Bnr. 10 Myrvang
Delt frå bnr. 3 Sirigarden også kalla «Reset».
Trykk her for å finne omtrent kvar tunet låg
Karl Andreas Karlson Nedregotten(4) (1878-1970), frå nabobruket Elvemyr 4, fekk delt frå dette bruket i 1910. Han var skomakar, telefonstyrar og bror til 567 Elias i Løvika, Nedregotten(7). Karl hadde gifta seg i 1903 med Berthe Johanne Ananiasdotter Fauskehagen(I,6) (1876-1925), frå Sykkylven. Ho hadde opphavleg kome til Emblemsbygda som meierske på «Emblem Smørmeieri». Det nye småbruket var opphavleg Sirigarden sin teig i vestre ende av torvmyra. Det er nok årsaka til at så mange av dei nye småbruka i dette området fekk slike myr-namn. Nabobruket Elvemyr 8 var ein tilsvarande myrteig til Guttormgarden, ifølge skyldskifteforretninga over innmarka til dei eldste gardane i 1857.
Myrvang låg like ved ein bakketopp som heitte «Hjellhaugreset», eller «Reset» på folkemunne. Karl fekk derfor tilnamnet «Rese-Karl». Heimen vart eit knutepunkt i bygda, sjøl for karane som ikke skulle handle eller ringe. Dei sette seg ned like ved og «heldt børs». Karl var også ein av dei viktigaste bidragsytarane, når den forrige bygdeboka skulle skrivast. I 1921 kjøpte han attåt eit stykke frå Skaret, Nedregotten(1), som fekk bruksnummer 11. Han skøytte frå seg begge bruksnummer til sonen før 1960. Desember 1963 fekk bygda automatisk telefonsentral på Elvarum. Då vart den manuelle telefonstasjonen på Reset lagt ned.
Hønsehuset på garden er opphaveleg eit sel frå gamlestølen, kalla «Rognestølen» i Magerholmdalen. Det stod att når den første husmannen etablerte seg i dalen, like ved setra. Brukarane på Magerholm etablerte ei ny seter lenger framme i dalen, men dette selet vart ståande att, og seld av Karl Engeseth etter eit forsøk på å bruke bygget til kvern. Rese-Karl fekk seinare kjøpe eit stykke frå Skaret nord om bygdevegen, med bruksnummer 11, der neste brukar bygde seg nytt hus.
a) Sofie Petrine 1896-1983 1915 g.m. Bernhard Nikolai Bergh, Nedregotten(4). Karl fekk Sofie med (Lovise) Gurine Sevrinsd. Nedregotten(8), frå nabobruket. Busett i Ålesund. Mora døydde på gamleheim der.
b) Anna Kaspara 1904-1983 gravlagd på Hatlehol.
c) Annanias Marius 1906-1960 fekk skild ut tomt frå Skaret, Nedregotten(1) i 1921. Tomta fekk bruksnummer 11. Drog til USA for å arbeide i 1923 og 1927.
d) Kristofa Borghild 1908-1985 1938 g.m. sekretær Kristofer Aulie, busett Oslo.
e) Kaspara 1912-1979 1935 g.m. Olav Hansen, busett ved bruket. Ho vaska i mange år på Emblem skule, og det vart fortalt at ho huska bursdagane til alle skuleborna.
f) Konrad Valdemar 1914-1978 tok over bruket.
Sonen Konrad Valdemar Nedregotten(10) (1914-1978) gifta seg 1942, med Olga Standal(S,6) (1921- 2001), frå Hjørundfjord. Han var lastebileigar. Dei bygde seg ny bustad nord for bygdevegen, på eit stykke kjøpt frå Skaret, med bruksnummer 11. Det var først berre ei mura etasje, men vart på sikt eit to-etasjes funkishus. Konrad overlot lastebilverksemda til svigersonen, Svein Arne Hoel, som videre- utvikla bedrifta under namnet «Hoel Transport». Selskapet har vore i drift fram mot våre dagar. Dei var dei siste som brukte sommarfjøsane til Nedregotten, ovanfor tuna på Østrem. Bruket vart lagt ned i hans tid. Huset brann ned i 2005, etter å ha fått nye eigarar, men hønsehuset står framleis. Det var opphaveleg seterhus i Magerholmdalen, og kvernhus på Magerholm.
a) Bodil f.1942 1967 g.m. Øistein Yggeseth, busett Heggedal. Tok over bruket saman med søstrene.
b) Rønnaug f.1945 1963 g.m. Svein Arne Hoel, bygde hus på bruket. Tok over bruket saman med søstrene.
c) Kirsti f.1950 1971 g.m. Arne Jakob Haram. Bygde hus på bruket. Tok over bruket saman med søstrene.
(tredelt)
Døtrene Bod
il, Rønnaug og Kirsti tok over dei resterande delane av bruket, som ikkje var delte opp i hustomter 2002. Dei er framleis registrerte som grunneigarar på bruksnummer 10, mot Storelva nord for hovudvegen.