EMBLEM DAMPSKIPSKAI
Den 12. januar 1905 vart det halde eit «forudgaaende berammelse møde» hos Fredrik Emblem i Negarden. Målet med møtet var å få bygd ei damp- skipskai «fraa Aanesset i Emblemsvog». Det vart skrive i møteprotokollen at dette ikkje var det første møtet om den saka. I protokollen står det vidare at det var allereie teikna 67 aksjer i «Aktieselskabet Emblemvogs Kai», med ein pris på 25 kroner kvar. Selskapet hadde dermed lovnad om ein aksjekapital på 1675 kroner før møtet vart halde.
Tekst: Svein Ove Østrem
Det bør bemerkast at aksjeselskap kun var intensjonen, for det vart aldri stifta formelt. Der finst ingen formelle offentlege kunngjeringar om eit aksjeselskap. Det vart i staden eit andelslag, der andelslutane vart trykte ut som aksjedokument. Eg vel likevel å nytte opplysningar om aksjeselskapet videre nedover i teksten, slik det er skreve i kaiprotokollen.
Den anonyme referenten fortel at Sevrin Rasmussen Emblemsvåg (1856- 1952), opphaveleg frå Kvalen i Sande, var tilstades på møtet. Sevrin dreiv Antonesgarden, og fekk spørsmål om han ville donere grunn til veg og kaiplass. Utskiftingskartet i Borgundboka frå 1907 syner at Sevrin hadde fleire jordstykker på vestsida av sjøvegen og den vestlegaste nausttomta. Lars Knutsen Emblemsvåg frå Knutgarden var også like mykje berørt, men han hadde nok gitt samtykke allereie, og skulle syne seg å verte ein aktiv aksjonær, med fleire års gjerning i styret.
Det meste som er skrive om kailaget det fyrste året, gjev inntrykk av at ein såg for seg at samtlege grunneigara ville «godhedsfuld afgive» grunn. Men Sevrin var ikkje villig til å gje frå seg dyrkamarka, og det verkar som om dette overraska dei andre møtedeltakarane. Referenten går så langt som å skrive at Sevrin gjorde dette «uden grund». Det vart dermed bestemt at ein skulle foreta eit «lensmann sjøn baade med hensyn til vei og grund til kaien». Protokollen syner at vegstykket det var snakk om, er frå enden på den allereie eksisterande sjøvegen, vestover bak nausta og videre til kaia. Det er truleg identisk med vegen som ligg der i dag.
Snarast råd
Lars O. Emblem, Peter K. Emblem og Lars K. Emblemsvåg vart valde til «bestyrelse», medan Hans P. Larsen Røssevoll vart vald som «sufrliant». Styrelsen vart pålagde å fortsette arbeidet med å få på plass veg og kai snarast råd. Møtereferatet vart godkjend og underskreve av følgande frammøtte: Fredrik Emblem, Andreas M. Emblem, Nils J. Emblem, Jakob L. Emblemsvåg, Elias K. Emblem, Lars K. Emblemsvåg, Ole Johansen Emblem, Knut B. O. Emblem, Peter K. Emblem, L. O. Emblem, Hans P. Larsen Røsse- voll og Lars Røssevoll.
Det var med andre ord ikkje den fyrste gongen kaisaka hadde vore disku- tert. Andre bygdelag hadde fått seg kai fleire år tidlegare, og det var ein langt tryggare måte å losse varene på, enn å leggje til ved sidan av damp- skipa ute på fjorden i all slags vér. Ludvik Ingebrigtsen på Ludvikplassen
i Emblemsvågen var ein av ekspeditørane som hadde hatt dette farefulle arbeidet. Han var registrert som ekspeditør for «Søndmørskibene ved Emblemsvog» i 1900-teljinga, medan Lars Olsen Emblem på Elvarum var omskrive som landhandler og poståpner i den samme folketeljinga. Lars var pådrivar for å få dampskipa inn til land, og forenkle lossinga. Som poståpner måtte han nemleg borde dampskipa ute på fjorden, og som handelsmann
fekk han varer i store kvanta. Store sirupstønner på 2-300 kg var vanske- lege å lesse opp i ein robåt på den lunefulle fjorden. Kring Flisneset hadde fleire liv gått tapt opp gjennom tidene. Jamvel postbåten skal ha kollsegla der. 8. august 1886. Peder, broren til Kristen Magerholm, var ein av dei som drukna når han skulle forsøke å ro ut til dampskipet “D/S Robert” saman med gullsmed Stamnes frå Ålesund og to andre. For bøndene i bygda ville det vere ein fordel med kai når levande dyr skulle fraktast med dampbåten, og det var også mogeleg å ta betalt via kaiavgifter. Slik kunne ein betale ned byggjekostnadane etter kvart.
Kvifor det tok sopass lang tid å få dampskipskai i bygda er det vanskeleg å finne svar på, men ein kan lese at ei rekkje bygdelag hadde forbode damp- skipa å leggje til kai, når dei byrja å transportere folk og varer på fjorden. Ein frykta nemleg at gneistar frå skorsteinen skulle antenne kaia eller husa ikring, så fleire stadar fekk båtane forbud mot å leggje til land. Det skulle syne seg at denne frykta var overdreven. Eg veit ikkje sikkert om emblems- bygdarane hadde vore redde for noko slikt.
På slutten av 1800-talet byrja gardsdrifta å «skifte ham», ved at gardane gjekk meir og meir bort frå å dyrka alt dei trong på eigen gard, til å levere stadig fleire varer til byane mot betaling. Ålesund var ein by i vekst, og låg høveleg til. Med pengehusholdning ville det óg verta auka behov for å kjø- pe det ein ikkje dyrka sjølve. R. P. Mork i Ålesund var allereie i gong med å knytte alliansar og leveranseavtalar med mjølkebøndene rundt byen. Em- blem var ikkje noko unntak. Frå 1906 skulle smørmeieriet i bygda leggjast ned. Dermed skulle fersk mjølk sendast med båt til byen.
I Sykkylven hadde ein beslutta å byggje kai i “Haubukta” allereie i 1894, men her var det kommunestyret som både fatta vedtak og stod for kost- nadane. S. C. Grebstad tok på seg oppdraget for 3000 kr. Han plikta seg samstundes til at kaia skulle stå klar før Sankthans 1895. Situasjonen var altså heilt annleis på hi sida av fjorden, og der hadde kaia vore i bruk i ti år allereie. På Emblem måtte bygdefolket ta seg av både initiativ, byggjing og finansiering. Det tok nok si tid å overtyde sambygdingane om å ta på seg slike store kostnader. For den vanlege emblemsbygdaren var nok ikkje behovet for båtfrakt av varer særleg stor, og pliktarbeid på bygdevegen var det heller ikkje nokon interesse for. Så vidt eg kan sjå, må behovet for enklare frakt av mjølka vere det som dei fleste kunne sjå nytten av. Det gjekk berre 5 dagar frå det første kailagsmøtet, til ein på ny var samla for å velje kjøpmann Lars Olsen Emblem til formann. Dei hadde ikkje gitt opp håpet med å få Sevrin til å gi frå seg grunn gratis. Formannen fekk tillatelse til å «reise til Amtmanden i Sagens anledning paa egen bekostning», om det ikkje lykkast å kome til einigheit med Sevrin. Eg er ikkje heilt sikker på om dette vart nytta som ein slags trussel, eller bekreftelse på at her skulle det verta kai uansett. Det kan ha verka slik for Sevrin.
Arbeidet med å få i stand kai fortsette med full styrke. Lærar Knut Furseth skreiv brev til Søndmøre Dampskibsselskab den 28. januar. Han kunne fortelje følgande:
«Spørgsmaalet om Kai paa anførte Sted, samt anlæg af farbar og til enhver Tid fremkommelig Vei til vanne, har i flere Aar været omtalt Mand og Mand imellem og vundet almindelig Interesse og Tilslutning af tilstødende Opsid- dere i Bygden, og det er min personlige Formening, at saavel Kaien som ikke mindre Vei til denne, for Tid og Fremtid, saavel for Bygden, som for Tra- fikk og Færdsel i Almindelighed vilde blive et ikke saa lidet Gode, som at dersom Spørgsmaalet om Grund og Grundafstaaelse i omhandlede Øiemed kunde ordnes på rimelig Maade, vilde det øvrige sandsynligvis kunne lade sig gjøre».
Berre to dagar etter brevet vart sendt, kom det i retur med positivt svar
frå G. Østlie på vegne av ”Søndmørske Dampskibsselskab”. Østlie merka seg at det var mange fiskara i bygda som dreiv fra Ålesund. Deira hyppige turar mellom bygda og byen hadde ført til «en ikke liden persontrafik paa Stedet. En Kai der anser vi derfor høist paa Krævet, da det ofte er forbundet med fare at benytte Baat til Landfarten fra Dampskibene, spesielt i vestlige Vinde». Selskapet ville sende kaptein Skudvig på inspeksjonsrunde for å utarbeide en videre uttalelse om kaia den 18. mai 1905.
Kva var det eigentleg som førte til at dampskipskaia skulle leggjast til Em- blemsvågen, og at det i denne perioden ikkje var nokon alternative plassar når grunneigaren sette seg imot. Kvifor ville aksjonærane frå Emblem nytte både lensmann og amtmann i denne saka? Svaret finn eg i eit anna brev, som truleg også er skriven av lærar Knut Furseth. Han kallar dokumentet for «Udskrift», og det er truleg ei avskrift av eit eldre dokument, som vitnar om ein overeinskomst mellom brukarane på Emblem, Røssevoll og i Em- blemsvågen. Kor gamal denne avtalen er, det er vanskeleg å svare på utan orginaldokumentet, men ein skal hugse at alle desse tre matrikkelgardane har vore sams gard ein gong for lenge sidan. Emblemsvågen kan ha vore
sjøstykkjet til Emblemsgardane, og dei har derfor hatt behov for å sikre seg veg- og naustrett når Emblemsvågen vart delt frå. Her finn ein også namnet «Jagtvigen», der det var avmerka ei båtstø med nausttomt og opplagsplass. Opplagsplassen og nausttomta var tiltenkt felles nytte for brukarane på både Røssevollen, Emblem og Emblemsvågen. Kan det ha vore snakk om eit jaktenaust, eller kanskje eit jektenaust. Det kan tyde på at båten var eit bygdeprosjekt, eller ein gong dreve av gardane med naustrett her. Dei hadde også vegrett ned til tomta.
“Aksjonærane”, som hovudsakleg var frå desse gardane, meinte derfor at dei hadde retten på si side når dei ville byggje veg og felles kai på denne staden. Forfattaren av kopien fortel vidare at tomta var tydeleg oppmerka, og låg mot sydvest, der ein i 1905 kunne sjå restar av ein gamal naustmur. Den var også merka med nedsatte vinkelsteinar og grensene er beskrevet særs nøyaktig slik at ingen skulle vere i tvil. Dokumentet gav også rett til å planere ut opplagsplassen, så det passa nok godt inn i planane til forkjem- parane for dampskipskaia. Kan det ha vore storbåtnaust, eller kanskje naust til ei bygdejakt tidlegare? Med slike fellesrettar kunne kostnadane verte meir overkommelege.
Den tiande februar hadde kaiselskapet nytt møte hos Ole K. Emblem, med tolv av dei ivrigaste aksjonærane på plass. Dei hadde enno ikkje lukkast å verte einige med Sevrin i Emblemsvågen, men kaiplanane held likevel fram som før. Ein beslutta å byggje ei trekai med planert opplagsplass i bakkant. Styret vart nok ein gong pålagt å få fortgang i planlegginga. Den 18. februar 1905 var 17 aksjonæra samla, i håp om å verte einige i tomtesaka. No vart det diskutert å betale erstatning til berørte grunneigarar, men dei klarte likevel ikkje å verte einige, og måtte avslutte møtet utan resultat.
Det verka nok temmeleg håplaust på dette tidspunktet. Styret fekk ingen nye krav eller pålegg, og ingen diskuterte utforming på nokon kai. Eg finn ikkje fleire møtereferat, og vel å tolka det slik at ein kanskje var i ferd med å gje opp. Truleg var dei litt for ivrige på å få Sevrin til å gje frå seg marka-
ne vederlagsfritt. Fekk han vite at dei både ynskte å bruke lensmann og Amtmann til å få det slik dei ville, er det ikkje så rart at han ikkje ønska å forhandla om erstatning heller. Samstundes finst det eit skriv med godkjen- ning av planane frå kaptein Skudvig. Han hadde møtt opp ein og ein halv månad tidlegare enn den opprinnlege planen. Noko meir hadde også hendt i kulissane, for på den neste sida i møteprotokollen finn eg ei handskreve kontrakt datert den 27. september 1905:
«Jeg underskrevne Iver Karlsen Ekornaas erkjender herved Dags Dato
at have solgt og overdraget til Lars Olsen Emblem den af mig af Em- blemsvoogs Opsiddere kjøbte Kaiplads og Tomt for den samme Kjøbesum som i Kontragten er vedgaaet, mod at jeg forbeholder mig Ret til at tage indtil ti Aktier i Anlægget.
Nævnte Kjøber faar samme Adgang og Ret, som jeg i Henhold til Kontragt er indvilget, dog bemerkes, at der ikke maa opføres andre Hus end i Kon- tragten benævnt. Kjøbesummen betales til Grundeierne til 24de Juni 1906 mod Skjøde. I tilfælde man ikke til den Tid ser sig Udvei til at paabegynde Kaianlæg forbeholder jeg mig Ret til at have nærverende Kontragt. Emblem den 27de September 1905.
Som kjøber Som Sælger
L.O. Emblem Iver K. Ekornaas»
Kva som har hendt er det vanskeleg å spekulere i, men no vart det i alle fall ny fart i planlegginga. Andreas Emblem frå garden Hatlebakken blei vald til leiar, og samstundes leiar for kaibygginga. Han fekk vekeløn på 15 kroner.
rekna frå den dagen han forlet heimen, til han kom heim att. Reiseutgiftene vart dekte av kaiselskapet. Andreas skulle kontrollere at alt arbeidet med dampskipskaia vart utført fagmessig. Han fekk rett til å bestille materialar og reiskap, om dette vart skaffa «paa billigste maade». Løna for åtte timars arbeid på kaia vart sett til to kroner for ein fullt ut arbeidsdyktig mann, medan formannen fekk bestemme løna til dei som enten var for unge eller for gamle til å utføre eit skikkeleg dagsverk. Formannen skulle utarbeide liste over arbeidarane og løna deira, samt sørge for å betale ut løna kvar månad. Formannen måtte leggje fram planar for styret og få desse godkjent. Han skulle rette seg etter pålegg frå styret. Formannen skulle heile tida iva- reta selskapet sine interesser. Lærer Knut Furseth vart vald som kasserar.
På generalforsamlinga for Emblem Kaiselskab hos Fredrik Emblem den 9. april 1906, vart rekneskapet godkjent. Lars Olsen Emblem overførte tomta, som han hadde kjøpt frå Iver på vegne av kaiselskapet, og ein hadde allereie leigd ut kaia for eitt år frå den datoen kaia stod ferdig. Leigetakaren skulle betale 200 kroner for leigeretten i to jamnt fordelt halvårlege rater. Lars fekk også betalt 25 kroner av kasseraren for «haste-udlæg». Som poståpnar fekk han rett til fri adgang på kaia, «men i tilfelde han løser Billet svares Kaipenger.» Den siste setningen gjeld truleg dei gongane han som privatperson, eller landhandlar, fekk eller sendte varer via kaia.
Det står ikkje i protokollen kven som hadde leigd kaia for eit år. Det er mogeleg at det er eit dampskipsselskap, men det interessante er at det siste punktet på saklista er streka ut: «6. Da Iver Karlsen Ekornaas har leiet Em- blems Kai.» Det er mogeleg at det er han som var leigetakaren. Kvifor dette vart streka ut etterpå, er eg ikkje sikker på, men eg finn fleire slike spor i seinare møtereferat.
Ein måtte kalle inn til nok ei generalforsamling to veker etter, fordi ein i diskusjonen etter opplesing av statuttane kom fram til at styret ikkje hadde vore lovleg vald tidlegare. Eit nytt val vart soleis nødvendig. Iver vart for- mann. Ole Larsen Emblem fekk 32 stemmer, Lars K. Emblemsvåg fekk 24, medan Peter K. Emblem vart vara med 23 stemmer. Ein beslutta vidare «at indgaa til Sundmøre Dampskibsselskab med Begjæring om at få Ekspedi- sjonen overdraget til den som har leiet Kaien.» Her er nok ein gong namnet til Iver stroke over i protokollen og erstatta med «den som har leiet Kaien». Styret vart også pålagt å få i stand dette så snart som mulig. Kva som var årsaka til at Iver sitt namn vart stroke over, er eg ikkje sikker på, men det er
mykje som tydar på at det var Iver som var leigetakaren, og det må i så fall alle dei frammøtte aksjonærane ha visst. Årsaka til at «leigaren» ynskte ekspedisjonen, var truleg at det var litt pengar å hente i dette. 200 kroner i leige var den gongen ein stor sum, så eg trur at det var ønske om å få litt at- tende også. Mykje tyder på at han løyste floka med Sevrin, som nok hadde meir tillit til han.
Kostnadane aukar
Den 9. mai vart den tredje generalforsamlinga våren 1906 halde. Då det var behov for å drøfte spørsmålet om «ydderligere Uddybning af Grunden». Det må ha vist seg at det ikkje var djupt nok for dei store dampbåtane, eller kanskje var det snakk om hindringar i den næraste leia ved kaia, som dei ikkje hadde oppdaga tidlegare. Dei 14 frammøtte beslutta å forhandle med ein dykkar og arbeidara snarast råd. Ein måtte også få tak i nokon som kun- ne utføre arbeidet. Den 19. juni måtte generalforsamlinga ta stilling til om kaia skulle vere ubenytta til dampskipsanløp fram til arbeidet var ferdig. Styret fekk beskjed om å få fortgang i arbeidet. Den 22. august var arbeidet fullført av dykker A. O. Tjærvaag, og nok ei generalforsamling vart gjen- nomført. Ein bestemte seg no for å leige inn to murara, og forsøke å få tak i resten av arbeidskrafta i eiga bygd. Formannen fekk tillatelse til å søke om lån på selskapets vegne, slik at ein kunne betale for arbeida som allereie var utført.
Den 31. oktober 1906 vart årets siste generalforsamling halde, og ein vart einige om «at sende en Skrivelse til formanden i Direksionen for Søndmøre dampskibsselskab og oplyse om at Kaien er færdig og at samtlige Skibe læger til og ordner Expedisionen efte Kaiselskabets ønske». No stod altså kaia klar og møta vart færre, men først måtte ein få orden på rekneskapet, og dele ut aksjebreva.
Den 7. januar 1907 vart dei frammøtte på generalforsamlinga orienterte om rekneskapet. Kostnaden var på 6140 kroner. Der vart teikna 106 aksjer. Opp- rinneleg hadde ein håpa på å selge såpass mange aksjer at dei kunne settast til 25 kroner stykket. Ingen hadde tenkt seg at kaia skulle verte så dyr. Det vart einstemmig beslutta at kostnadene på kaia skulle fordelast etter kor mange aksjer som var selde. Styret skulle skaffe aksjebrev til kvar aksjonær. Dei skulle overrekkast snarast råd. Ein beslutta å betale 3 kroner, fordelt i to like deler, med frist i januar og 1. juli 1907.
Knut Furseth ynskte ikkje å forsette som kasserar. Han vart avløyst av Andre- as Magnussen Emblem etter at revisjonen var ferdig. Ole Knutsen Emblem vart varakasserar, medan Lærer Lars Flydal og Steffen Knudsen Nedregotten vart valde som revisor. Det vart ikkje så mykje fortgang i aksjebrevsaka, for det var først den 27. november 1907 eit forslag til aksjebrevtekst vart lest opp. Lars Olsen Emblem fekk leige kaia i fem år, mot ei avgift på 350 kroner per år.
Frå 1908 byrja ein det fyrste normale driftsåret, etter at alle arbeidslister hadde kome inn og lønningane var utbetalt. No vart det færre møter, og generalforsamlinga behøvde først og fremst å verte einige om revisorar
og årleg innbetaling av aksjeinnskot. Ved generalforsamlinga i 1909 vart aksjeinnskotet redusert til ei krone. Lars Olsen orienterte forsamlinga om at innteninga på kaia ikkje vart så god som planlagd. Leigeutgiftene hans var høgare enn inntektene, og han fekk lov til å redusere leigesummen til 330 kroner per år. Selskapet heitte no «Emblems Kai».
1911 fekk generalforsamlinga og den nye formannen Peter K. Emblem søk- nad om å redusere leigekostnaden til Lars O. Emblem med 30 kroner til 300. Dette ville verte eit totalt avslag på 50 kroner frå den opphavlege summen, så søknaden vart ikkje innvilga. Det vart også halde ei ekstra generalfor- samling knytt til ein skriftleg søknad etter Nils Rasmussen Nedregotten gjekk bort. Bustyraren ynskte å betale kontant heile gjelda som Nils hadde vore ansvarleg for i eit beløp, mot å avslutte ansvaret for vidare gjeld på dei tre aksjene. Dette vart einstemmig vedteke.
I 1912 gjekk leigeavtalen på kaia ut, og Lars Olsen Emblem fekk levere anbod på leige av kaia. Det verka som om inntektene ikkje hadde auka særleg, for no ynskte han berre å betale 250 kroner per år i 5 år. Vidare hadde det truleg vore ein disputt om kaipengar for passasjerar som skulle i land, eller om- bord på dampskipa til «Søndmørske». Generalforsamlinga såg ikkje at dei på dette tidspunktet kunne kutte avtalen med selskapet om kaipengane for «Passasjerer med Baatene». Ein avtale om forbehold ved sjukdom eller død vart godkjent. Samstundes vart det krevd at dersom andre selskap ynskte å leige plass for anløp på emblemskaia, kunne ikkje Søndmørske eller leiget- akaren nekte dette. Det kan bety at Lars hadde hatt eigen klausul, og at han var ekspeditør for «Søndmørske» sine båtar. Han hadde før 1900 vore ansatt hos nettopp Søndmørske Dampskipselskap langs samme fjorden i to år. Det var ikkje uvanleg å ynskje einerett, men etter kvart som konkurransen auka, kunne det verte to konkurrerande ekspeditørar på kaiene og i Ålesund kjempa fleire selskap om å få passasjerane til å velje nettopp deira båt innover fjorden. Det hadde med andre ord utvikla seg konkurranse om transporten.
Dei siste åra hadde ein nytta motorbåt i staden for dampskip til Emblem, med stoppestad i Straumgjerde. Dermed vart rutetilbodet auka, men det hadde vorte enklare å konkurrere også. Om lag på samme tid kan motorbåt- forbindelsen til Glomset ha starta opp. Dei la kanskje til ved sjøboda til Ma- tias, like aust for nausta til Østremsgardane i starten? Aktieselskapet ”Von” frå Sula starta opp i 1909, og fekk etter kvart rute til Ekornåsvågen før 1914.
Frå 1917 stod ei konkurrerande trekai med motorbåten “Vidar” klar til drift i Hammarsvika, så no kunne emblemsbygdarane velje og vrake i tilbod. Det var neppe nokon heldig utvikling for eigarane av Emblemskaia, men dei hadde i det minste ansvaret for mjølketransporten inntil vidare. Truleg var det også den beste kaia for større vareleveringar. Kjøpmannen i bygda hadde eiga interesse i å fortsette å bruke kaia, så rekneskapen gjekk enno i balanse, men noko stor inntekt var det ikkje. Bygdefolket gjekk gjerne ut til Eikenosvågen for å spare billettpengar, og vegen dit var det også Kjøt-Iver som kosta. Han nytta sjølv den kaia ein del.
Frå 1913 byrja ein å merke behov for å stelle kaia. I 1915 vedtok ein å støype betongplatting der varene skulle lossast, og elles i den utstrekning som styret følte var påkrevd og nødvendig. Fenderverket trong også reprasjon. Utgiftene skulle delast på aksjonærane. Det er mogeleg at ein ynskte å halde på dei største kundane sine, for å konkurrere på gode kaiforhold. Om prisa- ne var like konkurransedyktige, veit eg ikkje, men nokre år seinare finn eg dei første spora av korleis avgiftene vart fordelte på dei ulike vareslaga, for i 1919 vart kaiavgifta revidert.
For last på 100kg vart kostnaden 20 øre, og så meir eller mindre etter vara si vekt eller størrelse. Minsteavgift var 10 øre. Oljefat skulle no koste 40 øre, si- rupsfat 60 øre, hest ei krone, ku 50 øre, småfe 15 øre, støypegods fekk avgift på 25 øre pr. 100kg. Mjølk, som det vart sendt mest av, skulle frå nyåret 1920 koste 2/10 øre per liter. Formannen fekk oppdraget med å forhandle med Sevrin Emblemsvåg om ny ekspeditør på kaia. Det endte likevel med at Lars O. Emblem fekk fortsette som før, mot ei godtgjering på 50,- for 1920. Det vart vidare bestemt at han skulle sørge for alt med ekspedisjonen, men fekk fritak for å inn- kassere kaipengar for ekspediterte varer. Varer som ikke var ekspederte, kunne førast i eiga bok. Ein hadde no gått vekk frå å kreve kaileige, og hel- ler byrja å betale ekspeditøren for jobben. Dette verkar ikkje som noko godt teikn. Låna skulle trass alt betalast i faste avdrag til Borgund Sparebank.
1921 vedtok generalforsamlinga at reparasjon framleis skulle vere pliktarbeid for aksjonærane, og at plikta skulle tilpassast talet på aksjar. Ein skulle nytte sement til å lage ei bane mellom kaia og kaihuset, for dette vart det billigst. Ein ga også styret rett til å lage betongplatting for lossing av varene, og ei kaiavgift på 50 øre for matrialar som skulle lossast eller lastast. Ekspedi- tøren vart dessutan pålagd å utøve skjøn i slike tilfelle. Den 30. desember vart den siste generalforsamlinga halde for 1921. Ein hadde hatt ei inntekt på 783,38,- det året, før utgiftene vart trekte frå, og ny ekspeditør vart Joakim J. Emblem. Han skulle ta til i arbeidet frå nyåret 1922, og tok også over poståpnaransvaret frå Lars Olsen Emblem.
Joakim fekk ansvar for å kreve inn alle godsinntektene frå kaia, og ta vare på pengane som skulle til kasseraren 1. juli og 1. januar. I 1922 vart det bestemt at billettane for passasjerar skulle reduserast frå 20 til 10 øre. Det hadde samanheng med at sambygdingane heller valde å gå til Ekornes- vågen, for å få billegare skyss. Det vart soleis unødvendig.
Januar 1925 var gjelda til Borgund Sparebank redusert til 1400 kroner. Hans Furseth søkte generalforsamlinga om å få leige boden på kaia. Leigesum- men vart sett til 5,- per år. Det som er interessant her, er at han gav seg som kjøpmann i Emblemsbygda eitt eller to år tidlegare. Hans var sonen til den tidlegare nemnde Iver Karlsen Furseth, og hadde dreve butikk på både Skorene og Magnusbakken (Akslabuda). Han kjøpte opp eigedom og va- rebehaldninga til det fyrste kooperative handelslaget i Spjelkavika, før han selde butikken i Emblemsbygda. Han skifta også namn til Hans Iversen. Kvifor Hans ynskte å leige boden på kaia i 1925, og ikkje tidlegare, verkar rart. Inntekta til ekspeditøren på kaia vart fastsett til 5% av kaiinntektene
frå 1.1.1925. Den 20. juni vart det halde ei ny generalforsamling hos Johan J. Emblem. Formannen, Lars Olsen Emblem var død, og erstatta av Ole Larsen Emblem. Det same året vedtok ein å kjøpa ei brukt kran frå Hoverud og Aspesæter for 100 kr. Det var dei to karane som hadde kjøpt Negarden, og forsøkte seg på frilandsgartneri utan hell.
I 1926 vart det kalla inn til ny generalforsamling den 2. februar. ”Emblems Landhandel” ynskte å leige eit rom i ekspedisjonshuset. Søknaden vart godkjend mot ei årleg leige på 25 kroner i to rater. Kven eigaren av Em- blems Landhandel var, er eg ikkje heilt sikker på, men det var før Samvirke- laget si tid, så det må ha vore Thomas Kaldhussæter. Lars og Knut Akslen, som kjøpte butikken på Magnusbakken frå Hans Furseth, kalla seg ”L. K. Akslen”, og Sevrin J. Emblem starta ikkje opp før 1930. Thomas forsøkte
å ta over handelen i lokala etter avlidne Lars Olsen Emblem på Elvarum, men det gjekk ikkje så bra. Han måtte gje seg etter kort tid. Lars og Knut Akslen dukkar også opp i referatet frå den 11. januar 1928, to år seinare, der generalforsamlinga kom fram til at sjøboden på kaia, eigd av Lars K. Akslen skulle betale 30 kroner per år for i leige av grunn. Var eigaren ikkje interessert i å betale, «så maa huset fjernes innen utgangen av april måned. Frem til så skjer skal leien betales til kailaget.» Det er grunn til å tru at det var snakk om eit kaibygg som anten Maude eller Hans Furseth hadde bygd for landhandelen på Magnusbakken. Det vart sikkert nytta som lagerrom. Bygget vart det ikkje betalt leige for, og enda som stabbur i Flydalgarden i staden.
I 1931 ser ein at noko har skjedd. Avgift i samband med lagring av saltfisk på kaia vart sett til 50 øre pr 1000 stk. No var det liten trafikk på kaia, og Emblemsbygda Billag hadde starta opp drifta. Utleige av lagerplass på sjølve kaia vitnar om dette. Fortsatt var der ei båtrute som gjekk innom kaia, så i 1932 vedtok ein å sette den i stand at. Dei skulle kontakte Møre Fylke om å få rute til Emblem som før. Kailaget skulle også kontakte “Møre Fylkes Direktion” om å få satt ned kaipengane for billett frå 20 til 10 øre. Joakim
J. Emblem sa opp stillinga si som ekspeditør dette året, frå og med 1. juni.
«Man diskuterte spørsmaalet om ekspeditør men ingen var villig at paatage sig stillingen da indtegterne paa kaien er saa liten at det vil ikke svare sig for nogen efter som det har vært til denne tid. Det blev sat forslag fra for- manden om, at den som vilde paata sig expeditionen skulde faa den indtegt som kaien gav til løn, saa selskapet slap nogen ekstra utgift til expeditøren. Dette blev enstemmig vedtat og møte hevet.»
Kassaboka syner også at det var liten inntening, og at det stort sett var litt kaileige, og aksjonærane sjølve som stod for det meste av inntektene i selskapets levetid. 1931 vart siste året med mjølk også Kassaboksidene frå tida 1932-1940 er desverre rivne ut, så det finst ikkje noko som er skrive før 27. august 1940. Då er det fortsatt generalforsamling det er snakk om, men namnet er no ”A/S Emblems Kaiselskap” og det er reprasjonar av kaia som vart diskutert og godkjent. Kassaboka syner at det i perioden 1932-1950 var det lite som skjedde. Frå 1942, når den siste båtruta til kaia vart nedlagd, finn eg heller ingen eksterne inntekter. Kailaget var truleg meir eller mindre innaktivt fram til 21. november 1945.
Kailaget gjekk i balanse desse åra med 79,33,- netto, men det var mest snakk om innbetalingar frå aksjonærane, samt Knut og Per Nedregotten som leig- de kaia til opplagsplass for material. Avgifta vart sett til 10 kroner for kaia, og samme for kaihuset. Til saman 20 kroner per månad. Kor lenge dei heldt til på Emblemskaia er eg ikkje sikker på, men dei var vel kanskje på plass i nytt trelastlager seinast 1948. Dei kan ha lagra litt på kaia ei stund til. Det vart nemleg forhandla fram leigekontrakt med nye leigetakarar frå 1952, og de var ikkje med Per og Knut.
På ny vart det ein lang pause utan generalforsamling, før ei vart halde
26. april 1951 på postkontoret i kjellaren til Eddy og Johan J. Emblem på Garsendhaugen. Johan var sonen til tidlegare kaiekspeditør og postopnar Joakim J. Emblem. Det står i protokollen at Gullik Heitmann ynskte å leiga kaia, men i kassaboka finn eg berre leigeinntekter frå “Flemsøys Rederi på Hareid”, med årlege innbetalingar frå 1953 til 1959. Seinare korrespondanse mellom rederi og formann, Karl O. Emblem, 31. august 1971 gjev infor- masjon om at leigeavtalen frå 1952 gjaldt oppbevaring av spekktankar på Emblem Kai.
Det tydar på at kaidrifta hadde stagnert, med unntak av langtidsutleige av kai og kaihus. Det var nok vanskeleg å drive kaia når Emblemsruta hadde tatt over varetransporten og båttrafikken var nedlagt. Kailaget hadde litt å gjere dei fyrste åra med busselskap i bygda, for vegane var temmeleg dår- lege, særleg om vinteren og våren i teleøysinga. Billaget såg det derfor som påkrevd å ha alternativ båtskyss for å få mjølka tidsnok av garde. Men frå 1932 vart vegane betre ute i Myrabakken. Dermed var det mest Puskebak- kane som baud på problem for bussane. No kunne rutelaget køyra gjennom bygda heile året, utan at lensmannen fekk lov til å stenge vegen under teleløysinga lenger. Billaget fekk også medhald i at det var Borgund kom- mune sitt ansvar å sette vegane i forsvarleg stand til rutekøyring framover. Då vart det ikkje behov for ekstra beredskap med båtfrakt av mjølka til meieriet i Ålesund lenger. I 1942 vart all båtskyss lagt ned.
Den neste generalforsamlinga vart ikkje halde før 25. oktober 1971 i følge møteboka, men referatet nemner eit ekstra årsmøte den 16. desember 1966, så det tyder på at ikkje alt vart notert skikkeleg. Årsmøtereferatet frå 1966 finn eg i kassaboka. Der er også ei rekke brev til Flemsøy Rederi med påføl- gande svar. Der var også eit brev til Johan Johansen Emleim, med krav om livbøye og lys på kaia, samt vidare korrespondanse. Saldoen 1. januar 1971 var på 1199,63 kroner, medan det 25. oktober 1971 kun er 261 kroner att. Då var lys og livbøye på plass. No var det Karl O. Emblem frå Steffågarden som tok tak for å få oppdatert leigeavtalar og kassarekneskap. Dei frammøt- te andelseigarane var Karl O. Emblem, Petter P. Emblem, Johan E. Emblem, Fritjof Emblem, Karl K. Emblem, Edvin E. Emblem, Lars Emblemsvåg, Ivar Flydal og Odd Ørbeck.
Det var truleg på denne tida ein beslutta å leggje ned heile selskapet. For å få orden på eigartilhøva, skulle arvingane til alle kjende eigarane av gamle aksjar tilskrivast. Dette skulle vere eit krav om oppgåve over kven av arvin- gane som skulle ta over. Dersom desse ikkje svarte innan fire veker, skulle aksjane gå til kailaget utan noko vederlag til arvingane. Karl K. Emblem, Petter P. Emblem, Fritjof Emblem og Ivar Flydal vart valde til å setja i gong det mest nødendige vølingsarbeidet av kaia og kaihuset for selskapets rekning. Karl O. Emblem førte siste rekneskapet for kailaget i 1984. Pengane som var til overs, vart tatt ut av banken, og kontoen avslutta. Sidan har det ikkje vore nokon kommersiell drift lenger.
Det kan verke som om så og seie ingen krevde å få løyst inn aksjane sine. For nokre år attende fann eg ei avslutta raud bankbok frå Borgund Spare- bank, saman med kaiprotokoll og nokre gamle hundrekronesetlar, som var utgått på dato. Takka vere denne kaiprotokollen, kan delar av historia om dampskipskaia takast vare på for ettertida.