som vi hadde med å gjøre, han var kontorsjef av yrke. Eg skal ikkje nemne namn, men han hadde ikkje vore inne på militærøvelse sidan 1914. Så vi var i grunnen temmeleg blanke når det gjaldt krig og sånt.
Det må innrømmast. Vi hadde en del øvelse der nede på Åndalsnes, på Mjelva var det. Og der hadde det så nær gått gale det, for nestkommanderende og en til stod på trappa der på Mjelva gård, og dei visste ikkje ta før der kom susande ei kule so og seie rett inn i dørstokken. Då var det en som hadde hatt ikkje berre laus ammunisjon, men hadde hatt ei rikti, som han ikkje visste om.
Det var ikkje lenge etter at Konge, kronprins og regjering va reiste før bombene begynde å dette, og det var nokke mystisk. Det var ikkje berre bombe, men det var reiale sprengbombe og slike som skulle sette fyr på husa då. (..) brannbombe, men dei datt i snøven og gjorde ingen skade. Og ingen kom til skade på grunn av bombinga.
Så skulle vi flytte igjen. Er vi ferdige med Stugeflåten no? ikkje heilt. En ta dagane kom der flygera heseblesande og skulle ha tak i batteriet. Dei hadde sett ned flya sine på Lesjavatnet, og om natta so var der sprengkulde, batteria var frøse, og no var det om å gjere at vi kunne skaffe dei batteri, so dei fekk flya på vingane igjen. Men dei fekk dei nok ikkje, for tyskerane sette fyr på alt sammen, så når vi kom opp på Lesja, så såg vi berre skjeletta igjen bortpå isen.
Når vi kom til Lesja, ja, det var nå neste stoppested. Det var ei lastebil som tok oss med ifrå Stugeflåten og opp gjøna dalen der. Eg huska det eg sat heile tida bak på atterste kanten på lukekarmen der og hadde det veldig vondt, men vi kom no fram. Vi var dei einaste som kom fram av heile vårt kompani. Dei andre blei att nede i dalen. Når vi kom der opp, så hadde der vore bombing. Alle vindu i stasjonsbygningen var sjølvsagt ute, og en av Dovregubbane, dei nye lokomotiva, som begynde å gå då før krigen på Dovrebanen, den låg velta på tvers over skinnegangen. Vi såg då disse flya som var nevnt, skjeletta ta dei da, og vi var trøtte. Ej la meg ned på eit bord. Kaldt var det, men ej sovna som ein stein, og sov ei god stund, og det gjorde meg veldig godt. Vi venta på eit tog som skulle komme å ta oss med ombord, og det kom no da. Dei hadde venta på eit heilt kompani, og der kom vi då, berre tredve mann. Vi kom opp til Dombås. Det var ikkje lenger veien da. Så kunne vi ikkje køyre på stasjonen, for den var nedbomba og nedbrende. Vi stoppa toget når vi kom til tunnelen, og det toget som skulle oppover til Oppdal stod på skinnegangen vis a vis oss, der var eit lite skogholt i mylljå. Det vi hadde av saker og ting å leve av, det var ei kasse med brød og ein potetsekk. Og det tok vi med oss oppover skogen og entra toget, det sette seg i sving, og vi kom oss av gårde.
Der er masse tunnela, som du veit, på den banen der, og det likte vi veldig godt, for då var vi trygge. Når vi kom til Oppdal, så var det som vi kom til en annen verdensdel. Der var stilt, fredeleg og rolig. Der varen liten tropp som ekserserte der på stasjonen. Dei hadde prøvt å få ei slags uniform på seg, slik at der ikkje skulle vere berre sivil, men dei visste ikkje ta nokken ting der oppe. Ett og anna flyet som for over. Vi ble tatt inn på hotellet og godt mottatt. Fekk en herleg middag og kom ned på bomberommet, fekk oss ei god seng og fekk sove ut og ete oss gode og mette. Vi skulle videre derifrå, men slik gjekk det ikkje, for vi fekk beskjed då om at no hadde tyskerten gått over ifrå Østerdalen og skore av vegen på Mulsberg, to mil lenger oppe ca. Og vi fekk ordre om å snarast mulig returnere til Åndalsnes. Vi entra toget, og kom no nedatte der. Vi blei internerte på en bondegard på Dombås og blei verende der både den dagen og natta, og då haurde vi slagtommen lenger nede. Kanoner og mitraljøser. Der var ikkje så langt unna, men der var ikkje anna soldata enn oss på Dombås, men der var mykje nedbrent og nedbomba, og mykje bila som vart sette ut av funksjon. Så skulle oss ta oss nedover dalen. sjølv, og på eget ansvar.
- U.: Hadde troppen gått i oppløysing eller?
Neida. Vi var samla heile tida. Vi fann en liten buss, syttenseters buss, og der fekk vi ikkje med alle på anna måte enn at vi reiv ut alle seter og stod som sild i tynne, og fikk med alle.
- U.: Kva heitte troppsjefen?
Ja, vi hadde en troppsjef, men det huska eg ikkje namnet på. En kjekk kar forresten.
Vi køyrde nedover der nokre mil da, men så, av ein eller anna grunn, så fikk vi ikkje bruke den bilen lenger, anna enn at vi måtte ta beina fatt, og kom nedover til Horgheim og desse øvste romsdalsgardane, og gjekk nokså lenge også. Då kom der ein kompis, ein kamerat og køyrde so og seie tom lastebil. Og oss greidde å kare oss opp på dinne lastebilen, og køyrde oss nedover. Vi sette ut flyvakt, så det var mange opphold. Vi måtte søke dekning rett so det var nedover mot Åndalsnes. Vi såg no fleire og fleire merke etter krigens herjinger, men først, før vi kom til Åndalsnes, så hadde vi eit stort stopp oppe på Verma stasjon der oppe,
for der hadde dei køyrt i sammen to tog, og eit av dei var eit ammunisjonstog, og den ammunisjonen var spredt utover heile området der. Det var sånne bombekasterbomber, mitraljøseskot og geværskot og saker og ting, så vi gjekkd er i fleire tima vi, å bar sånne ting, og la dei i store dungar. Flya gjekk over, lakken veit, det var det som var spørsmålet, for der var fly som hadde ei svart vinge, og ei som var kvit. Vi blei no ferdige med det, og fortsette nedover. Vi kom no over fly som var skotne og dotte ned, og låg i elva. Det var lenger nede.
Når vi nærma oss Åndalsnes, og såg oss øskjen over der, og kom så langt at vi såg Veblungsnes, så var det i brann. Og vi fekk også sjå at Molde brende den dagen.
Tyskerane dei var ikkje komne så langt selvfølgeleg, men engelskmennene dei var på vill retrett. Store bila, den eine føre og hine etter, og søkte dekning dei saman med oss hine ettersom det var dekning å finne og der det var nødvendig, for vi forstod då at slaget var tapt, og at vi fekk våre greier som venta oss. Når vi kom ned til Åndalsnes så stod rett og slett anekset akkurat likedan som vi forlet det, og det var det einaste som stod igjen. Hotellet var brent, og stasjonen var nedbomba, og vi berre fortsette innover mot Isfjorden. Kom innover, og utover igjen på andre sida. Det var ikkje vei til Åndalsnes da, og kom til Nordvika prestegard.Der blei vi demobiliserte. Og merkelig nok så fekk vi våre sivileffekter, bortsett frå kufferten og en frakk og nokre saker og ting.
- U.: Var det sendt dit ut?
Det var sendt dit, så de var orden i reserten, det forstod vi da. Og vi fikk reise heim igjen på eget ansvar.
- U. : Veit du omtrent kva dato det var?
Det veit eg ikkje, men eg veit at dagen etter, eg trur fakta det var pinseaftan den dagen, for eg trur at dagen vi kom heim igjen var pinsedag, nokke sånt. Og vi fikk skyss ut til Spjelkavikskiftet. Då var det ikkje lenger veien heimatte enn vi marsjerte. Men dei andre sivile effektane våre var ikkje framkomne før vi var heimkomne, men husa var fulle, Vi hadde tre familiar der som hadde evakuert frå Ålesund. Når krigen var over, så drog eg no til Ålesund og grov no atti både mine og andre sine effekte. Dei hadde stått utpå Skateflukaia heile krigen
R.U.: Men dokke leverte dei no inn på Åndalsnes, hadde dei komme til Ålesund?
Dei va komne til Ålesund, der var dei oppstabla og var i orden.
- U.: Det var ikkje lite det?
Nei, det syntest eg var godt gjort.
Vi visste ikkje kor det va gått med dei andre, men fakta var det at vår tropp dei kom heimatt heile, og ved liv alle sammen.
- U. : Men Ansgar Indresæter og dei andre?
Dei fekk vi ikkje føling med før ei stund etterpå. Dei hadde gått, så eg forstår, rømt over fjella.
- U.: ja, dei hadde vore med i ein av feltbataljonane tenkje ej.
Ja, det var dei det, som var ute i hardt vér.
- U.: Ja, det var vel første det, tenkje ej.
Dei ha ikkje så mykje å forsvare seg med.
- U.: Nei, det var det ingen som ha, det er nå ein grei sak, men gjekk det ikkje på nervane all denne skytinga og smellinga, og alt dette som skjedde?
Det gjekk selvfølgelig hardt på nervane, det var jo så uvant. Det kom så uforberedt, og vi hadde aldri tenkt at vi skulle komme opp i en sånn situasjon som ditta der, så nervane spelte no med, men vi har jo faktisk forsont oss med både det eine og det andre vi som var med til siste slutt. Eg hadde faktisk inntrykk av at det vart bedre og bedre, og du hadde i grunnen akseptert det.
- U.: Man vende seg til det
Og akspeterte situasjonen slik som den var, så det gjekk no bra, det gjekk no ikkje på helsa laus i alle fall, hverken på den eine eller den andre måten, men det gjorde veldig godt å få kvile ut.
- U.: Ja, du hadde no vore vekke sidan tiande april, og no er det antakligvis det en av første dagane i mai.
Det var omtrent tre vike.
Nytt opptak:
- U.: Då tar vi opp igjen tråden, der konge, kronprins og regjering var, så har du seinare, i aviser og bøker fått kjennskap til at det var der regjeringa gjorde vedtak om å skipe “Northraship”, og dermed underlegge, få kontroll over den veldige norske handelsflåten, som var på alle hav, og det var jo et historisk vedtak.
Et anna moment som kanskje er verdt å nevne, eg er ikkje redd for å seie det. Den kapteinen som vi hadde, “Grøner”, han var nazist. Og det var ikkje så rart at bombene
begynde å dette straks etter kongen og regjeringa reiste. Dei hadde sine forbindelser, og kven det var, eller ikkje, kan vi ikkje sei. Men ein kan jo tenkje seg det ein vil.
- U.: Jada, det er no rart det styret der. Men ellers så er det jo interessant at du nevne det at eit av dei tyske flya som flaug over ved Veblungsnes, Åndalsnes, før engelskmennene kom, dei let dokke vere i fred. Det var kanskje fordi dei då ikkje visste om det kom til å bli kamp for alvor, eller ikkje, for dei låg jo i forhandlinga med regjeringa på det tidspunktet. Men engelskmennene var jo deira store hovedmotstandar, så når han steig i land, då vart det alvor.
Eg kunne no ha fortalt deg også at før eg forlet Åndalsnes, så var der oppstilt sånn antiluftvern der nede. Og det var faktisk frå forrige verdenskrig. Det var ikkje noke nyare.
- U.: Nei, alle som snakkar om at Engelsmennene kom for å ta Norge, sammen med Tyskarane, dei ser no vekk ifrå at Engelskmenn som kom i land på Åndalsnes og i Namsos det var rekruttar og sammenskrapa avdelingar som ikkje var ferdige med si førstegongsteneste.
Det var no ein del av dei som fall der nede på Kvam, eg trur det var ei femti stykkje.
- U.: Men det var elitesoldater, men dei kom no ei veke seinare. Dei som du såg først, det var den første bataljonen. Dei første, en og en halv, to bataljonane, og det var uøvde soldatar uten panservern og slike ting. Uten panserverngevær. Men så kom da den bataljonen sloss ved Kvam, og dei kom rett fra Lille frå Frankrike dei, og det var toppfolk, men dei miste jo forsyningskipet sitt med tungt artilleri ute i Nordsjøen, så dei kom i land uten artilleri.
Ej nemnde heller ikkje det at vi fekk sjå dei første fangane då, på Åndalsnes, før vi reiste derifrå. Det var sånne falskjermsoldater dei tok på Dovre.
- U.: Kva tilstand var det på dei?
Ej veit ikkje ka ej ska sei, dei var apatisk, heilt apatisk. Og dei som skulle vakte på dei, syntest no det var litt ta ein komedie, dei var oppstilte der med gevær og saker og ting. Somme på kne, og somme stod, å dei måtte no tru det var amatørar dei hadde med å gjere, og det var det. Det må innrømmst det. Der var nokre kara ej kom i kontakt med, det sa eg heller ikkje, det var disse “Madlakarane” det var so mykje snakk om. (Dei som hadde vore på nøytralitetsvakt på Madla, og kom heim like før angrepet på Norge red. anm.)
- U.: Dei tilhøyrte andre bataljon.
Vi kom i kontakt med slike, spesielt en gong vi var nede på Stugeflåten, der kom en bil å stoppa, og dei begynde å skulle ta seg mat. Og så begynde eg å sjå på dei, feltflaska var berre fille. Så surde eg: Kvar har du vore med dinna der?, sei eg. Det var ei kule som gjekk rett i mellom der oss sat framme, og så kom feltflaska i veien. Lenge var han ikkje frå døden.
Og det er i grunnen merkelig att så mange kom frå det uskadde, og med livet. Det var eit under.
- U.: Ja, den andre bataljonen, som altso sjefen var Kaptein Navelsaker. Det var den som låg nedanfor Vinstra, og som vart reven opp av ein tysk fortropp på sju-åtte mann. Som fyrte laus med alt dei hadde av våpen og lysammunisjon og lysgranater. Heile bataljonen på 700 mann rømte med sjefen i spissen og forsvant. Og då alt var over, så viste det seg at dei hadde ikkje mist en mann. Men britanene som låg like bak dei, og låg der eit par døgn, miste altså ein seksti mann, eller nokke sånt.
Det var ei triste tid, og det var ei enda tristrare tid den som kom.
Du kan også høyre delar av intervjuet her:
https://soundcloud.com/mkmolde/karl-o-emblem-fortel-om-mobiliseringa-i-aprildagane-1940-del-1