Karl O. Emblem om Steffågarden
Å stadfeste kor lenge det har budd folk i bygda er vanskeleg. Vi veit at det budde folk i Skylehammaren, ein hellar vest for Emblemskaia, før folkevandringstida. Dette syner utgravingane i 1930-åra. Om lag på same tid vart Ystegjerdsrøysa på Emblem gravd ut. Der fann dei tre hellekister med mykje innhald. Desse gravene var frå folkevandrngstida eller om lag 600 f. K. Det er elles funne oldsaker både i Emblemsvågen, på Austrem og på Magerholm. Dette tyder på gamal busetnad.
Sogegranskarane tykkjest vere einige om at der gardane Emblem og Austrem ligg, var den eldste busetnaden. Båe gardane er "heim"-gardar. Gardar med heim-namn er mellom dei eldste vi har. Vi finn mykje av namngitte personar frå den eldre tid. På 1200-talet finn vi Bård på Emblem, han var gardbrukar. Om lag same tid finn vi Berdor Hedingson a Jnuleimi. (I Aslak Bolt si Jordebok frå om lag 1440 vart gardsnamnet skrive i dativ fleirtal "af Imileimom" red. anm.) Han var gift med Margretha Jonsdotter (foreldra var Jon på "ake" og Ragnhild. Det kan kanskje vere Åkre i Haram, men meir truleg Urke i Hjørundfjorden, og at Emblem var eigd av hennar familie red. anm.). Dei hadde ein son som heitte Karell. Ætta vidare er ikkje kjend.
Nå må vi heilt til 1520 for å finne nye namn. då budde Hallstein og Bottolv på Emblem. frå 1603 har vi fullstendige brukarlister på alle gardar i bygda, sjå Borgund og Giske bygdebok band 2. (Eller den nyaste bygdeboka for Emblemsbygda frå 2019 red. anm.)
Etter Hans Strøms "Søndmørs Beskrivelse" var det i 1762 busett 26 gardmenn og ein plassemann i bygda. Garden Hesseberg er då medrekna. dersom det budde i gjenommsnitt 6 menneske på kvar gard, skulle folketallet i bygda då vore om lag 160 menneske i alt. Det som er noko merkeleg er at det fanst berre ein husmannsplass på denne tida som er nemnd, endå vi veit at der var mange fleire. Det syner enda idag mange merke etter husmannsplassar fleire stader i bygda. Gardsbruka låg i teigblanding, det vil seie at bruka var oppdelte i mange teigar. Husa låg då samla i gardstun, eit tun for kvar gard. På Emblem låg alle husa på garden i ei klynge om lag der Steffågarden ligg nå, altså eit stort fellestun. Den tida var det vanleg med 4-5 hus på kvart bruk. Med 6 bruk vart det då om lag 30 hus i ei klynge mest som ein litan by. Dette varte til 1834, då vart det utskifting og husa vart flytte dit dei no stend, berre Steffågarden stend att på dei gamle tuftene.
Overtru og soger.
Bestemor var flink til å fortelje. Ho var fødd her på garden i 1840. Ho fortalde om bjørnen, vargen (ulven) og huldre. Det er ikkje so mykje som sit att av det ho fortalde, men litt er det. At her var bjørn i gamle dagar, treng ein ikkje tvile på, det fortel namn som Bjønnanakken, Bjønnaloga og Bjønnahiet eller Hiet. Bestemor fortalde ein gong: Ho Ryssevold-Hjartrud kom ein dag frå Røssevollen og skulle ned til Emblem. Då ho var koma ned på Timbregøtene (ei legd ovafor Auregardhusa) møtte ho bjørnen. Ho var med barn og no var gode råd dyre. Ho hadde høyrd at det skulle vere å ta av seg kleda. Ho so gjorde. Då vart bjørnen fynten og luska vekk. Hjartrud var fødd i 1819, og budde i Pe-garden. Då ho møtte bjørnen kunde ho vere i 20 - 30-åra alderen. Dersom soga er sann, og det trur eg ho er, så var her bjørn i bygda så seint som i 1840 - 1850-åra.
Bestemor trudde på huldre. Ho fortalde at ein gong ho satt på kvile, ein kvileplass i Breiskaret, og såg nedover Emblemsdalen og bort i Nonshaugen, såg ho ein flokk kyr fare inn over ræsene mot den den gong nye Emblemsætra. Då alle kyr var nedtekne frå fjellet, trudde ho fullt og fast at dei dyra ho såg, var huldrekyr. Eg kan godt tenkje meg at det ho såg var ein hjorteflokk, endå dette visstnok var sjeldne dyr på våre kantar den tida.
Når det gjaldt skrymt så var det mange fårlege stadar der folk likte så måteleg å gå etter at det vart mørkt. Eg kan nemne Nergotsjøen, Storebrua, Leite og Langhaugen eller Langhaugdalen. Den siste staden vart av oss borna rekna for den fårlegaste for der budde Langhaugtrollet. Den vesle soga eg her skal fortelje er frå 1915/20-åra:
Emblemskarane hadde torv og moldmyr på båe sider av Langhaugen. Ein haustdag skulle to emblemsgutar hente torv eller mold i Langhaugdalen. Det var tidleg om morgonen og dei var modige karer. Dei skråla og ropte at nå kunne Langhaugtrollet berre kome for dei var ikkje redde. Då dei skulle køyre av vegen og burt på torvmyra vart dei var to skapningar utan hovud og armar kome ned vestre Langhaugbakken. Det gjekk i ei viss fart å få snudd hesten andre vegen og det bar på heimveg det fortaste hesten kunne springe. Kome heim på tunet hivde dei frå seg taumane, storma inn i huset og for inn under bordet og gøymde seg. Dei to skapningane dei hadde sett, var han Myre-Ole og han Myre-Johan som hadde vore ute i Vågane for å få seg agnsild. Men vågekarane skulle ikkje take opp sild den dagen. Dei måtte difor fare heim med tomme kaser. Då dei såg og høyrde dei to modige gutane, kolvde dei kasene ned over hovudet og vart då utan både hovud og armar å sjå til.
Vi ungane var heller ikkje så høge i hatten når vi skulle på kaia og hente dei tomme mjølkespanna om haustkveldane. Vi måtte då passere Leite og det var ikkje hyggeleg. Men endå verre var det å kome ned til sjøen, for vi visste at på betane i eit av nausta sto det ei likkiste. Det var ein gamal mann - ikkje langt derifrå - som eigde ho. Ein dag eigaren av naustet heldt på å reparere taket, vart det eit fælt rabalder nede på naustbetane. Han kom seg ned av taket i ein fart og skulle sjå kva det var som bråka, men såg ingenting. Komen opp att på taket, tok levenet til att, men då samla han saman reiskapen, låste dørene og gjekk heim. På vegen heim fekk han vite at han som åtte kista akkurat då var død.
Det var ikje uvanleg at gamle folk rådde seg til kiste medan dei levde. Han gamle Brendhaug-Pål hadde kista si oppe på loftet. Han brukte kista til å sove middag i. Når han hadde skuta seg godt til rette i kista, sa han: "Her skal Pållinj søve godt".
Det gjekk elles mange jysjer om føringar og nåljos m.m. som vi borna høyrde på og som gav kalde ilingar ned etter ryggen.
Soga om Alet Emblem - Trollkjerring-Alet
Alle ungane på Emblem vart ofte skremde med ho Trollkjerring- Alet. Dei sa ho budde i ei djup berghole nokre meter frå Steffastova. Ho som vi kalla Trollkjerring-Alet levde verkeleg og levde på Emblem i første halvdel av det syttande hundradåret. Sogegranskaren Peder Fylling fortel i si bok: "Folkesagn og historiske optegnelser" om Alet Emblem:
"Alet Emblem bodde på garden Emblem i første halvdel av forrige århundrede. Hun var bekjent for å være den værste troldkone og hun gjorde reiser til Heklefjeld hver jule- og St. Hansnatt, i forening med andre troldfolk. En julenatt havde Alet redet til Heklefjeld på en av naboens kyr, hvilket man havde de tydeligste beviser for, da naboen kom ned i fjøset om morgenen var koen skumsvett av rittet om natten. Manden tillagde Alet sagen, men hun tilstod intet, og så henvendte han seg til stedets præst, Hr. Peder Strøm, og fortalte denne hele sagen. For at overbevise seg om dette, bød han manden tage den klave som koen stod bundet med hin julenatt, og lægge denne under en Dørhelle som han visste at Alet gikk ind og ud av, når hun var i Borgund Kirke, og bød han manden tillige, at stille sig i nærheden deraf for at iakttage sagens udfald. Da Alet næste søndag skulde gå ind i kirken, blev hun stående ligsom fastnaglet på Dørhellen hvorunder klaven lå gjemt, uden at hverken fik gå frem eller tilbake. Tilsidst udstødte hun et forferdelig Brøl som en ko, og nu var man sikker på at Alet virkelig var Troldkvinde. Hun slap dog for videre straf end at Præsten i hele Almuens Nærværelse gav både Alet og manden en god irettesættelse for Deres tåbelige Tro på Troldom."
Denne Hr. Peder Strøm var ingen hvem som helst. Han var prest i Borgund i tida 1721 til 1742. Han var far til den vidgjetne Hans Strøm som skrev "Søndmørs Beskrivelse". Peder Strøm hadde ord på seg for å kunne Svarteboka. Etter at han hadde studert i Wittenberg, studerte han i 5 år for å lære seg "de sorte kunster", eller som det også kaldtes, "at gjennomgåe svarteskulen".
Ein treng ikkje gå så langt attende for å finne overtru eller svartekunster. mor fortalde:
"Då ho var ung, kring 1886, tente ho på ein gard på Emblem. Ein dag var ho så uheldig at ho brikste ein fot. Husbonden meinte at dette skulle han gjere åt med. Han sputta i ein sulkomme og la ein ulltråd nedi sulkommen. Denne ulltråden la han på okle. så las han diverse bøner over brikslestaden og så skulle det heile vere O.K. Men det hjelpte diverre ikkje".
Når det gjeldt sjukdom på dyr så var her folk som kunne gjere åt både for det eine og det andre. Ein av dei best kjende sjukdomane vart kalla Tåver. mot denne sjukdomen skulle ein bruke tåverbære, dette var bæra på eineren. Hjelpte ikkje det, måtte dei lese ei bøn som heitte tåvrebøna, og hjelpte ikkje dette heller, måtte dyret berre krepere. Elles tok dei seg merkje og varsel av mange ting. Dei spådde sjølvsagt mykje om veret både korttids- og langtidsvarsel. Var t.d. grisemilte tjukkare i eine enden enn i den andre, vart det mykje snø før jul, men mindre snø på etterjulsvinteren. Var det den andre enden som var tjukkaste, vart det omvendt med snømengda.
Opp mot Skorpshornet, til dagleg kalla Middagsfjellet, ligg der fram til Olsok ein snøbre som vert kalla Olsokbreen. Denne breen brukar å rase ut kring Olsok. Bestemor sa et dersom heile breen gjekk før han kalva, skulle kornet kome i hus før høyet, altså skulle det verte ein våtsam ettersumar og haust. Det var elles alnakka (almanakka) som var den store verspåmann. Dersom ein kunne tyde aspektera, og det var det mange av i dei gamle almanakkane, og visste kva dei ymse merkjedagane tydde, kunne dei verte gode vérprofetar. Ei alnakke var det på kvar gard i dei dagar. I denne kunne dei lese seg til kva tid månen tendra og kvar tid det var fullmåne. Tendra månen til dømes i sydaust, vart det godver den månaden. tendra han derimot i nordvest, vart det styggever. (I våre dagar nyttar Ivar Hol frå Malmefjorden mykje av samme kunnskapane til å spå véret tre måneder framover for lokalavisene på Sunnmøre og i Romsdalen red. anm.)
Månen spådde ikkje berre veret. Han hadde også andre eigenskapar. Dersom dei kunne unngå det, vart det ikje slakta dyr i minkande måne, for då kom kjøtet eller flesket til å kverve (minke). Helst burde dyret også slaktast på fløande sjø.
Bestemor hadde også sine merkje når det gjaldt trekkfuglane. Ho hadde eit ordtak som lydde slik: Så lenge som staren kjem føre Marimys, (25. mars) så lenge skulle han sture etter sumarmål. (14. april) Med andre ord, dersom staren kom tidleg, kunne ein vente ein sein og kald vår.
Næringsvegar og dagleg liv.
den dominerande næringsveg var jordbruk. Men då bruka var heller små og barneflokkane som regel store, måtte forsyterane sjå seg om etter attåtinntekter. Det vart då sjøen som vart den næraste å ty til både når det gjaldt matbyrgsle og kontantinntekter, men meir om fiske seinare.
Gardsdrifta:
Dei gardane som var store nok til å fø hest, vart vanleg kalla gardsbruk. Dei fødde gjerne hest, 4 eller 5 kyr og nokre sauer. På småbruka hadde dei ikkje hest, og fødde til vanleg 2-3 kyr og nokre sauer. I fyrre hundradåret fødde dei også geiter, men dette vart slutt med i slutten av hundradåret. Fram til 1835, då Emblem hadde jordskifte, låg alle gardane i bygda i teigar eller so kalla teigblanding, bortsett frå Austrem der dei hadde prøvd ei slags utskifting tidlegare, slik at bruka låg i ein eller to teigar. Men offentleg utskifting vart det heller ikkje her før 1904. Røssevollen vart utskift i 1837, Nergota i 1890, og Aksla i tida 1890 - 1894. Alle desse gardane hadde før utskiftinga fellestun for kvar gard. fellestunet på Emblem låg der Steffågarden nå ligg. Røssevollen hadde truleg det mest særmerkte tunet for der stod løhusa ende i ende frå nord til sud. På Nergota låg fellestunet der Steffagarden (på Nedregotten) nao ligg. Etter at gardane var utskifta må ein rekne med at det vart ein giv i jordbruksdrifta. Bruk var no samla i ein eller to teigar, dette gjorde drifta mykje lettare. Reidskapen vart også betre. Den fyrste høyvogna kom ikring 1850. Før den tid og lenge etter brukte dei sledar både ved utkøyring av gjødsel og til å køyre inn avlinga på.
Det var far til bestemor, Elling Steffensen Emblem, som laga den fyrste høyvogna her i bygda. Dette gjekk slik til: Han var så uheldig at han vart spilte (spedalsk) av ein legdekall under arbeid framme på låven. Han hadde høyrt at det skulle vere von om å verte frisk dersom han kom seg ned til Christiania. Han reiste nedover med ei jakt, men heimatt måtte han gå. Då han gjekk oppover austlandet, såg han at bøndene der brukte køyrereiskap med hjul under. Då han kom heim, tok han til å lage ei slik vogn. Ho vart så vidt ferdig då han døydde. Det vart etter kvart betre med både vogn og reiskap. Dei gamle heimesmidde eiskjeftes plogane vart utskifta med innkjøpte Oliverplogar frå Amerika. Desse vart seinare, i 15-20-åra utskifte med plogar frå Jæren, kalla Jærplogar. Slåmaskina var ikkje vanleg før etter hundreårsskiftet - Her på garden kjøpte dei slåmaskine for kr. 1.905. Alt under fyrste verdskrigen kom det i bruk både hesterive og såmaskine. Handreiskapen vart også mykje betre. Tregreipa vart erstatta med greipar av jarn og stål. i staden for trereker med jarnskonning framme, kom det i bruk reker av jern o.s.b.
Hestereiskapen var som regel heimelaga eller laga av ein snekker i bygda, ofte med vyrke frå eigen skog. Dei såg seg vel fyre når dei høgde og saga opp ved at dei ikkje øydelagde det som kunne nyttast til det dei kalla gagnbein. Gagnbein var det som hadde slikt skap at det kunne brukast til megar under sledar, hynningar eller meier, 2 par styttingar, 2 par hynningar, 2 langreimer og eit veiend som batt saman meiane, langreimane og skjækene. Mold og gjødselsledar måtte dessutan kledast med bord i botnen og oppetter hynningane, dessutan måtte dei ha gavlar framme og bak. Som regel var det også ei skyssvogn og ein skyssslede eller langslede på kvar gard eller rettare bruk. Desse sledane var skodde med jarn, og hadde skvettbrett framme. Med til ein stasslede høyrde sjølvsagt dombjølla. Bestefar og bestemor si skysskjerre hadde ikkje stålfjører. Der låg to seige og sterke reimer av tre langs sidene og oppå disse låg setet. Det var mest utruleg kor godt det fjøra.
Husa på garden
Etter ei utskifting måtte dei fleste husa flyttast til den staden eigaren hadde fått sitt gardsbruk. Dette gjorde at det vart ei radikal endring av hus og husskipnadar. Som før nemnd var det frå gammalt mange hus på kvar gard, opp til 5 - 6 hus på kvart bruk. Steffågarden på Emblem hadde i 1825 desse husa:
Stove med fordør og blyvindaugo, stabbur, fjøs med grisehus, løe med stall, smalefjøs, sel med part i fjøs på setra, og halvdelen av kvern og naust.
Bruket fødde då hest, 6 kyr, 8 geiter, 4 sauer og gris. Ein må rekne med at dei andre gardane i bygda hadde nokonlunde den same husskipnad. Som før nemnd vart Steffåtunet ikkje utflytt. Vånehuset stend på dei gamle murane, men det vart bygd ny løe i 1890-åra. Alle uthusa utanom stabburet vart då samla under eit tak.
Stabburet Steffågarden har nå, vart også bygt i 1890-åra. Stabburet var ein viktig funksjon på ein gard. Det hadde som regel si lengderetning nord-sud. Alle vindaugo, bortsett frå utstabbursloftet, vende mot sud. Stabburet stend på stolpar av stein og tre. Over stabburstolpane ligg der ei steinhelle. Trestolpane er uthogde slik at der er ein krans øvst på stolpen. Denne kransen og steinhellene skulle hindre uty (mus) å kome inn i stabburet. Stabburet har to dører som vende mot nord. Stabburstroppene måtte ikkje ligge så nær døra at utyet kunne kome inn den vegen. Den eiene av dei to dørene førte inn i utstabburet, den andre inn i stabbursgonga. Frå utstabburet er der dør inn til innstabburet og tropp opp på loftet. I utstabburet var der tunner for oppbevaring av mjøl. Der var også sildetunner med saltsild, kjøt og fleskestampar - og lefsekorger oppe under taket. innstabburet var av tømmer. Der var det knaggar langs veggene som dei hengde opp kyrkjeklæde og andre stasplagg. Her var det også oppbevart pengar og andre verdisaker so som sylvty og anna. Grunnen til at dei brukte stabburet som oppbevaringsstad for verdisaker trur eg hadde si årsak i at der i stabburet ikkje var eldstader slik at fåren for lauseld var liten. Skulle hovedhuset brenne, ville dei lett kunne redde stabburet eller det som var inne i det.
På loftet var der på framloftet opphengd ei brei fjøl festa til taksperrene med streng. På denne fjøla låg flatbrødet i setnad etter setnad. ein setnad var der om lag 200 flatbrødleivar. På dette loftet hang spekekjøtet, fleskeskinkene, møren, boknasilda m.m. som til dømes netkjer av slakta dyr og griseister. Brya som dei hang kjøtet i, sto også her, like eins smørkinna. På innstabbursloftet låg kornbingane, ein for bygg og ein for havre. Innstabbursloftet var også av tømmer. På dette loftet sto pallar for oppbevaring av sengklede. Der var som regel kårfolk på kvar gard. Dei hadde rådevelde over stabbursgonga. Her hadde dei sine gang- og sengklæde, her hadde dei også kåret sitt og elles det dei kunne ha av lausøyre som dei ikkje brukte til kvardags.
Stovehusa
Etter utskiftingane vart husa flytte til dei nye tuftene, - det vart nok i sume høve bygt heilt nye hus. Dette gjalt både stovehusa og andre hus på garden. På Emblem er det berre stovehuset i Steffågarden som stend på dei gamle murane. Vi veit då både grunnvidde på huset, korleis det var oppdelt, og høgde på både murane og huset elles. - Huset vart ein del ombygt i 1890-åra. Den gamle røykstova vart riva, huset vart påbygt på høgda og innreidd på ein annan måte. Huset har elles vorte påbygd to gongar seinare.
Dette huset hadde ikkje "gong" som elles var vanleg den tida. Gonga var eit tilbygg på nordsida av huset med inngang til kjøkenet. Gonga vart bygt i flukt både med huset og taket av vanlege bord og hadde jord eller steingolv. Gonga vart brukt som vedrom, rom for kvardagsklede m.m. Fleire av husa hadde sengkammers til endes med stova. Då alle hus var tekte med never og torv, var lofta lune og varme sjølv om vinteren. Lofta vart brukte som soverom for born og tenarar. Sjølvefolket låg som oftast i stova. kårfolka hadde tilhald i eit av kamersa, der laga dei maten sin og der låg dei.
Løhusa
Stovehusa hadde si lengderetning aust - vest medan løhusa hadde lengderetning nord - sud. Der det var hallande terreng, og det var det som oftast, vart kufjøsen oppbygt i søre enden av gråstein. Der var ikkje gjødselkjellar. Gjødsla vart kasta ut gjennom ei glugge i søre veggen og ut på gjødseldungen. Løene hadde ikkje djupebryt, men dei hadde "skot" på båe sidene. Stavane på både sider stod eit stykkje frå ytterveggane og det var desse roma mellom stavane og ytterveggane som vart kalla skota. Når det gjeld dei andre husa på garden syner eg til det eg har skrive om tunskipnaden.
Arbeidet på garden
vårarbeidet tok som regel til i siste halvdel av april, i tidlege vårar noko før. Fyrste arbeidet var utkjøring av markata. Ofte var denne gjødsla utkøyrd på vinterføre og lagd i store dungar. Eit anna arbeid som tok til tidleg var å ry bøen. All slåttemark rydda for kvister og anna rusk. Dette arbeidet vart rekna å vere kvinnfolkarbeid.
Ein av dei fyrste dagane i mai tok så arbeidet med åkrane til. Dette var den verkelege våronna, også kalla plogen, dei sa før og etter plogen som ei tidfesting. Før plogen vart sett i åkeren måtte det køyrast reine eller åkerreine. Særleg der det var brattlendt fylgde det mold både med plog, horv og grev. Av denne molda laga det seg reine i nedre kanten av åkeren. Då plogane som regel var høgrehandsplogar, d.v.s. dei velte molda til høgre kvart år, måtte dette rettast oppatt med reinekøyring. Plogane var samansett av desse delene: Haråsen som enda i plogfestet, veltefjøla, skjeret, plogkjølen og styrehandtak som kunne vere eit eller to. Some pløgde gjødsla ned i åkeren, men som regel vart gjødsla spreidd etter at åkeren var pløgd, og horva ned. Å gjødsla rett var eit viktig arbeid og kunne vere avgjerande både for avlingsmengde og for kvaliteten av grøden. Der hest- og kugjødsel gjekk i same gjødselkjellar vart denne gjødsla brukt til havre og bygg. Sauegjødsla skulle brukast til potetgjødsel. Det var vi ungane som måtte stå i sauefjøset og hakka saumelen, og den skulle finhakkast, det var eit hardt arbeid og lite ettertrakta.
Når åkeren var pløgd, gjødsla og horva, skulle kornet såast og potetene setjast i jorda. Alt skulle helst vere kome i jorda før 17. mai. Dei vanlege kornslaga var havre og bygg. Under siste verdskrigen vart det med godt hell dyrka ikkje så lite kveite. Havren var det viktigaste kornslaget. Det var den som vart til havremjøl og flatbrød. Bygget eller byggmjølet vart brukt til graut, og kveite til brødbaking eller kakemjøl. Det var "gamlehavren" som rådde grunnen heilt fram til 1920- åra. Då kom det nye kornsortar som Gullhavre, Perlehavre og Torshavre. desse sortane hadde stuttare halm og større fold enn gamlehavra. Kveite og havre vart sådd tidlegast av di dei hadde den lengste vokstertida. Bygget som var meir snarvokst vart sådd sist av kornslaga. Det var som regel kona på garden som sådde kornet. Ho gjekk bakover når ho sådde. Såinga var eit ansvarsfullt arbeide. Det gjaldt å så høveleg mengd, tre korn skulle dekke ein hestehov. Dei dreiv hardt på for å få alt i jorda til rett tid. Dei sa at ein helgamon om våren gjorde ein vekemon om hausten.
Poteta var mindre akta enn kornet. Ho vart i mi fyrste ungdomstid for ein stor del sett i "sengjer" med to-tre fører i kvar seng. store mengder kunne sjølvsagt ikkje dyrkast med ein så lite rasjonell dyrkingsmåte.
Under første verdskrigen vart bøndene pålagt tvangsdyrking. Åkerviddene vart då monaleg større. Gamle bruksmåtar vart meir avlegs. Det vart innkjøpt moderne maskiner som radsåmaskiner, slik at konene då slapp både arbeidet og ansvaret med kornsåinga. Det vart også kjøpt betre plogar, og det vart kjøpt hestehakker eller redreinskarar til erstatning for dei gamle hyppeplogane, slik at potetdyrkinga kunne rasjonaliserast. Kona på garden slapp då å vere hest og dra hyppeplogen.
Etter våronna var det også mykje å gjere. Hus skulle vølast, gjerder og vegar - også kommunevegar - skulle istandsetjast. Husdyra skulle på beite, først på heimebøen, og seinare ovanfor bøgarden der dei gjekk nokre veker før dei flytte på sætra. Mange hadde sumarfjøsa ovanfor utmarksgarden eller på Legene, som desse sumarfjøsstadene vart kalla. Ikkje alle hadde sæterhus. For dei som ikkje hadde, vart sumarfjøset brukt heile sommaren.
Alle som hadde matrikulert jord som eige eller tilleige hadde vedlikehaldsplikt på dei offentelge vegane. Dette vedlikehaldet måtte gjerast kvar vår. Lensmannen hadde plikt på seg til å kontrollere at dette vart gjordt på ein tilfredstillande måte.
På forsommaren var det også rette tida til å taka bjørkenever og bork. Never vart brukt til vøling av torvtak som det var mange av i tidlegare dagar, og borken vart brukt til barking av fiskevegn. Kring jonsok var det torvspaing. Torva ar ein viktig del av brenselet. Eit torvtak vart rekna for å vere eit verfullt lunnende på ein gard. Ved jordskifte vart det alltid passa på at bruka etter jorddelinga hadde nok mold og brensel, torv og ved til gardsbruket sitt. Emblem og Røssevollen hadde mold- og torvtak i Flisnesutmarka. Røssevollen hadde også torvtak oppe på Årenakken (Røssevollnakken). Dit opp hadde dei løypestrenger som dei frakta ned torva på. Oppe på Austremsbruna var det torvtak for Austremsreiten og Nedregotten. på Emblem var alle i torvmyra på same tid. Vi ungane måtte trilla og leggja utover til turking. Det var tungt arbeid, men så hadde vi herlege stunder når sjølvefolket kvilde middag. Berre det å få ete middag ute i det fri ,og saman med dei andre gardsungane, var ein fest. Det tok som regel fleire dagar før bellane vart fulle. så snart torva hadde turka så mykje at ho tolde det, vart ho "husa" eller reist i små hus. Ut på ettersommaren var ho som oftast turr nok til å køyrast heim.
eit anna arbeid som var årevisst for mange var fisketurkinga. Dette arbeidet tok til tidleg om våren med ilandføring og vasking. Den vaska fisken vart lagt i la oppe på berga der han skulle turkast. Det var om lag 1000 fisk i ladet. Så vart han lagt utover berga til turking på godversdagar. Det kunne gå langt utover sommaren før han var turr. Det kom så mykje an på véret. Fisketørkinga gav ei god og sikker attåtinntekt. Betalinga for å vaske og turke eit tusen torsk skulle vere om lag det som ein kveitemjølsekk kosta.
elles var det mangt å ta seg til mellom våronna og slåtten. Bestefar fortalde at då han var gardbrukar, frå 1863 til 1898, var det vanleg at dei tok seg det dei kalla ein utror mellom onnene og sommaren. Dei rusta ut åttringane med mannskap, vegn og mat, og rodde og sigla langt ut på storhavet å fiska lange, brosme og kveite.
Slåttonna
Slåttonna tok som regel til i fyrstinga av juli månad. I år med dårleg vér noko seinare. Føre hundredårskiftet vart alt graset slege med ljå, langhorv og stutthorv eller småljå. I byrjinga av dette hundreåret vart det fleire og fleire som kjøpte seg slåmaskin, då var det hesten som måtte taka tungetaket med slåtten. Dei som ikkje hadde hest måtte bruke ljåen som før, eller dei lånte eller leigde seg hest og maskin. I mi fyrste ungdomstid var det vanleg å turke høyet på marka, vollturking. Det måtte nokre våtår (våtsomrar) til før gardbrukarane her i bygda måtte læra seg til å turke høyet i hesjar. Dette var ein mykje sikrare bergingsmåte. Nå er det forhaustaren som gjer mesteparten av forberginga. Men attende til vollturkinga: Dei breidde råhøyet med handrive. Var det mykje gras ,var det vanleg å køyre noko av rågraset til ein annan turkeplass, slik at graset låg tunnare og turka fortare. Kring middagsleite vart høyet snudd. Før høyvendaren kom i bruk, måtte dette arbeide gjerast med handrive. Ungane var ikkje gamle før dei måtte lære seg kunsten å snu høy. Om kvelden måte høyet rakast saman i skårar. Før hesterivene kom i bruk under og etter fyrste verdskrigen, måtte også dette arbeidet gjerast med handrive. Av skårene vart det laga såter. Dersom det var høyterre dagen etter, vart desse kasta og breidde utover marka på nytt, men då hadde dei fått seg ein ny råhøyflekk å arbeide med, så dei hadde både råhøy og turrhøy å arbeide med kvar dag så lenge det varde. elles var det høytrakking og høykøyring kvar godversdag. Slåtten varde som regel 4 - 5 veker etter som veret var. for dei som hadde mykje småhøyslått kunne slåtten vare både 7 og 8 veker.