I 1973 laga Gunnar Myklebust og Roger Engvik frå Sunmørsposten ei sak om Magerholmdalen, som ei av “våre gløymde kulturperler”.
Bildekvaliteten har ikkje halde seg like godt, men teksten er framleis grei å lese. På denne sida finn du ei avskrift frå avisarkivet. Vi har også vald å legge til nokre anmerkningar til teksten. Desse er merka med red. anm.
Garden Magerholmdalen ligg ein halv times gonge oppe i dalen nordaust for hovudgarden (Magerholm red. anm), på stupet ned mot Eiteråna, med vidt utsyn over Sykkylvsfjorden. Ein bratt sti krongla seg opp til dalen. Restar av ei grind, grøne bøar, eit par nedfalne hus, blømande kirsebærtre og ein attgløymd treplog på ein stein minner om dei som har levd her.
Slik vert Magerholmdalen presentert i bygdeboka for Borgund og Giske. I snart 50 år har gardsplassen lege øyde, og dei nesten mystifiserte formuleringane i bygdeboka er ganske dekkande for den stemninga ein opplever ein stille sommardag mellom dei bare murane og det som ligg att av hustømmer.
Frå tunet får ein eit vidunderleg stykke sunnmørsnatur bretta ut framfor ein, med fjorden og Sykkylvsbygdene, og fjelltoppar så langt auget rekk. Går ein lengre opp i dalen får ein eit utsyn det knapt fins maken til på våre kantar, og vi er jo nett ikkje dårleg vent.
Før om åra var det mange som fann vegen opp i Magerholmdalen i fristunder. Gamle prost Eikrem i Borgund var mellom dei som gjekk hit med kaffikjel og familie. For ganske få år sidan var det også eit stort slektsstemne i dalen med deltaking av meir enn eit halvt hundre personar. I dag synes staden å vere heller ukjent for ålesundarane, men kanskje vil fleire turorientere seg hit til hausten?
Magerholmdalen vart rydda omkring 1830 og fråflytt 100 år seinare. Karoline Ødegård (86), som i dag bur på Ødegården i Hatleholen, er fødd og oppvaksen på garden. Far hennar, Knut Knutsen, var den siste som brukte på Magerholmdalen. Samtidig som han dreiv garden hadde han ei rekke attåtnæringar. Han fiska vinteren ut mot havet og året ellers i fjorden. Han hadde gjerne vore midtfjords og dratt kveitelinene og var tilbake allereie før andre i huset var på beina, han. Og han gjekk aldri tomhendt opp til husa. Alltid låg der eitt eller anna i naustet som skulle opp. Ein måtte drive det rasjonelt når ein budde på ein fjellgard.
- Vi bar opp steinane til skorsteinspipa. Og eg, som var berre jentungen, bar no to stykkje då eg gjekk der med han likevel. Det var ikkje snautt mykje. “Å jau, sjå dei ligg der no, dei er oppkomne dissa med”, sa han far.
Knut Knutsen laga tynneband, og han brende kolmiler i dalen. Kundane var gull- og kopparsmedane i byen.
-Han brende ein gong for året, i juni jamnaste. Når vi stod opp om morgonen, rauk det godt fram i dalen. Då hadde han vore oppe sidan 3-4-tida. Han måtte passe på heile tida og vere nøye med at det ikkje vart til oske. I 6-7-tida om kvelden vart røyken mindre. Då tetta han milen og kom heim og sov. Men neste morgon måtte vi alle opp like tidleg og hjelpe til. Då var det å ha det i sekkar. Desse måtte ligge langt frå kvarandre. Ein ong var det nemleg varme i ein sekk, og då miste han den og to til. Var vi flinke, fekk vi vasskringle. 6 store for ti øre, og 13 for tjue øre.
Transporten til byen gjekk med båt, og det var turar slett ikkje utan dramatikk. Båten kunne vere så overlasta med sekkar at han knapt bar. Ein gong tok dei inn vatn ved Flisneset, og då ausekaret vart for lite måtte jentungen hjelpe til med faren sin hatt. Ungane var gjerne med på desse byturane, som gjekk over to dagar. Rodde ut om kvelden med mat og kokemaskin om bord. Og faren heldt dei små vakne med spørsmål om alt og alle langs strendene. Vi visste alt ut til GEithammaren på Fiskarstranda, men der sette han over fjorden og då somna vi, seier Karoline.
- Han far var mykje med i styre og stell, og han var ein sterkt religiøs mann. Når det ikkje var kyrkjevér og gamle Furset (lærar Knut Furseth red. anm.) ikkje kunne, var det far som las evangeliet rundt omkring. (Det var truleg før bedehuset stod klart i 1903 red. anm.). I høgtidene var det alltid slik at vi drog til Borgund 1. dag og til Sykkylven 2. dag - Samla oss på Magerholm og så var det å få tak i så mange båtar som mogeleg. Og etter gudstjenesta var det tur til Grepstaddalen for ungdommen, og då var det å gjette etter om der var nokre nyforlova.
Men også dei unge måtte hjelpe til. Karoline var på torget allereie som 7-åring, og sidan vart turane til byen mange og lang. Ho gjekk rundt og selde ramost, og ein gong ho var sein til Kjøtkontrollen måtte ho enda gå rundt og by fram heile slakt på dørene for å få selt. På berga ved Magerholm var ho med å tørka Nordlands-fisk. Det vart gjerne fleire tusen fisk om året.
- Og vi spann og vov. Vi hadde mykje sauer og betre klede enn mange nede i bygda.
Namn som Bjønnagrava, Bjønnahøla og fleire ande i Magerholmdalen tyder på ei viss tilknytning til bjørn. Dette kan ha samband med det store bjørnejaget som gjekk frå yste Eltrane og over heile Sula, over Humla og heile Oksnøya. Det blir fortalt at 11 bjørnar vart jaga til Dragsundet, men då var også nokre skotne ved Østremsetra. Bjørn i Magerholmdalen kjenner imidlertid ikkje Karoline til.
- Men der var gråbein. Oldemor mi hadde fem døtre, og ein gong dei hadde vorte matalause, hadde ho og ei av døtrene neta bjørk i Svartevasslia (ved Svartevatnet red. anm.) og skulle køyre til sjøs og sage til ved og selje i byen for å få mat. Dei hadde rett til det. Men då dei kom ned til leet, høyrde dei ulveflokken. Dei hadde ein liten trufast hund, og han sette dei på ulvane. Då fekk dei snudd flokken, medan ulvane reiv i sund hunden, fekk dei berga opp att øykjen (hesten red. anm.)
Ei bjørnehistorie har ho likevel:
- Då bestemor mi gjette på Løken på Ørskog som 9-åring fekk ho sjå eit stort dyr som hoppa bakpå ei kvig. Ho trudde det var ein stor hund og ga seg til å hyle og skrike og bere seg, og klarte å jage dyret. Men då ho fortalde det til vaksne folk og dei fekk undersøke kviga, viste det seg at det var spor etter bjørneklør.