I bestefars rike
Av Kåre Magerholm
Lytt til ein ljom i dal og fjell,
av tralling og bjølleklong,
av lokk og lur og bekkespel,
ein gjenljod av huldresong.
Ja! Dette er fra Magerholmdalen, som har vore Magerholmgardens og alle bygselplassane som låg under hovedbruket, sin havne og sætersdal i mange år. Ja, heilt ifra bjørnen og ulvens tid. Ellers har det vore tømmerdrift i dalen fra langt bak i tida!
Mi meining med å skrive dette, er å bevare minnet om folket som busette seg i dalen for 150 år siden, og budde der i 100 år. grunnen til at eg kom til mine besteforeldre i Dalen, var at eg var eldste sonesonen, og heitte oppatt etter dei. Bortsett fra at ho Anna og ho Petra, søskenborna mine i Puskhola, var der i to korte periodar vart eg verande åleine i Dalen som barn. Derfor vart konsentrasjonen om det eg opplevde sterk. So minnene derifrå har sete klistra fast i meg gjennom heile livet.
Eg kom til dalen då eg var tre år og for derifrå då eg var sju for å byrje på skulen i Spjelkavik. Seinare, etter at besteforeldra mine flytte frå Dalen til Puskhola i 1927, var eg med bestefar fleire gongar innatt i Dalen der han slo Nybrøtet, eit stykke han hadde brøte opp sjølv.
Etter kvart som åra gjekk fortalde dei mykje om slekta og om sine forfedre. Eter fjøstellet om kveldane sat vi i ljoset av parafinlampen og fortalde og song.
Vi hadde kyr, det var ho Grådue, Blomsterei, Litago og to kviger og gris og ti sauer. Og so var det hunden, han Karo. Ofte var eg med bestefar rundt om i dalen, han såg då oftast etter sauene. Han fortalde då om nakkane, som heile dalen er omkrinsa av. Om namna på desse, og kvifor dei har desse namna. Om myrar og elvar og bekkar og skar, om tjørehjellen der det vart brent tjøre. Om kolmiler som var ei attåtnæring. Og ellers fortalde han om mange navn på heimebøen. Vest på bøen heiter "Rognestølen", der hadde den gamlaste Magerholmsetra lege. Nakken utanfor heiter Gamlesetranakken, kalt Gamstenakken. Der var frå gamalt av tre små sel, to av desse vart flytta lenger fram i dalen der den noverande sætra er. Truleg er det murane etter disse to sela som viser enno, like nedanfor dei noverande sela. Det tredje vart ståande att på Daleplassen heilt fram til bestefars tid. Dette vart flytt til Skaret på Emblem og stod nord for bygdevegen på Reset og vart brukt av "Myre-Karl" til hønsehus. Sonen til Karl, Konrad, har no flytt det lenger nord der det står no. (Det er kanskje uthuset som står på andre sida av hovudvegen for bedehuset framleis red. anm.)
Om Dalefolket
Bestefar sa: "Det er ingen som har lidt nokon naud i Dalen". Dei hadde nesten alt dei trongde. Dei dyrka korn, dei avla både bygg og havre. Dei hadde også prøvd med kveite, men det var vanskeleg å få mod. Dei hadde kvern i elva, som mol grovt. Dei hadde truskemaskiner. Dei vart drevne av ein kall som stod lenger framme i elva. Der var dugnadsfolk frå Magerholm, til trusking, kornskjering og til flatbrødbaksten. Dei leigde i den siste tida mann og hest til pløging av åkrane. I den tida eg var det han Jakob-Knut fra Emblem som pløgde (frå Jakobgarden red. anm.) .
Folket på Magerholm hjelpte kvarandre i onneneæ, og ellers om det kneip om. Bestefar hadde seks dagar pliktarbeid på hovedbruket. Eg hadde inntrykk av at Lars Magerholm og bestefar gjekk godt saman, dei var saman både i fjell og på sjø. Det hende ofte at dei for over Storfjorden saman til kyrkja i Sykkylven. Konene var sjølvsagt med. Ein gong dei skulde tilbake fra kyrkja i sykkylven over fjorden, bles det opp med sterk vestavind. då var det ho bestemor som tok roret. Ho Ensina, kona til Lars, var redd og sat i framskuten og gret. Då ropte han Lars: "Kva du sit og ryler etter kjerring, sjå på ho Petrina (bestemor) du!". Ja, sigle det kunne ho bestemor, for det hadde ho lært av han Hoseth-Bendik på Vatne. Ho hadde tent han i tre år. Ho måtte vere med han på utror på havet. Ein gong det vart stygt vér måtte dei søke havn inn til Alnes. Der kom det ein gubbe ned på brygga og sa: "Hø? Hev døkke med døkke kvinnfolk i slikt ver. Det må då vere måte på! ".
(Det var nok snakk om vinterfisket og utror mot fiskebankane i tidsrommet februar til påske red. anm.)
Dalefolket hadde heilt sidan dei kom i slutten av 1820-åra dreve mykje sjøen. Dei var til stadig ute med garn, liner og kastenot, og på linefiske etter kveite. Bestefar var godt kjend på botnen i Storfjorden. Han viste om med og merker. Kveiteliner var botnaliner. Dei kunne ikkje setjast på sjeten botn, for der vart agnet oppete av åtet. Dalefolket hadde også dreve linefiske ved Furstranda, og i årerekker var dei på torskefiske på Lestadbukta i åpen båt, og losjerte på Alnes. Bestemor fortalde at det var ofte hardt å sitte åleine att i Dalen når mannen hennar var vekk på fiske, og borna var små. Ho måtte ofte fylgje dei til skulen. Og når snøen var djup måtte ho gå i forvegen og trakke rås.
Barneminner fra Magerholmdalen og Magerholm
Eit vakkert minne frå Dalen!
Dette var i grunn ein tradisjon for Dalefolket å stå ute på trappa Nyttårskvelden når véret var fint, for å høyre Kyrkjeklokka i Sykkylven. Dette kan eg koma i hug særskilt ein gong det var fint måneskin. Det glitra i snøen. Vi hadde føling av å stå oppe i eit sølvparadis, med all sin glitter og prakt. Bestefar fortalde om stjernehimmelen, og sang eit salmevers. Det var: "Drag Jesu mei opp efter dei. så følger jeg med lengsel". Då kyrkjeklokka i Sykkylven ringde Nyttåret inn, og hadde slege eit slag for kl. 24.00, tok me tre einsame mennesker som stod på trappa i Magerholmdalen kvarandre i hendene og ønskte Godt Nyttår. Eg fekk eit glas saft, det var stor stas den gongen!
Den store Heggen
Utanfor huset i Dalen var hagen med solbær, rips og stikkelsbær, også ei apal. kirsebeær var der på eit tre ut på ei av dei gamle seltuftene lenger ut på bøen. Like nedanfor hagen stod ein kjempestor hegg. I den var sjorareir kalt "Grisen". Kan kome i hug den heggen om våren. Då var han dekt av kvite blomar. Ja, då kalte vi han "vårbruda vår"! , og om hausten med all sin veldige fargeprakt, i gul, raudt, brunt, grønt, ja i alle nyansar. Men ei stormnatt bles heggen ned. Den vart liggandes langsetter innsida av løa. Den var so stor at den rakk femten meter ovanfor løa. Den stengde inngangen til fjøsen, så ho bestemor måtte i vedhuset etter sag og øks for å sage tunell inn til fjøsdøra.
Den grove grauten
Om vinteren hadde vi alltid noko å henge fingrane i. Bestefar var mykje i vedhuset, og saga og hogg ved. Om kveldane batt han kaser, noko på bestilling, og noko til forretninger i byen. Bestemor spann, strikka og vov. Dei var sjølvhjelpte mest over alt. Når dei for til handelsmannen, var det mest for å kjøpe parafin, salt, sukker, gjær og noko siktamjøl, som bestemor blanda i heimemjølet til brødbaksten. Til kveldsmat kokte bestemor alltid graut. Den var eg ikkje særleg begeistra for. Den var so grov at eg kjende agna for ned gjennom halsen. Bestefar skulda på kverna i elva som hadde for elt overstein. "Ingen tok skade av grauten!".
Eit uver i Grøndalen
Eg fylgde bestefar nesten over alt, også var eg med han på sjøen, mest når han skulle sete ut garn. Ein tur eg aldri gløymer! Det var ein tur til Svartevasslia. Der hadde Dalefolket rett til å take never og bark. Nevra vart brukt til å reparere hustaka med, for der var torvtak på alle husa i Dalen, og bjørkabarken brukte han til barking av vegna (garn red. anm.).
Vi la tidleg i veg om morgonen og véret var fint då me starta. Råsa går fyrst over Stormyra langs elva (Eiteråna). So kjem vi fram i Grøndalen. Den dalen er liksom ei stor gryte for seg sjølv fremst i dalen. I botnen ligg ei stor myr (Grøndalsmyra). Ho ligg der om hausten gul og raud, ho minner om eit kjempestort teppe på eit stovegolv. I syd er ein fjelltopp som heiter "Blånobba". råsa går vidare over Svartevassremen og ned til Svartevatnet. Der går bytet mellom Borgund og Skodje. På nordsida av Svartevassfjellet ligg Svartevasslia, der Dalefolket hadde neverrett. Dette fjellet har ogso andre navn. Blåfjellet og Merafta.
Vi arbeidde i lia utover dagen med nedfelling av bjørk, avflekking av never og bark, og nevermeisa fekk bestefar på ryggen, og vi la på heimveg. Eg syntest at han nevnte noko om uvér, han var liksom so lav i målet. Men då vi kom i Grøndalen vart det so underleg stilt, mørkt og rart. Eg syntes eg såg huldra i alle skuggar, og dei store gamle trollfurene som veks der hadde virkelig blitt om til troll som strekte sine svære sidearmar til alle kantar. Plutseleg vart det eit voldsomt smell og eit ljos som eg aldri hadde sett før. Og so braket som kom etterpå. Eg hylte og skreik, og kneip tak i den brune vadmeltrøya til bestefar min.: "Er det dommedag som ho bestemor har fortalt om!!?" "Så, så", trøsta bestefar "det er nok berre ei sterk torebyge". Då vi kom heim fanst det ikkje ein turr tråd på oss. Eg gjekk rett i senga den dagen. Ja, det kan eg vere glad for, for dei svære trollfurene i Grøndalen hadde byrja å svinge med sidearmene etter meg den dagen!
Eiteråna
Eiteråna er navnet på elva som kjem frå Grøndalen og renn ned gjennom dalen, Å-bakkane, og går i sjøen like utanfor eiteråneset, omtrent midtvegs mellom Magerholm og Hesseberg. Navnet skriv seg frå at når ho har stor vassføring freser ho. Ja, då er ho eitrande sint!
Oppe i Nybrøtet
Etter at bestefar hadde flytte frå dalen var han kvar sumar innatt. Han hadde halde att der eit stykke som han hadde brote opp sjølv. Dette stykket kalla han "Nybrøtet". Dette stykket ligg i utmarka ovanfor løa. Eg var fleire gonger med han og slo der. Vi overnatta i huset. Ein dag vi to sat i Nybrøtet og hadde kaffipause, begynte eg å spyrje han ut om Bjønnanakken. Den nakken ligg rett i syd for dalehusa. Kvifor hadde nakken dette navnet? kvifor hadde slåttemarka på nordsida av nakken navnet Bjønnahåla? Og kvifor heitte den vesle myra på sydsida Bjønnamyra?
No fekk eg for fyrste gong høyre han fortalde om bjørn: i 1830-åra vart det gått bjønnamanngard over heile Uksnøya. På sydsida av nakken er der nokre stupbratte hamrar der ein bjørn heldt til i ei flå, der hadde han også hi. Dit opp hadde ikkje jegrane kome seg, so bjørnen lurte dei. Dette var ein
stor gamal hannbjørn som var grasbjørn, so han gjorde ikkje krøtera noko.
Knut Tjugen var bestefar til bestefar min, og han budde då på Daleplassen. Den nye forpaktaren på Aksla - som forpakta Aksla etter Knut Tjugen - var Lars Akslen. Knut og Lars vart då samde om å skyte bjørnen. Bjørnen kom or hiet på ein viss dato om våren. Han gjekk over Løypemyra, og fylgde nakkane fram til Grøndalen, der han grov opp nokre røter som han åt. Knut og Lars la seg då oppe i ei flå i Sjylsternakken og venta. Og rett nok, der kom bjørnen! Dei skaut han. Han røyste seg då opp på bakføtene og datt på ryggen, daud. Knut Tjugen for heim etter hest og slede for å køyre til gards den skotne bjørnen. Men hesten nekta å gå inn til bjørnen. Han bles i nasen og reiste seg opp, så dei måtte sprette han ifrå sleden og binde han i eit tre. Knut og Lars måtte drage bjørnen til gards med handemakt. Denne historia har gått i arv. "Dette hende før mi tid", sa bestefar.
Bestemor hadde også tidlegare fortalt meg om ei jente som heitte Kanutte, som møtte ein bjørn utanfor Sjøalet ned for Daleplassen. Kven denne Kanutte var, har eg enno ikkje greidd å spore opp. Det er mest truleg at ho var frå enno eldre tid! (truleg ei tenestejente red. anm.) Det er nokså truleg at bjørnen likte seg i Magerholmdalen i den tette skogen. Det er eit dyr som likar å rusle einsam omkring. Derimot går ulven mest i flokkar og likar seg best på snaufjellet.
Harde slag for Dalefolket
Det var nok ikkje alltid greitt for Dalefolket heller. Dei var nøkternt og sparsame folk. Dei kunne spare seg opp penger som dei sette i banken. Ho Inga, pleiedottera til bestefar, hadde vore på Austlandet og tjent. Ho hadde spart seg opp 8000,-. Desse pengane må du sete i banken, sa pleiefaren. Ho so gjorde. Og der rauk banken - den gjekk konkurs. Bestefar mista 14000,- og Inga kr. 8000,-. Dette var harde bud for "ørespararane" den gongen. Besteforeldra mine hadde ein litan gut som døydde. Han heitte Rangvald. Då vart det sorg i Dalen.
Fleire år etter døydde sonen Andreas. Han hadde vore i Amerika og tjent penger. Då han kom heim, kjøpte han Hansgarden på Flisneset. Det var i 1918. Same året døydde han i Spanskesykja. Bestemor fortalde at der var nedsett femten kister i same grava. Dette var i indste og nørste kråa på Borgund kyrkjegard. Andreas var gift med Maria Rot frå Vartdal. Då mannen døydde, selde enka garden og flytte til Barstadvika, der etterkommerane bur endå. Bestefar sukka tungt og sa: " Det har vore mangt", men det hardaste slaget for han var at han måtte flytte frå dalen. For dalen var hans rike, der treivst han, der song han, der hadde han sin motgang og medgang, der levde han! Eg veit at det gjekk hardt inn på han at han måtte flytte frå dalen!
Folk som vitja Magerholmdalen i mi tid
Ein tur opp i dalen var ein fin tur for dei fleste folka på Magerholm og omegn. Det vart då mest søndagstur. Dei eg kan kome i hug var han "Vika-Tore" og ho Kalla, syster hans (frå Magerholmvika. Han var kaptein på første privatferga på Magerholm red. anm.) , og han Steffå og sonen Peder frå Pe-Haugane (Nabogarden til Magerholmvika red. anm.). Og so må eg for all del ikkje gløyme ho Hesseberg-Tomasine (også kalla "Tomsina" red. anm.) Ho skratta og log støtt, og hvis nokon fortalde ei skrøne vart det ikkje stopp i skrattinga. (Ho brukte å advare katten sin før han fekk middagsrestane: -"No må du endele hugse å blåse på!" red. anm.)
Borgund-prestefrua Eikrem var kvar sumar gjest i Dalen. Ho hadde med speidarar, og dei rasta fram på Lynghaugen. Elles var det slekta vår som kom. Kan ikkje kome i hug Puskefolket, når dei kom. Det var han Onkel Ole og ho tante Kalla (Karoline Magerholm g. Ødegård) og borna, Johan, Anna, Petra, og Knut og Helga sat på hesteryggen. Hesten heitte "Tryggen", ja , då vart det stor stas! Om vinteren var der sjeldan besøk. Det var mest han Lars på hovedbruket. Han starta med tømmerkjøyringa straks snøen kom, og held på med dette heile vinteren. Lars var ein lun og koseleg kar, og ein jamn slitar.
På hovedbruket. (Magerholm)
Der budde han Lars (f. 1856, d.1929) og kona Jensina (f. 1851, d. 1935) og sonen Karl (f.1884, d. 1956). Karl var sjeldan heime. Då eg var i Dalen kan eg so vidt huske han. Karl var mest på sjøen. Han hadde lita interesse for gardsbruk. Det var sjøen som stod han nærast. Karl var ein lun og koseleg kar, han var godt likt av sine arbeidskameratar på sjøen. Han var rasande på Sunmørsposten. Det går mange historier etter han. Mellom anna ei historie om at han fekk servert torskehaud på ein kafe i Ålesund. Då sette Karl opp ei alvorleg mine og spurde serveringdama: "Tror di jei er en guanomølle!?"
Lars på hovedbruket hadde fleire tjenestejenter. Det var ho Bia, Lina og Emma. Kan kome i hug når desse gjekk på sætra. Før eg kom til Dalen vart det meg fortalt at syster til Jensina, Anna og broren Halvard, budde der også. Halvard var vist litt av ein skrue. Han var også diktar. Han dikta mellom anna om "Oppsitterne på Magerholm". Det var slik:
Knut Knutsen
Lars Danielsen
Krissen Kølbrennar
og Petter i Vig
I (Magerholm)Vika
I vika budde han Petter og Kona Torstina. Sonen, Tor, var skomakar. Han hadde også motorbåt, og for ofte over Storfjorden til Sykkylven med færdafolk. Seinare kom han saman med doktor Weiberg-Aurdal om starting av ferga Magerholm-Sykkylven. Tore vart skipper på den fyrste ferga, "RÅNA". Ho Kalla, syster til Tore, gjekk på sætra i Dalen då eg var der. Den andre systera, Lovise, vart gift med Rasmus Hesseberg. Mor til Torstina, ho Vika-Lovise, budde også i Vika då. Ho brukte ofte på skøy å seie når månen steig over Dalenakkane: "Å nei, å nei, kor fint dei har pussa månen oppe i Dala i dag". Tore hadde også ein bror, det var han Petter. Han var sjømann, fyrst stuert, sidan skipper. Han var gift med Klara Emblem ("Ystebø Klara"), tanta mi. Dei flytte til Spjelkavik, og budde der til dei døydde. Han Petter-onkel omkom med "Torulf" ved Nordkapp. (drukna i 1950 red. anm.)
På Pe-Haugane
Der budde han Steffå og kona Laura, og sonen Peder. Han vart seinare gift med Borghild Slagnes. Peder gjekk på sætra då eg var i Dalen. Bestemor mi held mykje av Peder. Peder var gromguten hennar.
På Krissenplassen
Der budde han "Krissen" og kona Marte. Kristen sat mykje i skylet innunder huset sitt og gjorde ljåorv og river. Han hadde ein fin patent når han måla skafta. Han brukte eit rør med botn i. Røret var fylt med maling, og der trakk han skafta nedi, og drog so skaftet sakte opp att. Og blå vart dei - Kristenblå. Ho Marte, kona hans, var snill. Mange eple fekk eg, og i posen hadde ho vafler og lefser som eg skulde ha på heimvegen.
Ovanfor Gasseneset
Der budde han Ludvig Berntsen i eige hus. Kona hans var frå Bryggja på Hesseberg, men ho var død. Ludvig dreiv med diskfabrikk i kjellaren sin. Han hadde vore i Amerika og lært å lime glas. Ludvig var ein snill mann. Eg syntest det var svært å få trø på dreiebenken hans, og det store hjulet gjekk rundt.
Brendhaugen
Sidan eg har skrive om Krissenplassen, kan eg like godt ta ein runde ut på Brendhaugen, som ligg like utanfor. Det var han Johan og kona Else (og ein Tafjord) som budde der. Der har eg eit minne ifrå som gjorde eit sterkt inntrykk på ein liten gutonge som eg då var:
Ovanfor bygdevegen hadde Brendhaugfolket ein stor jordbæråker, og i den stod eit stort fugleskræmsel. det var ei stor trollkjærring i full mundering, og den klesdrakta ho hadde på, kan ikkje beskrivast, den måtte opplevast. Ja, sjølv kråka måtte ha respekt for henne. Om ein målar hadde prøvd å måle henne hadde han gått Picasso i næringa. Frå trollkjærringa gjekk det ei snor over bygdevegen og opp til husa. Når folket på Brendhaugen drog i snora vart det eit syndens lurveleven på kjærringa! Det var nesten like fælt som mykje av den moderne musikken av i dag!
På Jakjamneset
Dette neset ligg like innanfor den noverande fergekaia (dvs. ikkje den som står der no red. anm.) Der hadde Dalefolket tørkeberg for fisk. Når vi var i Dalen og såg skoddedottar i Ramotindane, var véret utrygt. Då måtte vi skunde på og kome oss nedover bakkane og få ihop fisken og dekke den. So var det full fart for å kome opp att i Dalen for å berge tørrhøyet. Dalefolket fekk rikeleg med mosjon.
Magerholmgarden skulde seljast
Då Lars og Jensina på hovedbruket var blitt gamle, ville dei selge Magerholmgarden. Bestefar spurde då han Lars om han fekk kjøpe Daleplassen. Til dette spørsmål svara Lars at det skulde han få. Prisen var 5000,-. Bestefar syntest då det var leitt at Dalen skulde fara ut or slekta. Han tenkte på alt han og hans forfedre hadde slete opp, grøfting, bryting og byggjing av husa. Då spurde bestefar meg: "Vil du Kåre ha Dalen, so skal eg kjøpa han til deg" Eg var då berre ein liten gutonge, og kunne ikkje seie korkje ha eller ja. Men ho bestemor sette seg sterkt imot dette og sa: "Kva er det du tulla med Knut! Hev oss ikkje krøpe nok her oppe i snøva, om du ikkje skal lokke andre også hit opp!" Det kom nok også eit anna bilete inn her som ho tenkte på. Det var ikkje alderstrygd i den tida. Dei måtte leve resten av livet av sparepengane. Eg har tenkt over dette seinare. Hadde eg svara ja den gongen, so hadde kanskje Dalen vore i slekta enno.
Magerholmgarden bytte eigarar
So selde Lars og Jensina garden til Karl Engeset frå Norddal. Lars heldt att Bøen, eller Paraten som dei kalla plassen. Den ligg vest for hovedbruket. Der bygde dei seg nytt hus og løe. Der budde dei til dei døydde. Karl Engeset (f.1865, d.1941) brukte garden frå 1924 til 1941. Sonen Hjalmar (f. 1894, d,1957) brukte frå 1943 til 1957. Sonen Olaf Engeset (f. 1932) har bruket no. Olaf har satsa stort på tømmerdrift i Magerholmdalen. Han har fått opp ny tømmerveg, og moderne maskiner er i drift både i dalen og på vegen. Det er ikkje berre skurtømmer som vert levert, det er også slipp-tømmer. Teig for teig vert rydda, og ny skog vert planta, både gran og furu!
Eg har høyrd av folk som meiner at det er synd at Magerholmdalen, som er kommunens grøne dal, vert rasert på denne måten. På den eine sida kan eg vere enig med desse, men på den andre sida: Olav Engeset, som eig garden, kan ikkje leve av "romantikken".
Historia om Dalefolket - kvar dei kom ifrå, og kvar dei for
Til dette har eg hatt stor hjelp av bror min, Petrus, som driv med slektsgransking.
Den fyrste som busette seg i Dalen var Knut Salvesen Tjugen frå Loen i Nordfjord (f. 1777, d. 1862) og kona Barbro Olsdatter, også frå Loen (f. 1777, d.1862) fra bnr. 16 gnr. 70.
Far til Knut Salvesen var Salve Knutsen Tjugen (f. 1751, d.1832). Kona til Salve var Sigrid Jakobsdatter Sæten (f. 1758,d.1791). Knut Tjugen var brukar på bnr. 1 gnr. 70 i Loen. Knut og familien reiste so frå Loen til Eidsnes på Sula, der dei forpakta ein plass. So flytte dei der ifrå til Aksla bnr. 1 innanfor Emblem. Det var Borgundpresten som då eigde Aksla, som ordna dette. Som attåtnæring tok Knut seg jobb som tømmerkøyrar. Han hadde hest sjølv. Han arbeidde hjå Halvard Morken frå Sogn. Han eigde då Magerholmgarden. Halvard Morken var ein velhalden mann, som eigde fleire gardar på Sunnmøre. Bestefar fortalde at Halvard hadde ein son som heitte Torkjeld. Knut Tjugen og Torkjeld arbeidde godt saman både høgt og lågt, på sjø og land.
Forpaktinga på Aksla vart det inga fortjeneste av, då der var to kårfamiliar å halde i kosten. Knut og familien flytte so frå Aksla til Magerholmdalen. Dei budde førebels i eit sel som stod att på den eldste sætra som Knut med familie slo seg ned på, som heitte Rognestølen. Knut fekk i år 1830 bygselsfeste på Daleplassen, med alle rettar og årsavgift på 2 1/2 Speciedalar og 6 dagars pliktarbeid på hovedbruket. Knut sette so i gang med bygging av hus på "Ramsdalsgjerdet", som ligg like inn og ovanfor Rognestølen. Han bygde røykstove, stabbur, løe med fjøs, kvennhus, hønsehus, og naust ved sjøen like innanfor Gasseneset, der Per Nedregotten no har trelastlager (P&K Nedregotten, som vart reve når dagens fergekai skulle byggast mot slutten av 1990-talet red. anm.). Dette vitnar om ei sterk og målbevisst arbeidsfamilie som det lyser respekt av. Då timberet vart teken på skogen, og alt vart saga med handsag. Ja, eit hurra for dei!
Knut og Barbro hadde fem døtre. Anne, Sigrid, Randi, Jannike og Ane. Jannike og Randi var tvillingsøstre. Desse flytta frå Dalen straks dei vart vaksne. Ho Randi vart att, og det er mor til min bestefar.
Anne (f. 1814, d. 1852)
Anne var den eldste dottera til Knut og Barbro. Ho for til Spjelkavik, og vart gift med Nikolai Nikolaisen Spjelkaviknes. Nikolai var frå ein plass som heitte Synnaforplassen på Leitevågen. Ein kan sjå murane etter husa der enno. Faren var smed. Nikolai var ein dugande mekaniker. Han fekk so feste på ein plass ved Lillevatnet. Det var eit utmarkstykke under hovedbruket Spjelkavik, som han bygsla frå 1846 og kalla dette Bigton, bnr. 8. Sonen til Anne og Nikolai var Hans Bigton (f. 1851, d.1929). Han var gift med Karen Amundsdotter Melseth (f.1855, d.1919) var frå Ørskog. Sonen deira var Andreas Spjelkavik (Bigton) (f. 1889) Han var gift med Else Indreberg (f. 1897 ). Andreas starta rutebilselskapet Spjelkavikruta, og vart sidan disponent der. Syskena til Andreas var Nikoline Garseth, Ragna Bigton og Ellen Nedregård.
Sigrid (f. 1818)
Den andre dottera til Knut og Barbro var Sigrid. Ho reiste til Vanylven frå Dalen som ung jente, og tok tjeneste hjå eit gamalt ektepar som ikkje hadde born. Ho arva 400 daler etter dei. So reiste ho til Sykkylven og tok teneste der. Ho vart trulova med ein kar på Vik. Dei bygde seg nytt hus. Sigrid hadde sett pengane sine inn i det nye huset. Men då dei skulle gifte seg, fann karen seg ei anna. Han overtok både huset og alt. Dette gikk so hardt inn på Sigrid at ho miste forstanden, og ho sa stadig: "Fanten som tok pengane mine, han tok pengane mine, han tok pengane mine!!" Fanten som tok pengane hennar, og ho han vart gift med, var foreldra til Marte, som vart gift med Kristen på Krissenplassen på Magerholm.
Jannike (f. 1820 )
Den tredje dottera til Knut og Barbro var Jannike. Ho var tvillingsyster til Randi. Ho reiste til Ekornes i tjeneste. Der fekk ho seg ein kjærest med navn Hans Ekornes. dei skulde ha barn, men vart ikkje gift. Hans hadde ei anna som han skulde ha barn med også, og gifta seg med henne. Jannike fekk ein gut som ho fekk døypt Sevrin. Då jannike ikkje var gift, måtte ho fortsette å ta tenester. Foreldra til Sevrins far tok seg av guten, og han voks opp hjå dei. Då han vart vaksen, reiste han til Vegsund og tok jobb som dreng hjå Hatlemark. Sidan kjøpte han eit stykke som han dyrka opp, bnr. 5 Gamlevegsundet. Same året gifta han seg med Berte Magerholmdal. Berte og Sevrin var syskenborn.
Randi (f. 1820, d. 1892)
Randi var den fjerde dottera til Knut og Barbro. Randi var tvillingsyster til Jannike. Ho gifte seg med Ingebrikt Larsen Emlem (f. 1818, d. 1849). Dei overtok Dalen, og rydda og dyrka opp den gamle Rognestølen yst på plassen. Dei dyrka både korn og poteter der. Men so døydde Ingebrikt. Enka vart oppattgift med Knut Jørgensen Mo fra Bondalen (f. 1828, d.1887). Foreldra til Knut Mo var Jørgen Martinus Viddal (f. 1800). Kona var Pernille Moe fra Bondalen. Randi og Knut hadde fire born. Det var : Petter, Jørgen, Berte og Knut. Den siste var bestefar.
Petter
Petter gjekk i gullsmedlære, og reiste til Oslo og vart gullsmed der. Petter og kona hadde ikkje born. Men ein morgon dei kom ut på trappa stod der ei korg med eit lite barn i. Då dei ikkje greidde å spore opp den rette mora, tok dei barnet til seg. Dei fekk barnet døypt, og ho fekk navnet Gudrun. Ho vaks opp hjå dei. Mine besteforeldre fekk ofte brev frå Gudrun.
Jørgen
Han vart gift med Berte Larsgård frå Larsgården ved Nørvasundet. Han tok då navnet Jørgen Larsgård. Berte og Jørgen hadde ikkje born.
Berte
Berte vart gift med Sevrin Hansen Ekornes, som var son til Jannike, dotter til Knut Tjugen. Dei var søskenborn. Dei budde i Gamlevegsundet, bnr. 5. sonen deira var Karl. Kona Anna Vegsund. Sevrin gjekk under navnet Vegsund-Sevrin.
Knut
Knut var min bestefar (f.1860, d. 1949) og vart att på Daleplassen, han vart gift med Petrine Andreasdotter Apalset frå Ørskog (f. 1854, d.1946). Bestefar reiv då ned den gamle røykstova, og bygde nytt hus i 1888. Ellers var her løe med fjøs, stabbur, hønsehus , kvernhus og naust ved sjøen.
Karolina
Karolina vart fødd same året som det nye huset var bygd (f. 1888, d.1981). Ho vaks opp i Dalen, og kunne fortelje mykje derifrå. Ho vart gift med Ole Ødegård i Puskhola (f. 1887, d.1971). Han starta med snikkarverkstad, og fortsette med karosserifabrikk. Sonen, Johan, og sønene hans driv på med det enno.
Knut
Knut var min far (f.1894, d.1983). Han og bestefar dreiv ei tid saman med kveiteliner i Storfjorden. Då han gifta seg med Nikkoline Emblem (f. 1898, d. 1980) - Ystebø-Nikka - mor mi, flytte dei til Spjelkavik der dei arbeidde på fabrikkar resten av tida.
Andreas
Andreas (f.1889, d.1981) reiste til Amerika. Då han kom heim for å slå seg ned her, kjøpte han Hansgarden bnr. 1 på Flisneset. Han døydde same året. Det var spankesykja. Onkel Andreas var gift med Maria Rot frå Vartdal. Då mannen døydde, selde enka garden til Bernt Eidsvik, og flytte til Barstadvika, der etterkommerane bur enno.
Ragnvald
Eg veit ikkje kva tid han vart fødd, eller kva tid han døydde. Bestemor hadde ei syster i Ålesund som heitte Nikoline. Ho var gift med Ole Langva. Bestemor tok til seg to av borna hennar. Det var Inga og Jonas. Dei voks opp i Dalen. Då Inga var lita, fekk ho ein hudsjukdom. Bestemor gjekk to gonger i veka med Inga på ryggen fra Magerholmdalen til Ålesund for behandling hjå doktor Parelius. Dette foregjekk over eit lengre tidsrom. Respektabelt gjordt!
Jonas kom vekk på ishavet. ho Inga vart gift med Ingebrigt Nybø på Hovdenakk i Ørsta. Han var i mange år ishavskytter, og ellers gardbrukar og pelsoppdrettar.
Ane
Ane (f. 1825 ) var den femte dottera til Barbro og Knut Tjugen. Ho vart trulova med Petter Opskar frå Ørskog. Han døydde straks før bryllaupet. Ane fekk ein gut som ho kalla Karl (f. 1862, d. 1936). Ane budde i Håhjemsvika, der Karl voks opp. Karl var ein flink skomakar. Han sydde sko til mange. Han arbeidde mykje på prestegarden på Skodje. Likeeins hjå lensmann Qvale på Solnør. seinare kjøpte Karl Jogarden på Furstranda og tok navnet Karl Furstrand. Karl Furstrand gifte seg 3. oktober 1898 i Trandalkyrkja med Beate Qeis (f. 1868, d. 1962).
Borna
Olivia Helga (f.1899,d.1947) var gift med dykkwr Valdemar Lerfald
Anna (f.1900)
Hans (f.1903-1986) var gift med Nikoline Solnørdal
Birgitta (f.1906) var gift med Ole Nes på Trandal
Klara Bergljot (f.1913)
Ein trist dag
Det var den dagen eg måtte fare frå Dalen. Det var i Mai i 1927. Besteforeldra mine fylgde meg nedover bakkane, og tårene rann nedover kjakane mine. Det var ei stor trøst då bestemor kviskra meg i øyra: "Kom oppatt til sumaren i ferien". Eg for til Spjelkavik og begynte på skulen. Like etterpå reiste bror min, Andreas, til sine besteforeldre i Dalen. Han har også mange kjære minner frå Dalen. Same året, om hausten 1927, flytte dei frå Dalen til Puskhola der dei budde til dei døde.